Gå til innhald

Juelmesse og sånn

image

Eg har nettopp kome heim frå siste runde julemesseverkstad, og kan avsløra at det blir litt av kvart å få kjøpt på julemessa i kyrkja på laurdag. Dessverre er eg i København akkurat då, så eg får ikkje handla der, men det har vore veldig trivelege kveldar med kreativt arbeid. I dag var me ein stor gjeng som haldt på, og eg fekk gjera det eg hadde mest lyst til, mala kvite kakemenn og pynta peparkaker. Eg fekk rett og slett lyst til å gå i gang med julebakst sjlkv og.

image

Det ser jo rett og slett ganske godt ut.

image

Og litt av kvart var det der som eg ikkje har hatt fingrane borti i det heile tatt, mellom anna englar i ulike materiale og fasonger.

Eg har vondt i hovudet, så det blir ein tidleg kveld. Eg tenkte bare å ta litt ansvar for lyrikkserien min først, av hensyn til alle dei som bare går og ventar på velvalde ord frå dagens lyrikar… I dag heiter ho Magli Elster, og diktsamlinga «Gleden og ordet er ei av dei dei diktbøkene eg har hatt aller mest glede av heilt frå eg fekk ho mellom hendene i 1982. Då var eg 21 år og veldig glad i dikt. Det rare er at det var mange av oss og me var dedikerte medlemmar av «Bokklubbens lyrikkvenner», eg lurer på kor mange det er av dei som er på den alderen nå som har oppdaga kor fint det er med dikt…

Måkene kaster skygge

Ung pike mot et svaberg
huden mot gråstein
ventende ventende i solen
Skal en aldri bli en annen
enn denne ventende piken
ligge mot gråstein i drøm
til det bare er igjen et hvitt skjelett
bleket av den harde solen
den som aldri kom.

Magli Elster

 

November

Jeg tror jeg må ha tenkt på deg
da jeg sov
jeg hadde lovet
ikke å tenke på deg
bare i søvne
for luften var klarere enn vann
novembersolen ren
etter nattens regn
sånn som den bare kan bli
når en har tenkt på deg
i søvne.
Jeg holdt mitt løfte
allikevel var himmelen blå
og solen sol
da jeg våknet.

Magli Elster

Og dette siste diktet seier det meste om fleire av oss.

Mistet

Brillene
på Akropolis
skjerfet
på Montmartre
så er en ikke
gått sporløst
gjennom livet.

Magli Elster

 

Heidi

 

Ei rask oppdatering

image

Nå luktar det deilig av middag som kokken min kokar på kjøkkenet, og om tjue minutt får me middagsgjester. Eg gler meg til å få besøk av Torhild og Per Magne, for nå er det frykteleg lenge sidan sist. Litt seinare får me endå meir besøk, og er er ekstra heldig skal eg helsa på ein nyfødd i dag, så skal det skrivast er det best å gjera det nå. Å få halda eit nyfødd menneske er for meg det aller næraste eg kjem på å røra ved det heilage. Blir det ikkje i dag, så håpar eg det blir ein sjanse ein av dei første dagane. Eg lurer på om det er mange som har det som meg at dei bare må laga noko av alt. Bretta sjokoladepair til figurar, teikna dekor på alle papir og laga noko av appelsinskalet. Eg har ein nesten tvangsmessig trong til å laga noko av appelsinskal, og har aldri før stådd fram med «skavanken». Kanskje det er fleire der ute som lir av det same? Clementinskal er ekstra takknemleg som formingsmateriale (eg trener på at det ikkje heiter mandarinar), og her er ein føradventengel og andungen Kvakk-kvakk…

image

I går hanka me med oss Odd Christian og reiste inn for å besøkja farmor. Ho fyller 97 år om mindre enn to månadar og steller framleis seg sjølv og alle dei fantastiske potteplantene sine på eiga hand.

image

På ferga over hadde dei begynt med noko nytt i kafeen selde dei «take-away-lappar» eller sveler som det heiter på fergespråket. Seks sveler for 60 kroner med smørkrem i eit lite beger. Dei var så store som pannekaker og såg veldig innbydande ut. Så varme og nysteikte var dei at me ikkje kunne lukka loket på øskja før me gjekk til bilen. Det skulle vera ei overrasking for farmor at me kom, så på vegen stoppa me og kjøpte med oss frokostbrød, ambrosiabrød og ei julerose i raud potte som sending. Det var grått i veret, men naturen langs vegen er veldig fin.

image

Då me kom, hadde farmor høyrt ryktene likevel, og stod klar med varm ovn og ein pizza ho hadde teke ut av frysa. Eg blir så glad kvar gong eg ser henne, for at eg verkeleg får lov å ha henne framleis. «Det får du spørja mor mi om,» sa far då eg spurde han om noko sist sundag. Det kjennest sikkert ungdomeleg å kunna sei den setningen når ein nærmar seg 74 år. Nesten som i «Den sjuande far i huset.» Det er ok å vera nest nederst i slektsleddkjeden enn så lenge… Ho vart veldig glad for å sjå Odd Christian, det var så lenge sidan sist. Eg likar å sjå når det blir tend lys i begge auga til folk, og det gjorde det då ho opna døra.

