Sjølv om mitt eige liv rullar i relativt høgt tempo, så har eg klart å få litt tid til andre sine liv og erfaringar og. Denne boka bergtok meg. I løpet av ei vekes tid var eg innom Ketil Bjørnstad så ofte eg bare kunne få det til, og pløya gjennom bortimot tusen sider i rekordfart. Eg oppdaga denne måten å skriva på i boka Ketil Bjørnstad skreiv om seg sjølv og Mozart, og her dreg han sjølvbiografien endå lengre. Boka er skriven slik at han vekselsvis tek oss gjennom aktuelle hendingar nasjonalt og internasjonalt frå år til år på sekstitalet og vekselsvis fortel om sitt eige liv og sine eigne erfaringar i det same tidsromet.
Eg er gammal nok til å hugsa ein del av hendingane på sekstitalet, sjølv om eg hugsar ein del av det som skjedde best frå historiebøker og filmar. Ketil Bjørnstad er ærleg når han fortel frå barndomen og ungdomen sin, og mykje går det an å kjenna seg att i. Skildringane hans er i slekt med Knausgård sine, men Ketil Bjørnstad sin barndom var nok på mange måtar tryggare og meir harmonisk enn Carl Ove Knausgård sin. Likevel skriv dei begge veldig godt om det angstfylde og skremmande som og er ein del av barndomen. For Ketil Bjørnstad sin del er dette nær knytta opp til verda sin haltande og farefylde vandring gjennom den kalde krigen, men og til tankar om angsten for at ein av foreldra skal døy eller at foreldra plutseleg skal gå frå kvarandre. Samanlikna med Knausgård, så har eg ei kjensle av at Ketil Bjørnstad i litt større grad beskyttar sine næraste, me får likevel sjanse til å bli godt kjende med dei.
På mange måtar er Ketil Bjørnstad si forteljing om det å vera barn litt avvikande frå det me trur om ein barndom. Det synest eg er interessant. Sjølv tenkjer eg og at ein del av mine barndomserfaringar ikkje er fragment frå ein A-4 oppvekst. Kanskje slike oppvekster rett og slett ikkje finst? Han tek oss med inn i passasjar av opplevingar der eg som lesar ser det heile svært tydeleg for meg.
Som femten-seksten-åring og «nesten-vidunderbarn» som pianist opplever han ting som kjennest nokså uoppnåelege for dei fleste av oss. Når kronprins Harald skal feira forlovinga med Sonja Haraldsen blir han invitert til å halda ein liten konsert under gallamiddagen. Han beskriv seg sjølv som ein nokså overvektig tenåring på den tida, og fortel historia om korleis han må ut for å leiga «kjole og hvitt» fordi det er det som blir forventa at ein pianist skal ha på seg i slike høve. Han fortel om opplevinga til å bli forandra til ein pingvinliknande skikkelse som nesten gir foreldra latterkrampe når han skal visa seg fram, og me kjenner med han når han i rein nervøsitet skvettar urin på den dyrt innleigde buksa når han skal tissa. Vel framme på slottet ,handhelsar han på Sonja, med eit så opprømt og fast handttrykk at Sonja vrir seg i smerte og dreg handa til seg. Så får han gå i inngangsprosesjon inn til middagen, der han til si overrasking oppdagar at han skal sitja til bords og eta middag med resten av selskapet. Under måltidet blir det slått stadig nye vinar i glasa hans, som han ikkje synest han kan la vera å skåla med, og tømma i seg takt med dei andre gjestene, sjølv om han er så godt som heilt ukjend med alkohol. Som leser blir ein nesten sveitt på hans vegner og anar skandalen koma. Heldigvis opplever han at hendene hans spelar nesten av seg sjølve sjølv om han er lettare susete i hovudet. Etterpå får han gode tilbakemeldingar, mellom anna frå Kong Olav som han får snakka aleine med for at kongen skal takka for konserten.

Eg har sett dokumentaren om «Guds lærlinger» frå Acta bibelskule. Her og kjenner eg att tankar og erfaringar frå min eigen ungdom. Det forundrar meg litt kor eksotisk og ukjend dette med levd tru ser ut til å vera for mange. Eg blir sjarmert av varmen deira, og av det genuine ynskjet om å bera ut kjærleiken frå Gud og gjera verda til ein betre og varmare plass.
Eg har og sett alle episodane i dokumentarserien «Jeg mot meg» om åtte ungdomar som verkeleg slit med liva sine, og om gruppeterapitimane med ein flink og varmhjarta psykolog, Peder Kjøs, som verkeleg ynskjer å hjelpa dei. Ein blir verkeleg glad i desse ungdomane som strevar for å finna fotfeste i seg sjølve. Mange av dei har opplevingar med seg som får det til å gå kaldt nedover ryggen min og tenkja at me veit lite om korleis det er å vera andre. Det minner meg og om kor utruleg samansette skapningar me menneske er.
Eg beundrar desse ungdomane sitt mot, og openheita deira om eigne vanskar. Eg diskuterer likevel med meg sjølv kor vidt det er klokt at dei blir oppmuntra til å eksponera sine såraste opplevingar og erfaringar for heile det norske folket. Fleire av dei fortel ting som dei ikkje har våga å snakka med foreldra sine eller vennene sine om. Eg har tru på openheit, men eg er usikker på om det burde gå ei grense ein stad som nokon burde beskytta dei mot å gå over. Blir det for belastande seinare, for eksempel når dei skal søka seg jobb at «alle veit»? Eller er me så opne og storsinna at me tenkjer at erfaring med depresjon og psykisk sjukdom er noko som gjer menneske klokara og gir dei erfaringar dei kan få bruk for i ein arbeidssituasjon i møte med andre menneske?

