Gå til innhald

Det hender eg blir oppgitt over meg sjølv

Eg forstår ikkje at eg treng å bruka tre timar kvar helg bare på å få skikk på kjøkkenet. I dag har eg vaska kjøleskapet og held ut åtte glas med oliven, sylteagurk, soltørka tomatar, fetaost, chilisaus, tacosaus og syltetøy som hadde det til felles at datoen var gått ut for ganske lenge sidan. Kanskje eg burde ha husmorstoltheit nok til å ikkje fortelja meir, så eg stoppar der. Men noko får eg då gjort, så etterkvart vart det ikkje så verst hos meg bare eg passar på å halda sånn ca fire dører lukka når gjestene kjem…

Derimot så har eg av ein eller annan grunn ikkje problem med å skriva ein song på ein halvtime når det trengst. Det er då noko… Av og til lurer eg på om eg er rett skrudd saman. Me er nokre merkelege skapningar.

Elles så har eg sykla ned til byen med mi nyinnkjøpte lønn og handla noko så fornuftig som ullstrømpebukser, skibukse, vinterkåpe og regnklede som er så store at eg kan ha ullstillongs, bukser og tjukk skigenser under. Utedagar med førsteklasse here I come. Nå manglar eg bare strikkelua og polvottane.

Det klør faretruande i halsen, men ikkje har eg tenkt å bli forkjøla.

Heidi

Satusrapport.

Mann heimkomen frå Cuba. Fulle, men gode dagar. I dag har eg fri, og dagen skal i sin heilskap viast å koma mest mogleg ajour med diverse, og samtidig trekkja pusten og koma seg ein tur ut i den fine sola. Eg ville bare fortelja at eg framleis er i live og at det ikkje er noko å seia på livsmotet. Eg har planar om å gjenoppstå som flittig bloggar, men det blir ikkje akkurat nå. Har akkurat høyrt ein radiodokumentar om ein befriande smågal professor som forskar på slimsopp. Så har eg smuglese resten av boka «Krystallslottet», som er ei biografisk barndomsforteljing om ein oppvekst med usannsynleg eksentriske foreldre i til dels stor fattigdom. Så nå er eg litt fortumla som eg kan bli etter lesaropplevingar; kva er rett og kva er vrangt…

Ha ein god dag alle saman der ute.

Heidi

Travle, travle dagar sidan sist.

Eg har vore i ein fantastisk femtiårsdag der eg var toastmaster, og hadde det kjekt, og det vart tre netter på rad med alt for lite soving. Sidan har eg ferdigstilt to manus, halde tale på ein konsert, hatt ei forteljarforestilling inne i nabobyen der eg fortalde fem afrikanske eventyr, hatt sundagsskule med fokus på salme 23. «Herren er min hyrding, eg manglar ingenting», mekka ei bønnevandring skreddarsydd for gudsteneste på «Bots- og bededag», lese meg opp på hinduismen og kollokvert med Odd Christian, hjelpt Ingrid med semesteroppgåve i språkhistorie på universitetet, og hjelpt Sunniva med semesteroppgåve om «Ibsens kvinneskikkelser i lys av det moderne prosjektet» på tredje trinn på vidaregåande. Ein lærer så lenge som ein har barn og elevar, og til mi eiga overrasking så blir eg skikkeleg fascinert av å fordjupa meg i desse tinga saman med ungane. Kanskje eit av barna mine burde ha studert økonomi eller noko slikt… Så har eg venta på Halvard om kveldane, bakt sjokoladekake og to omgangar kanelbollar, og framleis ikkje fått rydda soverom og arbeidsrom fordi eg måtte prioritera resten av huset. Alt dette i tillegg til full jobb og vel så det. Dette er ikkje eit skryteinnlegg over alt eg har fått gjort, snarare ei slags forklaring på korfor eg ikkje har skrive her, men natt til i dag fekk me ein ekstra time, så nå rakk eg det og…

