Gå til innhald

Det kvite romet

hender. Svigermor og svigerfar

Det er blitt skikkeleg haust ute. Det er kaldt og vått og blåsande. I helga har me jobba ganske mykje med å få ferdig både foto og manus til diktboka som nå blir eit fellesprosjekt for oss. Eg har landa på at boka skal heita «Det kvite romet.» Eg har organisert ho slik at det er seks ulike rom med tekstar. Den delen som vart størst heiter «Det kvite romet». Det siste året har som eg har skrive før vore prega av at me i løpet av ca 14 månadar mista fire personar i den nære familien. Tre av dei var gamle og sjuke, og me fekk på ein måte veldig nær innpå livet korleis det er å bli gammal og sjå livet sitt forsvinna. Sidan eg skriv ut i frå det eg lever og opplever, har eg skrive ganske mykje om akkurat dette det siste året. Boka me lagar skal ikkje vera alt for privat, derfor må me tenkja på at fotografia me brukar ikkje skal vera private heller. Me har funne ut at biletet over balanserar som eit allment fotografi. Det du ser er svigerfar som held svigermor i handa den siste dagen me hadde henne. Dette arbeidet gav oss på ein måte ei kjenning av sorga me har opplevd fleire gonger det siste året. Me har sitte med ein klump i halsen og sett bilete med sjukehussenger og konfektøskjer, med rullatorar og intravenøs-stativ. Av gode stunder og av ansikt der motet er svinnande. Leif er ein flink foto-journalist, synest eg. Me har og bilete av ulike kister med lys og kransar rundt og med helsingar på sløyfene. Dei fleste av desse bileta er bare for oss sjølve,men eg er glad for at me har dei. Eg tenkte eg ville dela ein tekst frå denne delen av boka. Det eg håpar er at dikta kanskje kan skapa trøyst og gjenkjenning hos andre som opplever noko av det same.

 

Bare dette tomromet

Tårene legg seg flate
og kjem ikkje ut.
Tankane flyt
heilt utan lyd
Bare dette
tomromet
og dirigenten
med løfta taktstokk.

*

Eit høyrbart knepp i låsen

 

Gyngande, susande,
duvande, voggande,
alt me gjorde
og ikkje gjorde.
Tankane ber oss til døra,
ho lukkar seg
med høyrbart knepp i låsen.

 
*

Henta av tida

Neste morgon henta tida deg.
Før nokon hadde tenkt det
låg du i ei seng på sjukehuset
og smilte beklagande
fordi du hadde falt,
og kunne vera til bry
både for den eine og den andre.
Du bad sjukepleiarane gjera alt
slik det var enklast for dei.

Mannen din med den svarte paraplyen
på venteromet og ved senga
var plutseleg ein rank riddar
som på ingen måte ville heim og kvila litt.

Me smilte til deg
og bad til gode makter
om å få ha deg her hos oss
bare litt til,
dersom det framleis var mogleg
med den brekte nakken.

Først fekk du sleppa nakkekragen,
så tok dei av deg oksygenmaska.

Du klemde sønene dine
kjærleg og heftig
Medan blikket vart bleikare
og hendene dine vart større.

Me fekk ta fylgje heilt til porten
medan barna våre gråt
i mobiltelefonar
ein annan stad i landet.

Då me slapp inn
til deg
ein time seinare
var alt blitt kvit fred.

Men sjølv hadde du reist frå oss.

*

Menneske treng menneske

 

Menneske treng menneske
til inngang
og til utgang.

Til å venta saman med

når romma blir for store

og orda blir for små.

Treng menneske
når dører skal opnast og lukkast,
til å pusta saman med,
til å venta saman med,

medan George Harrison sin gitar
græt stille og vennleg

ein stad ute på gangen.

 

Heidi

 

 

 

dlønn i oktober

Oversikter og titlar

oversiktsbilete fra Ribe

Dette er eit flott bilete av Ribe sett frå lufta, nå skal det seiast at eg sjølv aldri våga meg opp på dette utsiktspunktet, men ein har då fått sjå bileta. Nå har eg brukt denne dagen til å laga ein endeleg variant av det som skal bli den nye diktsamlinga mi. Kanskje eg rett og slett er i hamn med tekstane. Det kjennest rart. Diktsamlinga er på ein måte ein oversikt over ting eg har tenkt og opplevd viss ein står i eit utkikkstårn og snur seg langsamt slik at ein kan få ulike synsvinklar. Det eg lurer på nå er om ho skal bli med eller utan foto, noko som vil gjera henne dyrare viss det blir med, men samtidig så hadde det vore kjekt å visa nokre av dei fine bileta til husfotografen min saman med mine dikt. Kanskje løysinga blir å gå for begge deler, ein variant utan foto, og ein litt dyrare med? Det er mykje ein skal ta stilling til her i livet, og eg er litt som Ole Brumm når beslutningar skal takast. «Ja, takk, begge deler, er ein livsanskuelse eg kan ha sans for…

Det eg ikkje har på plass endå er kva barnet skal heita, altså namn på boka, og det bør eg finna ut relativt fort. Boka er delt inn i fem ulike rom, så eg kunne kalla ho «I roma mine», men eg trur kanskje eg heller skal bruka tittelen på eit av dikta som hovudtittel. Kanskje ein av desse:

Eit lite raudt trekkspel.
For ikkje slepp me taket.

Bera lys
Denne blonde tilliten,
Velsigna
I lupinane si tid
Søt smak av liv
Eg har vore deg
Den som vil fanga orda
Katten har gøymt seg
Framleis er framtida
Hendene mine
Det store puslespelet
Å bera på eit hjarte
Håplause håparar
Ingen andre enn oss
Små piler i grusen
Det finst alltid ein katt

Eg tek gjerne i mot råd og tankar, det kan hjelpa meg å rydda litt i mine eigne tankar. Eg finn nok ut av det. Det bør jo vera ein tittel som seier noko om boka, som ikkje kjennest som ein klisjé, og som i beste fall faktisk gir folk litt lyst til å lesa ho.

Så har eg drege fram den neste diktsamlinga frå hylla mi. Det er ei gåve frå min dåverande gode venn, nå snakkast me bare veldig sporadisk på facebook, Kjetil frå Oltedal. Boka er rett og slett ein gul paperbackmurstein med tekstane til Bob Dylan. Eg vil bruka ein tekst som passar til akkurat dette å møta folk, vera nær dei, og så bera med seg bittelitt av dei på vegen vidare. Vinkar til dei dette måtte kunna angå 😉

Girl of the North Country

Well, if you`re traveling in the north country fair,
Where the winds hit heavy on the borderline,
Remember me to one who lives there
She once was a true love of mine.

Well, if you go when the snowflakes storm;
When the rivers freeze, and the summer ends
,
Please see if she`s wearing a coat so warm
To keep her from the howling winds.

Please see for me if her hair hangs long
If it rolls and flows down her breast
.
Please see from me if her hair hangs long.
That´s the way I remember her best.