Fleire av dei eg kjenner har sett på Team Ingebriktsen, og tipsa meg om at det bør eg sjå på. Då Odd Christian var innom som snarast på fredag, så sette han på første episode for at eg skulle få eit inntrykk. Det ende med at eg vart sitjande og sjå på alle episodane i eitt strekk, eg vart til og med skuffa då siste episoden ikkje var sendingsklar endå.
Eg hadde tankar om at eg ikkje kom til å lika det eg såg, men eg ende med å bli grundig sjarmert… Eg er ikkje så vanskeleg slik…
Og nå går tida farleg fort. Det er viss kvelden, ja…
Ketil Bjørnstad har forresten lova oss bok både om sytti-talet. åtti- talet, nitti-talet og to tusen- talet. Eg har den same kjensla som då eg som barn fekk sjå «Familien Ashton». I det ein episode rulla ut med vignetten med sandslottet med engelsk flagg og den vemodige musikken som fulgte… _ Korleis skal eg orka å venta til neste episode?…
Heidi
I går var det så fint ver at eg og syster May Brit fann ut at me måtte ut og gå. Me starta frå huset hennar på Figgen. Det ligg på den eigedomen oldeforeldra mine kjøpte for meir enn hundre og tjue år sidan då dei flytta til Figgen frå Klepp for at oldefar skulle jobba på den nye ullvarefabrikken DFU. Då dei bygde Ågårdsbanen var bestemor ung jente. Dei kom og flytta huset for å få plass til jernbaneskinnene. Eg veit ikkje korleis dette vart gjort, men bestemor fortalde at då dei skulle koka kaffi etter husflyttinga, var huset litt skeivt og kaffikjelen stod på skrå. Nå er det lenge sidan det har gått tog på Ålgårdsbanen. Då eg var barn og besøkte moster som budde der, gjekk det bare godstog av og til. Dei måtte me passa oss for. Nå er jernbanelinja blitt til tursti. Det er den kortaste vegen mellom Figgen og Ålgård, og der bestemte me oss for å gå. Eg har alltid likt å «gå tur på linjå». Det er så fredeleg og nesten litt meditativt å gå på jernbanesvillene som ligg mellom skinnene i eit rytmisk mønster. Ein del av dei er heilt nedslitne.
Det var rett og slett begynt å bli grønt ute. Dei første trea stod med eit lysefrønt skjær av brestande knoppar.
Eg visste faktisk ikkje at det gjekk så mange gang- og turstiar gjennom Ålgård. Eg innser at eg går der alt for sjeldan. Det blir som regel bare å kjøra gjennom Rettedalen og opp til Solåsvegen 59 der mor og far framleis bur.
Me kjende oss nesten litt som turister der me stoppa og forograferte små idyllar me kom over.
Eg innsåg at plassen der eg vaks opp faktisk er ganske vakker…
Me gjekk inn i det gamle DFU-huset fordi May Brit ville visa meg det nye biblioteket. Der sat den gamle DFU- lukta av det eg trur må vera kjemikalier brukt i produksjonen framleis i veggene etter så lang tid som det har gått utan tekstilproduksjon.
Dei hadde stilt ut ein dei historiske ting frå gamle DFU, her er interiøret frå eit kontor.

Og dette er kan henda fargeprøver frå ullvaretida? Bestemor, som var oppvaksen på Figgen, kalla heile sitt liv ein genser for ein «svitters». Eg har tenkt at det må ha hatt med internasjonale ullvareting å gjera at ordet «sweaters» dukka opp på Figgen for hundre år sidan, men det kan godt vera at eg tek feil i mine private små konklusjonar…
Det Figgen, og seinare Figgjo fabrikkar var mest kjend for, var nok badedraktproduksjonen. Då bestemor begynte å jobba på DFU fekk ho vera med og prøvesy badedraktmodellar. Desse er nok av atskillig nyare dato, eg innbillar meg at i hennar tid var badedraktene laga av ull. Mange av dei krepptøya badedraktene seinare vart sydde i, har eg eit personleg forhold til. Moster, syster til bestemor hadde som jobb å «støva» i fabrikken. Det betydde mellom anna at dei sopte golva i produksjonslokala. Avklipp som låg att skulle kastast, men sparsommelege som dei var på den tida, tok ho vare på lappar som var litt store. Desse tok ho med ned til Bryne der bestemor skapte fantastiske dokkeklede av dei til dokkene mine. Ingen hadde vel så mange Tjorvendokkeklær som meg. Det spesielle var at nesten heile garderoben var sydd av badedraktstoff…

