Gå til innhald

Fara vel då farmor…

image

Sidan noko av det finaste farmor visste var å laga store mengder mat og dekka store bord for flest mogleg menneske, så synest eg at denne kaka frå kaffibordet kan vera ei verdig helsing frå gravferda hennar. Det er ikkje slik at det kjennest rett å fotografera gjestene og leggja dei ut på internett etterpå, men bortsett frå at det er uetisk, og kan opplevast utleverande, så skulle eg gjerne ha gjort det.

brudebilde farmor og farfar

I staden tek eg meg lov til å visa dette flotte biletet av farmor og farfar som unge og nygifte. Ho var tjue år og han nokre år eldre. Ryktet seier, kanskje var det han som sa det, at då han møtte farmor då ho var konfirmant, så falt han allereie då for denne flotte jenta.  Ho kom tidleg i teneste hos ein prestefamilie, trur eg det var, og rask, effektiv og flink som ho var, så fekk ho ord på seg for å vera ei ekstra dugande kjøkkenjente og kokke. Tjue år gammal var ho allereie flink husmor, og ho og farfar kjøpte eit lite og nedslept gardsbruk som mange spådde dei aldri ville klara å driva og behalda.  Farfar hadde sagt at med stort mot, hardt arbeid og ei flink kone, så skulle det nok gå. Og det gjorde det, sjølv om det kom streker i rekninga. I ein ganske lang periode var farfar tuberkulosepasient, og farmor dreiv garden aleine med to heilt små barn å ta vare på. I mellomtida hadde den andre verdskrigen og innhenta oss. Korleis ho klarte dette går det nesten ikkje an å forstå, men ho fortalde meg at ho var så trøytt i ein periode at det hende ho vakna midt på natta og trudde det var morgon, og ikkje oppdaga før ho hadde stått opp og kledd seg for å gå i fjoset at det var slik det var.

Då eg som lita las om bestemor Duck i Donaldblada, kjende eg att mi eiga farmor som både dreiv gard, bakte, kokte, selde egg og dekka bord til gjester fulle av heimebakt brød, lefser potetkaker og vaflar, alt dette på same tida. Ho viste meg at jenter kan det meste viss dei bare vil. Då eg var lita hadde farmor og farfar eit tysk fosterbarn, Christian frå Berlin, som hadde kome til dei gjennom det eg trur heitte Norsk barnehjelp eller noko slikt. Ein gjeng barn frå Berlin, som hadde fattigslige kår i eit grått og utbomba Berlin, fekk koma til vestlandet for å få mat og godt stell. Han var der fleire somrar og ein vinter. Dei ville gjerne behalda han for godt, men mora i Berlin ville naturleg nok ha han tilbake, så dei måtte senda han tilbake til fattige Berlin. Dei har halde kontakten heilt til nå, Christian har kome ofte til Norge for å sjå til «mor» si. Han har kalt opp yngste dotter si etter henne og i dag var han med og bar farmor si kiste.

Etter gudstenesta var det fullt hus på samfunnshuset og heilt etter farmor sitt hjarte så var det plass til alle, dei måtte til og med dekka ekstra bord. Det vart servert smørbrød og kaker, brus og kaffi. Der var dei, onklane og tantane og alle syskenbarna eg aldri ser, barna deira og mange, mange andre. Reint bortsett frå at me i min generasjon plutseleg ser ut som foreldra våre, og ikkje som dei barna me alltid var før, så var det for meg som om me framleis høyrde saman på ein spesiell måte. Dei hadde spurt meg om eg kunne tenkja meg å seia noko på minnesamlinga, og det ville eg gjerne. Eg har lært både av denne og tidlegare erfaringar at akkurat i gravferder kan ein godt skriva ned alt ein har tenkt å seia. Eg kjende eg vart litt sjenert og målbunden og gripen av alvoret, så ein del av det eg hadde tenkt å seia vart aldri sagt, men eg fekk nå lese diktet eg hadde skrive og sagt det som kjendest mest viktig.

Det som gjorde mest inntrykk på meg var alle helsingane frå naboar, slektingar og andre som kjende farmor frå andre vinklar enn meg. Alle fortalde om ei dame som var der for alle som trengde henne, som alltid hadde ei open dør og eit dekka bord for alle som måtte trenga det. Ein av naboane fortalde om farmor på over åtti år som heiv på seg gummistøvlane og kom springande over markene for å hjelpa han å berga drivhuset ein gong det var storm, og fleire som fortalde om korleis ho hadde vore der for akkurat dei når dei trengte det mest. Ein gammal prest, som framstod som ein nær venn av henne, fortalde at han kom to timar for seint til å gje henne den siste nattverden. Han sa at det kanskje var siste gongen han fekk stå i ei stor forsamling og snakka om ei dame som han hadde sett så høgt som han sette farmor. Eg vart rett og slett stolt over at ei slik dame har vore bestemora mi.  Eg håpar eg kan ta med meg mykje av det ho stod for vidare i mitt eige liv. Ei av kjenslene eg sit litt igjen med er: Nå er det me som er dei vaksne.

