Sidan det er sundag, kostar eg på meg eit dikt til i dag. Denne gongen eit av dikta til Hans Børli. Han skriv og ufatteleg vakkert.
Myrulla på Lomtjernmyrene
Skulle jeg, mot formodning
bli salig,
og komme i de saliges bolig,
da skal jeg si til erke. engelen:
Jeg har sett noe
som er hvitere enn vingene dine,
Gabriel.
Jeg har sett myrulla bløme
på Lomtjernmyrene
heime på jorden.
Hans Børli
Ha ei fin ny juniveke
Heidi
Eg leiter vidare i gamle diktbøker. Dette diktet oppdaga eg i 1980 då eg oppdaga Einar Skjæråsen for fullt. Han skriv med ein var penn, som rører ved noko djupt inne i meg. Eg trur eg kan seia at Einar Skjæråsen er ein av mine absolutte favorittlyrikarar. Diktet juninatt må jo vera midt i blinken akkurat nå. Eg liker denne månaden så godt.
JUNINATT
av Einar Skjæraasen (1900-1966)
Og det er juninatta
høgt over skog og fjell.
Og det er grøne lunder
der mørket itte fell.
Og itte får je sova,
og itte vil je hell!
Og det er midnatt-stønna,
som har så luftig lin
og stryk i lyse enger
og dynker dem med vin.
Og alle blømer anger,
og alle auger skin.
Og itte kan je lover,
og itte vet je bud
for alt som gror og yrer,
syg saft og fanger skrud.
Je bare lever i det
og kjem på namnet Gud.
Sarr siriser i graset,
syng talatrost i li,
je har mi eia vise,
je er hos jenta mi.
Sov godt og lenge, møller,
hos meg er dotter di.
Det flyg inn vers åt visa –
som blomsterstøv med vind.
Og du er i dem alle,
frå deg flyg versa inn
så fort som je kan synge,
så djupt som je har sinn.
Je er så glad og bange.
Je er så redd med ett
for veke frivil-venger
og duft og spindel-nett.
Det står e bjørk i skogen,
men lauvet skjelv så lett.
Og det er gammel-kvenna
som mørkner ved en bekk
og mæl om folk som fór her
med påså og med sekk.
Du søv i natt, du møller,
men dotter di er vekk.
Det står e bjørk i skogen,
og lyse krona svell
og sitrer om en lengsel
som lyt få vara tel.
Nei itte får je sova,
og itte vil je hell.
Er det ikkje fint, vel?
Eg har blitt utfordra av Hilde til å skriva fem dikt eg er glad i inn på facebook. Eg fann ut at eg ville gå heilt til røtene i dag og finna fram til den første av veldig mange diktbøker eg har skrive dikt eg liker inn i. Dette diktet kom eg over, og skreiv ned då eg nettopp hadde fylt nitten år. Eg kan hugsa at eg las deler av det høgt i bryllaupet til Torhild og Per Magne. Sidan då har eg vore spesielt glad i Märta Tikkanen og forfattaskapet hennar. Det er litt merkeleg å oppdaga at dei fleste dikt eg likte for veldig lenge sidan liker eg framleis. Eg trur dette diktet er henta frå den prosalyriske boka «Århudradets kärlekssaga», som er ei sjølvbiografisk bok i prosalyrisk stil som handlar om samlivet hennar med forfattaren Henrik Tikkanen. Han hadde store alkoholproblem, noko som gjorde han alt anna enn lett å leva i lag med. Her kjem diktet:
Jag sat bredvid min mamma
och höll hennes hand
när hennes ljusblå blick brast.
I den stunden lovade jag henne
at jag aldrig skulle säja som hon:
Jag har inte fått.
Det jag skal säja
om jag måste, är:
Jag har inte gjort.
För mej
kan kärleken aldrig vara
två som kryper i hop
i ett hörn
medan livet brusar förbi.
För mej
måste kärleken alltid vara
många som kämper i brädd,
också du, också jag,
mitt uppe,
mitt ute i livet.
Märta Tikkanen
Eg har stole akvarellen av ei eg liker godt. Eg håpar det er ok…
Heidi
Skål for mot og vilje og gode tankar. Skål for sommarvind og bare føter. Skål gjerne i kaffi, te eller rabarbrasaft. Det passar meg bra. Sola varmar om ein passar på å få ho i ansiktet eller i ryggen, og i dag er det sommar, så då må vindane som bles vera sommarvindar. Og lyset finst. Dette sommarlyset som gjer den nordiske sommaren heilt spesiell er kome for å bli. La oss drikka lyset og bli sterke og kloke. Som det står i eit dikt eg er glad i, temmeleg udogmatisk, det skal vera sagt:
Mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene.
