Gå til innhald
Bilde

Luke tolv 2013

image Nå eg på toget yimageimageretning Oslo. Eg prøvde å lasta opp eit togbilete eg nettopp tok, men fekk det ikkje til, så det får bli denne gjengen frå København i staden. Nettet er ustabilt, så det blir spennande å sjå om eg får til å posta dette. Toget var ein havtime forseinka på grunn av togtull mellom Ganddal og Klepp, eg hadde i utgangspunktet ein time på meg til å nå toget vidare, men eg kosar meg og slapper av. Eg har nettopp vore i kafevogna som var av den mest moderne typen og koste meg med grove wraps med snøfrisk og røykt aure med deilig yoghurt frå Urtehaven. Stor forskjell frå den tradisjonelle menyen. Nå har eg vore utan nett nokre timar, men nå glimta det jammen til att… Eg er nå på Jerstad stasjon. Det er blå skumring ute og koseleg å drikka kaffi inne. I Kristiansand hadde me teke att forsinkelsen og skal nå vera i rute. Eg gler meg over det… Bilete nummer to er frå Kristansand stasjon midt på dagen. Det kom litt feil inn, men eg fekk ikkje til å fiksa det. Gjer det seinare. Som de ser er det ein av desse mørkaste dagane i året der det nesten ikkje blir lyst i det heile tatt. Det verste er at eg liker slike dagar. Eg synest mørket er koseleg. Eg trur eg tilhøyrer ein minoritet som synest at sola godt kan venta nokre veker ekstra med å snu…

Av  alle sære toaktivitetar » til hygge og nytte» som dei ville sagt i Kardemommeby, tek eg truleg bortimot prisen i dag. Eg sit her ho heklar klede til fem miniatyrbamsar eg hadde med i handveska… Veldig koseleg og veldig nedstressande. Den unge guten med piercingar, naglebelte og høyretelefonar smilte nettopp så koseleg til meg då eit lite rosa nøste trilla ned på golvet. Eg  går snart fru Pigalopp ein høg gang… Nei, set meg på eit tog når akslene og pulsen er på veg oppover…

Heidi

Luke 11 -2013

engel i mørke

At datoen i dag er 11-12-13 er jo litt stilig. Sidan det ikkje er meir enn tolv månadar i eit år, blir det ingen slike på ei stund. Denne dagen har og vore av det intense slaget. Først øving med nokonogtjue ivrige åtteåringar som skal spela teater i kyrkja på skulegudstenesta. Prest og organist stilde sporty opp klokka kvart over åtte for å øva med oss i to timar. Bra jobba Stein og Per Olav. Nådde opp tids nok til å øva med tre førsteklassingar som skal lesa dikt på fellessamling på torsdag, og rakk til og med kaffi og eit par knekkebrød før det var tid for vakta mi. Etter skuletid var det planlegging, og så kom eg på at eg hadde ryddeveke på arbeidsrommet. Takk ukjende velgjerar som tømde to av tre søppelsekkjer for meg, eg hadde jo tenkt å ta det.

Bilettane til Lillehammerturen er henta, og eg har vore i Stavanger med ein venninnegjeng for å eta ute og ha ei lita førjulsfeiring. I det eg stod og tok ut pengar i ein minibank, heldigvis ikkje veldig mange, kom ei av venninnene mine og vart ståande og prata med meg medan eg tok ut pengar. Då eg skulle betala for maten nokre timar seinare var ikkje sedlane i lommeboka mi, eg må rett og slett ha gløymt å få dei med meg. Heldigvis låg bankkortet fint på plassen sin. Me gjekk opp til minibanken etterpå, bare for å ha gjort det, men sjølvsagt var det ingen pengar der. Det kunne jo tenkjast at nokon hadde sett opp lapp der det stod «Til deg som tok ut pengar kl 19.00: Du gløymte dei i luka og kan få dei att om du ringer…» Slike ting skjer meg, så det kunne jo henda, men denne gongen var det ikkje slik. Nå kan eg bare håpa at dei som fann litt ekstra pengar i banken verkeleg hadde bruk for dei, eller at dei gav dei til frelsesarmeen sidan dei ikkje visste kven sine pengar det var. Det nyttar ikkje å irritera seg i alle fall… Sidan eg aldri må betala fartsbøter så har eg råd til det…

