Eg er vel heime att frå Madrid og sit her med mange inntrykk. Nå har eg lyst til lima den siste føremiddagen eg hadde der inn her, og så har eg lyst til å sjå kor inntrykka tek meg hen sånn etterkvart. Eg forelska meg i estetikken og fargane i byen. Det var til å bli glad av. Glad og litt vemodig. Plutseleg var me med begge beina i ein ny vår. I det siste har eg brukt ein del tid på å lesa Beatlesbiografiar, og George Harrison sin vemodige tekst og melodi «All things must pass, song mjukt og vemodig i hovudet mitt.
Karneval og fastelavn blir feira, ikkje heilt som hos oss med bollar og fastelavnsris, men med omtrent dei same fargane som på fjørene…
Her står den bittelille mannen i gata og spelar gitar. Dersom ein såg nærate etter, så var han ikkje heilt ekte, det var sånn ca det trikset med verdens minste mann der to personar er involvert, ein som hender, og ein som føter og hode. Eit velkjent nummer frå underhaldningsbransjen i kristne ungdomsmiljø.
Og i den same gata møtte me Jesus i form av ein variant av metallmenn, Mikke Mus, Charley Chaplin, folk som sit i nesten lause lufta og som står i dei merkelegaste stillingar. Først syntest eg det var litt merkeleg med ein person som hadde kledd seg ut som Jesus for å få pengar. Så blei det ganske sterkt å sjå han i kvardagsmaset midt mellom alle menneska. Eg tenkte at han kan eg få bruk for som eit illustrasjonsfoto. Mannen var ikkje sminka eller hadde maske og parykk. Han var rett og slett heilt lik det kanskje litt klisjeaktige biletet me har av Jesus frå plansjar og sundagsskulekort. ( Og eg anar ikkje korfor skrifta plutseleg vart blå. Eg har prøvd å fiksa på det, men treng viss litt hjelp.)
I gatene var det ein del tre som sikkert er vintergrøne. Det gav eit veldig vårleg uttrykk. Folk hadde til dels brukt kunstige blomar i amplar og på verandaar, for å gjera vinteren litt mindre overveldande.
Denne maska vurderte eg sterkt å kjøpa til min kjære komande svigerson. Eg trur han ville elska å kle ut seg og mopsen sin til å vera like. Eg bestemte meg for at ho var i dyraste laget. Nå angrar eg. Dersom eg kjem over ei slik ein gong til, så skal eg kjøpa ei til deg, Oddvar.
Men denne fyren er ein heilt ekte hund som stolt vaktar territoriet i frå vidusverandaen sin.
Og vel heime kunne eg pakka opp ikonet mitt frå Madrid. Eg tenkte lenge før eg kjøpte det, for eg ville velgja eit motiv som hadde noko å minna meg på. Eg lar meg inspirera av orda Maria i følgje tradisjonen skal ha sagt til engelen Gabriel. «Eg er Herren si tenerinne. Det skje med meg som du har sagt.»
Og heime var Sunniva komen heim på overraskande besøk for å vera med på ei pressevisning av stykket hennar som har premiere på tysdag. Nå er ho i Stavanger med Ingrid og i kveld skal me samla alle med unntak av Halvard som er i Oslo. Det blir koseleg.
Heidi
Utan estetikk, ingen etikk står det å lesa på ein bygning i nærleiken her. Og spanjolane er verkeleg flinke med estetikk. Bryne er ikkje heilt i same divisjonen for å seia det slik.
Til og med gateskilta ser ganske tiltalande ut…
Og det er ikkje noko å seia på designen på postkasser og bygningar heller.
Dette er vinduet inn til ein bruktbutikk.
I bokhandelen er det puter og puffar der folk kan setja seg ned for å lesa i bøkene.

Og på hotellet vårt er det ein litt overdådig og særeigne stil.
Og kva med etikken? Det får eg tenkja på til i morgon… Eg vart så søvnig av å sjå biletet av senga… Klokka er snart to om natta, og i morgon kjem tida for heimreise. I kveld har me vore på musikal og sett «Prisciilla reina del desertio». Eg må innrømma at eg forstod svært lite av det som vart sagt, men musikken var fin og kostymene fantastiske.
Heidi
Denne blide mannen sit ved nedgangen til metroen og spelar tangoar på trekkspel. Han er flink.
Hilde og eg måtte tilbake ein snartur til det me kallar julekrybbebutikken. Her kan ein mellom anna få kjøpt dei mest fantastiske handlaga figurar til julekrybber. Figurane er stort sett handlaga og handmalte i ulike materiale. Det er ikkje noko problem å koma opp i eit femsifra beløp. Eg har ikkje fått ny julekrybbe, men eg reiser heim med eit handmalt ikon i kofferten.
Etterpå vart det ein tur ned til elva og inn i ein park. Det er nydeleg vårver, og det var kjekt å sjå litt meir enn bygatene.
