Gå til innhald
Bilde

Luke 3 -2013

image

«Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um
»

Olav H. Hauge 

Diktet over er eg veldig glad i. Eg trur det seier noko viktig om å vera menneske. I kveld har eg vore i samtalegruppe i lag med ein gjeng flotte damer, me har drukke varm te, og me har ete heimebakte grove rundstykke med ost og heimelaga syltetøy og peparkaker så tynt kjevla at dei var nesten som papir. Oppskrifta stamma frå ei tippoldemor, og smaken var veldig god. Temaet vårt i dag var lengt. Korfor lengtar me, og kva lengtar me etter? I eit av dikta mine har eg skrive: «… og kjenner til vår forundring kor mykje me framleis lengtar…» For lengtar gjer me. I alle fall gjer eg det. Det er i den samanhangen eg har teke med diktet av Olav H Hauge. For det måtte vera med eit dikt i dag, og eg måtte laga eit blogginnlegg før eg vaklar i seng, for eg har jo lova adventkalendar. Me snakka om at lengt er positivt like mykje som det er negativt. Lengt har med livstørste å gjera, og det har med det å gjera at me framleis er knytta sårbart nært opp til det levande livet.

Dagen har vore god på andre måtar og.imageMe hadde ei fin adventstund i klassen, her har me ikkje rukka å få på rett dato enno, men det kom… Ungane pakkar ut ein figur til julekrubba kvar dag. Og dei får trekkja hemmelege konvoluttar i adventkalendaren vår.

image
Han ser omtrent slik ut i det første morgonlyset. Etterpå gjekk me rundt juletreet på torget med ranslane på ryggen og song julesongar før me var på oppdagingsferd og såg på skulpturane i Fritz Røed- parken. Etter matpause i gymnasparken var det tid for blåfjell og for forteljinga om Nikolas av Patara som seinare er kjend som Santa Claus. Dei gamle norske fjøsnissane som passa dyra og fekk graut på julafta måtte me og gje litt plass for. Det er min jobb å stå på gangen og seia god morgon til trøytte eller lysvakne ungar som kjem til skulen før det har rukke å bli lyst. Mange av dei rekk nesten ikkje opp til knaggen sin ein gong og treng hjelp til å få hekta av seg refleksvestar og fleire lag av varme klede.

For ikkje så lenge sidan las eg at den viktigste utfordringa for skulen er å gjera han til den varmaste, tryggaste og mest inkluderande plassen barna nokon gong har vore på. Det er ikkje lett oppnåelege ord, men dei kan vera greie å ha som ei stjerne å sikta mot… Og lærarane bør vera opplagde og blide. Då kan det kanskje vera greitt at eg sender ein av dei, meg sjølv faktisk, i seng snart. Klokka nærmar seg faretruande eitt om natta, og det er ikkje meining i slikt. Til og med katten har sovna og søv tungt her på musematta, eit eksempel til etterfygjing. Eg har seld mange bøker i dag, og kan ikkje nekta for at det er ganske kjekt at nokon har lyst til å lesa ho. Nå må eg bare halda orden i systema…

God natt, var det viss ja. Takk til alle gode makter for ein god dag.

Heidi

Luke 2 – 2013

image

Dei siste åra har eg operert med ein slags adventkalendar her med daglege luker… Det må då vera luke ein som kunne opnast i dag, sidan det er den andre i dag. I går vart det ikkje så mykje tid til adventlys, men i dag starta eg morgonen på beste adventvis med masse tende lys til kaffien og rugsprøen. Ei venninne av meg sa i går «Du har det jo bekmørkt i stova…» Og ja, eg skal innrømma at eg har den merkelege eigenskapen at eg likar mørke. Spesielt dersom eg kan kombinera det med mange tende stearinlys. Då blir mørket utanfor nesten som eit vernande teppe om huset…

I ein adventkalendar bør ein finna noko uventa, i beste fall til nytte og glede, så her kjem ein song eg falt pladask for…

http://vod.io/L6l8N/

Eg har og lyst til å dela ein film som Sunniva har laga. Legg spesielt merke til den nydelege vesle guten.