Restaurantbesøket vart forresten litt særeigent i seg sjølv, eg skal ikkje seia kor det var, men ein tydeleg stressa kelnar rota først med menyen, så snubla han og mista ting i golvet to gonger, eit par av oss fekk servert lunka kaffi og då me hadde betalt, kom dei og sa at me hadde betalt 500 kroner for lite. Me var heilt sikre på at summen var rett, det var telt over to gonger, og to av oss visste at dei hadde lagt ned femhundrelappar, men nå låg det bare ein der. Me sa at me var heilt sikre, og han sa at han var heilt sikker på at me bare hadde betalt ein femhundrelapp. Me sa at han måtte ha mista han på vegen, noko han var sikker på han ikkje hadde. Så forsvann han og kom tilbake med pengeseddelen som han hadde funne på golvet… Han beklaga, og det hadde han vel forsåvidt grunn til. Det er mykje komikk i ein gjennomsnittleg dag…

Nå pakkar eg koffert og skulle eigentleg inn hit og skriva at eg ikkje har tid til å skriva i dag. Eg skal til Lillehammer og ha ei fin helg med gode venninner. Eigentleg skulle eg ha gjort mykje heime sidan der er sitat songen: «Lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra… Eg får heller vera duperflink og supereffektiv når eg kjem heim att… Turen har vore bestemt i lang tid, og eg gler meg verkeleg. Den første nytelsen er elleve timar på toget i fred og ro eller kva det nå måtte vera nsb har å by på i morgon.

Heidi

image

Luke 10- 2013

image

Her er den vesle pingleengelen Johannes som vil prøva å hjelpa dei andre med å slå på brytaren til julestjerna som ikkje vil virka. Eg og ein flott gjeng elevar frå skapande skriving har laga illustrasjonsfoto til boka vår: «Kven skal tenna julestjerna?» Me brukte ein slags heimelaga animasjon-lett-teknikk eg hadde tenkt ut. Me laga englar ved hjelp av treknappar, glansbilete, garn og tapetrestar, og let dei operera på ein stjernehimmel av svart glanspapir med klistermerkegullstjerner. Det gjenstår å sjå om resten av teknikken går så glatt som eg håpar, men så langt alt vel. Og bileta er då sjarmerande?

Dagen har vore lang og intens. Det eg har lyst til å dela i luka i dag er ein songtekst på norsk og engelsk til ein julesong eg er blitt glad i dei siste åra. Den engelske teksten hadde eg ikkje høyrt før, men eg synest han seier veldig mykje. Eg fann han på facebookprofilen til flotte Kari Veiteberg, som eg vart kjend med då eg var med i ei språkgruppe i samband med liturgireformen.

Star Child, earth Child,
go between of God,
love Child, Christ Child,
heaven‘s lighting rod,

This year, this year,
let the day arrive
when Christmas comes
for everyone,
everyone alive!

Street child, beat child,
no place left to go,
hurt child, used child,
no one wants to know,

This year, this year,
let the day arrive
when Christmas comes
for everyone,
everyone alive!

Grown child,old child,
memory full of years,
sad child, lost child,
story told in tears.

This year, this year,
let the day arrive
when Christmas comes
for everyone,
everyone alive!

Spared child, spoiled child,
memory full of years,
wise child, faith child,
knowing joy in store,

This year, this year,
let the day arrive
when Christmas comes
for everyone,
everyone alive!

Hope-for-peace Child,
God‘s stupendous sign,
down-to-earth Child,
Star of stars that shine,


This year, this year,
let the day arrive
when Christmas comes
for everyone,
everyone alive!


Words: Shirley Erena Murray (Matt. 2:1-12)

Solbarn, jordbarn,
bak din tynne hud
stråler mot oss
kjærlighet fra Gud.

Hør oss, se oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens barn
i alle land
finner julens fred.

Hør oss, se oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens barn
i alle land
finner julens fred.

Flyktning, krigsbarn,
hjemløs og forlatt,
misbrukt, skadet
i den dype natt.

Hør oss, se oss,
Stjernebarn stig ned,
så jordens barn
i alle land
finner julens fred.

Glemt barn, skremt barn,
med sitt såre sinn,
ingen merker
tåren på dets kinn.

Hør oss, se oss,
Stjernebarn stig ned,
så jordens barn
i alle land
finner julens fred.

Bortskjemt, ensomt
barn som vil ha mer.
Trosbarn, Guds barn,
håper, venter, ber.

Hør oss, se oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens barn
i alle land
finner julens fred.

Håpsbarn, fredsbarn,
Barn fra evighet,
vis hvert jordbarn
himlens herlighet.

Hør oss, se oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land
finner julens fred.

