Sundagen har gått fort, slik sundagar gjerne gjer. Dagen har vore fin. Sidan natta av klokkemessige grunnar vart ein time lenger, fekk me til og med starta dagen i anstendig tid med kaffi, jus, ost og knekkebrød. Det vart sjølvsagt tilsvarande tidleg mørkt, og plutseleg kjendest det at me er inne i vinterhalvåret. I mitt hovud har me to hovudårstider, sommar og vinter, medan dei to andre er overgangane. På skulen lærer me ungane at det er fire like lange årstider med tre månadar i kvar. I følge den inndelinga, er me nå snart ved enden av dei to første haustmånadane og har ein til i vente før vinteren kjem.
Det var koseleg å tenna dei levande lysa i lysekrona og å tenna lys på middagsbordet medan mørket pakka seg rundt huset vårt. Eg har prøvd å skriva ein julesong som skal brukast til noko spesielt, men har ikkje heilt fått dreisen på det, eg får la ideane mognast litt, så får me sjå om det løsnar. Eg tenkte bare eg ville innom her med eit lite ord for kvelden, det er jo alltid spennande, i alle fall for meg, å sjå kva som er det neste i diktbokhylla mi. Det er nesten som å opna ei luke i ein veldig stor adventkalendar med veldig mange luker. Dagens lyrikar heiter Jo Eggen, og for dei som måtte hugsa så langt tilbake at dei har slike referansar, så er han ikkje skiløpartvillingen til Gjermund Eggen. Så vidt eg veit er han ikkje ein nær slekting av Torgrim Eggen heller, men på det området kan eg ta feil. Boka som ligg ved sida av meg her på skrivebordet heiter «Eksildikt: idyller», og er komen ut på Gyldendal i 1990- Eg vil med dette servera idyll nr 14.
Ikke katedralens
gull og kalk
Men den allminnelige appelsinen
Bak det oransje skallet
gjømmer den en verden
som tilfredsstiller tørsten
Men skallet har også
ei hvit bakside
Jo Eggen
Eg har endeleg fått lagt over alle nummera mine til den nye telefonen, det tok meg lang tid, for eg håpa å finna ein snarveg. Til slutt vart eg lei av å ikkje ha kontaktane mine på plass, og la dei inn eit og eit. Som så mykje anna var det eit større arbeid i tankane på førehand enn det viste seg å vera å faktisk gjera det… Slik er det med mange ting.
Heidi
Her sit me og prøver å redigera saman mine tekstar og hans foto. Det er ikkje bare lett, men ganske spennande likevel. «Nei, det er då ikkje det som er stemninga i denne teksten?» Kan me setja inn eit bilete av ei ukjend jente i Portugal som me aldri kan få spurt, og som med nesten all sannsynlegdom i verda aldri vil slumpa til å få vår bok i hendene? «Dine bilder er mer urbane enn dine dikt, og slik er det bare…» Slik er det bare, men me prøver å få til ein slags verbal og fotografisk jam-session der det begge har å fara med, saman kan skapa noko nytt.
Eg liker improvisering, og så er det eit spørsmål om kor mykje me skal halda fast på det som er vårt og kor mykje me skal gje rom for den andre sine uttrykk. Eg trur det blir bra til slutt, eg håpar det i alle fall. Og det er kjekt å vera kreativ. Halvard har og foreslått eit kreativt fellesprosjekt, som eg og har lyst til å få gjort i løpet av helga. Ingrid driv med teaterprosjekt heile dagen, og Oddvar byggjer hus, så me har ein liten firbeint gjest inne i stova. Her er alltid eit og anna golv som skulle ha vore vaska dersom ein til og med ser det på den måten, og ein laurdag utan planar er aldri feil det heller.
Eg har ei til Arnljot Eggen- diktbok i hylla mi. «Skulder ved skulder», er ei nyare bok, så den har i si tid kosta heile tretti kroner på Det norske samlaget.
Dei som ikkje sviktar, blir sjeldan sett
Dei har vori for sjølvsagde
som bjelkane under golvet
Vi har ikkje sett skogen for historie
Ho fortel berre om dei
som sit og sagar på si grein
Der dei høge tårna stod, er no berre luft
Men fundamentet har haldi seg uskadd
som grunnlag for betre bygningar.
Arnljot Eggen
Nå får eg gå tilbake til fotomonteringa. Ei erfaring som eg heldigvis alltid gløymer å hugsa er at innebygd i kreative prosjekt er det nesten alltid mykje meir tid og arbeid enn det ein forstod i utgangspunktet.
Heidi
Nokre dagar
Nokre dagar
meir enn noko
eit lukka evangelium,
ein kvit stein,
ei fjør frå spissen av ei venge.