Etter studiebesøket på biblioteket, fann May Brit ut at det sikkert var lenge sidan eg hadde sett den gamle skulen min. Me tok oss ein runde innom skulegarden og fotballbanen, så gjekk me langs Edlandsvatnet opp gjennom Ålgård.
Det er sikkert minst tjuefem år sidan sist eg gjekk på beina opp Solåsbakken. Det var til og med tilløp til streetart der…

Eg meiner eg såg dette motivet på huset der Jossi og Anne Synnøve budde… Me gjekk snarvegen opp frå ungdomsskulen der eg sprang ned stien og trappene kvar morgon i håp om å rekka inn i klasseromet før læraren låste opp og starta timen…
Så kom me då til slutt heim til mor og far der me fekk tomatsuppe med franskbrødskiver til. Det var reine mor- og – far- og- barn- stemninga. Eg kallar det framleis å koma heim, sjølv om det snart er trettiseks år sidan eg budde der. Kaffi fekk me og, og nokre koselege ettermiddagstimar før me gjekk tilbake til Figgen, denne gongen langs Flassabekken og over til det nye feltet i Rishagenområdet der eg heller aldri hadde vore, og via kongeparken ned til jernbanelinja att. Eg innser at eg framleis har mykje å gjenoppdaga. Og du all verda så godt dei gjer desse første fine vårdagane.
Heidi
Eg høyrde eit rykte om at me etter gammal teljemåte der ein deler året inn i vinterhalvår og sommarhalvår, så har me nå kryssa grensa og er i sommarhalvåret. Det er då ein ganske spennande tanke som eg i mangel på bilete frå dei siste dagane illustrerer med den snart opningsklare brua til det «forjettede land» på den andre sida av Frøylandsvatnet…
For to kveldar sidan var det stappfullt i stova vår. Alle lærarane i Leif sitt Erasmusprosjekt var inviterte på suppe, heimebakt brød og eplekake. Dei var femten rundt bordet, og sidan det er ganske trongt i spisestuekroken vår, hadde Leif dradd bordet midt ut på golvet. Eg stod på kjøkkenet og skar brød og han bad til bords. Det gjekk opp for meg at eg var fanga i ei husmorfelle. Det var rett og slett umogleg å passera dei glade gjestene frå Belgia, Romania, Irland og Spania utan å be dei flytta på seg. Eg såg humoren i det heile og fann meg til slutt ein liten snipp av eit hjørne øverst ved bordet saman med rumenarane. Dei syntest det var vanskeleg med djupe samtalar på engelsk, så eg fekk endeleg eit passande høve til å praktisera mine tre setningar på rumensk: » God morgon, min blomst.» » God morgon, mi stjerne!» og » God morgon, prinsesse!» Eg trur det var tre setningar meir enn dei hadde forventa, og i løpet av kvelden lærte eg korleis ein seier «God kveld» dei gongene det måtte passa betre enn «God morgon»…
Gjestene var hyggelege og entusiastiske og kom med gåver dei hadde med, både gåver som skulle vera til pynt, gåver som var meint til å eta og gåver som var meint til å drikka. Me fekk fleire tradisjonelle matvarer frå irane, mellom anna veldig gode ostar og noko mørkt og ubestemmeleg som dei kalla «Black pudding». Dei hadde ivrig fortald Leif at puddingen kunne tilberedast på mange ulike vis, og at det er ein blodpudding laga på svineblod. Ein gong i livet likte eg faktisk blodpudding, men det er lenge sidan sist eg lot meg frista… Dei burde jo bli inviterte på komler og lefser, men med ei stor gruppe elevar og lærarar trur eg menyen fort blir litt i retning av pizza og kinesisk mat… Eg har ikkje kome med tilbod verken på komle eller lefsefronten…
Eg har sjølv vore med i eit Comenius- prosjekt ein gong i tida. Det var veldig kjekt. Eg har stor tru på denne måten å bli kjend med skular og menneske i andre land. Det var fint å få fylla stova med utanlandske lærarar, og i morgon skal eg visst få vera med på avslutningsfesten. Sidan Leif har vore heiltidsbeskjeftiga i denne veka, inviterte eg med meg Odd Christian på middag på Møllehagen i dag. Der har dei kjempegod mat.
På skulen i dag har det store vore å dra i gang eit rumpetrollprosjekt. Eg har forgjeves kikka etter froskeegg både i Tjødna og Sandtangen, men min snille kollega Hildegunn kom med froskeegg og rumpetroll frå Lyefjell. Nå vil det visa seg om me klarer å halda liv i dei og få dei til å bli froskar. Eg har klart det før, men det hender at heile flokken avgår ved døden eller som i fjor stagnerer på eit utviklingstrinn og forblir store rumpetroll som aldri utviklar armar og bein…