Farmor vart nittiåtte år og klarte seg sjølv heilt fram til ho brekte armen på julafta. Ja, takk til dei genene…

Heidi

 

For alt som ein gong var

image

Ein dag er tida komen,

ho opnar siste grind,

og me skal bli tilbake,

men du, du skal gå inn.

Me takkar fint for fylgjet,

for alt som du fekk gje,

nå må me sleppa taket,

du skal fara bort i fred.

*

Me takkar for du var her,

og helsar stilt farvel,

me ber på mange minne,

når dagen har blitt kveld.

Nå må du reisa frå oss,

men døden er ei bru,

til kjærleiken som ventar deg

der du nå skal bu.

*

Nå vil me bera med oss,

ditt smil og dine ord,

ditt blikk og dine hender,

og alt du var på jord.

Nå skal du til den staden,

me ikkje kan bli med,

så reis frå oss i kjærleik,

ja, far frå oss i fred.

*

I hjarta har me med oss

det gode som var deg,

og alt me levde saman

skal leva trygt i meg.

Må Gud velsigna minna,

om kjærleiken du bar,

om godleiken du viste,

ha takk for den du var.

Eg sit og vil skriva ei siste helsing til farmor. Det er vanskeleg. Eg oppdagar at dette er eit farvatn der det er forferdeleg lett å snubla i klisjeane. Kunsten er å finna dei enkle, ærlege og ekte orda som ikkje blir platte og klisjeaktige. Eg har skrive det med rim og rytme som gjer at diktet kanskje kan få tonefylgje ein gong, sjølv om det ikkje blir heilt i denne omgangen. Eg vurderer om eg skal ta tredje verset vekk, om det viktige blir sagt i dei tre andre versa. Eg tek gjerne i mot råd.

Men mest av alt. Takk for alt, kjære farmor. I morgon skal me fylgja deg til grava.
Heidi

Når våren kjem og omfamnar deg

image

Det er eit kjend ordtak at noko kjem som julekvelden på kjerringa. På denne kjerringa kjem våren på same måten. Eg var heilt uførebudd på at livet  plutseleg skulle vera strålande sol, vindstille, blomstrande blidt og mildt. Slik var det delvis i går og veldig i dag, og plutseleg hugsa eg med heile kroppen korleis slike dagar er. Eg hadde nesten gløymt kor fint det var. Det er så ein ikkje får lyst til å vera inne i det heile tatt. På trass av at det var rim på hustaka i dag morges, og til og med eit tynt islag på vasspyttane, så fekk sola snart overtaket. Eg oppdaga plutseleg kor heftig det blomstra i hagane. til slike menneske som har litt grønare fingrar enn oss. Sjølv om våren framleis er både halmgul og gråbleik, så kjem det plutseleg fram små fargeeksplosjonar i dei moldsvarte beda.

 

image

 

I staden for å vaska hus og skriva revy som eg eigentleg hadde litt planar om, så fann eg fram sykkelen og sykla først ned til sentrum og så bort til Ingrid. Ho har arva ein hage der det sprett fram både det eine og det andre, og i tillegg hadde ho og Oddvar fått ut både påskeliljer og stemorsblomar i krukker på terrassen. Plutseleg var det nesten sommar.

image

Me fann ut at dette måtte vera rette dagen for ein tur langs stranda, så me fekk stabla oss og hunden inn i den vesle kvite bilen hennar og lagt i veg.

image

Eg sluttar aldri å la meg fascinera over det fine blondemønsteret bølgjeskummet lagar mot sanden når bølgjene slår inn. Å få til å fotografera det er ein annan sak, det er snakk om å trykkja på avløysaren i rette tidelen av eit sekund… Tidlegare denne veka var det sterk vind og kraftig sjø. Strandkanten som vanlegvis er dekka av sand like finkorna som melis, bar preg av at det hadde gått hardt for seg, det låg masse småstein og havsingel inne på stranda.

imageTare og rekved var skylt opp på land.

imageFleire av oss nytte både solskinet og turen med opne sansar.

image

Og på terrassen til Ingrid var det bortimot sommar. Me åt lunsj ute for første gongen i år, deilig salat henta med oss frå kjøkkenet på veg heim. Det var så fint å bli sitjande og la seg tina litt av denne velsigna sola som det i grunnen er ganske lenge sidan me har både sett og kjend varmen frå.

image

Kaffi hadde me og. Dotter mi syntest at denne koppen passa til meg, kva ho nå måtte meina med det…

image

Då eg skulle heim lasta eg sykkelkorga nesten full av blomar slik at eg kunne ta med meg litt av våren heim og.  Av ein eller annan grunn så er det aldri verken rydda i hage og på terrasse når våren kjem, og det er ikkje i mine bed eg finn dei første blomane. I hagen til Ingrid var det til og med humler i dag, og humler er me glade for å sjå. Nå er det bare å venta på vipa. Har nokon sett ho?  Det er forresten fint at me kan dela hagane litt med kvarandre, og elles så får eg seia som jødane: «Til neste år i Jerusalem».