image

Me snakka litt om korleis det kjennest å vera menneske når fingrane blir for stive til å strikka med, og når det er vanskeleg å balansera med gryter og kar på kjøkkenet, sjølv om ein har gjort det heile livet. Eg forstår nesten litt for godt korleis det må kjennast. Og at det er ei stor sorg i å sjå både jamngamle og dei i generasjonen under bli sjuke og døy. Heldigvis var me einige om at det er mykje å vera glad og takknemleg for og.

image

Nå er gjestene venta om fem minutt. Eg får gjera meg klar til å leika vertinne. Ha ein framleis god sundag.

Heidi

Bilde

Ein liten dansk gardist i tre

ender under bru

Då eg såg dette flotte biletet av ein flokk ender i Frøylandsvatnet, som Leif tok sist helg, kom eg til å tenkja på stressmeistring. Eg høyrde nokon bruka biletet av ei and som forklaringsmodell for å bli utbrend. Ein ser ei and som tilsynelatande duppar stille og fredeleg i vassflata, men dersom ein såg under vatn, ville ein sjå føtene arbeida febrilsk for å halda på tilstanden. Det er noko der med at det ikkje alltid er så lett å kopla på og av når ein jobbar med ungar og kreative prosessar. Nå er ikkje dette ei vedkjenning av at eg er i ferd med å klappa saman, snarare ein fri digresjon. Utgangspunktet var at eg likte biletet veldig godt…

Og i dag er det den frie skrivedagen min, som eg alltid gleder meg til og over. Eg høyrde at i ein roman var det ein mann som kjende at livet var i ferd med å springa frå han. I frustrasjon over at timane gjekk så fort, stilde han seg i kø på Rema kvar ettermiddag, for der gjekk tida så forsvinnande seint. Kanskje det er der eg burde vore, for ambisjonar og timeplan går ikkje alltid heilt i hop når det gjeld dagane mine.

image

Morgonlyset er så fint på soldagar i november. Her må eg innrømma at klokka nok hadde rukke å bli ti eller meir. På ein dag som skal roma mest mogleg både kvantitativt og kvalitativt er det greitt å henta fram både engelen og soldaten i seg sjølv… Engelen trur eg eg har fått av mor ein gong, og den danske soldaten har eg arva etter svigermor. Han minnar meg meir om eventyra til HC-Andersen enn om militære og alt dets vesen, som eg er lite fan av. Ein liten dansk gardist i tre, derimot. Ja, takk…

image

Nå skal eg få skrive ferdig ei dramatisering av dei tre heilage kongane til skulegudstenesta veka før jul, og få pakka og send nokre av dei bestilde bøkene. Noko stor og grundig opprydning har det ikkje blitt tid til, men eg fekk skore blomane av dei to veker gamle rosene og sett dei i eit stettefat med vatn, så kan dei få vera fine denne helga og.

Eg let Egil Elseth vera dagens lyrikar.

image

Gagns menneske

Kommaregler
er viktige, de
og svartedauden
og
Erik av Pommern
og gangetabellen.
Den er viktigst av alt
når den store prøven kommer.

Den store prøven kommer
kanskje på en mandag
eller på en søndag
rett etter sporsrevyen.
Men oppgaven hørte ikke til pensum.

Egil Elseth

Ha ein fin fredag og ei god helg, alle saman.

Heidi

Torsdagskveld igjen

image

Dagane går så fort at eg mest ikkje legg merke til at dei går. Eg ser likevel at dagane blir kortare og mørkare, og kjenner at me er på veg inn i ei ny årstid. Slik ser novembermorgonane ut når eg kjem på jobb om morgonen i halv åtte tida.

image

Og slik ser dei ut når eg tenkjer på å koma meg heimatt sånn i firetida ein gong. Det siste biletet er ikkje veldig skarpt, men det viser det blå ettermiddagslyset som eg synest er så vakkert.

image

Og på midten er dagane fulle av slike ting som gjer dagar levande. På grupperomet vårt sit det ein bamse som små og store kan ty til om livet skulle snøra seg til…

image

Og mest kvar einaste dag får me tid til matpause. Dei norske matpakkane har vore i rivande utvikling dei siste åra. Ungane stiller med små batteri av fargeglade boksar med diverse godsaker i. Dei har med alt frå blåbær til hjarteforma gulrotbitar og kalde karbonadar.  Nokre av dei har fancy boksar som ser ut som små i-padar heilt til dei opnar dei og avslører diverse små rom med oppskoren mat. Me vaksne ligg ikkje langt etter, her er deler av Dagny sin lunsj i dag, små veltillaga sushibitar i ein liten boks før ho går laud på franske ostar i boksen under. Kva har skjedd med dei to kneippbrødskivene med henholdsvis kvit og brun ost?