Og eg er ikkje spesielt stolt over å ha hatt det travelt. Snarare tvert i mot. Eg er takknemleg for å ha kome gjennom nokre særs travle veker med helsa i behald. Det har vore kjekt, og eg har hatt stor glede av nesten alt saman. Men nå trur eg tida er komen for eit rolegare og meir kontemplativt liv. Den siste setningen er meint på ramme alvor. Eg har tenkt å lytta til min eigen sundagsskuletime i dag og setja av tid til å «ligga i grønne enger». Inspirert av Martin Lönnebo, magasinet strek, og store dosar hinduisme så vil eg bruka meir tid på å vera stille, tenkja, skriva og reflektera. Basta, amen…

Og dagen i dag har vore fin. Etter kyrkja med sundagsskule og rigging av bønevandring, var eg først hos onkel med sjokoladekake. Så var det baking av bollar og kaffi med søner, svigerson, foreldre, bror og svigerinne. Golva var ikkje blitt vaska til helga, men støvsuging og matt belysning fungerer det og. Skikkeleg sundagsmiddag med heimelaga kjøttkaker, erterstuing, kokte poteter og brngebærgele med vaniljesaus saman med tre av mine fire barn og mørket som pakka seg rundt huset mykje tidlegare enn i går på grunn av at sommartida er over, og levande lys i smijernslysekrona var kjempekoseleg. Etterpå har eg jammen rukke å diskutera tre av Ibsen sine kvinner med Sunniva og gjort tapre forsøk på å gripa essensen i shivaismen og tantrismen saman med Odd Christian. Livet er godt. Plutseleg er eg ikkje veldig trøytt lenger, sikkert fordi eg nå har fått plukka ned ganske mange ballar som har vore i lufta. Det kjennest godt. Akkurat nå begynner mitt nye og meir meditative liv…

Heidi

 

Nyter ferien

og prøver å koma i mål med det eg har tenkt å få gjort. I går var eg hos Ingrid for å hjelpa henne litt med ei norskoppgåve om litteratur som kunne fungera identitetsskapande i skulen. Ho tok utgangspunkt i «Kompani Orheim» som dei brukte i praksis i 10.klasse. Arbeid med litteratur er veldig interessant. Etter å ha jobba i nokre timer unna me oss å sjå ein film «Maskeblomstfamilien». Eg likte filmen, men eg opplevde essensen i filmen veldig forskjellig frå eg opplevde boka då eg las ho for nokre år sidan. Kanskje eg har lese litt for mange andre bøker i mellomtida slik at minnet var blitt litt utviska? Eg registrerer at nokre gonger hugsar eg ikkje handlingsforløpet i ei bok, men eg hugsar veldig tydeleg den kjensletilstanden som boka sette meg i. Det er ganske merkeleg at det er slik. Eg lurer på om det er slik andre kjenner det og. Eg har tydelege minner om korleis det kjendest sånn reint emosjonelt då eg las «Utvandrerne» som 15 åring og «Isslottet» og «Broene brenner» som 19 åring, sjølv om eg ikkje er sikker på om eg framleis hugsar innhaldet i den siste boka. Etter økta hos Ingrid, sykla eg ned til byen i regnet for å kjøpa ein presang og det store tjukke grå ullpleddet med sauer på som eg hadde bestemt meg for å kjøpa for nokre pengar eg fekk til 50-årsdagen min med streng beskjed om å bruka på meg sjølv. Det var heilt perfekt å pakka rundt seg ein mildast talt hustrig oktoberdag.

Etter å ha laga spaghetti og kjøttsaus til mine heimebuande søner, sette eg meg ned med macen og skreiv ei juleforestilling for første klasse. Eg hadde tenkt ut innhaldet, så det gjenstod eigentleg bare å skriva det ned. Slike prosjekt kan stressa meg litt før eg kjem i gang, men når eg først har gått laus på tastaturet så ender det opp med å vera ein rein leik. Eg fekk og sett eit intervju med Carl Ove Knausgård, som eg synest er ein interessant forfattar, og eit program om Ellen Johnson Sirleaf, presidenten i Liberia, som er ein av fredsprisvinnarane. Eg lar meg fascinera og imponera av desse sterke afrikanske kvinnene som med stort pågangsmot og ein særeigen indre styrke går laus på gigantiske oppgåver. Eg synest at eg har truffe på nokre av dei, det næraste eksempelet er mi tanzanianske venninne Linda som har teke til seg eit tosifra antal paykisk utviklingshemma barn og unge og lever saman med dei nesten som om dei var hennar eigne barn. Om eg ikkje hadde besøkt henne i Morogoro og delt kvardagen hennar i tre veker, så trur eg mest ikkje eg hadde trudd det om dei hadde fortald meg kva ho har kasta seg ut i. Før natta heilt overtok nådde eg til og med å baka lavkarboknekkebrød med masse nøter og ulike typar frø. Eg innser at dei vart så gode at dei er farlege å baka…