Og dette skreiv ho om filmen:

«Frå onsdag til fredag reiste me voluntørane, saman med Camilla, til Caranavi. Det er ein by inni jungelen, og her har misjonalliansen eit kontor og ein del prosjekt. Me fekk besøke tri av dei, og få moglegheita til å sjå kva nordmenns støtte går til. Eg må berre sei at eg er utrulig stolt over å jobbe saman med denne organisasjonen, som gir menneske tillit, tru og støtte. Som hjelper menneske til å bedre livskvaliteten, og for nokon faktisk eit livsgrunnlag.
No er det desember, og då er det så lett å stresse. Det er jo ikkje det verken advent eller jula bør handle om.
Kanskje du har alt du trenger, og berre ikkje veit kva du skal ønske deg? Kva med å ønske deg støtte til prosjekter rundt omkring i verda. Det trenger ikkje å vera misjonalliansens prosjekt, det finnes så mykje der ute!
Husk å ta godt vare på familien din i jula, og kanskje folk du veit er litt ensome. Jula er kanskje for meg eit høgdepunkt i året, fordi eg har så mange gode folk rundt meg. Alle har ikkje det.
Bymisjonen har eit fantastisk tilbud, der du kan sende ein sms, og gi en x-sum som går til julemiddag for heimlause. Bare eit forslag! http://www.bymisjon.no/middag/
Stor klem frå meg som er så utrulig heldig, men også veldig takknemlig. <3″

For at dette skal bli i overkant av eit kinderegg, minst tre ting i ein, det er trass alt advent, så tek eg med nokre tankar frå Charles Ringma før eg avrundar med dagens lyrikar. Eg las dette i dag morges, og synest det er viktige refleksjonar:

Alt godt har sin skygge. All velsignelse har sin bakside. Alle former for styrke har sin akilleshæl. … Henry Nouven unnrømmer: «Jeg ønsker alltid at det lille skal bli noe stort.» Det er ikke alltid noe åpenbart forhold mellom måten vi   forbereder oss på og hva vi får ut av det. Noen ganger fører omfattende forberedelser til store resultater. Andre ganger fører det til ganske lite. Overraskende nok kan også det som ser smått ut bli noe stort.  Men når det skjer, bør det alltid komme som en overraskelse, noe vi feirer og takker for.

Det viktigste er at vi gjør det vi har å gjøre med trofasthet uten tanke på om det kommer til å kaste lite eller mye av seg.

Charles Ringma

Det han skriv er så herleg befriande lite politisk korrekt. Me lever i ei tid der det meste skal resultatorienterast, protokollførast og vurderast. Dersom du gjer noko du veit er rett, så fortset med akkurat det utan å la deg jaga av tanken på om det lønnar seg, om resultata er store nok og så vidare. Bare gjer det som ditt bidrag til det store puslespelet som ein gong kanskje kan bli til eit vakkert bilete. Og advent eller ikkje, eg driv jo på med dette rare vesle prosjektet mitt å presentera dikta som bur i hylla mi… Her kjem dagens dikt…

Diktaren for denne dagen heiter Audun Roar Eng og er fødd i 1977 . I  2007 gav han ut samlinga «holder fest» på Cappelen forlag. Eg tek med det første diktet som står som ein prolog for resten av dikta:

Opptrekk

ha og himmel møttes
holdt fientlige taler
steinene ble slikket rene
himmelen begynte å synge

Audun Roar Eng

Ha ei fin adventtid alle saman. Eg skal prøva å laga ei luke kvar dag, så får me sjå om eg kan få det til…

Heidi

 

Første sundagen i advent

image

Med nytend adventlys, ein dansk svibel som eg fekk på ein butikk i føremiddag, lilla adventduk, knalloransje klementinar og eit honningkakehjarte frå julemarknaden i tivoli. Eg er nå trygt heime etter ein fantastisk helgetur. Flyturen heim gjekk heilt utan komplikasjonar og alle er glade og fornøgde. Akkurat nå held eg på å landa heime i kvardagen, nei, sundagen min, – det kjennest fint.

image

I føremiddag hadde me den siste byvandringa i fine, fine København. Veret var litt mindre grått og innimellom kikka til og med sola fram. Byen er som sagt pynta til trengsel allereie. På gavlen på det mest fornemme teateret i byen, sit HC Andersen flankert av lysgardin og les eventyr for barn.

image

Og framfor huset står det store tinnsoldatar i stram givakt.

image

Dei ser ut til å ta oppgåva si alvorleg.

