Gå til innhald

Uti vår hage

image

Eller kanskje rettare sagt : På vår veranda… Eg har både sagt og tenkt at dei dagane sommaren kjem til jærs bør ein sleppa alt som sleppast kan og bare nyta. Eg er den første til å innrømma at eg ikkje alltid har vore så flink til å praktiseres dette, men i dag har eg tenkt å leva som eg lærer…

Me er dessverre ikkje veldig flinke hagemenneaker. Ingen har våga å seia høgt at hagen vår er ein skamplett for eit elles veletablert nabolag, i alle fall har dei ikkje sagt det høgt til meg. Eg kan jo skulda på desse knallharde tidsprioriteringane eg er tvungen til å foreta så godt som dagleg, eller kanskje ikkje… Då eg var hos Eva Mari og fekk nyta livet på den koselege verandaen deira, klaga eg litt på at vår var for stor og for forblåst til at me heilt fekk til å få det lunt og koseleg der. Ho foreslo ein paviljongen. Først lo eg av tanken, men fekk han ikkje heilt i frå meg. Eg innsåg i det minste at hagemøblene våre, som nesten ikkje heng saman lenger, var mogne for utskifting. Og jammen, heilt ulikt meg sjølv hadde eg plutseleg fått gehør for at nå måtte det handlast, og så vart det både møblar og paviljong.

image

 

Odd Christian vart med som teknisk byggeleiar, for han er ganske flink til slikt. Då eg såg kor stor paviljongen vart, tenkte eg at dette er eit galskapsprosjekt, me får bare leggja han ut att på Finn.no… Men til slutt såg det ganske bra ut…

 

imageimage

 

Og i dag hadde eg og Sunniva frokost og morgonkaffi der ute. Me følte oss som DEI hagemenneska, så fekk me prøvd ut den følelsen og. Sommar og pinseferie er fine greier. Eg ligg på magen i sola og jobbar her i frå.

imageimage

Heidi

Jenteleker…

imageNå har eg vore tre skuleår på rad på dei to første klassetrinna. Spesielt på første trinnet har dei ein god del leik, og eg har leika meir med lego og duplo desse åra enn eg har gjort nokon gong. Eg har fått auga opp for kor nyttig leiken er både i vanleg undervisning og i spesialundervisning, og har oppdaga eg det faktisk kan vera kjekt for litt barnslege vaksne og med byggverk og rolleleik både i sandkasse og på legorom. Det eg har irritert meg litt over, er at ein del leiketøy er så kjønnsinndelt. Eg synest nesten at det er blitt verre og verre. I duploserien er det mange kjekke klossar som er relativt kjønnsnøytrale, men når ein kjem opp på legonivå, så er det gjerne gutar som leikar med desse klossane. Jentene er glade i legofriends serien der dei fleste klossane er rosa og lilla, og langhåra legodamer køyrer rundt i sjokkrosa sportsbilar. Det positive med den serien er at han innbyr til positiv rolleleik med møblar, hus, kjæledyr, miniatyrmatvarer, blomar, marihøner, kvite benkjer, gitarar og eple ein kan henga på trea. Seinast i sist veke diskuterte eg med ein gut på sju, som meinte at legofriends var bare for jenter, og at store gutar ikkje leika med den slags… I den vanlege legokassen kryr det av menn med rustningar, skjold, sverd, pistolar, politiuniformar og brannmannsuniformar. Det er ulike typar bilar, fly, båtar og helikopter, men ingen kvinner, barn, kjæledyr, sofaar eller anna som innbyr til omsorgsleik. Eg høyrer gutane diskutera kven som skal angripa kven, når dei skal avtala kva dei skal leika. Elles så er det heldigvis ingenting i vegen med fantasien til ungar, så det blir spennande historiar av legomenn med riddar-rustning eller politiuniformar og.

