Han spelar på kosteskaft, balje og snøre. Han trampar takten med den eine foten og har vindjakka godt snørt. Kompisen hans spelar gitar. Ho som kanskje er jenta til ein av dei, står med skjerfet som eit stort badehandkle rundt hovudet og syng franske songar. Folk stansar opp, klappar, kjøper ei plate frå sjølvbeteningskassa eller legg ein tiar nedi gitarkassen. Etter ei stund går songerane over til Cohen med københavnsk aksent.
«Touch me with your naked hand, or touch me with your glove. Dance me to the end of love.»
*
Ein dansk serveringsstad laurdag ettermiddag. Ei brun københavnarkneipe med svart rugbrød, smilande gult smør og lysande eggeplommeauge med rusete dillkvastar, rosa laks, majones og kaviar. Utanfor sel dei softis i ein kiosk. Det er vel bare i Danmark ein kan kjøpa soft-ice med flødeskum, jordbær, guf og sjokoladebolle i.
På brua står det ein mann og spelar saksofon. Eg prøver å fotografera syklar i Pistolstrædet utan å få fet helt til, medan me karusellane i Tivoli summar vemodig muntert over byen og nokon luftar mopsane sine i band. Dei går der på ei rekke etterkvarandre med stolte småsure mopseansikt og halane krølla dobbelt bakerst på ryggen.
*
Uteservering i Nyhavn sundag føremiddag, innepakka i ullteppe i den vasskalde trekken med varm te og dansk tallerken med rugbrød, sild og dansk ost. Ei fiskeskøyte lagar dunkelydar nede ved kaia, og på eit skilt står oppfordringa: «Forkæl dig selv med preskaffe og husets nybakte». Sundagskledde menneske med vinterfrakkar, barnevogner og lange kåper promenerer langs kaia.
I ein kjellar sel dei brukte bøker. Eg kjøper tre stykker til til saman femten kroner, og om eg vil kan eg bli bydd ein boks øl som står der i ei pappøskje for kundane. Mannen i den oransje genseren seier at kunstnaren i kunstboka eg kjøpte er hans oldefar. Utanfor serverer mor hans potetgull frå ei plastskål, og viser meg bileta som svigerbestefaren han malt. Ho fortel at ho har undervist i mandolinspel i både Stavanger og Haugesund, og kjenner godt til vår del av Norge.
Først seint på kvelden går me tilbake, arm i arm gjennom den lyse aprilkvelden, og finn snart ut om saxofonmannen framleis står der. Rå grå skodde kjem sigande inn i byen og pakkar seg kring oss vandrande. Me rører ved livet med fingertuppar og kinn, og skålar for alt som ikkje kan setjast ord på.
Heidi
-Du veit kva for ein dag det er i dag?
-Ja, visst, veit eg det.
-Du veit kva du alltid gjer i mai?
-Ja, det veit eg, men alt treng ikkje vera likt alltid?
-Nei, men det er jo synd å bryta tradisjonen, dokumentasjonsprosjektet ditt, veit du…
-Meiner du at eg skal bestemma meg for å skriva blogg kvar einaste dag, slik eg har gjort dei siste seks åra eller noko slikt?
-Ja, det ville jo vera synd å gje slepp på det prosjektet, nå når du er så godt i gang…
-Ja, men eg har så mykje eg skulle ha skrive før eg startar på ein maiblogg… Eg har ikkje ein gong jobba vidare med tekstane frå Kjøbenhavn…
-Nei, så start der då.
-Men eg veit ikkje om eg klarer å fylgja opp å skriva ein tekst kvar einaste dag i heile mai månad?
-Du kan jo starta med i dag…
-Då ville eg hatt eit bilete, og eg klarer ikkje å lasta opp av ein eller annan grunn…
– Ta det koffertbiletet frå ryddinga i Fagertunveien, det passar godt på dette året…
– Ok så gjer eg vel det då…
Og så startar eg på ein maiblogg frå landet der våren er sein i år. Så sein som eg aldri kan hugsa at våren har vore før, men nå blir det nok snart fart på det. Såg eg ikkje noko som kunne likna på ei spirande påskelilje i bedet i går? Og visst er mai ein månad der det meste skjer. Status i dag er ein onkel som er utskriven frå sjukehuset og er tilbake på sjukehuset, og ei nittiseks år gammal farmor som ligg på sjukehus med hjerteinfarkt og infeksjonar. Måtte alle gode ting skje.