Nå er eg rett og slett metta og oppkvikka av sol og sykling og ein lat dag, så nå får eg prøva å jobba litt før eg tek kvelden. Ha ei fin helg, alle saman.

Heidi

Att han inte är sådan som du säger

image

I går vart eg sitjande med det siste nummeret av magasinet «STREK», og som så ofte så talte tekstane eg fann der sterkt til meg. Den mest framtredande overskrifta på framsida av magasinet var «Brent av tro». Artikkelen denne overskrifta viste til var ein artikkel der radiojournalist Håkon Dahl (66) fortel om sin oppvekst i ei pinsevennforsamling. Han fortel om kor traumatisk det var i barndomen at det vart forventa at ein skulle bli frelst, og at dei som ikkje vart det gjekk til evig fordømmelse. Han ville gjerne oppnå denne frelsesopplevinga, men følte sjølv at han aldri fann fred med Gud, og trudde derfor at han var på veg mot fortapinga. Først nå kan han fortelja om kor mykje angst dette gav han i barndomen. Han snakkar og om Vita-avdelinga ved Modum bad som har spesialisert seg på denne typen traumer. Historia hans er til å gråta av. Mirakuløst nok fann han som vaksen fred med Gud på ein platform som var ny og annleis.

Det å ha møtt ei kristendomsforståing som var vond å møta er gjennomgåande i magasinet. Det som går igjen er lengten etter den gode forsoninga med Gud. I dag morges då eg skrudde på radioen var det som kom inn på kjøkkenet mitt eit intervju med den same Håkon Dahl om det same temaet. Dette var eit merkeleg samantreff, for bladet har ligge uopna på bordet mitt ganske lenge. Eg kjende at dette måtte bli temaet for det blogginnlegget eg hadde bestemt meg for å skriva, og nå har eg lyst til å vera litt personleg.

Av og til hr eg lurt på om barn blir fødd med ulik grad av annlegg for «det religiøse» akkurat som me heilt opplagd blir fødde med ulik disponering for musikalitet, kreativitet, grad av behov for utfordringar, ulik grad av psykisk sårbarheit og så vidare. Eg var av ein eller annan grunn det religiøse barnet som alltid hadde eit sterkt behov for å finn ut av desse tinga. Som lita drøymde eg at eg og bestemor stod i kjøkenvidauget og såg Jesus landa i gardsromet på ei sky. Han snudde seg mot oss og smilte. Dette meiner eg at eg trudde var ei reell oppleving heilt til eg vart stor nok til å forstå at det kunne det heilt umogleg ha vore, det måtte ha vore ein draum.

Eg vaks opp i ein litt asymmetrisk familie der familien min til eg var seks år bestod av foreldre, besteforeldre, tre onklar, ei grandmoster, ein eitt år yngre bror, og heilt på tampen i dette avsnittet av livet, ei bittelita babysyster. Til å begynna med budde me meir eller mindre i det same huset, bortsett frå «moster» som dukka opp kvar sundag og gjerne midt i veka og. Etterkvart flytta kjernefamilien min inn i nabohuset sånn teknisk sett, men eg gjekk ut og inn av begge husa og var like heime begge stadar.

Ingen i den nærmaste familien var uttalt truande, bortsett frå moster som hadde ein periode i frelserarmeen, ein periode som døypt pinsevenn, og elles var innom der ho fann det naturleg. Eg hadde høyrt om sundagsskulen og var veldig spent då me fekk naboar som var pinsevenner, eg og bror min begynte på sundagsskulen i regi av pinsemenigheten i lag med Svein og storesystera hans Unni. Då me flytta til Ålgård var naboane våre baptistar, og sidan eg vart bestevenninne med Grete Iren, så fekk eg snart vera med på sundagsskulen i lag med Grete Iren og far hennar. Etterkvart sette dei opp ein eigen sundagsskulebuss som henta ungar frå heile Ålgård til sundagsskulen i baptistkyrkja. Eg var og djupt fascinert av det dei gongene eg fekk vera med på vanlege sundagsmøte i baptistkyrkja. Eg hugsar at eg inderleg misunde dei som hadde ein familie som hadde tilhøyrigheit til ei kyrkje, det såg så fint ut. Når me var hos farmor og farfar var det alltid bordbøn, og når eg og bror min var der aleine i feriane, kjende eg alltid ei slags høgtid når farmor og farfar tok ein pause inne i stova etter fjosstell og frokost for å høyra på radiogudstenesta. Det var fint å sjå på at dei begge folda hendene og såg andektige ut når det vart lese «Fadervår». Det hende eg fekk vera med farfar i kyrkja om sundagane. Det var høgtideleg og fint og ganske kjedeleg på same tida.

