Me fann ut at me på ingen måte kunne reisa frå Ribe før me hadde vore inne i domkyrkja. Eg er veldig glad for at me tok oss tid til det. Det var ei fantastisk kyrkje. Den einaste fireskipskyrkja i Skandinavia fortalde guiden. Kyrkja var stappfull av historie og veldig gammal. På åttitalet måtte dei grava ut grunnen under kyrkja fordi ho hadde begynt å skli i frå einannan. Dei fjerna då tolv lag med begravde kister, og fylde på med sement, så nå skulle ho stå støtt. Det dei fann av levningar vart begravd på ein kyrkjegard, og messingbeslaga på dei mest fornemme kistene vart hengde opp inne i kyrkja.
Salmediktaren Brorson var biskop der i ein del år, og bispekåpa hans blir framleis brukt i heilt spesielle anledningar. Fram til reformasjonen var det lov å ha med seg hundar til gudsteneste, og ein mann hadde den tenesta under gudstenestene at han gjekk rundt med ein stokk for å få gøyande hundar til å tia stille. Fotografen eg reiser omkring med ville opp i tårnet for å ta oversiktsfoto over Ribe, eg er ikkje heilt komfortabel med lange bratte trapper opp til høge bratte tårn, så eg hekta meg i staden på ei guida gruppe inne i kyrkja. Dei viste seg å vera svenske konservatorar. Om det førde til at guidinga vart ekstra grundig veit eg ikkje, men det er ein fryd å høyra ein skikkeleg flink guide. Han fortalde så bra at eg trur nesten at eg hadde kunne guida ein skuleklasse sjølv etterpå. Eg kunne faktisk tenkt meg å jobba som guide på eit kunstmuseum eller noko slikt. Så lenge det ikkje inneber å finna fram utandørs, så er eg heilt klar.
Det litt morsomme var at kunsten i kyrkja varierte frå eldgamle eksempel på treskjeringsarbeid, middelaldermaleri og eit ganske modernistisk formspråk. Framme i koret i hovudallteret var det ein serie moderne bilete av kunstnaren Carl Henning Pedersen, laga i 1987, som danna ei slags moderne altertavle. Motivet over er eit av dei som visar profetien i frå Første Mosebok om at kvinna skal føda barn i smerte, slangen skal hogga henne i hælen, men ho skal knusa hovudet hans under foten sin.
Messehaglane, som hang utstilde i kyrkja var og overraskande moderne utforma til bruk i ei kyrkje som vart bygd i mellomalderen. Her er den grøne.
Og her er den raude. Dei er laga etter motiv i Brorson sine salmer. Den raude symboliserer ei rose.
Etter domkyrkja leita me oss fram til bakeriet Jane hadde anbefalt og kjøpte med oss lunsj. Eg har sjeldan sett så mange ulike typar lekre kaker, men me var fornuftige og haldt oss til ciabattabrød og flutes med egg og reker. Eg lurer på korleis dei klarer å berekna kor mange kaker dei skal selgja kvar dag, sidan utvalet er så enormt. Får håpa overskotet havnar på ein gamleheim eller i fryseboksen til dei ansatte og ikkje i ein stor søppelkontainar. Utanfor bakeriet møtte eg tre franske bulldoggar. Den eine såg ut akkurat som ein mops, men med øyrer som ein fransk bulldog, eg spurde eigaren om det var ein blanding av desse rasane, men han sa at det var ein reinrasa bulldog. Er det blitt noko litt gale med oss når me nesten spring etter hundeeigarar på gata? Litt seinare på dagen såg me to tyske mopsar bli løfta inn i bagasjeromet på ein bil, og me kunne ikkje dy oss frå å gå bort og helsa på dei og eigarane…
Eg hadde tenkt å laga eit lengre innlegg, men eg ser at det blir vanskeleg å behandla så lange tekstar med foto innimellom, så eg skriv heller ein tekst til. Fortsetjing fylgjer…
Heidi
Slik ser Ribe ut i morgonlyset. Er det ikkje ein nydeleg by? Eg må innrømma at eg ikkje var der då biletet vart teke, dei hadde veldig gode senger her på hotellet…
Då Leif fylde femti år, haldt Odd Christian tale, og sa at han i vaksen alder hadde forstått at overnattingane var den staden me kneip inn pengar på feriebudsjettet. Det er heilt sikkert sant. Då me i si tid reiste rundt i Europa med ein caravelle full av halvskitne glade ungar, overnatta me delvis i lavvo, delvis på sovesalar på ungdomsherberge og delvis på veldig billige hotell. Me er derfor ikkje veldig bortskjemde i hotellvegen, og let oss fort imponera over behagelege senger, tjukke badehandkle og ventande tøfler. Det siste opplevde me for første gongen her på hotell Dagmar, men me har så langt ikkje teke dei i bruk, og om ein halvtime sjekkar me ut.