Omsett av Eivind Skeie

 

image

Sjølv har eg forresten eit barnsleg forhold til papirdokker. Då eg fann dette biletet på nettet av ei svensk Luciajente med påkledningsgarderobe, kunne eg ikkje la vera å printa ut og laminera litt som ei av oppgåvene barna kunne velgja å gjera etter forteljarstunda om Santa Lucia og Luciatradisjoner. Saman med engleglansa eg kjøpte nokre timar seinare, har dei ein vemodssukkersøt smak av barndom. Eg var veldig glad i glansbilete, men dei kom ikkje opp mot papirdokker, som var dei kanskje aller kjæraste leikene mine.  Eg hugsar forresten framleis lukta av glansroser som blei pakka ut av plasten, og av limen frå tuba som me limte dei inn i albumet med. Me kalte dei for glansroser, på same måte som «roser» kan bety alle slags motiv i «rosemaling», kunne betydde ordet «rose» omtrent det same som bilete på gammal jærdialekt. Bestemor kalla teikneserieblad for «roseblad» og biletbøker for «rosebøker». Mykje gammalt språk er i ferd med å gå heilt i gløymeboka, dessverre… Eg burde kanskje skriva ned ord eg hugsar frå eg var lita som eg aldri høyrer lenger…

Men det blir ikkje i kveld, nå er det takk for i dag…

Heidi

 

Luke 9 -2013

image

I dag blir det ei luke med liten opning, og dagen har skjedd og skjedd nesten heilt utan pause. Det mest spesielle som har hend meg i dag er at eg har vore hos tannlegen og lagt noko på framtennene som gjer at eg ikkje kan tygga. Det er ikkje siste nytt i munnlås, om nokon skulle koma på den tanken… I sommar brekte eg av ein bit av den eine framanna, og nå har eg fått det fiksa. Dei har lagt eit plastbelegg over biteflata på framtennene oppe og det går ned på baksida av tennene.  Fordi det skal slipa seg til av seg sjølv etterkvart, kan eg ikkje bita saman jekslene. Trøysta er at om 6-7 veker skal det ha gått seg til. Ja, ja, ein får sjå optimistisk og humoristisk på det. Då eg kom ut lurte eg på om eg i det heile tatt er i stand til å eta andre ting enn suppe. Det har eg funne ut at eg er, og har nesten, men bare nesten begynt å venna meg til det…

I morgon er det først juleverkstad, så rle-timar om Lucia og så nesten rett på skapande skriving der me skal gjera ferdig det eg håpar skal bli ei biletbok om englane som ikkje får til å tenna julestjerna fordi brytaren har blitt gammal og stør… Å skriva saman med barn og ungdomar er ein merkeleg ting. Handlingane kan ta dei merkelegaste retningar, så blir det min oppgåve å sensurera det som ikkje kan vera med utan å drepa den litt rampete kreativiteten som ligg bak. Oppgåva var at me saman skulle laga ei bok som kan brukast i barnehagar og på småtrinnet. Nå har eg tenkt ut korleis me skal få til å laga enkle, men brukbare bilete. Det gjenstår å sjå om ideen fungerer. Det er nok ein god idé at eg ikkje blir sitjande oppe og skriva heile natta i alle fall.

Huset til Ingrid og Oddvar er rett og slett i ferd med å bli ferdig. Det ser ut som om dei skal klara å vera inne til jul. At Ingrid samtidig har tre eksamenar ho skal avvikla og helst klara seg bra på, er ein ganske stressande situasjon. Så langt har ho klart seg bra, og snart er det juleferie. Sunniva er på inka-trail i Peru og vandrar rundt i fjella med dei andre volontørane og turførarar. Det er sikkert kjempespennande, men samtidig er det uvant å ikkje kunna ha dagleg kontakt med ho.

Nå lukker eg luka utan lyrikk i dag, det vil seia, eg leitar etter eit dikt førsteklassingane skal bruka på forestillinga i neste veke. Kanskje eg skal avslutta med det?

Det falt eit lite snøfnugg
på klokkaren sin hatt,
det falt eit lite snøfnugg
på halen til ein katt.

Dei to små snøfnugg ropte:
Kom hit, kom hit, kom hit:
Så kom det tusen snøfnugg
og så vart verda kvit.

Og så var klokkar Hansen
blitt borte med sin hatt,
tilbake stod ein snømann
og ropte på sin katt.

