Gå til innhald

Snart påskeferie

 

image

Ute er det nydeleg vårver, og i morgon kjem påskeferien for oss som er så heldige at me jobbar i skulen. Eg kjenner at det faktisk skal bli godt med nokre fridagar. Det har vore full fart i det siste. Den store kulturopplevinga for i dag var å troppa opp i Storstova klokka kvart over fem, snusa litt på stemninga bak scenen, snakka med kolleger som kunne fortelja at skuleforestillingane i dag hadde gått veldig bra, sjå skodespelarar og dansarar bli sminka og få dei siste instruksane, høyra songarane varma opp bak sceneteppet og sjå dei siste instrumenta få den siste stemminga. Etterpå var det fint å finna seg ein plass i salen, kjøpa seg ein kopp kaffi og setja seg godt til rette.

Eg kunne konstatera at mine flinke kolleger i kulturskulen hadde gjort ein strålande jobb etter at eg og manusgruppa leverte siste versjon av manus til dei sceneansvarlege.

image

I dag skulle eg ynskja at eg hadde ein skikkeleg kamera i fenget, for ein mobiltelefon eignar seg ikkje til scenefotografering frå salen. Eg tek likevel med eit par av bileta bare for å dela litt av synsinntrykka her. Kanskje eg får anledning til å bruka nokre finare bilete seinare, for eg er sikker på at det vart fotografert mykje. Eg trur avisa har vore innom og.

Eg er imponert over kor flinke elevane våre har blitt med teater, song og dans når dei går ut tiandeklasse. Eg har sagt det før, men det toler å gjentakast: Den vesle jobben min i kulturskulen er ein av dei finaste jobbane eg har…

image

Og visst er det mykje kulturelt i det vanlege klasseromet og. I dag hadde me for eksempel påskeverkstad med dei sekstifire tredjeklassingane våre. For å seia det forsiktig, så var det full rulle, men det var veldig kjekt og. Formingslæraren i meg har litt dårlege vilkår i år, for dette skuleåret var det ikkje plass på timeplanen min til å ha klassar i kunst og handverk. Kvar gong eg fuskar litt i faget så hugsar eg at det er eit veldig kjekt og veldig travelt fag å undervisa i…

image

I går var noko av det mest kulturelle eg gjorde å drikka kaffi og eta vaflar i attilieret til Stanley Stornes. Me var der med styret i den kommunale kunstklubben for å kjøpa inn bilete. Det var forresten sånn omtrent dei beste vaflane eg har ete nokon gong. Me fann og fine bilete som me kjøpte.

image

Og utanfor dei store glasvindauga mot Vågen var lyset så fint at eg ikkje kunne la vera å stirra ut. Kveldslyset i mars har noko gjennomsiktig nesten eterisk ved seg. Då me kom ut, såg det slik ut, men eit kvarter tidlegare var det endå skjærare og endå meir akvarellaktig. Tenk å halda til ein plass med havsutsikt.

image

Etterpå reiste me til eit nytt galleri der me fekk meir kaffi i fine koppar med Bjørg Thorhallsdottir sitt design. Nå skal eg gjera noko eg kanskje strengt tatt ikkje har lov til…
Eg skal visa nokre bilete som gjorde inntrykk på meg. Eg har ikkje spurt kunstnarane om lov, bileta er delvis bare utsnitt og eg går ikkje god for gjengjevinga av fargane. Det er meint som rein reklame og beundring til kunstnarane, men dessverre veit eg ikkje i etterkant kven alle er ein gong… Unnskyld… Kanskje eg tek dei vekk att… Eg er litt usikker på kva ein har lov til å gjengje, men det er vel ikkje i seg sjølv ulovleg å fotografera fine ting ein ser… Som sagt… Eg føler meg på litt gyngande grunn og burde kanskje spurt opphavsmennene om lov…

image

image

image

Eg vil avslutta med noko som i alle fall er heilt mitt eige. Eg har skrive ein del vårdikt gjennom tidene, og kvar gong det blir vår att blir eg overmanna av dei same kjenslene. Ein blir overvelda over kor sterkt og vakkert livet fortonar seg, og samtidig dukkar det opp ein slags hudlaus lengt eller kanskje tørst etter det å leva heilt og intenst. Eg veit ikkje korleis eg skal forklara det betre utan å ty til mine eigne dikt, så det er faktisk akkurat det eg har tenkt å gjera…

Sola legg varme sjal
kring akslene mine
medan krokusen eksploderer.

Plutseleg hugsar me
kor hjelpelaust grådige me er.
me hadde gløymt kor svoltne me er på liv,
gløymt at det nesten gjer vondt
å vakna etter ein vinter.

Den vesle tjukke humla
er tidleg ute.
Kanskje er det håp
for jorda likevel?

Framleis er me her.
Framleis er alt mogleg.
Me skal bare tine først.

Frå Ta heller med deg hjartet ditt (2015)

Plutseleg
står ho i døra,
kledd i dette hudlaust urolege
vemodet
himmelblå kjole
og gul hatt.

Står der og opnar
for dette alt for sterke
lyset
på alt som samlar støv.

Sjølv opnar eg vindauget
ut mot vipene
ut mot kvitveisen
mot komande bjørkesprett
mot smelting og uro.