Tanten og onkelen min i Grimstad var aktive i Misjonskyrkja der, og om somrane når me var der på ferie var me med dit. Eg likte og godt å vera der i høgtidelege samanhangar som barnevelsignelsar og konfirmasjonar. Eg misunde dei litt at heile familien var aktive i ei kyrkje, og eg var glad for at det var tante Solfrid som var faddaren min. Eg var venninne med Torhild, som hadde ei mor som var sundagsskulelærar og etterkvart soldat i frelserarmeen. Me to hadde rare samtalar om korleis verda hang saman. Ho delte mi glede over å grubla på korleis verda hang saman, sånn heilt eigentleg, og hadde nok akkurat som meg «legninga» til å vera eit veldig religiøst barn. Då eg begynte i sjette klasse fekk eg ei ny venninne. Sissel kom flyttande frå Bergen saman med familien som var adventistar. Eg adopterte nesten foreldra hennar, og for meg var det trygt og fint både å få vera med dei på familieandaktane og ein og annan gongen på sabbatsgudsteneste.

Som nesten alle barn på Ålgård, hadde eg ein oppvekst der me gjekk inn og ut både på bedehuset og i baptistkyrkja på ulike barne- og ungdomsarrangement, og eg kjende heile tida ei sterk dragning mot alt kristendomen stod for. I tenåra hadde eg nokre møte med sterke karismatiske grupper, noko eg både var tiltrekt av og litt skremd av. Eg frykta at eg skulle få eit eller anna kall frå Gud som eg absolutt ikkje ville ha, som å reisa til ein eller annan skummel plass for å forkynna eller som å koma med profetiar. Me vart oppfordra til å be om ulike nådegavar. Eg bad alltid om å få kjærleiken sin nådegave fordi den virka minst skremmande.

Ein kan vel trygt seia at eg hadde ein ekumenisk barndom og oppvekst, men etterkvart landa eg nokså solid i det telefonkatalogen omtalar som «Kyrkja den norske». Eg høyrer med jamne mellomrom menneske beklaga seg over alt dei gjekk glipp av fordi dei hadde ei ungdomstid i kristne miljø. Sjølv har eg inga slik oppleving av det. Eg synest eg hadde ein spennande og fin periode som tenåring og ungdom, og er spesielt takknemleg for at me i mitt miljø vart så opprfordra til å retta blikket utover, til å forstå at kjærleiken til andre var likeså viktig som kjærleiken til oss sjølv, og at det var uendeleg mange som trong at nokon var der som lys og salt og berarar av Kristi kjærleik. På same tida var eg aldri fastlåst i kristne miljø. Eg hadde venner frå mange andre miljø og, og eg spelte teater og reiste på hytteturar med venner som ikkje høyrde heime i kristne samanhangar. Paradoksalt nok, så innser eg nå at eg som ikkje hadde foreldre med sterk trus-tilhøyrigheit, hadde ein heilt annan fridom enn fleire av vennene mine som hadde det. Av foreldra mine vart eg oppmuntra til å vera med på ting som det for nokre av dei hadde vore utelukka å delta i. Dei var, kanskje med ein viss grunn, tvert i mot litt redde for at eg skulle bli ein trongsynt fanatikar. Sjølv meiner eg i mitt overmot at slikt har eg aldri hatt anlegg for, men ein ser jo ikkje seg sjølv frå utsida… Eg har aldri hatt behov for å frigjera meg frå ein trustilhøyrigheit eg er sosialisert inn i. Håkon Dahl fortel at han opplevde å høyra mora seia at det vart så trist for henne i himmelen viss han var i helvete. Slike utsagn var uendeleg langt frå min oppvekst, og det er eg sjølvsagt glad for.

Mine fire barn har vakse opp «i ei kyrkje» slik eg alltid sjølv drøymde om å gjera det. Eg tenkjer tilbake og håpar at dei har opplevd det mest fint og at dei har fått med seg noko viktig ut i livet. Dei vart tekne med i kyrkja og på sundagsskule nesten kvar sundag frå dei var nyfødde, eg har lese masse kristne bøker for dei og bedd aftenbøn med dei. Me har teke dei med på kristne festivalar og leirar. Sjølvsagt ville eg gjerne at dei skulle finna sin plass i det store kyrkjelandskapet der dei trygt høyrer heime. Samtidig veit eg at eg må gje dei den same fridomen til å skapa sine liv som mine foreldre gav, og alltid har gitt meg.

Kva er trua for meg? Meir enn noko er ho den kostbare perla ein handelsmann ein gong fann som var så verdifull at han var villig til å selgja alt han åtte om han kunne få ho. Trua mi har vore og er svært viktig for meg. Ho tek meg inn i rom som er heilt annleis, men samtidig gjer ho alle dei andre livsroma endå viktigare for meg. Eg har ei tru som gjer at eg har tru på at eg høyrer heime og har ei oppgåve alle stadar eg til ei kvar tid måtte vera, og ho gjer meg ein høg himmel over livet. Samtidig tenkjer at livshistorier som den Håkon Dahl er villig til å dela, romar så mykje smerte at me som liker å tru me er «rett-truande», verkeleg må tenkja og kjenna etter kva me formidlar til andre. Ikkje minst til barna våre.