Halvdan Rasmussen

Heidi

Luke 8- 2013 andre sundagen i advent

image

Slik såg det ut i går kveld før regnet kom og tok snøen med seg att. Eg sit her og gjer meg klar til å vera kveldens gjest i Hinna-kyrkja om ikkje så lenge. Eg skal fortelja, lesa dikt og snakka om advent. Eg har ikkje lyst til å vera eit menneske som gir inntrykk av at ho veit det meste om korleis verda held saman, og som skal belæra andre om kva som er rett og lurt og godt, sjølv om det hender at eg trur eg veit det… Eg skal fortelja eit jødisk folkeeventyr om Moses som møtte ein gjetar i ørkenen. Gjetaren sette ut den beste mjølka han hadde kvar dag og fortalde Moses at han gav mjølka til Gud. Moses fortalde denne enkle mannen at han lite hadde forstått og viste han at det var ørkenreven som drakk mjølka etter at det var blitt mørkt. «Kva har du gjort, Moses, spurde Gud han natta etter i ein draum. Du har øydelagt det finaste denne mannen hadde. Kva veit du om at eg ikkje liker mjølk? Eg liker mjølk veldig godt, og sidan eg ikkje kan drikka ho sjølv, har det vore ei glede for meg å dela ho med den vesle ørkenreven.» Poenget i historia blir at det er så lett å tru at ein er blant dei som skjønar betre. Ein vil gjerne læra andre korleis ting eigentleg skulle vera, og skjønar ikkje at når alt kjem til alt er det ikkje så mykje me skjønar nokon av oss.

Så skal eg lesa frå 1.Kor 13.

«Om eg har profetisk gåve,
og kjenner alle løyndomar
og eig all kunnskap

og om eg har tru
så eg kan flytta fjell
,
men ikkje har kjærleik
då er eg ingenting.

Omtrent det var det eg hadde på hjartet då eg kjende etter og prøvde å lytta. Først hadde eg tenkt på noko anna, men det vart dette. Og same koss det går, så er det viktig for meg. Viss eg får tid vil eg lesa nokre dikt og. Det går nok bra. Og i heimen går juleførebuingane sin skeive og litt skakke gang, men jul blir det. Den innvikla peparkakedeigen med masse sirup, peppar, ingefær, kanel og eg veit ikkje kva som skulle overnatta i kjøleskapet, viste seg å vera særs vanskeleg å jobba med. Han smuldra seg opp og var mest umogleg å kjevla ut. Og kakene vart gode til slutt, sjølv om det bare fungerte med dei minste formene. Eg lo litt av at dei kostar ni kroner boksen på Kiwi og Rema, men sjølvsagt er mine betre…

Eg sende Halvard ut for å kjøpa lyspære til den store papirstjerna, men han kom heim med feil pære. Eg reiste bort for å bytta og gløymde yoghurten eg kjøpte samtidig. I alle fall finn eg han ikkje. Og eg går ikkje bort for å spørja om eg gløymde han i kassen. Nok rot for i dag. Nå er begge stjernene klare, men får ikkje til å henga dei opp på ein nokonlunde kontant måte. Den på kjøkkenet heng nå på eit vis i sytråd etter ei teiknestift med ledningen festa med tre sikkerheitsnåler i gardinet, men til og med eg ser at det ikkje er fint. Har trua med å ringa etter far viss ingen her heime klarer å hjelpa meg…

image

I går hadde me ein koseleg kveld hos Karleif og Linn, det er alltid så fint å koma dit. Og dei er veldig flinke til å få hengt adventstjernene sine opp på ein god måte…

image

Og dei hadde fine lykter i snøen ved trappa.

image

Og varm gløgg til vandrarar som kom inn.

Nå får eg gjera meg klar. Ha ein fin sundagskveld.

Heidi

Luke 7 -2013

image

I dag vakna eg til den finaste snømorgonen og soloppgangen. Sidan eg hadde bestemt meg for at denne dagen hadde eg lyst til å kosa meg med julebakst, så sette eg i gang med ein omgang krumkaker rett etter morgonkaffien, og straks lukta det godt av heimebakt på kjøkkenet.

image

Litt etter litt vart det lyst der ute, enn så lenge så var det ganske koseleg å hjelpa til med litt levande lys til dagslyset kom for fullt.

image

Denne fine lyslykta har eg fått i gave.

image

Så kom neste problem. Eg mangla det meste av ingrediensar, bilen var nedsnødd og vegen var glatt. Skulle eg våga meg ut på vegen, eg som er den største pysa eg veit om bak rattet. Løysinga vart å bruka svigermorsmetoden. Svigermor traska milevis med ryggsekk og handleveske, ho fekk aldri sertifikat, og vart aldri spesielt bortskjemt med å bli kjørt. Det var sol og kvit snø der ute, og naboane var i godlynne. Det var heilt ok å få ein liten tur ut, og med ryggsekk får ein då med seg det meste.