*
Den blå himmelperla
Nokre gonger
kryp eg inn
i den blå himmelperla,
for å liggja der heilt aleine,
for å kjenna
at eg høyrer heime
mellom menneska,
Det er for lett å gløyma
å opna hendene
når ein står der;
med pengar og kart,
med mobiltelefon
og bankkort
og skal ut
for å møblera livet
etter beste evne.
I den blå perla
hugsar eg
å ikkje gløyma å leva.
*
Gloria
Då me sat der,
såg eg mysteriet
liggja som ein glorie
kring håret ditt.
Eg som trudde
eg kjende deg.
*
Isdans
Ei ballerina
på danseskøyter
i tankane mine
er det du er,
med flagrande skjerf
og dusk i lua
der sviv du omkring
i store sirklar
på glatt føre
og ber lyset i hendene dine.
*
Tommelfingerregel
Eg skriv det
så fint eg kan
på den breie negla
ytst på den høgre tommelen:
La dei gode orda
sitja laust
fremst på tunga,
og ha vit nok til å hugsa
at dei kan gjera forskjellen
Dei og kjærlege auge.
Heidi
Dette er romet for sjølve det store livet, merkeleg og grenselaust.
Dette velsigna brennpunktet
Melodien går og går.
Tida du har gått forbi
reiser seg
som ranke høghus
mot kjende horisontar.
Nåtida
dette velsigna
brennpunktet,
denne opninga
inn i tida.
Dette einaste biletet
du kan redigera
utan å juksa
Redigera lattermildt
medan menneske
går og kjem
på langs og på tvers
i tida di .
Ofte snur dei seg og smiler.
*
Ikkje springa
For ikkje skal eg
springa etter minutta
eller halda sekunda
fast i halane.
Eg for min del
skal roleg
bli ståande.
Bare la dei
promenera høgtideleg
forbi slottsbalkongen
der eg kan stå og venta
viss eg vil.
Eg skal heva blikket
og sjå tida rakt i auga,
sleppa håret ut
og smila
til biletet i spegelen
Så skal eg skjera
grådig av tida
med ostehøvel
utan å tenkja på
at ho kan ta slutt.
Heidi
Eit av roma har vinterfarge, og det er ikkje frykteleg lenge til me skal inn dit igjen…
Denne blonde tilliten
Ungane på lange rekkjer
til knes i snø.
Dei held oss i hendene.
Me kjenner varmen,
gjennom polvottar
og strikkehanskar,
rekkjer dei fram
denne blonde tilliten,
med skrubbsår på begge knea,
under parkdressane,
under olabuksene,
stillongsane og strømpebuksene.
Velsigna
Når alle desse barna
med mjuke kinn
og rennande vinternasar
kjem og vil varma hendene,
står du der
i den gamle lilla kåpa
og forstår
at det er velsigna du er.
Og visst har du fått
minst ti minutt med pause
etter å ha rydda vekk
keramikkrokkodillar
og grisar
med merke frå barnefingrar
pressa inn i den våte leira,
og du har rukke å moppa golvet.
Etter ein kopp kaffi
lever du godt
med keramikkstøv på genseren
med lag av leire under neglene
inntil vidare.
Heidi
Eit av roma i boka mi er sommarfarga. For at ingen skal tru at heile diktsamlinga handlar om sorg og død, tek eg med eit par av sommardikta til å varma seg på-
Sommarnatt
Juninatta
går over streken
og blir til juli.
Sommaren legg seg
over på ryggen
snur seg
frå barn til mogen kvinne,
og let myggane forsyna seg
med siste drope blond uskuld.
Sommaren opnar famna si
mot mørkare netter,
mot moge mangfald.
Rabarbraen blygnar
og strekkjer forvaksne armar
drøymande fram
mot stikkelsbær og mjuke plommer.
*
Dekka bord
Me dekkjer bord midt i alle luktene
oppvarma grillkol og jasmin
villroser og nyslått høy.
Dekkjer bord med fenikkel,
med sukkererterbelgar,
fulle av fullkomne grasgrøne perler.
Dekkjer bord
med raude løkringar,
og olivenfarga auberginer
som sprengjer mot
det mørke skalet sitt.
Midt i det heile
legg me valnøttkjerner
og heller over salt og olje.
Me tenner mygglys
og takkar for natta,
for at ho ikkje har tenkt
å leggja seg på lenge.
Så fint at du kom hit,
seier du,
eg svarer med å smila
eit sommardikt
eller noko liknande.
Ein hund spring gjennom graset
og lograr mot det heilage.
Heidi