Frokostsalen var gammal og fin. Då eg såg «drammebordet», forstod eg at nå var eg i Danmark. På sida av drammen var det eit glasskap med «Folkeskolens sangbog i tilfelle me skulle få lyst til å synga salmar til Drammen. Som den gode sørvestlending eg er starta eg ikkje dagen med ein «Morgenbitter», det gjorde heller ikkje sjåføren min.
I frokostsalen var det dannet stemning. Dei fleste gjestene såg ut til å vera ektepar på vår alder eller eldre. Konversasjonen var låg og mest ikkje til å høyra for dei av oss som liker å ta inn hørselsinntrykk til frokosten… Men eg høyrde dei diskuterte litteratur på eit av naboborda. Og så var det sjølvsagt aviser til frokosten. Det er jo spennande å lesa kva danskane skriv om Norge etter stortingsvalet. I følge denne avisa skal me få billigare spiritus, og det skal blive sjovere at være nordman…
Frokosten var forresten veldig god, utvalet var ikkje kjempestort, men bestod av veldig gode ting, det var masse frukt, ferskt brød, dansk rugbrød, kjøttpålegg, gode ostar og masse frukt.
Giv mig i dag mit brød at smørre
mykt og varmt skal smørrets solskin
møde brødets dybe mørke.
Det er disse ting vi lever af,
gult smør,
svart brød
og kærlighet
Benny Andersen (Sitert etter minnet)
Nå skal me få med oss Ribe domkirke før me reiser vidare. Jane har anbefalt meg å stikka innom eit lite bageri like ved domkirka før me reiser vidare, så det må me prøva å finna.
Heilt til slutt i dag eit lite sitat frå «Den indre rytmen», som er den åndelige treningsboka vår for tida. Dette synest eg er klokt sagt:
Et elsket menneske vil elske, og et menneske som får omsorg viser omsorg.
Utfordringen er ikke å prøve å elske andre mennesker, men å finne en indre kilde man kan øse kjærlighet fra.
Charles Ringma.
Nå er det rydding og utsjekk, så får me se kor bilhjula trillar hen i dag.
Heidi
Eg trur aldri før eg har vore i Danmark på denne årstida. Eg har vore i København eit par gonger vinterstid, men på Jylland har eg viss bare vore om sommaren. Likevel er det alltid litt som å koma heim når eg kjem til Danmark, eg trur eit hjørne av sjela mi må vera dansk statsborgar. Me hadde bestemt oss for å bruka dagen og vegen som det fall oss inn, og etter ein god frokost på danskebåten klokka seks, hadde me verkeleg ganske mykje dag å ta av då me kjørde i land. Fargene i naturen var heilt fantastiske, endå sterkare og finare enn heime på Jæren.
Me bestemde oss for å kjøra ytterste vestkysten av Jylland, så langt ut mot havet me kunne koma. Me fann ein veg som delvis gjekk heilt ute i havgapet, og på grunn av litt snirklete fjordar kjørde me nokre strekningar med hav på begge sider av oss. Vegen gjekk delvis gjennom eit våtmarksområde med veldig mykje sjøfugl. For hundre år sidan prøvde dei å drenera dette området for å kunna dyrka jorda, men heldigvis gjekk det ikkje, for her hekkar det mange sjeldne fuglar akkurat som på Jæren. Me såg masse fuglar og. Fuglane er tydelegvis i ferd med å flokka seg for å «ta te vett og flyg mot sør,» som det står i songen. Eg såg og fleire store flokkar av det som må ha vore grågås i plogformasjon over himmelen, me såg mange svaner, og store mengdar av ein svart fugl som eg trur må ha vore skarv, men eg kom ikkje nær nok til å sjå det skikkeleg.
Landskapet er omtrent like forblåst som det er heime, noko som viser på ein ganske sjarmerande måte på trea.