Eg skriv tekstar til boka frå skrivekurset og jobbar med nær foreståande dramaforestillingar. Eg har hatt ei fantastisk helg i Kjøbenhavn og ei minst like fin helg på Hamar, så kor begynner eg. Akkurat her, kanskje, med dette og litt til… Kanskje det blir ein Kjøbenhavntekst og før eg gir meg…
Eg har lagt auga mine på ei bok om ulike meditasjonsformer innan kristen meditasjon og starta på å strikka ein babyjakke i babyalpakka og silke. Eg trur me tar det derifrå.
Heidi
Stundom,
når eg leiter etter veg
finn eg dei,
små piler i grusen,
som skeivt smilande
viser kor eg skal gå.
*
Andre gonger
blir eg ståande,
ventande til ingen nytte,
før eg diltar vidare
som best eg kan.
*
Så plutseleg,
når hovudet er fullt
av alt anna,
ligg det
heilt utan førevarsel
ei kvit pil
i graset der eg skal trø.
*
Ein og annan gongen
sit det til og med
ein måke på eit tak
og blunkar lurt til meg
med hovud og nebb
i den leia eg skal.
Heidi
Plutseleg bur me i «et veldig møblert hjem». Me har til dømes eit piano i kvar etasje. Dette pianoet har Halvard arva etter farfaren sin, og han kosar seg med å spela på det nede i kjellarstova. Han seier at han liker lyden i det, og det er jo bra. Sjølv er eg mest fornøgd med at me fekk det med oss dei meir enn femti mila heim utan at ryggar eller andre ting tek skade. I tillegg har me fått ein fin gammal kommode i stova. Og Sunniva har fått farmor sitt sybord med symaskin opp på rommet sitt. Ingrid si italienske sibylle heng på den eine veggen vår sidan ho ikkje har plass der ho bur nå, og rundt om i stova vår heng gamle oljemaleri med tunge gullramer i tre. «Admiralinnen», som eg trur i si tid var gift med admiral Henrik Christian Harboe heng foreløpig over sofaen borte ved fjernsynet, medan professoren, som visstnok og var prost, som seg hør og bør avbilda med ei bok, treng mindre veggplass, så han heng på ein av småveggane. Mine eigne bilete, stort sett grafiske trykk som eg har samla meg gjennom nokre tiår, står på golvet medan me tenkjer gjennom kor alt saman skal hengja. Det store maleriet i sepiafargar med ein norsk gard i ei li heng over sofaen der den postmodernistiske madonna med barn i rosa og oransje hang før, og på det svarte gamle pianoet har me fått ei gigantisk svart klokke i støypejern.
Om nokon skulle ana eit element av misnøye i avsnittet over, så er det heilt feil. Eg synest at tinga er vakre, og er glad for å ha fått arva dei. Det er interessant å sjå at stova skiftar karakter med alle dei nye gjenstandane, og me kjem nok til å trenga nokre månadar på å landa i korleis det skal sjå ut hos oss frå nå av. Det ser litt stygt ut med gavekortet frå Time kommune for lang og tru teneste, som eg har vakta på i ti månadar fordi eg hadde bestemt meg for å kjøpa kunst for det… men heilt skrinlagd er planen på ingen måte…
Svigermor var på ingen måte ein person som ødsla med penger til eiga fornøying, men ho var glad i vakre ting, og hadde gjennom livet samla seg mange vakre vasar, skåler, lysestakar, servise og glas, i tillegg til alt dei hadde arva. Sjølv delt på oss alle, så har me nå ganske mykje meir av dette enn det me strengt tatt treng, men det er fine ting me har teke med oss, knytte til mange fine minne. Det er på ein måte vakkert å sitja med sol i ryggen og ansiktet og drikka kaffi i ein av dei fine koppane frå skapet til svigermor. Me får ha desse tinga og inntil vidare for å sjå kva det er fornuftig å gje vidare til nokon som kanskje treng det meir enn oss…
Og så alle bøkene. Sjølv om eg er overbevist om at me gav vekk meir enn tusen bøker, har me nå bøker stabla i lag på utsida av dei andre bøkene i bokhyllene. Bøker har eg alltid hatt problem med å kvitta meg med… Og eg som har likt å tru at eg ikkje er materialist… Framleis har me nokre kassar att å pakka opp, men det begynner å hjelpa, og i alle tinga er det eit slags nærver av dei som har gått bort som eg liker å kjenna på.
