Eg sit i stova i den koselege vesle leiligheten til Sunniva og dei tre andre jentene. Rett utanfor på gata er bylivet allereie i full gang. Ein mann kryssar gata med eit pappkrus me kaffi i den eine handa og ein sigarett i den andre. På det regnvåte fortauet framfor Seven- eleven har nokre duer morgonmøte. Trikkane dundrar forbi, og det store treet har fått eit gyllent haustskjær allereie, sjølv om det framleis er august og sommar.
I går hadde eg ein nydeleg fredag på toget. Det å sitja på eit tog, kikka på folk, lesa fine bøker og sjå landskapet utanfor halda separatutstilling av norsk natur i august, medan eg blir frakta til ein plass eg har lyst til å vera, det er min type god fredag. Det er ikkje kvar dag som har så god plass til å tenkja. I går sat eg og lurde litt på kva det er dette med minner og lukter.
Frå Kristiansand til Bø sat eg på sida av ei søt strikkande og lesende dame i heimestrikka lilla jakke. Me snakka ikkje så mykje saman, men ho sa at det var akkurat det same for henne om ho sat ytterst, eg kunne gjerne bli sitjande ved vindauget. Etterpå hjalp eg henne å finna ut korleis ho kunne regulert setet. Etterpå sat me og las i kvar vår bok, og innimellom strikkande ho på ermet til ein lilla barnejakke. Eg er heilt sikker på at me kunne hatt ein hyggeleg samtale dersom me hadde fått lyst til å snakka, og det var så fredeleg å bare sitja slik. Etter ei stund tok ho opp matpakken sin og åt eit rundstykke ho nok hadde kjøpt ferdig påsmurt med mellom anna kvitlauk på. Plutseleg var kroppen min tilbake til den tida då eg hadde det første barnet mitt, Odd Christian, nyfødd i armane for 28 år sidan. I eit glimt dukka det opp ei kjensle eg hadde gløymt, og eg var tilbake i følelsane mine frå den tida. Eit eller anna med ei eller anna lukt tok meg dit, og eg veit ikkje kva det var.
Eg opplever slikt av og til, det er så rart. Ei lukt kan plutseleg få kroppen min til å hugsa korleis det var å vera fire år. Ei lukt av ei spesiell handsåpe kan få meg tilbake til barneavdelinga og det same kan plutseleg lukta av eit dynetrekk på eit hotell. Det siste må vel vera knytta til eit spesielt vaskepulver eller strykemetode dei bruker på store vaskeri. Ofte kjem minne med bilete eller lydar, ikkje minst med musikk. Men medan lyd og bileteminne vekkjer ord eller bilete i hukommelsen min, så går lukter direkte i kroppen slik at eg hugsar følelsar og kroppsfornemmelsar. Eg klarer ikkje forklara det betre enn dette, og eg skal ikkje bruka meir plass på å prøva heller. Eg måtte bare setja ord på det. Eg lurer på om andre opplever det på same måten, eller om det er bare meg som er litt rar. Då eg sa til Milrid på jobb at eg ofte har assosierer eit menneske med ein farge, sa ho at det faktisk er ein slags diagnose på å ha det slik… Heilt sidan eg var lita har eg forresten lurt på om andre ser fargane på same måten som meg. Det kan me vel eigentleg ikkje vita…
På stasjonen vart eg møtt av ei flott dotter og ein flott son. Den førstnemnde insisterte til og med på å ta den store tunge kofferten min. Det var godt å sjå at dei begge var glade og fornøgde og likte seg i her i byen. Dei har sagt det på sms og i telefonen, men det var godt å sjå på ansikta deira at det faktisk var sant.
Og nokre fordeler skal ein ha av å ha mor på besøk, så me gjekk for å eta middag ute ein eller annan plass. Me ende på Olivia under ein varmelampe slik at me kunne sitja ute. Etter på gjekk me heim til Sunniva som var «aleine heime». Halvard hadde lyst på heimelaga vaflar, så då vart det vaffelsteiking og film.
Sunniva og venninnene har fått det veldig fint her. Nå har me ete frokost med Vilde og ei venninne av henne. Snart skal me ut og leva.
Heidi
I kveld var eg og Astrid i kyrkja for å høyra om og møta ei gruppe på ti palestinske, ti israelske og ti norske ungdomar som har vore i lag i ei veke for å gå turar, driva teambuilding, snakka saman om erfaringar og vanskelege ting, syngja saman og prøva å forstå einannan betre.
Prosjektet heiter «Brigdebuilders», og det var fjerde gongen det vart arrangert ein slik sommerleir i Norge. Gruppa skal møtast att i september og desember heime i Midtausten for å byggja vidare på samtalane.