God sommar alle saman.
Heidi
Med den nye kunsten på Kaizersplass, så skriv eg siste dagen i mai inn i dokumentet. Mission completed. Endå ein gong har eg klart å samla saman alle dagane i denne månaden slik at dei ligg bevarte her på bloggen. Nå er det ikkje heilt rett måte å seia det på, for det har skjedd mykje i mai som ikkje ligg her. Det er snarare det at kvar dag har eg skrive ned noko av det eg har tenkt og lagt det i ei skuffe her.
Det har vore ein månad med mykje innhald, og det har vore kaldt ute. Likevel har det etterkvart blitt grønt og fint, og i morgon er det i følge kalendaren sommar. Det er litt vanskeleg å forstå at det er slik det er, men sidan kalendarar ikkje har det med å lyga, så får me tru på det. Sommaren er yndlingsårstida mi, så nå kjem eg i full fart og kastar meg hovudstups inn i sommaren.
Her har det vore jærdag med marknad og masse folk, og i kjøleskapet vårt ligg det fransk ost kjøpt på matmarknaden, godt innepakka i papir og plast fordi han luktar så sterkt. Dei siste dagane har eg gått rundt og ræppa på dei fire lange versa eg skal framføra på personalrevyen. Det vanskelege er at orda må trilla ut som perler på snorer utan at ein har tid til å tenkja seg om eller trekkja pusten slik at dei kjem rytmisk rett i forhold til musikken. Eg er ikkje heilt sikker på om eg kjem til å klara dette feilfritt, men eg får gjera så godt eg kan. Dersom ungane mine les dette, så kan eg trøysta dei med at eg ikkje kjem til å utføra sånne handbevegelsar som ræpparar pleier å ha (Yo!). Det var visst det eg absolutt ikkje fekk til sist 😉
Nå har eg av alle ting tenkt å skriva eit gammaldags papirbrev, eg driv nemleg med slikt av og til…
Me snakkast nok i juni og.
Heidi
Løvetannens bønn
Blås på meg barn!
Fang mine stigende stjerner
og kikk på min gule sol
– som brenner i gressets grønne himmel –
med alle de undrende øyne.
La de små barn komme til meg
for de vet ikke hva ugress er.
Harald Sverdrup
Det begynner å likna på sommar ute. Me har sykla lang tur mellom avblomstra løvetenner, høge tre, steingardar og tjelver. Rektig nok sykla eg med vottar på hendene, men det gjer ikkje så mykje. Rykta seier at sommarvarmen skal koma til neste helg. Dei rykta liker eg å tru på.
Heidi
Ettermiddagen og kvelden har vore kjempefin. Rett etter jobb hadde eg avtale om å møta Tove, venninne og tidlegare kollega på Kinarestaurant. Etter to og ein halv time bevega eg meg vidare ut i ettermiddagen og kvelden og fann mine kreative venninner som skulle ha malekveld. Nokre av oss er ganske drivne i malekunsten, eg er ikkje ei av dei… Men for dei som måtte lura, det er veldig nedstressande og veldig triveleg å sitja i lag og leika oss med penslar og maling medan me drikk kaffi og et jordbær. Til slutt har me utstilling og beundrar verka til kvarandre. I dag var temaet «portrett», og me har drive skamlaus kopiering av andre og større kunstnarar enn oss. I dag var det maling, andre gonger har me skrive, sett opp blomar, laga keramikkenglar i alle variantar eller laga collagar på drivved. Sjølv synest me det er ein genial ide å ha ei slik gruppe. Me instruerer kvarandre i ting ein av oss veit litt om frå før, og på den måten sparer me kursavgifter. Eg har fått lov av dei andre til å visa fram anonymt kva me har gjort i dag. Eg har ikkje tid til å skriva så mykje meir enn dette, så i staden skal de få låna auga mine litt og sjå det eg har sett i kveld. Kanskje me kan inspirera ei og anna skapkreativ sjel?
Heidi


