Me fann ein stad ytterst mot havet som heitte Harboeør eller Harboøre, eg såg begge stavemåtane, dit måtte me sjølvsagt dra… Me fekk oss ein fergetur med ei lita dansk ferge der bilane stod på midten og det var «fergely» på begge sider for folk som ville sjå utover sjøen, men ikkje frysa i vinden. Det eine var framleis for røykjarar, så dei har nok litt betre kår her enn heime i Norge.
Langs vegen var det mange småbyar, som nok er veldig sommarplassar for badeturistar. Den eine staden me stansa for å kjøpa oss lunsj var alle butikkar, restaurantar og butikkar stengde. Det einaste som haldt ope var den lokale «Brugsen». Me var dei einaste kundane der, og vareutvalet var heller beskjedent. Dagens tilbod var at det i inngangspartiet stod store korger med julepynt til halv pris… Men me fekk kjøpt ferske rundstykke, ost og «Kurvand med brus og citron», så me var godt fornøgde.
Det var ein verkeleg vakker biltur me hadde, men då ettermiddagen nærma seg fann me ut at me ville litt inn i landet att. Me bestemte oss for å kjøra til Ribe, som me har vore innom før, og som me hugsa som ein veldig fin by. Me er nå innlosjerte på eit veldig gammalt og veldig koseleg hotell midt i sentrum, hotell Dagmar. Hotellet er oppkalt etter dronning Dagmar som døde i Ribe på 1200-talet. Huset ser ut som det er nesten like gammalt. Golva i alle etasjane er skikkeleg skeive, men romma er koselege.
Utsikten frå vindauget er og fin:
Og byen er veldig triveleg. Me har vore på ei lita byvandring og ete buffet på ein kinarestaurant. Nå har me landa på romet med dei skeive golva og slik ein av og til gjer etter ei natt på båt og litt lite søvn, sit eg her og føler at eg er i sjøgang. Danskebåten som gjekk frå Stavanger til Hirtshals var stor og fin, og livet på danskebåten er alltid eit studie verd. I timen før midnatt var me på «dansebandkonsert» med fire svenske ungdomar som såg ut til å vera på Sunniva og Halvard sin alder. Den eine gjorde ein Mika-låt så suverent at skeptikaren eg hadde med meg mistenkte dei for bare å mima etter ferdig musikk, men nei då, klart dei song. Ei gruppe menneske med psykisk utviklingshemning var på båten og viste slik danseglede at det var til å bli varm om hjartet av. Eg vart oppbuden to gonger, først av ein utviklingshemma mann og så av ein overstadig berusa eldre mann. Eg kunne vel unna dei begge at nokon svarte ja, men denne gongen feiga eg ut. Eg var ikkje klar for veldig utagerande oppvisningsdans. Det vart ei relativt kort natt, så det blir nok ein tidleg kveld. I morgon har me tenkt oss til Odense viss det ikkje dukkar opp nye og spontane idear.
Helsing Heidi som elskar å leika reisereportar og ikkje alltid kjenner begrensningskunsten.
Eg vakna til lyden av handverkarar. Dei platene me bestilde til å ha over vasken og komfyren ein gong i august, kom av ulike grunnar først i dag. Dei viste seg å vera mykje meir intenst blå enn me hadde sett for oss… Det er dette med å læra at ein farge som ser akkurat passe ut på eit lite ark blir noko heilt anna over store flater. Me venner oss vel til det, eller så går det å skifta fargefolien…
Den eine brillestanga løsna og datt av, og eg oppdaga at eg mangla ei lita skrue. Servisen hos optikaren var upåklageleg. Dei hadde ikkje så små skruer, men sidan eg skulle ut og reisa seinare i dag, så skrudde dei ut skrua frå ei identisk innfatning og fiksa det gratis for meg. Eg blir så glad når nokon strekkjer seg litt lenger for å hjelpa. Eg var innom butikken i Stavanger med dei lilla støvlettane som rett og slett var for store. Eg prøvde å prakka dei på Ingrid, men til ingen nytte. Sidan dei var kjøpt på halv pris fekk eg ikkje pengane tilbake, men eg fekk ein tilgodelapp som må brukast innan eit år. Det er heilt greitt. Eg må bare hugsa kor han ligg, og hugsa å få brukt han.
