Gå til innhald

Leikar kunstnarar i Madrid

image

Etter ei lang sundagsvandring i byen, har me nå sett oss ned på ein kulturkafe med skrivesakene våre. Me har nemleg høyrt at  det er kunstnarisk å sitja på kafear rundt i storbyane og skriva, så det har me tenkt å prøva ut…

image

Eg er forresten stolt av at eg klarte å bestilla to kaffi og eit stykke gulrotkake på spansk. Spansken er ikkje akkurat veltrimma, men på tur med tre spansktalande personer, så kjenner eg at eg har veldig lyst til å læra meir.

Madrid viser seg frå ein vennlege sundagsvinkel i dag. Sola skin og etter eit par kvartal så var det bare å kvitta seg med den ulljakken eg hadde under kåpa.

imageMe me har vore innom mathallen på San Miguel som me vart anbefalte. Der kokte det av folk og utvalet var skikkeleg imponerande. Viss me får tid, så vil me tilbake ein dag og ei tid det ikkje er fullt så folksomt der.

image

Me hadde høyrt rykte om ein loppemarknad lenger aust i byen, og fann fram til slutt. Det var mykje kjekt der å sjå på, og mykje kjekt å fotografera.

image

image

image

image

image

Heidi

Du går i fare hvor du går

imageimagestår det i salmen… I går, på fredag den trettande, hadde alt ein lukkeleg ende, og dei to flyturane eg hadde grudd meg til sidan eg har litt flyskrekk, var rett og slett koselege. Så når ein minst ventar det… Eg står på badet på vårt hyperfancy, men litt slitte hotell, og anar fred og ingen fare når noko tungt streifer skuldera og brystet mitt. Så eit gedigent brak… Ei veldig stor keramisk veggflis har løsna frå øverst under taket og fale ned. Eg var ca fem cm frå å få ho i hovudet…

Eg slapp unna med å få skrapt litt hud frå handa og ankelen. Kanskje eit teikn på at det ikkje er grunn til å ha flyskrekk… Av og til føler eg meg rett og slett beskytta…

Og var dette verd eit eige blogginnlegg? Eg måtte bare dela lettelsen. Etterpå sette eg meg ned og lo. Det gjer eg alltid når eg har stokke skikkeleg. Det føltest ustyrteleg komisk at eg i verste fall kunne døydd av å få ei veggflis i hovudet ti minutt etter at eg hadde skrive at eg var spent på kva dagen ville bringa…

Nå sit me i den svært fancy spisesalen og et frokost. På nabobordet sit det ei dame og et eit stort jordbær med kniv og gaffel. Ha ein fin dag.

Ha ein fin dag 🙂

image

Morgon i Madrid

imageLivet går fort i svingane. Plutseleg er det vinterferie og eg finn meg sjølv i Madrid. Desse kjekke karane pryder veggen i inngangen til hotellet. Leif og Arne har vore her på studietur i eit par dagar. Eg og Hilde brukte dagen i går på å koma oss ned. Det vart ein finfin fredag den trettende. Vel framme var me svoltne og slitne alle mann, så det vart middag rett nede i gata og tidleg kveld. Nå er eg spent på kva dagen har å by på.

Heidi

Kvardagane er ikkje så verst dei heller

image

Bare ein kjem seg på jobb i tide, så kjem resten av dagen av seg sjølv. På torsdagane startar eg dagen i ein klasse. Det er fint å gjera akkurat det ein gong i veka sidan eg nå jobbar mest som spesialpedagog. Nå er det nesten lyst når elevane kjem, og med det fine veret me hadde i ssit veke så hadde me på vår side av skulebygningane fantastisk fin utsikt til det rosaoransje morgonlyset som kjem omtrent samtidig med at barna kjem til skulen. Eg tenner lys i vindauga og dempar lyset i klasseromet. Så let eg Vamp ynskja elevane velkomne frå smart-tavla.

«Den første morgentimen e» i ruta
for nåttå e» blitt gråhåret og blek.
Nå holde verden pusten sin der ute
og månen e» ein gyllen tankestrek.

Nå e» det seint. Nå e» det tidligt.
Se, månemannen bukke djupt og stiligt.