På torsdag vart urnene deira sette ned. Side om side ved gravsteinen som allereie har stått klar ei stund. Nokon hadde lova svigerfar ein av dei siste dagane at dei skulle koma samtidig i jorda. Eg har aldri vore med på urnenedsetting. På mine kantar av landet er kistebegravelsar nesten den einaste måten å gjera det på, mens kremasjon er det naturlege i Oslo-området. Dei hadde tint jorda tilstrekkeleg til å få sett urnene ned sjølv om telen gjekk djupt. Eg ville gjerne ha vore der, men sidan bisettelsane jo er tida for sermonien, fann me ut at eg nok fekk bli heime og passa jobben min som vanleg. Eg har sett fotografi som kjærasten min tok med familien rundt gravstøtta, framleis omgitt av mykje snø, og med påskeliljer og tulipanar på grava. Dette har vore eit halvår med mykje fokus på det å ta farvel. For oss går livet vidare. Og visst skal våren koma. I grunnen er han her allereie…
Dagen min begynte med ein time på spikarmatte. Eg anbefalar dette mot vonde ryggar. Snart er min rygg så god som ny etter strekken eg fekk for fjorten dagar sidan. Etterpå drakk eg kaffi og høyrde radiogusdteneste. Eg festa meg spesielt ved songen «Just a closer walk with thee». Av ein eller annan grunn har desse swingande amerikanske litt gospelinspirerte songane veldig appell til meg. Kanskje dei minner meg om barndomen då eg på ein måte var ein del av ein baptismenighet, sjølv om foreldra mine absolutt ikkje var det. Eg reknar med at det for mange blir uforståeleg fromt viss eg seier at temaet «Just a closer walk with thee» er noko av det som gjer livet mitt verkeleg spennande. Den som har øyrer å høyra med høyr, som det står i skrifta, men her er songen, om nokon vil høyra:
Og her er nokre av etterkomarane til admiralinnen, eller kanskje det er ei anna grein av Harboefamilien, som altså nå heng på veggen min… Må nok sjå om eg kan grava fram nokre bilete av mine eigne forfedre, småbønder frå vestlandet, for å balansera litt 😉
Heidi
Plutseleg står ho
her i døra,
kledd i
dette hudlaust urolege
vemodet,
den blå kjolen
og den gule hatten.
Står og slepp inn
dette alt for sterke lyset
på alt som samlar støv.
Opnar døra
mot vipene
og kvitveisen,
mot komande bjørkesprett
mot smelting og uro.
For framleis
Opnar ho opp for
denne brå kriblinga
frå noko på innsida
som aldri heilt
kan falla til ro.
Forvirra og overrumpla
kikkar me opp
frå sofaen og skrivebordet,
kvila og meditasjonen.
Og mumlar
eit høyrbart og høfleg
god morgon, Våren.
Ein plass i blodsystemet
merkar me
til vår forundring
kor heftig me framleis lengtar.
Heidi
Eg legg merke til hatten på bussen frå Haslum. Ein sånn litt breibremma hatt som eldre damer frå Bærum og Oslo- vest kan tenkjast å ta på seg når dei skal på bytur. Denne er eldande raud og skiljer seg litt ut frå dei vanlegaste mørkeblå, svarte og brune. Ved nærare ettersyn er det noko ved hatten som gjer meg litt forviten, eg må kikka nærare etter, og jo visst, eg såg rett. I det raude hattebandet er det festa ein liten knallgul påskekylling som kikkar ned frå hatten. Synet av hatten får meg i godt humør, eg får lyst til å le høgt. Dama sit fint og danna på bussetet utan å snu seg, og eg lurer på kva tankar ho hadde då ho var på veg ut døra, såg ein påskekylling på kommoden og plutseleg fekk lyst til å pynta hatten sin… Eller kanskje ho fekk hjelp av eit barnebarn som syntest at farmor måtte vera fin nå før påske? Kanskje det er påskehatten som ho endeleg kunne ta fram att etter ein lang vinter? Eller kanskje rett og slett eit dessignarplagg? Nei, det siste virkar litt for usannsynleg… I det eg går av tek eg hatteberaren nærare i augesyn. Ho virkar som om ho er ei heilt vanleg dame, yngre enn eg først trudde, kanskje ikkje sytti ein gong. Eg smiler til henne, men eg trur ikkje ho forstår at det er på grunn av den fine hatten.
