Gå til innhald

Her mellom speglar og gåter

18803501105_b98cfe3096_o

For fleire år sidan skreiv eg ein tekst som eg delte med Hilde Svela. Eg hadde nesten gløymt teksten heilt av,  og for meg vart det eit veldig sterkt møte med mine eigne ord då eg fekk orda tilbake for nokre veker sidan som eit spor på Hilde Svela si nye plate «Ver hos meg», som kjem på marknaden i august. Hilde har laga ein nydeleg melodi til teksten, og syng han på ein måte som får det til å gå ilingar nedover ryggen min. Dette fekk meg til å tenkja på eit underfundig lite bibelvers frå Forkynnaren si bok: «Kast brødet ditt ¬på vatnet; for med tida¬  finn du det att. Eg trur det er henta frå forkynnaren 11. 1. Eg har lyst til å dela denne songen med dykk, eg håpar og at de etterkvart får høyra Hilde synga han, anten på plata som kjem eller på annan måte. Eg vil og gjerne at teksten skal lesast i lys av den teksten eg la ut på bloggen for eit kvarters tid sidan…

Ver hos meg himmelske kjærleik,
ver i min dag og mi tid.
Ver i min gråt og min latter,
fyll meg og gjer meg fri.

Lev i meg himmelske kjærleik,
fyll meg med alt som er ditt.
Fyll mine auge med varme,
fyll heile livet mitt.

Omslutt meg, himmelske kjærleik,
sjølv om eg ofte trør feil.
La meg få spegla ditt rike,
vern meg og gjer meg heil.

Her mellom speglar og gåter,
her på ei dansande jord.
Kom til oss, himmelske kjærleik,
vis oss at Gud er stor.

Omgitt av skapande kjærleik,
der får eg leva og bu.
Midt mellom speglar og gåter
vaklar eg trygt i tru.

Heidi

Songen om håpet

image

«Visst kan eg forandra verda», heiter det i «Changemakers»,  Kirkens nødhjelp sin ungdomsavdeling. Det slagordet har eg alltid hatt stor sans for. Ofte nok har eg heilt frå eg var barn høyrt utsagn av typen: «Du må ikkje tru at du kan forandra verda», og «Du kan ikkje forandra verda aleine». Det har eg i alltid hatt litt vanskeleg for å tru på…

Etterkvart har eg vel levd lenge nok til at standpunkta mine er blitt litt rundare i kantane og til å ikkje vera fullt så skråsikker som før. Nå etter Korsveifestivalen opplever eg at idalismen og pågangsmotet mitt har fått eit skikkeleg spark i baken, så nå må eg skunda meg å skriva om det medan eg framleis kjenner impulsane både på og under huda.

Å leva har alltid vore eit usikkert prosjekt. På mange måtar har me aldri hatt det så trygt som nå. Likevel er det store spøkelse i horisonten som ikkje fantest på same måten til dømes då eg var barn. Visst gjekk me etterkvart rundt med ein vond klump i magen fordi me var gjorde ubarmhjertig merksame på «Den kalde krigen», og nok hadde, i alle fall eg og nokre av venninnene mine, ei litt forenkla tru på at ein russisk statsleiar eller amerikansk president som ein kveld var litt ute av lage, kunne strekkja ut ein lang og farleg arm, trykkja tungt på ein viss knapp, og så ville alt vera over…  Akkurat det spøkelset har vel roa seg ned litt, sjølv om det dei siste åra har blitt rasla med sablar, men det at mennesket, og ikkje minst me i den vestlege verda kunne øydeleggja grunnlaget for vidare liv på jorda gjennom å ta uvettig for oss av ressursane me kunne få tak i, var vel ikkje innom fantasien vår.