For kvar dag som går nå får livet litt meir intense vårfargar, og plutseleg kjem det blomar i beda og grøne knoppar på trea. Våren er eit utålmodig tålmodsprosjekt.
Heidi
Eg synest at dette biletet av Bryne Mølle med Kaizers plass seier noko om den vesle byen me bur i. Her er me bybuarar og bønder på same tida. Frå huset eg bur i, tek det under fem minutt å sykla til sentrum, med tog derifrå når eg «storbyane» Sandnes og Stavanger i løpet av eit drøytt kvarter og i underkant av ein halvtime. Sauer og kyr kan observerast nesten rett utanfor huset vårt, og det tek under ein time på sykkel eller ti minutt i bil å koma seg ut til dei mest fantastiske strendene eg veit om. Utanfor vidaregåande skule har elevane tradisjonelt parkert traktorane sine, og råning med traktor er ein populær aktivitet for dei som har fylt seksten…
I dag hadde eg eit lite brilleuhell og hadde akutt behov for ny infatning. Den lokale optikaren fiksa det på ein halvtime. I mellomtida fekk eg tid til å opparbeida ein enorm takknemlegheit over at nokon er i stand til å forsyna dei nærsynte av oss med høveleg synskorreksjon. Ein halvtime som blindebukk i Bryne sentrum medan eg venta gav ikkje meirsmak. Kor flaks er det ikkje for meg og mine likesinna at me lever i ei tid og i eit land der det er nesten sjølvsagt at dårleg syn kan korrigerast? Viss ikkje hadde eg rett og slett måtta venna meg til å leva med å sjå ganske lite. Trøysta får kanskje vera at då hadde eg ikkje visst betre…
Etter å ha fått brillene på plass, eg trur kanskje det blir mitt endelege farvel til massiv plastinfatning, så fekk eg lyst til å gjera noko med at det var lenge sidan eg hadde gjort noko med håret. Eg var veldig tett innpå den grensa eg må innrømma at eg ofte har kryssa med ei halvsløv saks framfor spegelen på badet for å få utsyn. Den snille frisøren min kunne få det til før ho gjekk heim i dag dersom eg venta ein time. Ho sa at viss ho ikkje rakk det før stengetid så gjorde det ingenting. Ein times dulling med hårvask og klipp var akkurat det eg trong, og i tillegg fekk eg servert god sterk kaffi. I ventetimen før frisørstolen fann eg meg ein god stol og ei god bok på det fine biblioteket vårt.
Kanskje eg burde stått i mot fristelsen til å sykla ein times kveldstur etter frisørbesøket, for eg konstaterer med eit aldri så lite sukk at det sit at ein svak eim av fjoslukt i det etter vårturen langs åkrar som tilfeldigvis vart hevda nå i kveld… Og eg som var blitt staila med bølgespray og eg veit ikkje kva… Kanskje eg søv fjoslukta av meg… I fjor på desse tider var eg og Sunniva på bytur i Stavanger. Då me opna bildøra i parkeringshuset etter fleire timar i byen, merka me at det kunne anast ein stenk av jærsk hevdalukt inne i bilen, som ikkje hadde stått med opne dører ein gong heime på Bryne. Me begynte å lura på om lukta sat i håret og kleda våre og…
Gode jærbuar uttrykkjer denne lukttilstanden på ein romsleg og triveleg måte. «Dæ lokta vår!» seier me fornøgde og smiler oppmuntrande til kvarandre.
Heidi
Ein veit aldri heilt når våren kjem. Det viste seg å vera nå. Helga starta nesten litt i klasseromet denne fredagen. Heilt utan at elevane fekk vita noko kom det inn tre syngande menn med banjo og gitar og fleirstemd song. Eg er litt usikker på sjangeren, men noko litt nostalgisk amerikansk. Kanskje det var bluegras? Flott var det i alle fall.
På fredag var me på eit veldig fint arrangement. Staben i kyrkja arrangerte fest for alle frivillige medarbeidarar. Det var nydeleg pynta og lyssett, og me fekk kjempegod mat frå kjøkkenet. Høgdepunktet var kanskje ein minikonsert med Hilde Svela. Ho song mellom anna to av mine tekstar som ho har sett melodi til, og ho gjer det så nydeleg.
I går stilde livet opp med den flottaste blå vårhimmelen og dei første verkeleg varme solstrålene. Ingrid og eg møttest på Bryne og åt lunsj saman før me gjekk tur med Oscar og observerte både utsprungne løvetann og diverse slag knoppar på trea. Det lukta godt av bål og dei første grillane.
Om kvelden var me i lag med gode gamle venner på Hundvåg. Det er noko eige med å vera i lag med folk me har kjend lenge, alt ein veit om kvarandre frå før av gjer at ein har eit fundament av vennskap. Så kan ein utfordra kvarandre, ta diskusjonar, snakka om dei store spørsmåla eller bare rett og slett slappa av og vera saman.
I dag hadde eg sundagsskule for sånn omtrent femte gongen på rad, nå er det nesten ein del av sundagsrutinen… Nå trur eg det er ei stund til neste gong, men eg merkar at etter ein intensiv serie så går det meir og meir av seg sjølv både å førebu seg, bli vekt av vekkjerklokka sjølv om det er sundag, og koma seg i veg i titida for å gjera alt klar.
Min flinke svigerson hadde bygd ny platting i hagen og kjøpt nytt hagebord. Eg skunda meg heim for å baka eplekake, som eg pakka inn i tevarmarar og kjøkkenhandkle og la i sykkelkorga og sykla fort til Ingrid for å halda kaka varm. Så vart me plutseleg ti til sundagskaffi i hagen til Ingrid og Oddvar. Fuglane song som bare det ,og dei av oss som hadde teke på seg nok varme klær syntest nesten at det hadde blitt sommar.
Det er så fine lyse kveldar nå, så me tok oss ein ekstra liten sykkelturrunde på veg heim. For dei som ikkje har vore der på ei stund, så kan eg avsløra at snart er det bare den påhengde sperringa i opninga som hindrar oss i å kryssa Frøylandsvatnet via Midgardsormen.
Våren overraskar kvart år med å vera sterk og overveldande. Plutseleg blir me så tørste og svoltne på liv, og så må me ut og leva…
Eg kostar på meg å avslutta med ein av songane eg har laga til Hilde Svela og som ho song på festen på fredag. Eg synest han passar nå om våren. Ho fortalde på fredag at teksten plutseleg passa perfekt til ein melodi ho hadde laga som var utan tekst… Av og til passar det bare…
Eg kjem med takk
Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Hilde Svela
Eg kjem med takk og tonar
eg kjem med songen min,
eg kjem til deg min Skapar,
eit barn av lengt og vind.
Eg strekker meg mot lyset,
eit barn av bøn og song.
Eg famlar og eg leitar,
eg gjer det gong på gong
Eg kjem hit for å takka deg Gud
med tonar og med ord
Eg kjem hit med min lovsong til deg
eit barn av pust og jord.
Finn fram til dette livet
det som eg kallar mitt,
og finn ein heilag kvardag
som femnar høgt og vidt.
Må alle mine vegar
få føra meg til deg,
og må eg alltid skjøna
mitt liv er heilag veg.
Eg kjem hit for å takka deg
med tonar og med ord.
Eg kjem hit med min lovsong til deg,
eit barn av pust og jord.
Heidi
På onsdag var eg og Torhild gjester på kulturkveld i Tjensvold menighet. Etter ein liten presentasjon og eit innleiingsintervju, skulle me bruka ca tre kvarter på dikt, song og forteljing/ foredrag. Utgangspunktet var at dei gjerne ville høyra meir om det å skriva salmar, bli litt kjende med eit par av salmane mine, og å få læra nokre melodiar. Då eg høyrde det siste, visste eg at dette ikkje var noko eg kunne få til aleine. Songar og musikar er eg på ingen måte, sjølv om eg skulle ynskja at eg var det. Eg vart kjempeglad då Torhild kunne melda tilbake at den datoen eg hadde lova å koma passa for henne og. Etterkvart har me gjort ganske mange slike ting i lag, og me er begge veldig trygge på samarbeidet mellom oss.