I Oslo sentrum er det deilig vårsol. Det meste av snøen er borte. Ein = Oslo selgar har dobbelt tilbod i dag. Eg kan velgja mellom det vanlege magasinet og eit påskemagasin med krimnoveller av både selgjarar og kjende forfattarar. Eg seier at eg bare har pengar til eit av dei og spør kva han vil anbefala. Etter å ha tenkt litt fram og tilbake anbefalar han meg påskemagasinet. Eg får bladet, han får pengane og så ynskjer me einannan god påske.
Ved stortinget står Ole Brumm med open honningkrukke. Fleire stader har det dukka opp gatemusikantar med trekkspel og ein slags xylofonar. Frå midt i gata høyrest det bjelleklang. Når me kjem nærare høyrer me at ungdomane med bjellene syng Hare-Krishna-songen. Eg lurer på om dei frys der dei sit på kne eller meir eller mindre rett på rumpa på den framleis vinterkalde gata. Eg passerer tiggarar frå Romania med ullteppe og pappkrus. Det gjer vondt til langt ned i magen å gå forbi dei. Det følest gale både å gje dei pengar og å la det vera. Derfor praktiserer eg begge deler, alt etter kva eg måtte ha av tid og småpengar i lommeboka. Det gjer vondt at nokon må livnæra seg på denne måten. Ein annan merkeleg måte å tena pengar på er å stå midt i gata og halda på eit stort skilt der det står om klede til konkurspris eller om utruleg gode tilbod på paperbackbøker. Om nokre få dagar skal Kirkens bymisjon bera langfredagskrossen rundt i gatene med forbøn, song og saksofonmusikk. Det kunne det ha vore fint å vera med på.
Eva Mari har fått gå tidleg frå jobb, og det er gir ei god kjensle av fridom å vasa rundt i hovudstadsgatene i det fine veret. Me lurer på å rett og slett gå på kino midt på blanke soldagen, men finn ikkje dei filmane me har lyst til å sjå. I staden hiv me oss på ein T-bane for å dra til Majorstua og kjøpa garn med rett farge på i ein garnbutikk der. Butikken er stengt, og me hugsar plutseleg at onsdag før skjærtorsdag brukar butikkane å stengja tidleg. Me har framleis aktiviserte trikkebillettar, så me tek banen vidare til Bekkestua. Der finn me ut at Baker Hansen framleis held ope. Dit gjekk me alltid med svigermor, som heilt til det siste elska å gå på kafé med svigerdøtrer og barnebarn. Slike gonger insisterte ho alltid på å betala for oss alle. Dei siste gongene eg var der saman med henne var det vanskeleg å føra ein samtale med henne fordi det alltid var så masse lyd av folk som prata høgt der inne, og fordi ho var blitt ganske tunghøyrd. Det gjorde det nok ikkje betre at eg i tillegg snakka ein heilt annan dialekt enn den ho var mest van med, likevel smilte ho og koste seg. Dette er første gongen eg og Eva Mari går inn dit for å drikka kaffi aleine. Til ei avveksling er det nesten tomt i det tronge lokalet. Dei fleste har viss teke påskeferie. Me kjøper oss kvar vår muslibolle med brunost og kvar vår kopp kaffi. Svigermor var veldig glad i desse grove bollane. Me et dei med vemod og noko som liknar ærefrykt, så må me springa til matbutikken før dei stenger for påsken.
