Gå til innhald

Det er sommar i september – ein slags visetekst

image

Det er sommar i september.
Kan det verkeleg gå an?
Roser blømer inn i hausten,
milde bølgjer slår mot land.
Nokon badar rett her ute,
fuglar flokkar seg og dreg.
Livet det har blitt september,
sommaren er att hos meg.

Tunge raunbær heng og gløder,
og potetgras blømer kvitt.
Det er sommar i september,
det er kyss i smilet ditt.
Sol av gull i horisonten,
vinden leikar som han vil,
det er sommar i september,
det er godt å vera til.

Det er sommar i september,
allting har si mogne ro,
takkar for alt som har vore,
sommaren har vore god.
Snart skal frosten kyssa jorda,
snart skal mørket falla tungt.
Me har sommar i september,
alt er framleis nytt og ungt.

Heidi

image

image

Det siste halvåret har eg hatt stor glede av å skriv små viser som kanskje er litt rare og naivistiske. Dette er eit forsøk i den retningen. Det er sikkert bare eit førsteutkast, men dei meldar at hausten skal koma sånn omtrent i morgon, så eg får skunda meg å posta medan det framleis er aktuelt.

Finaste september

15282161261_bb5296c64e_z

Eg trur ikkje eg kan hugsa maken til slike fine haustveker som dei me har hatt i år. På dagane er det nesten sommartemperaturar, medan kveldane er blitt kaldare, mørkare og skarpare. I går kveld, litt før halv åtte, bestemte me oss for å dra ned til sjøen. Eg trudde me hadde god tid til å nyta solnedgangen, for solkula hang framleis eit godt stykke over horisonten, men det viste seg at me faktisk var seint ute. Det gjekk opp for meg at eg ikkje heilt har forstått kor seint på året det har blitt, for dagane er framleis fulle av seinsommar. Då me nådde ned til Orrestranda, var sola i ferd med å siga heilt ned i havet, hylla inn i ein rosaoransje dis. Havet låg der og blenkte i kvitt og metall, og nokre lette skyer hang glødande og lyste lågt på himmelen. Det vr til og med ei vertikal lysande sky der, som gjorde at himmelen nesten var krossmerkt. Folk bada i det glødande kveldslyset, og eg angra nesten litt på at eg ikkje hadde badetøy med meg. Eg har aldri bada på jærstrendene i siste halvparten av september, men i går kunne eg faktisk hatt lyst til å gjera det. I staden vart eg gåande og vassa i nærare ein time og bløytte ut både tights og kjolekant. I natt vakna eg med skikkeleg vondt i halsen, men viss det er nokon som helst samanhang med nestenbadinga i går, så var det faktisk verd det.

image

Dette har vore ei veke der eg verkeleg skulle ynskja at eg var fotograf og kunne meir om å fanga lys og inntrykk med kameralinsa, for det er så fint ute at det nesten gjer vondt. Naturen er på sitt mognaste og finaste nå ei kort stund før lyset og fargane skal tast i frå oss.

image

Eg tenkjer framleis at neste sommar må bli den første sommaren eg får hagen til å bli fin. Det er eit årleg mantra på same måten som jødane helsar kvarandre med «Til neste år i JErusalem». Men blomkarsen står fin..

image

Og septemberrosene i hagen til Eva er heilt fantastiske.

Og ikkje visste eg at Sandnes i kveldslys sett frå rett vinkel ser ut som ei eksotisk perle i det rette solnedgangslyset.

image

Me hadde ein fin kreativ kveld heime hos Eva, der me prøvde oss på collage på drivved.

imageimageimage

Og Eva serverte varm økologisk tomatsuppe der masse grønsakar hadde hatt ein runde med stavmiksaren saman med tomatar. Servert med kokte egg, jærost, smør og økologisk flatbrød smakte det kjempegodt.

image

I Fritz Røed parken er det tiårsjubileum i desse dagar: «Hent fram ein klovn med hatt og fiolin, finn stylter fram, send skråblikk ned på livet. Om dagen er open om han er trong, om du snublar kvar einaste gong, så lat gkeda få bu i din song…», skreiv eg for ti år sidan i eit bestillingsverk, ein song laga til opninga av parken, som vart framførd på torget av alle skulebarna i byen.

image

image

image

Eg var så heldig å få behalda Sunniva heime heilt til måndag kveld, så på måndag ettermiddag reiste me ned til Bore-stranda. Ho måtte jo få pusta inn nokre inntrykk ho kunne ta med seg til hovudstaden. Oslo er ein flott by. På mange måtar kunne eg tenkt meg å bu der sjølv, men du all verda så takknemleg eg likevel er for at eg fekk lokka med meg austlendingen min til det landskapet som er heime for meg. Heilt utan klager har han budd her i snart tretti år. Eg trur til og med han liker seg… Og eg, kjenner meir og meir at landskapet, naturen og folkelynnet på Jæren nesten er ein del av kroppen min.

image

image

Heidi

Sommar i september

image

I løpet av torsdagen fekk me heim både Halvard og Sunniva. Det vart feira med felles middag med alle fire ungane og mor og far. Det kjendest fantastisk å få «dei to små», som altså er vaksne studentar heim for nokre dagar.

