Gå til innhald

Vondskapen sine mange problem og Rigasommar

image

Dette må vera den vermessig mest perfekte dagen me har hatt i sommar. Himmelen er skyfri og sola varmar lufta opp til den mest behagelege sommartemperaturen som tenkjast kan på sånn bortimot 25 grader. Me bur i det som blir kalla «Art noveau- stroket». Og sånn nesten rett over gata kan ein beundra denne husfasaden. Det me har vore med på i føremiddag står i grell kontrast til alt dette.

image

Me har vore på eit totimars langt besøk på KGB- museet her i byen. Det me såg og høyrde rysta oss langt inn i sjela. Eg trur me begge var fysisk kvalme då me gjekk der i frå. Bygarden der KGB hadde hovudkvarter i Riga blir nå brukt som museum. Me får gå inn i fleire av roma, mottaksromet, avhøyrsromet, cellene, luftegarden, kjøkkenet, henrettingsromet og ein del av kontora. Eg visste jo at dette har vore gale, men det eg høyrde i dag var mykje verre enn eg hadde forestilt meg. Det er og annleis å sjå, høyra, oppleva og kjenna lukta i dei roma der det faktisk foregjekk.

Mistenkte vart henta, gjerne om natta og gjerne i ein bil det stod «Bakeri» eller «Meieri» utanpå for ikkje å vekkja oppsikt. Så vart dei avhøyrde, ydmyka, trua, slått, sparka og utsette for psykisk tortur til dei innrømma det dei ville dei skulle tilstå. Det vart gjerne trua med at foreldra, ektefellen eller barna kom til å lida skade dersom dei ikkje tilstod. Ein av torturmetodane var å nekta dei søvn i mange døgn etter kvarandre. Ein del av cellene var felles- celler med fire harde tresenger utan sengetøy og ei dobøtte i hjørnet. Her kunne det vera opptil 30 fangar samtidig. Dei haldt konstant ein temperatur på 40 grader i cellene, og dei var belyste dag og natt med lyspærer som gav ekstremt sterkt og ubehageleg lys. Me fekk kjenna belysninga, det var ubehageleg sjølv når me hadde lukka auge. Fangane var under konstant tilsyn, og dei fekk ikkje lov til å skriva, teikna eller synga. Ein gong i veka fekk dei vera tjue minutt ute i ein liten luftegard, men under luftinga måtte dei marsjerande rundt og rundt med bøygde hovud medan bevæpna soldatar stod på ei bru over luftegarden og fulgte med.

Kunstnarar var spesielt utsette for å falla i unåde hos KGB fordi film, teater, litteratur og liknande kunne føra folk på gale vegar reint tankemessig. Det å utøva religion vart og sett på som farleg. Utrivne sider frå aviser, bøker og biblar vart brukte som toalettpapir i KGB – fengselet, og det vart sett på som ein alvorleg forbrytelse å gøyma unna slikt papir for å lesa på det.

image

Det er skremmande korleis kommunismen, som jo på mange måtar var tenkt som eit system der folket skulle ha det godt å bli ivaretatt, kunne utvikla system av maktmisbruk og der folket vart haldne nede med angst og frykt. Det er og skremmande å tenkja på at dette har skjedd sånn omtrent i nåtida og i land som geografisk sett ligg så nære vårt eige.

Guiden, som sjølv var for ung til å ha opplevd dette, fortalde at KGB- hovedkvarteret i Riga var eit forhatt hus. Mødrene ville be barna sine om å ikkje sjå på den bygningen når dei gjekk forbi på gata.Likevel var mange av dei som jobba der etniske latviarar. Det å vera så høgt oppe i systemet gav dei mange fordelar. Eg kan ikkje la vera å grubla over korvidt dei som var i slike posisjonar sjølv trudde på det dei dreiv med. Var dei idealistisk overbeviste om at dei jobba for folkevelferd og framskritt, eller var dei hjelpelaust fanga i eit system dei ikkje kunne koma ut av igjen? Det einaste hotellet utlendingar på besøk i Riga fekk bu på, var eit fint hotell kalla «Hotel Riga». Etter frigjeringa i 1991 vart det funne avlytningsutstyr i veggane, og på nokre av roma var det einvegsspeglar slik at agenter kunne sitja på eit tilstøytande rom og observera mistenkelege gjester.

Dette seier meg noko om kva vondskap som kan utvikla seg i eit system skapt av tilsynelatande fornuftige og velmeinande menneske, og om kor farlige system kan bli når det ikkje er lov å tenkja sjølv eller stilla kritiske spørsmål. Det ligg utruleg mykje makt i det å halda menneske nede med eit system som byggjer på frykt og angst. mennesket er eit flokkdyr som kan utretta grusomme ting om me er mange nok til å overbevisa oss sjølve om at det me gjer er etisk forsvarleg. Eit verkeleg ubehageleg spørsmål er om me sjølve er med på å oppretthalda grunnleggjande uetiske maktstrukturar som går ut over uskuldige menneske…

Etter nokre timar i dei dystre og grå KGB- lokala, til dels utan dagslys, var det deilig å forsiktig kunna omstilla seg til sola og sommaren, og gå litt i nokre av dei fantastiske parkane her.

image

 

Det var og befriande å høyra nokre oppbyggelige historiar. Dette fine paret med hund fann me i ein park. Me spurde ei forbipasserande dame kven det skulle forestilla.

image

Ho kunne fortelja at mannen var ein høgt elska borgarmeistar i Riga på begynnelsen av 1900-talet. Han var opprinneleg engelsk og son av ein rik jernbanemann. Han testamenterte alt han åtte til byen Riga. Då det på begynnelsen av 2000- talet vart bestemt at denne statuen skulle lagast, tok bilethoggaren seg den fridommen å laga hunden etter modell av sin eigen kjære Chow- Chow , sjølv om borgarmeistaren i si tid nok hadde hatt ein heilt annan type hund. Då skulpturen skulle avdukast, vart dronning Elisabeth 2. henta til Riga for å utføra det ærefulle oppdraget.