Eg samlar ungane rundt meg og syng om Bakvendtland før me unnar oss eit kapittel om «Rampete Robin».

image

Samtidig som dagen demrar lettar dei tusen kråkene frå trea i skulegarden, og flyg forbi vindua med tunge vengeslag. «Sjå,» ropar ungane og peikar ut på trea i skulegarden og ut på alle kråkene. Eg blir ikkje heilt einig med meg sjølv om det er pedagogisk rett å la dei springa til vindauget eller å be dei sitja stille og konnsentrera seg om det me held på med. Eg landar på ei mellomløysing og let dei kikka ut frå der dei sit i tretti sekund før dagsplanen går vidare og dagslyset overtek.

I matfriminuttet er eg så heldig at eg har mat ståande slik at det blir lett å tilby ein kollega som har gløymt matpakken eit enkelt lite måltid. Etter at elevane har gått heim blir eg sitjande lenge med førebuingar til neste veke slik at eg skal kunna ta nokså fri i helga. Av og til grip eg meg i å tenkja at eg har funne drøymejobben. Eg håpar at dei som høyrer lærarar klaga og forstår at dei fleste av oss elskar jobben vår. Samtidig er det skremmande å sjå at me ikkje alltid klarer strekkja oss så langt som me sjølv gjerne ville for å ivareta alle ungar på den måten me gjerne vil, både fagleg, sosialt og omsorgsmessig.

Etter jobben tek me ein tur opp til mor og far. Me et fiskekaker og nysteikte vafler, og etter to torsdagskveldar på reis mot langhelger, så er det å eta fiskekaker med foreldra sine ein veldig fin aktivitet. Nå skal det vera godt med ei helg heime.

Heidi

Til København og heim att

16235603477_6de2b84759_o

Helga var så fin. Dei siste vekene gjekk så fort at eg mest ikkje fekk tid til å tenkja meg om. For det første er København ein fantastisk by, og for det andre var det fint å få ei helg i lag med menneske eg har kjend i meir enn eit halvt liv, og som eg er veldig glad i. Eg oppdagar meir og meir kor mykje alle dei fine folka og dei gode vennene eg har betyr for meg. Me har levd mykje liv saman, sett små og store ting henda i kvarandre sine liv og sett ungar fødast og bli vaksne. Desse tre sneisne Københavndamene har fotografen min fått lov til å fotografera. Han spurde fint og dei poserte og smilte. Eg håpar det er ok for dei å havna i bloggen min og, men det får eg vel aldri vita…

Dette innlegget blir eit nytt biletbrev frå København, med mine mobilbilete og Leif sine langt proffare bilete hand i hand. Truleg er det ikkje så vanskeleg å sjå kva som er kva…

16395538756_7b8f0e696d_o

Bygater er alltid veldig fascinerande. Eg ser på folk på gata, og klarer ofte ikkje å la vera å dikta historiane om liva deira. Historiane er sikkert svært sjeldan i nærleiken av sanninga…  16234107510_6d780a18e7_o

Men dette biletet synest eg fortel ei fin historie… Skumringa er ved å koma smygande, og duene letter frå gata.
Me lot oss fascinera av dei store mathallane med det utrulege utvalet av alt mogleg. Laurdag føremiddag er nok den store dagen for å handla inn hummar og annan eksotisk mat. Leif stilde spørsmålet: «Kva gjer dei med all maten ingen kjøper?» Det er kanskje like godt at me ikkje veit svaret, for då kan me jo tenkja tanken at det går til festmat på sjukeheimane i byen og til store gjestebod for dei heimlause i byen.

16233857948_3d39e9c351_o 16395543216_4e9ce0cf21_o

Dei som jobba der visste tydelegvis kva dei dreiv på med. Ein kunne prøvesmaka på ost, krydder, grønsakar, kaker, kaffi, te, sjokolade og whiskey dersom ein hadde lyst.

16235286669_cfb846c909_o

Sjå dei fine folka me var i lag med.