image

Det var som om livet datt tilbake på rett plass og energinivået steig mange hakk… Me får la det fine sommarveret ta litt av æra og. For fem månadar sidan hadde me sommar i april, nå har me sommar i september. Begge deler kjennest som ein stor og uventa livsbonus.

image

Sunniva var eigentleg ikkje heime på ferie, men på kunstnarisk oppdrag. Ho var så heldig å koma på delt førsteplass i ein manus- konkurranse for ungdomar opp til 20 år i vår. Nå opplever ho at stykket hennar skal setjast opp av ca fjorten ungdomsteatergrupper rundt i Norge. I tillegg til dei som vann konkurransen, så er det med fleire norske profesjonelle forfattarar som Torun Lian og Olaug Nilsen. Desse til saman seks skodespela skal spelast rundt i heile landet i prosjektet DUS (Den unge scenen). Ungdomsteatergruppene vel mellom MAgnusagnus, så det var jo kjempekjekt for Sunniva at så mange valde hennar stykke. Nå i helga har dei gått gjennom alle manusa saman med regissørane inne på Rogaland teater. Spennande er det og at ho får dekt reisa slik at ho kan reisa og sjå på dei ulike framsyningane dersom ho får det til å klaffa med eigne studier. Så heldig ho er som får oppleva dette.

image

Halvard hadde og litt andre planar enn å bare vera i lag med familien sin, så det har blitt ei helg med mykje forskjellig innhald. Eg hadde ein kveld i lag med venninner, og i går kveld var eg ute og opptrådte saman med Torhild. Først fortalde eg litt, så spelte ho piano medan eg las dikt. Det vart litt sånn Odd Børresen-aktig. Sidan eg av svært naturlege grunnar aldri kjem til å synga solo i ei forsamling, så er det kjekt å prøva den varianten. Det er spennande å setja i saman rytme, stemme ord og musikk til ein slags større einskap.

image

image

Dei siste vekene har me levd med høg grad av kaos. Me har pussa opp kjellarleiligheiten for å kunna leia han ut, og oppdaga at det viste seg å vera frykteleg nedslitte, så me har malt, slikt golv og sett inn ny kjøkkeninnreiing. Det ville vera veldig gale å seia at eg har lagt ned ein stor innsats der nede, men eg har nå levd med alt som høyrer til det inne stua saman på gangen. Nå i helga måtte me verkeleg henga i for å bli ferdige til avtalt overvaking, men me klarte det akkurat…

image

Etter end gjerning, ville eg unna meg ein pause ute i sola med avislesing. Det var så aldeles nydeleg og varmt vêr, så eg la meg på magen med avisa medan fårikålgryta putra på eiga hand. Katten syntest det var ein dårleg ide og insisterte på å liggja pladask oppå avisa mi slik at eg heller kunne bruka friminuttet mitt på å kosa med henne.

image

Dagane er framleis deilig varme, men om kvelden er lufta mørk, skarp og kjøleg. Det er fint ute om kveldane, og koseleg å vera inne når mørket igjen pakkar seg lunt rundt oss på kveldstid.

image

image

Og inne vart det steikt vaflar og drukke te og kaffi, medan storebror skulle prøva å forklara Sunniva om funksjonar på Internett som eg i grunnen ikkje forstod heilt…

image

Halvard reiste tilbake i føremiddag, men Sunniva blir heime til i morgon. Katten nyt å ha henne heime, det blir nok mjauing og leiting når ho forsvinn att…

image

Det er seint og resten av huset søv. Eg får vel utslag meg i retning senga eg og. Nyt den fantastiske seinsommaren alle de sin deler han med meg!

image

Heidi

Kultur og fin tur

image

I går var det nydeleg seinsommarver. Først høyrde eg på ein veldig fin radiogudsteneste, som eigentleg var ei kvardagsmesse i «Kirkens bymisjon». Det er ein organisasjon eg har utruleg stor sans for, og som eg verkeleg kunne tenkt meg å engasjera meg i om eg hadde budd i Oslo. Eg opplever at det er høgt under taket der, at det er mykje menneskeleg varme og at dei har ei grunntru på at det nyttar å prøva å forandra på det som gjer vondt, enten det er på det menneskelege planet eller på eit meir systemisk plan. Grunnen til at eg bestmde meg for å vera heime og høyra radio var at Carl Petter Opsahl som er gateprest og musikar hadde fortald meg at dei skulle bruka ein nattverdssalme eg og han har laga saman, og det ville eg gjerne høyra på sidan eg ikkje har høyrd han bli framførd med den endelege melodien. Melodien var veldig fint, og arrangementet gjekk meg rett i hjartet. Dessverre hadde dei ikkje forsongar, så det var veldig vanskeleg å få tak på teksten under allsongen. Eg håpar å få høyra det betre ved ein annan anledning. Det er alltid fint å høyra noko ein har vore med på å laga bli brukt på ein god måte.

