Gå til innhald

Brev frå ein middels vellukka trimmar…

Med eit humoristisk skråblikk, og med dårleg skjult beundring for alle flinke trimmarar, så tek eg med denne teksten og.
Visst lar eg meg inspirera, og visst går og syklar eg turar med stor glede, men det monnar liksom litt lite når folk susar forbi på tredje runden sin med pulsklokke og kondomdress…
Dersom nokon hadde trent så hardt i barndomen min som «nesten alle» gjer nå, så hadde dei blitt sett på som merkelege fanatikarar.
Det må jo bety at me er inne i ei veldig sunn «helsa- først- av- alt-periode.» Eg håpar at det og kan trekkja oss middelmådige trimmarar opp på eit bort i mot akseptabelt aktivitetsnivå og.
Dette seier eg heilhjarta og utan snev av ironi. Samtidig oppfordrar eg oss alle til ikkje å gløyma å pusta og drøyma…

 

 

 

image

 

TRÆ DRAUMANE PÅ LANGE STRÅ

I mor si tid

fantes husmortrimmen.

Ein gong i veka,

så var du salig.

 

Det er hardare for oss

som bør vera klare på tredemølla

før dagen har demra

og jogga med pulsklokke

før og etter daglege yogatimar.

 

Det er blitt lett

å ikkje hugsa

å ikkje gløyma å pusta.

 

Livet veit å setja fart,

anna er det ikkje snakk om

så det er best å setja bokstavane

på rett plass i det store alfabetet
Det er best å hugsa

å træ draumane på lange strå

før dei forsvinn .

 

Ein kan få bruk for dei.

Heidi

 

 

image

(Og nå burde eg kanskje heller konsentrera meg om å få ferdig denne diktsamlinga slik at eg kan koma meg ut på trimturen min.)

Heidi

Det er du som skal ta til vengene

 

15230456734_25fbf26a2a_k

DET ER DU SOM SKAL TA TIL VENGENE

 

Det er bare eg som står her

slik eg alltid har gjort det.

Eg står her og er mor di,

eg står her og lar deg gå

 

Det er du som skal ta til vengene.

Det er eg som skal vera att.

Du får kanskje aldri vita

at eg ber din pust i min pust,

at eg voggar di tru i mi tru,

at eg framleis,

svært forsiktig og varsamt

alltid ber deg med meg,

utan at du eingong merkar det.

 

Heidi

 

 

 

For lenge sidan

image

Eit dikt om å veksa opp…

 

ME VISSTE IKKJE HEILT KVA DET VAR

 

Me hadde veldig korte kjolar

men framleis var me barn

og kleda var i rosa og lavendelfarga.

Flipperspelet var på kafeen

men der fekk me ikkje bruka tida

bare gå inn for å kjøpa smågodt første mai

og is den syttande.

 

Ein vår kjøpte gutane

seige lange colaflasker

av godteposetypen,

me fekk til og med smaka.

 

Ein av dei

stappa pengar på jukeboksen

som fortalde oss alle

at Morgan Kane var hans navn.

 

Me kjende på heile kroppen

at noko nytt

snart skulle koma og ta oss med.

 

Me visste bare ikkje heilt kva det var endå.

 

Heidi

Eg skulle heller skriva kjærleikssongar

20501732241_1241eae065_oEg sit her og jobbar med den nye diktsamlinga mi, og fekk lyst til å dela litt. Det er spennande å la nye tekstar møta dagslyset…

 

EG SKULLE HELLER SKRIVA KJÆRLEIKSSONGAR

Eg skulle heller skriva kjærleikssongar.

Eg skulle ikkje gjera anna.

 

Eg skulle sitja ute i regnet

og skriva under ein stor paraply

medan sommaren lukta sommar.

 

Eg skulle sitja i ei solsikke

og liggja langflat i ein åker,

eg skulle ha ein gyngestol

på verandaen

i ein hage full av roser.

 

Eg skulle ha utsikt til det grønsvarte havet,

til den sommerblå himmelen

og dei himmelblå kornblomane.