image

Etter jobb fekk eg med meg dei siste solstrålene i Storgata. Eg unna meg ein liten kikkerunde i butikkane, og må innrømma at eg vart ståande litt halvfortrylla og kikka på julepynt. Eg fortel meg sjølv med ein litt halvstreng indre stemme at det er lenge til jul endå. Ikkje eingong lange lilla adventlys såg eg syn på å dra med meg i dag. Plutseleg gjekk eg på mannen i mitt liv midt i gågata, og me bestemde oss for å eta saman på kinarestaurant. Sidan denne mannspersonen er identisk med faren til Halvard, ringde me han og, og han kom ned for å eta saman med oss så fort han var ferdig med vakta si på SFO. Plutseleg var det litt feststemning over ein heilt vanleg torsdag, og det kan eg lika.

I går kveld var eg hos Synnøve og sydde ullhjarte og laga englar av skinn og knappar. Det siste til pynt på store «stikkedåsar». Me åt Synnøve sine gode heimelaga bollar med brunost og plommesyltetøy, og kjende at ein iskald og regntung novemberdag kunne landa svært så behageleg. I kveld har eg vore på besøk hos Inger Lill saman med Laila og sett dei vakraste fotoalbuma eg har sett i heile mitt liv. I morgon blir det ein roleg jobbedag, trur eg. Det kan trengast .

image

Mi kjære niese Borghild har googla denne typen tommel, som eg og ho og Vilde, mor mi og mormor mi er velsigna med på den eine handa. På engelsk wikipedia går han under namnet «club-thumb» eller «murder- thumb»… Det er omtalt som eit genetisk overførbart kroppstrekk. Meir er det ikkje å seia om den saka.

For å ta eit steg vekk frå min eigen nasetipp og tommeltott, så lar eg forfattaren Kerstin Ekmann få ordet. Boka «Knivkasterens kvinne», er ein prosalyrisk roman. Her kjem det ei skildring frå psykiatrisk avdeling:

Hvert menneske har et sysem av speil i seg.
Det ordner verdenens
biter.
Rist mennesket. Bildet forandres,
men bitene finner sin plass.
Et mønster formes.
Hvert menneske har et system av speil i seg.
unntatt den som er skadet.

***
Om nettene er de friske og de syke like.
Om nettene virvler bildene ut av speilene.
Da er komethaler av
 verden
på vei inn. De skjærer hverandre,
vandrer over de indre himlene
og forsvinner om morgenen
divergerer styrter
flyktende ut fra hverandre
fra den friske, fra den syke like.

Og dagen begynner med sitt skarpe skille.
Der blir det frokost, velling, te
for de syke
.
De friske har alt spist.

Hvert menneske
må finne et punkt der det er hos seg selv.
Hvert menneske
som ikke vil skjæres i stykker av verden

må finne punktet
der det ikke kan angripes,
jiet under brystbenet
eller et stykke ørken
inne i sitt eget hjerte.

Kerstin Ekmann.

Utsikt frå høghuset novembernatt

For å fullføra den døgnopne dagreportasjen, tek eg med eit «nattbilete» av Jæren, teke for kort tid sidan frå toppen av høghuset. Leif sin skule har Comeniusbesøk og har hatt gjestene med på middag i restauranten i kveld.

Og så er det god natt her i frå…

Heidi

Eit lite under

image

Det er eit lite under å vera vitne til korleis seksåringane steg for steg erobrar lesekunsten. For nokre går det sakte, men sikkert, for andre bare eksploderer det, og så kan dei plutseleg lesa. I eit digitalisert samfunn er det vel nesten ein kuriositet at elevane våre framleis leikar seg med desse bokstavkassane, som eg faktisk hugsar frå mi eiga førsteklassetid, på ein av stasjonane på læreløypa. Plutseleg ein dag sit dei der og har produsert heile setningar, og er kjempestolte av seg sjølve. Sidan skrift i bokstavkassar er ein veldig forgjengeleg kunstart, måtte eg fram med mobilen for å foreviga nokre av tekstane.

image

Som de ser så er førsteklassingane klare for jul men nokre skriv og om kvardagslivet eller familien sin…

image

image

Eigentleg sat eg her og ville leggja inn bilete av både det eine og det andre på skulen si heimeside, men eg har ikkje klart å få til å leggja inn bilete frå mobilen min… Sidan eg får det til her på bloggen, så fall eg for freistinga å leggja inn nokre av dei her. Så får bileta frå turdagen med fadderklassane koma når eg er blitt litt meir teknisk oppdatert.

Sidan tysdag er den lange dagen min, er eg ganske ør i hovudet, men ei lita økt ved tastaturet er det ikkje så lett å motstå. Og arbeidsledig er eg ikkje, sjølv om diktboka er ferdig og salget i gang. Nå skal eg skriva tiandeklasseforestilling og manus til eit lite programinnnslag på adventgudstenesta på skulen. Ingen av delene blir i kveld.