Veret var fantastisk, så eg svara ja med det same då Gerd spurde om eg ville bli med å gå tur. Begge hadde god tid, så me bestemte oss for å dra ned til Hå gamle prestegård og gå der i frå. Me gjekk nordover langs stranda og snudde då me kom til Refsnes. Mange andre hadde og teke turen ned til stranda, så me møtte fleire kjende.

image

I går var det rett og slett bortimot vindstille, men ein del av det som veks der ber preg av at her har det ikkje mangla på vinden.

image

Her har ein sjansen til å høyra lyden av ekte «vind i gardhol».

image

Og framleis er det masse markblomar i grøftene.

image

Då eg var liten hadde morfar eit «eplestykke», ein bitteliten potetåker der han dyrka eple, eller poteter som det til og med heiter på Jæren nå etterkvart. Framleis kan lukta av potetåker og «eplekål» setja meg rett tilbake til barndomen, så eg måtte bort og snusa litt.

image

Me måtte sjølvsagt inn og sjå på utstillinga. Det er ikkje så verst det kunstverket ein ser om ein kikkar ut gjennom dei glaset i dei solide murveggene i utstillingslokalet, som er eit gammalt fjos,» heller…

image

Inne var det og mykje spennande å sjå på, men etter å ha teke dette biletet, så var batteriet i kameraet flatt. Det betyr bare at dersom du vil sjå meir av utstillinga, så må du reisa ned dit sjølv. I kafeteriaen hadde dei utvida frå å ha bare kaffimat, slik dei har hatt «alltid», til å tilby lunsjrettar og. Ein annan gong har eg lyst til å prøva noko av det. I går vart det ein lefsebit på meg, og ein nysteikt lappe på Gerd, så sette me oss på eit av borda utanfor med den aller finaste utsikten til sjølve storhavet der lasteskip og cruiseskip segla forbi. Det var rett og slett fristande å bare bli sitjande der, men sidan det venta både middagsavtale og kinoavtale i heimen, så måtte me koma oss heim etterkvart.

Me rakk kinoen med knappast mogleg margin eg og Leif. Me ville sjå «Beatles», som er bygd på Lars Saaby Christensen sin roman. Eg vart fullstendig sjarmert av dei nydelege skildringane av fire gutar i brytningsalderen mellom barn og vaksen og eit komplisert kjærleiksforhold mellom hovudpersonen Kim Karlsen og den nye jenta i klassen, som kom frå eit heilt anna samfunnslag enn han. Filmen har fått blanda kritikk, eg elska han, men Leif var litt meir lunken.

Sidan me først er i det kulturelle hjørnet vil eg presentera to biografiske bøker eg har lese den siste veka:

image

Rigmor Galtung, mest kjend som komikar, mellom anna for veldig gode parodiar på Gro Harlem Brundtland, har skrive boka «Fullt lys og stummende mørke» om det å leva med ein depressiv/ bipolar lidelse. Ho skriv om det på ein måte som går langt under huda på meg som lesar. Eg har vore lukkeleg forskåna så langt når det gjeld depresjonar. Eg har aldri kjend på kroppen kva det dreier seg om, og trur faktisk ikkje eg har vore verkeleg lei meg meir enn ein halvtime om gongen. Eg kjenner menneske som i ulik grad har måtta leva med depresjonar som i periodar har virka tungt inn på livet deira. Eg hadde frå før utruleg stor respekt for dette, og den er ikkje blitt mindre av å lesa denne boka. Det er rett og slett vanskeleg å forstå at nokon skal måtta ha det så vanskeleg, ofte utan nokon god ytre grunn til å oppleva livet slik. Det får meg og til å tenkja at me må stella fint med kvarandre og behandla menneske med stor respekt. Ingen veit kva indre kampar andre står midt oppi.

image

Så har eg endeleg fått tak i Aud Tønnesen sin biografi om Ingrid Bjerkås, den første kvinna i Norge som vart ordinert til prest i 1961. For mange år sidan las eg sjølvbiografien hennar, «Mitt kall». Aud Tønnesen si bok gjorde at eg kjende eg vart betre kjend med både Ingrid Bjerkås, om korleis ho vart oppfatta i samtida og om det kyrkjelege landskapet på den tida. Mannen hennar som reiste saman med henne til Berg og Torsken prestegjeld i nordnorge, og som pensjonerte seg og la opp til eit supportarliv som middagskokar, småbrukar og kaffikokande prestemann, vart for meg ein liten helt i denne historia. Det var ekstra interessant å ta fatt på boka sidan eg studerte eit år saman med Aud Tønnesen på MF. For min del ende det med eit grunnfag i kristendomskunnskap etter eit veldig interessant studieår. Dersom det ikkje hadde vore mitt femte studieår i lærarutdanninga mi, så hadde det vore veldig fristande med litt meir teologi. Eg var ikkje heilt framand for teologistudier då eg var ferdig med vidaregåande, men til og med i 1980 var det så pass mykje motstand mot kvinnelege prestar at eg trur eg nærast måtte fått besøk av ein engel for å kjenna meg heilt overbevist om at det var rett veg å gå. Det har verkeleg skjedd store endringar i kyrkja dei siste femti åra. Det gir grunnlag for refleksjon at det som vart sett på som nærast uhøyrt då, ikkje får mange kyrkjelege augelok til å røra seg i dag.