Etter at me har lasta bilen vår full av piano, kommode, sybord og gamle aneportrett med gullmalte treramer, reiser me heim til Eva Mari og Henrik. Der har Eva Mari i mellomtida trylla fram dei mest fantastiske smårettane til ein sein middag. Nokre av godsakene kan du sjå på biletet over: Salat med salmalaks og mango, brokkolisalat med skinke og rista mandlar, chilimarinerte scampi, heimelaga aioli og så vidare… Den dama kan kunsten å laga mat.
Heidi
Med vårsola skarpt smilande
gjennom frontruta
kjører me femti mil
med snøen blidt smeltande i grøftekantar
og i skitne midtrabattar
og eit piano bak i den lånte varebilen
saman med svigermor sitt sybord
med innebygd symaskin,
ein hundre år gamman kommode
og oljemaleri frå attenhundretalet
med representantar frå anegalleriet.
Ei admiralinne med stor kvit kyse
ein professor med open bok,
alt stabla opp og surra fast
mellom gamle dyner
og dei blåblomstrete putene
frå divanen på kjøkkenet,
den kysekledde og han med boka
trygt pakka i bobleplast og tape
med store utskorne forgylde treramer
på veg mot ein ny heim
hos etterkomarar med ikeamøblar
og trongt om veggplass.
I ein plastpose i bukselomma
farmor sin giftering
som jentene skal få trekkja lodd om.
dei meldar på radioen
at pave Frans ikkje vil bu i pavepalasset
men i ein billig kommunal leiligheit
og at han helst vil reisa med bussen.
at Hjallis har gått over målstreken
og fått notert si aller siste rundetid.
Kjærasten min hostar
og myser mot sola
med begge hendene på rattet.
Eg stryk han forsiktig
med ein peikefinger over kinnet
og ser at håret hans er blitt grått,
medan eg skrur opp lyden
på Verdi sitt rekviem.
Heidi
29.3.13
Påskeferieromet er eit rom i livet som eg i går kunne stupa inn i etter tre særdeles travle teaterdagar. Biletet over er frå avsslutningscenen på musikalen «Leva her på Jæren, som me sette opp med tiandeklassingane. Det er heilt spesielt å sjå noko ein har jobba lenge med gestalta seg på ein scene. Elevane har vore kjempeflinke, og det gir dei eit løft og ei heil spesiell oppleving å få spela på ein ekte teaterscene med store bakrom, fleire sceneinngangar og profesjonell lyd- og lyssetjing. Etter å ha øvd meir og mindre regelmessing heilt sidan i haust, entra me scenen på onsdag til tre fulle gjennomkjøringar, og torsdag klokka halv til var det premiere. Til saman rakk me seks forestillingar, stort sett for fulle salar, sidan alle elevane i kommunen frå fjerde klasse og oppover var inviterte. Torsdag kveld hadde me open kveldsforestilling, og heldigvis fyldest det godt opp då og. Forestillinga varte ein time og musikarane, songarane, dansarane og skodespelarane var alle tiandeklassingane i kulturskulen vår. Det er ei heilt spesiell oppleving å jobba saman med ungdomar om slike produksjonar. Me står saman om å få til eit produkt og ei oppleving. Kvart år opplever me dette heilt spesielt, og kvart år seier me at så flinke, greie og dyktige elevar har me viss aldri hatt før…
Viss linken under fungerer, kan du faktisk sjå bittesmå glimt av musikalen så lenge det ligg ute.
http://jbl.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=28913
Konflikten mellom ei mor som hadde flytta til Jæren for å leva saman med ein ny kjærast, og ei dotter som slett ikkje ville, men likevel måtte fylgja med, var den berande konflikten i stykket. Vår utruleg dyktige danselærar, Åsne, hadde korreografert ein mor-dotter-dans til songen «Mama knows best». Eg skulle ynskja eg kunne leggja ut heile dansen her, for det var ei fantastisk visualisering av forholdet mellom ei tenåringsdotter og mor hennar. Det går dessverre ikkje heilt fram av biletet kor presise og konsentrerte dansarane var, men i beste fall kan du sjå det på linken.