I går såg eg og Halvard ein dokumentar om den svært rebelske og uortodokse amerikanske journalisten Hunter Thompson. Det vart fortald at han skreiv av boka «The great Gatsby» av Scott Fitzgerald fleire gonger frå perm til perm bare fordi han ville koma på innsida av forfattaren sin måte å skriva på. Den opplysningen var ein smidig overgang, i alle fall ein overgang til dagens forfattar som framleis er Ellen Einan…

Om ho brukte kitt då ho lærte seg dei første bokstavane er vel ikkje sikkert, men alle har me vore nybegynnarar ein gong…

image

Jeg seiler

Jeg skaper meg ein ny klode
mer fantastisk!
Mer gråtefolk kommer
mer frekt solskinn inn i min lek
mer hel og narraktig
mer fred og dugg
og sangene.

Enda en dag?

Ellen Einan

Og dette får bli dagens tekst. Ellen Einan og førsteklassingane skulle tilsaman bli ein god porsjon leikande tekst. Og Halvard leikar seg inne på pianoet i stova. Nå skal eg eta «heimebakte knekkebrød» med «lettere nøkkelost» og kanskje skrella ein mandarin. Eg veit at dei eigentleg er clementiner, men det blir liksom heitande mandarinar i mitt hovud. I dag fall og smelta den første snøen for denne vinteren.

Heidi

 

 

De grumme, gramme og grove

image

«Petter Dass si salme Herre Gud ditt dyre navn og ære», står først i salmeboka som ein prolog med dei tre mest brukte versa. Lenger bak står den meir barokke varianten med åtte vers, men sjølv ikkje der har ein teke med alt. Petter Dass sin herleg barokke måte å skriva på er ikkje heilt vår velpolerte. Her er verkeleg alle med og lovar Gud, både steenbid, seier, tanteyen som løber leien, og torsk og seien og nise. Fiskane får vera med på lovprisninga i den nye salmeboka og. Dei har til og med lete verset der demonar og djevlar bøyer kne for Gud få vera med:

Thi for GUD skal alle Knæ sig bøye,
De som boor i himlene hin høye,
Og de på jorden, i sør og Norden,
Samt dievlers orden, som dømt er vorden
til møye.

Men ein stad går likevel grensa, verset om at ufødde foster skal lova Gud saman med folk med fysiske skavankar og manglande sosial kompetanse er elegant fjerna. Om det er av hensyn til dei halte eller dei grove, skal eg ikkje spekulera i, det kan jo tenkjast at det er av omsyn til dei grumme (dei grusomme) eller dei gramme (dei illsinte). Kanskje det seier mest om meg sjølv at eg kosar meg med å syngja verset høgt og ler av fryd over kor fantastiske tekstar den mannen sat og skreiv ein stad i Nordland for veldig lenge sidan. Her byr eg på verset som ikkje kom med i salmeboka:

Vil de Gamle være stiv og sove.
Da skal barn i MOders Liv GUD love,
De halte Lamme, Maal-løse, Stamme
Giør og det samme, de Gromme, Gramme
og grove.

Petter Dass.

Forøvrig kan eg tenkja meg at det ikkje bare var på Ålgård avsynging og innlæring av dei sentrale versa i denne salmen vakte knising og baluba. For det første var det lov, ja ein var til og med pålagd å ta orda Herre Gud i sin munn, noko ein aldri skulle gjera ellers, og slett ikkje på skulen. Dessutan var det etternamnet på diktaren. Eg går ut frå at klasseroma på Ålgård skule ikkje var den første plassen mannen vart kalla Petter WC med opprømt munterheit. Så det å pugga salmevers var då ikkje bare sorgen. Eg tok meg i å tenkja om opplysninga eg las i går at far hans heitte Peiter Peiterssøn Don Dass og ville slått an på Ålgård i overgangen mellom 60- og 70-talet.

Og korfor eg rotar meg vekk i alt dette. I nasegrus beundring for Petter Dass og farne tider så klart. I kveld skal eg snakka i kyrkja klokka sju om salmar og salmeskriving, fortrinnsvis mi eiga, og i staden for å setja meg ned og laga ei nøktern liste over opplysningar det er realistisk å få sagt noko om på 15-20 minutt, så rotar eg meg borti dei merkelegaste irrgangar som har det aller minste med temaet mitt å gjera. Eg er framleis utan manus, men det nærmar seg… Sei at folk heller vil høyra humoristiske historier enn å bli grundig oppdaterte i salmebokutvalets arbeid trinn for trinn…

Eg kjem til å slita med tidsramma, men til og med eg innser at det er irriterande med folk som ikkje klarer å halda tida, derfor skal eg vera så stringent så. Så måtte eg heller la det bobla over her på bloggen. Har eg høyrt at ein i vanleg taletempo seier ca 100 ord i minuttet?

Nei, til rors Columbus.

image

Ein kopp sundagskaffi unnar eg mine lesarar. Denne koppen er ikkje min, eg drakk kaffi av han hos Jan og Bjørg i går. Han var så fin at han bare fekk vera med, sidan eg likevel er på viddene.