Med hovudet til ein malande katt på høgrehanda medan eg skriv dette, så trur eg at eg rundar av for i dag. Eg håpar nokon kjenner seg inspirerte både til turar langs stranda, kunstutstillingar, kino og lesing av bøker…

image

Heidi

Haustvise – til barna mine, – og kanskje etterkvart til fleire

image

Eg trur det er slik med fleire enn meg at dei nesten kjenner kjenslene til dei som står dei nærast som kjensler i eigen kropp. Når eg høyrer stemmen til barna mine, mor mi eller syster mi i telefonen, veit eg etter sånn omtrent ti sekund noko om korleis det er å vera dei akkurat nå. Når eg møter dei, ser eg det same på måten dei rører seg på, les det av ansikta deira og ser det i auga deira. Det er ikkje mykje som varmar meg så mykje som dei gongene eg høyrer og ser at barna mine har det verkeleg bra. Dette fekk eg lyst til å prøva å fanga i nokre visestrofer, men eg trur ikkje eg har fått det heilt til enno. Det er litt meir sentimentalt enn eg tenkte at det skulle vera, men sånn ser det nå ut i kveld, så får eg finna ut i morgon eller ein annan dag kva eg skal gjera med det. Eg lar det stå her som det er enn så lenge, for eg innbiller meg at det er noko det går an å kjenna seg att i. Så er kunsten å leita seg fram til korleis dei store små tinga som på ein måte er litt sentimentale og kanskje til og med litt banale, kan få eit formspråk som gjer at det er enkelt og reint og ikkje svulstig og sukkersøtt… Det vart ein liten arbeidsrapport frå skrivarstova ein sein og regntung laurdagskveld i september. Det får vera greitt det…

***

Sjå regnet vaskar jorda og vindane sit laust,
sjå greinene er tunge av plommer og av haust,
og roser slepper kronblad mens nyper raudnar fram.
mens marka skifter farge, og trea byter ham.

Når nye grinder opnast mot alt som koma skal,
når fuglar søkjer flokken, og sommar står for fall,
når mjukt og mollstemd vemod vil fylla alt som er,
og livet blir september, med raude rognebær.

Då skal eg samla gleda eg finn i blikket ditt,
ho dansar over lepper, ho ler mot hjartet mitt
ho glitrar blidt i stemmen og er i dine ord,
ho varmar meg i vinden, fordi eg er di mor.

Sjå årstider skal koma, og du, du skal gå inn,
og finna fram til stien som du skal kalla din,
og leva håp og vemod, og lengt og sorg og tru,
om du kan bera gleda, velsigna vere du.

Heidi

image

Eg og Einar Skjæråsen

image

*
Min elskede! Jeg har en vise å synge
når bladene faller og fuglene drar.
Det sukker i skog efter sang som forstummet,
det mørkner i muld etter grøde som var.
En blekere årstid skal røre vår tinning
med hastige vinger og drivende løv.
September skal gå over jorden og kalle
dens ånde til stillhet, dens hjerte til støv.
*

image

Det er noko med Einar Skjæråsen sine dikt som går rett i hjartet og i magen på meg. Dei eg er aller mest glad i, trur eg må vera dei dikta han har skrive om august og om september. Eg klarer ikkje å la vera å ta med teksten til «Høstvise» i år heller. Det er så vemodsvakkert og sant det han skriv. Eg trur eg er ein relativt glad og optimistisk person, men i musikken inne i meg er det nesten alltid ein streng som kling i moll. Eg trur kanskje denne strengen trengst som mørket som gjer gleda djup. Av ein eller annan grunn grin eg nesten aldri i sorg og sinne, men musikk og ord som rører ved denne strengen kan få tårene til å flyta forsiktig ned mot kinna.

En sommer er borte, og ringeren ringer.
Og vinteren venter bak visningens port.
Vi også skal møte vår høst og forarmes.
Vår styrke skal trenges tilbake – og bort.
Og sneen skal falle så stille så stille
– og stemmene dempes i fàr og i foss.
Og engang – en vårdag – skal knoppene springe,
og heggen skal ange, men ikke for oss.
*

image

Vi er hos hverandre, mens dagene vendes
mot fjernere himmel og lavere ild
– og alt som har feste og hjem under solen
er med i det store mysteriespill.
Jeg favner din favn og jeg kysser din panne
og har deg med ømmere tanke enn før.
Min elskede: jeg har en vise å synge
når fuglene flokkes og trekker mot sør.