 

Så skulle eg ha snakka sant

med så kjærleg stemme

at det ville bli bra igjen alt saman.

 

Og så skulle det bli kveld.

Heidi

 

Små og store sistekveldstankar med plass til Jon Fosse og Levi Fragell

image

Sistekveldskjenslene er her. Nå renn siste rest av ferien vekk som sand mellom fingrane mine. Eg er seinare ute enn nokon gong med å skifta ut innmaten i lærarkalendaren, men nå skal eg gjera det. Det er alltid ein stor overgang å gå frå det frie uorganiserte livet utan klokke på armen til å ta steget inn i universet med timeplanar og ringeklokker. Det går alltid bra, men det gjeld å trekkja pusten djupt og ettertenksamt. Oppstarten er alltid noko av det aller travlaste i eit skuleår. Eit nytt univers skal på beina og nye byar skal byggjast. Det aller viktigste er å gje alle ungane ein god start på eit nytt skuleår, dei skal bli sett og bekrefta og bli losa inn i eit stramt regime dei og etter at dei forhåpentlegvis har hatt tid til å virra fritt omkring og gjera seg erfaringar om livet både i lag med andre barn og i lag med vaksne med litt betre tid enn vanleg.

Og attpåtil har me fått sommar den siste feriedagen. Det har vore ein av dei finaste sommardagane me har hatt her på desse traktene på denne sida av jul. Sommaren er velkommen. Me kan godt få mykje av han framover, det gjer ikkje noko om det blir sommar i september og. Eg vil påstå at eg har brukt dagen ganske godt. Eg har gått ein tur og sykla ein tur. Eg har vore ute nesten heile dagen og til og med klart å bli solbrent på ryggen medan eg låg flatt på magen med den nye diktsamlinga flagrande på lausark rundt meg medan eg prøvde å bestemma meg for rekkefylgja på dikta. Eg vurderer om eg skal ta med ei avdeling for songtekstar og. Det er mange som spør etter songane mine. Kan eg trykkja dei utan noter med ei fotnote om kven som har laga musikken, mon tru? Eg får grubla litt på det. Det å trykkja noter blir meir komplisert, for dei er det jo andre enn meg som har opphavsrett til, og ein del av dei er melde inn til Tono.

Dei siste dagane har eg og teke meg god tid til å lesa. Eg har lese ferdig to interessante og veldig ulike bøker med den fellesnevnaren at dei mellom anna handlar om menneske si trusreise. Sidan menneskeliv interesserer meg og tru interesserer meg, så er dette eit felt eg gjerne les om. Bøkene eg har lese denne veka er «Vi som elsket Jesus» av Levi Fragell, og «Mysteriet i trua» av Jon Fosse. Bøkene er veldig ulike. Fragell si bok handlar om guten som var han som vaks opp med eit omflakkande liv på grunn av at faren var predikant i pinserørsla. Han fortel om guten som ville gjera alt rett, som engsteleg irettesette vaksne som røykte, fordi røyking var synd og som alltid ville vera snillare, flinkare og meir rettruande. Denne guten vart sjølv vekkjelsespredikant og hengde opp plakatar med bilete av seg sjølv på. Han predika mange til både tårer og omvending, men var bekymra fordi det viste seg vanskeleg for han å få tak på tungetalen sin gave. Han fortel om den unge mannen som opplevde at det han hadde trudd på og stått for rakna, han orienterte seg etterkvart vekk frå trua og strevde med å finna formelen for eit liv utan Gud. Sjølv om foreldra var varme og gode menneske med lite anlegg for fanatisme, så følte han seg både lurt og skada av å ha vakse opp med ein Gud han ikkje lenger kunne tru på, som sentrum i livet. Så problematisk opplevde han dette at det etterkvart vart hans hovudtema i livet å avsløra for menneske at Gud ikkje finnest. Han vart leiar for Human-etisk- forbund i Norge og det er vel slik han er best kjend for dei fleste.