God sundag

Heidi

Eit stille sentrum

ender i svart kvitt

Eg liker å ha folk rundt meg. I motsetnad til fleire av dei eg kjenner godt, så kan eg ha folk nær meg til ei kvar tid utan at det kjennest påtrengjande. Det er ein heilt grei eigenskap å ha når eg bur i eit hus der det på det meste har budd fem ungdomar, to kattar, to undulatar og etterkvart ein hund. Eg liker å sitja på eit tog, på ei trapp eller på ein kafé og bare studera folk medan øyrene mine vibrerer på ein nesten litt uoppdragen måte.

Det er meg uendeleg fjernt å pakka ryggsekken min for å reisa ut i verda på eiga hand, slik mannen eg lever med har gjort det med stor glede rett som det er. Langt heller enn å vandra rundt i Latin-Amerika på eiga hand, set eg meg på toget for å oppleva gode samtalar med ei venninne på Hamar eller på Røyse. Det skal nemnast at det siste har litt med hypokondaren i meg å gjera, tenk om eg blir alvorleg sjuk eller får hjarteinfarkt, og så er eg der heilt aleine, eller tenk om eg kjem for seint til eit fly eller er heilt ute av stand til å finna att hotellet… Men eg har og den andre tanken, at det er trist å ikkje oppleva saman med, hugsa saman med, le saman med.

Likevel  liker eg å vera aleine. Då eg var lita likte eg veldig godt å leika aleine, og som vaksen elskar eg å sitja og skriva, lesa i bøker, høyra radio, sjå filmer, strikka eller brodera. Eg kan gjerne ha folk rundt meg, og eg kan godt vera aleine. Charles Ringma hevdar i boka si «Den indre rytmen» at eit kvart liv treng eit stille sentrum. Han skriv:

Et stille sted i vårt indre hjelper oss ikke bare å fatte mer av vår egen unike identitet. Det hjelper oss å bli klar over, og ta tak i det som påfører oss smerte og gjør oss triste. På dette stedet kan vi bestemme oss for å gjøre noe med vårt sinne og å oppdage kreative måter å løse problemer på. Det er ikke bare et sted vi overvinner vanskeligheter. Det er også et sted der vi mottar ny inspirasjon og justerer kursen.

For Charles Ringma er ikkje det stille sentrumet stedet for å vera «dyktig og flink til å finna ut av ting på eiga hand», men ein plass for å opna seg for Gud og for å få hjelp til å justera kursen på livet sitt. Han skriv til og med at det er på denne staden ein verkeleg utviklar relasjonane til andre menneske fordi det er der ein får tid til ettertanke og til å leita etter den velsigninga det andre mennesket treng å finna gjennom det du kan formidla vidare. Han skriv om at ein kan vera noko for andre, sjølv om ein ber på sine eigne vanskar i tillegg. At det er slik relasjonar må vera. Menneske med skrammer og sår, for det har alle meneske, er i stand til å oppmuntra andre som går omkring med skrammer og sår. Alle treng å bli møtte med forståing og varheit, og alle veit me noko om det å vera menneske. Det er ikkje farleg eller destruktivt å kjenna etter korleis det eigentleg er å vera levande.

Dette har eg tenkt i fleire dagar at eg har lyst til å skriva om. Eg veit ikkje om eg fekk det heilt til slik eg hadde tenkt, men kanskje eg får det endå klarare fram ein annan gong. Eg får utan samalikning ein slags Frans av Assissi- følelse her eg skriv. Det har lite med min eventueller fromheit å gjera, men katten har lagt eit malande kattehovud på høgrehanda mi, og ligg slik medan handa mi skriv bokstavar. Kroppen hennar ligg tungt på musematta, så den har eg i skrivande stund ikkje tilgang til. Det dyret let seg rett og slett ikkje avvisa. Eg har ikkje hjarte til å kasta henne ut av huset når ho helst vil vera inne og mala..

image

Klokka går, og dagen skal ha plass til mykje. Eg skal skriva ferdig manuset til kyrkja i morgon kveld, eit dramautkast til skulegudstensta og eit førsteutkast til tiandeklasseforestillinga. Dessutan har me tenkt oss ut ein tur for å feira med ein god lunsj at samarbeidsprosjektet «Det kvite romet er vel i havn». Og så er det eit og anna av andre ting som med fordel kunne ha vore gjort. Eg skal likevel la Ellen Einan få slippa til med eit par av dei særeigne dikta sine. Ho fekk faktisk litteraturpris for sin måte å skriva på. Eg googla henne i går og fann ut at ho døydde i mars i år. Ho debuterte på åttitalet, etter at ho hadde fylt femti år.

Det skal bare være forsømte barn her,
sa Gud og la søndagsfargene om
mørket mitt.
Bare de angerfulle og gode, sa mor min,
var selv en gud.
Bare
mørket kom tilbake.
Bare dørene ble lukket.
Jeg er sølvet i beltet, skjelver.