Eg skal innrømma at det hender pågangsmotet er større enn forstanden, det hender eg set i gang prosjekt som det tek lenger tid å dra i land enn eg trur i utgangspunktet. Først laga eg deig til peparkaker og til kvite kakemenn som eg sette i kjøleskapet, så laga eg gjærdeig til julegeiter,  det siste har eg aldri prøvd å laga før. Etterpå hadde eg tenkt å laga gjærdeig til lussekattar, sidan eg har så mykje fin safran, men heldigvis så hadde eg ikkje nok mjølk. Medan gjærdeigen heva og den andre kjølte seg ned, laga eg tre fruktkaker, slike med nøter, rosiner, aprikos, fiken, rosiner og masse gode krydder, som skal stå i kjøleskapet og mognast i eit par veker etter steiking før dei er klare til å etast.

Julegeitene vart kanskje ikkje så fine, men dei smakte ganske godt. Halvparten har vore til å eta av dei som bur i huset og «Spretts slekt og venner,» og den andre halvparten skal frysast til jul.

image

Peparkakedeigen får stå i kjøleskapet til i morgon, men kakemennene vart steikte og er i boks.

image

Ikkje heilt som på bileta i oppsriftsbøker dei heller, men pytt, pytt…

Og plutseleg hadde eg stått der heile dagen og leika flink husmor, og ute var det i ferd med å bli mørkt att…

image

Og eg minner meg sjølv om å ikkje alltid starta så store prosjekt at det er så vidt eg får dei i land. Nå skal me snart ut i førjulsselskap der det skal dansast, det blir nok kjekt, sjølv om føtene mine helst ville tilbrakt kvelden på ein krakk…

Eg får meg ikkje til å julepynta huset enno. Det kjennest som å tjuvstarta. I mitt hode skal det vera lilla adventpynt fram til vesle julafta, og så skal det pyntast til jul kvelden før jula blir ringt inn. Men sidan eg ser eg er kome i takt med resten av befolkninga, som startar å rydde jula ut omtrend samtidig som eg ryddar ho ut, har eg tenkt å jenka meg litt… Eit par dagar før skal eg nok vera i år, slik at det er jul i stova når Sunniva kjem heim seint på kvelden 20. desember.

image
Men juleengelen i dansk papirdesign fekk lov til å koma opp for å starta juleballet.

image

Og det er då fint med lilla og, med to russiske juleenglar frå julemaknaden i tivoli for ei veke sidan.

image

Og så må eg finna ein smart måte å festa denne stjerna på… Sikkerheitsnåler i gardinet funka hm…. ikkje så bra i det heile tatt. I tillegg har eg ei stor lilla stjerne som manglar lyspære.

Eg lar Kolbein Falkeid avslutta her inne i dag og. Sjølv om eg vel må seiast å vera eit overgjennomsnittet- sosialt-menneske, så forstår eg kva han meiner med dette diktet. Det er fylt med eit gjenkjenneleg og høgst menneskeleg vemod, og eg trur dette er noko som mange kan gjenna på i denne julebord- og julefeiringstida.

Utakt

Jeg har lengtet etter store forsamlinger
å gli fint og selvfølgelig inn i
lik den ene umistelige pappbiten som må til
for at puslespillet skal gå opp.

Lengtet etter felleskpet, flokken,
menighetn som duver i tang-takt
langs kystene av livet, partiet
som flyter gjennom problemene
på en bred flod av nesten-enighet.

Ja, hele mitt liv
lengtet etter dette som kanskje ikke er: den trygge
tverrstokken mellom hjerene
som mine og andres tanker kan vagle seg på
uten å flakse med vingene.

Dette. Men støtt
har uroen flakket i mørket bak brystbeinet mitt
og lokket meg ut under himmelen

hvor nordlyset snor seg i vinternettene
som slanger av is
og ensomhet.

Kolbein Falkeid

Ha ei framleis god helg.