Kanskje nokon ville tru at eg las med forakt og engstelse om Levi Fragell. Slik er det ikkje. Eg fekk gode kjensler for den unge mannen med ærlegdom som livsprosjekt. Og eg forstår betre enn før korfor han er så sint på kristendommen. Eg forstår og på ein måte korleis verda ser ut utan Gud. For meg ville det å mista trua vera ei stor sorg. Eg tolkar Levi Fragell dit hen at for hans del så var denne sorga blanda med ein stor andel lettelse. Den Guden han hadde trudd på var streng og uforsonleg. Han var oppdrogen i ei kristendomsforståing der alt som ikkje var «kristeleg» kunne vera farleg og skadeleg. Fotballkampar, kino, «verdsleg» musikk, teater og «verdslege» bøker var farleg alt saman.

Jon Fosse har eit heilt anna utgangspunkt og ei heilt anna tilnærming. Han har nærma seg det heilage og mysteriefylde som for han var ukjend og uforståeleg. Etterkvart har han end opp i den katolske kyrkja 0g opplever der å kunna leva mysteria. Han seier noko som eg tolkar omtrent dit hen at Gud skal ein ikkje snakka så mykje om, for han forsvinn når ein prøver å fanga han med ord. For han er Gud uforståeleg, det er det som gjer han til Gud. Jon Fosse seier og at for han er det eit prosjekt å ikkje skriva det han skriv ut frå eigne erfaringar. Det han skriv er kunstutøving, den skal ikkje begrensast av hans begrensa og trivielle erfaringar. Han har heller ingen tankar om å skriva om Gud i det han skriv. Den boka eg har lese er skriven av Eskil Skjeldal og byggjer på samtalar med Jon Fosse. Eg tek alle atterhald for at eg kan ha misforstått både Jon Fosse og Levi Fragell. Dette blir mine tolkningar. Begge bøkene har skapt ettertanke i meg. Begge bøkene har skapt sympati for mannen bak dei, og dei viser meg kor utruleg forskjellig me erfarer, tenkjer, reflekterer og trur. Eg kan kjenna meg litt att i dei begge, men samtidig ser eg at på same måten som deira historiar er heilt ulike, så er min eigen historie heilt annleis.

Boka til Fragell minner meg om kor farleg det er å begrensa Gud til det ein sjølv forstår, og kor farleg det kan vera å leggja sterke føringar på korleis andre menneske, og ikkje minst barna dine skal tru, tenkja og meina. Han fortel at alle fem brørne, det vil seia heile syskenflokken ende opp med å bli erklærte ateistar, og at foreldra mjukna mykje i standpunkta sine når dei vart eldre. Det må ha vore ei stor sorg for foreldra at dei to brørne som reiste rundt saman som vekkjelsespredikant og songevangelist begge mista trua heilt.

I forhold til Jon Fosse innser eg kor forskjellig me tenkjer om det å skriva. Eg vil ikkje drøyma om å setja det eg skriv opp mot hans store internasjonale forfattarkarriere, det er meg fjernt. Likevel registrerer eg at mine prosjekt delvis går ut på det han meiner er smått og nesten umogleg, nemleg det å bruka eigne ord og eigne erfaringar som utgangspunkt for det å skriva. Jon Fosse har forresten fått ei salme med i salmeboka og har bidradd til boka med bibeldikt, så heilt konsekvent er det ikkje at han ikkje skriv om Gud. Han seier forresten at han trur han er ferdig med å skriva skodespel. Men framleis er det forfattar han kjem til å vera.

Same kor gode intensjonar ein har, så risikerer ein å skada og såra andre menneske. Det tenkjer eg etter å ha lese boka til Levi Fragell. Eg trur at eg har godt av å lesa slike bøker på same måte som eg har godt av å lesa bøker av Martin Lönnebo, Mor Theresa og Desmond Tutu. Same kor ein står sjølv i det store landskapet av tvil og tru der me vel flyt litt rundt omkring fleire av oss, så tenkjer eg at me må passa på å ha ein grunnleggjande respekt for andre menneske. Me veit knapt nok korleis livet ser ut sett frå våre eigne auge, så me risikerer å gjera andre djup urett når me vil definera korleis verda bør sjå ut for dei. Det betyr ikkje at me ikkje har lov til å ha meiningar eller sterke meiningar.