Sidan me nå bur på hotell utan frokost hadde me nesten ikkje ete. Me fann ut at eit bord ein stad i sola på ein uterestaurant i parken ikkje høyrdest dumt ut.

image

Dette smakte fantastisk godt. Tomatsuppe med mozzarella laga på friske tomatar, ostekrokettar, grilla cherrytomatar og latvisk brød.

image

 

Sjå nærare på dette brødet, latvisk rugbrød med ibakte fiolblad, eller kan det kanskje vera kornblomar, og lysegrønt urtesmør. Brødet med smøret på hadde nesten vore eit gourmetmåltid nok i seg sjølv. Så kom me til gamlebyen, og då takka mobilbatteriet for seg. Nå er det nylada, og me må heilt klart dit igjen.

I det som heitte klostergata, Iela klostera, må vel bety det, var det ei gammal kyrkje, men den var stengt i dag. Rett over gata var det ein bygning og der var det ein plakat som på engelsk og latvisk fortalde at dette var eit bønekapell som var ope 24 timar i døgnet. Inne var det eit altar der det var store blomsterbukettar med mellom anna store liljer. Så var det trebenkjer med kneleputer der folk kunne setja seg ned eller knela for bøn og ettertanke. Eg liker tanken på at det er eit slikt rom i byen. Me var der ei lita stund og var stille. Først då me skulle gå oppdaga eg at det sat ein mann bakerst i romet. Eg hadde faktisk ikkje lagt merke til at han var der, og er usikker på om han haldt vakt eller var der for å be.

Nå har me hatt ein liten lade- skrive- og kvilepause alt etter kven sin synsvinkel me ser det i frå. Nå går feriedagane våre med stormskritt, så nå må me ut og oppleva meir…

Heidi

Sundag i Tallinn og på bussen

image

Dagen begynte med å frakta koffertane våre til bussterminalen. Den låg så pass langt unna at me spanderte på oss ein drosje. Så gjaldt det å få stabla koffertar, handbagasje og dei nyinnkjøpte paraplyane inn i ein oppbevaringsboks. Etterpå hadde me tre- fire timar på oss til bussen skulle gå, så me la ut på byvandring med retning gamlebyen. Me kom over ein lokal sundagsmarknad der dei mellom anna selde gigantiske melonar. Ei eldre russisk dame med skaut og sjal auste opp glas med sylteagurkar til kundane. Andre selde sjølvplukka bær og kantareller. Klede og sko var det og å få kjøpt, både gamle og nye. Det lukta av frukt og bær og sopp.

image

Vegen opp til gamlebyen gjekk over blomstertorget. Her var flotte fargar og fine blomar til ein brøkdel av det me betalar heime. Eg merka meg at ein del blomar var unaturleg blå og må ha vore kunstig farga. Intenst himmelblå roser kan då umogleg vera ekte. Dei har nok fått stå ei stund  i blåfarge vatn. Framor ei av bodene stod det skilt om at fotografering ikkje var lov. Eg lurde på korfor. Var dei redde for kopiering av bukettar? Eg kom fram til at det sikkert er irriterande med mange fotograferande turistar slike som meg, som ikkje har tenkt å kjøpa blomar og nesten går i vegen for kundane.

image

image

I gamlebyen var det konsert på torget i dag og. I dag var det to syngande menn på scenen med kvart sitt trekkspel. Eg trur eg kan karakterisera publikum som godt vaksne, men svært entusiastiske.

image

image

Til mi overrasking var det like mange torgboder i dag sjølv om det ver sundag. Fleire av dei hadde på seg folkedrakter. Ei dame i folkedrakt stod og strikka vottar i gamle mønster, ei anna dreiv med nålebinding. Det har eg alltid hatt lyst til å læra meg, så eg prøvde å få med meg korleis ho brukte nåla.På veg tilbake til bussterminalen kom me forbi denne plassen:

image

Det er ein kattekafe. Eg har høyrt om slike, men aldri sett dei før. Her kan ein slappa av med mat og kaffi mellom mange kattar som held til i lokalet. Det låg fleire kattar og koste seg i vindauget og inne var det endå fleire. Me kom rett frå kafé ein annan plass, men det stoppa ikkje reisekameraten min, han ville inn og sjå. Det viste seg at me måtte slusast inn gjennom ei dobbel dør slik at kattane ikkje skulle springa ut. Der inne var det katteleiker og katteputer i tillegg til vanlege kafebord. Ei dame leikte med to av kattane. Ho fekk dei til å springa rundt på golvet for å prøva å fanga lysstråla frå ei laserlykt. Det var nesten litt flautt å forklara at me bare hadde lyst til å sjå og at me ikkje skulle kjøpa noko. Me passa på å bli slusa ut saman med nokon som var ferdige med å drikka kaffien sin. Kattane såg ut til å leva det gode liv der inne blant katteelskande kafegjestar. Det dei såg ut til å mangla var retten til å gå ut og inn som dei ville, vår katt lever eit fritt liv langt borte frå storbyen og let seg ikkje kommandera. Kanskje dette kunne vera ein alternativ næringsvei for oss, katten og kattane i nabolaget pluss kanskje ein mops om me skulle gå trøytte av undervisning…