***
Budet fra jordhagene er kommet.
Å være til skal være en gave.
Barn skal ha fred.
Engsøster skal gå fritt om.

Ellen Einan

Ein god laurdag ønsker eg alle som les. Det har eg.

Cleo på tastaturet

Heidi

Fine fredagen

image

Eg har hatt ein veldig fin fredag, desse skrivedagane er verkeleg gull verd i vekene mine, sjølv om eg med godt samvit har bedrive ein del andre ting enn skriving i dag. Eg har brukt så mykje kveldar og ettermiddagar på å koma i mål med diktboka, at eg unna meg ein slags friføremiddag. Dessutan er tanken med frifredag like mykje å frigjera krefter slik at eg kan pusta litt ut på fredagsmorgonar og kanskje bruka kveldar og andre delar av helgene til å vera kreativ. I haust har det funka som bare det, så det var nok lurt å gå ned litt i stillingsprosent. Klokka halv elleve kom Ingrid innom og drakk ein kopp kaffi etter treninga, så skulle ho heim og skriva oppgåve. Ho har akkurat fullført praksisperioden sin, som eg trur gjekk bra på trass av eit hekseskot i ryggen som gjorde at ho måtte bruka dei første dagane i perioden til å liggja strekk ut heime i staden for å visa verda kva ho kunne få til i eit klasserom.

Kvart over elleve vart eg henta av Torun som er heimom frå Røyse eit par dagar. Eg er så glad for at ho klarte å klemma eit par timar saman med meg inn i eit travelt program. Først gjekk me ein tur i Sandtangen, og etter at eg fekk arva ein i-phone med eit heilt brukbart kamera på, så er eg rett og slett blitt veldig glad i å fotografera igjen. Denslags har eg mest ikkje drive med dei siste tjue åra. Det er spennande å prøva å dokumentera det som skjer i naturen, og naturbileta dei siste vekene har til ein stor grad vore mine «knips-i-det-du-går-forbi-noko-du-plutseleg-ser-eit-motiv-i-metoden».

image

Etterpå møtte me Torbjørg, mor til Torun som kom frå biblioteket. Me hadde tenkt å gå på kafe saman, nærare bestemt på den franske kafeen på biblioteket. Den viste seg å vera stengt i dag, så me ende opp på kjøkkenet der me åt grovbrødskiver med laks og eggerøre og salat med reker før me avrunda med kaffi og salt mørk sjokolade. Det er koseleg at tida framleis er slik at eg og Torun kan gå på kafé med mødrene våre, og på ein litt grå novemgerdag passar det ekstra godt. Torbjørg hadde lånt diktsamlingar på biblioteket av Åse Marie Nesse og Rolf Jakobsen. Av ein eller annan grunn blir eg rett og slett glad av å høyra at folk les dikt. Då er det håp for verda, for å setja det maksimalt på spissen… Torun viste meg to bøker eg burde lesa, og eg viste dei prøvetrykket av diktsamlinga vår. Torun sa til mora at eg laga dikt av alt mogleg, og eg hengde meg på og sa at nå måtte ho bare fortelja meg noko det passa å laga dikt om. Etterkvart fortalde ho om svarttrostreiret i den store kvite rosenbusken på Nedstrand, og me vart eininge om at det biletet nesten fortente eit dikt. Dei to prøvde til og med å bekriva korleis dei kvite rosene lukta, svakt, men behageleg og ikkje så søtt og parfymert som rosa roser. Det er og ei sanseøving som kan passa godt i november.

Etter kafebesøket vart eg køyrd heim att, og sette meg ned for å førebu miniforedraget, eller kanskje snarare kåseriet eg skal ha i Bryne kyrkje på sundag kveld. Eg visste frå før at salmeboka i si tid vart tillagd ei nesten magisk kraft, ho vart lagd i vogga til udøypte barn, og medan barnet var til dåpsgudsteneste burde det liggja ei salmebok i vogga slik at leiet vart helga. Ein kunne og leggja ei salmebok på bryggekaret når ølet skulle gjæra, gå med eit blad frå salmeboka som beskyttelse mot sjukdom, eller stryka ei salmebok over såret når eit husdyr fekk eit bitt. Før brurebuketten gjorde sitt inntog hadde brura ei salmebok i hendene når ho kom inn i kyrkja.