15799394484_5bda619a10_o

På laurdagskvelden var me på Wallmans, eit konsept med fire rettars middag, stort show og dans etterpå. Eg hadde snakka varmt om staden etter at eg var der med kolleger for to år sidan. Nå ville me prøva det ut i lag.

image

Me vart møtte av tre songarar på taket over inngangspartiet. Det var sur vind og nullgradersføre, så det såg skikkeleg kaldt ut.

image

Showet var ikkje lett å fotografera med mobil, det var så sterke lyskastarar mot scenene at bileta vart nesten kvite, men ein del ting foregjekk oppe under taket og… Då me kom ut ein gong etter midnatt hadde det snødd og bygatene låg kvite.
Neste morgon hadde snøen smelta.

image

Men me gjekk oss ein sundagstur i gatene rundt Nyhavn etter ein lang og koseleg frokost.

imageEg filosoferte litt over om det er psykologi i det å kalla ein diamanthandel for «Kære ven»…

 

Plutseleg stod me framfor Amalienborg slott.

image

Ganske tidleg på sundagen måtte me setja oss på toget til København Lufthavn, der me fann desse to flotte damene.

16421883815_1c3730e5b6_o

 
Og plutseleg var me heime att, bare for å oppdaga kor fint det er her og. Sidan det framleis var litt dagslys, måtte me unna oss ein liten heimsleg vintersafari før me kjørde bilen til garasjen heime og slepte ut bagasjen.

16420605452_eb74b6355b_o

16421537935_24b351aa48_o

Heidi

Billedbrev frå København

image

København er ein fantastisk by sjølv i gråmjukt januarver.

image Me har dessverre ikkje funne tid til å oppleva «Teater borderline» på nært hald.

image

Men me har beundra sørafrikansk kunsthandverk. Eg kjøpte med to eggeglas som kan lysa litt i mørke morgonar, eit stearinlys i like sterke fargar og seks handlaga knappar med hundemotiv. Dei andre freistingane stod eg i mot.

image

Så me i mathallane og lot oss totalt overvelda av mangfald og mengde…

imageimageHer er eit lite utsnitt av krydderavdelinga, og under er Heidi på olivensmaking.

image

Her er gjengen på ostesmaking.

image

Og tesmaking.

Eg har høyrt at mange slår seg på sterk drikke når dei kjem til København. Min personlige variant var jordbær – og limejuice med ein halv chili og ein stor bit ingefær. Det reiv godt. Til drikka hadde me danske smørrebrød.

image

Etterpå delte me oss litt. Eg og Leif ville ha med ei fotoutstilling på Det kongelige bibliotek. Det var ei sterk utstilling med kunstnarar frå Island, Færøyane og Island. Det vart mellom anna vist ein fantastisk vakker film der kunstnarane viste fram naturen dei hadde vakse opp i og snakka om korleis natur, landskap og folkelynne hadde påvirka kreativiteten deira. Det kjenner eg att, landskapet, vêret, naturen og folkelynnet er sterke impulsar til min kreativitet. Samtidig er det fantastisk å få input frå byar som København nå og Oslo sist helg. Under viser eg nokre av bileta me såg på utstillinga. Eg er litt usikker på om det eigentleg er lov…

image

image

image

Heidi

København sist i januar

image    Her går livet fort i svingane, og plutseleg er me i København, ein av mine absolutt favorittbyar. Eg må innrømma at biletet er nesten reint juks, dette er teke i påskeferien i fjor, men utsikten frå hotellet vårt til Nyhavn er heilt den same. Av ein eller annan grunn går det ikkje å lasta opp nye bilete til bloggen, det legg ein demper på bloggegleda, det er jo så kjekt å leggja ut bilete for å dela inntrykka med dei som les. Eg må finna ut kva problemet botna i. Sjølv om Nyhamn er heilt som i påsken, så er det gråare, mørkare og kaldare nå i januar. København er likevel ein svært sjarmerande plass å opphalda seg. Leif og eg er her med gode venner, Heidi og Per Inge. Jan og Hilde skulle og ha vore med, men måtte melda avbod i siste liten på grunn av sjukdom. Viss dei les dette så vendar eg meg  til dei og legg att ei melding: God betring, me er leie oss for å vera utan dokke…