Sundag 19.april blir ein spennande dag. Då har eg fått lov til å vera gjest på kveldsgudstenesta i Bryne kyrkje og temaet er «Er kyrkja truverdig?» Eg gleder meg veldig og er spent. Eg kjem til å fortelja og lesa dikt, i tillegg til å snakka om temaet. Leif skal samarbeida med meg og visa fotografi på storskjerm, Torhild skal spela piano og ikkje minst har eg fått lov til å invitera Randi Engelsvoll med band som skal framføra viser eg og Randi har laga saman. Det hadde vore eit av mine store ynskje om både familie, venner og facebookvenner hadde hatt lyst til å koma. Eg har og eit par personar til eg svært gjerne ville hatt med meg som «venner med ei oppgåve»…

16168066283_6ae95773de_o(1)
Foto Leif

Eg har lyst til å slutta med eit fint og viktig dikt som stod i STREK i samband med temaet over. Det er der i frå eg har henta overskrifta til dette blogginnlegget.

Säg dem
det som vinden säger til vidderna
och havet til höjderna

Säg den
att en gränslös godhet genomströmmar allt.
Säg dem att Gud inte är som de trir
utan ett vederkvickande vin
en fröjdefull fest
där var och en får och ger.

Säg dem at han allena vet ditt verkliga namn.
Tala till dem om hans klingande skratt
och hans andlets klarhet
som du anar i skymningen.

Säg dem at han är din rymd och ditt mörker
din smärta och din glädje.

Men säg dem också
att han inte är sådan du säger
och att du ingenting vet.

av ukjend forfattar.

Heidi

Reisebrev frå Stavanger

image

Sidan eg er ein hund etter å skriva reiseskildringar, så har eg funne ut at eg ikkje treg å reisa så frykteleg langt for å skriva eit reisebrev. Nå er eg for eksempel i Stavanger, og sit akkurat nå på kulturhuset og lafar mobilen min. Rundt meg blir det snakka høglydt på mange språk som ikkje er norsk. Detteer tydelegvis ein samlingsplass for folk som har lyst til å prata. Den einaste stemmen eg forstår snakkar svensk.

image

På to storskjermar på veggen viser dei to ulike program utan lyd. Det eine er dokumentaren om aktiv dødshjelp, det andre er ein skiskytingskonkurranse. Det dannar ein slags surrealistisk kulisse for opphaldet mitt i eit rom fylt av lydar eg ikkje forstår. Eg fekk grabba med meg notisbok og penn i dagmorges, så planen nå var ei skriveøkt, eg hadde tenkt å skriva dikt eller viser eller noko, nå vart det mobilblogging i staden… Det er ein tålmodskrevjande og langsameleg prosess som passa meg veldig godt akkurat nå.

image

Eg har vore så heldig å få med meg ein ny versjon av Sunniva sitt stykke, framført av Skeidsvang vidaregåande skule. På trass av at replikkane var så godt som identiske, så hadde dei løyst det heilt annleis med tanke på dramaturgi og scenografi. Dei var kjempeflinke dei og, og det var veldig kjekt å sjå på. Eg kjenner at eg saknar nok litt å driva med teater sjølv etter at eg la opp som dramalærar. Det klør litt i fingrane.

Etterpå har eg drive rundt og kikka på folk. Det er noko av det kjekkaste eg veit å bare susa rundt på denne måten ein gong innimellom. Eg har ein teori om at mange menneske tek seg alt for lite tid til å vera kreative. Eg lurer på om den nye trenden med fargebøker for vaksne understøtter denne hypotesen? Eg har nemleg sett fleire slike i dag:

image

Eg fekk faktisk nesten litt lyst på ei sjølv… Så har eg ete lunsj med to flotte damer eg trefte på, motteke løpeseddel om åttande mars arrangementet i byen og vore på byvandring i lag med store mengder cruiseturistar i ekte vestlandsk vårregn. Livet er godt og det er kanskje på tide å tenkja på toget heim… Om det då ikkje skulle skje noko som virkar meir forlokkande…

 

image

Heidi

Grøn lykt av glas

image

 

Er du ei mormor?

spurde seksåringen

då eg sa god morgon.

Eg svara at det hadde vore fint,

men enn så lenge

var eg nok bare ein vanleg lærar.

 

Så nå går eg rundt

forkledd som mormor,

tenkte eg lattermildt,

og det eg ikkje er kan eg kanskje bli?

 

Som ein mormorforkledd lærar

blir det nesten litt høgtid

over å gå opp trappetrinna

for å tenna morgonlykta.