Einar Skjæråsen

image

Har du høyrt vakrare vise om kjærleik. Eg skulle ønska eg kunne skriva slik. For meg er hausten ei av dei finaste årstidene, men han har eit streif av vemod som er både vondt og godt. Når fuglane reiser og blada skiftar farge blir ein så smerteleg klar over vår eiga vandring gjennom årstider og livsfaser. I naturen veit me at det alltid ventar ein vår for dei som får leva. Eg beundrar menneske som lukkar døra til livsfaser og går nyssgjerrige og med rak rygg gjennom døra til den neste. Eit slikt menneske vil eg gjerne vera. Eg las ein stad at det vart sagt om eit menneske at han bevarte nyssgjerrigheita og interessen for livet heilt til det siste. Eit slikt menneske vil eg og gjerne vera. Eg har sikkert brukt dette sitatet og før i dette forumet, men Stein Mehren toler å bli brukt fleire gonger:

For den som elsker er årstidene åpne dører
og du skal gå inn. (Stein Mehren)

Ha ein fin septemberdag.

image

Heidi

September

image</

I dag har me hatt nydeleg vêr. Bortimot sommartemperaturar, faktisk, men likevel med eit markant drag av haust i lufta. Etter å ha hatt hovudverk i litt varierande grad ei vekes tid, litt vond hals og lettare anspente skuldre, kjennest det heilt fantastisk at alt saman har slept taket… Så fint det er å vera frisk.

Eg skal ikkje skriva så mykje, bare visa eit par glimt frå desse dagane i overgangen mellom sommar og haust.

image

Det var fint å ha nokre relativt rolege dagar i helga, sjølv om oppussing av kjellarleilegheit tek litt plass både med rot og ting som må ordnast.

image

Med ingen ungar att i heimen er det koseleg med ein helgegjest.

image

Kyrkja var fint pynta med raunbær til kveldsgudstenesta på sundag.

image

Og Bryne Storband spelte så fint at eg nesten fekk lyst til å dansa i midtgangen.

På måndag fekk me vita at streiken var over…

Plutseleg var det masse fluesopp like ved skulen.

image

Det er ikkje eg som står for bittet, forøvrig…

I dag hadde elevane i andre klasse med seg ferdig oppskorne grønsakar, me gjekk ut og kokte suppe på bålpanne utanfor gapahuken vår. Så lukta det sånn koseleg bål av oss resten av dagen. Med eit stort mangfald i det som vart putta i gryta, så smakte brygget kjempegodt til slutt.

image

Og så inviterte me Odd Christian, Ingrid, Oddvar, mor og far på middag for å feira Odd Christian sin 28 årsdag i dag. Det gjekk med ein stor stabel pannekaker. Nå har eg vore mor i nøyaktig 28 år. Odd Christian spurte ein dag om det var tomt i huset. Eg sa at det var litt tomt, at me gjekk inn i ein ny livsfase og at eg ikkje følte meg ferdig med å vera mor. Han svarte at det er eg heller ikkje ferdig med, og det er eg jo ikkje. Gratulerer med dagen til min førstefødte.

image

Eg ser dei melder fint vêr i morgon og. Så flott.

Heidi

Bilde

Midsommarvise på siste augustdagen

Siste sommardagen, om ein skal tru på kalendaren, byr eg på ei lita seinsommargåve i form av ei vise.

midtsommar_3108

image

I sommar har eg hatt eit spennande samarbeid med Calle Fjogstad om å få midsommarvisa, som eg skreiv ved St Hans- tider, opp for å dansa. Det gjekk ein del mailar fram og tilbake med forslag og finpussing. Teksten er blitt litt forandra frå den versjonen eg la ut i juni, for at orda skal kunna dansa rytmisk i valsetakt. Calle lova at når han var fornøgd med melodien, så skulle han koma og syngja for meg, og så var det opp til meg å godkjenna. Han tok til og med med seg Georg Pollestad, som hadde fått melodien arrangert for munnspel. Det var eit gildt besøk på ein av dei siste aller varmaste sommardagane. Me sa oss nøgde med det me hadde fått til. Sjølv om me har tenkt å registrera verket på Tono, så var me samde om at nå kunne me dela litt til dei som måtte ha lyst til å høyra, synga eller spela.

Eg ser at heile skjermbiletet kom med, ikkje bare tekst og noter som eg først hadde tenkt. Kanskje eg får til å fiksa på det, men inntil vidare får det vera som det er.

I eit av dei siste innlegga skreiv eg noko om det å bruka kunstnariske verkemiddel for å prøva å vekkja viljen til verna om jorda og miljøet. I fare for å virka pretensiøs, så var det ein av undertonane som klang i meg då eg skreiv dette. Jorda er vår frysande mørke mor, som framleis er i stand til å bera blomar. La oss verna om henne så godt me kan.