I dag slo eg eit slag for å laga ein park med ein grill i midten slik at legomennene kunne ta ein pause i leiken og koma for å grilla pølser. Heldigvis fekk eg med meg dei gutane eg leikte med på den idéen. Dersom legofabrikantane mot all formodning skulle lesa dette: «Skjerp dokke folkens, lego er eit fantastisk leiketøy, men det hadde vore fint om de greip tak i nokre samfunnsnyttige tema og laga leiker ein kunne læra seg å ta ansvar og visa omsorg av. Kva med legobyar med bustadhus, parkar, sjukehus, barnehagar, dyrlegekontor, teater, bibliotek, gardsbruk, gartneri, byggefirma, kunstmalarar, it- senter, tivoli, kafear, osv… Eg treng ikkje ha kreditt for ideen. Bare lån han 😉 Eg skal ikkje undervurdera verdien av verken brannvesen eller politi, men det blir litt einsidig kanskje. Rolleleik er kjempeviktig, så la oss leggja til rette for at dei kan få trent seg i fleire rollar… Eg vil gjerne ha barbiedokker og som er opptekne av andre ting enn bare sminka seg, vera fin på håret, ha på ballkjolar og kjøra rosa limousine… Og Ken kan gjerne jobba i barnehage, der treng me menn…

imageElles så priste eg og Odd Christian sommaren med å kjøra ein tur til plantesalget. Bygginga av park i førstetimen virka kanskje motiverande? For dei meir uinnvidde, kan eg forsikra om at her i heimen har me mykje å gå på reint hagemessig…

imageMen borte hos Ingrid og Oddvar blømer det så fint at det er ein sann fryd. Fred over minnet til onkelen min. Han var ein fredeleg mann som hadde det aller best når han stelde i hagen sin. Det er så fint ute akkurat nå at ein nesten kunne bli rørt til tårer. For dei som ikkje er frå sørvestlandet, så har dei kanskje ikkje så lang erfaring som oss på at sommaren må gripast med negler og tenner akkurat når han er der. Det er ikkje kvart år han stoppar lenge, og det er ikkje kvart år han kjem att. I går gjekk eg tur klokka halv elleve om kvelden . Det lukta intenst av syrinar, svarttrasten sat i eit tre og song med det knallgule nebbet sitt, og sola hang som ei stor blodappelsin over horisonten i vest.

Heidi

 

Juni er her

image

Ho har kome barbeint, lett, lys og stillferdig og er her bare plutseleg. I beste fall er ho litt rolegare til sinns enn syster Mai som har smette ut bakveien. Det er fin sommar her, med det veret som er fint  sommarver her i Norge, ganske svalt, men med sol og blå himmel. Eg har vore på øvekjøringstur med Odd Christian. Det var kjempefint. Eg har lova meg sjølv ein spasertur ut, og det må bli sånn omtrent nå, for eg har ikkje klart å rekka det endå. I går då eg leita etter manuset som hadde forsvunne, dukka det opp fem billedbokmanus frå tolv år tilbake, som eg nesten hadde gløymt at eg hadde skrive. Plutseleg fekk eg veldig lyst til å gjera dei heilt ferdige, og så har timane flydd i frå meg på den måten dei ofte gjer når eg set meg med fingrane på eit tastatur…

Nå er mange av ballane i lufta tekne forsiktig ned, så eg har godt håp om at vekene framover blir litt rolegare. I alle fall så går det raskt mot sommarferie nå. Men nå var det ut og gå ja… Eg må senda meg sjølv ut døra før det plutseleg er midt på natta. Eg veit korleis det er. Så får heller desse reflekterte og viktige innlegga eg driv og skriv i hovudet mitt, heller koma sånn etterkvart.  Nå er det sommar, til og med på kalendaren.  Den aller første heilt ekte sommardagen. Velkomen skal han vera.