Under forestillingane sit eg med lommelykt og manus på første rad. Det var bare nødvendig ein einaste gong å gi suffli, og bra var det, for første rad er litt upraktisk langt frå scenekanten. Det fantastiske var at eg faktisk fekk sett ni fulle forestillingar frå plassen min, og kvar einaste gong var det fantastisk flott og ulideleg spennande å sitja der og lura på om alt kom til å gå bra. At det nok er meir anstrengande enn ein skulle tru, merka eg etterpå, eg var kjempestiv i skuldrene etter å antakeligvis ha sitte nok så anspent og fulgt dei setning for setning. Men heilt ærleg talt, for meg er det å visa forestillingar det aller kjekkaste eg gjer i jobben min. Sett i det perspektivet så er det paradoksalt og litt vemodig at eg frå hausten av har sagt opp den delen av jobben som dreiar seg spesielt om barneteater, men eg skal framleis ha ein liten jobb i kulturskulen, så eg klarer kanskje å snika meg med på neste års tiandeklasseprosjekt og. Grunnen til at eg har sagt opp er at eg rett og slett har det for travelt, og innser at eg må begrensa meg litt på ein eller annan front, og nå vart det denne…
Og når me kjem til applausen, er alle letta og veldig glade. Spesielt dei gongene me kjenner at applausen faktisk er fortent. Nokon trong til fjellklatring og fallskjermhopping har eg aldri hatt, så dette har vore min form for ekstremsport…
Og korleis er det dagen etter? Då er ein veldig glad og veldig sliten, i alle fall er eg det. I dag er eg ekstremt trøytt, kanskje omtrent som etter eit maratonløp, men det kjem eg aldri til å få vita… Nå prøver eg å stramma meg opp og bringa med meg litt vitalitet inn i påskeferien. Det er veldig mange ting eg gjerne ville få gjort i løpet av desse feriedagane, og for meg er påsken i seg sjølv ei viktig høgtid. Nå ryddar eg litt og gleder meg til å få Sunniva heim i morgon og har bakt sjokoladekake til familiemiddagen. Eg hadde ambisjonar om å pynta litt til påske, og har i det minste drege fram to påskeløparar og nokre påskekyllingar me har arva etter svigermor. Det er rart å sjå hennar påskepynt i vårt hus. Dei som kjenner meg veit at det ikkje er noko overdriving at me har utruleg mykje me skulle ha ordna her i huset, og så har eg nokre skriveprosjekt… Ein liten tur til Bærum med varebil blir det og. Men akkurat nå består den førest utfordringa i å få skrivaren til å virka slik at eg kan skriva ut noko til sundagsskulen eg skal ha i morgon, og å få ordna litt forlenging av biblioteksbøker og betaling av rekningar…
I går hadde eg ein ny avtale med Statistisk sentralbyrå. Kvart år ringer dei og klarer å overbevisa meg om at eg må la meg intervjua til den store levekårsundersøkinga fordi det er så viktig at nokon let seg fylgja frå år til år… Eg trudde eg var litt mentalt førebudd, men klarte ikkje å hugsa kor dyr straum me har eller kva slags forsikring me har på huset. Derimot gjekk det opp for meg at eg er eit uvanleg lukkeleg menneske, eg kunne gi toppkarakter til nesten alle graderte spørsmål om kor godt eg trivdest på ulike livsarenaer, og kunne svara heilt ærleg på at eg nesten alltid kjende meg roleg og glad, at eg svært sjeldan var uroleg og trist og at eg i løpet av dei siste tolv månadane aldri hadde kjent meg heilt på bånn. Eg kjende meg takknemleg, og har gjort fint lite for å fortena det. Sjølv om mykje sjølvsagt heilt opplagd kunne ha vore annleis, så trivest eg faktisk i min eigen kropp og i mitt eige liv. Det kjennest nesten litt uanstendig å skriva det, og det betyr sjølvsagt ikkje at ein skal gi opp å endrast på ting som burde endrast på, «men alligavel»… Takk til «Statistisk sentralbyrå» som eg må innrømma at eg av og til føler meg nesten forfulgt av, fordi eg er så dårleg på å seia nei, og som straff for det må svara på dei mest utrulege spørsmåla. Eg veit ikkje om andre menneske har veldig avklarte tankar om kva tannkrem og vaskepulver dei vil bruka eller ikkje bruka, eg har det ikkje…
God påskeferie, alle saman.
Heidi