OTusenfryden blømde alt på plenane.
Og me såg ein flokk sterkt grøne fuglar som kunne minna om undulater, men dei var mykje større.
Slike tre har me heller ikkje heime. Det har store belgfrukter, nesten på størrelse med bananar. Det kan vera at eg er heilt på viddene. Eg tek gjerne i mot opplysningar både om fuglane og treet.
Heidi
Det finst mange måtar å koma seg rundt i byen på, for oss har beina i grunnen vore det greiaste.
Det finst så mykje å kvila auga på at du gløymer nesten at du går…
Og det var visst godt at me gjekk mykje, for me fekk det for oss at me måtte smaka på ein spansk spesialitet.
Unnskyld, Grete Roede, frå nå av skal eg vera eit godt menneske… Kanskje er det ein formildande omstendighet at me ikkje orka å eta opp, og at me gjekk oss vill etterpå…
Og desse var me på ingen måte borti ein gong…
Det er ikkje så farleg å gå seg litt vekk når ein er midt i eit eventyr.

Eg må tenkja meg litt om kor vidt eg synest det er ein god ide eller ikkje å laga Jesus- barn dokker med påskriften » din beste venn «.
Så det har eg venta med å kjøpa til eventuelle komande barnebarn eller andre barn.
Derimot har eg kjøpt to par miniatyr filttøflar frå Nepal. Eit par rosa narretøflar og eit par kvite kanintøflar. Det hender jo at nokon eg kjenner får babyar.
Me fann eit kommunalt bed der alle dei fine blomane var pyntekål. Og me fann to nonner som ikkje ante kor operaen låg. Til slutt fann me ein som kunne hjelpa oss ut av det uføret det var at me hadde gått i ring to rundar.
Og til slutt fann me rett og slett vegen heim til hotellet.
Heidi
Eg og Hilde var klare for nye spanske eventyr i dag medan mennene våre var på skuletur utanfor Madrid. Det einaste eg visste at eg ville sjå etter var ein Ganeshafigur, ein liten indisk elefantgud. Det har eg sakna i fleire år i RLE- undervisninga. Elles så var eg heilt klar i staden for å oppdaga dagen gjennom Askeladd- metoden, det vil seia å leggja ut i verda med eit nyssgjerrig pågangsmot og vera klar til at kva som helst kan skje, og at det sikkert blir noko interessant. Det vart det. Me har hatt ein fantastisk dag. Me fann ein fin maskebutikk. Eg har alltid lyst på ei fin maske, og tek meg sjølv i å tenkja ut teaterstykke der dei kunne passa inn. Dei kunne vore fine på veggen heime og, men dehar eg litt frå før. Eg var heller ikkje sikker på om eg ville få dei med heim, og så kosta dei litt… Det ende med å fotografera i staden for å kjøpa, men turen kan jo gå dit i morgon og…
Elles er det alltid ein opning for dei kjøpeglade, kanskje ein Jesus – figur i storleik med ein fireåring, eller ein liten pave til stova ?
Ganeshafigurar viste seg å vera vanskeleg å finna, men etterkvart fann eg ein som var litt for dyr.
Men Hilde fann ei fin veske.
Og det var så fint ute i gatene.
Til slutt fant eg ein butikk der dei hadde Ganeshafigurar til ein betre pris, og litt av kvart anna fint.
Eg har så lyst til å visa fram endå meir av atmosfæren frå byen i dag.
Det er så mykje å festa auga på.
Kvitløk-nanbrød.
Indisk lunsj.
Thai- restaurant.
Mathallen om kvelden.
Som det vil framgå, så vart eg heilt hekta på å leika reisejournalist. I kveld fekk eg lyst til å prøva å fortelja ein historie mest utan ord. I morgon lovar eg å ikkje ha fullt så mykje på hjartet…
Heidi
I går kveld drog me ut for å sjå eit stort karnevalsopptog. Det var langt og imponerande, og folkemengden var som på 17. mai og jærdag samtidig. Me gjekk langt for å finna ein plass der det gjekk an å sjå litt i alle fall. Det er lite krembollar å sjå her på fastelavnssundag, men som katolsk land så feirar dei i alle fall karneval før fasten set inn.
Eg får litt lyst til å læra meg å gå på to meter høge stylter med prinsessekjole. Det kunne vera noko å slå til med i arbeids- og selskapslivet, så nå set eg det på lista der eg har skrive ned slikt eg har lyst til å læra meg, som til dømes buktaling og stepping…
Her på hotellet vart me oppgraderte til eit nytt og større rom med badekar og balkong etter uhellet med baderomsflisa som nesten slo meg i bakken. På det nye romet venta det snop og nedkjølt sjampanje som plaster på det såret som heldigvis kunne seiast å vera bokstaveleg talt heilt minimalt.