Eit av høgdepunkta i dag var at Leif kom heim frå jobb og hadde henta med seg 100 nylaga diktsamlingar med foto frå trykkeriet. Me synest dei ser ut omtrent som me hadde håpa. Så var me plutseleg så langt. Dei som har bestillt og bur langt vekke vil få sine bøker i posten om ikkje så lenge. Elles kan dei inntil vidare bare kjøpast hos meg, men eg skal og ta med meg nokre eksemplar på jobb og ha med eit par i veska i kyrkja på sundag i fall nokon har lyst til å sjå eller kjøpa. Eg og Cleopatra måtte ta oss ein lesepause på sofaen, her ser me på diktet «Det finst alltid ein katt», som der og då kjendest ekstra relevant.

image

Så laga kokken i heimen marinert kalkun medan eg gjekk tilbake til salmevandringa. Det er ei grei arbeidsfordeling. Akkurat nå må eg innrømma at dei aller fleste middagane her i huset blir laga av andre enn meg. Det fungerer greit slik… Og i fall nokon skulle ha den minste interessen av å vita det: Slik ser stova ut om ein ligg strekk ut på den eine sofaen…

image

Så står det bare att mi misjonsferd for å få folk til å lesa meir dikt… Dagens tekstar er framleis frå Ellen Einan si hand, og ho brukar framleis «automatskrifta» som kjem direkte frå undermedvitet… Eg liker dikta hennar sjølv om eg må innrømma at eg av og til får lyst til å luka litt i den frodige ord-og-biletbruken hennar.

image

Og slik ser arbeidsteikningane hennar ut når ho skriv.

To

Jeg ville hatt porter med torgkoner og støy.
Bare som et forsøk.
Men jeg vet,
da går det galt.

Jeg er en snakkende, sa du.
Jeg er en stille, sa jeg.

Ellen Einan

***

Jeg farger om barnet

Ikke la deg lure, sa fargehandleren,
god og gul er best,
men oktoberrød og nattblått var kommet,
stod fast og hadde sin vilje,

stod nær og hadde sin pust.

Ellen Einan

***

Ha ei fin helg, alle saman.

Heidi

Novemberdagar

image

Novemberlyset er då vakkert på sin måte… Då eg gjekk heim klokka kvart på fem i ettermiddag hadde det alt begynt å skumra. Det er heilt opplagt ikkje sommar lenger, same kor optimistisk blikk ein måtte ha på det heile. Kveldane er blitt lange att. Klokka fem lyste månen sånn litt bak eit par kvite skyer på ein kveldshimmel i rosa og bleikblått.

image

Og pila ved Rosseland skule har snart ikkje eit einaste blad att. Eg trur det er ei pil, men arrester meg gjerne om det er ein provoserande påstand.

image

Derimot finst det framleis område der graset er grønt. Dei Lnge mørke kveldane er som skapte til inneaktiviteter, og i kveld har eg vore på julemesseverkstad saman med ein gjeng driftige damer. Sjølv sat eg og broderte kvite klede til å leggja over nybakte brød og bollar med påskrifta «Nybakt» i diverse utformingar. Andre surra hyssing kring støypte lysestakar i sement, pakka trearma lys fint, støypte lys av lysestumpar, eller sydde bestikkmapper og etui til strikkepinnar. Det høyrest husmoderleg ut, det veit eg godt, men la meg få nyta min vesle flik av det høghusmoderlege. Det var ein roleg og deilig, nesten litt meditativ stemning i romet, nokså ulik den stemninga som oppstår i eit formingsrom fullt av skapande elevar, noko som forsåvidt heller ikkje er å forakta.

Det aller mest spennande i dag var at det første partiet av bøkene våre var lova ferdige til klokka fire, men på grunn av ein liten feil på ei side var dei forsinka. Eg fekk likevel med meg eit prøveeksemplar, og det var jo spennande i seg sjølv. Heilt inntrykk av prouktet får me nok ikkje før me ser boka ferdig i morgon, men slik ser prøveeksemplaret ut. Det er ein rar følelse å bla i dikta sine i bokform for første gong. Eg blir litt sjenert og litt nervøs for om eg har sluppe einskilde tekstar litt for kjapt gjennom «sensuren», men det får vera som det er nå. Det er ikkje sjela mi, bare ei bok, og eg har eit godt håp om at nokon skal lika i alle fall noko av det dei får lesa der.

image

Eg sit her med ei anna bok, som eg hadde tenkt å skriva meir om enn mi eiga i denne omgangen. I hylla mi har eg heile fire diktbøker av forfattaren Ellen Einan. Det spesielle med dikta hennar er at ho sjølv seier at ho skriv med «automatskrift». Ho set blyanten på arket, og så skriv han av seg sjølv utan at det er ho som bestemmer kva han skal skriva. Det er fleire måtar å tolka dette på, i minst dramatiske fall så kan ein seia at tekstane hennar kjem rett frå undermedvitet. Illustrasjonane har ho laga sjølv etter same prinsippet, blyanten teiknar dei av seg sjølv…

Det hender for meg og at eg henvender meg til undermedvitet mitt ved å skriva absolutt alle orda som fell meg inn heilt utan filter for så å bearbeida det vidare. Det er ein interessant arbeidsmåte, men for meg er det bestemt ikkje automatskrift. Men automatskrift er det altså Ellen Einan driv med. Eg liker frodigheita og fridomen i mange av tekstane hennar. Her kjem eit par-tre-fire av dei:

JEG VIL SOM DU

Være barn, og ha små hus av nattbarn og mørke.
Inderlig kjære du, gå ut til Mor Mandel,

hun våker og bor i løvhenget
*
Jeg går ut.
Den store angerhage nystelt.
Under hver bløderske myke egg.