I´m a-wondering if she remembers me at all,
Many times I´ve often prayed
in the darkness of my night,
In the brightness of my day.

Well, if you`re traveling in the north country fair,
Where the winds hit heavy on the borderline,
Remember me to one who lives there
She once was a true love of mine.

Bob Dylan

 

🙂 Heidi

Fjøre sjø

fjøre sjø ved Rømø

Fjøre sjø på Rømø. Det såg nesten ut som ein kunne vassa til lands. Slik er det i livet og. Nokre gonger bryt brenningane i stormkast, andre gonger er det speilblankt, og i blant er det fjøre sjø og så langgrunt at mest ingenting kjennest ut som det kan stoppa oss. Sidan eg akkurat er friskmeld frå det som i fantasien min kjendest ut som snikande aggressiv brystkreft med spredning etter ei rutinescreening, nei eg er ikkje stolt over å fortelja det, har eg nå fått livets gave og føler at det meste er mogleg. Fordelen med å ha hypokondartendenser er at ein truleg opplever kjensla av å få livet tilbake oftare enn dei med strengt rasjonelle hjernar som ikkje liknar min.

Det er ein vakker oktoberføremiddag. Himmelen er høg og blå, og for eit velsigna ver me har hatt denne hausten. Eg er i ferd med å nyta forfattardagen min og har svigermor sin brune engelske tekopp full av kaffi ved sida av meg. Eg starta dagen med å lesa ut boka med Anna Anchers brev, hovudsakleg stila til kusina Martha, men og med eit og anna brev til andre personar i livet hennar. Det har vore fascinerande å lesa brev ho har skrive heilt sidan ho var ung jente og møtte Michael Ancher som kom til Skagen for å mala. Sidan ho sjølv var flink til å teikna og mala, fekk dei ein spesiell kontakt, det ende med at ho, dottera på Brøndum hotell på Skagen, vart gift med Michael Ancher. Ho fekk og studera kunst ein kort periode, og livet seinare på Skagen arbeidde dei begge som kunstnarar, og kvar sommar var dei det fastbuande tyngdepunktet for den nordiske kunstnarkolonien med Søren Krøyer i sentrum, som samla seg på Skagen kvar sommar for å mala. Gjennom breva hennar fekk lesaren innblikk i eit kvinneliv gjennom mange år, og om korleis ho levde både som ein del av dei gamle fastbuande skagensbebuarane og som ein del av kunstnarmiljøet. Det virka som om ho balanserte dette på ein elegant måte og med stor klokskap.

image

Her er huset der ho og Michael budde og arbeidde. Det er nå museum. Eg tok dette biletet for nøyaktig ei veke sidan. Me var for seint ute til å sleppa inn, det var allereie stengt for dagen, men eg har vore inne minst to gonger før. På ein måte er Skagen litt samanliktbart med Jæren, det er det same lyset, den same høge himmelen og det same store havet. Kanskje det gjer at det er endå lettare å identifisera seg med Anna Ancher, sjølv om ho levde i ei anna tid. Bakerst i boka er det skriven ein kort liten biografi, delvis skriven i samtida hennar, der ho blir heidra som kanskje «den fremste kvindelege kunstner». Om det på den tida var slik at «den fremste kvindelege kunstner» framleis vart vurderte til å liggja langt bak dei «fremste manlige kunstnere», kan ein bare lura på mellom linjene.

Noko som vekte mi interesse var at forfattaren framstilda Anna som harmoniserande. Anna var eit menneske som aldri var uvenn med nokon, ikkje snakka stygt om andre, og alltid ville harmonisera. I striden mellom Krøyer og nokre av vennene hennar, fordi Søren Krøyer hadde svikta ei kvinne på Skagen og gifta seg med Marie Krøyer, prøvde ho seg som diplomat, men så lenge partane var uforsonlege omgjekkes ho begge partar utan å villa velgja side. Ho var og den einaste som framleis behandla Marie Krøyer som ei nær venninne etter at ho hadde svikta den psykisk sjuke Søren og gifta seg med komponisten Hugo Alfven. Forfattaren av biografien meiner at ho låg for lågt i terrenget og ikkje våga dra fram sterke kjensler og skarpe meiningar. Eg las mellom linjene at han meinte ho kanskje ville vore ein større kunstnar om ho ikkje hadde levd heile livet i ei «boble af lykke». Eg stiller spørsmålsteikn ved den tankemåten, i breva skriv ho om å mista gode venner i ulukker og sjukdom. Det som er rett er at bortsett frå i breva frå heilt unge år klagar ho aldri, og trekk alltid fram det lyse og gode når ho skriv brev. Likevel lurer eg på om ein kan dra slutninga at ho «levde i ei boble av lykke og ikkje torde å møta det som var vanskeleg.»  Er det slik at dei som graver seg ned i vanskelege problem og verkeleg må brytast med vonde hendingar og vonde kjensler blir større kunstnarar? Eg stiller bare spørsmålet…  Kan det ikkje vera at nokon kunstnarar har ei oppgåve i å bera fram det stille lyset og det som er fint? Er det slik at det er meir kunstnarisk og autentisk å leva på grensa til galskap på grunn  av indre spenningar, slik mange nok har gjort? I denne samanhangen kan det jo passa å bruka Edvard Munch og Søren Krøyer som eksempel på det siste. Nå skal eg sjå om det let seg gjera å leggja ut eit bilete av Anna Ancher her nedanfor. Dei er verkeleg fine.

Anna_Ancher1

Her er dottera, Helga, i stova heime på Skagen.

Helga ber aftenbønn. Anna Ancher

Her er Helga som ber aftenbøn framfor senga si. Grunnen til at ho kneler på golvet er at ho hadde sett eit bilete eller høyrt ei historie om barn som pleidde å gjera akkurat det, og så ville ho prøva sjølv og.

78108-BILLED-1019

Her er Michael som sit i stova og lurer på om dei nye jaktstøvlane han har kjøpt likevel er for kostbare og dyre, og om ikkje dei gamle kunne ha dugd ei stund til.

anna ancher, mor och barn, olja pa duk, 40 x 32 cm

Og her matar ei fiskarkone barnet sitt. Anna hadde aldri problem med å få folk til å sitja modell sidan dei såg på henne som ei dei hadde kjend frå ho var lita, og ei som høyrde til hos dei.