imageHeidi

Nokre dagar tek alt lang tid

image

Det viste seg at dei på Binders ikkje bandt inn oppgåver på laurdagar, dei kunne heller ikkje garantera at dei kunne gjera det laurdag morgon. Dermed hadde Ingrid eit ganske stort innbindingsproblem, sidan dei er ganske nøye på slikt på kunstfagavdelinga på UIS. Eg måtte hjelpa henne med å gjennomføra plan B. Me kom i mål, og eg skal ikkje gå i detaljar, men det kosta oss litt svette og  ganske mange timar. Viss nokon frå Time kulturskule skulle lesa dette, så skal eg koma fint innom kontoret på måndag og betala det eg skuldar dei…

Så var det heim etter at det strengt tatt var blitt kveld, og så skulle eg bare senda barnebokmanuset mitt inn til konkurransen, for fristen var nå. Det viste seg at manuset, som har fått liggja i fred i over ein månad var søkk borte. Både eg og dataansvarlege i heimen brukte timevis på å tråla alle filer og program, men ingen spor etter verken Dankert eller Dunkert eller Florian Blom. I staden fann eg nokre gamle manus som eg finpussa litt og fann ut at eg kunne bruka. Eg kom på at Ingrid kanskje kunne hjelpa, for eg hugsa at eg hadde gitt ho eit papirmanus ein gong. Det hadde eg send til ho, men ho visste ikkje kor det var. Etter litt leiting fann ho det og scanna det og sende det til meg, så fekk eg bare ta meg tida med å skriva det inn på nytt. Dagen har gått, men eg har hjelpt henne med noko viktig, og ho har hjelpt meg med noko viktig. Begge to er komne i mål, så nå er me glade og fornøgde. Det får heller våga seg at dagen har gått, for tida kjem jo til oss heile tida.

Eg hadde tenkt å skriva eit langt og vettugt innlegg her i dag, for nå har det blitt mykje hastverksarbeid, men nå er det viss på tide å slappa av litt. Kjem tid, kjem råd, kjem djupare tankar. Livet er godt når det går godt til slutt.

Heidi

På kjøkkenbenken ligg det rabarbra

 

 

image

I helga las eg Geir Lippestad si bok der han fortel korleis det opplevdest å vera forsvarsadvokat for Anders Behring Breivik. Det er ei veldig sympatisk bok der han held fram at eit kvart menneske i Norge har rett på å bli behandla skikkeleg og respektfullt av rettsvesenet. Etter å ha kome fram til at han ikkje hadde nokon god moralsk grunn til å sleppa unna å vera forsvararen til Breivik, sat han i samtalar med mannen i timesvis. Då han kom heim fann han huset sitt nedgrisa av egg og tagging… Han fortel om at det har vore ei tung oppgåve, men at han er glad for at han stod løpet ut. Han seier at sjølv etter å ha jobba så tett på Breivik over lang tid, er han framleis heilt ute av stand til å forstå Breivik si verkelegheitsoppfatning.

Denne boka førde til at eg lasta ned ei anna bok eg eigentleg ikkje hadde tenkt at eg skulle lesa. Det er ei bok som prøver å finna ut kven Behring Breivik eigentleg er, og kva faktorar som kunne få eit menneske til å enda som massemordar på Utøya. Som lærar og mor lurer eg på korleis eit menneske kan koma inn i ei så destruktiv sjølvutvikling. Kva kunne ha vore gjort for å oppdaga kva han planla å gjera, og kva var det som skulle til for å hindra at det som skjedde skjedde? Det er så ufatteleg trist det heile, så trist at ein mest ikkje orkar å røra ved det.  Eg har ei slags klokkartru på at ein som Astrid Lindgren seier gjer ungar kjærleik, kjærleik og endå meir kjærleik, så blir det folk av dei etterkvart. Av og til må me konstatera at ting har gått forferdeleg, forferdeleg gale…

Og elles… Så har eg fått skrive ein god del av det eg hadde tenkt å få skrive. Sunniva sitt manus er korrekturlese og send, Ingrid si oppgåve er korrekturlesen og klar til innsending i morgon. Sjølv har eg hatt lyst til å senda eit barnebokmanus til ein konkurranse med utgåande tidsfrist i morgon. Eg har noko liggjande i kontorskuffa som eg kanskje kan bruka dersom eg får tid til å finpussa det litt i morgon. Me får sjå…

image

På kjøkkenbenken ligg det rabarbra. Det blir sikkert ein fin dag i morgon.