For framleis
denne brå kriblinga
frå noko på innsida
som aldri kan falla til ro.

Eg mumlar
eit høyrbart
og høfleg
God morgon, våren.
Ein plass i blodsystemet
kjenner me til vår forundring
kor heftig me framleis lengtar.

Frå Det kvite romet (2013)

Partitur:

Mellom notene
sette av fugleføter
i fuktig sand

ser eg våren koma
mot meg
i rasande fart,

Ein blakk hest,
galloperande
strittande man,
flaksande hale og lugg.

Sanden
vilt fykande
mellom dei svarte hovane.

Skumhestane
frå havet
kjem han vrinskande
til møtes.

Set eg meg
på den iskalde steinen
kan eg fort
bli gammal eller sjuk,
så eg spring
på raude gummistøvlar.

Eg som alltid
har vore redd for hestar
spring med håpet
som ein glorie om hovudet,
spring utan tankar.

Klar til å hoppa
på hesten i fart.

Frå Fotnoter i sanden (2012)

image

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gråbleike vårar…

image

Innunder yta finst moldmørke årer, blåveisen blømer i gråbleike vårer, livstrua bryt gjennom tela og tvang, danse mi vise, gråte min sang…

Slik står det skrive i den vakre visa til Einar Skjæråsen. Uttrykket «gråbleike vårer» har eg alltid tenkt er veldig treffande… Blåveis er det lite av her, men snøklokker er ikkje nokon dårleg erstatning. Ofte har me vel sett på fotografia av tidleg vår sånn ein gong utpå sommaren og tenkt at «Var det verkeleg så bleikt og fargelaust i mars?»

image

På denne årstida er det dei små teikna me ser etter og gler oss over… Gåsungar på eit tre, snøklokker i eit bed, den skarpe vårsola og det fine kveldslyset.

image

 

Eit eller anna udefinerbart med fargane og lyset seier at nå er det tidleg vår og ikkje bare snølaus vinter.

image

Etter ei ganske travel helg, smakte det ekstra godt å få ein skrivedag heime i dag. Utfordringa i dag morges var å klara å leggja frå seg Mona Levin si bok «Mors historie». Det er ei sterk og fargerik forteljing om det å vera jøde før og under andre verdskrigen, og korleis det var for jødar på flukt å finna fotfeste i Norge før katastrofen innhenta dei og oss. Eg trur det er ei historie me kan læra mykje av i dei tidene me opplever akkurat nå. Eg anbefalar boka. Eg anbefalar og boka eg lånte av Elisabeth sist helg: Jon Fosse sin trilogi «Andvake, Olavs draumar og Kveldssvevd.» Den hadde eg og problem med å leggja vekk når eg først var i gang.

Dikta eg har prøvd å skriva i dag er inspirerte av Knut Grønvik si bok «Alle dager». Han har tankar om eit liv i Gudstru som er verd å reflektera over.

Du som er foranderleg uforanderleg
Du som er i eldsøyla og skystøtta
Du som er overraskande annleis
vibrerande og levande
undervegs saman med meg
alltid i synsfeltet
Ver hos meg
uforanderleg i det foranderlege.

Dette er ikkje eit ferdig dikt trur eg, men noko Knut Grønvik skreiv skapte nye tankar i meg. Gud viste seg for israelsfolket på vandring i ørkenen som ei skysøyle om dagen og ei eldsøyle om natta som skulle visa dei vegen dei skulle gå. Eg har aldri tenkt over det før, men både eld og skyer er levande og på ein måte foranderlege substansar. Det er stor forskjell på ein stein og på flammande eld.  Det gav meg mange tankar. Nå leitar eg etter dei rette orda…

Ha ein fin kveld
Ynskjer Heidi

 

 

 

 

 

Livsgledeverkstad og andre kjekke ting

image

I dag prøvde eg meg på noko heilt nytt. Eg har hatt livsgledeverkstad på Bryne mølle i lag med Sissel Ruud Herikstad. Me hadde to verkstadar der me tok i mot grupper på opptil ti barn for å gjera kjekke ting i lag. Først leika me litt for å bli varme i gruppa, så skreiv me tekstar om glede og så laga me collagar med serviettdecoupage på lerret etter Sissel sin patent. Det siste var utruleg kjekt. Det har eg lyst til å gjera meir av. Collagen over er laga av ei jente i tredje klasse. Her skal de få sjå litt fleire av dei fine bileta som vart laga.

imageimage

Heilt som forventa, så fekk eg frykteleg lyst til å utforska dette meir på eiga hand, så nå kan det vera eg er hekta på noko…

Det har vore livsgledefeiring i kommunen tidlegare i veka og. På måndag var eg på ein slags livsgledefokost der fleire av oss som skulle vera med på arrangementet i dag skålte i knalloransje brus og snakka med Jærbladet om livsglede. På onsdag var dei kommunalt tilsette inviterte til ståande tapasparty og konsert med Bjørn Eidsvåg i Storstova. Eg synest det er flott å bu i ein kommune der dei har sett av ei langhelg i året til å feira livsgleden. Me treng gleda å halda oss fast i slik at me kan løfta håpet i ei verd som av og til knirkar litt på hengslene. At denne livsgledefestivalen er lagd til fastetida i kyrkja er eit slags livsgledeparadoks.