imageMe må ha tilbakelagt atskillige kilometer i dag, me har trava rundt i byen og hatt det veldig fint. Me har ete laks og rugbrød og drukke te for å halda varmen. Eg har kjøpt julepynt med 70% avslag på Illum bolighus, Heidi har kjøpt nye støvlettar, og eg har kjøpt ny kåpe. Me spaserte ein ettermiddagstur til fristaden Christiania, sist eg var der var det litt hippisjarmerande, i dag var det i grunnen bare trist. Det var masse menneske i gatene der som såg herja og slitne ut, og på ein marknadsplass vart det seld hasj, marihuana og brukarutstyr heilt openlyst i små boder. Nokre av dei som var der for å handla var svært unge. Eg kjende på at eg er svært skeptisk til legalisering av cannabis i Norge, men det er vel knapt nok noko sjokk for nokon.

Etter middag på italiensk restaurant, la me ut på ei ny vandring og havna på jerbanekafeen, der det var høg stemning og allsong. Sigarettrøyken kunne nesten skjerast over med kniv. I Danmark kan ein få dispensasjon frå røykeloven i lokale som er mindre enn 40 kvadratmeter. Eg hadde nesten gløymt korleis det var før røykeloven når ein måtte heim og vaska hår og klær etter ein kveld på ein utestad. Nå har eg vaska håret med hotellet sin sjampo og er klar for natta. På jerbanekafeen sat ein mann på sytti pluss ved eit keyboard og spelte både til allsong og spontan solosong i mikrofon. Ein del av songane var lett melankolske som «Ensomhedens gade nummer ni» og » Livet varer kun et sekund «.

I morgon ventar nye eventyr…

Gladmelding til meg sjølv: it- konsulenten min har funne ut av fotoproblemet. Eg hadde brukt opp min gratiskvote med fotoplass og måtte betala for å få meir. Det har eg gjort med glede, og nå skal eg sjekka ut om det funkar…

image

Slik er Nyhavn i januar, ikkje verst det heller…

Og slik er det ved resepsjonen på hotellet.

image

Og nå ventar i alle fall nye eventyr. Har avtale om å eta frokost om eit kvarter, og for å benytta rosabloggarspråket, så må eg planleggja » dagens outfit»…

Heidi

Den som reiser gjennom natt og tid

16115407526_34e5bf2720_oEg reknar med at få av dei som les her pleier å reisa vakne med nattoge t, så her er ein journalistisk rapport.

Eg sit nå på eit stappfullt nattog, ingen sjanse til å få sovekupe, Eg får viss vera kjempetakknemleg for å ha kome medi det heile tatt…

Eg ser ein av dei som venta på toget på feil spor saman med meg. Her er afrikanske familiar som reiser med barneflokkar, og her er det nordmenn som i utgangspunktet er nokså langt frå edru. Her finst mange som nok hadde håpa å få eit dobbelsete aleine, men det kan dei bare gløyma. Sjølv har eg eit endesete som står feil vei, og som det nesten ikkje går å leggja ned. I tillegg har eg fleire gode bøker.

Eg lurer på om eg kjem til å sova noko i det heile tatt, men kjenner og at dette faktisk er litt spennande og. Her sit me, ein gjeng menneske i noko som eg nå ser er ei familievogn og skal tilbringa natta saman. Eg er velsigna med tilgang på elektrisk straum, så eg torer å skriva på mobilen. Ein skal utfordra komfortsonene sine litt, det skal vera sunt, og i kveld har dei utfordra seg sjølv…