Sorg Anna Ancher

Dette biletet er spesielt, til Anna Ancher å vera. Den eldste av dei to knelande kvinnene er Ane Ancher, Anna si høgt elska mor, som i alle år dreiv Brøndum hotell. Mora var ei svært from kvinne, og ein del av indremisjonsmiljøet som stod sterkt på Skagen etter fleire vekkelsar. Dei to kvinnene kneler ved ei grav på kyrkjegarden, men er ikkje malt i samband med eit dødsfall i familien. Ein lurer på om kvinna utan klede symboliserer Anna Ancher sjølv, og om biletet handlar om tru. Den gamle kvinna, er i bøn til Gud, har eit opplyst og avklara ansikt og trygge trekk, den yngste er fortvila og finn ingen trøyst i korset. Anna, som var oppdregen av ei sterkt truande mor, levde mellom «moderne kunstnarar» og mange av dei hadde avskaffa alle gudsbegrep, og hadde ein livsførsel som var fjernt frå det som var foreskrive i dansk indremisjon ved forrige århundreskifte. Ein har lurt på om biletet symboliserer ein indre kamp i Anna og det å føla seg naken og ubeskytta utan den sterke himmelske visjonen mora bar med seg. Så vidt eg forstod har ikkje Anna Ancher sjølv kome med ei tolking av biletet, men det skil seg ut frå dei naturrealistiske kvardagsbileta ho vanlegvis malte. Det er eit sterkt bilete i alle fall.

Då eg begynte å skriva i dag, visste eg ikkje at eg skulle leika kunsthistorieforelesar… Som oftast veit eg ikkje heilt kor det ber hen når eg begynner å skriva… Det eg eigentleg hadde tenkt å fokusera på, var eit par dikt av Terje Dragseth, så dei får koma nå, heilt på tampen før eg går vidare med å redigera mi eiga diktsamling. Linken mellom  han og Anna Ancher får vera at han er ein norsk lyrikar som har busett seg i Danmark. Terje Dragseth er fødd i Kristiansand i 1955, og han blir kalt ein moderne kjærleikspoet. Dikta er henta frå samlinga «Du», som er ei samling dikt i utval frå ulike samlingar.

Morgenlyset la seg stille på karmen.
Vokste inn i værelset.
Tingene lukket seg.

Slik blomstene lukker seg i skumringen.

Jeg lå stille.
Mens frykt forlot meg.
Mens dag kom sterkt, påtrengende.

Inntil jeg igjen kunne puste.

Terje Dragseth

*


er en setning
forvandler dagen.

Nå er alt jeg ser
Nå er alt jeg er.


er hjulethimmelen
inne og ute
vannrett
loddrett


er senter
for alt som flyter og finnes.


er umulig
som tilstand og metthet
nå er umulig.


er dette
og ikke mer.

Terje Dragseth

*

Og heilt til slutt eit sommardikt. Med litt velvilje kan me kanskje avslutta sommaren sånn ca i dag?

Ta ditt sommerbrune barn
og din slanke hals med
jeg kommer.

Det er spurv og svaner og manna
i den tunge luften.

Ta ditt barn med
og den
runde ringen
vi danser i
.

Sitt med med din solbrente hals
la meg kysse ditt barn
og din smilende munn
mens det ennå er sommer.

Terje Dragseth

 

image

Eg grip meg i å lengta litt etter at det skal vera sommar, og lengta litt tilbake til den fantastiske haustferien i Danmark saman med Leif. Men nå er hausten, nå er oktober, og sola skin så fint på dei gule blada som framleis heng fast på bjørketreet utanfor vindauget.

Heidi

 

Bilde

Uro og otte

uvershimmel Ribe

Då eg fekk innkallinga til mammografiundersøking, velkomen til femtiåra, var det ei liste over fem moglege ulemper ved det å driva screening: Ulempe nummer fem er som fylgjande: Mange kan oppleva uro og otte si samband med mammografiundesøkinga, både i tida fram til svaret ligg føre, og ved innkalling til tilleggsundesøking…

Nå skal eg stå fram med ei av mine skikkeleg svake sider, og gjer det for å gje smånevrotikarane blant oss ein stemme. For det må vel vera fleire enn meg…  Det stod i innkallinga at av tusen undersøkte ville 5-6 få diagnostisert brystkreft, og 30-40 ville bli innkalla til ei tilleggsundersøkjing. I mitt litt halvsjuke hovud såg eg for meg ein eller annan laga eit lotteri der tusen personar blir uttrekte til å vera med. Seks av tusen lodd er svarte på innsida. Kven som helst kan bli ståande att med Svarteper… Det mest bekvemme hadde vore å takka nei til loddet, men då er ein automatisk med i eit anna lotteri der både ein sjølv og familien for evig ville klandra ein for å ha takka nei til det første dersom ein vinn taparloddet i denne omgangen. Alle må gå med loddet sitt i lomma i tre veker før dei får lov til å opna det, og ein blir anbefalt å ikkje tenkja over at det ligg der…

Nå må dei som les ha det klart for seg at dette er følelsesvarianten av spelet. Fornuftsvarianten er heilt annleis, men det hjelper ikkje dersom ein har fått utdelt fantasi og følelsar. Dei vil nesten alltid vinna. Eg har med andre ord prøvd å ikkje vera så oppteken av loddet eg har hatt i lomma, men så lenge det ligg der, er det ikkje så lett. Eg har spurt meg sjølv mange gonger korfor eg blir så heilt meiningslaust nervøs i slike situasjonar, eg har funne ei lang liste med svar, men ingen av dei er vel eigentleg gode nok. Det er vel same typen svar som eg manglar når eg helst vil sleppa å bruka fly og nektar å kjøra bil på motorvegar. Kanskje fordi eg veit litt for godt at det å leva er ein risikosport og at me ikkje har garanti for meir enn det som til ei kvar tid er nåtid.

I Danmark som i Norge er oktober månaden med ekstra fokus på brystkreft og bra er sikkert det. Det er bare det at når ordet brystkreft er det einaste ordet ein absolutt ikkje vil tenkja i løpet av desse tre vekene, så er det litt forstyrrande at alle aviser skriv om det, folk står fram med brystkreft på framsida av alle vekeblad, det er hemmelege signal ein blir oppfordra til å bruka på facebook og alle gårr rundt med desse små rosa sløyfene du helst ikkje vil sjå. Eg veit at eg reagerte omtrent likt på alle kampanjar vedrørande krybbedød då eg hadde nyfødde barn, og akkurat på den tida eg hadde det, var det eit enormt fokus på dette, som heldigvis førde noko veldig bra med seg.

Då me kom heim frå ferien vår, torde eg nesten ikkje å opna postkassa, og i dagane etterpå, venta eg med frykt og beven på postmannen. I går kom brevet. Eg var forsåvidt glad for å sleppa å venta lenger på å få det, men grua forferdeleg for å opna det. Etter ti minutt våga eg, laga ei lita opning i konvolutten og kikka forsiktig ned i han. Heldigvis hadde dei hatt vett til å skriva første setningen med krigstypar: Mammografibileta viste ingen teikn til brystkreft. Utan overdriving så følte eg at eg hadde fått livet i gave, alle scenario hadde vore innom fantasien min dei siste vekene, og eg kjende at alle musklar slappa av. Frå nå av skal eg bli eit godt menneske som er takknemlig for livet, tenkte eg…

Eg veit at dette høyrest heilt sjukt ut, og det er det sikkert og, men sannsynlegvis er det fleire enn meg som kjenner att litt av denne galskapen. Eg innser at mammografiscreening sikkert er godt og fint og klokt, og at det ville vera alt for dyrt å la alle snakka med ein lege etterpå i staden for å venta i to-tre veker. Eg hadde høyrt rykte om at viss dei fann noko verkeleg stygt, så kunne ein få beskjed veldig fort, så eigentleg var eg engsteleg for postmannen allereie etter fire dagar, sjølv om det stod to til tre veker i innkallinga… Og i dag hadde eg eit snev av tilbakefall då eg opna postkassa, såg for meg eit lite brev frå same avsender som innleia med setningen: «Me beklagar så mykje å ha send deg feil svar: …» Då snakka eg til meg sjølv med min strengaste indre stemme og bodskapen var krystallklar: «Skjerp deg Heidi!!!!» Og brevet låg der heldigvis bare i fantasien min.