Kom meg nær, Nurose
du med fugl av hage
og
tunge mulden stor og mandelduftende.

Ellen Einan

***

JEG SOVER NU

Det går tungt utenfor.
Jordhagebarna?
Engsøster
jo, glad og fin gange.
Du?

Ellen Einan

***
HOS DAVID

Elske.
Bøye seg.
Møte trærne.
Jage mørket.

Ellen Einan

Det kan vel passe å avslutta med diktet Høstsang. Boka eg har henta dikt i frå heiter «Søster Natt», og kom ut på Solum forlag i 1985.

HØSTSANG

Meget lite barn gått seg bort.
Bøy deg og let, fuglefanger.
Snu deg og se under vårt barnetre, Gud Faer,
du som løste dets hudbånd.

Mektig ånde fra høstens vidde, glød for et
med sølvtrådene,
så det sakte finner veien.

Jeg lot vindene gå hos meg.
Døsig lot jeg dem gli om,
og blodrøde forekom synene meg å være
denne fuglenatt med vidner.
Befri den forte fugl, sa de
hadde svar og var fra mulden,
hadde sjøroseøyne
og  var fra havet.

Ellen Einan

Og slik omtrent ser teikningane hennar ut…

image

Nå er det leggetid, ser eg på klokka. Eg har planar om å koma sterkt tilbake i morgon.

Heidi

Bilde

Mørk november

image

Dette biletet er teke i Sandtangen der me var på tur i dag. Me fekk med oss både regn, hagl og sol. Her inne i skogen hadde me pause medan store regndropar blanda seg med kaffi og kakao i koppane våre. Det gjeld å kle seg godt, og me lyser godt opp i skogen når me kjem på lange rekkjer med gule refleksvestar, fargeglade regnklede og rosa og gule regntrekk på ranslane.

image

Det er ikkje lærarane som legg i veg med paraply, bare to turgåande damer me passerte på vegen. Vel framme fekk ungane leia kvarandre i blinde og etterpå prøva å finna att dei trea dei hadde kjend på. Så fekk dei utdelt forstørrelsesglas for å utforska naturen saman to og to. Det vart sett lupe både på sporene bak på ormegraset og på innhaldet i gamle stubbar.

image

Og vel heime fekk dei høyra historia om Sidharta Gautama som skulle skånast frå alt vondt og som liten prins ikkje måtte få sjå gamle menneske, fattige menneske, sjuke menneske eller døde menneske. Då han skjøna korleis verda eigentleg hang saman, sa han frå seg rikdommen og reiste ut for å søkja Sanninga om livet. Det slo meg at historia har likskapstrekk med historia om Tornerose som og vaks opp på eit slott, og som måtte skånast frå spinneteiner. Begge måtte bryta grenser foreldra ville setja opp for å skåna dei, men sidan Tornerose vart dronning og Sidharta Gautama Buddha, så gjekk det kanskje bra til slutt. Det gjekk bra til slutt for elevane våre og, miljøarbeidaren vår varta opp med nybakte bollar med kanel på toppen. Det smakte veldig godt for båe små og store med ei kosestund i lyttekroken på slutten av ein innhaldsrik skuledag. Eg skriv lite om jobben min her av nokså openlyse grunnar, men i dag unna eg lesarane mine eit diskret lite innkikk. Heldige dei av oss som jobbar i skulen…

Halvard spelar piano

Og heldige dei av oss som framleis har ungdomar i huset. For min del betyr det mykje koseleg pianomusikk og spennande diskusjonar.

Dagens lyrikar heiter Pål Eikås. Boka hans har eg og kjøpt på ryddesal på bibliotek. Ho kom ut på Eide forlag i 1999 og heiter ambisiøst nok «Boka mi om deg». Sidan dette vart eit skuleinnlegg kan eg jo nemna at forfattaren er lærar.

eg kjenner
steinen i egget
din puls av kjærleik

og min hug til
fuglar
som dreg meg
mot ditt

*
grip han etter henne
faldar ho vengene ut

lyfter seg i oppvind

slår inn på ei hylle i
mannfallets svarte vegg

*

haustjente

du finn vel
noko
å gje bort

aus alt
over meg
*

gå roleg inn i
seinhausten
med alt ditt
vakre

frys ikkje
salt hav
så får eg gjere mitt

*
men vegen er enno
lang
over bruer

til øvst i
skaret
der skodda letta

*
til bygda lengst ute
dei sa
ho var vakkert
*
til tøveret
mellom dei
enno
så usikkert

*
til fjørelangs
der varmbølgja ventar

*
Eg var fjellmann
heilt til du kom.

-No likar eg store båtar
på ope hav.

*

han
sjenert
rører i kaffikoppen

ho
sjenert
rører
i kaffikoppen

Pål Eikås

Ei fin lita bok med blått omslag med naturbilete frå Lofoten på. Vår eiga bok ventar me på framleis. Kanskje ho kjem i morgon?

Heidi