image

På onsdag drog eg rett frå Bjørn Eidsvåg- konserten til forestilling I Orstad- Frøyland kyrkja, der skulen til Odd Christian hadde elevforestilling med elevane frå femte til sjuande klasse med tema i ei tidsreise. Det var veldig kjekt å få med seg ´de+n forestillinga og. Etter alle forestillingane eg sjølv har vore med på å laga, så er det litt ekstra kjekt å bli invitert til å sjå på forestillingar ungane mine har vore med på å laga. At ungane mine i dette tilfellet er representert av ein vaksen lærar med skjegg som fyller tretti år i år forandrar ikkje på noko. Det å sjå elevar opptre er faktisk noko eg alltid blir rørt av, sjølv om elevane ikkje er mine.

Torsdagen skulle by på endå meir scenekunst. Då tok me med oss tredjeklassingane våre til Rosseland skule for å sjå på den store forestillinga «Songskattane» som fjerdeklassingane i kommunen kvart år får vera med på. Temaet i år var fuglar og fjerdeklassingane imponerte med å synga om fuglar i ein klokketime utan å bruka tekst til å sjå etter. Dei fleste songane er som tittelen på forestillinga tilseier, gamle songar som besteforeldra og oldeforeldra deira har sunge i si tid. Alle versa var på plass i både «Vesle lerka» og «Spurvelurven», mest imponerande var kanskje at dei framførde «Å mannen han gjekk seg i veaskog» med atten vers… Hatten av for det. Eg kan vel knapt halvparten…

I tredje klasse har me såvidt begynt å øva på det me håpar skal bli ei flott songforestilling til forsommaren, men det skal eg ikkje fortelja meir om endå… Atskilleg lenger er me kome med tiandeklasseforestillinga «Heima sjå osse». Den skal visast i Storstova på torsdag og fredag i veka som kjem med open forestilling på torsdag klokka 18.00. Sidan eg ikkje er dramalærar lenger, så er mitt ansvarsområde, manus, fullbrakt. Likevel klarte eg ikkje å la vera å dukka opp på gjennomkjøringa i aulaen på fredag for å spionera på prosessen der manusskriptet får liv og skal opp og gå med skodespel, song, musikk og dans. Musikken er levande framført av tiandeklasseelevane våre. Eg kan røpa at eg er kjempestolt av tiandeklassingane våre og lva dei får til. Dette kjem til å bli bra.

image

Nå blir det ein roleg kveld i heimen før eg skal til med å fortelja om påsken på sundagsskulen i kyrkja i morgon. Eg har gjort klar usyra brød, velluktande salve og ein litt fri variant av palmegreiner. Nå må eg bare hugsa bøtte og handkle til fotvasking.

image

Det første bodet om livsglede var på gang då eg vakna i dagtidleg. Eg bur i lag med ein mann som finn det naturleg å baka brød i sjutida på ein laurdagsmorgon. Godt smakte det, verkeleg godt.

Heidi

 

 

 

 

 

Eit reint noteblad

image

Så har våren kome til bedet utanfor huset mitt og. Som ein person med ikkje heilt grøne fingrar, så er det nesten eit under kvar gong noko fint veks opp i beda mine. I dag kom den første krokusen og vårsola skin så fint. I dag har eg og lyst til å dela nokre tekstar eg har i skriveboka mi:

Ein gong vil livet gje me eit reint noteblad,
og lett og utvunge
skal eg skriva melodien
takt for takt med fjørpenn
eller med blyant.
Flittig skal eg skriva
før midnattstankane kjem
for å forstyrra
meg og mitt urolege hjarte
som glimtvis veit
det eg elles bare anar.

image

Så skal me nok fly i veg
ein tidleg morgon
eller i den første blå kveldstimen
til månen kanskje,
eller til Soria Moria slott
medan skjørta mine flagrar mot anklane
og pusten smeltar saman
med dei blåsande vindane.
Ein eller annan stad
skal sorga din gamle følgjesvenn
rista kappa si og gå vidare.
Noko får du nok bera med deg vidare
eit brev frå livet, kan hende,
eit brev der du seinare kan lesa
alle orda livet gav deg den gongen
og smila.

image

(Veggdekorasjon frå Tou scene)

Det hender at det gjer vondt å bera
sin eigen puls i hendene
medan menneske du ikkje kan stansa
går saman eller aleine
mot dei store portane,
mot dei opne himlane,
mot dei blygaste solnedgangane.

image

Om krig og fred
og kvardagar
er det mykje å seia,
men mykje meir å tenkja.

Alle historiane
alle dei blinde vala våre
dei modige og dei redde
lagar linjer
til portretta i ansikta våre.

Medan verda tikkar vidare
med høglydte pistolskot
og hamrande hjarteslag
ser me på kvarandre
og seier på det ordlause språket
at nå er det på tide
nå må me stoppa.
men framleis kremtar me
usikkert og slit med å finna att stemmen.