Dei palestinske ungdomane er kristne, og israelittene er messianske jødar. Dette kunne ein tru ville gje dei ein viss felles plattform. Likevel fortalde fleire av dei at dei risikerte problem i heimlandet etter å ha vore med på noko slikt. Begge partar melde at dei var oppvaksne i to vidt forskjellige kulturar og fora med fiendebilete gjennom heile oppveksten. Samtalane hadde gjort at dei hadde møtt representantar frå fienden og opplevd at dei hadde mykje meir til felles enn dei hadde trudd, og at dei hadde hatt fine opplevingar i lag. Visst veit eg at dette er ein drope i havet. Likevel er eg s veldig glad for at nokon verkeleg arbeider alt dei kan med fred og forståing, sjølv om det tilsynelatande monnar lite. Det var sterkt å få velsiginga lyst på både arabisk, hebraisk og norsk ved slutten av samlinga. Då me kom ut av kyrkja hang regnbogen over oss lenge. Det kjendest nesten som eit skulderklapp.
Alle som har fulgt litt med på det som har skjedd i sommarmånadane knær, veit at verda ikkje er ein like vakker stad for alle akkurat nå. Det er meir enn me orkar å forhalda oss til. Men eg er overbevist om at me aldri må gje opp håpet om fredelege løysingar på vonde konfliktar.
Heidi
Så er me i gang att for full maskin framover. Det er noko eige med opningane av skuleåret. Skulegarden er full av elevar og foreldre. Lærarane står oppstilde ved flaggstonga, rektor ynskjer velkommen, flagget blir heist, og alle syng skulesongen vår:
» Ikkje langt frå Bryne sentrum, der ligge skulen vår,
an æ gammale å nye, an æ fine,
der ska me gå på skule i sju lange, goe år,
mens regne pøse ner, å solå sjine…»
Det er høgtideleg og fint, og to flinke jenter frå sjuande klasse er forsongarar med mikrofon. Plutseleg blir eg så rørt at eg nesten må opp med handa og få unna ei tåre og to. Eg tenkjer at visst er me heldige, trass alt, for dette er ein jobb som verkeleg berører oss som menneske. Det er ei varm og oppbyggjeleg kjensle å få gjensynsklemmar frå glade elevar, konstatera at dei har vakse i sommar, beundra nyklipt hår med grøn eller blå frisørlugg, og hol etter tenner som har falt ut, eventuelt nye tenner på veg opp. Etter end undervisning, og timar med planlegging av undervisningsopplegg, er det på tide med oppstart i kulturskulen i tre omgangar, med velkomsttalar, musikk, dans og opplesing. Nå har me gjort klar for overnattingsgjester som har kome med buss frå Oslo i fylgje med to store kontrabassar og eit lite flyttelass.
Nå høyrer eg dei kjem med lass to, så nå får eg dekka bord for sein kveldsmat.
Heidi
I dag har eg vore i gravferd. Ho som var død hadde vore alvorleg sjuk veldig lenge. Ho kjempa lenge i håpet om å bli frisk. Presten snakka om å kvila i grøne enger og om å vandra i dødsskuggens dal. Han snakka om gleda over å leva. Gleda og engasjementet.
Eg tenkjer ofte på det sårbare ved å leva, og med ein aldri så liten hang til hypokodri, så tenkjer eg ofte på å døy og på å mista nokon ein er glad i. Mange som er alvorleg sjuke har snakka på om den sterke trongen til å leva og om kor intenst livet kjennest når ein ikkje er sikker på å få behalda det. Svigermor som fleire gonger i livet var kreftsjuk, første gongen som småbarnsmor, fortalde meg kor intenst livet kjendest når alt var kritisk, og om kor forunderleg fort ein gløymer dette når livet blir normalt og kvardagane kjem.
Det er vel slik at me er konstruerte for kvardagane. Nokre gonger hugsar me å løfta dei opp og sjå det heilage i det vesle.
I ein kjælen katt som ikkje vil dela merksemda med ei avis.
I ein seinsommardag etter at det har regna.
I blømande røsslyng og klokkelyng, og det at det framleis finst humler her.
Det hender me ser det, men ikkje alltid.
Heidi
Som små regjeringar og som mange administrerande direktørar for kvar våre filialar innan same store firmaet, sit me der i timevis og legg premissane for kvar vår vesle verden. Timeplanane var klare i mai. Nå skal dei fiksast på, flikkast på, byggjast ut og fyllast med innhald. Dei som ikkje har vore med på denne store kabalen, ville nok blitt overraska over kor mange faktorar som spelar inn. Kvar klasse er eit lite samfunn der vaksne går ut og inn. Nokre skal ha ekstra hjelp til lesing, nokre skal ha ekstra språkopplæring og morsmålsundervisning, nokre lærarar skal passa på å få alle ut av gymgarderoben før dei på eit gitt tidspunkt skal vera klare til matematikkundervisning i eit anna klasserom, og nokon må få tid til å svelgja ein kopp kaffi og gå på do før dei er klare for vakt i skulegarden, samtidig som sistemann av elevane har fått på dress og lue og funne gummistøvlane sine i skogarderoben. Alt skal tenkjast ut, og det skal leggjast opp til smidigare ordningar for det meste. Alle skal få det mest mogleg optimalt, og elevane skal få dagane sine så godt tilrettelagt som det kan la seg gjera. Me sjonglerer alle dei vaksne sine timeplanar, og alle elevane sine behov, men det går aldri heilt hundre prosent opp. I neste veke er det nesten sikkert at nokon med rette seier: Det gløymde me å tenkja på.