image

Til slutt var klokka så mange at me kunne setja oss på ekspressbussen til Riga for ein fire og ein halv times lang busstur. Eg var litt spent på konseptet, men det fungerte veldig bra. Bussen var høg med store vindauge og god oversikt. Det er ikkje mange motorvegar i Estland og Latvia, så turen gjekk gjennom vanlege bustadsområde og for det meste på tofilsvegar. Det vil seia at det var både storkereir og andre kjekke ting å studera frå bussen. Dei reklamerte med gratis varm drikke gjennom heile turen. Det trur eg ikkje blir dyrt for dei for nesten ingen orka å stå i midtgangen på svingete vegar å søla med teposar, kaffipulver og kokande vatn.

image

Nå har me fått «ny heim» i Riga. Me bur litt enklare denne gongen, på eit hotell utan frokost og med do og dusj på gangen. Det ligg fint til og er billig og har fått god omtale. Riga virkar å vera ein spennande by, sjølv om det var ei sorg å reisa frå Tallinn. Her gjeld det å vera omstillingsdyktige…

image

Elles så er leselektyren min mellom anna to bøker av Mor Theresa. Ho var interessante og utfordrande vinklingar på livet. Det skal eg skriva meir om ein annan gong. Elles så får de vera litt ekstra overberande med tanke på skrivefeil i desse  epistlane. Her er det mange hindringar; ein overaktiv stavekontroll, skiftande tilhøve for internett og til dels tungvinte metodar for å få til å lasta opp bilete. I tillegg skal det skrivast inn med ein fing på ein i-pad- mini. Dette å skriva reiseblogg er ein litt merkeleg og fiks ide mi side. Som de forstår, så koser eg meg nok over gjennomsnittet mykje med det å skriva…

Heidi

Laurdag i Tallinn reisedag 8/13

image

Eg har alltid syntest det var noko nesten eventyrslottaktig over store russiske kuplar med spir på toppen. I Tallinn er det ei veldig fin russisk ortodoks kyrkje, og eg hadde bestemt meg for at der ville eg inn ein dag.

image

Kyrkja var nydeleg inni og, men det stod spesifisert at det ikkje var lov å fotografera, så det måtte eg nesten respektera.Framme i kyrkja der alterpartiet er i katolske og reformerte kyrkjer er det eg trur deinkallar ikonostasen. Det er ikonvegger med gullutsmykning og forskjellige dører. I Sofia var me for nokre år sidan med på ei ortodoks messe. Det var vakkert, men ikkje så lett å forstå, og det hadde ikkje med språket å gjera. Det var ulike symbolhandlingar, for eksempel at presten gjekk ut og inn gjennom dei ulike dørene. Med stor respekt så vågar eg å seia at eg fekk litt assosiasjonar til dokketeater. Når det er sagt så må eg skunda meg å fortelja at eg er veldig glad i dokketeater, og gjerne driv med det sjølv, ikkje minst i kyrkja… Det dei kanskje er flinkare enn oss lutheranarar til er å framstilla mysteriet gjennom meir enn ord. Det er ikkje sikkert at ord er den beste måten å formidla eit mysterium på.

For meg var det sterkt å koma inn der. Ein kunne kjøpa vokslys til tenning på lysaltera, slike tynne lys som luktar av bivoks. Eg tende dei og hadde nokre heilage minutt for meg sjølv medan eg kjende på kor sterkt det var å vera inne i dette romet der bønene heile tida fyller tomrommet mellom veggane.

 

Eg hadde veldig lyst til å få med meg ein tur på ein sight- seeing- buss, så det bestemte me oss for å

gjera i dag.

image

Eg liker å bli frakta rundt i ein by medan nokon fortel meg historiane som høyrer byen til. Aller best er det sjølvsagt med ein levande og inspirert guide, men litt knirkete engelsk frå lydband via øyrepluggar som aldri vil halda seg på plass i øyrene, funkar det og. Dei sa at det var ekstremt farleg å reisa seg opp under turen fordi det store deler av ruta gjekk trikkeleidningar over bussen. Eg tok meg sjølv i å sitja og dukka i tillegg til å halda meg fast…

image

 

Etter turen var me innom ein stor og flott bokhandel. Dei hadde ein liten avdeling for bøker på engelsk, og ein litt større for bøker på russisk i tillegg til alle dei estiske. Eg likar det når dei har store lenestolar plasserte rundt omkring der folk kan ta med seg ei bok og sitja og lesa. Eg koste meg med å bla i bøker med gamle estiske strikkemønster og broderimønster. Eg hadde lyst til å kjøpa med meg begge deler, men tok til fornuft. Eg forstod jo ikkje eit ord av det som stod der, men sjølve mønsteret ville eg jo ha kunna bruka. Barnebøkene måtte eg og bruka tid til å kikka på. Der fann eg ein og annan gammal kjenning.

image

 

Me måtte på torget ein tur i dag og. Eg hadde eigentleg tenkt å kjøpa meg sokkar eller vottar med gamle estiske mønster, men dei som var handstrikka var ganske dyre, og vottar er slikt som eg alltid klarer å mista etter kort tid. Men dei er jo fine å fotografera og.

image

 

Eg fekk lyst til både å strikka vottar og laga kosedyr… Ein kan jo la seg inspirera…

image

Elles så var det skikkeleg liv på torget i dag. På scenen opptrådte det eit band som for meg høyrdest ut til å vera i skjæringspunktet mellom Vamp, DDE og Tre busserulls. Eg trur dei hadde både gitarar, trekkspel og fiolin i tillegg til ein energisk vokalist. Folk song med og koste seg, det gjorde me og sjølv om me ikkje forstod teksten. På bussen vart me fortald at song er veldi viktig for estlendarane og at faktisk det med song og musikk skal ha vore med på å byggja eit indre samhald som var med på driva fram frigjeringa frå Sovjetunionen i 1991. Estisk er eit språk med svært mange vokalar, og i fylgje teorien på lydbandet på bussen, så gjer det språket ekstremt songbart. Det trur eg på.