Det er mykje å gråta over. Dei fleste av oss har innsett at jorda er ein djupt urettferdig plass å bu, og at me nokså ufortent havna på den grønaste greina då me vart fødde. Det som i verste fall ventar oss, eller kanskje snarare oldebarna våre av klimakatastrofar dersom me ikkje klarer å snu skuta i tide, er det ikkje kjekt å tenkja på. Det lettaste er å lukka auga og lata som ingenting. Me har det så travelt med å leva liva våre, og føler at me kan så lite gjera. Dessutan er det travelt å bu i eit samfunn der me er sosialiserte til å tru på løgner som at lukka for eit menneske ligg i å ha ein veltrent kropp, eit ulasteleg ytre, ein fin bil, eit fint stort hus og mange likes på facebook og instagram. Me har lett for å tru på at vår eiga lukke ligg i å dyrka vårt eige ego og å selgja oss fram i verda som vårt eige vellukka prosjekt. Me fortener den dyraste hårsjampoen, og bare me jobbar nok for eigen framgang og leitar lenge nok i oss sjølve etter fred og styrke, og kanskje til og med får råd til den dyraste merkeveska, så går kanskje det meste bra til slutt…

Og kven er eg som latar som om eg ikkje er ein del av dette? Som kanskje trur at eg har ein høg hest å setja meg på for å sjå ned på dei som ikkje forstår? Eg skjønar begge spørsmåla og har lyst til å seia at viss du les dette inn i teksten så har du missforstått meg. Eg både veit og kjenner på kroppen kva eg er ein del av. Dessutan kan glatt innrømma at eg er redd hestar fordi dei er så store. I alle fall er eg redd for å sitja på dei. Eg veit og at verda er sett saman av kompliserte økonomiske samanhangar, som gjer at den dagen folk sluttar å kjøpa bilar og vesker, så vil folk bli arbeidsledige for å forenkla det veldig mykje. Eg veit alt dette, men ver så snill og les vidare likevel.

Det som verkeleg har rørt ved noko i meg desse dagane på Korsveifestival er tankane om Håpet og om Trua. Me som trur på Gud, som høyrer til kyrkja på ein eller annan måte, som veit at målet med livet ikkje er ei tjukk bankbok eller eit kvisefritt ansikt, men som verkeleg trur på at kjærleiken er sterkare enn døden, som trur på at livet er meir enn den sterkaste og den mest kyniske sin rett, som veit at det minste kan vera det største, me har ein ressurs som er uendeleg mykje verd. Me som trur at liva våre er i Gud sine hender og at Gud har uendeleg omsorg for jorda, har ikkje me fantastiske ressursar å gå ut i verda med?

I eit av foredraga på Korsvei vart det trekt ein parallell til Berlinmuren sitt fall. Mange hadde trudd at muren stod der «for alltid» fordi omstenda var så kompliserte. I dåverande Aust- Tyskland gjekk det ei folkerørsle forut for at muren fall. Kyrkja var ein av dei sentrale aktørane i dette. Folk samla seg i gatene for å protestera. Det vart gjennomførd punktdemonstrasjonar. Til slutt fall muren med eit brak, raskare enn nokon hadde rekna med det. Me kjenner alle til Nelson Mandela, biskop Tutu og Martin Luther King, menneske som våga å stå opp mot urett som hadde sett seg fast som «normale etablerte samfunnsordningar.» Eg kunne ha trekt fram fleire eksempel, men poenget mitt er at viss ikkje kyrkja, og dei truande verkeleg går inn i første linja for å gjera noko med alt det som er blodig urettferdig, kven skulle då vera meir kalla til å gjera det? Klimakampen er sjølvsagt ikkje ein kamp kyrkja skal kjempa aleine, her trengst alle gode krefter saman, men at me som trur i stor grad lukker auga for ting me ikkje har lyst til å sjå, er det eg har lyst til å pirka borti med denne teksten. Me meir burde vera klare for å stå opp for at livet er noko meir enn dyrkinga av eigne nasetippar og eigen egoisme.