Heidi

 

 

 

 

Kristi himmelfartsdag

image

I føremiddag har eg brukt mange timar på å debutera somfiskekakesteikjar. Eg måtte jo få brukt dei femten fiskane Halvard kom heim med i går kveld. Det vart mykje arbeid og mykje graps…  Dei vart lettare svidde og litt for lause i fisken, men smaken vart god… Så nå har eg prøvd det og. Heidi gjer ting ho ikkje kan…

image

Eg skrudde på radioen for å høyra på gudstjenesten. Eg vart glad då eg oppdaga at det var send frå Tøyenkirken, og at Carl Petter Opsahl skulle forretta. Plutseleg så var «Bortom tid og rom og tanke» sett opp som ein av salmene. Det er rart å stå heime på kjøkkenet og høyra ein tekst eg har laga bli sungen på radioen…

image

Det vart ganske mange timar ute i sola og. Eg la meg pladask på terrassen og korrekturlas Sunniva sitt manus som snart må sendast inn. Seinare var det grilling med storfamilien på Figgen. I morgon må eg prøva å få til ein aktiv dag, eg har nokre skriveprosjekt som må bli ferdige, og elles i beste fall få vore litt snill med hus og hage.

Heidi

Dette rare vesle livet

image

Eg fortset med denne fikse ideen å skriva eit innlegg kvar dag i mai-månad. Eg innser at det er eit merkeleg prosjekt, spesielt i ein av dei aller travleste månadane, men av ein eller annan grunn så liker eg å fullføra litt rare og forskrudde innfall. Det har vore ein nydeleg maidag. Heldigvis fekk eg og jentene og Oscar tid til ein tur i skogen.

Nå nå vrimlar det av ville blomar ute. Desse kalte me kaffiblomar då eg var barn. Eg må innrømma at eg ikkje veit kva dei eigentleg heiter. Eg meiner det veks små tytebærliknande bær på dei som me kalte hønebær, men eg er ikkje heilt sikker på det heller.

 

 

image

I dag avslutta me før langhelga med leiketime på skulen. Ungane hadde for ein gongs skuld fått lov til å ta med leiker heimefrå. Det var stor stas.

image

I løpet av dei siste tre åra har eg leika mykje med Lego saman med ungar. Eg må innrømma at eg rett og slett har blitt ganske glad i det… I følge Bauhausideen, så skal leik i arbeidstida vera veldig kreativitetsutviklande… I det siste har eg bygd mange fine legohagar, kanskje eg brygger på ein større hageide…

image

Odd Christian og eg hadde skaffa informantar på kvar vår skule som svarte på tre enkle spørsmål Ingrid skal bruka i oppgåva si. Her leverer me informasjon og har ein kreativ kopp kaffi…

image

Eg har hatt ei veldig travel veke der arbeidsbunker og støv har hop seg opp. I kveld fekk eg delvis pakka ut kofferten etter helga. Då eg nesten var klar for å stenges kjøkkendøra kom Halvard heim med stor fiskefangst tretten seiar og to lyrar, så var det bare å gå i gang med sløying. Eg er heilt for sjølfanga fisk, men har utvikla meg til å bli ei pyse som kvier seg for å spretta opp  buken på fisk. Då eg var barn likte eg både å fiska og å reinska fisk saman med far, nå må eg ta sats. Nå ligg dei i kaldt vatn. Eg var inne på tanken å laga heimelaga fiskekaker, men veit ikkje om eg vågar meg i gang med det. Kanskje det blir fiskegrateng?