Heidi

Her sit eg og kan ikkje anna…

image

Etter ei fantastisk helg i Oslo stod eg på Oslo S klokka fire og skulle ta toget heim fem på halv fem. I god tid fann eg perrongen og forundra meg over at toget ikkje var kome. Det var få passasjerar som venta og. Eg gjekk opp att for å sjekka sporet ein gong til, jo det stemde. Etter diverse rundar rot med mitt kjære NSB, så er eg aldri for trygg på at ting er som det skal vera. Eg høyrde at fleire av dei reisande snakka rett dialekt, og bestemde meg for at uroa var nevrotisk. Fem minutt før var ikkje toget kome, så stod det at tog frå Stavanger var venta. Eg rekna med det skulle snu og gå tilbake, men konduktøren sa at dette var toget som kom frå Stavanger og at han ikkje visste meir eg og to søte damer frå Kristiansand sprang opp i informasjonen og fekk vita at me hadde vore på feil spor og at toget hadde kjørt. Eg var framleis skråsikker på at eg hadde rett. Me hadde vore ein heil gjeng som venta i lag og lurte på kor toget blei av. Me var alle skråsikre på at det hadde stått at toget gjekk frå  spor tolv, men måtte gje oss på at me vel hadde teke feil av ankomst og avgang, så nå sit eg altså her… Dei syntest synd på meg som var heilt på gråten, og gav meg gratis sitjebillett til nattoget, sjølv om dei understreka at eg ikkje hadde rett på det. Eg ringde Sunniva og ho og Halvard kom for å vera med meg ut og eta litt. Det får me sjå på som rein bonus, me hadde det koseleg og ungdomane mine er glade og har det bra.

Eg reiste bort torsdag kveld, og fekk meg ein lang og fin togtur før Sunniva møtte meg på stasjonen, me fekk kveldsmat på ein utestad og ei kveld i sofaen saman med sambuarane hennar.

På fredag ville eg og Eva Mari leika fine fullvaksne damer med te og smørbrød på Grand kafé. Me vart litt skremde av hovmeistarar, kvite dukar og garderobeplikt. I staden havna me på ein hipp uteplass rett ved sida av der me drakk vatn i syltetøyglas og åt maten på blikktallerkenar a la fengselet.  Sausen var på oljekanner, men maten smakte godt .

Og elles har helga vore fantastisk med venninner, kunstutstilling, masse trasking og mykje prat. I går såg eg Toralf Maurstad på scenen og i dag fekk eg nattverd av Kjell Magne Bondevik. Eg skriv meir om det meste seinare. Livet er spennande og uføreseieleg…

Heidi

 

 

 

Burde eg vera Charlie?

image

I det siste har stadig fleire erklært via T-skjorter og statusar på facebook at dei er Charlie. Eg har forståing for akkurat det på grunnlag av det forferdelege som har skjedd i Paris, likevel har eg kjend på at eg ikkje er Charlie.  Dette er eit innlegg eg vegrar meg litt for å skriva, for det er lite politisk korrekt, men eit eller anna inne i meg insisterer på at eg skal gjera det likevel. Ein ung mann som står meg nær har sagt at dei som ikkje er Charlie bør teia i respekt akkurat nå. Eg forstår kva han meiner, men nå seier eg det likevel.

Eg set ytringsfridomen høgt, la det vera sagt. For min del er det likevel grenser for kva eg vel å bruka ytringsfridomen til. Likevel ynskjer eg å respektera at andre har heilt andre synspunkt på korleis dei ynskjer å bruka sin ytringsfridom.  I ytringsfridomen sitt namn, vel eg å skriva dette.

Eg har jobba i skulen i tretti år, og det å ordna opp i konfliktar, misforståingar og anna som oppstår på grunn av ulikskapar, er ein del av kvardagen. Om ein av elevane mine hadde klaga på at ein annan elev teikna teikningar av han som han opplevde krenkande, så hadde eg utan tvil bedd teiknaren om å stoppa med det same. På skulen har me ein stopp-regel som alle er pålagde å respektera. Den som er krenka har rett til å seia stopp når det begynner å gjera vondt. Om ein av elevane mine var blitt krenka av at ein medelev teikna Muhammed og ikkje han, ville eg og bedt han stoppa med det same. Om nødvendig ville me måtta gå eit plan opp for å stoppa teikningane som nokon opplevde som krenkande. Me ville måtta ta det opp som ein mobbesak, og eg er nokså sikker på at beskjeden ville bli at slikt vil me ikkje sjå meir her på skulen. I respekt for at nokon opplever det som ei krenking av trua deira, vil eg heller ikkje som RLE-lærar gje elevane mine i oppgåve å teikna hendingar frå Muhammed sitt liv, sjølv om eg ofte brukar teikning som metode i RLE-faget.