***

 

Så tenner eg grøn lykt av glas

Eg set ho i vindaugskarmen

og let morgongullet leggja seg

der ute kring tre og sandkassar.

 

Barna,

desse velsigna mjuke

sårbart levande

med framleis ny undring

i morgonblikka

og bustete hår etter strikkeluene,

det er dei eg skal ta i mot dagen med.

 

Ta i mot den første morgontimen

som kjem på tida i dag og.

 

Nå kan dei tusen kråkene våre

letta i det første lyset

slik dei alltid gjer det.

 

Velsigna vere torsdagsmorgonar

når verda er i rute,

me skal  leggja dei inn i bøker

med skakke dansande barnebokstavar,

teikna dei med tjukke nyspissa fargeblyantar

og veva dei inn i perlekjeder.

 

Her er det nokon

som skal bera slike morgonar

inn i resten av livet.

 

Me er ofte på heilag grunn.

Heidi

 

15965998482_08bee3f558_b

 

 

IMG_3766red

 

 

 

Dit hvor rosor aldrig dör

bølge i vind

Nede ved havet fell tankane mine på plass. Der forstår eg kor lita eg er i den store samanhangen. Sjølv når havet er opprørd og bølgjene er brå og skummande, veit eg at bølgja bare er ein veldig liten del av det uendelege store havet. Det ligg der og finst til medan brenningane bryt og bølgjene rullar som hjarteslag i den store samanhangen.

For to dagar sidan skreiv eg på bloggen min at eg hadde ei farmor enn så lenge. I dag har eg det ikkje lenger. Ho gjekk i frå oss i går, ho sovna inn etter å ha vore alvorleg sjuk i litt over ei  veke. På laurdag reiste me inn til henne, og ho var vaken og klar i mykje større grad enn eg hadde forventa. Ho var så glad for å sjå meg, og me fekk snakka med kvarandre. Eg fekk halda ho i handa og møta det varme og smilande blikket hennar. Framleis svarde ho på ekte farmorvis då eg spurde om ho var trøytt: «Ka sko nå eg vara trøtte for, eg så har lege her i denne sengjå heile dagen?» Timane var heilage og eg hadde ikkje lyst til å reisa frå henne.

Det er mykje eg kunne ha lyst til å skriva, men eg skal ikkje gjera det i dag, i alle fall ikkje her. I dag skal det bare vera stille. Eg vil ikkje skriva noko som er feil eller forhasta. Tida kjem. Det einaste eg har lyst til å skriva er at eg håpar farfar kom og henta henne. Det er lenge sidan han for frå henne nå. Eg veit ingen som var så over alle grenser glad i mannen sin som farmor var. Det er eit fint minne å ha med seg.

Ho likte ikkje å bli fotogafert, og stivna ofte til framfor kameraet. For eit års tid sidan fekk oldebarn og fotograf Borghild knipsa eit par bilete som viser ei humoristisk og sterk dame høgt oppe i nittiåra. Eg trur fleire av oss fablar om å ha arva dei genene.

Foto: Borghild Ree Strand.

Kvil i fred, farmor. Eg har vore uendeleg glad i deg, og eg veit at mykje av det du var og stod for lever vidare i barn, barnebarn og tippoldebarn. Eg liker å tenkja at nå kan du vera i lag med farfar. Hels til han!

Heidi

Mor- og dotter-språket

Eg har store mengder halvferdige dikt liggjande. Eg håpar det skal bli ei ny diktsamling, kanskje til hausten. I dag byr eg på eit av dei. Det er sikkert fleire enn meg som erfarer at om ein snakkar med mor si eller dotter si i telefonen, så tek det ca fire ord før ein veit mykje om korleis den andre parten har det bare gjennom å intuitivt analysera lyden av stemmen. Eg har ei mor, to døtrer og enn så lenge til og med ei bestemor eg kan kommunisera med på denne både vanskelege og fine måten. Og forresten, det fungerer mellom systrer og…

 

image

 

Me snakkar mor- og dotter-språket

 

Halvparten av orda

er ikkje ord lenger

bare reine impulsar

langs nervebanane,

inne i blodårene,

i ein underklang i stemmen,

i eit uskrive komma,

i ein parentes ingen andre kan sjå,

i dette ordlause kaoset

utan punktum og kolon,

som minst må vera ei oppgåve

for større lingvistar enn oss sjølve.

 

Men me står her

med øyra opne,

med auga på stilk,

med døra på gløtt.

og mobilen på lydlaust

 

Me senkar gardane,

tek silkehanskane av og på,

opnar og lukkar glidelåsane

i dunjakkar og anorakkar,

medan me veit betre enn noko

at minst to hjarte bankar

vemodsømt og hjelpelaust kvar for seg

og at det kan gjera merkeleg vondt

å skjøna så mange språk.

Om alt det andre skulle svikta,

har me alltid huda og minnene,

dei kan me pakka oss inn i

som gode varme ullteppa

frå den gongen

me framleis

hang fast i kvarandre.