Me har vore utan internett heilt til nå fordi nokon hadde sett på ein brann i ein eller annan fiberboks. Nettet forsvann i natt mellom eitt og to då eg sat og skreiv Kanskje det var like bra, for i dag har eg blitt nesten heilt ferdig med tredje utkast av diktsamlinga mi. Eg tek det med til Danmark og ser på det der. Og til eventuelle innbrotstjuavar: Det kjem til å vera folk i huset her heile tida medan me er borte. Folk og katt og kanskje til og med ein mops innimellom… Eg høyrer nemleg at nokon irriterar seg over at folk skriv det på internett når dei reiser på ferie…
Nei, nå må eg begynna å pakka, me skal kjøra om ein time, og så sant det let seg gjera kjem eg tilbake snart med reisebrev frå Danmark.
Heidi
Eg trur at mange av oss ikkje-katolikkar og har ein fascinasjon for paven. For nokre år sidan var eg i Roma med tre gode venninner. Eg innrømmar at det hadde vore veldig stort om me tilfeldigvis støtte på paven. Det var eit rom i Peterskyrkja der ein kunne gå inn for å be. Der var det så vidt eg kan hugsa mellom anna munkar og nonner i bøn. Eg hugsar at eg lurte på om paven nokon gong gjekk «fritt» i Peterskyrkja, eller om han bare kunne bevega seg med store oppbod sikkerheitsvakter med skotsikre vestar. Kvar julaftan er det eit slags rituale for meg å sjå på midnattsmessa frå Roma og kjenna at julefreden har senka seg etter ein alltid travel sisteinnspurt og alltid travel julekveld.
Den siste paven i rekkja, pave Frans, har imponert meg og gitt meg håp om at den store mektige kyrkja skal bøya seg ned og omfavna det som er svakt, fattig, skjelvande og utan makt. Eg har høyrd ei historie som går ut på at det er tradisjon at paven kvar skjertorsdag vaskar føtene til kardinalar. Historia seier at pave Frans ikkje ville nøya seg med kardinalføter, han bad om å bli køyrd til eit fengsel der han ville vaska føtene på nokre av dei innsette. Det seier seg sjølv at ein ikkje snur opp ned på premissene for pavedømet på ei vekes tid, men eg trur at pave Frans sine haldningar til maktstrukturer og til fattigdom kan ha ein viss symbolverdi. Bare det at han som den første paven har teke namnet Frans eller Franciscus etter Frans av Assissi, Guds vesle fattige, som sa frå seg rikdomen sin for å gifta seg med «Fru Fattigdom», er eit bodskap i seg sjølv. Tida vil visa korleis ting utviklar seg, men det må vera lov til å ropa «Heia Frans» for å vera uærbødig og ærbødig på same tida.
Grunnen til at eg kjem med mine pavetankar akkurat nå, er at eg sit med debutboka til Gro Dahle i hendene mine. Den flotte sprudlande dama med musehalane som me kjenner frå fargesterke biletbøker debuterte med ei lyrikksamling tjuefem år gammal. Frå omslaget smiler ho underfundig med håret samla i stram hestehale. Av alle ting har ho vald å laga tekstar der ho mellom anna funderer fritt og kreativt over korleis det mon tru må vera å vera pave. Sjølv om dette er ei diktbok for vaksne, så må eg seia at eg anar konturane av barnebokforfattaren ho snart skulle koma til å bli. Kanskje nokre vil lura på korfor i all verda ho valde å skriva leikande dikt om paven. Eg veit det ikkje, men eg liker dikta. Eg trur ho har inspirert meg til å skriva nokre av dei meir leikne dikta mine. Når eg gav ut den første diktsamlinga, omtrent like gammal som henne, og omtrent på same tida, så var eg nok litt meir seriøs og litt meir redd for å tulla. Eg har skifta litt meining sånn etterkvart… Her er nokre dikt frå diktsamlinga «Audiens».