Heidi

Luke seks 2013

image

Luke seks inneheld for oss i heimen to nystemde piano. Pianostemmaren held på med Halvard sitt piano nede i kjellarstova akkurat nå og er ferdig med pianoet vårt i stova, som er eit gammalt Steinweg-piano frå trettitalet. Han påstod at det var eit fint instrument, men det viste seg å vera veldig tidkrevjande og vanskeleg å stemma, så nå håpar eg han får ein lettare jobb i kjellaren. Halvard har etterlyst dette med pianostemming lenge og instendig, så nå blir han glad. Eg håpar det blir endå meir pianospeling i huset, for det er så koseleg med levande musikk. Halvard har hatt eit skikkeleg pianokick i haust og eg gler meg over å høyra kor store framsteg han gjer sjølv om han ikkje får undervisning. Han rakk bare to år med piano i kulturskulen før han gjekk over på el-gitar, og det er litt synd, for han kosar seg verkeleg med musikk.

Då den veldig trivelege pianostemmaren jobba med stovepianoet vårt, oppdaga eg kor fint det er inni. Det er masse messing, forsiringar og forsnirklingar, og i tillegg er det fascinerande både å sjå på arbeidet og på kor komplisert eit instrument eit piano i grunnen er. Overraskinga var at det pianoet Halvard arva etter farfaren, som takstmannen meinte ikkje var verd noko, nå har fått diagnosen eit veldig sjeldant, fint og godt instrument. Eg trudde det var eit typisk sekstitalspiano, men i fylgje stemmaren så er det mykje meir enn det… Det er kjekt å snakka med folk som har eit pasjonert forhold til det dei driv med. Nå ser det mellom linjene ut som om eg har hengt over den stakkars mannen heile dagen, så eg må skunda meg å fortelja at det har eg ikkje…

Akkurat nå er det stille etter stormen, men vermeldingane tyder på at det framleis er mykje ver i vente. Det ligg eit lag med snø, så ute er det vinter. Ungane må haldast innomdørs på skulen for å vera sikker på at dei ikkje får takstein og liknande i hodet, og det har blese av fleire hustak i nærleiken. Heldigvis er julebordet me skal ha i dag ikkje så veldig langt unna, og eg har klart å ordna meg skyss både til og frå. På den måten slepp eg å gå rundt og grua meg til eventuelt rennedrev og spegelglatte vegar på heimturen.

Eg er framleis glad og takknemleg for at julesongen min kom heim til jul. Det er nok litt i seinaste laget til at nokon får brukt han dette året, men det kjennest godt likevel. Seint i går kveld, då me såt og høyrde lyden av stormen med lenestolane trekte inn til peisen og varmande bål mot to lag ullsokkar, fekk me vita via internett at Nelson Mandela var død. La oss vera glad for at det finnest og har funnest slike menneske som han her i verda. Ein mann sa på radioen i dag at Mandela hadde så sterk utstråling at ein ikkje bare merka det når han kom inn i rommet, det var menneske som påstod at dei bokstavele talt kjende auraen hans dersom han kom inn i ein bygning. Det høyrest nesten ut som ei helgenlegende, men det er ikkje tvil om at han var eit menneske med ein sjeldan form for karisma. I tillegg til å læra verda noko om menneskeverd, håpar eg at han har lært oss noko om det å tilgje.

Dagens diktar er ein av mine favoorittar. Eg veit at eg har sagt det om mange allereie, og at det høyrest nesten ut som eit refreng, men Kolbein Falkeid har eg verkeleg sansen for. Me er forresten i slekt, han er syskenbarnet til farmor, som er fødd Falkeid. Det betyr dessverre ikkje at eg har frekventert dei same familieselskapa som han… Nå skal eg sjå om han kan by på eit dikt som kan passa for dagen i dag.

Tidlig morgen på vei til jobben

Tidlig om morgenen på vei til jobbeb
er du med på å vikle små begivenheter
Ut av innpaknikningspapiret-

At ungene morser adjø til deg på vinduet.
At verkstedarbeideren kakker snadda mot gjerdestolpen

før han hiver seg på sykkelen.
At karene som bygger ut den vesle lekeplassen
setter veskene med mat og termos fra seg
i den flyttbare bua
og at tobakkshandleren
starter opp den snåle bilen sin

for å være på plass i god tid.

Ubetydeligheter alt sammen.
Men forsynt med fotnoter
om at dette skal du savne mest
engang.

Kolbein Falkeid

Nå har stemmaren avslutta arbeidet og spelt vakker musikk på begge pianoa før me avslutta med ein koseleg prat ved spisebordet. Ha ein framleis fin dag. Eg for min del avsluttar med vakker julemusikk.