image

Me fekk eit glimt av ekte gardistar og, som marsjerte spelande gjennom gatene med bjørneskinssluer, fløyter og trommer. Helst ville eg springa etter dei for å fotografera, men eg innsåg at eg aldri kom til å nå dei att. I går prøvde eg å springa etter ein mops som sat i bagasjekorga framme på ein bybudsykkel og passa på pakkane som skulle leverast, men eg nådde ikkje fram i tide då heller. Eg eignar meg viss best med motiv som står stille…

image

Eg er imponert over vinduskunsten, som har mykje eventyr i seg. Mine ganske designbevisste venninner har teke meg med til butikkar eg knapt visste eksisterte som acne og Malene Birger. Eg har vore velvillig fargekonsulent og sånn, men det eg har kjøpt med meg har stort sett vore julepynt. I dag var det plutseleg min tur, me spaserte forbi ein Gudrun Sjödinbutikk som skulle opna om fem minutt, og me bestemte oss for å venta. Eg gjekk ut der i frå med ny strikkekjole, nytt silkesjal og ein grøn strikkejakke i ein farge eg aldri før har hatt, men i dag var det min tur å velgja å lytta til fargekonsulentane. I tillegg fekk eg med ein lilla hyasint som takk for god handel, og tollarane var snille og lot meg ta han med heim til gamlelandet.

image

Gardistane fekk eg aldri fotografert, men desse to sat på gata og spelte vakkert for oss både seint i gårkveld då me gjekk heim til hotellet og i dag føremiddag. Det var den same melodien begge gongene, «Glade jul» i overgangen mellom november og desember, på klassisk gitar og trekkspel midt mellom to kommunale søppelspann. Dei smilte så fint til oss at eg måtte tømma den nye lommeboka for danske myntar.

Vel heime att var det tid for clementinar, svart kaffi, havrekjeks med brunost og danske mandlar med hindbærstræk. Det er ikkje så verst heime heller. Nå skal eg ta med meg eit knekkebrød og resten av kaffien og kosa meg med Downton Abbey.

Heidi

Småprat

Hummar og sjampanje

imageMe image har lese bloggen din, seier ei av venninnene mine, men du har ikkje skrive om den gode sjampanjen. Torer du ikkje vedstå deg det på bloggen? Jo, men eg drakk eplemost, og det var min mat eg skreiv om. «Men skriv om at dei hadde god sjampanje der og?» «Det er greitt. Tilsaman hadde me hummar og sjampanje, det er då standsmessig?» » Ja, skriv det!» Og sånn vart det. Håpar eg får til å lasta ned litt fleire bilete og…imageimage Her er flotte gatemusikantar frå Højbroplads og ein ny smakebit frå utstillingsvindu. Bamsane har på barnetøy som blir solgt i butikken.imageimage   I kveld har me vore i tivoli. Det var tusenvis av lykter tusenvis av folk, heilt kaotisk og heilt vidunderleg. Dei andre søv etter ein lang dag. Eg bør vl gjera likeså… Heidi

Småprat

Dansk jul

image

Med kongelig dansk porselen…

Småprat

Utruleg velsmakande

BildeT tatt      Sigrid kom etter oss andre med fly i dag, og møtte oss på julepynthandel på Royal Copenhagen. Ho hadde høyrt at dei hadde så fantastisk mat på Kafe Norden, så der bestemte me oss for å eta lunsj. Det skulle visa seg at me delte den ideen med veldig mange andre, så me stod lenge og venta i håp om å få eit bord. Til slutt lukkast det Anne Mette å få kapra eit til oss. Det viste seg at maten verkeleg var heilt usedvanleg god. Det de ser på biletet er min lunsj, nordisk tapas. Den bestod av ei heilt nydeleg jordskokksuppe med to baconterningar, dansk rugbrød med laksetartar, veldig god med masse smak, kålsalat med rista pinjekjerner, rista loff med mild blåmuggost, valnøtter og honning, hjemmebakt knekkebrød med brie og jordbær og til slutt lun eplekake med krem.