Sjølvsagt har eg tenkt på at dette innlegget kan vera stein til børa for andre nevrotikarar som har vore på mammografi og går og ventar på prøvesvar. Eg håpar at dette i beste fall kan få dei til å le litt av seg sjølv og trøysta seg med at i akkurat denne forteljinga gjekk det godt til slutt. Eg har lova meg sjølv at neste gong skal eg ikkje bruka eit sekund på å la fantasiane skremma vitet av meg… Og så trøystar eg meg med at i ein del tilfelle så er fantasien ein ressurs. Det er mange ting eg trur eg kan skildra med ei viss innleving fordi eg har opplevd dei på tankeplanet. Kanskje det kan bli ei novelle av dette ein gong…

Er det nokon eg beundrar så er det alle desse som tek livet og sjukdomane på strak arm, og som står der med rak rygg og varmt blikk medan dei blir ramma av både det eine og det andre. Alle desse som tenkjer rasjonelt og ikkje tek sorger på forskot. Slik har eg og tenkt å bli. Minn meg på det når det trengst.

Nå har eg sagt meir enn nok. Eg gir ordet til Hilde Domin, som i fylgje føreordet i boka eg sit med, truleg er den mest lesne poeten i Tyskland i nyare tid. Ho døydde i 2006, nittisju år gammal.

Ord

Ord er modne granateple
de faller til jorden
og åpner seg.
Alt det indre vendes ut,frukten blottstiller sin hemmelighet
legger sine kjerner for dagen,
en ny hemmelighet.

Hilde Domin

*

Ikke bli trett

Ikke bli trett,
men holde hånden
ut mot underet
varsomt
som mot en fugl

Hilde Domin

Dette er då utruleg vakre ord. Ta godt i mot livet, ordet og underet, folkens

Heidi

Du skal ikke være bekymret, slik er himlens logikk…

gult eikelauv

Det står fast spikra i minnet ei framføring eg ein gong høyrde av den songen eg siterte i overskrifta. Og det er verkeleg himmelens logikk. Det er nemleg veldig menneskeleg og veldig jordisk å bekymra seeg. Det å leva er eit usikkert prosjekt. Ingen av oss har garanti for meir enn den lufta me har i lungene akkurat nå. Tidvis og delvis klarer eg å vera eit nokså ubekymra menneske. Det er god balansekunst å klara det. Tidvis kjenner eg at eg har ein nevrotikar i ryggmargen med ekstremt talent for bekymring. Bestemor mi var eit veldig bekymra menneske, og eg var grenselaust glad i henne. Seinare har eg tenkt at med hennar livshistorie var det ikkje rart at ho alltid var redd for sjukdomar, ulukker og fødslar. Mor hennar døydde av tuberkulose etter å ha fødd tvillingar, dei nyfødde syskena døydde av tuberkulose og av heile den store, barnerike familien var det bare ho, faren og ei storesyster som overlevde tuberkulosen. Syster hennar fekk ein sjukdom i augene som gjorde at ho haldt på å bli blind og låg på sjukehus i eit halvt år, men ho vart frisk att og vart mi kjære «moster» som eg kunne skrive mange blogginnlegg om fordi ho verkeleg var eit nokså fargerikt menneske. Bestemor fekk seinare i oppveksten spanskesjuka og mista alt håret, men ho vart frisk, og håret kom tilbake. Det er ikkje rart om bestemor, som var lita då dette skjedde, vart overbeskytta av far sin og seinare var nokså nevrotisk på nokså mange felt. Eg trur at slikt kan sitja i i fleire generasjonar, om ikkje i genene, men som sosial arv.

Og eg er glad i Lina Sandells livsfilosofi. «Hjälp mig Herre att vad helst mig hender, taga ut din trogna Fadershand, blott en dag, ett ögonblick i sänder…» Det er ein tankemåte eg alltid øver meg på å bruka. Ganske ofte får eg det til, og ganske ofte får eg det ikkje til.

Nå har eg gleda av å presentera den nye fjernadoptivdotter mi i Bolivia, som eg nettopp har fått via misjonsalliansen. Opplegget til misjonsalliansen er slik at pengane ikkje går direkte til denne jenta, men til området ho bur i slik at barna der skal få skulegang, lege og tannlege. For at det ikkje skal bli skeiv fordeling av merksemd til barna i området, er det ikkje slik at fadderdamilien har direkte kontakt med henne. Ved nærare ettertanke kjennest det som ein rett filosofi, sjølv om eg gjerne skulle ha send ho både brev og presangar. På ein måte blir fadderskapet meir symbolsk, me betalar det som skal til for å hjelpa eit barn i det området ho bur i, og ho er eit av dei barna som får hjelp. Sidan eg ikkje har spurd om lov, skal eg ikkje fortelja kva ho heiter eller kor ho bur, men er ho ikkje nydeleg? Denne jenta er bare fem år, eg ville tippa at ho var eldre ut frå fotografiet, men Sunniva seier at det er vanskeleg å tippa alder på barn i Bolivia. Dei er ofte bittesmå slik at ein trur dei er yngre enn dei er, men dei kan sjå vaksnare ut i uttrykket enn norske barn. Eg håpar eg kan inspirera andre til å gjera det same. I Bolivia er det mange barn som kan trenga litt drahjelp for å få skulegang, helsetenster og slikt som for oss er sjølvsagde goder.

image

Lyrikaren i dag heiter Sigmund Doksum og boka eg har i hendene er kjøpt som ei bok som er utgått frå eit bibliotek. Han skriv leikne dikt, som eg fekk stor sans for, og som kan vera ei fin avslutning på eit litt alvorleg innlegg frå mi side.

Stjernehimmel

I Galskapet
står koster og spann
som i så mange andre skap.

Det gjelder å vaske rent,
Det sier de i hvert fall,

men like over kosteskaftet
henger fritt svevende
en bitteliten stjernehimmel
spak og fin som spindelvev

med en eneste ledestjerne
fanget i vevet
Stjernen skinner gjennom skapermørket
Stjernen skinner for oss

Døra til galskapet
står heldigvis alltid på gløtt.