Kardinalen henter
sin røde hatt
hos paven
Han tar den lange veien over
og banker på ved vatikanet
der paven hilser han med åpen hånd
Paven har et lite lager
slike hatter
og finner fram
en passe stor
til kardinalen
som prøver den
og nikker
Etterpå
når de tar turen rundt
viser paven dyrene til kardinalen
men kardinalen tenker mest på hatten
og hører ikke ordentlig etter
Da blunker paven lurt til hunden
og hunden smiler skjevt tilbake
*
Paven kaller søstrene til seg
Da kommer de
med flagrende føtter
hvite og lette som små høner
De sitter rundt paven
på røde puter
og tar hverandre i hendene
mens paven forteller
Han ber dem lytte til hunden
og sove med en stripete katt
på magen
*
Når paven blir trett
tar han tøflene av
og tasser med føttene
små hvite puter
over marmor og teppe
bort til senga
Ruller seg innunder laken
ruller seg godt innunder
laken og teppe
Krøller seg sammen
med den store katten
inntil den store
brunstripete katten
Og han får sove
nesten
med en gang
Gro Dahle
Det er vel mest sannsynleg at debutsamlinga til Gro Dahle aldri nådde vatikanet, men det er då tekstar til å bli i godt humør av?
Og kven veit korleis det eigentleg er å vera pave…
Heidi
Av og til er det detaljane som gjer mest inntrykk i ei sundagsgudsteneste. Som at presten lar vera å bruka preikestolen og plutseleg syng ein song for oss. At presten går ned på huk for å velsigna eit barn som er med fram til nattverdduken. Å sjå henne med ortodoks bakgrunn pakka opp blondesjalet for å dekka til hovudet med stort alvor før nattverden, at småknisande konfirmantar vennleg blir slepte fram i nattverdkøen. At altaret plutseleg er pynta med paprika og tomatar i staden for blomar, at dåpsbarnet lyfter hovudet og smiler så strålande ut i salen at det går ein lågmælt og befriande lått gjennom kyrkjeromet. For gudstenesta er meir enn ord. Mykje meir enn ord, faktisk, men det hender me gløymer det.
Det er ganske fint å ha kyrkjebesøk som ein del av dei rutinane som er med å støtta opp eit liv. Det er ikkje nødvendig å vurdera om ein skal dit og ein treng ikkje sitja der og lura på om ein skulle ha vore ein annan plass. Det er i grunnen ganske fint å tru at ein høyrer til ein plass på same måten som ein høyrer til i ein familie og på ein arbeidsplass.
I dag song me bare gamle velbrukte salmer. Halvparten av dei minst hadde eg pugga utanåt då eg gjekk på skulen, for så lenge sidan er det at eg gjekk der at dei framleis dreiv med slikt. Eg ser det faktisk for meg at me stod der med største sjølvfølge og song før dagen starta og før me gjekk heim: «Så ta da mine hender og før meg frem» eller «Skriv deg Jesus på mitt hjerte, du min konge og min Gud, at ei lyst ei heller smerte deg formår å slette ut.» Eg går ut frå at me bare halvvegs forstod kva me song, men det var kanskje nok? Men som sagt, i dag var eg faktisk tilbake i klasseromet mitt på barneskulen, det var i grunnen uventa at det plutseleg skulle dukka opp så sterkt.
Gene Dalby blir kalla «Punk-poet». Han er og omtrent på min alder, og har vore ein stemme som er blitt lagt merke til av dei som les lyrikk. Det han skriv er ein totalt annleis sjanger enn salmer, trur eg ein kan seia, derfor kan dette passa greitt i lag. For slik er det jo å leva. Me vassar i totalt ulike stimuli som taler til oss på kvart sitt språk. Orda hans seier meg noko, akkurat som dei gamle salmene gjer det.
Observasjon underveis
På en reise. Sa jeg om landskapet At det
skiftet karakter Jeg tok feil Landskapet
skiftet ikke karakter Det var reisen
Gene Dalby
*
Blått tømmer
Jeg holder ditt ansikt i mine hender Mot mine
fingerupper føler jeg dine øynes ømme puls
Ser avtrykkene av mine fingre som årringer av
blått tømmer
Gene Dalby
*
Tredje natt
Er det bare du som har hud? Er det bare jeg
som har øyne
Gene Dalby
***
Eit anna sterkt inntrykk frå det siste døgnet er Jan Ivar som står på eit stillas på scenen i Storstova og et sjokolade medan han pakkar overkroppen sin inn i Glad-pack. Det er faktisk ein av dei scenane som verkeleg rørte meg i forestillinga «I blanke messingen», kanskje fordi ein får lyst til å le og gråta på same tida. Det er fleire forestillingar og framleis billettar å få kjøpt.
Ha ein god sundag.
Heidi

