Det var enklare før, for hundre, eller rettare sagt tjueni år sidan, då eg begynte å jobba. Då var me kongar og dronningar i kvart vårt vesle land, og kunne leggja premissane sjølv sånn etterkvart. Me hadde ikkje spesielt tett samarbeid mellom parallelle klassar ein gong. Men alt var ikkje betre før, tvert om, mykje er mykje betre nå. Du all verda så gode me er i lag når me bare får systema opp og gå, og alle kan bidra med det me er flinkast til og verkeleg lena oss mot einannan når me treng å tenkja klokt i saman. Nå skal me bare tenkja strukturar i halvanna døgn til, så skal me gjera det som er det spennande og kjekke, me skal fylla systema våre med sprell levande ungar, og i beste fall nyta synet av alle dei strukturelle tannhjula som sviv som dei skal. Om dei ikkje gjer det, så skal me ha vit til å gjera det verkeleg viktige uansett, møta ungane med varme og respekt. Resten går seg til…
Eg må innrømma at etter mange rundar med timeplanar, og ein innleiande runde med førebuande personalrevy, så var eg klar for sofaen. Det var katten og. Ein kan velja å kalla katten vår for usedvanleg kjælen eller ubegripeleg fordringsfull. Det blir eit definisjonsspørsmål. Ho har i alle fall veldig mjuk pels og kan mala veldig høgt. Og ho let seg rett og slett ikkje avvisa…
Det har regna så heftig i ettermiddag at om ein ikkje visste at det skulle vera sommar lenge endå, kunne ein bli lurt til å tru at det var haust. I morgon blir det opphald att, seier dei.
Heidi
I dag var livet nesten på dei vande hektene att, og me gløymde nesten at me har hatt ferie fram til i dag. Det var koseleg å klemma kolleger, drikka velfortent kaffi etter å ha stått i kaffikø og småhumra av vitsane på damedoen.
Overraskinga i dag var at dagen starta med ein time med ein standupkomikar som snakka om stamming og humor. Han var verkeleg flink. Det er aldri feil å le- Eit av sitata hans skal vera frå Bill Cosby og er om eg hugsar rett omtrent slik:
Du klarer alt så lenge du kan le av det.
Og det trur eg han har rett i. Eit anna sanningsord som eg har høyrd ein annan plass er:
Den som har sjølvironi har alltid noko å le av.
Vår venn frå i dag morges meinte at kvinner har eit langt forsprang på menn når det gjeld å le av seg sjølv. Det ville jo vore fint for oss damer viss det faktisk er sant…
Sjølvironi er ikkje alltid bare lett. Det er ikkje alle sanningar om ein sjølv som er like behagelege. Ein nær venn av meg sa her ein dag: «Veit du at du tek ganske stor plass når du er ute og er sosial. Du snakkar på utpust og innpust og andre må kjempa for å koma til orde…» Eg vart taus og mystisk resten av dagen, men det spørs om det var av varig karakter. I dag høyrde eg Helge Torvund på Pod-cast som snakka om at den finaste presangen du kan gi nokon er å lytta til det dei seier… Eit forsøk med alvorleg sjuke viste at det som hjalp dei mest ikkje var å få mange gode råd, men at nokon verkeleg lytta til det dei hadde å fortelja. Eg trur på det og…
Til mitt forsvar vil eg seia at eg er ganske flink til å lytta og. Eg gjer det ofte og med stor interesse både når det som blir fortald er retta mot meg og når det ikkje er det… Eg må bare hugsa å halda munnen lukka av og til… Tannlegen min seier at eg er den einaste pasienten hans som snakkar like godt med sånn avstøypningsutstyr inne i munnen som eg gjer utan. Eg forstod det som om det var vanleg at folk tagde stille den stunda dei hadde munnen full av metallbøylar og silikon. Eg spurde om me kanskje kunne visa det fram på sirkus eller noko, men det fekk eg ingen svar på… Men eg trur på far min som påstod at frå eg lærde å snakka som eittåring, så tagde eg sjeldan stille eit minutt om gongen til trass for at dei optimistisk dytta inn ein tutt, det hjalp ikkje-
Så unnskuld til alle dei eg har snakka i senk. Det er ikkje med vond vilje. Nå er den harde kvardagen her med striskjorte og havrelefse, og sjølvdisiplinerande aktiviteter på alle baugar og felt. Den som skal oppdra seg sjølv har alltid noko å fokusera på.
Heidi
















