Sigmund Doksum

Me unnar oss litt om forelsking heilt til slutt, det er alltid oppmuntrande.

Han er så opphisset
over forelskelsen sin

at han har glemt å ta
tegneserier med på WC
som han pleier,
han er så forelsket
at det føles som førti graders feber,
han griper desperat en vaskepulverpakke
og leser hvordan
han skal forholde seg ved førti graders finvask
Han føler seg bedre,
ord har svar på alt.

Sigmund Doksum

Mange liker Dorte
Mange
har likt Dorte
Mange kommer til
å like Dorte.

Dette er ikke
En grammatisk bøying
Dette
er et levende dikt
som gjerne vil logre
med halen:

Mange liker Dorte
mange har likt Dorte
Mange kommer til
å like Dorte
Men jeg liker deg best.

Sigmund Doksum

Heldige Dorte får eg føya til…

Heidi

Killing my darlings

fuglar Rømø

Nå sit eg her med dikta mine og er i ferd med det som på revyspråket blir kalla «killing your darlings». Det vil seia at eg prøver å sila ut det som er uferdig og ikkje bra nok… Av over 130 dikt sit eg nå att med 83. Kanskje det er litt mange det og. Nå skal eg prøva å systematisera det eg har og jobba litt med språk og bilete. Tankane mine flyg omtrent som fuglane ved diket over til Rømø som det er bilete av over her. Eg har vore ein tur på skulen for å gjera klar til oppstarten i morgon, så har me vore på gudsteneste og ete middag hos mor og far. Ferien har vore fin. Det er alltid litt vemod over at ein ferie er slutt og at ein sommar definitivt er over. Likevel liker eg hausten, den skarpe lufta, dei mørke kveldane og dei fine fargane. Eg har ein katt på skrivebordet som er underernært på kos, han dyttar snuten sin borti hendene mine medan egskriv og prøver å vippa dei vekk frå tastane. Kanskje eg heller burde klappa katten…

Det passar godt at diktaren i dag er ein av mine absolutte favorittar, danske Tove Ditlevsen. Ingen er vel så flinke med vemod som henne. Nå skal eg sjå kva eg finn…

Dette er et dikt eg er veldig glad i, Kari Bremnes har forresten sett melodi til og syng det heilt nydeleg.

Erindring

Min mor og far var glade. Gaden lang
gik de som muntre børn hinanden nok.
Og det var søndag. Alle fliser sang
af smældet fra minfars spadserestok.

*

Min mor var ung. Det så jeg aldri før.
Hun bar sin lyse kjole som til fest.
Hun åbnet Søndermarkens tremmedør,
og lo mod sommerdagens lette blest.

*

En lykke steg fra græssets skarpe duft,
fra øl og sodavand og æggemas.
Og håbet dirred i den fine luft:
Min far har glemt sin dorg. Min mor er glad-

*
Jeg husker ikke nogen dag som den.
En barndom randt. Min fr var tavs og grå.
Min mor var alltid sorgfuld siden hen
af hemmelige savn som ingen så.
*
Og
kun i mindet finder hjertet fred.
Min mor var ung. Det så jeg aldrig før.
MIn far var glad. Og lykken bor et sted
bag Søndermarkens grønne tremmedør.

Tove Ditlevsen-

hausttre Danmark oktober 13

Til slutt hare g lyst til å ta med nokre tankar frå Charles Rigma si bok Den indre rytmen. Han skriv mykje om å ta tid til stilla, la pulsen gå roleg, ha tid til ettertanke og ordlause bøner for å bli lyttande til kva Gud har å seia. Her ein dag las eg noko som har vore botn for ettertanke:
«Hensikten med å oppnå denne indre roa må vera å finna noko der som kan gje deg større kjærleik til andre menneske, og som du kan gje vidare til andre. Dersom du trur at du skal finna indre ro bare for ditt eige velvere, er du på villspor.» (Sitert etter minnet.) Både Rigma og Lönnebo har denne sterke tanken om at me er fattige menneske om me bare kretsar rundt vårt eige liv. Me må våga å sleppa taket i oss sjølve for i større grad å bli ein del av noko større og viktigare, der samhaldet og nestekjærleiken er ein sterkare del av livet enn di eiga drift etter å halda deg sjølv oppe. Dei seier begge at det er befriande å sleppa taket i seg sjølv og sin eigen egoisme, for då blir livet større og opnare. Eg trur veldig sterkt på dette. Eg synest det er så herleg motstraums å tenkja at eg kan sleppa å henga fast i at prosjektet mitt er å bli vellukka, vakker og lukkeleg. At ein ikkje skal bruka albuar, negler og kne for å pressa seg fram, men heller tenkja at ein har ein plass i det store livet saman med, og skulder ved skulder med alle dei andre. Dette er grunntankar det faktisk går an å relatera både til sosialismen og buddhismen. For meg er dette først og fremst ein viktig del av menneskesynet mitt og kristentrua mi.

I kyrkja viste Stein, presten vår, fram ei onkel Skrue- bok og sa at onkel Skrue og B-gjengen heng fast i det same problemet. Livsinnhaldet deira er henholdsvis å klamra seg fast til det ein har grafsa til seg og å prøva å grafsa til seg det ein gjerne ville ha. Dei er fanga i det same begjæret og klarer ikkje å tenkja på noko anna. Tekstane for dagen handla om å samla seg skattar og om å henga fast i begjær etter rikdom. Jorda toler ikkje at alle lever som oss, likevel klamrar me oss fast til denne måten å leva på, og meiner me har rett til det. Eit av bønneropa i kyrkja klamrar eg meg ofte fast i. «Kyrie eleison- miskunna deg over oss.»

Eg sluttar med å sitera Märtha Tikkanen etter minnet frå romanen «Århundrets kärlekssaga».

För mig kan kärleken aldrig vara
två som stänger i hop sig i ett hörn
medan världen rasar förbi
.

För mig måste kärleken alltid vara
många som kämpar i bredd
också du, också jag,

mitt uppe, mitt ute i livet.