I dag har eg og Ingrid vore og ete lunsj hos mor som fylde år i går. Då eg kom heim var det rett og slett sol, så då måtte eg ut og gå ein tur. To timars fordjupning i hinduismen har det blitt tid til, og eg trur at systema opna seg bittelitt i forhold til første kvelden. Hinduismen er så utruleg forskjellig frå dei religionane eg kjenner best til, men det er veldig fascinerande å prøva å trenga seg litt inn på innsida av systema som mest ikkje er til å få tak på, og prøva å gripa mytene og dei store forteljingane. Guden Vishnu, oppretthaldaren stig med jamne mellomrom ned på jorda i ulike skapnadar for å gjenoppretta verdsordninga og kjempa mot demonane. Han skal koma tilbake ein gong til i vår tidsaldersyklus, og då skal han koma ridande på ein kvit hest. Eg får litt assosiasjonar til Jesus og til openbaringa, men samtidig er det heilt forskjellig. Ein veldig fri assosiasjon er frå diktet draumkvedet der han som låg og sov såg for seg «Sankte Sålemikkjel som kom ridande på kvitan hest» for å vega alle sålune (sjelene) og sjå om dei var tunge nok. Eg synest at «Sankte Sålemikkjel» er eit veldig sjarmerande namn på erkeengelen Mikael. Det høyrest så norsk og traust ut.

Men nå rotar eg meg ut på dei store viddene, dette blir ein form for svada som umogleg kan interessera så mange andre enn meg sjølv. Likevel er det litt interessant å dokumentera den slags tankespinn, så eg let deg få bli ståande. Medan eg først er i gang med å skriva om tankespinn; Eg lurer på om det er andre enn meg som plutseleg ser revynummer rundt seg midt på blanke kvardagen? At ein ser folk stå i kø framfor drikkeautomaten og bare har reynummeret klart i hovudet, eller som sit på bussen og plutseleg ser for seg at alle medpassasjerane kunne reisa seg opp og synga eit eller anna unisont med tåpelege danserørsler til. Eg kan snappa opp ein replikk og høyra for meg ein rapp med den replikken som gjennomgåande motiv. Eg såg noko liknande på filmen «Dancer in the dark», så det er nok fleire enn meg som opplever liknande ting. Ulempa er  at fantasien kan vera eit sterkt verkemiddel i negativ retning og. At ein kan sitja fredeleg og kjøra sin bil på ein veg og så plutseleg sjå for seg at bilen som kjem frå høgre ikkje stoppar ved vikepliktskiltet og heilt nøyaktig forestilla seg korleis samanstøtet ville følast i det bilane traff einannan, og så kjenna på kroppen korleis det ville kjennast å bli kasta framover mot selen og få hovudet slengt hard framover. Ein kunne bli kjøreredd av mindre.

Noko koseleg med det heile er alle dei indre songnummera eg har lagra på harddisken. Når som helst kan eg sjå for meg min gamle klassekamerat Steen stå i kvit høghalsa pologenser i baptistkyrkja sitt ungdomskor og synga. «Disse sterke armer skal bære meg, inn i himlens sal, inn i himlens sal…» Han hugsar det sikkert ikkje sjølv, eg trur han hadde ein veldig kort karriere i det koret der han truleg havna på grunn av ei jente han likte. Det var sikkert den einaste gongen han opptrådde med dei, likevel står han der på min indre film og syng. På same måten ser eg Inger springa rundt i turngarderoben under påkledninga etter turnen og synga «Verdens minste krokodille, har du sikkert aldri sett. Det er nemlig Lille Ville, som kan spille b-kornett.» Og slik kunne eg ha ramsa opp i det nesten uendelege om indre innfall og indre filmar som for så vidt gjer livet ganske fargerikt. Det høyrer med til tankerekkja å grøssa litt over kva minne eg sjølv kan vera lagra på i andre sitt tankespinn. Det er ein litt ubehageleg tanke at ting som eg sjølv har fått barmhjertig tildekka av velfortent gløymsle framleis kan sviva på harddisken i andre sine hovud.