Det skjedde mykje anna og i sentrum av gamlebyen. Det var utallige utdrikningslag på gang, det var mange gatemusikantar, det var eit veldig antall sykkeldrosjar, ein del av dei med el- motor, og i tillegg møtte me på denne spretne karen og kameraten hans:

image

Me gjekk mange lange trapper opp til ei borg, og det gjekk batteriet ut på mobilen, så det fekk eg ikkje fotografert. Noko som er litt morsomt er at ein av dei aller mest populære restaurantane i byen er ein veganar- restaurant. Me prøvde å få bord der inngår kveld eller i kveld, men det me fekk tilbod om var i dag klokka fem. Eg trur eg kjem tilbake til akkurat det i eit seinare innlegg.

Etter ein liten pause på hotellet, måtte me jo ut og få med laurdagskvelden i Tallinn.

image

 

image

image

 

Eg er oppriktig betatt av denne byen. Eg trur nesten han seglar opp som ein favoritt saman med København, Amsterdam og Roma…

Heidi

 

For jorda vår mor – ny versjon

Eg har jobba meir med salmen eg skreiv før eg reiste. Eg har teke med gode råd eg fekk av dykk som les, og har forandra på nokre av versa og det siste refrenget. Eg har nå med eitt vers meir enn i den første versjonen. Burde eg ta vekk eit av versa? I så fall eit av dei to siste? Eg har nå mista symmetrien med to vers mellom kvart refreng, det er ikkje sikkert det gjer noko? Eg kunne nok skriva eit vers til, men trur kanskje teksten er i overkant lang allereie? Eg tek veldig gjerne i mot gode råd 🙂 Slik er teksten akkurat nå:

image

For jorda, vår mor

*

Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,

for ho som skal trøysta og bera

blomar og vatn og mat til vårt bord,

Guds skaparverk høgt vere æra.

*

Me føddest på jorda, og her skal me bu

skal arbeida, leva og smila,

skal gråta og vakla i vemod og tru,

skal elska og le og fortvila.

*

Kom hjelp oss vår skapar å skapa på ny

eit håp når alt håp vil forsvinna,

eit håp i kvart hjarte, eit håp for kvar by,

me ser me har vore forblinda.

*

Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,

for ho som skal trøysta og bera

blomar og vatn og mat til vårt bord,

Guds skaparverk høgt vere æra.

*

Så tilgi oss, Herre, me hugsa å ta,

men gløymde å dela og tenka.

Me sansa oss ikkje, alt ville me ha

av dette som glitra og blenka.

*

Nå strekker me hender mot syster og bror,

i tillit og tru på Guds nærleik,

for håpet er vake, og vona er stor,

kom fyll oss, du himmelske kjærleik.

*

For visst kan me vaka, og visst kan me be,

og visst kan me trøysta og handla,

og me har eit løfte; Det gode kan skje,

og framleis kan alt bli forvandla.

*

Så flettar me bøner for jorda, vår mor,

for ho som kan trøysta og bera,

blomar og vatn og mat til vårt bord,

Gud Skaparen høgt vere æra.