Märtha Tikkanen

*

Heidi

 

Dansk oktober

image

Danmark kjem ikkje lenger til å vera eit sommarland for meg. Danmark i oktober var eit eventyr som absolutt kan anbefalast. HC Andersen sin by var eit av høgdepunkta på turen. Odense vil eg tilbake til.

image

Om kvelden gjekk me ut for å finna oss ein plass å eta middag, og me landa rett og slett på at dette var kvelden for noko litt utanom det vanlege. Me ende opp i eit lokale i nokre veldig gamle hus, der dei rett og slett hadde lagt tak over bakgården mellom to hus slik at ute vart inne. Restauranten var i gammal stil, og maten var den typen eg nesten kan tru at dei serverer på slottet, og som dei kanskje serverte når HC Andersen, litt keitete både kroppsleg og sosialt kom til fine selskap i heilt andre samfunnslag enn der han vaks opp. Reisekameraten åt andebryst med raudvinssaus og noko eg lurer på om dei kalte svampebrød som var eit litt foccaccialiknanede firkanta stykke som såg ut som brød, men som viste seg å vera rårivne poteter steikt som ei kake i langpanne. Eg åt fylt raudspette med fenikkelpure inni, saman med mange slags steikte grønsakar og den same typen potetbrødrute, med ein fantastisk saus over. Dessertane var av type flamberede pannekager med hjemmelavet is og frugter, men dei vart me alt for mette til å utforska. I staden fekk me kaffi servert med gammaldags kandissukker. Dei på nabobordet åt gravlaks, og den vart skoren opp lauvtynt på eit serveringsbord ved bordet deira. Det er ikkje fint å lytta, men eg klarte ikkje å la vera å høyra kva den eldre herren som sat rygg til rygg med meg i det nokså trongt møblerte romet sa til selskapet sitt:

«Dersom min avdøde svigerfar havde set de kolbøtte min kone har gjort de siste år, havde han garantered falled død om, jammen det tror jeg virkelig på alvor… Og for en uge siden havde jeg åtte og halvfjerds tusen kroner på min konto, men min datter skal have så lille som mulig i sin arv efter mig. Og når man så har fundet et sted der man trivest med maden og servisen…» Nei, nei, ikkje lytta til kva dei innfødte snakkar om, sjølv om det er vanskeleg… Og eg klarte å la vera å snu meg for å finna ut kor gammal mannen var og korleis han ser ut. Ein kan jo kanskje fromt håpa at han forsonar seg med dottera før det blir arvetid, og at kona er ferdig med å slå kollbøtter….

image

Neste dag bestemte me oss for å utforska austkysten av Jylland, og fann ein veg ytterst mot havet på den sida og. Haustfargane i Danmark var bare heilt fantastiske. Fargesamansetningane var slik at eg fekk lyst til å reisa heim og strikka gensarar i dei same fargane. Eit par gonger unde me oss pausar for å fotografera.

image

Tytebær, eikenøter, mose og eikeblad, sjå så fine fargane er i lag.  Eg trudde eg såg den største kreklingen eg hadde sett i mitt liv, men det viste seg å vera ein veldig svart og veldig blank stor bille. Det var godt handa ikkje gjekk alt for fort opp til munnen…  Rett utanfor synsfeltet på det øverste biletet braut havet på, så det må du som lesar tenkja inn i biletet. Eg trur fotografen min har teke endå mykje finare bilete enn dette, men inntil dei blir tilgjengelege, så får du nøya deg med mine.

image

Litt utpå dagen kom me til Sæby, som eg vil tru opprinneleg er ein fiskarlandsby ute i havgapet. Her tok me ein pause og åt fiskesuppe på ein liten kafé. På føremiddagen hadde me vore innom eit lite bakeri og kjøpt valnøttbolle og bedstemorsboller med sjokolade. Bakeriet reklamerte med at de hadde norske kleininger. Eg torde ikkje å spørja kva det var for noko, og det irriterer meg litt. Eg må gjenta frå det eg skreiv for nokre dagar sidan at utvalet på danske bakeri er nesten sjokkerande. Et verkeleg danskane alle desse kakene? Eg fekk meg ikkje til å i det heile teket smaka på noko meir usunt enn valnøttboller, men reisekameraten min var i ferd med å bli skikkeleg hekta på danske wienerbrød. Sikkert på tide å få han der i frå…

image

Litt før fem ankom me Skagen som og er ein av favorittplassane mine her i verda. Me rakk akkurat å drikka kaffi på utsida av eit bakeri med ein slags müslibolle til. Det er første gongen eg ser Skagen i noko anna enn sommarlys, men alle dei okergule husa gjorde seg veldig bra med kulisser i haustfargar og. Huset på biletet er huset til Anna og Michael Ancher, som nå er museum. Eg har vore inne der fleire gonger før, men hadde me kome dit når det var ope, hadde eg sikkert gått dit igjen. Eg fann ein open bokhandel og kjøpte meg ei bok med Anna Ancher sine brevvekslingar. Eg har ein litt sær interesse for slike brevbøker. Boka opnar med ei anekdote eg har høyrt før. Kvelden før den natta Anna Ancher vart fødd, kom sjølvaste HC Andersen til «Brøndums hotel» som vart drive av foreldra hennar. Han ville gjerne ha raudspette, og fru Brøndum, som gjerne ville gjera intrykk på den store diktaren sende «pigen» heilt ut til grenen for å få kjøpt raudspette. Medan ho venta, bakte ho vannbakkels ho ville servera han til dessert. Dessverre vart det for lenge for diktaren å venta på maten, så han gjekk frå bordet i sinne utan å smaka på maten. Den høggravide fru Brøndum gjekk rett i seng og i fødsel før tida etter påkjenningane. Men HC Andersen skal visstnok ha skrive varmt om raudspetta på «Brøndums hotel», så det gjekk viss over i likaste laget.

image

Skagen med visnande stokkroser.

image

Då me kom til kaien i Hirtshals bles det friskt, og med turen over Skagerak i sommar i friskt minne, lurte eg på kva slags natt dette skulle koma til å bli. Det var ingen grunn til bekymring. Bergensfjord manøvrerte oss stødig over mest heilt utan sjøgang. Den store overraskinga var at me var blitt plasserte i ein skikkeleg luksuslugar, med salong, TV, kjøleskap og vinflaske på bordet. Det mest fantastiske var at denne var heilt i baugen på båten, slik at ein nesten fekk sånn følelse av å vera gallionsfigur, som på Titanic-filmen. Det var mørkt då me kom ombord, men i morgontimane mellom sju og ni fekk me med oss soloppgang og det å segla langs kysten av Sørlandet og Jæren i pastellfarga morgonlys. Det var ikkje så lett å fotografera, men eg gjorde nå eit forsøk…

image

Kanten av lugarvindauget med utsikt over baugen.

image

Her nærmar me oss Stavanger. Dette biletet er teke 15-20 minutt etter det første, og det går an å ana korleis lyset forandra seg under soloppgangen.

Då me la til i Risavigå var det strålande sol og knallblå himmel. I dag har veret vore heilt utruleg fint. Me hadde litt forsømt arbeid å ta att, og til nytte og glede var me og lånte med oss Oscar, som vart servert tyske hundekjeks…

Heidi

Morgon langs norskekysten . Av ein eller annan grunn har me fått luksuslugaren i baugen.