Heidi

Flotte bilete og halvkveda tekstar

24919112434_b5b2d9bb03_o

Etter ei fin helg og før ei travel veke, vil eg rett og slett visa desse fine bileta frå ein fotograf som var ute medan eg framleis låg og sov, for å fotografera den fine kvite marsmånaden. Eg vil og setja inn nokre halvferdige tekstar, nokre frå i dag, og nokre frå sist helg. Av og til er det befriande å bare skriva ting inn her som eg eigentleg ikkje tenkjer på som ferdige. Som alltid så er eg glad for alle innspel. Biletet over med sauene på rekkje og rad, er forresten det finaste biletet eg har sett på lenge. Eg fekk lyst til å henga det på veggen eller å bruka det i ei diktbok. Ha ei fin veke, alle saman. Her kjem nokre tekstar frå ei framleis nølande hand.

Eg vil la fiolinane hjelpa meg å finna fram.
Eg vil krypa inn i kontrabassen sitt djupe varme mørke
og gøyma meg i dei mjuke rytmane.
Så kjem eg nok fram att etter kvart,
kanskje om ei veke eller to,
litt sterkare, litt klokare,
litt meir klar for dei store spørjeteikna.

25429010042_52da15bc31_o

Du skal ikkje forakta for tidleg
alt som er for lett,
alt som er lattermildt tåpeleg,
som blondegardiner og blond blåøygd tillit.
Du kan pakka kvardagane dine inn i det,
du kan pynta med mangefarga sukkerstrø
og ein stor kremdott på toppen.

Du skal ikkje bare samla på det som har tyngde.
Du skal ta med deg draumen du nesten klarte å halda fast,
ein lyseblå sommarkjole,
eit gammalt falma glansbilete
eit par kvite sandalar som ein gong passa på føtene dine
og eit perlemorfarga skjell du fann på stranda
ein gong det var juni.

25549514305_3d2a7a3236_o

Vemodig, alltid dansande,
vidare eller tilbake.
Det me veit sikkert
er at me ikkje kjenner vegen.
Likevel ligg han der
tolmodig støttande under føtene våre
medan me langsomt, nesten umerkeleg,
forandrar oss
til dei me skal vera i dag og i morgon
dei me skal vera i tidene som koma skal,
med alt me ikkje får vita
før det store stemplingsuret
erklærar fasiten for skriven.
Enn så lenge skapar me liva våre
i lys og skodde
av flugevenger, marihøneprikkar og kvite fjør.

25430773202_4859213266_o

I den spende bogen mellom nestekjærleik
og heilag bekymringsløyse
skal eg vekselsvis krypa og dansa.
Så lenge han har solide feste
kan eg roleg setja meg ned
kvar gong eg verkeleg treng det
og dingla leikent med bare føter
over den svimlande avgrunnen.

***

Av og til  blir eg overmanna
av denne tåpelege trongen
til å leggja meg flatt på ryggen
midt i kyrkja
med armane rett ut
og la meg løfta av musikk og lovsong.

Det skulle vel ha teke seg ut…

***
Kom, Guds fred.
Overgå all forstand.

Bevar hjarta våre…

***

Heidi

 

 

Strek- ei anbefaling frå meg…

image

Strek er det finaste tidsskriftet eg veit om. Det er eit tidsskrift for dei dagane du har lyst til å la tanken streifa innom noko som er djupare enn overflata på livet. Det er eit tidsskrift for dei timane du har lyst og tid til å bruka ettertanken din. Eg har sjølv vore abonnent heilt sidan det første nummeret kom ut, og det har gitt meg så mykje både glede og ettertanke at eg gjentekne gonger har gitt det som presang når gode venner feirer rund dag, eller som bryllaupsgave til dei eg trur vil setja pris på det. Ansvarleg redaktør er Asle Finnseth, som mange kjenner som tidlegare journalist i Vårt Land og som ein sentral person i Korsveibevegelsen.  Magasinet blir marknadsført som «Et uavhengig og tverrkirkelig magasin som ønsker å fordype seg i hva det vil si å følge Jesus Kristus på 2000- talet». Sjølv om målgruppa nok til ei viss grad er menneske med ei definert Kristus- tru, så vil eg utan vidare anbefala det og til tenkjande menneske som lurer på kva det eigentleg vil seia å tru. Etter mi oppfatning er lettvarianten av dette på billigsal i diverse medier, ofte under det ulne begrepet «Kristenfolket», som eg ofte føler at eg ikkje kan identifisera meg med i det heile tatt, når eg les i Dagbladet og VG korleis kristenfolket er, og korleis dei tenkjer…

I tillegg til at magasinet går i dybden, så vågar dei i redaksjonen å ta opp vanskelege og kontroversielle tema med ulike vinklingar, vel vitande at det kan provosera den eine eller den andre, eller aller helst dei fleste, til å tenkja igjennom ting ein gong til før ein er alt for skråsikker… Kvart nummer av Strek er eit temanummer der ulike tema blir vinkla frå fleire ståstadar. Her møter ein menneske som vågar å stå fram som dei kompliserte vesena eit menneske er, og ofte møter ein menneske som vågar å leva motstraums på den eine eller den andre måten. I temaummeret over som har «trosliv i det urbane» som tema, kan me mellom  anna lesa om dominikanarnonne Anne Bente Hadland sine refleksjonar etter å ha vore i ei human-etisk gravferd, om veksande storbykyrkjer i London, om «Jesu små søstre», ein organisasjon der nonnene lever i vanlege nabolag, gjerne i fattige bydelar, og som ser det som si oppgåve å visa hjarterom og nestekjærleik til dei som treng det. Her møter me tre «søstre» som bur i ein liten leilegheit i Hackney, ein fattig bydel i London, den eldste av dei er 87 år gammal. Me får fylgja dei ein dag, og mellom anna sjå blete av at dei inviterer ein 79 år gammal pensjonert sjømann heim til seg til lunsj. Systrene uttrykkjer det slik:

«Vi er dei små søstrene av Hackney. VIss vi ber Gud om å bu i oss, kan Han nå ut til menneske gjennom oss. Vi ønsker ikkje makt. Vi ønskjer å sitje i vegkanten saman med ein fattig person, og at ingen bryr seg. Vi vil vere blant dei små menneska.» Det står vidare i denne artikkelen at etter ellevte september flytta «Jesu små søstre» i New York ut til ein muslimsk bydel for å leva saman med muslimane. Dei lever ikkje i fine kloster eller inviterer til prangande evenement, dei ser på det som si oppgåve å snakka vennleg med folk i heisen og trappeoppgangen, og invitera dei som treng nokon å snakka med heim til seg til eit måltid og ein samtale.

Me får og lesa om Pave Frans sine visjonar  om å vera pave i storbyen og om gategudstenester med nattverd på gata i Bergen og fleire andre velskrivne artiklar og petitar om kristenliv i storbyen.

image

image

Ei anna nokså tlfeldig vald framside er denne, som er henta frå eit temanummer om «Trofasthet». Her får me mellom anna vera med heim på besøk til den aldrande Martin Lönnebo. Gjennom den hjartevarmande artikkelen, les me både på og mellom linjene at Martin Lönnebo etter eit langt og travelt virke som prest, forfattar og aktiv biskop emeritius i utretteleg kamp for nestekjærleik, miljøvern og kampen for dei svake, nå er på veg i ein alder der han er ikkje lenger har krefter til å stå på som før. Han er på veg inn i siste fasen av eit liv. Han seier at han ikkje er redd for døden. Han har derimot ein annan bekymring: «Troen på kjærligehten er truet i vår tid,» seier han.  Noko av det som har lært Martin Lönnebo mykje om å leva, er sonen Jonas, som vart fødd med ein alvorleg hjerneskade og som aldri lærte å snakka. Han framstiller ikkje det å ha ein sterkt funksjonshemma som som ei solskinshistorie, snarare som ein erfaring som rommar mykje smerte og mykje kjærleik. Sjølv om han er trøytt og ikkje har så mykje krefter lenger, snakkar han til journalisten om dei store utfordringane som kjem til å koma: Kampen for miljøet og det å ta i mot menneske som er på flukt. Han innrømmer at han er skuffa over at kyrkja ikkje er komen lenger enn ho er i miljøspørsmål. Her er det og mange andre interessante artiklar. Dersom eg fortset å leggja ut om dei, vil dette bli ein alt for lang tekst, I staden lar eg dette vera små smular av kva ein kan få med seg dersom ein tek seg tid til å lesa STREK.

Kanskje nokon lurer på om eg er innleigd som ambassadør for å auka salstala til dette bladet… Svaret er nei, og svaret er ja. I sommar på Korsveifestivalen vart det oppfordra til at lesarar som likte bladet skulle vera med og gjera ein innsats for å marknadsføra det. Optimistisk sette eg meg på ei liste, dette var noko eg hadde lyst til å vera med på. Rett før haustferien fekk eg ein pakke med bla-eksemplar av magasinet og ein plakat samt eit tilbod til nye lesarar…  Dette er ikkje eit betalt oppdrag, bare ein vilje til å dela noko ein sjølv opplever som fint inspirerande og deleverdig. Til jul fekk eg spørsmål om det gjekk bra med oppgåva eg hadde teke på meg… Då måtte eg senda ein mail tilbake om at eg hadde oppdaga at eg ikkje eigna meg som kremmar… Eg hadde rett og slett ikkje klart å finna ein einaste marknadsføringsarena… Eg kvir meg for ein kvar marknadsøring av varer der nokon føler det minste snev av kjøpepress…. Men eg tek nok «marknadsføringsutstyret» med på ein kyrkjekaffi ein gong, og kanskje i ei samtalegruppe…

Eg tenkte at dette fekk duga som min arena sånn i første omgang i alle fall. Her kan ein lesa om ein vil, heilt utan å føla kjøpepress. Eg har fått papirer som seier at eg kan marknadsføra eit starttilbod på STREK på 490 kroner pr år, og eit starttilbod på 390 kroner pr år for trygda og for studentar. Eg kan hjelpa til om nokon sender meg ei melding eller snakkar med meg, og eg har og nokre gratis eksemplar til dei som måtte få lyst til å halda eit magasin i hendene. Det går sikkert heilt fint å kontakta Strek Media AS heilt utan mi hjelp og…