Heidi

image

Tallinn, Estland- reisedag 8/ 13

image Denne byen var det koseleg å vakna til i dag. Me fekk sett ein del i går kveld og forventningane til å oppleva bygatene i dagslys var store. Det var så mange menneske i frokostsalen at me brukte eit bord som stod nesten ute i resepsjonen. Ein bestefar byssa barnebarnet ved å kjøra barnevogna fram og tilbake på golvet medan han nynna høgt. Det varvakkert å vera vitne til. Ute regna det, men det la ingen stor dempar på byvandringa. Det var så mykje å sjå og sansa på alle måtar. image Dette biletet er teke rett utanfor hotellet vårt. image Rett nedanfor der me bur er det av alle ting eit marsipanmuseum. Det er og ein butikk der med eit rikt utval av figurar laga i marsipan som ein kan kjøpa med seg. Eg lurer forresten på kven som kjøper ei stor korg med marsipanroser for femti euro… På vår veg ned gata vår til torget passerte me og diverse galleriet, så det tok litt tid å koma seg dit. image image På dagtid var torget fullt av boder, og mykje av det dei selde var handarbeid, sydd strikka, tova eller skore ut i tre. image Og denne litt melankolske mannen sat på gata og spelte balalaika, akkurat her spelar han den songen frå Dr. Zhivago som på norsk heiter «En gang et sted…» image Me gjekk inn i den evangeliske kyrkja som var open, men då me kom inn viste det seg at det akkurat då var begravelse der inne. Presten sa akkurat nokre ord og så song dei » Så ta da mine hender» på estisk. Det virka faktisk som om det var andre turistar der inne og, men alt var veldig roleg og høgtideleg. Det kjendest likevel ikkje greitt å vera tilskoderar til ei privat sørgehøgtid, så me gjekk ut igjen. Me får heller gå tilbake seinare. image Noko som gjorde stort inntrykk i dag, var eit besøk på okkupasjonsmuseet. Ved inngangen og inne i museet var det skulpturar i form av koffertar laga i betong. Eit sterkt og talande bilete. Det slo meg der inne kor forskåna me har vore i vårt hjørne av verda. Eg visste at dei baltiske landa hadde ein ganske trist historie, men dette var mykje verre enn eg visste om. Dette er ein historie me har høyrt lite om på skulen. Under den siste okkupasjonen frå Sovjetunionen si side vart mange estlendarar rett og slett deporterte til Sibir og til andre stadar. Russarar vart flytta til Estland for å stabilisera folkemengdene her. Like før andre verdskrigen kom esterane i ei forferdeleg klemme mellom Hitler sitt Tyskland og Stalin sin Sovjetunion. Det slo meg kor lite eit menneske er sett i forhold til dei store systema me er ein del av, og kor mykje urett og maktmisbruk mange menneske blir utsette for. Først i 1991 vart Estland fritt igjen.  På TV- skjermar vart det vist veldig fine dokumentatar om Estland under ulike epoker det siste hundreåret. Det var eit flott museum. Eg skulle gjerne brukt ein heil dag der for å få med heile historien. image I kjellaren på museet var det ei samling med gigantiske skulpturar av russiske statsleiarar som stod plasserte rundt i byane. Dei vart rivne ned då Sovjetunionen løyste seg opp. Dette er Kalinin. Kva som skjedde med høgrehanda hans veit eg ikkje. Det var merkeleg å sjå på desse skulpturane. Utan at det var direkte tilsikta, så føltest det nesten som å vera i eit skrekk- kabinett… Heldigvis finst det koselegare skulpturar i dagens Tallinn… image Desse passar godt ein regnversdag sist i juli. image Og desse tener som gatestengsel i staden for ein bom. Er dei ikkje fine. image Heidi

På toget i Estland

Til nå har me fått mykje reise for pengane. Det viste seg å vera tre timar buss for tog på det Latviske toget. Stasjonene viste seg å ligga godt spreidd. Ein plass kjørde me på ein veldig smal grusveg gjennom ein skog for å koma til ein avsidesliggande stasjon der det viste seg at ingen skulle av eller på, og så var det å snu og kjøra tilbake den same grusvegen. Heldigvis så nådde me toget me skulle ta frå grensa til Estland. Det estiske språket har ein heilt annan lyd enn det latviske, og eg meiner å ha høyrt at dei er veldig forskjellige. Språket som blir snakka over høgtalaren minner veldig om finsk. Me stoppa nettopp i byen Puka, som vart uttalt med finsk p slik at det nesten vart «Booka».

Dette toget er veldig moderne i forhold til det forrige, det er lyst og luftig med stripete seter i oransje og svart. Det einaste problemet me har nå er at me er usikre på om me må skifta tog eller ikkje. Konduktørdama snakka absolutt ikkje engelsk. Eg tolkar informasjonen som at me skal byta tog i Tartu. Leif trur ikkje det. Det er ein time til me er der, så det skal me klara å finna ut…

image

Akkurat nå er det sol ute, men me har kjørt gjennom ganske mange regnbyger. Eg trur verutsiktene i Tallinn er at det skal vera nokså skiftande ver medan me er der. Det blir spennande å koma fram. Som vanleg så har eg ikkje funne ut noko som helst om byen før eg kjem dit. I fjor var me i Vilnius i Litauen, der var det veldig spesielt og heilt fantastisk fint. Nå vil det visa seg om Tallinn liknar eller er heilt annleis. Og i neste veke blir det Riga om alt går som me har planlagd. Nå legg eg i-paden ned litt, og så fortset eg på innlegget seinare.

Men først kan eg fortelja at akkurat nå kom det ein ung og søt billettkontrollør som snakka engelsk. Han forstod godt at informasjonen var litt forvirrande, men kunne forsikra oss om at det same toget går vidare til Tallinn. Me måtte absolutt ikkje gå av i Tartu, for der står det i bare eitt minutt. Greitt å vita.

Etter litt meir enn tre timar på det estiske toget ankom me Tallinn, det var ca fjorten grader ute, og det regna, så det var greitt at eg hadde regnkåpa i nettet.

Etter omtrent eit kvarters gange med trillekoffertane våre, så var me ved hotellet vårt i gamlebyen i Tallinn. Me bur i eit middelalderhus i ei av dei gamle gatene i indre delen av gamlebyen. Det er eit slikt murhus med bindingsverk og metertjukke vegger. Rommet vårt ligg delvis under gatenivå med eit lite vindauge høgt oppe på veggen. Det minner i grunnen ganske mykje om ei klostercelle, og det i seg sjølv er jo interessant.

image

Klokka nærma seg ni då me hadde funne romet og sett i frå oss tinga, og me gjekk mot torget i gamlebyen for å finna ein plass å eta. Me havna på ein kinarestaurant i kjellaren på eit anna middelalderhus og der var det ikkje vindauge i det heile tatt. Nokså fort kjende me at me måtte bli ferdige med maten og koma oss ut i lyset.