Bilde

Rose og nattergal

image

I føremiddag kjørde me til Odense, me hadde tenkt å ta ferga over frå Syd-Jylland, men det viste seg at tidsplanen vår var så i utakt med ferjerutene, at me bestemde oss for å kjøra via Kolding og over brua lenger nord. Det var ein veldig fin kjøretur me hadde i dag og med høg hausthimmel over eit fargesprakande landskap. Då me kom fram etter bortimot tre timars kjøretur, sette me i frå oss bagasjen på hotell Ansgar og sette kursen for sentrum for å bruka dagen best mogleg. Akkurat som eg meinte å hugsa frå barndomen, så er Odense ein nydeleg by. Biletet over er henta frå den gata der HC Andersen mest sannsynleg vart fødd for litt over 200 år sidan i stor fattigdom. Me hadde bestemd oss for å bruka deler av dagen i HC Andersen museet, men først var me innom ein meksikansk restaurant og åt kjempegod lunsj, nachos med oksekjøtt og fajitas med kylling.

image

HC Andersen har eg eit sterkt og spesielt forhold til. Eg trur eg torer å seia at han stod for mi første store litterære oppleving. Til jul det året eg var fire eller fem år, fekk eg ei blå eventyrbok med HC Andersen sine eventyr. Far las for meg om kveldane, eg hugsar at me låg på magen på golvteppet og las. Aller mest elska eg eventyret om «De ville svaner» i all si gru, men det gjekk og herleg kaldt nedover ryggen min når han las om reisekameraten som eigentleg viste seg å vera ein død mann, og om Lilleklaus som lokka Storeklaus til å drepa bestemor si for å selgja henne på torget. Ei venninne sa til mor i mitt påhøyr at ho ikkje trudde HC Andersen passa for så små barn, eg var livredd at ho skulle høyra på det etter mitt syn uforståelege rådet, men heldigvis vart ikkje privilegiet inndrege.

image

Eg likte og godt det om tinnsoldaten som forelska seg i ballerinaen med tyllskjørtet og via magen på ein fisk ende i same flammen som henne og vart til eit tinnhjarte.  Etterpå har eg lese HC Andersen eventyr for både ungane og elevane mine, men det som har gjort at eg vart verkeleg godt kjend med han var 200 årsjubileet for fødselen hans, då laga eg og Jan Ivar eit stykke som heitte «Rose og nattergal» som var utdrag frå ulike eventyr og fortelkingar, som me sette opp med dramaelevane våre. Av ein eller annan grunn fekk me blod på tann og laga forestillinga «Raude sko- Ei reise gjennom HC Andersen sitt liv og diktning.» Det vart ei meir enn seksti minutts forestilling som eg og han spelte som forteljarteater. Rammeforteljinga var at han var eventyraren frå «Den flyvende koffert», og eg var dronninga i «Prinsessa på erten», me var dømde til evig liv og reiste derfor rundt og fortalde om HC Andersen og eventyra hans. Stykket begynnar me at me kjem for seint til toget. Me fortel då historia om mennesket HC Andersen, og i tillegg har me med tre av eventyra hans. Me går ut og inn av rollar og vekslar mellom forteljing og teater.

Medan me laga forestillinga, las me alt me kom over av biografiar om HC Andersen. Det var både hjarteskjerande og provoserande. Me fulgte han gjennom ein tøff barndom i fattigdom med ei alkoholisert mor og fulgte han då han tretten år gammal reiste til København heilt aleine med målet å bli berømt dansar og skodespelar. Han bar nok preg av denne barndomen heile livet, og hadde ikkje alltid så lett for å forhalda seg til andre menneske alltid. Som Jan Ivar sa; eg sluttar nesten å lika fyren. Men eg vil påstå at etterkvart vart me glade i han igjen, og for meg har han blitt ein stor kunstnar med mange såre og litt merkelege menneskelege trekk. Han var hypokondar, noko fleire av oss kan kjenna seg litt igjen i… Det blir fortald at han ofte la ein lapp på nattbordet før han la seg til å sova der det stod fylgjande tekst: «Eg er bare skinndød». Han hadde nemleg ein ide om at nokon kunne finna han død om morgonen og begrava han, og så var han kanskje bare skinndød og vakna opp att i kista. Til hans forsvar kan eg fortelja at eg av eigen erfaring veit at det ikkje er bare enkelt å ha ein veldig velutvikla fantasi. Eg var sjølv redd for å bli levande begravd, fordi Morten i nabohuset hadde fortald at dei ofte fann kloremerker på innsida av kistelok viss dei grov dei opp att. Korfor nokon skulle grava opp att kister, seier ikkje soga noko om…

image

I alle fall var det litt som å besøkja ein gammal venn då eg gjekk omkring på HC Andersen- museet, som er nytt og veldig fint. Me reiste rundt med forestillinga i sjetteklassane i kommunen i fem vintrar trur eg, og den sjette vinteren spelte me for pensjonistane i kommunen, så manuset kom skikkeleg inn under huda. Eg trur me kunne teke det veldig fort opp att viss me prøvde på det.

Etter museumsbesøket skilde me lag. Leif hadde lyst til å jogga ein tur, og eg ville gjerne kikka litt i dei koselege handlegatene. Etter det eg har skrive dei siste to dagane, torer eg mest ikkje fortelja kva eg kjøpte i dag… eg kjøpte julepynt…. Det var så fint sett fram diverse julesaker på tilbod i eit par butikkar at eg nesten kom i julestemning…. Det må vera ein dansk tradisjon det å selja juelpynt til halv pris i midten av oktober. Det eg ikkje fann i dei to bokhandlane eg var inne i, var diktbøker. Er det ingen som kjøper lyrikk lenger? Det ser ikkje slik ut… Eg spurde riktig nok ikkje heller, for eg såg for meg at då måtte dei henta ei stor gardintrapp og gjera seg veldig umak med å henta ned diktsamlingar frå ei gøymd hylle oppe under taket, og då vart det litt flautt viss eg ikkje fann noko eg ville kjøpa.

Derimot har eg kjøpt meg nye raude vintersko. Duckfeet, eit merke som eg haldt på å kjøpa på nettet for nokre år sidan. Skorne har akkurat den fasongen som namnet skulle tilseia, og dessverre harmonerer det veldig godt med fasongen på dei medfødte føtene mine. Ein kvar normalt smal sko vil ha same effekten på mine breie tær som ein veldig spiss sko på ein normal fot… Dei kjennest vidunderleg gode ut på føtene, er dyre, og er ganske koselege, om ikkje direkte elegante… Ekspeditøren sa at «De koster rigtignok lidt, men så varer de til gengeld i hundrede år». Det høyrest bra ut. Eg likar sko som varer i hundre år.

image

Og så liker eg den måten danskane syklar på. Dei syklar på damesyklar med låge sete og korg på styret. Så sit dei oppreiste og syklar akkurat som meg. Eg har aldri fått heilt dreisen på den norske sykkelmåten der ein har kondomdress og sykkelsko og ligg langflate over bukkestyret sjølv om ein bare skal til butikken og kjøpa ost og knekkebrød. Når eg er i Danmark og Amsterdam og sånn, så forstår eg at eg er ikkje ei gammaldags pyse på sykkelen min, eg er bare kontinental…