Eg lurer på om nokon kjenner seg igjen? Av dei som eventuelt har halde ut denne spesielle teksten og lese heilt til hit? Me får seia til kvarandre som me seier til Gud i den austkyrkjelege Kristusbøna. «Ha tol med oss»…

Noko seier meg at eg kanskje burde ha avslutta denne teksten for lenge sidan, så eg sluttar her.

Heidi

Haustferie

Det er når ferien kjem at ein kjenner ein er trøytt. Og sidan eg vart sitjande alt for lenge oppe i går, vart det ein sein morgon. Eg vassa med gummistøvlar og paraply bort til Ingrid for å helsa på Oscar og drikka krydra te med henne og Sunniva. Etterpå har eg brukt store deler av ettermiddagen på å prøva å lesa meeg opp på hinduismen. Eg vil gjerne vera litt samtalepartnar for Odd Christian som skal ta den siste eksamenen i religionsvitenskap opp att i desember. Eg visste at hindusmen var samansett at mange ulike retningar, og utan ein vesentleg felles substans, men det eg las gjorde meg endå meir forvirra. Eg er nesten frista til å seia at hinduismen er alt og ingenting. Det er visstnok fleire skrifter enn det eit menneske vil klara å lesa i løpet av eit liv, og mykje er på sanskrit, eit språk dei aller færraste kan klara å lesa. Ein kan kasta fram nesten kva påstand ein vil om livet og det heilage og finna dekning for det i ei eller anna lita grein av hinduismen som er ei stor samling veldig ulike tankerekkjer… Men kva veit eg etter å ha lese bare nokre timar i tillegg til det eg lærde då eg tok grunnfag kristendom og det eg har lært på diverse kurs? Det er nesten som i eventyra, der finn du og historiene om alt som sidan skal henda deg. Problemet med eksamenslesing av eit så komplisert materiale er at det blir frykteleg vanskeleg å hala alle retningane frå einannan og hugsa alle begrepa.  Men det er for seint på kvelden til dei djupe filosoferingane, kjenner eg. Kanskje eg rekk litt fleire burde-ting i morgon og framleis får litt tid til å slappa av?

I morgon tidlegreiser Sunniva til New York med tante, onkel og Vilde. Heldige henne. Me andre får nok fint vera att på denne sida av Atlanteren,men det er fint her og.

Heii

Bare fordi eg har ferie i morgon

er eg nesten nøydt til å sitja oppe for å nyta kjensla av at ingen vekkerklokke skal ringa litt over seks i morgontidleg. I dag har det vore ein dag med vind og fossande regn, nettopp ein slik dag ein synest ein kan unna seg å dedikera til strikking, avislesing og fyr i peisen. Men før eg kom så langt så fekk eg kjærasten min på flyet retning Cuba. I går var me i kjempefin feiring av dobbel femtiårsdag i ei stor bedriftshytte ute i havgapet med nydeleg utsikt ut over havet. Eg innsåg at hausten er her, for klokka åtte var det mørkt utanfor, men inne hadde me tende stearinlys og lyngblomar på borda, thailandsk mat og mykje varme. Fredagskvelden var eg saman med gode venninner og det regna såpass lite då eg gjekk av toget at det gjekk nesten to minutt før eg sakna paraplyen eg hadde gløymd att, men visst fekk eg han med meg. Har eg nemnd at eg er velsigna med ein bukett venninner som kunne få stjernene til å dansa av glede på natthimmelen, ja det har eg viss når eg tenkjer meg om.