Kva kan me gjera då? Eg tenkjer at me kan engasjera oss så godt me kan både på dei store arenaane og i dei store små kvardagane våre. Då tenkjer eg på alt frå å skriva under på opprop om urettferdigheit og engasjera oss i verda sin skeive gang til å vera meir bevisste på eige forbruk og kva verdiar me ynskjer å stå for og formidla vidare. Eg tenkjer på det å sjå andre menneske og ikkje minst andre sine barn på ein god og omsorgsfull måte. Eg tenkjer på å vera lyttande og på det å visa respekt for andre menneske uansett kva dei måtte tenkja og tru. Me veit ikkje korleis det er å gå i andre sine sko og korleis det er å bu i deira liv og skuldar andre respekt. Det betyr ikkje at me treng å vera einge med dei i alle standpunkt. Uansett korleis det måtte gå med framtida, så har me eit kall til å vera der og ta vare på kvarandre og ta vare på det gode. Dessutan tenkjer eg at me har eit kall til å kjempa med kjærlege nebb og klør for å ta vare på det gode og vera med og gjera verda til ein betre og meir rettferdig plass for alle menneske. For meg er det å vera kyrkje synonymt med å visa engasjement og nestekjærleik på alle plan der me kan koma til. Det å ha ei tru på det gode burde faktisk gje oss ein eigen form for framtidsoptimisme, noko som kan koma vel med i tider som dette.

Mi oppfordring til meg sjølv og andre er å vera vakne og opne kring desse tankane. Dette er tema me kanskje snakkar for lite saman om. Kva kan me gjera saman for å få dette til?

Eg er glad for at denne håpstangoen frå ein del av verda der dei veit meir enn oss om harde tider har fått plass i salmeboka:

Håpstango
Fra Argentina

Fordi han kom og var som morgenrøden og brøt Guds taushet og vår angst for døden,
fordi han gjennom handlinger og taler, har lukket porten opp til himlens saler,
fordi han var Guds sønn og en av våre og gikk omkring i gater og i gårder,
fordi han lot de siste bli de første og lot de blinde se og småfolk trøste,

Omkved:
Så kan vi holde ut i vonde tider, så vet vi Gud er nær selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige, så kan vi se at kommet er Guds rike.
Så kan vi holde ut i vonde tider, så vet vi Gud er nær selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige, Gud er hos oss.

Fordi han jaget kremmerne fra templet og innbød dem de fromme hadde stemplet,
fordi han lo når barna sang og danset og spredte liv som prester ikke sanset,
fordi han tømte kalken uten klage og måtte gallen fra vår ondskap smake,
fordi han bar sitt kors og våre synder slik at hans død vårt nye liv forkynner,

Omkved

Fordi en morgen så ham sprenge graven og dødens brodd ble brutt den dag i haven,
fordi Guds budskap om ham ikke stanser, men bryter ut i sanger, ord og danser,
fordi hans Ånd får hjerter til å smelte, og med et pust får murer til å velte,
fordi hans Ånd får gamle til å drømme, gir unge syner om at liv kan strømme

image

Heidi

Det er fint å vera heime og

image

Etter ei veldig fin veke på Korsveifestival, landa me i heimen i går kveld. Det er fint å vera heime og. Etter fem netter i sovepose i telt så kjennest det som stor luksus å sova i seng. Vel heime fekk me ein koseleg kveld med Sunniva og Odd Christian med pizza, vaflar og Bezzerwizzer. I dag hadde Sunniva fri frå sommarjobben, så me fann ut at me ville gjera noko kjekt i lag. Me ende på Hå gamle prestegård, den finaste plassen i verda. Når eg har vore ute, til og med på ganske korte turar, er det akkurat som om eg oppdagar for fullt kor utruleg fint det er her heime.

 

image

Naturen er så vakker på denne tida at det nesten gjer litt vemodsvondt bare å sjå på. Det er rart at det allereie er høgsommar utan at me eigentleg heilt har hatt sommar. Me får vel kanskje godta at når det gjeld den norske sommaren, i alle fall den vestnorske, så kjem han like gjerne med gummistøvlar og ullgensar som i bikini og shorts…

 

image

Me såg på ei fin utstilling om Eilif Pettersen og kunstnarkolonien på Jæren. Maleria gir eit ganske godt bilete av korleis livet her kunne vera på denne tida. Halvparten av formødrene mine var frå Jæren, og det er ikkje utenkjeleg at ein del av dei hadde svarte kjolar og kvite skaut og var ganske flinke til å klippa sauer…

 

image

Sannsynlegvis sat ingen av dei på strendene og malte oljemaleri, men heilt sikker kan ein vel ikkje vera.image

Vindauga på Hå gamle prestegard er ei utstilling i seg sjølv, med eller utan Sunniva i vindaugskarmen.