Eg er så heldig at eg har mange venninner som eg har kjent sidan før eg vart vaksen. Eg og Torhild har kjend kvarandre frå me var fem og seks, og har opplevd veldig mykje både paralellt og saman. Det er eit godt utgangspunkt når me lagar kulturkveldar saman. Eg måtte ta med eit meir enn tretti år gammalt bilete akkurat her. Me synest sjølv at me er omtrent akkurat dei same som me var då.
Men sjølv om me er ganske ukompliserte i lag, så er det alltid greitt å få øvd litt. Me snakka litt om kvelden i boblebadet i påsken, men fann ut at me hadde god tid til slikt sånn etterkvart. På måndag var tida inne, me starta med felles middag heime på Bryne og så gjekk me laus på arbeidet, og for å vera ærleg så brukte me minst halvparten av tida på samtalar om andre ting.
Men framleis var me to dagar frå onsdag, for å gjera mest mogleg ut av det heile avtalte me å møtast rett etter jobb den aktuelle dagen, for å eta litt i lag og foreta siste finpussen.
Eg vart plukka opp på toget på Sandnes og så reiste me av alle ting til Lura turistheim for å eta middag, me tok med oss ein av sønene våre, det var koseleg å få ein prat med Martin. Fødde og oppvaksne på landet som me er, så er det alltid stas med ein kafémiddag. Me hadde framleis god tid og då me hadde leita oss fram til den rette kyrkja, fann Torhild ut at me skulle drikka kaffi i høgda. Me gjekk inn på hotellet ved IMI- kyrkja og tok heisen opp til 21. etasje der det var restaurant. Det var nesten som å vera i TV-tårnet i Berlin. Eg måtte venna meg litt til høgda før eg slutta å svimla…

Då det var nesten halvannan time att til arrangementet starta, reiste me opp til kyrkja. Det var før avtalt tid, men me fann ei ulåst dør, og gjekk straks i gang med øvinga. Eg har vore Tjensvoldkyrkja før, det er eit godt rom å vera i. Lyden i pianoet var og veldig fin.
Altarpartiet er så fint. Altartavla er laga slik at det er eit lite stille rom på baksida med fine Taizé- ikon og plass til å setja seg stille ned i bøn eller ettertanke og meditasjon.