13975005050_530b6952de_b

Heidi

Verd å streika for?

image

Eg er ingen stor streikar. Lettare konfliktsky, og nokså fredeleg som eg er, er det litt paradoksalt at eg nå er i ein arbeidskonflikt, rett nok som ein del av fagorganisasjonen min. Litt lei er eg og av at eg stadig kan lesa, både på og mellom linjene, meir enn ein plass at eg tilhøyrer ei lat og udugeleg yrkesgruppe, beståande av dei som bare vil ha ferie, og som vart lærarar fordi dei ikkje hadde karakterar til å koma inn på noko anna.

image

Kanskje er det ikkje så rart at mange ikkje anar kva det vil seia å vera lærar… Eg innser at eg nok har begrensa forestillingar om korleis det kjennest å vera slaktar, elektrikar, revisor eller CNC-operatør, og det kan godt henda at eg ville fått sjokk dersom eg hadde fått vita korleis det eigentleg er. I det siste har eg stild meg sjølv dette spørsmålet: Kva i skulen er det verd å streika for? Svaret trur eg blir omtrent slik: -At norske barn er sikra ein god stad å vera, der dei kan læra og veksa og få tryggleik, som hjelper dei til å takla resten av liva sine. – At idealistiske og varme unge menneske vågar å utdanna seg til læraryrket og orkar å forbli der. – At læraryrket ikkje skal vera meir krevjande enn at det går an å halda seg friskmeld og arbeidsfør gjennom eit yrkesliv fram til pensjonsalderen. For at dette skal lukkast tenkjer eg at ein viktig nøkkel for å få dette til er må vera Å HA MANGE NOK VAKSNE I KLASSEROMET.

Eg veit at det finst land der situasjonen er uendeleg mykje vanskelegare. Eg har sjølv vore gjest på ein afrikansk skule der det sat førti ungar i klasseromet. Ikkje alle hadde bøker, og det var langt mellom smart-tavler og datamaskinar. Dette veit eg godt. Ikkje desto mindre veit eg at kvardagen i norske klasserom og kan vera noko ein i verste fall kan slita seg heilt ut på. Då seksårsreformen i skulen kom, fekk me først vita at dei nye førsteklassingane skulle ha rett på same bemanninga som seksåringane hadde hatt i barnehagen. To pedagogar og ein assistent på tjue barn gjorde at oppgåva kjendest heilt overkomeleg. Nå er det dessverre slik at ein lærar risikerer å stå heilt aleine i eit klasserom med meir enn tjuefem seksåringar. Dei er vidunderlege små menneske med veldig ulike behov, som alle har krav og rett til å ha det bra på skulen. Dei aller fleste lærarar er villige til å strekkja seg alt dei kan og endå litt lengre for å få dette til. Dei aller fleste lærarar er nemleg både glade i barn og glade i jobben sin. Det blir sagt og skrive mykje om at norske lærarar treng vidareutdanning og meir fagleg tyngde, og at det må satsast på vidareutdanning. Alt dette er vel og bra, men det er ofte ikkje der skoen trykkjer mest. La oss tenkja oss eit heilt imaginært klasserom der eg står aleine med tjuefem førsteklassingar. Det kan god tenkjast det er andre vaksne der på papiret, men at dei i ganske mange timar, kanskje dei fleste, er opptekne med å gje einskildelevar heilt nødvendig støtte i eit anna rom…

To jenter har blitt uvenner i friminuttet, dei grin og vil ikkje inn. Ein av gutane lengtar heim og vil ikkje ta opp bøkene. Ein elev kjenner seg kvalm og kastar opp på midt på golvet. Vaskepersonalet har innstruksar om at det ikkje er deira jobb å tørka opp oppkast eller slikt som havnar på golvet viss nokon får litt for lita tid ute på toalettet. Det står ikkje noko om dette i innstruksen vår. Ein gut er spesielt interessert i matematikk, og vil gjerne ha hjelp til å læra seg gangetabellen, ein annan gut riv teiknearket i fillebitar fordi han ikkje fekk til å teikna eit tre slik han hadde tenkt at det skulle sjå ut. Ei jente ser på deg med eit blikk som gjer at du forstår at ho kanskje ikkje kan nok norsk til å forstå den beskjeden du nettopp gav dei. På tavla står det faglege målet for timen skrive med vakker lærarskrift, og sidan eg faktisk er læraren der inne, så er det mi oppgåve å passa på at dette målet blir nådd. Mitt største problem der og då er ikkje at eg ikkje er i stand til å gje ein fagleg sett godt forsvarleg leksjon om Noas ark eller om bokstaven B. Det er heller ikkje det at eg ikkje kan hjelpa elevar å løysa opp i konflikter, det er eg ganske driven på etter 29 år i skulen. Eg er heller ikkje så verst på å trøysta frustrerte barn, stagga heimlengsel eller gje ein lærevillig gut prinsippa for å skjøna gangetabellen. Det er bare det at det kan vera litt vanskeleg å få alt dette til samtidig som eg tørkar oppkast, og får ringt foreldre som er på jobben sin, for å fortelja at barnet på fanget mitt ikkje kjenner seg bra, og nok kanskje bør hentast.

Sjølvsagt er dette ei litt tilspissa situasjonsbeskriving, men eg veit at både eg og kollegene mine rett som det er står midt oppi øyeblikk som kan likna ganske mykje. Læraryrket er heilt vidunderleg når det verkeleg svingar av positivt liv og livsglede i klasseromet. Det skjer heldigvis dagleg det og. Likevel går me ofte på tå hev, og periodevis med ganske høge skuldre, for å vera i forkant, avverga, løysa på enklast mogleg måte, smitta elevane med godt humør, bruka humor og finna smutthol til å visa omsorg. Det er ikkje sjeldan det er sånn omtrent eit kvarter att av den etterlengta matpausen når du har hjulpe elevar på med sko, overtalt dei til å få på regnbukser, snakka litt om den nye kattungen dei har fått, og klemt litt på glade ungar med lett snørrete nasar, som kjem springande og vil ha ein klem når dei ser deg kryssa uteområdet for å stilla deg i kaffikø.