Heidi

Luke 5- 2013

image

Akkurat nå er eg kjempeglad fordi eg har fått hjelp til å få til melodien på julesongen min. Det kan vera at eg gjer små justeringar med teksten, men sidan dette er veldig ferskvare akkurat nå, må eg skunda meg å leggja han ut i tilfelle nokon skulle ha bruk for ein julesong veldig fort…

Her ligg notene

Julefred 

og teksten er blitt slik:

Julefred

Vinterkvelden legg seg rundt husa, det er mørkt, og det er desember,
snart kjem natta, ho pakkar inn fjell og tre, men her inne er julefred.
Lysa er tende, me sit saman her, ser eit bål flamma i peisen,
kjenner det store kvila i alt smått, alt er stille, – og det er godt.

Du som låg heilt nyfødd i stallen, du som  var liten i det store,
kom med kjærleiken din, kom og finn oss att, kom til oss, det er julenatt.
Natta er mørk, og me sit saman her, kom og finn oss, for me lengtar,
tenn våre lys midt i det store nå, vis oss vegen som me skal gå.

Stjernenatta la seg rundt husa, det er mørkt, og det er desember,
sjå det lyser frå hus og frå juletre, det er natt, det er julefred.
Stjernene lyser, det er julenatt, våre lys skin nå i natta
lys i det store tende i det små møter lysa på him´len nå.

Heidi

Melodien er i utgangspunktet laga av Halvard, men han og eg gjekk oss litt vill, og han vart lei av maset mitt fordi eg aldri vart fornøgd, og han ikkje fekk det til heilt som han hadde tenkt. Nå har eg fått dei flinke og snille musikarkollegene mine, Torill og Øyvind Bøylestad til å hjelpa meg med justeringar, og så fall det heile på plass. Det var så godt å få prosjektet i hamn, for eg hadde så lyst til å få prosjektet i hamn før det vart jul.

Dagen i dag har gått «blåsbortdagen» i hundremeterskogen ein høg gang. Det bles og det bles, og i ettermiddag har det fyke snø og. Me valde å ikkje senda seksåringane ut etter klokka ti i dag, og her på Jæren skal eg lova at det skal mykje til før me held ungar inne på grunn av vind. Taket har blåst av hus her i nabolaget, tre har velta og takpanner har sust gjennom lufta. Husfotografen min har vore på fotojakt i uveret, og så snart han er ferdig med å redigera bileta slik han vil, legg eg ut nokre av dei her.

I morgon får me besøk av ein pianostemmar, og det blir den store «Rydda -og -pynta -til -advent -dagen.» I tillegg må eg prøva å få skrive mest mogleg på manuset til tiandeklasseforestillinga, og kanskje gjera ein innsats for å få noko ut av barnebokhistoria eg laga saman med elevane på skapande skriving om den vesle engelen som ikkje fekk til å tenna julestjerna.

nesten rennedrev

 

tak av hus

drivhus storm

Heidi

Luke 4 -2013

steinstrand

Ute er det mykje ver. Haglet blir piska i husveggen i heftige vindkast. Eg sit her og lurer på kor timane blir av, det er eit av dei store spørsmåla eg ofte beskjeftigar meg med. Jo visst, eg har gjort mykje i dag, men det eg eigentleg hadde tenkt å bruk ettermiddagen og kvelden til har eg ikkje fått begynt på enno… Eg har førebudd det å vera kveldens gjest i Hinna kyrkje på sundag. Det blir spennande, trur eg. Så har eg jobba med adventgudstenesta og lese gjennom Ingrid si oppgåve om Renessanseteater, «En midsommernattsdrøm» og eit todelt undervisningsopplegg basert på to ulike dramaundervisningsteoriar. Konklusjonen på det siste er at det ser kjekt ut å studera drama.

Konklusjonen på mi eiga jakt etter tida må vera å laga eit kort lukeinnlegg i dag, slik at eg kan ta fatt på det eg hadde tenkt; prosjekt adventstemning og julereint… Det er lenge til jul og det er godt at det er langt fram for å seia det slik… Dette er ein av yndlingssongane mine på denne tida av året:

***
Heksedans

Og kjerringa hopper i serken sin og kaster seg rundt som en hvirvelvind.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho fær over gølvet så fort ho vinn med pompen i været og knea inn,
for den som vil ligga litt føre sin neste han kan itte såvå når sola rinn.

Men tida er så altfor knapp, kan hende kjem ho for sent, for sent tel livets ende.

Og kjerringa stamper i stua inn med kluter og koster og pusseskinn.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho drev på i går tel ho nesten datt, men nå lyt a tørk over gølvet att,
for katta ho fly her med sølete labber og rakker tel huset hår enda natt.
Men tida osv.