Det står i bibelen at kjærleiken dekkjer over mange synder. Heldigvis…

Heidi

 

Siste avsnitt i ferien

image

Siste etappen av ferieturen vart i Bærum. Eg liker så godt desse korpsmusikantane som står midt i oppussing og trafikk på Bekkestua og ivaretek den store musikken.

 

image

Det var då eg kom tilbake til Norge at eg innsåg at sommaren er inne i siste fasen. Rauna står med raude bær allereie. Eg trøyster meg med at august og er ein sommarmånad. Ein skal ikkje utelukka sommar i september heller. August er ein av dei absolutte favorittmånadane mine. Som Einar Skjæråsen seier det så utruleg vakkert: «Denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne duft av avskjed i mine hender,» og «Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten, og at en kveld i august var den siste, forunderlig duse, kjenning av land.» «Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet, august er det mykeste myke jeg kjenner, myk som sorg og som kjærlighet.»

image

Fredrik og Tina hadde invitert på familielunsj for små og store harboer. Veret vart rett og slett veldig fint på lørdagen, så me sat ute i hagen i Tverrveien, der svigerforeldra mine budde då eg vart kjend med dei for meir enn tretti år sidan og åt god mat og gode kaker og drakk kaffi av desse koselege koppane.

imageEva Mari og eg fekk lagt inn to turar til Bærums verk. På sundagen var me med på historisk vandring gjennom verket og fekk høyra den lange historia om verket, som i ei årrekkje rett og slett vart styrd av sterke kvinner. Først den første Anna Krefting, som tidleg vart enke. Så den unge svigerdottera som og heitte Anna Krefting. Den siste vart enke i alder av tjueåtte år då den meir enn tjue år eldre mannen døydde. Begge var skikkelege forretningskvinner som haldt stø kurs i ein mannsdominert verden, og som til og med omgjekkes dei kongelege.
image

På Bærums verk er det alltid flotte utstillingar av norsk samtidskunst.

image

Og der var det og ein benk som fekk oss til å føla oss som små teskjekjerringer då me sat på han. Me måtte nesten klatra for i det heile tatt å få til å koma opp dit.

image

På måndagen møtte me dei tre av barna våre som var i Oslo for å eta felles lunsj før tre av oss skulle ta toget heim. Sunniva visste om ein fin thai- restaurant like ved Yungstorget.

image

Ein kopp kaffi vart det og tid til.

image

Så var det ein fin tur heim med toget. Det å sitja i time etter time med ei god bok og sjå landskapet skifta utanfor vindauget er rett og slett veldig avslappande og fint. Flyturen på torsdag var ikkje noko kjekk. Eg var redd heile tida. Når ei besetning frå same flyselskapet blir tekne i promillekontroll to dagar seinare, er det nesten så eg tenkjer at der kan de sjå, visst er det grunn til å vera redd… Men så småleg får ein ikkje vera. Men for mitt vedkomande: Heller eit døgn på toget enn ein time i fly. Dessverre har problemstillinga litt med tid og store hav å gjera og… Eit av fortsetta det komande  arbeidsåret er å leva meir miljøbevisst, og då burde det for meg vera sjølvsagt og eigentleg ei stor glede å kunna proklamera at det komande året skal eg ikkje setja mine bein i eit fly. Dessverre er  det heile litt meir komplisert enn som så…

image

Og så var me rett og slett heime att… Til vind og gråver og hav og høg himmel. Til klesvask og husvask og eit nært foreståande skuleår. Eg har brukt dagen til aklimatisering, til å vaska alle sommarkleda som har vore på tur med oss i snart tre veker, og til å rydda og ordna litt og reinska ut av kjøleskapet. Eg skjemmest over å måtta kasta masse mat som ikkje vart brukt opp i sommar. Eg liker ikkje å kasta mat, og har tenkt å skjerpa meg noko alvorleg… Me har vore på eit gardsutsal ikkje så langt i frå oss og kjøpt ferske norske  grønsakar som eg gleder meg til å bruka.

image

Så har me vore ein tur nede ved stranda og sett på svaner, skarv, blomar og laksefiskarar.