 

image

Me måtte og innom kunstbutikken i andre etasje, der er det mykje fint å sjå på. Både eg og Sunniva ynskjer oss eit bilete av denne kunstnaren; Orion Righard. Eg måtte googla han og fekk opp veldig mykje fint.

image

Og i løa var det og ei utstilling.

 

image

Etter nokre herlege timar på Hå, reiste me til Sandnes for å kjøpa lunsj. Der fekk me og sjansen til å feira ei sjeldant flott dame på alle måtar som fyller år i dag.

image

Sunniva fekk dei bak disken til å fylla eit lite fat med små søte ting som fine damer kan tenkja seg å lika. Gratulerer med dagen, Anne Mette ❤

Og så bar det heim til middag, me inviterte med oss Odd Christian og, så nå har me hatt ein heilaften med dotter, son og hund og katt. Jammen så vart det ikkje Bezzerwizzer i kveld og. Eg vart barnsleg stolt glad over å vinna heile greia for faren til ungane mine er så godt som uslåeleg i det spelet der. Eg trur ungane faktisk tenderte til å synast at eg var ein litt dårleg vinnar.

Takk for ein fin dag, i alle fall.

 

image

Heidi

Korsveibrev frå fredagen

image

Her sit eg med min store trong til å leika journalist i eige liv. Eg har funne eit hol i dagen og plassert meg i vrimlehallen der det er ulike stands, kaffikjosk og iskjosk i tillegg til gjenbruksbutikk, bokhandel, gratis aviser og rettferdig handel av ulike slag. Det er som å sitja midt i verda og kikka på folk som går rundt og kikkar og kanskje finn noko dei ikkje veit dei leitar etter og folk som sit og snakkar med venner dei sjeldan ser og er glade for å få vera i lag med.

image

Sjølv var eg i ferd med å kjøpa ei bok eg har tenkt på å kjøpa, og ende opp med denne i staden… Eg er svak for Jon Fosse.

image

Og meir fekk eg ikkje skrive før det landa ei koseleg, til då ukjend dame ved sida av meg. Det ende med at ho fekk prøva seg som konsulent på manuset eg hadde ved sida av meg. Eg hadde med meg diktsamlinga eg held på med, og treng meir enn noko konsulenthjelp, så det kunne ikkje passa betre.

Eg har fått utruleg mange impulsar og tankar dei siste to dagane som nå skal få mognast litt i hovudet mitt, det som er sikkert er at dei skal brukast til noko etterkvart. I kveld var det ei flott kveldsmesse i sirkusteltet.

image

 

Me vart inviterte til å koma fram og tenna lys.

image

 

Nå har eg nettopp fullført ei dugnadsøkt som pølse- og vaffelselgjar i nattkafeen. Det var veldig hektisk, men triveleg. Det fristar alltid meir å gjera andre ting enn å leggja seg i soveposen i eit telt, men nå skal dama ta fornuften fatt…

Heidi

Ei lita helsing frå nattkafeen

image

Etter ein fantastisk fin festivaltorsdag, har eg og det allereie velbrukte festivalheftet mitt havna på nettkafeen med kokande varm kakao i ein kopp. Dagen har vore varm og fin, i alle fall sett frå vestlandsk perspektiv, men så vart det plutseleg iskaldt ute. Eg registrerte det ikkje heilt før me gjekk på konsert i ein open ridehall, men då andre kom med dynejakkar, skjerf og ullteppe, så forstod eg at eg hadde bomma på antrekket. Nå må eg bare prøva å få varmen sånn nokonlunde tilbake i kroppen før eg går for å leggja meg i eit kaldt telt. Det er koseleg her, det luktar kaffi og nysteikte vaflar og frå borda summar det høglydte, eller lågmælte, fortrulege samtalar blanda med høg lått. Eg skal ikkje falla for freistinga å kalla meg klimaflyktning, men eg er framleis relativt iskald, sjølv om det er godt og varmt her.

image

Konserten var det ikkje snakk om å gå i frå, sjølv om eg fraus, for det var ei stor oppleving å vera der. Me høyrde på Solfrid Molland, biletet over er stole frå festivalheftet, som syng sigøynarmusikk og spelar på eit lite raudt trekkspel. Ho hadde med seg tre veldig dyktige musikarar, to av dei var etniske rom- musikarar frå Romania.