Utpå ettermiddagen i dag reiste eg og Gerd til Fotland mølle og såg kunstutstillinga til Sissel Ruud Berge. Bileta som vart stilde ut var fine. Eg anbefalar alle som måtte vera i nærleiken å koma seg dit for å sjå. Dei held ope to sundagar til.

Eg går med stor glede inn i ei ferieveke. Eg håpar eg rekk i alle fall ein del av dei tinga eg har planlagd å få tid til. Skriving står høgt på ynskjelista.

Heidi

så haur´an dæ romla i komlegrydå si…

som det står så vakkert i den lokale songen om «an Ola». I dag er det sytten år sidan sist eg var i fødsel og det er all grunn til å tru at det er ein situasjon eg heller aldri meir skal koma i. Men Halvard vart fødd og fekk sjå verdens lys ein dag med tidleg nattefrost i 1994, og han er nå lengst av alle ungane våre. Og bare eit år til kan eg vel teknisk sett påberopa meg å ha ansvar for mindreårige. Om nøyaktig eit år er han i alle fall teknisk sett heilt vaksen, og eg kan kvila på mine laurbær etter 26 år i barneoppdragarbransjen. Forresten så har eg vald meg eit yrke som gjer at akkurat det blir eg vel kanskje aldri ferdig med, og godt er det. Ungar er nemleg det beste eg veit.

Og han som i grunnen ikkje er nokon unge lenger hadde blitt samd med meg om at feiringa i dag skulle vera å invitera vår eigen familie og mormor og morfar til komlemiddag med brownies til dessert. Og bare med besteforeldre, eigne barn og kjærastar så er me ti rundt middagsbordet og to store komlegryter vart så godt som tømde. Browniesen vart laga av pulver frå to ferdigposer i ei lita langpanne med kremklattar, blåbær, jordbær, bringebær og kjærleiksfrukt. Alle vart mette og fornøgde. I tillegg til å vera kokke, har eg vore dagmamma og sjukkepleiar i dag. Oscar ankom i dag morges med buret under armen. Han har fått våteksem og var hos dyrlege i går som skreiv ut resept, barberte sårområdet og utstyrde han med potesokkar så han ikkje skulle kunna klora på såret. Sidan eg hadde fri i dag, syntest dei det var greitt at pasienten hadde litt tilsyn. Eg fekk sykla ut og kjøpt to typar kortisonsalvar og klorhexidin, og fekk starta behandlinga.

I helga fekk eg vera med og feira ei barndomsvenninne som fylde femti. Me var tre venninner som sjekka oss inn på Sirdal høyfjellshotell for ei natt, og fekk med oss ein herleg fjelltur før festen og ein lang hotellfrokost før me reiste heim att. Det gjorde ubeskriveleg godt å få to dagar med sol og nesten sommarvarme som eit lite intermesso i ein uvanleg våt haust. Nå er regnet på plass att, og alt er som det pleier sånn reint vermessig.  Haustfargane i Sirdalen var gule, gyldne og nydelege. Det er så koseleg å bruka tid med gode barndomsvenninner. Så utruleg mange flotte damer eg har samla med meg gjennom livet. Og mennene eg har møtt er ikkje så verst dei heller. Eg er så takknemleg for å ha så mange gode venner.

Heidi

På tide med litt norsk skjerpings, folkens?

Eg høyrde akkurat eit radioprogram som opprørde meg såpass at eg måtte skriva litt her. Det handla om muslimar og norsk kultur, men til muslimane kan det nok til ei viss grad reknast inn ein liten norsk minoritet som av ulike årsakar takkar nei til alkohol. Den første dei inntervjua var ein ung mann som fortalde om sitt første møte med studenmiljøet som jusstudent. På den første kvelden av fadderveka skulle det vera «Rebusløp», rebusløpet viste seg å vera ei pub- til pubvandring med innlagde drikkeleikar. Denne guten var muslim og drakk ikkje alkohol. Han opplevde denne kvelden som nokså lite inspirerande, og skjøna teikninga for resten av veka. Guten vart heime dei andre kveldane, vel vitande om at han nå gjekk glipp av den «bli-kjent-delen» av studiet, og han opplevde at han etterpå sakna den sosiale plattformen dei andre hadde fått.