På min skule har me ganske mykje bunden tid allereie. Eg kjenner meg ikkje att i biletet av ein skule der lærarane ikkje tek seg tid til å samarbeida. Det er lenge sidan livet i klasseromet var eit sololøp. Kvar einaste dag utvekslar me erfaringar, legg planar saman og diskuterer korleis me best kan leggja til rette for einskildelevar. Det går heller ikkje ein dag utan at me ler høgt og lenge, eller utan at me gjer kvarandre oppmuntrande ord. Nesten to og ein halv time etter at me har send elevane heim, er klokka så mykje at det er lov å ta med seg resten av jobben i veska og gå heim. På min arbeisplass er det mange som vel å sitja både ein og to timar lenger enn dette for å få gjort mest mogleg før dei går heim. Eg kjenner absolutt ikkje att biletet av lærarar som ikkje vil vera på arbeidsplassen. Det som har blitt dropen som har fått begeret til å renna over for mange, er at me skal mista den fleksibiliteten me har hatt som eit frynsegode, dersom det er det det er. Dette slingringsmonnet som gjer at lærarar med vonde skuldre, tunge hovud og små ungar heime, ikkje lenger får tilliten til å gå heim klokka tre og heller retta bøker og laga undervisningsopplegg om kvelden etter at dei har lagt eigne barn. Likevel trur eg mange lærarar streikar for mykje meir enn det denne konkrete konflikten går ut på. Dei streikar fordi det kjennest som om dei som styrer ikkje vil høyra på at det er oss, me som tilbringer store deler av livet i eit klasserom som faktisk har skorne på og veit kor dei trykkjer.

image

Om eg vil anbefala andre å utdanna seg til å bli lærar? Ja, sjølvsagt vil eg det. Eg gler meg over å ha ei nyutdanna lærardotter, og ein nesten nyutdanna lærarson. Eg er og glad på yngstedottera sine vegne at ho etter å ha jobba eit halvår som vikar, framleis hadde lyst til å ta fatt på lærarutdanninga, og at ho trivst med å vera i gang. Læraryrket er det mest kreative, sosiale, allsidige og hjartevarmande yrket eg kan tenkja meg. Me omgåst sprell levande ungar og får lov til å vera med og gje dei det viktigste nokon kan gje eit menneske, ein god og trygg barndom og trua på eige verd. Så får me tola, og til og med sjå positivt på ,at dei som styrer står der med ei bunke skjema, ei stoppeklokke og eit målband. Me får tola at nokon alltid vil meina at dei kan hjelpa oss til å skapa ein stadig betre skule. Det er jo det me vil alle saman. Det er sikkert godt meint at dei skriv i avisene om at norsk skule ikkje er god nok og. Me som står der i klasseromet vil bare svært gjerne få lov til å fortelja om korleis det er å vera der, og me vil gjerne bli lytta til.

image

image

Heidi14036244891_ae799d3ee1_b(1)

Heidi

Badar i skulestart

image

Ei eg kjenner brukte den ganske beteiknande formuleringa, «Druknar i skulestart». Sjølv har eg prøvd å laga ei litt meir positivt vinkla overskrift, så då fekk det bli badar i skulestart. Dette for å vidareføra biletet mitt frå begynnelsen av august om at å starta eit nytt skuleår var som å hoppa ut i litt for kald sjø. Først grugledar ein seg litt, så hoppar ein, deretter kavar ein smådesperat rundt ei lita stund, før ein plutseleg hugsar kor godt ein likar å bada. Det å starta ei skuleår er faktisk noko av det travlaste eg kan tenkja meg. Eg lurer på korleis eg klarte å få desse vekene i august til å fungera når eg samtidig hadde fire relativt små barn, men eg var vel kanskje endå flinkare på å fokusera då. Det seiest at arbeidstakarar med barn har mindre sjanse for å brenna seg ut fordi dei er nøydde til å skifta fokus heile tida. Eg lånar eit par barneteikningar som viser litt av dei mange små store gledene ein opplever i eit klasserom. Oppgava var å laga ei bok om vennskap, og jammen dukka eg ikkje opp i ei bok eg og… Andreklassingar er fantastisk flotte menneske.