 

 

image

imageOg visst er det vakkert der nede, til og med når det regnar og er grått og kaldt.

image

Me valde å tolka dette skiltet dit hen at når grinda står opa, så må oksen vera ein annan plass…
Håpar eg i alle fall…

imageHeidi

 

 

 

Som å koma heim

imageDå me kom ut av flyet og kjende den kjølege norske luftstraumen, kjende eg at eg var heime. Det var verkeleg ein berusande følelse av fridom å snika seg ut dørene på Gardermoen i staden for å gjera seg klar for neste fly. Det var og herleg ukomplisert å forstå språket, både det folk sa og det som var skrive, verda var for meg lett å tolka att. På rullebandet opp frå toget på Oslo S var ein ung og fremadstormende mann bak meg i køen i mobilsamtale med boligmeklaren sin, og ute ved tigaren framfor trappene var ein 60 + år gammal nordmann i det som frå hans side var ein høgrøysta samtale med to romkvinner på engelsk med veldig tydeleg austnorsk aksent. » Yes, but all I want is to kiss you! I only came here to get a kiss!» Eg snur meg for å sjå om dei opplever han ubehageleg og treng hjelp, men dei smiler lattermildt, og mannen har eit ansiktsuttrykk som om han står på ein stor revyscene og tek i mot velfortent applaus…

På veg opp Karl Johan må eg forklara fleire som tiggar og sel tidsskrift at eg dessverre ikkje har norske pengar i lommeboka akkurat nå. Det er eit myldrande folkeliv som i grunnen overgår det meste eg såg på ferien med gateselgjarar, gatemusikarar og diverse anna. I eit gangfelt ligg det plutseleg ein mann som har velta på sykkelen. Han er ein nordmann som på nordmenns vis har sykla frå jobben med sykkelskoa klipsa fast til pedalane, hjelm og kondomdress med ein liten sekk på ryggen. Korfor han har ramla veit eg ikkje, men han virkar uskadd og tydeleg brydd av folka som stimlar saman rundt han for å sjå om han treng hjelp. Heilt mørkeraud i toppen kjem han seg opp på sykkelen og syklar vidare. Sjølv må eg innom eit par butikkar og kjøpa meg nokre klesplagg som eg treng til den neste ferieetappen i Bærum. Det er deilig å beherska kodane for språk og klesprøving. Eg tenkjer at jammen er det ganske vakkert i Oslo. Det spesielle med å koma rett frå utlandet er alltid at dei første timane ein er tilbake så ser ein på det kjende i eit litt nytt lys.

På T- banen mot Haslum ser eg på einimage mann i veldig elegant mørk dress med slips og brune semskesko. Han er på alder med dei eldste barna mine og ser veldig vaksen ut. Eg tenkjer at han er på veg frå ein jobb der dei kler seg slik kvar dag, slike jobbar finst jo, og det at han i mine auge ser ut som ein gutunge er bare eit problem i mitt hovud og ikkje det resten av verda observerer.

Eg går av banen og møter Eva Mari som kjem for å henta meg og bagasjen min med bil. Me ler og klemmer kvarandre, og plutseleg er me på kleshandel. Heime att blir det kjøleg norsk augustkveld på verandaen med ullteppe, stearinlys og varm te. Det er ikkje å forakta devidare t heller.

Eva Mari sine handarbeidsprosjekt til ei kvar tid, får meg alltid til å kjenna meg tomhendt. Eg fann ut at det hadde vore spennande å strikka av desse fine latviske handstrikka vottane. Vertinna bidrog med både garn og bambuspinnar nummer tre. Slikt er aldri eit problem her i huset. Det var ei kode å knekkja å finna ut korleis den raude takkekanten nederst skulle strikkast, for slikt har eg aldri sett før, men eg klarte å finna det ut: tre raude riller, seks maskar fram og tilbake i spiss fem omgangar ved å snu ei maske før kvar gong, vri heile arbeidet ein omgang og strikk vidare med seks nye maskar. Nå gjeld det å halda motivasjonen oppe til eg er ferdig med to vottar. Slikt arbeid er alltid kjekkast til å begynna med. Ein ny dag er i gang. Dei andre er oppe og fungerer, så eg får få farten opp. Leif kom med tog i går saman med Odd Christian. I dag blir det eit lite familietreff. Nå får eg besøk av ein ivrig irsk setter i senga med piskande hale og ein kvit sokk i munnen. Utan tvil på tide å stå opp.