Dagane er så innhaldsrike her. Eg får mange viktige impulsar som eg kjem til å skriva vidare om seinare. Nå skal dei stenga her, så eg sluttar med to bilete frå Den stille hagen. Det første er rommet for den blå gledespetla i Kristuskransen. Det andre er livslabyrinten.

image

image

Heidi

Laudate omnes gentes, laudate dominum …

image

Det er på tide med ei lita Korsveihelsing att. Ved midnatt luktar det leirbål på festivalområdet. På fleire av tuna sit folk rundt små bål stabla i grilltønner og snakkar saman. Andre sit godt og varmt på nattkafen og et vaflar med rømme og syltetøy og drikk kaffi, eller dansar i ein av dei store hallane. Nå, ein time etter midnatt, høyrest det framleis ei lett summing av menneskeskestemmar og nokon opnar glidelåsen inn til teltet sitt. Det er nokre ganske kraftige vindkast innimellom, som gjer at eg håpar teltpluggane er festa godt i jorda, sjølv om eg veit at lause teltpluggar er eit bibelsk bilete på fleksibilitet…

Her ligg eg inne i lavvoen, godt påkledd med ullgensar i soveposen og eit varmt ullpledd utenpå. Bare ein held varmen har det absolutt sin sjarm å bu i telt…

Biletet over er frå Taizebøna som finn stad kvar kveld i det store teltet. Tekstlesingane, bønene og songane frå Taize- kommuniteten i Frankrike, der bibelske bøner blir sungne om og om att, med veldig flinke musikarar og forsongarar skapar ein veldig spesiell stemning.

image

Kvar morgon er dei litt over totusen festivaldeltakarane, inkludert barn og tenåringer samla i det store sirkusteltet til veldig fine fellesopplevingar. Etterpå er det dugurd i tuna, ulike kurs og seminar, fellesmiddagslaging i tuna med lokale råvarer.  Så er det temamøter, konsertar, utstillingar, gjenbruksbutikk og mykje anna.

Eg har hatt ein flott dag i lag med gode venner og mange gode samtalar i tillegg til mange impulsar til ettertanke. Eg opplever framleis at det å vera på Korsveifestival berører meg på mange plan,

I ein song me song i ungdomen ein gong, heiter det: » Låt oss alla veksa starkare mot himmel och mot jord.» På ein måte er det det det handlar om. Det å vera her utfordrar alltid min ikkje alltid like synlege idealisme. Eg får frykteleg lyst til å vera med og forandra verda. I det minste bittelitt… For å seia det rett ut, litt naivt og ganske barnsleg. Eg trur nemleg på Changemakers sitt motto. » Det er klart jeg kan forandre verden.»

image

Heidi

Korsvei 2015

image

I fylgje yr regnar det ikkje i Seljord, men i praksis gjer det det likevel. Me har med oss regntøy og varme klede, og skal klara oss. Det var godt og varmt då me slo opp lavvoen, og har havna på tun med mange koselege menneske. Denne gongen sorterer me under gruppa vaksne utan barn, og dei fleste her er sånn litt pluss og minus på vår alder.

Korsvei i Seljord har vore eit av hjartepunkta i livet mitt. Her har me vore med fire glade ungar og gode venner, og her har eg på ein unik måte fått erfara at det er mogleg å la tru og engasjement bli ein heilskap rundt Gudstru, samfunnsengasjement, kreativitet og sosiale fellesskap. For meg har det vore fantastisk at alt dette kan kombinerast og bli til ein glad og positiv motstraum til mykje som eg skulle ynskja  var annleis, først og fremst i samfunnet, men og i kyrkja.

Her har me møtt mange av dei same menneska med to års mellomrom gjennom dei siste tjue åra. Eg ser på dei med gjensynsglede og kanskje eit visst vemod over at tida går. Nå er me her igjen, kanskje med litt forsiktigare forventnigar enn tidlegare for me har vore så opptekne av å tenkja på bryllaup at det mest ikkje har blitt tid til anna, men me vil gjerne vera her, henta impulsar, byggja fellesskap og bidra det me kan til at dette skal bli fint. Me har og eit fromt lite ynskje om at det ikkje skal regna så veldig mykje og om at me skal få kjenna litt varme på kroppen, og ikkje trenga ullgensarar kvar dag… Nå skal me på Taize- kveldsbøn og på nattkafe. Eg skriv meir etterkvart.