Kyrkjeromet er ope og vidt, og orgelet står nede i romet, ved sida av pianoet, nesten framme i koret.
Det såg litt heimsleg ut at eit par svarte sko, truleg organisten sine stod lett henslengte under ein stol like ved orgelet.
Den siste timen før ein opptreden er alltid litt spennande. Vil det koma folk i det heile tatt, vil eg klara å halda meg avslappa, fokuseformidla.rt og konsentrert? Vil eg klara å formidla det eg gjerne vil formidla?
Konseptet for kulturkveldane i Tjensvold er slik at den siste timen før programmet begynner blir det servert kaffi og vaflar i kafeteriadelen, veldig koseleg. Etter litt strev fekk me den trådlause myggen til å virka og.
Då eg skulle finna stoff til denne kvelden slo det meg kor store mengdar med tekstar eg etterkvart har skrive eller oversatt. Det er ei utfordring å vera selektiv nok… Eg er slik at eg kan snakka i nesten det uendelege når eg først er i gang, så det gjeld å ha vit og sjølvinnsikt nok til å stansa seg sjølv i tide. Alle andre er som regel for høflege til å gjera akkurat det…
Når ein først er i gang, så går tida utruleg fort, og eg må nesten alltid prioritera vekk ein del dei siste ti minutta. Så er det over…
Me fekk gilde tilbakemeldingar og fine blomar. Det gjekk bra denne gongen og…
Heidi
Det har skjedd så mykje den siste veka at det er blitt lite skriving her. Nå er formidlingstrongen stor, og eg veit ikkje kor eg skal begynna. Eg trur eg begynner stykkevis og delt, og tek dei som har lyst til å henga med, ei veke tilbake i tid. I motsetning til i dag, så vakna me sist laurdag til regn og gråver. Eg og Leif hadde planlagd ein tur til Stavanger for å sjå kva dagen kunne ha å by på, og me valde å ikkje la oss skremma av veret. Gråver og regn er fint fotover, og det kjem nok tydelegare fram på hans bilete enn på mine mobilfotografi. Eg får sjå om eg får snike meg til noke av hans etterkvart. Men det er altså noko med slikt ver som får fargane til å bli så fine. Dersom det då ikkje er min hang til vemod, mollstemde tonar og melankoli som slår gjennom…
Leif fortsatte jakta på street-art til temabyvandringa han skal arrangera med Comeniusgjestene som kjem til skulen i neste veke. Jammen er det slik at eg faktisk blir litt hekta eg og på bileta som finst på veggene rundt i byen. Dei fortel historiar.

Historiar er noko eg aldri kan la vera å høyra på, kjenna på og fortelja, Både menneska, dagane og livet er for meg vovne etter Matrjuska- prinsippet, det finst alltid eit lag med liv under det du ser.

Og det meste kan tolkast.

På ein uventa plass traff eg «kånå». Ho stod då på torget før? Er det eit bilete på at me undertrykkjer «kånå» i oss så godt me kan? Det er lenge sidan folk på min alder gjekk rundt og såg ut som «kåne». Det ordet er forsvunne frå språket og, forresten, nå brukest det vel bare i betydningen «kånå» mi, og knapt nok der. Me veit nesten ikkje kva me skal kalla oss sjølve… Kvinnfolk høyrest nedsetjande ut, damer høyrest litt jålete ut, jenter er me kanskje nesten ikkje lenger, og kvinner er ikkje eit bruktbart ord i dette hjørnet av verda. Men fri og bevare meg for å vera kånete… Det er vel noko av det siste eg vil… Det er ein smule komisk det heile…

Så ende me til slutt på kulturhuset i Stavanger der dei hadde god suppe på kafeterien. Eg fekk mast meg til ein time med skriving inne i den avdelinga som er ei blanding av bibliotek og sosial møteplass. Akkurat der elsker eg å sitja mellom alle menneska og bøkene med penn og notisbok. Eg liker atmosfæren der så godt. Det er stille og fredeleg samtidig som det summar av menneskestemmar og til ei kvar tid kan det meste skje. Og som framgår av det tåpelege biletet, eg er framleis verken dame eller kåne…
«Men livet er ikke det verste man har», og det held i grunnen lenge å vera menneske.
Og til slutt var «kaffen klar». Me tok han i vår eiga stove og inviterte Odd Christian på restane av påskegjærbaksten.
Heidi