Heidi

 

 

Snart på vengene…

image

Dette er ikkje det kjekkaste eg veit. Me sit her på flyplassen i Riga, innsjekka sikkerheitsklarerte og klare. Det er ca ein time til flyet skal gå. Me har mellomlanding på Gardemoen, og der har eg tenkt å debutera som avhoppar. Me skal nemleg til Bærum igjen i morgon på familietreff, og eg lar gjerne ein flybillett til i dag og ein togbillett til i morgon bli liggjande ubrukte. Leif reiser heim med dei skitne kleda. Eg er bare litt nervøs for at ein eller annan skal stoppa meg for å forklara at er ein innsjekka til Sola, så er ein innsjekka til Sola…

Det går vel helst bra. Eg kikkar ut og ser eit propellfly koma rullande. Eg kryssar fingrar og tær for at det skal til ein annan gate, og det ser faktisk ut til at det er akkurat det det skal… Viss ikkje så går det nok bra det og…

For av og til må ein gjera ting ein ikkje har lyst til, det veit alle vaksne og alle barn over fire år… Eg sit her og formulerer ein visetekst om å ha flyskrekk og alle desse avslappa menneska som ikkje forstår kva dei går til når dei går inn på eit fly. Den skal eg skriva snart, men eg torer ikkje akkurat nå…

Eg trøystar meg med alle som seier at det er farlegare å ta bussen. At minst like mange seier » ein kjem ned igjen uansett» det har eg aldri funne, og kjem eg aldri til å finna trøyst i. Det beste med å fly er den intense følelsen av å ha fått livet i gave når flyet er trygt nede på bakken… Eg kjem nok dit i dag og… Me har forresten køyrd buss i dag, – rutebussen til flyplassen. Den kollapsa undervegs og alle måtte av. Heldigvis kom det ein ny buss etter tjue minutt og heldigvis hadde me god tid..,

Ha ein fin dag, og send meg gjerne ein varm og oppløftande tanke dersom du les dette før klokka to…

image

Heidi

Farvel til Riga og Jurmala

imageDå me såg at dei melde tretti grader i Riga i dag, fann me ut at det måtte bli ein » sydendag» i Jurmala i staden for å tråla Riga for kunstmuseum. Då me var i Jurmala for ei veke sidan, så var det ikkje det store strandveret, men det var det i dag. Saman med hundrevis av andre badeturistar så sette me oss på toget for å dra på badetur. Det var stappfullt og varmt på toget, men folk var flinke til å hjelpa kvarandre fram og av og på. Først trudde eg at alle med badebagar skulle same plass som oss, men heldigvis viste det seg å vera fleire strender.

Dette var faktisk første gongen i år at eg låg strekk ut og fekk sol på ryggen. Kanskje blir det siste gongen og? I alle fall, det var heilt nydeleg og det var godt å bada i sjøen. Ein dag i sola i løpet av ein sommar burde vel vera oppnåeleg? Eg er glad for desse to vekene med atten grader eller meir, dei skal koma vel med når det blir mørkt og kaldt igjen.