 

Nå hender det at

me  må ty til blomar

til lette nynnande dagar

i januar og juni

eller til den klare blå fargen

i mellomromma mellom orda.

image

 

 

Heidi

 

Forandring fryder

image

Eller «Forandring frydar», som det heitte i Sunniva sitt nynorske originalmanus. Tidleg tysdag kveld henta me Sunniva på flyplassen. Ho kom rett i frå praksisklasseromet der aust ein plass. Eg hadde stressa litt med at me kunne bli for seine til premieren dersom flyet var meir enn litt forsinka, men heldigvis ende me opp med å få god tid, og Sunniva kunne troppa opp på Stavangerpremieren med syster, bror, svoger og mor på slep. I den vesle foajeen på kjellerteateret venta det oss ein skjerm med denne påskrifta, og med bilete frå forestillinga.

image

Eit av grepa regissørane har gjort, er at dei ulike ungdomane av og til opptrer i rollen som lærar, då med finurlege dialekter, masker som liknar mistenkjeleg på Torbjørn Røe Isaksen, og til dels med utsegner og kroppsspråk som viser at dei eigentleg har forstått fint lite av dei dilemma elevane deira, dei sju ungdomane, står midt oppi. Jenta som ser på oss, nærast oss i første rekkje på dette biletet, er forresten Margrethe Sofie, som har vore eleven min både på skulen og på drama og skapande skriving i kulturskulen. Det gjer det jo ekstra kjekt for både Sunniva og meg at me kjenner ein av skodespelarane. Både ho og dei andre ungdomane gjer ein strålande jobb.

image

Og Arne Nøst har laga ein kjempefin plakat.

Eg har veldig mange gonger vore på premieren av stykke eg har laga sjølv, men oppdaga at eg var minst like spend og nervøs nå når det var Sunniva sin tur. Og så på Rogaland teater då, heldige ho…

Det er ikkje så veldig mange stolar på kjellerteateret, og denne kvelden var det fleire som melde at dei ikkje hadde fått billettar. Eg hadde lese manus, og visste sånn ca kva me hadde i vente, men manuset var så langt at regissørane hadde måtta ta nokre val på kva scener som ikkje kom med, så ikkje alt eg venta på skjedde slik som eg hadde trudd. Eg lot meg imponera. Det einaste eg reagerte negativt første gong eg såg det, var språkbruken. Var det nødvendig med banning på scenen? Sunniva meinte at det var det, om eit par av desse ungdomane skulle vera truverdige, for det er slik tonen er veldig mange i ungdomssmiljø… Det kan henda ho har rett.

I alle fall var det eit manfoldig typegalleri ho hadde. Først virka dei som prototypane alle kjenner att, nerden som bruker all si tid på eksamenslesing, ho som har draget på gutane, men eit frynsete rykte, ho som er opprørsk og sint og kjem på kant med alle, han som sjarmerer alle damer med eit stort smil og kjem unna med det, og så vidare. Det som skjer med desse karakterane er at me gradvis forstår at det er ganske mykje under fasaden me aldri får sjå, og at det å vera ungdom og menneske generelt er meir komplisert enn ein skulle tru. Alle har tankar, erfaringar og løyndomar dei ber inne i seg, og som dei ikkje vil at dei andre skal få vita om. Dei har lengta til vaksenlivet og til å bli ferdige med vidaregåande skule, men eigentleg er dei skrekkslagne alle som ein. Visst har dei lært kor høg Galdhøpiggen er, og dei kan berekna volumet at ein sylindar, men kan dei skifta sikringar, betala rekningar og ta vare på seg sjølve?

Dette er moderne teater med få andre virkemiddel enn to mikrofonar, som viser seg å kunna brukast til mykje, nokre enkle pappmasker, sju raude ballongar og ein stol til kvar. Eg er imponert over kva regissørane, Carl Jørn Johansen og Nina Godtlibsen har fått til ved hjelp av desse rekvisittane, sju ungdomar og ein intimscene.

På slutten kjem ein replikk som rommar omtrent dette: Dei vaksne hadde mange tankar om kor udugelege me var, men forstod dei at me verkeleg gjorde så godt me kunne?

I eit av intervjua sa Sunniva «Når vaksne skal skriva tekstar for ungdom, kan det sjå ut som om dei trur at ungdom bare er opptekne av sex og alkohol, men slik er det faktisk ikkje.» Alle sju ungdomane har mange tankar om kva livet eigentleg dreier seg om. Ikkje alt viser på overflata.