Det kan itte seile sin egen sjø om ryggen blir rund som ett grislebrød.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Og dagen den går i en kjerringdans med filler og såpe og møbelglans.
Og når ho er ferdig da tar a det omatt og omatt og omatt foruten stans.

Men tida osv.

Og kjerringa roper åt gubben grå:Du får itte kom inn med skoa på
For her er det lemmer og liv om å gjøramed påsken og pinsen og jula for døra.
Og kjerringa rydder den sene kveld det gubben og onga har rote tel,
med tobakk og pipe og bøker og bilder og klosser og sneller og ludospell.
Men tida osv.

Og kjerringa vasker og gnir og gnur og aldri ho tar seg en løpartur.
For støtt er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Og gølvfilla går i en evig ring, nei, maken det fins itte her omkring,
så hvis at ho kjem i sin egen begravelse ville det bli tå de store ting!
Men tida er så altfor knapp, kan hende kjem ho for sent, for sent tel livets ende.

Vidar Sandbeck

Og dagens lyrikar, Frank Eriksen er inne på akkurat det same i dagens dikt:

Birkebeiner

I ei av lysløypene
under lefselinna
en skrapa birkebeiners
programmering:

Mister
du et stavtak
før jul

er
hele sesongen ødelagt
.

Frank Eriksen

image

Pust roleg ut og inn, alle saman.

Heidi

Bilde

Luke 3 -2013

image

«Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um
»

Olav H. Hauge 

Diktet over er eg veldig glad i. Eg trur det seier noko viktig om å vera menneske. I kveld har eg vore i samtalegruppe i lag med ein gjeng flotte damer, me har drukke varm te, og me har ete heimebakte grove rundstykke med ost og heimelaga syltetøy og peparkaker så tynt kjevla at dei var nesten som papir. Oppskrifta stamma frå ei tippoldemor, og smaken var veldig god. Temaet vårt i dag var lengt. Korfor lengtar me, og kva lengtar me etter? I eit av dikta mine har eg skrive: «… og kjenner til vår forundring kor mykje me framleis lengtar…» For lengtar gjer me. I alle fall gjer eg det. Det er i den samanhangen eg har teke med diktet av Olav H Hauge. For det måtte vera med eit dikt i dag, og eg måtte laga eit blogginnlegg før eg vaklar i seng, for eg har jo lova adventkalendar. Me snakka om at lengt er positivt like mykje som det er negativt. Lengt har med livstørste å gjera, og det har med det å gjera at me framleis er knytta sårbart nært opp til det levande livet.

Dagen har vore god på andre måtar og.imageMe hadde ei fin adventstund i klassen, her har me ikkje rukka å få på rett dato enno, men det kom… Ungane pakkar ut ein figur til julekrubba kvar dag. Og dei får trekkja hemmelege konvoluttar i adventkalendaren vår.

image
Han ser omtrent slik ut i det første morgonlyset. Etterpå gjekk me rundt juletreet på torget med ranslane på ryggen og song julesongar før me var på oppdagingsferd og såg på skulpturane i Fritz Røed- parken. Etter matpause i gymnasparken var det tid for blåfjell og for forteljinga om Nikolas av Patara som seinare er kjend som Santa Claus. Dei gamle norske fjøsnissane som passa dyra og fekk graut på julafta måtte me og gje litt plass for. Det er min jobb å stå på gangen og seia god morgon til trøytte eller lysvakne ungar som kjem til skulen før det har rukke å bli lyst. Mange av dei rekk nesten ikkje opp til knaggen sin ein gong og treng hjelp til å få hekta av seg refleksvestar og fleire lag av varme klede.

For ikkje så lenge sidan las eg at den viktigste utfordringa for skulen er å gjera han til den varmaste, tryggaste og mest inkluderande plassen barna nokon gong har vore på. Det er ikkje lett oppnåelege ord, men dei kan vera greie å ha som ei stjerne å sikta mot… Og lærarane bør vera opplagde og blide. Då kan det kanskje vera greitt at eg sender ein av dei, meg sjølv faktisk, i seng snart. Klokka nærmar seg faretruande eitt om natta, og det er ikkje meining i slikt. Til og med katten har sovna og søv tungt her på musematta, eit eksempel til etterfygjing. Eg har seld mange bøker i dag, og kan ikkje nekta for at det er ganske kjekt at nokon har lyst til å lesa ho. Nå må eg bare halda orden i systema…

God natt, var det viss ja. Takk til alle gode makter for ein god dag.

Heidi