Etterpå vart det meir julepynthandel og ein sunn jus med epler og ingefær. Då me skulle tilbake til hotellet, mangla ein av oss ein berepose med presangar, og så vart det jakt i dei butikkane me hadde vore i, heldigvis fann me han att. Det regna ganske tett, og eg fann ut at som den einaste utan paraply så vart eg våtare enn strengt tatt nødvendig. Dei to første butikkane eg var inne i var utselde for paraplyar, men på magasin Nord fann egefin til seksti kroner. Det var nok ikkje ei livstidsinvestering, for han vrengde seg tre gonger på vegen til hotellet. Då me skulle kryssa ei gate på ein litt tvilsom måte saman med andre vandrarar i regn og ettermiddagsmørke, vart eg nesten nedkjørt av ein syklist. Eg hadde heilt fokus på bilane framfor meg, og så kom han plutseleg seglande lydlaust opp på sida mi. Han ropte noko då eg gjekk ut framfor han, eg tenkte eit sekund at dette går gale. Han klarte såvidt å styra unna, men var bortinparaplyen min, heldigvis var det ikkje ein «stikka i augene på syklistar- pigg» i enden på paraplyen. han hoppa av sykkelen og eg sa unnskyld sikkert fire gonger på rad. Me stod slik i to- tre sekund og konstaterte at me ikkje hadde skada einannan. Så sykla han vidare.

Heidi

Småprat

Den optimale førjulsstemninga

imageBildeDet stod det om København i eit norsk vekeblad, og eg er tilbøyeleg til å vera einig? Heile København er pynta til fest og utstillingsvindua er som å sjå inn i eventyr. Eg har teke masse bilete eg hadde tenkt å leggja inn her, men med lånt i-pad er det litt vanskeleg å få til.. Det øverste biletet viser ein litt spesiell variant av temaet Kvitebjørn kong Valemon… Nå vil venninnene mine pynta seg for å gå ut og eta middag, så eg får heller sjå om eg får til å skriva litt meir seinare… Heidi

Småprat

Førjul i København

imageHer er lokasjonen ein italiensk restaurant der dei i går kveld serverte Thanksgivingmiddag. I inngangspartiet vart me møtte av eit lysande elghode.

Visst kom me oss til København sjølv om eg mista boardingekortet mitt på flyplassen og sjølv om me var så blaserte der me sat og venta på flyet. Plutseleg var det gare closing og last call. Då me kom inn på flyet sat alle dei andre passasjerane fint fastspende i sikkerheitsselane sine og venta. Først då eg sat fastspend og flyvertinna hadde lukka bagasjelukene, kom eg på at eg ikkje hadde fått slått av mobilen. Flyvertinnene var dansk joviale og veldig imøtekomande så eg slapp unna med eit unnskuldande smil.

Turen over var som ein tur med bussen, sjølv om flyet var eit lite propellfly… Det og litt blåsande ver er ikkje dei beste prognosane for ein halvnevrotikar ned flyskrekk, men det viste seg at vinden bare var til vår fordel. Me sigla over på femti minutts overfart medan flyturen eigentleg var estimert til halvannan time. Slikt liker me.

Heidi

Julesong

lysalter

Det er snart advent- Eg har sikkert skrive litt allereie om at eg har jobba litt med ein julesong. Kanskje det rett og slett er på tide å la han få litt plass her. Eg er slett ikkje sikker på om han er heilt ferdig, men akkurat pr nå ser han slik ut.

Vinterkvelden han legg seg rundt husa,
det er mørkt, og det er desember,
snart kjem natta, ho pakkar inn fjell og tre,
men her inne er julefred.

ref

Lysa er tende,me sit saman her,
ser eit bål flamma i peisen,
kjenner det store kvila i alt smått,
alt er stille, – og det er godt.

 Du som kom som ein nyfødd i stallen,
du som  var liten i det store,
kom med kjærleiken din, kom og finn oss att,
kom til oss, det er julenatt.

ref

Natta er mørk,og me sit saman her,
kom og finn oss, for me lengtar,
tenn våre lys midt i det store nå,
vis oss vegen som me skal gå.

Stjernenatta har lagt seg rundt husa,
det er mørkt, og det er desember,
sjå det lyser frå hus og frå juletre,
det er natt, det er julefred.

ref

Stjernene lyser, det er julenatt,
våre lys skin nå i natta
lys i det store tende i det små
møter lysa på himlen nå.

Heidi

Og her ligg notene. Komponisten er ikkje fornøgd med resultatet, og melodien haltar nok framleis litt i forhold til teksten. Nokon som føler seg kalla til å hjelpa litt?