Heidi

Heima sjå osse

Banner_heimehososs

I dag har eg lyst til å framsnakka kulturskulen litt. Akkurat nå held me på med siste innsats på ei stor forestilling der alle tiandeklassingane er med. Elevane har vore med på heile prosessen, idemyldring, utvelgjing av låtar, skriving av manus og sjølvsagt innøving. Før då eg var dramalærar i tillegg til skrivellærar, var eg svært involvert i heile prosessen, nå er mitt største bidrag i første del av prosessen. Eg er med på idemuyldringa og det å velgja ut det musikalske, og så skriv eg manuset saman med ei gruppe tiandeklassingar. Så overtek flinke dramalærarar, instrumentallærarar, dansepedagogar og kunstfaglærarar.  Musikken blir arrangert etter kva instrument elevane våre spelar og vanskegraden tek utgangspunkt den einskilde sitt ferdigheitsnivå, i alle fall så langt det let seg gjera.

Det å skriva manus i lag med ungdomar er kjekt, spennande og av og til litt utfordrande. Noko av det aller finaste er at sekstenåringane ser med friske auge på alt me vaksne kan og tenkjer om forestillingar. I fjor hadde me læarane så smått lagt ein plan på førehand om at me kunne tenkja oss at denne gongen skulle resultatet bli ein cabaret eller ein revy. De skulle visa seg at skrivegruppa ville det heilt annleis. Dei ville laga noko som var til ettertanke, og som tok opp vanskelege spørsmål. Resultatet vart «Benjamin, son av lykke», som handla om ein gut frå eit ikkje namngitt land som vaks opp med krig og vart barnesoldat. Han ende opp i Norge, traumatisert og redd, og havna hos norske forsterforeldre. Det skulle visa sseg at Benjamin var svært begava og ende opp som både forfattar, musikar og artist. Stykket enda i eit talkshow på TV der han har bestemt seg for å fortelja historia han til nå har delt med svært få. Den litt flåsete talkshow-vertinna spør han: «Men har ikkje alt dette gitt deg erfaringar som har gjort deg til den kunstnaren du er?» og Benjamin svarer: «I så fall har eg betalt ein svært høg pris», – eller noko liknande. Forestillinga vart rett og slett totalt annleis enn det lærarane hadde tenkt, og etterpå var me utruleg stolte over det me hadde fått til i lag med elevane våre.

I år er historia heilt annleis. Skrivegruppa vår hadde nye og annleis tankar. Naturleg nok er det å bli vaksen eit motiv som går att i mange av tiandeklasseforestillingane våre på ein eller annan måte. Slik er det denne gongen og, men temaet er det å koma til eit punkt der ein ikkje lenger identifiserer seg heilt med foreldra sine, og kanskje til og med skjemmest litt over dei. I forestillinga «Heime hos oss», møter me ein leitande ungdom som trur vaksenlivet er frykteleg kjedeleg: «Gå på jobb, handla, klippa plenen, eta fiskepinnar, sjå dagsrevyen og gå og leggja seg…» Ho lurer på om det går an å vera vaksen på ein annan måte enn dette. Så møter me fire ungdomar som prøver å skjula korleis dei har det heime, og sjeldan tek med folk heim. Dette er ikkje på grunn av husbråk, rus eller omsorgssvikt, men rett og slett det at dei opplever sin eigen familie som ekstrem på ein litt pinleg måte.

Me møter guten som illke får sykla til skulen utan fullt verneutstyr, som må vaska hendene i antibac før han får koma inn og som må gå med lue og stillongs heile vinteren. Foreldra hans er sjukeleg engstelege for det meste og les dagleg i avisa om kva sjukdomar ein kan risikera å få denne veka. Ei av jentene bur i ein familie der heimen er scenen for mora sine internettaktiviteter der den perfekte familien skal visast fram. Frokostbordet blir dandert med agurksommarfuglar og mora spring stadig vekk rundt med mobil og selfiestong for å ta bilete av huset og familien som ho legg ut på internett. Ein av gutne veks opp i ein idrettsfamilie der det er ei dødssynd å eta nugatti eller ikkje å villa springa rundt Frøylandsvatnet ei sein kveldsstund i regn og vind. Han vil helst slutta med idrett på toppnivå, men foreldra ler det bort, og meiner det er når ein kjenner det slik ein verkeleg er i utvikling. I den siste familien er foreldra militante veganarar, og vil ikkje ein gong ta på ting laga av dyreskinn. Venner av foreldra meinar å ha observert dottera med ei grillpølse i handa utanfor ein bensinstasjon, men ho nektar hardnakka og seier at ho bare haldt pølsa for ei som var inne for å handla…

Her er det sjanse til å kjenna seg att for både den eine og den andre av oss i foreldrekategorien, men eg reknar med at det heile er så sett på spissen at ingen kjem til å kjenna seg uthengde. Temaet er på ein måte eldgammalt: Korleis forheld ein seg til dei håplause foreldra sine når ein er seksten år og på trappene til å skaffa seg «sitt eige liv»…