Eg opplever stadig at folk er betre enn sitt rykte. I dag handla eg med ei «strikkedame» i Jurmala. Då eg gjekk forbi henne seinare på dagen, ropte ho på meg. Ho snakka Latvisk og telde på fingrane. Eg trudde først ho ville fortelja at eg hadde betalt for lite og tok opp lommeboka, då rista ho kraftig på hodet. Ho fekk bort ei anna som kunne litt tysk. Dei klarte å fortelja at ho hadde rekna gale. Eg hadde betalt for eit par vottar meir enn eg hadde fått, og  ville ho gi meg eit par til. Eg takka så fint eg kunne, ho sa fleire gonger at nei, nei, det var ho som hadde rekna feil, eg trengte ikkje takka.  Me fann greitt ut av det etter at den andre dama hadde gått. Ho snakka latvisk og eg snakka norsk og kroppsspråk sidan ho ikkje forstod verken engelsk eller tysk. Eg fortalde at eg og likte å strikka og at nå kunne eg strikka av mønsteret. Tidlegare hadde ho med seg det eg trur var barnebarnet, ho kunne oversetja litt, men nå var ho gått. Eg beklaga at eg ikkje snakka latvisk og ikkje russisk og ho sa at slik var det med nesten alle turistar. Det er litt fascinerande at ho kan driva butikk utan å få til å snakka med kundane…

Eg møtte og ein ung kavaler som kunne ha vore femten som hjalp meg inne på Narvesen. Ja det er Narvesen og Rimi overalt her, men det er ein annan historie. Eg skulle innom Narvesen i full fart fordi eg var så tørst då me skulle ta toget tilbake. Dei som kjenner meg godt ser nok fylgjande for seg: lett varm i hovudet skal eg prøva å vera effektiv i kassen. Ho som ekspederer spør om eg har mindre pengar enn den store seddelen, eg rotar fram det eg har av myntar, likevel blir det til at eg får tilbake masse vekslepengar. For å spara tid let eg alle pengane ligga lause i veska og tenkjer at det kan eg ordna seinare. Eg lukka heller ikkje glidelåsen som var utanpå veska. På veg ut med veske og drikke, dunkar eg borti ei øskje med sjokoladeplater som dett i golvet. Eg bøyer meg for å plukka opp sjokoladar i full fart med eit drikkebeger i hendene, veska blir snudd opp ned og mobil og myntar og sedlar dett på golvet saman med sjokoladane, og sidan det er god sprett i myntar fordeler dei seg godt utover i det varme og folksomme lokalet. Eg har ligge på kne på butikkgolv før og plukka både penger og appelsiner, så eg går trøstig i gang. Eg får eit medlidande blikk frå ein ung latvisk gut som plutseleg ligg på kne og plukkar myntar han og. Eg takkar så fint eg kan, og lurer på om eg skal gi han ein euro eller to, men eg blir litt redd for å fornærma han. Det var tydeleg at han bare ville hjelpa, og han var ikkje eit lite barn. Det ender med at eg takkar han så fint eg kan og skundar meg ut til min ventande mann som hadde gått glipp av opptrinnet, noko som kanskje var like greitt… Me nådde toget…

Det er siste kvelden vår i Riga. Eg tek med nokre bilete frå den fine byen. Dei fleste er frå gamlebyen.

image

Ein variant av Venus frå Milo… Skulpturen er laga av ein ung kunstnar. Ho var bare i tjueåra då ho laga denne frodige dama.

image

imageimageimageimage

Heidi

Rigafiffen på begynnelsen av 1900- talet

I dag starta me dagen på «Art noveau- museet.» Det er den stilretningen me pleier å kalla Jugendstil i Norge. Museet var rett og slett ein autentisk Jugendstil- leilighet frå først på 1900- talet. Her var det møblert akkurat slik det var i denne perioden. Det var utruleg fint der, og alle detaljar var tatt vare på. Det var ferske grønsakar på kjøkkenet, frisk frukt i fruktskålene og nyskorne blomar i vasan, for det meste store liljer. Etterkomarane til dei som opprinneleg budde der, var tekne med i prosessen for å få det mest mogleg rett. På gamle familiefoto frå svigerfar min sin familie ser det faktisk ut som om interiør og livsstil kunne ha likna svakt på dette. Svigermor sin familie og ikkje minst alle greiner av min eigen levde i heilt andre verdanar, men det er og blir ein heilt annan historie. Noko av det kjekkaste for små og store museomsgjesterimagevar forresten at i siste del av utstillinga kunne ein få prøva tidsriktige hattar og kappar og fotografera seg med desse…
imageimageimage image imageEr det ikkje flott, vel? Vindeltrappa opp var og veldig imponerande.