Julesang(1)

Og i dag har eg hatt fleire timar med ein nyfødd liten gut på fanget. Det var så utruleg fint å få helsa på han. Når nokon plasserer eit nyfødd menneske i armane mine, er eg nesten i himmelen… Lukka til med alt som skal skje deg, lille venn. Han ankom heimen i ein liten brun bjørnedress med øyrer på hetta og hale på rumpa, og var heilt til å eta opp.

image

Heidi

Skoddeheimen

skoddelandskap Ryfylke

Slik såg det ut då me kjørde for å besøkja farmor på laurdag. Det  låg skoddeslør over deler av landskapet, medan det var heilt klårt andre stadar.  Det var vakkert å sjå på. Grå skodde og grått ver får fram fargane i naturen på ein heilt spesiell  måte. Då me kom fram, låg skodda tett kring husa.  Leif er flink fotograf, synest eg. Slike bilete får aldri eg til å ta, men eg kan sjølvsagt skulda på utstyret…

I dag har det vore veldig grått her og, og visst har me vore ute med ungane i dag og, det er då tysdag. Det var slikt tett, tett regn ute,  som er ein slags utvida variant av skodde. Ein har ikkje opplevinga av at det regnar spesielt heftig, men blir likevel gjennomvåt etter kort tid. Ungane var så våte då me kom opp att, at me måtte vrenga av dei heile regndressane før dei fekk lov til å sleppa inn frå yttergangen. Så var det utdeling av plastposar som dei kunne ta heim våte gensrar, bukser, luer, sokkar og vottar i. Mykje av det var klart til å vris opp. Sjølv har eg funne ut at det eg kanskje burde ønska meg til jul var ein god gammaldags sydvest. Med regnhette på ser ein mindre enn ingenting, og det er nesten litt uansvarleg når ein er ute og går i trafikken med hærskarer av seksåringar. I dag vart brillene så skoddete og doggete i tillegg, at eg til slutt gav opp og la dei i lomma. Då er det godt å ha sjåande kolleger. «Nei sjå der står det jammen nokon og sel ballongar på torget!» sa eg oppmuntrande til den eine gjennomvåte guten eg leigde i handa. Han forstod ikkje kva eg meinte, og sjølv innsåg eg og at det var ein merkeleg aktivitet ein grå og våt novemberdag. Då guten ikkje såg ein einaste ballong, gjekk det opp for meg at det eg såg var refleksvestane og ranselovertrekka til dei av elevane våre som gjekk fremst i rekkjene og hadde begynt på oppstiginga mot skulen. Kanskje svømmebriller med styrke i blir neste julegaveynskje…

Håret har vore vått i heile dag, for kvar gong eg er i ferd med å tørka sånn nokonlunde har det vore tid for ein ny tur ut. Nå sit eg her som ei våt kråke og hutrar etter vegen heim frå kveldsjobben. Eg drikk varm te og et curamed med sitron og repsisls med honning. Det er forsøket verd å prøva å slå tilbake forkjølinga som kriblar i halsen. Eg skal på jentetur til København med gode venninner i helga og har ikkje tid til den slags. Heldigvis held eg meg som regel på beina i det lengste laget.

Og her er eit fint bilete av den fine farmora mi på snart nittisju. Ho er snikfotografert i ein ubevakta augneblink, og er derfor langt meir lik seg sjølv enn på dei fleste bilete. Det vitale glimtet i auget er på plass, og potteplantene i vindaugskarmen er ein fryd. Ho seier det er dei ho har å stella for nå, og at dei heldigvis treng henne…farmor med diktbok 1

 

I dag blir det rett og slett ein tidleg kveld, men først tek me oss tid til nokre fine dikt av den franske lyrikaren Paul Éluard, gjendikta av Kjell Heggellund.

Definisjoner

En levende mann på en levende hest møter en
levende kvinne som holder en levende hund i bånd.

*

Den svarte kjolen eller den hvite kjolen? Store
sko eller små?

Paul Éluard

De små rettferdige

På latterhuset ler en fugl i vingene.
Verden er så lett
At den ikke lenger kan holdes på plass
Og så munter at den ikke mangler noe mer.

*

Hvorfor er jeg så vakker?
Fordi min Herre vasker meg.

Paul Éluard

Og nå håpar eg dyna er varm og god slik at eg får varmen i meg. Tenk snart er november over alt. Litt av ein fart tida har lagt seg til å ha…

Heidi