På torget i gamlebyen var det mykje liv sjølv om det regna og begynte å bli mørkt. Folk sat under markiser rundt varmelykter eller trekte inn i restaurantane. På trappa til ein skotsk pub stod det ein skotte med kilt og spelte sekkepipe så det ljoma mellom murhusa. Utenfor nokre restaurantar der dei selde tradisjonell estisk mat, var det folk i folkedrakter eller middelalderdrakter for å skapa stemning. Me havna på ein restaurant med konditoriavdeling og fann ut at det rett og slett var akkurat nå me skulle kjøpa oss kake. Det gjorde me, det var mektig og smakte godt, så nå får me seia oss ferdige med den delen av opplevelsesferien. Å sitja på eit fint gammalt konditori med kaffi og kake seint på kvelden medan regnet høljar ned ute var forresten ganske koseleg. Det har eg aldri gjort før. Det kan anbefalast.

Etterpå gjekk me ein liten runde i gamlebyen. Det hadde blitt mørkt, og det var nesten det første streifet av den årstida som begynner på h og som eg ikkje skal nemna namnet på på lenge endå. Framleis skriv me juli, og august er og ein sommarmånad…

Der ser veldig fint ut her. Nå gler eg meg til å sjå byen i dagslys i morgon.

Heidi

 

Reisebrev frå den latviske statsbanen – reisedag 7/13

image

 

Eit situasonsbilete av hr og fru Harboe trygt på plass på eit latvisk tog. Me er litt spente på dette prosjektet fordi alle her har rista på hovudet over at me vil ta tog til Tallinn og hevda at hurtigbuss er det einaste smarte. Så langt er alt vel. Internettet fungerer til og med. Det kan me ikkje påstå at det gjer på strekningen Stavanger- Oslo, så det er ikkje lite bare det. Me starta med lokaltog frå. Jurmala til Riga, og nå er me på eit tog som skal ta oss til den litauiske grensa. Der skal me skifta tog, og så er det viss endå eit togbyte før me er framme. Eg har allereie kost meg med første del av nista innkjøpt på stasjonen fordi me ikkje reknar med at det blir mat å få kjøpt før me i beste fall er i Tallinn i åttetida. Niste smakar alltid godt, men latviarane er tydelegvis veldig glade i majones. Eg tenkte at ei litt tjukk lefse med ost i midten sikkert var majonesfri, men der tok eg feil.

Toget hummar av stad og skal visstnok bruka fem timar til grensa, ein strekning me tilbakela på halve tida med bil. Me har kjørt gjennomforstadar til Riga, og nå kjører me gjennom ein skog. Det er veldig mykje skog her. Temperaturen ute er bare femten grader, så det er ein utmerka dag å bruka til reisedag.

I går ettermiddag regna det så pass heftig at me droppa badeprosjektet sjølv om dei hadde lova sol utover kvelden. Me valde oss ut ein usbekisk restaurant ein plass i den lange promenadegata i Jurmala der uterestaurantane ligg tett i tett. Så langt som me klarte å finna ut, så var det i grunnen den einaste handlegata der i byen. Me sat tett inntil veggen undre ein markise medan det høljeregna utanfor. Det var i grunnen ganske koseleg. Usbekisk mat viste seg å smaka kjempegodt, så viss du les dette, Kristine, den må du prøva når du kjem til Jurmala.

Etterkvart klarna det opp. Me gjekk tur i ein veldig fin park med høge grantre der det var spesielt tilrettelagt for barn med vegar for rulleskøytebruk, små banar for syklar og trehjulssyklar og mange leikeapparat. Nede ved stranda var det stor konsert med ei latvisk

 

sangstjerne og masse liv. Me sette oss på ein benk tilknytta ein uterestaurant, benken var våt etter alt regnet, og ein kelnar gjekk og henta puter til oss. Der sat me ca fem cm frå havkanten og såg på folk som gjekk tur og på nokre få som bada. Me angra nesten litt på at me ikkje hadde med badetøy for det såg kjekt ut å bada. Jurmala ligg bare ein drøy halvtime frå Riga med tog, så viss badeveret skulle koma for fullt, så kan me ta oss ein tur dit ein av dagane me skal vera Rigaturistar. Det var ikkje verst å sitja på stranda og kikka heller med litt god drikke. For mitt vedkomande vart det ferskpressa appelsinjus og varm kakao. Begge deler smakte usedvanleg godt.

image

 

På mummihushotellet foregjekk frokosten utomhus under eit overbygg. I dag morges var det litt småkjøleg så det er greitt at me ikkje er utstyrte som reine sydenturistar. Min litt rastlause reiseven syntest at Jurmala var ein slik by det var akkurat passe å vera to netter i.

Nå stansa nettopp toget i Segulda. Der er me jo litt kjende. I dag regnar det der. Rett framfor oss sit det ein latvisk familie med ein liten gut. Først trudde eg at det var mor son og bestefar, men ho har kyssa han fleire gonger på kinnet, så nå er eg litt usikker. Dei snakkar ivrig, og eg forstår naturleg nok ikkje eit kvekk. Det følest litt frekt å sitja her og skriva om dei, sjølv om eg veit at viss han snudde seg og snappe i- paden frå meg så ville han ikkje skjøna eit ord. Nå skal eg oppføra meg og skriva om noko anna…

Granskogen har blitt til bjørkeskog. Langs jernbanesporet veks det store mengder geitrams. Me stoppar på ein ny stasjon. Alt er beroligande, søvndyssande og herleg monotont. Ein mann med ryggsekk og krykker som liknar litt på min forlenget avdøde morfar går av toget. Eg innser at dette heilt bokstaveleg talt ikkje er mykje å skriva heim om, som det så fint heiter i uttrykket. Eg får koma tilbake seinare. Nå varslar dei forresten buss for tog, så eg får rydda saman.