På tysdag dingla eg innom ein songtime og ein dramatime for å sjekka ut om noko eg var usikker på fungerte… Begge deler var så fint fordi eg såg manuset eg har vore med på å utforma vart teke vidare av dyktige fagfolk med fokus på kunsten sin. Eg er veldig glad i teamarbeid. Den kategorien teamarbeid er det slaget der eg legg det eg er flink til ned saman med det andre er flinke til og saman får me til noko ingen av oss ville hatt ein sjanse i havet til å få til aleine. Både eg og dei som les har heilt sikkert teke del i gruppearbeid der ein har tenkt i sitt stille sinn at dette kunne eg fått til både betre og meir effektivt dersom eg kunne ha gjort det aleine. Nå seier eg ikkje at den siste typen gruppearbeid ikkje har ein funksjon, for eg trur me alle har godt av å tenkja saman med andre, slipa oss på andre sine meiningar og trena oss på lytting og felles problemløysing. Det eg likevel vil framheva som fantastisk med den delen teamarbeid der me kan ulike ting er gleda over å få til ting saman der alle får brukt seg sjølv og heilskapen blir langt utanfor ramma til det nokon av oss kunne klart aleine.

Noko av det fascinerande med å jobba i kulturskulen, spesielt for oss som ikkje er musikarar, trur eg kanskje er å få så utruleg dyktige samarbeidspartnarar på felt der me sjølv er nokså hjelpalause. Ja takk, til samarbeid med musikarar, songarar og dansarar.

Akkurat nå har eg bare ti prosent stilling i kulturskulen som lærar i skapande skriving. Før hadde eg i tillegg femten prosent som dramalærar. Dei har eg nå frigjort slik at eg tenkjer eg er 15  frilansar. Dei femten prosenta brukar eg til å skriva eigne tekstar, jobba med skriveoppdrag, ha kåseri, foredrag og diktopplesningar og til å driva forteljarteater på oppdrag. Så pass må det vera. Hadde det ikkje vore for at eg i grunnen har drøymejobben min som lærar og spesialpedagog i barneskulen, så kunne eg tenkja meg å jobba i kulturskulen på heiltid. Det er herleg befriande å kunna ha hovudfokuset på den kreative delen av faglege prosessar og ikkje vera fullt så bunden av læreplanar og pensum som ein er i grunnskulen.

Og dersom nokon fekk lyst til å sjå den nye tiandeklasseforestillinga: Me viser ho i Storstova torsdag før påske klokka seks. Velkomen.

Heidi

Om å våga å dela varme

25296730362_911a96bf76_o1

Etter ei helg med vårkjenning, bles det i dag opp til noko som likna veldig på rennedrev. Eg og fotografen min sette oss i bilen for å oppsøkja veret, og for å sjå om me kunne få nokre bilete av skikkeleg jærsk vinterver, – eller kanskje snarare tidleg vår, sidan me skriv mars i dag. Leif må vera ganske så aklimatisert i forhold til sitt opphav der aust i landet, for han presterte å koma med fylgjande setning: «Jeg bare elsker slikt vær som dette.»

I alle fall var det eit ver som gjorde at det var godt å ha tilhald i ein relativt varm bil. Vinden ute var iskald og så sterk at det var vanskeleg å opna bildøra for å gå ut og fotorgrafera. Me hadde tenkt oss opp på høgaste høgjæren, men då vegen begynte å fyka saman allereie på Undheim, så valde me ei meir tilgjengeleg løype. Dette er absolutt ein del av livet på Jæren. Plutseleg fyk det skikkeleg opp og regn og snøslaps ligg horisontalt over bakken og piskar dei forblåste trea som lener seg forskrekka over steingardane og blir endå meir vindskeive enn før.

«Det er fint at du fotograferer», sa eg. «Eg skal skriva eit innlegg på bloggen i dag om når livet gjer vondt, og då treng eg nokre sterke og jordnære bilete.» Ikkje det at dette vesle livet eg kallar mitt gjer så vondt for tida, men eg ser og høyrer så mykje som minner meg om at livet slett ikkje alltid er for pyser. Eg tenkjer at i tider som dette, sånne tider som kjem og går ,både for enkeltmennesket og i den store verda og dei store samanhangane, så treng me å vita korleis me deler varme med einannan. Heldige er dei av oss som har noko og nokon å varma seg på. For eit par veker sidan kjøpte eg ei bok av Knut Grønvik, som eg kjenner frå Korsveisamanhang, med ein liten tekst kvar dag til meditasjon og ettertanke. I dag las eg om å øva opp evna til å sjå og høyra med dei indre øyrene og auga. Han kalla det å lytta til Guds stemme, men eg tenkjer og at me kan kalla det å lytta til dei orda andre menneske ikkje seier.  Lytta til desse orda og våga å dela varme, det må vera ei utfordring inn i vår tid.

Det er lett å bli skremd av det ukjende. Tidene endrar seg, og utfordringane endrar seg. Korleis skal me klara å halda hjarta varme og tankane klare? Eg såg i går ein dokumentarfilm om valkampen til Donald Trump og hadde nesten lyst til å gråta av det eg såg. Eg må erkjenna for meg sjølv at for flokkane av menneske som jublar når han snakkar om kor grunnleggjande det er å eiga skytevåpen, og kor fint det ville vera å fjerna muslimane, har ein totalt annan synsvinkel på livet enn meg…

Eg blir fysisk uvel over å høyra om folk som har døydd av svolt i beleira byar i Syria og om menneske som er på flukt som ikkje finn ly nokon stad. Eg utfordrar meg sjølv og alle andre til å gjera det me kan for at verda skal bli ein litt betre plass for fleire enn for oss sjølve. Eg tenkjer og at det er enkelt å dømma og fordømma. For meg kjennest det viktigare å prøva å forstå, og å prøva å finna ut kva brikke eg kan leggja ned i det store puslespelet.