Det var laga ei undersøkjing om alkohol, muslimar og norsk festkultur. Eit dilemma som vart teke opp, og laga intervju på, var julebord. Fleire av dei som mellom anna på grunn av religiøs overbevisning ikkje drakk, opplevde dette med julebord, sommarfestar og liknande arrangement som veldig vanskeleg. Dei ville gjerne vera med, men opplevde masse drikkepress. Sa dei at dei ikkje likte alkohol, fekk dei til svar at det måtte ein venna seg til, og folk stilde opp med smaksprøvar dei burde prøva seg på. Sa dei at det var på grunn av helsa, prøvde folk høgrøysta å forklara at alkohol var reine hjartemedisinen. Dersom dei sa rett ut at det var fordi dei var muslimar, opplevde mange å måtta sitja resten av kvelden i diskusjonar om muslimsk kvinnesyn og terrororganisasjonar. Utover kvelden kunne dette bli nokså ubehageleg, og etter eit visst antall drinkar kunne folk opptre direkte aggressivt og ubehageleg. Ei dame fortalde at ho hadde begynt å ha eit fullt glas raudvin i handa meir eller mindre heile kvelden fordi det sparde henne for mykje ubahag. Kunsten måtte då vera å sleppa unna skålinga på ein truverdig måte.

Ei anna dame fortalde at dei praktiserte lønningspils på jobben hennar. Ho ville gjerne vera sosial med dei andre, og sjølv om det kosta litt, ville ho drikka te og elles vera med på moroa. Ho opplevde å sitja der og føla seg eksludert fordi ho opplevde at det var sjølve aktiviteten drikking av alkohol som var det sentrale, ikkje den gode samtalen.

Og dette gjeld ikkje bare vaksne menneske. Russetida er jo for mange ein veldig viktig periode. Her og opplever mange at arrangementa omtrent er bygde rundt dette å drikka alkohol. Det seier seg sjølv at då er det ikkje bare lett å koma frå ein muslimsk heim der alkohol er heilt forbode.

Og eg veit at eg kastar stein i glashus. Ikkje fordi eg øver alkoholpress på nokon, men fordi mitt eige alkoholforbruk er så minimalt at eg nesten kan kalla meg avhaldsmenneske. Eg har sjølv ofte måtta svara på korfor eg vel å drikka alkoholfritt, men det toler eg. Eg slepp nemleg å svara for alle muslimane i verda. Likevel kjende eg at det var betimeleg å løfta fram inntrykka mine etter dette radioprogrammet. Kanskje me nordmenn må tenkja oss litt om?

Heidi

I lyset av det gode

Visst finst det gode. At det vonde finst blir oftare poengtert, men når me tenkjer oss om så er det oftare det gode enn det vonde som er synleg. Menneske tek ansvar, menneske viser omsorg, menneske stør menneske.

I dag høyrde eg eit radioprogram som fekk tårene mine til å renna. Det var eit dokumentarprogram der dei intervjua folk som var på hyttene sine i nærleiken av Utøya fredag 22.juli. Det var historier om folk som rodde til Utøya for å hjelpa. Ei kvinne gjekk i land og leitte etter personar ho kunne ta med i båten tilbake. Ho fekk med både skadde og uskadde, og undersøkte døde for å finna ut om det var håp om å berga dei. Ein gut valde å bli igjen fordi han hadde småsøsken på øya han ikkje ville reisa i frå. Denne kvinna fortel at ho eigentleg er ei pyse som aldri ville ha trudd på førehand at ho ville ha våga å gjera noko slikt, men der og då forstod ho at dette måtte ho gjera.

Me fekk høyra om folk som rodde ut i gummibåtar, om ungdomar i sjokk som måtte matast med varm te med teskei, om ullteppe, badehandkle, varm drikke og varme baderom med varmekablar i golvet. Desse menneska viste varme og omsorg for ungdomar dei aldri hadde møtt, og nokre av dei sette sin eigen tryggleik i fare for å kunna vera til hjelp. Ei kvinne på over sytti fortalde at dei sjokkerte ungdomane ho fekk inn på hytta med eitt kjendest like nære som om dei hadde vore barna hennar.