Heidi

Dei mørke tekstane

Det er meg uendeleg fjernt å vera dommedagsprofet. Likevel hender det rett som det er at eg stoppar opp og spør meg sjølv om me veit kva me driv på med. Det ligg vel i vår natur å konsentrera oss med det som er nærast oss, og det som det gir oss minst bekymring å tenkja på.

Kven er me midt i alt som er gale i verda? Korleis kan me gjera vårt til å hjelpa jorda til å overleva måten me har behandla ho på? Korleis kan me ta ansvar, og korleis kan me gjera det litt lettare for andre menneske å vera menneske på ei jord der så mykje er skeivt fordelt og me har lett for å tru at me har rett på det aller beste?

Eg har ingen enkle svar, men eg oppdagar at tekstar som liknar dei eg har under begynner å dukka opp når eg skal skriva dikt. Det som gir meg eit ekstra håp er at eg har klokkartru på at kjærleiken er sterkare enn døden og at det finnest ein Gud og ei kraft som vil at me faktisk skal koma oss ut på banen.

Eg er usikker på tekstane under, om dei kommuniserer noko av det eg kjende då eg skreiv dei. Eg tek gjerne i mot respons, for dette liknar ikkje heilt på det eg har skrive før og mykje av det eg framleis skriv…

15343295714_7d72d33211_o(1)

 

***

Alle dei svarte fuglane skriv
med hemmeleg skrift
og raske flakkande vengeslag
på den uskuldsblå himmelen.

Eg vurderer taust
om eg skal lesa
eller om eg skal la det vera

***

image

***

Eg føddest ein stad med viper og bier
med humler og knallgule løvetann.
Då dei ein vakker dag
ikkje kom heim om kvelden,
lurde eg på kva me hadde gjort gale.

Utan viper og humler
kjem den store stilla.
Utan dei kvite blomane
og dei store luktene
kan det fort bli kaldt her.

Me lever liva våre
vovne tett inn i andre sine liv
med hender overgitt
til andre sine hender.

Rekk meg ei hand utan hanske,
ei hand utan polvott
utan rustning av jern.

Sjå på meg
utan maske
møt blikket mitt
utan mørke solbriller.

Så får me prøva å snakka saman.

***

image

***

Om englane ein dag skulle stå der
med sorg
med dei siste plager

om dei skulle tømma smertebegera
i elver og sjøar
og det er me som står her og lever

skal me skjelvande
halda oss til det gode
utan å gløyma kven me er.

Trøysta trøysta mitt folk
seier Herren.

Eg er send ut
med ordet trøyst i panna.

Trøysta trøysta mitt folk.
Ikkje har eg nøklane
til hemmelege låsar.

Ikkje kan eg formlane
til kodane ingen kjenner.

Eg som bare står her
med kallet ,
ei raud rose mot nakne hender
med torner og grøn stilk
framleis peikande mot jorda.

Trøysta, trøysta mitt folk.

***

16202213166_c5649ccd08_o

***

Vinden skal synga
stille songar om håp
om liv og vennlege dagar
om mjuke hender og god vilje
for dei som har øyrer å høyra med.

Me skal bu her,
modige, redde og tvilande
i omsorgen som alltid skal bera
bera oss stille langs med
bera oss over og gjennom.

Me skal gjera vårt beste
forma fingrar og hender
til gløymde speiderhelsingar,
gå ut i  det nye og farlege
i skjelvande triumf
og med redde og modige steg

Ikkje prøva å passa inn
i andre sine skoavtrykk
langs strender og joggeløyper,
bare i blind tillit
finna løypa som er lagt ut for oss
og trøysta trøysta mitt folk.

Heilt til kveldsklokka ringer frå eit tårn
me ikkje heilt har visst om.
mjukare og heilt annleis.

Skal me la oss bera
skal me bera oss sjølve
og kvarandre.

Trøysta trøysta mitt folk.