Nå kan sikkert dette sjå ut som om stykket er mørkt og gravalvorleg, men det er veldig mykje humor der og.
Eg lurde på på førehand om eg ville våga å vera ærleg dersom eg ikkje syntest at forestillinga var heilt vellukka. Det slapp eg å ta stilling til, for eg liker ho veldig godt. Eg kan med stort frimod faktisk anbefala folk å gå for å sjå. Det er framleis heile 16 forestillingar att, så teateret har verkeleg våga å satsa. For skodespelarane er det sjølvsagt veldig kjekt med fulle hus, men på den eine forestillinga eg var på, viste dei at dei kan spela like profesjonelt med mange ledige stolar.

image

Etter premieren vart Sunniva ropt fram og fekk nydelege tulipanar og gode ord. Dei fekk vera att i stova vår sidan ho måtte nesten rett tilbake til lærarskulepraksisen sin. Premierefesten vart for vår del pizza og brus, som me plukka med oss på veg heim, heime hos Ingrid.

image

Sidan eg har jobba mykje med teater sjølv er eg van med å sjå stykka mange gonger, det var derfor nokså opplagd for meg at eg blei med for å sjå stykket saman med Leif, foreldra mine og syster mi dagen etterpå og, og då eg fekk spørsmål om å gå i lag med Torhild, og mi flotte fadderjente Maren dagen etter det, så var eg ikkje vanskeleg å be då heller. Eg må innrømma at eg syntest det var litt flautt å dukka opp på teateret tre kveldar på rad, så eg håpa ingen kjende meg att på torsdagskvelden… Eg kjende meg litt i fare for å bli sett på som ei skikkeleg «Tiger- mum». Eg såg nye ting på kvar forestilling, og merkeleg nok så blir eg aldri lei av å sjå eit teaterstykke mange gonger. Siste kvelden mista eg mobilen min på veg frå bilen til teateret, men me ringde han opp etter to timar og møtte ei veldig hjelpsam dame som hadde funne ein klissvåt mobil på gata. Ho gjekk ut for å sjå etter oss, og bad oss sjå etter ei dame i knallgrøn kåpe. Det føyer seg inn i ei lang rekkje med hjelpsomme menneske som har dukka opp gjennom livet for å gje meg tilbake gjengløymde lommebøker, handvesker og mobiltelefonar. Det skjer meg faktisk kvar einaste gong, så eg stemmer i med meg sjølv og ropar høgt at folk er betre enn sitt rykte… Maren, som var med meg på jakt etter mobilfinnaren sa det rett ut til henne. «Dette skjer Heidi ganske ofte»…

Og Sunniva har verkeleg fått svingt seg i aviser, på lokal TV og på lokalradio i samband med dette. Det må vera ei nesten surrealistisk oppleving. Så heldig ho var som fekk med seg dette. I alle liv skjer det rare og uventa ting av og til. Dette må vera ein av dei. Og eg, ja eg skal sjå stykket i alle fall ein gong til, og så håpar eg at eg får sett eit par av dei andre variantane av stykket, som blir sett opp andre stadar i landet omtrent akkurat nå.

Heidi

Henta inn att av dei kanskje heilt vanlege dagane

imageSå har ein ferie gått inn for landing og kvardagane er tilbake. Det vart nokre fine dagar etter at me kom heim og. Sunniva kom overraskande heim for å vera med på pressevisning og pressekonferansar på stykket «Forandring fryder». Det er alltid fint å ha ungane heime, det skal bare innrømmast, og før ho reiste i går hadde me ei lita markering med pannekaker og sundagskaffi. Storebror kom og innom, nå kjører han til og med bil. Sunniva kjem faktisk tilbake i morgon for å vera med på premieren inne på Rogaland teater. Ho er i praksis akkurat nå, så ho spring rett frå klasseromet for å rekka flyet sitt. Eg stresser litt med at flyet ikkje bør vera mykje forsinka dersom me skal rekka det, men det vil vel helst gå bra… Før var eg alltid ute i siste minutt for ikkje å bruka livet mitt på å venta på tog og avtalar, men noko har skjedd dei siste tjue åra. Nå trivst eg best med å ha veldig god tid.

image

Etter å ha kjørt den reisande til flyplassen rakk me ein spasertur langs Solastranda før det vart mørkt. Den blå timen kom og gjorde alt halvmørkt, blått, vemodig og vakkert. Det er veldig mykje lenger lyst om ettermiddagane enn det var for bare 3-4 veker sidan, så våren er på veg i år og.

image

image

image

Og i dag venta klasseromet. Eg hadde teke med meg ein venn frå Spania som trong litt opplæring i matematikk.

image

Vel heime oppdaga eg plutseleg dette heilt spesielle lyset. Eg trur det skuldast ein kombinasjon mellom solnedgang og regnver.

image

Nå har eg førebudd ein liten hinduistisk navnegjevingssermoni til rle- timen i morgon og skrive litt på noko eg håpar skal bli ei ny diktsamling. Det er spennande å jobba med dikt. Eg prøver å tømma tankane å sjå kva for nokre bilete, tankar og ord som dukkar opp. Eg veit aldri heilt på førehand kva det er, og eg prøver å fanga slikt eg aldri heilt har sett ord på før. På skrivebordet mitt har eg ein malande katt, men han har eg skrive om mange gonger. Nå er kvelden her allereie.

Heidi