image

Etterpå gjekk me for å oppleva den russisk ortodokse katedralen, som ragar mot himmelen med flotte gullkuplar.

imageDå eg tende lys kom det inn ei lita gammal dame i litt fattigslege klede. Ho tok dei lysa som hadde brent lengst ned ut av lysgloben og søkte dei. Ein gong var eg sikker på at ho kom til å brennande seg skikkeleg på fingrane. Så bles ho dei ut. Først vart eg veldig nyssgjerrig på korfor ho gjorde det. Hadde ho ikkje råd til å kjøpa lys og ville ta dei med seg for å tenna dei seinare. Eg såg kva ho gjorde etterpå og oppdaga at ho kasta lysestumpane i ei bøtte. Kanskje det var ei oppgåve ho følte ho hadde for kyrkja og for Gud å rydda i lysa? Kanskje det til og med var ein reell oppgåve? Ikkje veit eg, men ho gjorde det med stort alvor som var det blitt betrudd henne eit stort ansvar. Eg såg ingen grunn til at dei ikkje kunne få brenna ned av seg sjølv, men kva veit eg?
image imageMin eventyrar og Askeladd av ein reisekamerat hadde høyrt om eit stort loppemarked i ein russisk bydel, og dit ville han gjerne. Me brukte ein del tid på å venta på rett buss, så reiste me dit. Det var rett nok eit stort område, men det får vel kanskje kallast eit bruksloppemarked. Det var bod på bod fulle av rustne skruer, gamle hekksakser, ståltråd, mutterar, gamle bilmotordeler og skiftenøklar. I ei og anna bod kunne ein og skaffa seg ein gammal fillete russisk eller latvisk militæruniformstrøye eller ein medalje frå militæret. Det kreative innslaget var figuren over som nokon hadde laga.

image

Og sjå for eit scoop mellom andre gamle plater og bøker… Me kjøpte ho ikkje, sjølv om både Halvard og Sunniva samlar på vinyl… Til gjengjeld fekk kjærasten min gjera ein god handel ved å kjøpa ein halv rull godt brukbar gaffateip for nesten ingen ting. Så var han fornøgd.

Me kikka oss om etter ein stad å kjøpa mat, men området var viss kjemisk reinska for kafear. Til slutt fekk me kjøpt banan, drikke og ein liten boks pringels på ein liten butikk med russisk butikkskilt. Rett over gata var det ei russisk ortodoks kyrkje. Eg såg fleire menn med arbeidsklede på og matpakke i handa gå inn dit. Eg tenkte at det var då utruleg fromt å bruka matpausen sin  på eit kyrkjebesøk. Me måtte inn og sjå. Den veldig søte dama som stod der og selde vokslys snakka mest ikkje engelsk, men ho fekk ein mann i arbeidsklede til å hjelpa seg å forklara på veldig stotrande einordsengelsk at bare ein liten del av kyrkja var open på grunn av restaurering. Eg skjøna at dei arbeidsklede mennene var dei som jobba med kyrkjerestaurering. Dei brukte eit lite rom i kyrkja som pauserom. Eg såg at fleire av dei korsa seg då dei gjekk inn og bøygde seg for eit av ikona, så eit lite innslag av det heilage opplevde dei kanskje i matpausen likevel…

Nå har me trava byen på kryss og tvers i to dagar, og føtene er trøytte og litt såre. Dette er den desidert varmaste sommerdagen me har opplevd i år. Dersom vêret er like fint i morgon, kan det vera at me brukar den siste heile feriedagen på å dra på badetur til Jurmala. Det er veldig mange fine parkar her der folk kosar seg i finveret. Eg sluttar med nokre parkbilete. Mennene på det eine biletet spelar sjakk. Det var tydelegvis ei fast plass der folk, spesielt godt vaksne menn tok med sjakkspelet sitt for å møta andre spelarar. Leif gjekk bort for å kikka, og fekk straks tilbod om eit parti sjakk. Eg meinte at det måtte han få med seg, men av ein eller annan grunn ville han heller til hotellet for å kvila.

image

imageimageHeidi