Eg finn fram mobilen og deaktiverer med stor fryd morgonalarmen…

Heidi

Utedag i sol

image

Her har eg skrive mange innlegg om utedagar i regn. Her kjem det eit om utedag i sol. I dag var det ein perfekt dag til utedag i skogen i lag med fadrane i sjette klasse.

image

Alle ungar skulle hatt ein skog og ei hytte,

imageein fin plass å klatra,

 

image

og nokon å leika kjekke leiker med. Sjølv om det er heilt ute av årstidsaspektet til Prøysen så vil eg bare sitera litt frå Romjulsvise: «Då sku enn hatt en bror i femte klasse, som rydda veg så folk fekk gå i fred.» Faddersamarbeid er ein fin ting. Me har hatt kveldsplanleggingsdagar og lagt planar for neste år, så dagen er i sin heilskap via lærargjerninga. Og nå er det på tide å gjera noko anna enn å skriva på pc-en… For eksempel å ta ein tidleg kveld…

 

Heidi

 

Bauhausutstilling

image

I går var eg og Eva Mari på ei kjempefin utstilling på Hennie Onstad- senteret på Høvikodden. Utstillinga var henta frå Bauhaus, eit tysk firma frå mellomkrigstida, der dei hadde stort fokus på kreative prosessar samtidig som dei produserte møblar og andre ting. Det du ser på bileta er kostyme, som dei brukte i små teaterstykke og som dokker i små filmar. Sidan klokka allereie er alt for mange, me har planleggingsettermiddagar/ kveldar på skulen, så lar eg bileta tala litt for seg sjølv. Det kan godt vera eg skriv meir om dette seinare.

image

image

image

Heidi

Sommar i mai

imageKvelden i går var den første kvelden for min del at me sat lenge ute og kjende at nå er det sommar. Lyset i lykta var så fint. Det lukta godt av syrinane, og me høyrde lyd og lått frå festglade menneske frå fleire kantar, og svarttrasten song så fint. I alle fall vart me einige om at den fuglen me høyrde måtte vera ein svarttrast.

image

Før det vart så mørkt, var himmelen bleikblå med rosaoransje solnedgangsslør på den vakre litt kjølige nordiske sommarkveldmåten…

image

Spesielt kjekt var det å få helsa på nevø Oscar si veldig søte klarinettspelande venninne Marie.

Denne dagen hadde og eit sterkt kulturelt brennpunkt. Me såg Anne Marit Jakobsen i forestillinga «Jo fortare jeg går, jo mindre er jeg,» på intimscenen på nasjonalteateret. Det var ei lågmælt og vemodig historie om ei eldre kvinne som levde nesten heilt isolert frå andre menneske og såg tilbake på livet sitt, som hadde dreia seg heilt om mannen Epsilon, som nå var død. Første akta var monolog, i andre akta var Epsilon med i skapnad av den unge mannen han eingong hadde vore. For ein fantastisk skodespelar Anne Marit Jakobsen er. Ryktet seier alt dette var avskilsforestillinga hennar. Eg er så glad for å ha fått sjå stykket, billetten var gebursdagsgave frå Eva Mari. Noko av magien ved intimteater er at du kjem så utruleg nær skodespelarane.

image

Me åt triveleg lunsj i vinterhagen til Joffe og Elisabeth. Ho er så flink med blomar og Hagen bugna av forglemegei.

image

Det var yndlingsblomane til både bestemor og svigermor, to kvinner som har stått meg nær, og som ikkje er her lenger.

I dag må eg gratulera min ikkjeakkuratherverande mann med bryllaupsdagen vår. For tjueni år sidan stod me og plukka liljekonvall til noko me håpa me skulle få tid til å laga brurebukett av før kyrkjeklokkene slo. Far var framleis våt i håret etter dusjen, då eg og han stod i døra til våpenhuset i Gjesdal kyrkje og høyrde gauken gala for første gongen det året. At han då var ni år yngre enn eg er nå, er ein veldig rar tanke… Gratulerer med dagen, Leif. Eg får stela ei litt skakk verselinje frå Barbro Hørnberg, og bruka litt større ord enn eg vanlegvis gjer i anledning dagen: «Jag elskade dig då, det gør jag nu.» Og ja, eg fann ikkje dei svenske bokstavane på denne i-paden…

 

Heidi