I går klarte eg å finna dokumentarserien «Frelst» frå VG- TV på nettet. Eg har hatt lyst til å sjå denne serien heilt sidan eg først høyrde om han, og det eg såg gjorde djupt inntrykk på meg. For dei som ikkje har sett, eller høyrd om denne serien, så er det Stavangerjenta Ruth Helen Gjævert frå Stavanger, som nå er blitt 36 år og jobbar som journalist i VG-TV, som har laga ein biografisk og svært personleg dokumentar om fortida si i Jesus Revolution.
Ho var med i organisasjonen i fleire år då ho var heilt ung, og fortel om ei svært radikal tid som misjonær og gateevangelist i Oslo. Dei sov på felstsenger i ein leiligheit i ein bygard i hovudstaden, og stod opp klokka seks kvar morgon for å be og ha aleinetid med Gud. Resten av tida brukte dei på forkynning av ulike slag som å syngja på gata, halda gateteater eller danseoppvisning med bibelsk innhald eller på å snakka med menneske dei møtte om Jesus.
Til å begynna med opplevde ho ei intens glede over å få gjera dette. Ho kjende seg sikker på å vera på rett plass i Guds plan med livet hennar, og ho brann sterkt og oppriktig for det ho gjorde.
Etter fleire år med denne livsstilen, var ho totalt utslitt, deprimert og forvirra. Ho visste ikkje lenger kven ho var og kva ho ville med livet sitt. På eit punkt hadde ho fått nok. Ho forlot organisasjonen og det ho hadde stått for, utan heilt å vita kor ho skulle gå hen med seg sjølv. Etter å ha halde dette kapittelet i livet sitt meir eller mindre hemmeleg for dei ho sidan hadde møtt i meir enn ti år, bestemte ho seg for å vera ærleg og snakka ut. I TV-dokumentaren prøver ho å ta eit oppgjer med det ho ein gong brant så sterkt for, og prøver å finna ut kva som dreiv henne, kva som gjekk gale, kven ho var då, og kven ho er nå.
Etter å ha sett denne serien, sit eg att med ein del tankar, og eg kjende eg måtte skriva nokre av dei ned på bloggen min. Eg kjende og at eg måtte trø veldig varsomt fordi dette er eit minefelt av sterke kjensler for mange menneske, og til dels og for meg. Før eg begynte å skriva, sette eg meg ned og leitte etter bilete eg kunne illustrera innlegget mitt med, det kjendest som ein grei stad å begynna…
Eit av dei bileta eg kom over, er dette biletet av meg sjølv frå det eg trur må ha vore den sommaren eg var sytten år. På den tida hadde eg omtrent det same utgangspunktet som Ruth Helen Gjæver hadde då ho gjekk inn i Jesus Revolution, sjølv om ho er nesten tjue år yngre enn meg. Eg var sterkt og intenst overbevist om at Jesus var svaret på det meste, og eg ville svært gjerne bruka livet mitt i det eg såg for meg var teneste for Gud. For min del har eg vel i grunnen aldri lagt den tanken vekk, men ein er vel aldri så overbevist om noko som når ein er 17. Eg lytta til plater av Kari Hansa og Gregers Hes, hadde i to omgangar vore med i bibelgrupper arrangerte av Ungdom i oppdrag, og var tiltrukken av den litt frikete, hippiaktige og intense stilen som Jesus- bevegelsen stod for. Det kan ein med litt godvilje lesa inn i fanakofta i ulike lillanyansar som er under produksjon… På den tida strikka eg alltid… Eg vandra rundt med eit fargerikt og kaotisk strikketøy på gata med garnnøsta i eit nett eller ei korg over armen.
På veggen på rommet mitt hadde eg denne plakaten i staden for The Osmonds og David Cassidy som framleis pynta veggene hos nokre av venninnene mine. Heilt fanatisk vart eg nok forresten aldri. Ein gong sa Else, frå Molde, som var bibelgruppeleiaren min og reisande for Ungdom i oppdrag, at dei fleste som vart kristne etterkvart mista kontakten med dei tidlegare vennene som ikkje var det fordi dei etterkvart fekk lite til felles. Eg hugsar at eg tenkte at «Det kan du bare gløyma, det blir ikkje aktuelt for meg å skifta ut ei einaste av venninnene mine…»
Litt pysete var eg nok og om eg skal vera ærleg. Eg hugsar at eg syntest at alt snakket om nådegavar var litt skummelt. Eg kjende at eg rett og slett var litt redd for at eg plutseleg skulle oppdaga at eg hadde profetisk gave og fekk i oppgåve å gå rundt i gatene og ropa ut domsprofetiar eller noko slikt… Eg bad intenst til Gud om å få kjærleiken sin nådegave, for den kunne vel ikkje skada verken meg sjølv eller andre…
Likevel var eg klar til å forsaka det meste om eg vart overbevist om at det var Guds vilje. Framleis er likninga om han som fann ei kostbar perle og selde alt han åtte for å ha råd til å kjøpa perla noko av det som for meg er det finaste og mest tydelege biletet på ei Gudstru. Mi tru er så kostbar for meg at mykje anna blir smått i forhold.