Nå skal me ut og sjekka nattelivet i Odense…

Heidi

Naturtur til Rømø og harrytur til Tyskland

image

Etter å ha forlatt Ribe, sette me gps-en på Rømø. Det fine med Danmark er at ingenting er langt vekke, så det tok ikkje lang tid før me kom til Rømø-diket. Me trudde at det gjekk ei bru over til Rømø, men det viste seg at vegen gjekk over ein slags sanddemning. I dette området er det veldig stor forskjell på flo og fjøre, og det er tilhaldsstad for mange vadefuglar. Det gjekk an å stansa bilen fleire stadar ute på diket for å fotografera og for å gå ned til strandlinja og sjå. Me såg mange hegrer, og eg trur me såg traner og, men det siste er eg ikkje heilt sikker på.

image

Med jamne mellomrom var det slike rekkjer av stolpar frå demningen og utover i havet. Eg veit ikkje heilt kva funksjon dei hadde. Langs demningen beitta det sauer, og me såg den største fugleflokken eg trur eg har sett driva med flygeøvingar. Det kunne sjå ut som om det kanskje var titusen fuglar i flokken, og dei var som ei stor  svart sky over himmelen.

image

Sjølve øya Rømø var ikkje stor. Det var fine sykkelstiar der, og det såg kjekt ut å sykla. I havna låg detei ferge som gjekk til den tyske øya Sylt som ligg like ved.  Me vurderte litt å ta ein tur til Sylt, ,men droppa det sidan det var ganske dyrtk og dessutan ventetid med ferga. Etterpå såg eg eit heilt magasin i ein butikk som handla om Sylt, og då angra deg nesten litt, for det såg så fint ut der, men me får ha det til gode. Nede på stranda i sørenden av øya, var sanden hardpakka. Der var det mange som dreiv med «bil-kiting», det vil seia at dei kjørde rundt i små bilar med segl og vinden dreiv dei framover, det var og store mengdar med folk som sende opp dragar i ulike storleikar og fargar. Det såg ut til å vera utruleg langgrunt der. Det var nok skikkeleg fjøresjø då me var der, og vatnet såg bare ut til å liggja eit par desimeter over sandbotnen så langt me kunne sjå. Ein mann vassa langt, langt ut, men vatnet rakk han ikkje lenger enn til knea.

Sidan me nå var veldig nære Tyskland, fekk me lyst på ein svipptur over grensa. Me kom til eit kjøpesenter som tydelegvis hadde skandinaviske turistar som hovudmålgruppe. Folk kom trillande ut med «pallevis» av ølboksar, og som seg hør og bør var det ein stor pornobutikk der. Det var nesten som å koma til Svinesund… Eg hadde eit håp om å finna yndlingshårshampoen min, som er forferdeleg dyr i Norge, men eg fann han ikkje og, det fekk bli ein annan type. som eg håpar er i det minste heilt grei. Den store overraskinga var at og på kjøpesenteret så var alt gjort klart for jula. Eg trudde mest ikkje mine eigne auger, eg truddde julepynten på Brugsen i går var ein raritet, men her og var det masse juleting utstilde rett innanfor inngangen. Ein kunne for eksempel velgja i store mengdar juletrepynt. Som du ser under så er det in med både gule andungar og rosa cupcakes på juletreet, så me er nok litt konservative i heimen, ser det ut til. Eit av dei julekuppa du kunne få med deg var ein ståande elg i julenissedrakt, omtrent like høg som ein tiåring. Dersom du trykte på ein knapp ein eller annan plass, så spelte og song han «Walking in a winterwonderland». Ein kunne og få kjøpt peparkakeformer i alle tenkjelege og utenkjelege fasongar. Det verste er at eg angrar litt på at eg ikkje kjøpte former som kunne laga små lam, g-nøklar, piggsvin og hundar. Det er nesten litt flautt å skriva det, men eg er heilt vill etter peparkakeformer. Eg trur ein eg deler bu med kasta ein del av dei då me renoverte kjøkkenet, fordi han ikkje såg hensikten i at dei tok opp så mykje plass når eg brukte dei ein gong i året…

image

Det var lyskjeder med blinkande julenissar, og det var enorme mengder adventkalenderar. Ein av dei vart marknadsførd som kalendaren til far, der låg det ulike typer små drammeflasker bak lukene…

image

Her er det ulike sjokoladekalendarar. Kanskje eg burde ha kjøpt til mine vaksne barn, men for meg er det uendeleg lenge til jul…

Etter turen til Tyskland, vart det litt langt å kjøra heilt til Odense slik me opprinneleg hadde tenkt. Det ende med at me stoppa i ein liten by heilt sør på Jylland, som heiter Sønderborg. For meg kunne me gjerne kjørt lenger, for eg elskar å sitja i bilen og sjå landskapet susa forbi. Dessutan hadde me ei veldig fin lydbok å lytta til. «Norwegian wood» av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Eg anbefalar boka på det varmaste. Likevel måtte eg respektera at sjåføren min syntest han hadde kjørt langt nok for i dag. Me kom fram til Sønderborg i sjutida og til min forbauselse så hadde det allereie begynt å mørkna. Er me verkeleg kome så langt på hausten utan at eg har lagt merke til det?

Det var ein koseleg by, sjølv om gågata var nokså tom etter at butikkane var stengde. Det var mange restaurantar og små kafear å velga mellom. Det merkelege var at då me skulle lesa menyen på utsida av to av kafeane, så viste det seg at det me trudde var meny var ein meny for kva dei skulle servera når dei snart skulle begynna med julefrokost… Er verda gått heilt av hengslene, me er jo bare litt over ei veke inne i oktober? TIl slutt valde me ein liten italiensk restaurant. Eg åt deilig torsk med sjampinjong og aspargessaus, kokte gulrøter, steikte grønsakar og kokt ris. Kjærasten min åt skalldyrpizza med heile blåskjell. Begge deler var veldig godt. Før maten fekk me små flate brød og kvitløkssmør. Det var kjempegodt.

image

Etterpå sleit me litt med å finna vegen tilbake til hotellet, og ikkje hugsa me namnet på gata eller på hotellet, men heldigvis låg opplysningane på mobil gps-en så me fann fram etterkvart. Hotellet i kveld er eit lite familiehotell, langt enklare og billigare enn det i går. Det første hotellet me sjekka ut såg ut som eit kvitt slott, men det var dobbelt så dyrt som dette. Me får klara oss utan hotelltøfler i kveld, og det er ganske lytt mellom roma, men heilt greitt. Den søte vertinna, som såg litt trøytt ut sa at me ikkje trong stå opp grytidleg for å få morgenmad.

Nå høyrest det ut som om huset har gått til ro. Klokka er ti på halv to og reisekameraten min har sove i meir enn to timar, men så var han då og på morgontur i Ribe før eg vakna i dag tidleg…

Eg får kanskje prøva å posta dette, og krypa under dyna eg og. Internett svikta meg slik at eg vart sitjande kjempelenge og plundra fordi eg ikkje hadde lyst til å mista teksten. I morgon ber det til HC Andersen- land om alt går som me har tenkt.

Heidi