Og sidan eg har utlevert hotellet med å skriva om ulykka, så får eg fortelja om sjampanjen og. Eg er kanskje ikkje den mest takknemlege sjampanjemottakaren i verda, men tanken var god. Og eg har alltids nokon å dela godsaker med. Det blir mange innlegg her i dag, men det er av publiseringstekniske grunnar. I- paden min klarer ikkje så lange innlegg om gongen. Eg har faktisk lyst til å skriva endå meir i kveld, men me får sjå det an litt…
Heidi
Det er veldig mange kortvokste menneske her. Eg føler meg nesten høg med mine 161cm over bakken, og det er det ikkje ofte eg gjer. Her ser eg rett inn i auga på menn med hatt og frakk, og høgt over hovuda på bittesmå damer i pels. Det er ei uvant kjensle. Midt i ei sterkt befolka bygate, såg eg ei bittelita gammal dame sitja og spela på lirekasse. Ho var så nydeleg der ho sat, og eg fekk så lyst til å fotografera, men ville ikkje virka påtrengjande. Eg tok eit bilete halvvegs i smug, så gjekk eg bort for å leggja ein mynt på trekassen på lirekassevogna. Då såg ho opp på meg, ho smilte under skautet og takka. Så strekte ho seg etter noko ho ville gje til meg.
Så gav ho meg eit Jesus- kort. Eg vart litt rørt over at ho dreiv sin eigen form for gate- evangelisering, og kanskje sat der og bad for eller velsigna dei som gjekk forbi på gata.
Bak på kortet stod det ei bøn og nokre vers, som slutta slik omtrent på norsk…
Og slik gav Magdalena
smerte og kjærleik på sin måte.
og slik gir me og til Herren
bøner, kjærleik og smerte,
og i alle ting eit kjæleikskyss.
Ho stod for gudstjenesten min i dag. Ho og mor Teresa. Eg har kjøpt ei bok på kindelen min skriven av mor Teresa med daglege refleksjonar og meditasjonar. Teksten for i dag var om å tena kvarandre med stille og lyttande kjærleik og om å ikkje snakka stygt om kvarandre, men trena seg på å ikkje seia ting om andre som kan bli dei til sorg eller skade. Eg seier amen, og prøver å ta i mot dei kloke orda med lyttande kjærleik.
Heidi
Etter ei lang sundagsvandring i byen, har me nå sett oss ned på ein kulturkafe med skrivesakene våre. Me har nemleg høyrt at det er kunstnarisk å sitja på kafear rundt i storbyane og skriva, så det har me tenkt å prøva ut…
Eg er forresten stolt av at eg klarte å bestilla to kaffi og eit stykke gulrotkake på spansk. Spansken er ikkje akkurat veltrimma, men på tur med tre spansktalande personer, så kjenner eg at eg har veldig lyst til å læra meir.
Madrid viser seg frå ein vennlege sundagsvinkel i dag. Sola skin og etter eit par kvartal så var det bare å kvitta seg med den ulljakken eg hadde under kåpa.
Me me har vore innom mathallen på San Miguel som me vart anbefalte. Der kokte det av folk og utvalet var skikkeleg imponerande. Viss me får tid, så vil me tilbake ein dag og ei tid det ikkje er fullt så folksomt der.
Me hadde høyrt rykte om ein loppemarknad lenger aust i byen, og fann fram til slutt. Det var mykje kjekt der å sjå på, og mykje kjekt å fotografera.
Heidi

står det i salmen… I går, på fredag den trettande, hadde alt ein lukkeleg ende, og dei to flyturane eg hadde grudd meg til sidan eg har litt flyskrekk, var rett og slett koselege. Så når ein minst ventar det… Eg står på badet på vårt hyperfancy, men litt slitte hotell, og anar fred og ingen fare når noko tungt streifer skuldera og brystet mitt. Så eit gedigent brak… Ei veldig stor keramisk veggflis har løsna frå øverst under taket og fale ned. Eg var ca fem cm frå å få ho i hovudet…
Eg slapp unna med å få skrapt litt hud frå handa og ankelen. Kanskje eit teikn på at det ikkje er grunn til å ha flyskrekk… Av og til føler eg meg rett og slett beskytta…
Og var dette verd eit eige blogginnlegg? Eg måtte bare dela lettelsen. Etterpå sette eg meg ned og lo. Det gjer eg alltid når eg har stokke skikkeleg. Det føltest ustyrteleg komisk at eg i verste fall kunne døydd av å få ei veggflis i hovudet ti minutt etter at eg hadde skrive at eg var spent på kva dagen ville bringa…
Nå sit me i den svært fancy spisesalen og et frokost. På nabobordet sit det ei dame og et eit stort jordbær med kniv og gaffel. Ha ein fin dag.
Ha ein fin dag 🙂



























