Det var for meg utruleg trist å høyra kor vanskeleg livet hadde blitt for Ruth Helen etter fortida i Jesus Revolution. Det var og utruleg trist å høyra at ho opplevde at identiteten hennar vart nesten viska ut fordi dei vart oppfordra til å fornekta seg sjølve for å gje betre plass til Jesus. Eg vart og forskrekka over å høyra at den store drivkrafta for dei var å berga folk frå djevelen og helvete. Å fokusera på denslags tankar har alltid vore meg uendeleg fjernt. For meg har det vore det å tilføra det gode som har vore tanken, ikkje det andre.
Nokre av barna mine har gode venner som med liv og sjel har gått inn i kristne trusgrupper som kanskje kan minna litt om Jesus Revolution. Eg har tenkt at det ville eg ha unna barna mine og, å oppleva ei så sterk og revolusjonerande tru at det vil toppa alle prioriteringslister. Etter å ha lytta til Ruth Helen ser eg at det kanskje ikkje utan vidare er det ein bør ynskja.
Ein annan ting som faktisk gjorde inntrykk på meg var den nesten sjokkarta reaksjonen ein av kollegene til Ruth Helen fekk då ho fortalde om fortida si, som ho rett og slett hadde skamma seg over i mange år og vore engsteleg for at nokon skulle finna ut av. I min ungdom på Sørvestlandet var ikkje det å ha ei sterk kristen tru noko som fortona seg som spesielt merkeleg eller unormalt. Nå trur eg det er slik at dette for mange ungdomar, kanskje ,spesielt på austlandet er ein lukka verden som mange veit svært lite om. Det synest eg og er trist.
Det alle me som trur må ta på største alvor er at Ruth Helen etterkvart følte ho var blitt utviska og usynleg. Ho opplevde at ho ved å bruka all sin oppriktige entusiasme for det ho trudde var det gode, vart heilt utslitt og ikkje lenger visste kven ho var.
I ein rørande episode besøkjer ho strålande, varme og unge Mina, også ho frå Stavanger som var misjonær for Jesu Kristi kirke av siste dagars hellige, eller mormonarane som dei ofte blir kalla. Ruth Helen kjenner seg att i Mina og møter henne med ein varm respekt, og til dels med medkjensle.
Då eg i si tid var kristenruss, hadde me ein gong eit stort festarrangement med middag og innleigd talar. Denne talaren, som eg ikkje hugsar kven var, sa med ei viss sorg i røysta at statistikken viste at ein ganske høg prosentdel av oss som var der om fem eller ti år fram i tida ikkje lenger ville ha nokon aktiv kristentru. Eg hugsar at fleira av oss såg bekymra på kvarandre, nesten som ein tenkjer at Jesu disiplar gjorde det under det siste måltidet. Det var nummeret før me mumla høgt: «Det er vel ikkje meg.» Nå, med fasiten i handa ser eg at han hadde rett…
I tida på vidaregåande skule hadde mange at dei eg kjende ei sterk og kompromisslaus tru. Folk eg kjende knuste LP- platene sine fordi dei var av ein art som drog tankane vekk frå Gud, og ei venninne av meg hengde ein lapp med «Sjå heller på Jesus» på spegelen, fordi ho opplevde å bli for fokusert på korleis ho såg ut. Me starta kvar morgon med eit eukumenisk bønnemøte i kjellaretasjen og kvar fredag fekk dei av oss som hadde tru for det, i vårt tilfelle sikkert ein tredjedel av klassen vera inne i matfriminuttet for å ha bønnemøte. Det virkar nesten litt merkeleg å skriva om det her, men for meg var det fint, og det kjendest heilt naturleg.
Og mange av oss er framleis aktive i kristne samanhangar. Nokre tok eit oppgjer med seg sjølve og har seinare teke avstand frå det brennande kompromisslause engasjementet dei hadde.
Sjølv var eg aldri skikkeleg insaidar i dei mest dedikerte karismatiske organisasjonane. Leif har ei fortid som langt overgår mi i så måte. Han har vore på team med Ungdom i oppdrag, hatt eit opphald i Tyskland som frivillig arbeidar i det eg trur var Operasjon Mobilisering ,og har ei fortid som brennande evangeliseringsungdom. Han seier nå at han ikkje er like glad for alt som skjedde. Me har ulike erfaringar som gjer oss til det me er på godt og vondt. Heldigvis held me aldri opp med å utvikla oss som menneske, og eg vil håpa eg kan føya til «som truande». Ikkje alt eg gjekk god for som 17-åring ville eg gått god for i dag, men kjernen i deg eg tenkjer og trur er nok likevel i stor grad den same. Eg har framleis ei oppfatning av at eg har funne perla som er meir verdfull enn noko anna.
Parallelt med serien «Frelst» går det ein dokumentar på NRK om ein ei gruppe ungdomar som går på Acta bibelskule i Stavanger, Guds lærlinger.» Eg tenkjer nok at menge av dei som ser serien vil oppfatta det dei ser som sært og som merkeleg. Eg ville nok ikkje direkte ha oppmuntra ungdomane til alt eg ser dei gjer, men eg blir rørt av den varmen dei har og det veldig oppriktige ynskjet om å gå ut i verda med noko som er godt og reint og viktig. Eg håpar dei ikkje svir vengene sine på den måten Ruth Helen opplevde å gjera det.
I eit samfunn der marknadskreftene rår, der idealet er å albua seg fram og prestera livet sitt og utsjånaden sin, så rører det meg at nokon går ut i gatene med den innstillinga til livet som ungdomane frå Acta gjer. Eg synest det er vakkert at nokon nærmar seg livet utan heile tida å stilla spørsmålet «What´s in it for me?» Det finaste med tru er kanskje at det kan gje motivasjon og frirom for å tenkja nestekjærleik. Faren med det meste er sjølvsagt fanatisme og sjølvgodheit.
Eg fekk lyst til å skriva til Ruth Helen og takka for at ho delte. Kanskje eg gjer det ein dag, men eg reknar med at mange har same trongen til det som meg. Eg vil gjerne ynskja henne alt godt og at alle gode dører skal opne seg for henne. Eg vil slutta med nokre tankar eg skribla ned i notatboka mi i Stavanger i dag:
Velsigna vere du
som vil bera det gode ut i verda,
velsigna vere du
som i naken uskuld
ber eit brennande hjarte
i nakne handflater
utan baktankar.
Herren velsigne og bevare
den som ville bera oss alle i truog som ubeskytta står att
med brannsår på sjela.
Gud hjelpe oss som lite skjønar.
Heidi




