Mennesket har evne og vilje til å visa omsorg, dei aller fleste av oss ville nok ha handla som desse menneska gjorde, likevel rørde forteljingane om det dei hadde gjort meg djupt.

Den danske visesongaren Trille syng i ein song: «Sådan ser jeg ofte striber av lys, ofte striber av varme, som når en hvisken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle av håb.»

I dag har eg vore på lunsj hos Ingrid og på kyrkjekveld med Karsten Isachsen. Nå sit eg oppe og ventar på at Halvard skal koma heim. I morgon skal eg ha sundagsskule. Me skulle ha vore to saman, men ho andre har blitt sjuk. Det går vel sikkert bra likevel… Eg er priviligert som med jamne mellomrom får lov til å fortelja små barn forteljingane om det gode… Sjølv om eg alltid blir litt stressa på førehand fordi eg så veldig gjerne vil at det skal bli fint og godt.

Heidi

Onsdagsfri

er ein utmerka ide. Tanken er at det skal vera skrivedagen min, og då skal eg skriva masse. Eg må innrømma at i dag er det blitt lite skriving. Eg var rett og slett så trøytt og sliten at eg kjende mest for å prøva å få henta meg inn. Sidan Ingrid er i praksis og har lange dagar vart det ein spasertur opp til leilegheita deira for å  gå ein luftetur med ein glad og sprettande Oscar. Eg fekk til og med med meg syster som dukka opp på føramiddagsbesøk, og me fekk knapt nok ein regndrope på turen. Nå regnar det som frå bøtter spann og auser, og med tanke på at det er skogtur i morgon med første klasse, så er det jammen bra at eg har støvlar og regnklede hengande på jobb.

Eg har fått nye progressive briller, og etter to og ein halv dag med sterk til lett hovudverk, så kjennest det faktisk ut som om eg har klart å venja meg greitt til å bruka dei. For første gong har eg prøvd meg på nokre litt kraftige innfatningar, før har eg alltid hatt gull- etter bronsefarga metallinnfatningar, så nå spørs det om folk ser meg eller brillene når eg møter dei på gata…

Programmet har vore tett i veka som gjekk. Fredag ettermiddag sette eg meg på toget saman med kjærasten min rett etter jobb. Me drog til Bærum for å få ei helg i lag med foreldra hans før han dreg til Cuba om tre veker. Natt til lørdag vart svigerfar innlagd på sjukehus med smerter i brystet, men det gjekk heldigvis over i likaste laget, og han vart heimsend sundag ettermiddag. Me fekk med oss nokre timar på sjukehuset, og fekk tid saman med svigermor heime hos henne medan me drakk te i dei tynne, tynne porselenskoppane hennar.

Det er mykje eg ville ha skrive om, det kjem nok etterkvart får me tru.

Og eit par klare haustdagar fekk me med oss i samband med helga. Ungane syng så vakkert om hausten på skulen:

***

Krystallklare dager, ja nå er det høst.

Sola står lavt på himmelen i øst.

Bladene gulner på busker og trær.

Nå kan jeg plukke frukter og bær.

Røyksopp og risker og små kantareller.

Rognebær, nøtter og ville moreller.

Sola den gløder på himmelen i øst.

Krystallklare dager, nå er det høst.

Og dei syng så vemodig vakkert at eg blir varm og våt i auga. Men den ekte sørvestlandske hausten er nok betre fanga av salige Obstfelder for lenge, lenge sidan.

En er en og to er to,

vi hopper i vann,

vi triller i sand,

sikk sakk det drypper på tak,

tikk takk det regner i dag…

I dag ville bestemor ha vore 108 år om ho hadde levd. Det er allereie 18 år sidan eg mista ho. Framleis kjennest ho som ein viktig del av livet mitt. Eg trur eg har tenkt på henne kvar einaste dag. Livet er ikkje bare det som er her og nå, det er på same tida eit samandrag av livet vårt. Eg prøver å gripa livet og halda det fast, men veit at same kva eg gjer så vil sekunda tikka vidare på eiga hand.

 

Heidi