Heldigvis finst det ein del langt meir hjartevarmande impulsar enn den dokumentarfilmen eg nemnde… I dag har eg leita fram fleire av programma i serien «I heisen» som har gått på NRK. Konseptet er at to menneske, som ikkje nødvendigvis kjenner kvarandre frå før blir «sitjande fast i heisen», i ein heis med skjult kamera der dei må samtala om dei store spørsmåla i livet; om tru og tvil, om overbevisning og erfaring, om kjærleiken og døden. Det er inspirerande og fint å høyra på. Eg anbefalar varmt desse programma. Det er og fint å sjå at nesten alle seier etterpå at det var så fint å bare sitja der og samtala lågmælt med eit anna menneske. Det å lytta og bli lytta til trur eg er ein viktig del av det å vera menneske. I ei verd der det ofte blir ropt så høgt, kan lågmælte samtalar vera befriande.

24786917903_c98064e15a_o(1)

Og bileta i dette og det andre innlegget eg skreiv i dag… Ja, det er Leif som har teke dei. Eg tenkjer ikkje alltid på å kreditera han som fotograf, og han ber meg heller ikkje om å gjera det. Men bare så det er sagt: Fotografi med ein viss kvalitet kan de rekna med at han har teke. Dei rotete, i beste fall sjarmerande og ikkje heilt skarpe mobilbileta… Dei er mine ja… Dei fortel forsåvidt og historier…

Heidi

Gud hjelpe

25073907931_21b842200d_o(1)
Gud hjelpe den
som ber sorga
som ei hette av mørke
over ansikt og nakke.

Gud hjelpe den
som ikkje lenger ser veg,
og som bare kan gripa
dei djupaste tonane.

Gud hjelpe kvar
som har mista orda
og ikkje lenger
kan høyra svarttrosten.

Heidi

 

Be-bop-a-luba

25310911525_4c53a274fe_o

Denne helga har det skjedd mykje kjekt. I tillegg til at Eva Mari kom på besøk, så hadde me og Sunniva heime. På laurdag skulle min flinke nevø, Oscar spela føremiddagskonsert i Stavanger. Her er han med bandet sitt, Bebopaluba. Dei spelar bebop-jazz… Det svingde skikkeleg av det. Dei spelte i to omgangangar a 45 minutt, og Harboefamilien stilde mannsterkt opp med tante, onkel, mor og to kusiner. Det er Oscar som spelar kontrabass.

imageFor å sleppa inn, måtte me først bli medlemmar av Stavanger jazz- forum, men me lot oss ikkje stoppa…

imageI andre omgangen tok eg opp skriveboka mi og fekk skrive mange tekstar. Det var rett og slett fin musikk til å skriva til. Nå skal eg ta fram boka mi og gå gjennom dei tjue tekstane eg skreiv. Eg reknar med at noko av det kan brukast til eitt eller anna.

image
På bytur med tante Emma, så fann me raskt noko som måtte vera staden for oss på meir enn ein måte…

image

På sundagen haldt me fram med å vera kulturelle. Hå gamle prestegård er ein fantastisk plass, spesielt under høg lyseblå februarhimmel.

image

Me såg ei spennande utstilling av Arne Nøst. Han hadde kombinert figurar, levande film, musikk og lydar, og innreda låven nesten som eit sakralt rom. Feltsenger var ein del av alle installasjonane. Eit av utgangspunkta for ideane til installasjonane var flyktningestraumen og dette med å skaffa rom for fleire. Det som gjorde denne utstillinga spesielt fin, var at Arne Nøst sjølv kom for å fortelja om utstillinga medan me var der. Kvaliteten på biletet yter det ikkje rettferd, så reis sjølv og sjå dersom du får sjansen.

På prestegarden er det alltid noko eller nokon du gjerne skulle teke med deg heim…

image

Men ein kaffikopp og kanskje ein lefsebit i kafeen blir det som oftast ei råd med. Det gjorde det i går og, Der var det endå meir lokalkultur å hala, for i stova sat Emton Aadnesen og spelte på citteren sin. Slikt har dei heller ikkje i hovudstaden der aust.

image

Og så fekk me heldigvis tid til ein tur i det fine veret.

image

Så vart det storsamling i stova til kjøtkakemidddag og Eva Mari sine vaflar før Sunniva måtte til flyet og dei andre ungdomane heim kvar til sitt.

Då bare dei på over femti var att i heimen gjekk stova over til å bli ein veldig lokal strikkekafé og strikkedamene såg to filmar på netflix som eit tilskot til produksjonen….
Noko av det fine med å ha besøk er at ein kjem seg ut på så mykje kjekt sjølv. Det blir nesten som ein liten ferie i svært kjende omgjevnadar…

Heidi