Eg forstår at dette dreier seg om andre og meir alvorlege ting, sjølvsagt avviser eg terror på det aller sterkaste, men eg lurer likevel på om dette er det mest virksomme våpenet mot terror. Eg er ein varm tilhengjar av ikkje-valds-løysingar. Pennen og blyanten burde vera eit utmerka våpen i ikkje-valds- kampen, men finst det ikkje betre måtar å gjera det på enn respektlause teikningar av Muhammed. At nokon vel den løysinga har eg og ei viss respekt for, men at me alle plutseleg skal bli utfordra til å teikna teikningar som me veit at langt fleire enn terroristane opplever krenkande, byr meg likevel i mot.

Eg slit og med den sterke bølgja av » ingenting er heilag» som me som nordmenn blir så utfordra til å hiva oss på akkurat nå. For meg ligg det ei slags forflating i at ingenting skal vera heilag, ingenting skal vera annleis, opphøgd, skjult eller mysteriefullt.

Som ei tankeøving har eg lurt på kva det ville gjort med meg som eit religiøst menneske at det ein laurdagskveld vart sett ut eit stort bilete av Jesus på torget, og at alle vart inviterte til å visa sin avsky mot religion ved å koma ned og kasta stein, spytta, urinera, og spy på biletet. Så skulle eg stått sett på at folkehopen hadde gjort akkurat det under skrik og skrål og forlystelse. Eg trur eg kan lova at eg ikkje ville bli valdeleg, men eg ville likevel føla meg krenka og ha lyst til å gråta for verda.  Dette sjølv om eg lever i ein kultur som for lengst har gått bort frå det at ein har rett til og lov til å vera hårsår av religiøse grunnar.

Sett at eg hadde trusfeller som var villige til å ty til vald… Eg visste at eg djupast sett burde stå opp mot valden og ta avstand til det dei står for.  Ville det gjera det lettare for meg å stå opp mot «mine eigne» at eg faktisk sjølv var krenka, såra og lei meg over det som foregjekk på torget. Eg vil nokså klart tru at svaret var nei. Eg ville føla meg skvisa av kryssforventningar, frykt, sorg og forvirring.

Eg ynskjer sterkt at muslimar skal stå opp og ta offentleg avstand frå vald, terror og ekstremisme. Hjelper eg dei på vegen ved å laga teikningar som for dei er å krenka noko heilag? Eg vil ikkje tru det.

Me har mange muslimar her i landet, dei eg kjenner er hyggelige folk. Nokre av dei liker eg faktisk så godt at eg kunne ynskja å bli så godt kjend med dei at dei var blant mine næraste venner. Eg trur faktisk at det å bli kjende med kvarandre og lytta til kvarandre er sterkare våpen enn å krenka kvarandre.  I nesten alle klassar eg er inne i er det barn som er muslimar. Heldigvis er grupper av barn befriande frie for politiske konfliktar og religionskonfliktar, i alle fall når barna er sju år. Dei lyttar med like stor entusiasme og interesse anten eg fortel dei om Jesu liv eller om Muhammed sitt liv i ein RLE- time. Kva fortel me barna våre når vaksne plutseleg ser det som noko bortimot ein heltedåd å teikna teikningar av Muhammed som er på på do, eller kva det nå måtte vera? At barna ser vaksne mobba kvarandre på diverse TV-program medan me på skulen brukar ein time kvar veke på eit anti- mobbeprogram er eit anna tankekors det ikkje er plass til her.

Om nokon måtte misforstå meg dit hen at eg ikkje er fortvila over terroren i Paris, så kjenner dei meg dårleg. Dette var likevel tankar eg kjende at eg måtte tenkja høgt, og sjølv om eg vel må innrømma at eg er konfliktsky, så skal eg tola å høyra andre sine meiningar om kor forkasteleg feil eg tenkjer. Eg har framleis ei naiv tru på at godleik, kommunikasjon og toleranse er det som tener verdensfreden og forståinga mellom menneske best.

Og kanskje nokon kan overbevisa meg om at eg burde vera Charlie? Eg har framleis ikkje klart å sjå det på eiga hand.

Heidi