***

image

 

image

Heidi

Til minne om farmor

16168066283_6ae95773de_o(2)

Dette diktet skreiv eg førsteutkastet til siste gongen eg var hos farmor, bare nokre dagar før ho døydde tidleg i vår. Eg er litt usikker på om det skal vera med i diktsamlinga. I alle fall let eg det stå her som ei helsing til, og eit minne om, ei dame eg var svært glad i.

Så er dagen komen
eg ser at du snart skal gå vidare,
denne dagen eller om ikkje lenge.

Du er ikkje lenger i senga
men i gardsromet utanfor fjose
smilande i blå kjeledress
med skaut rundt håret
og smil og varme i blikket
fordi du nettopp har oppdaga
at eg er komen.

Du klemmer meg hardt
og luktar varmt av fjos
sjølv om eg nesten er for stor for klemmar.

Eg ser deg smila mot farfar
på den måten di ofte smilte mot han
der han stod ved utslagsvasken
med sterke armer
under oppbretta rutete skjorte
og drakk vatn av den store flate ausa.

Eg høyrer deg le ute på kammerset
saman med nabokonene som kjøper egg,
du har kaffien klar på kjelen
før nokon har fått tenkt seg om
og sender meg ut med lommebok
og stor brun veske
for å kjøpa natron og kefir
borte hos Lambrikt
og is til meg sjølv viss eg har lyst på.

Du hermetiserer pærer med den eine handa,
og blandar fiskefase med den andre,
du skreller poteter samtidig som du
koker dravle og har kringla på heving
så piskar du krem så fløyten sprutar,for hand,
for då blir kremen luftigast.

Alle nyheitssendingane,
kvar einaste ein, må du ha med,
du må vita kva som skjer,
etterpå vil du diskutera
helst med dei vaksne,
men du seier at eg sikkert blir politikar
sidan eg er så tidlig til å lesa,
og så sender du meg ut for å plukka bringebær.

Eg pustar inn den høgtidelege stilla
under andakten i radioen
og du og farfar foldar hendene
når det er tid for Fadervår.
Engsteleg påpassa heime,
får me ro aleine på vatnet
når me er hos deg
om kveldane utan redningsvest.

Utan å gjera større nummer av det
klipper du fiskekrokar ut av anorakkhettene
når me kjem heim
og steikjer auren til kvelds med salt og pepar
før du hjelper oss å greia ut
dei store vasane i fiskesnøret.

Du lærer meg å strikka ullsokkar
og innser at dei minste heklenålene
og hekletråd som minner om sytråd
truleg passar betre til dine fingrar enn til mine.

Eg dekkjer bordet
og ropar alle inn til middag.

Då ligg du der i senga att
og spør meg om bordet er dekka.
Eg seier at bord treng du ikkje tenkja på,
me er bare to på besøk.

Du seier at det er dekka allereie,
eg skal bare sjå etter at du har hugsa å dekka til alle.
Eg seier at det har du heilt sikkert

Det kjem ei sjukesyster inn
du seier at gjestene dine må få mat.
Ho kjem inn med lappar og syltetøy
som nesten eg nesten ikkje får til å svelgja,
men du smiler fornøgd
og held meg hardt i handa
medan klokka rundt det tynne handleddet ditt
tikkar vidare utan lyd.

Eg vil stoppa klokka,
eg vil stoppa tida,
eg vil aldri gå i frå deg meir
men slikt står ikkje i mi makt.

Me drikk svart kaffi
og alt er heilag.

Heidi

image

Ta meg med

image

 

Ta meg med

til ei lita kyrkje

ein dag i juli.

 

Ta meg med

til ytste havgapet.

 

Set meg som eit segl

på hjartet ditt,

som eit stempelpå armen din.

 

Ta meg med ut

i sekunda dine og

la oss varma oss

på den mektige nordavinden

som fortel om kjærleiken

sterkare enn døden

sterkare enn mektige elvar

 

Kviskra i øyret mitt

at ingen mektige elver

og ingen store hav

kan sløkkja elden,

kan søkkja kjærleik.

 

( Høgsongen 8. 6)

image

 

Det står mykje vakkert i Høgsongen. Denne teksten er sterkt inspirert av det me opplevde sist laurdag og den eine teksten eg las i kyrkja.

 

Heidi