Heidi

Onsdag i Jurmala, Latvia- dag 6/13

image

Nå er me i praksis halvvegs i ferien vår, for siste dagen kjem stort sett til å gå med til reising . Tida har gått veldig fort, samtidig som me har opplevd veldig mykje. Den neste delen av turen kjem til å bli litt annleis, for nå er leiebilen levert, og sjåføren er trygt tilbake i Jurmala. Resten av turen kjem me til å forflytta oss med tog og buss. Planen er at me skal vera ca halvparten av tida i Tallinn og halvparten  av tida i Riga. Me hadde planlagd å dra til Tallinn med tog, togreising er i mitt hovud utprega koseleg. Alle her seier at det einaste lure er å dra med hurtigbuss. Det går mykje fortare og med toget blir det to togbyte. Sta som eg kan vera, så har eg klart å pressa gjennom at me skal ta toget den eine vegen i alle fall. Nå får me håpa at det går greitt med togbyta, det er tildels litt knapt med tid. Me får ta det som eg kjem. Kanskje eg er ein håplaus tognostalgikar som lengtar tilbake til interaillperioden av livet mitt?

Biletet øverst på sida er frå ein antikvitetsbutikk. Der var det mange antikvitetskyndige kundar som kjøpte rare ting til ein veldig høg pris. Me nøydde oss med å fotografera og vart heldigvis ikkje kasta ut. Eg liker å kikka på rare ting eg ikkje har tenkt å kjøpa…

image

Denne lampen ville då heller ikkje ha vore heilt lett å få med seg heim…

image

Kanskje ei lita rockeheks kunne vore tingen? Eller ein hest i kimono?

Dagane i dag og i går hadde me sett av som moglege dagar til å slappa av på stranda. Stranda her har fått pris som ei av dei finast tilrettelagte i Europa, så vidt eg forstår. Me var nede og kikka i går og det ser veldig fint ut. Vêret har ikkje vore typisk strandver, innimellom så mørknar himmelen, og så kjem det ei kraftig regnbyge. Det er meld sol til kvelden, så då kan det tenkjast at me slår til med eit lite havbad?

Bileta under viser stemninga på eit lite konditori der folk skunda seg inn for å kjøpa kaffi og bakverk då det plutseleg høljeregna. Det vart ganske trongt og intimt der inne etterkvart.

image

image

Det nederste biletet er eit litt sånn «Finn Willy- bilete». Då eg oppdaga ein spegel inne i eit skap, måtte eg ta eit bilete der eg sjølv var ein av statistane.

Og eg som i beste fall kan strekkja meg til å seia at eg er middels interessert i arkitektur, klarer nesten ikkje å slutta med å fotografera hus her i dei baltiske landa. Det ser ut som om Pippi Langstrømpe eller mummifamilien bur i sånn omtrent annankvart hus.

image

image

Og eg traskar opp og ned i gatene og bare ser. Sånn innimellom stoppar eg for å planta beina for å halda gnagsåra frå livet, eller eg set meg på ein benk og smugkikkar på resten av verda. I dag var eg vitne til at ein treåring slo seg fullstendig vrang. Han hylte og sparka og la seg flat midt i gågata. Den unge mora som sikkert var ei snill og flink mamma sånn stort sett, mista til slutt tålmodet og løfta ungen opp etter armen og gav han to harde klaps i baken. Ungen hylte endå meir, og den fortvilte mora løfta han til slutt opp og bar han med seg vekk medan han hylte og sparka. Ikkje eit menneske i den ganske så folketunge gågata lea på eit augelok, og sjølv såg eg heller ikkje nokon grunn til å prøvaå diskutera barneoppdragelse med ei sterkt stressa latvisk dame som sannsynlegvis snakka nokså dårleg engelsk. Eg har sjølv hatt eit barn som i ein tidleg periode i barndomen hadde raserianfall med jamne mellomrom, og eg hugsar at det kunne vera ei kraftanstrenging å stå i det som vaksen.

Dette opptrinnet minna meg på at i store deler av verda, kanskje overalt unntatt i Skandinavia, så synest folk det er heilt ok barneoppdragelse å slå ungar som ikkje klarer å oppføra seg. Slik var det jo forsåvidt i Norge og då eg sjølv vaks opp. Me har ei utfordring når det gjeld å forklara foreldre fråandre land at det faktisk er ulovleg å slå ungar når dei bur i Norge. Eg har opplevd å få reaksjonar av typen: I Norge oppdreg ein ikkje barn, dei får lov til kva som helst. Me har rett og slett ein jobb å gjera med å formidla at grensesetting utan vald faktisk let seg gjera.

image

Det fine med å vera på reise er ikkje bare alt ein opplever og ser, men og det å bli sett til sides i forhold til sitt eige vanlege liv i ein periode. Ein har lite å ta ansvar for, og få og ta hensyn til. Når me som me nå gjer bare reiser oss to vaksne i lag så har me usedvanleg god tid til å snakka saman og tenkja i saman. I beste fall fungerer ei reise som ein slags retreat der ein ser sitt eige kvardagsliv litt frå sidelinja og i eit litt anna lys enn til vanleg. Det trur eg er ganske sunt. Me veit jo me skal tilbake til det vanlege livet, for det er jo der me bur, men det å sjå tilveret frå andre vinklar eit par veker i året er ikkje feil. Kanskje me i beste fall kjem litt klokare tilbake?