image

Det har ikkje blitt så mykje overskot til bloggen dessverre, men det kan vel la seg fiksa på sånn etterkvart. Nå sit eg her og har forfattarfredag. Eigentleg jobbar eg med eit biletbokmanus. Medialæraren av ein ektemann har vist meg korleis eg kan setja bileta inn i teksten frå innboksen min. Det er Ingrid som har laga teikningane. Av ein eller annan grunn har programmet eg brukar låst seg, så nå fekk eg ein sjanse til å gjera noko anna medan eg ventar på assistanse…

image

Det er forresten ikkje sant at eg bare har tenkt skule i det siste. Eg fekk meg jo ein tur til Oslo sist helg, og nå på onsdag var eg i lag med ein gjeng kreative damer og leika oss med å setja opp blomar. Astrid hadde vore på kurs og lært om japansk blomsteroppsetjing, så det måtte me prøva oss på. Eg har for vane å lessa på til trengsel når eg set opp blomar, så det var spennande å prøva seg på strenge minimalistiske formlar for oppsatsar. I denne måten å setja opp blomar på hadde vatnet dei stod i ein viktig rolle. Vatnet skulle vera synleg og skulle gje ro til sjela. Det er ein fascinerande tanke. Vatn er fint.

image

image

image

Eg skal prøva meg meir fram med dette. Det å halda på med blomar gjer ei eiga ro. Og så er det så koseleg å vera i lag med andre gjennom å leika oss med kreative uttrykk.

Ingrid var så heldig å få tak i to gratisbillettar til ei prøveforestilling av Hamlet på Rogaland teater. Så i går sette me oss på toget til byen. Me hadde berekna så god tid at me skulle kunna ta oss ein tur ned i sentrum når me først var der. Plutseleg var sommaren nesten tilbake etter ein kjøleg periode med mykje regn.

image
image

Forestillinga begynte klokka halv åtte. Det var eit fascinerande prosjekt. Dei hadde behalde det verbale språket i det eg trur var noko nær opp til originalomsetjinga av Shakespear sitt stykke. Scenespråket var moderne og eksperimentelt. I første akt var scenen nesten heilt full av gassballongar, og Hamlet spelte på eit stort trøorgel. I andre akta var ballongane i bakgrunnen, og scenebiletet var eit hus som gradvis vart rive ned. Me trudde at stykket kanskje varte til halv ti eller ti, men det viste seg at andre akt ikkje var ferdig før kvart over elleve. Det varte med andre ord i nesten fire timar. Me begynte å bli nervøse for ikkje å nå siste toget heim. Det ville passa dårleg å måtta venta til kvart over fem neste morgon… Heilt ureglementert, og veldig diskret sende Ingrid ei tekstemelding til Oddvar om vår bekymring. Det kjendest ikkje ok å gå før forestillinga var slutt, spesielt sidan me sat så midt i salen som det over hodet kan la seg gjera. Oddvar sende ei tekstmelding om at me kunne ta det med ro, han skulle koma og henta oss. Eg har ein veldig snill svigerson. Det var jo synd at me ikkje fekk brukt returbillettane på toget, men desto meir behageleg å bli kjørt til døra…

Eg likte forestillinga godt. Kanskje ho hadde tent på å bli korta inn litt, men for min del er firetimars teaterforestillingar i grunnen heilt ok.

image

I føremiddag var eg og Odd Christian ute og øvekjørde litt. Det regna ganske tungt og var mykje kjølegare enn i går. Det må snart innrømmast at me går mot haust.

image
image

Og eg har alltid likt hausten. Ein må bare forsona seg med at sommaren er over. Ein sommar kjennest alltid litt for kort. Sjølv denne heilt fantastiske varianten me har fått i fanget nå i år.

Eg høyrde eit tankjevekkjande program på radio om diktning som våpen i kampen for miljøet. Det las dei opp dette diktet av Harald Sverdrup. Det gjorde inntrykk på meg:

STEMMESEDDEL

Stem på havet,
stem på vinden som styrer bølgene og former skyene,
stem på havets plankton og hvalenes kjærlighetskonserter,
stem på skrei, sild, sei og lodde.
Stem på grunnfjellet, stem på svaberg
og tankefulle utsikter,
stem på grunnvannet og Mose skal på berget,
stem på dype daler tonende som trompeter
av bygg og hvete,
stem på ballblom, barlind, kålrot og poteter.
Stem på skogen, stem på tjern med abbor og sik,
stem på Nordkapp, Son og Melsomvik.
Stem på byer med trær rundt alle hus
og solsikker i kjørebanene,
stem på langsomme biler med blomsterkasser på taket,
rødkløver og løvetann i hjulene
og solskinn i lyktene.
Stem på veiarbeiderens ansikt av pergament
fordypet av hieroglyfer,
stem på hans armer av treskurd i solsvidd akantus.
Stem på murenes balansegang med stein på stein,
stem på hammeren som slår inn sine argumenter
for en fremtid med hverdager, kjærlighetssøndager,
barn og sirkus.
Stem på bondens seige hav som syder mørkt
av møkk og metemark, i bølgeskavl på skavl bak traktoren.
Stem på samer, kvener, kvinner,
stem på Blomster-Ole, Eng-Marie, Eple-Anton,
Guri Fagerås og Vidar Vannmann.
Stem på dem som lever her om hundre år,
stem på din sønnesønns gråt,
stem på din datterdatters første smil.
Stem på dem som aldri får fred
før verden blir en munnfull fredeligere.
Stem på brannvesenet som prøver, med et sukk,
å slukke helvete.
– Harald Sverdrup

image

image

Heidi