Heidi

Aleine heime – Jurmala, Latvia

image

Me er tøffe på kvar våre måtar. – Og høgst sannsynleg så er me alle nokså lite tøffe på kvar våre måtar. Det er bare ikkje kvar dag me snakkar høgt om det. Min reiseoperatør, ektemann og bestevenn er tøff på måtar eg ikkje ville drøyma om å vera det. Han er opprømt og glad når han får pakka ryggsekken sin med ein tannkost og eit minimum av klede, samt nokre tunge fotolinser for å dra til Bolivia eller Brasil og vandra omkring der i Langtvekkistan mutters aleine i tre- fire veker. Få ting ville vera meg fjernare for å seia det sånn. Eg er glad i å reisa, men det må vera nokon der å dela opplevingar med, nokon ein kan gå seg villt i lag med når eg ikkje finn vegen, nokon som registrerer det dersom eg blir knivstukken på gata eller får hjarteinfarkt på hotellromet…

Eg trur eg er eit ganske tillitsfullt og avslappa menneske, men samtidig har eg nok fantasi til at katastrofetankegangen alltid er ein halvmeter frå meg. Eg har diskutert med Leif, og min teori er at det er fleire som liknar meg enn som liknar han på dette feltet… Eg reiser svært gjerne aleine for å besøkja kjære venninner i Bærum, på Røyse eller i Hønefoss, men til og med ein helgetur til Trondheim for å bu aleine på hotell fristar meg lite…

Nå i føremiddag øver eg meg litt. Leif har dradd til flyplassen for å levera leiebilen. Samtidig skal han ordna nokre tog og bussbillettar i Riga, så eg har føremiddagen for meg sjølv i Jurmala. Eg har bedd han leggja flybillettane att på hotellromet, men eg lurer på om han har gløymt å ta passet mitt ut av veska med viktige dokument. Eg har bedt han kjøra forsiktig og passa godt på seg sjølv, samtidig som eg har katastrofeplanane klar i hovudet om korleis det er klokast å gå fram for å ordna det praktiske dersom han kjem i ei trafikkulykke og for eksempel hamnar på eit eller anna sjukehus. Akkurat som om det er slikt ein kan tenkja ut på førehand… Eg ler litt av meg sjølv, og er i grunnen ikkje så frykteleg engsteleg. Nå skal eg ta meg ein tur ut og kikka på livet heilt aleine… Og tenk kor lita verda er. Det er merkeleg at de som les dette bare er eit tastetrykk unna. Du all verda så mange gode råd eg ville kunna få dersom eg plutseleg skulle trenga det… Ha ein fin dag alle saman, i trygge eller utrygge omstendigheiter. Gud breie sin fred omkring oss.

image

Heidi

Jurmala, Latvia – reisedag fem

image

I dag føremiddag reiste me tilbake til Latvia, nærare bestemt til byen Jurmala, som mange har anbefalt oss å besøkja. Det var ei positiv oppleving å sjå hotellet me har bestilt rom på i to netter. Det ser ut som om det er henta direkte frå Mummidalen og er eit av desse gamle husa som har blitt sett i stand og renovert. Huset er bygd for hundre år sidan, og er visstnok verna av det som måtte tilsvara riksantikvaren. Det ligg i kort gåavstand til både stranda og sentrum.

Dette er ein veldig annleis by enn dei fleste andre stadane me har vore. Prisnivået er høgare, me ser nesten ingen «nedfallshus», butikkane er fine og moderne, og byen er full av det som ser ut til å vera ganske pengesterke turistar. I tillegg er det veldig fint her med eit lite strøk av » syden» . Me hadde ikkje vore her lenge før me høyrde nokon snakka norsk. Me forstår at me er i meir urbane strok når «alle» plutseleg kan snakka engelsk, og ikkje minst når ei side av menyen er merka med norsk flagg og er på norsk…

image

Eg lurte på om dei som har oversett menyen kan meir norsk enn meg, for eg har aldri før høyrt tale om retten «sildepels» . Til orientering så heiter det sildesalat på språk det er naturleg å samanlikna seg med… Og roe heiter rødbet på dansk. Eg burde kanskje bestilt sildepels for å visa at eg sette pris på omsetjingsarbeidet, men det gjorde eg ikkje.

image

Denne mannen slo til med noko så avansert som andebryst etter å ha levd ei stund på trerettars latvisk middag til tre euro og usteikt hamburgar sausa inn i thousand islandsaus som måtte smugkastast då vertinna kikka vekk…

Det var han vel unt, men litt for avansert for meg. Me koste oss med maten, visa rundt i byen, drakk kaffi og åt kake på ein liten koseleg kafé og smugkikke  på ein mops som me og måtte smugfotografera litt. Etter å ha blitt kjend med Ingrid sin Oscar så tek me oss begge i å fylgja etter mposar på gata når me ser dei med ein litt opprømte følelse i brystet, me er viss ikkje heilt gode. Me ende på stranda der me vassa litt og bestemte oss for å kanskje bada seinare.

Me såg og ein plakat for ein konsert med eit tango- orkestar og fann ut at det fekk bli vår kulturopplevelse i dag. Då me kom dit viste det seg at me var tidleg ute. Konserten er først 28. august. Då fekk det bli meir byvandring i staden.

image

Me møtte ein gjeng kattar som og hang ute i byen i kveld. Plutseleg vart det nesten mørkt som om natta, og me forstod at eit skikkeleg regnver var på veg. Plutseleg opna himmelslusene seg og me søkte tilflukt under ei markise utanfor eit konditori der me drakk te og cola- light og kikka på folk. Ei gammal dame i gul regncape selde oss blåbær utan at me forstod eit ord av det ho sa. Etter ein times tid roa regnet seg såpass at me kunne springa tilbake til hotellet og nesten koma fram tørre.

Heidi