Gå til innhald

Blå

I går skreiv eg ferdig teksten til forestillinga “Blå” , som alle tiandeklassingane i kulturskulen skal framføre i mars.
Eg trur det skal bli bra, men har teke nokre sjansar. Eg har for eksempel bestemd meg for at det ikkje treng å vera skyhøg “kulhetsfaktor” for at det skal passa for femtenåringar. Det kan vera at eg tek feil, men trøyster meg med at Sunniva likte det. Det er litt vart, litt meditativt og fleire hentydningar enn direkte action.

Musikken og songane spenner vidt frå Joni Mitchell til “Fly me to the moon,” og “Så skimrande var aldrig havet”. Litt rock og eit rappliknande talekor har me og fått inn, før me sluttar med tema frå Arne Bendiksen sin “Blå ballong”. Gjennomgangstråden er blå denne gonge, og ikkje raud.

Veka som gjekk har vore kvit. Kvit med tydinga snø. Frost og snø i meir enn ei strak veke har me ikkje kvar vinter på desse kantane, og vakkert er det, sjølv om det å kjøra bil på glatt føre ikkje er yndlingsaktiviteten min.
Nå er det plussgrader ute, så snøen er på vikande front. Seinare i veka melder dei regn.

Internett har ikkje fungert heilt her heime. Det er eit eller anna med tilkoblinga som har vore litt ustabilt. Eg må litt motvillig innrømma at eg har spart ein del tid på å vera utan tilkobling, men nå er eg takknemlig for at det fungerer att.

I går hadde me ein veldig fin kveld. Gamle venner som me har fått alt for lite tid saman med dei siste åra inntok heimen med lått og varme. Dei hadde med seg varme ostehorn, ost kjeks og raud vin. Sjølv kunne me bidra med salatar, spekemat, meir ost og ei stor nybakt eplekake med krem til.

Valentinsroser hadde eg i to fargar. Kanskje dei hadde overvurdert folk si romantiske innstilling til dagen, for eg fekk kjøpt tjue bleikrosa og tjue høgrosa roser til under undrelappen til saman. Eg såg at dei var litt langt komne til å vera for sal, men det var jo i gårkveld dei skulle vera fine. Det var dei.

Etterkvart dukka Arne opp og, og kvelden vår kulminerte i salsa og bugg og masse varm og svart kaffi. Nå skal eg til skulen og driva litt dessverre-nødvendig-sundagsarbeid før eg skal gjera klar til ei bønevandring me skal ha på kveldsgudstenesta i kyrkja. Tema for kvelden er å ha plass til stilla. Ei som jobbar på ein pilgrimsgard og retreatsenter skal koma hit. Eg trur det skal bli veldig fint.

Eg let Martin Lönnebo sleppa til med kloke ord om det å vara stille:

“Det indre livet er menneskets minst utforskede kontinent,
fordi det er så utilgjengelig så stort, så rikt”.

Han snakkar om at stilla er blitt noko me må oppsøka fordi verda er blitt så full av lyd. Alt ropar til oss samtidig. Eg trur han har rett.

Heidi

Ferdiglagde gjerningar…

Eg får velgja å sjå på denne veka som praktisering av eit bibelsk prinsipp om å gå i ferdiglagde gjerningar og ikkje bekymra seg for morgondagen. Denne veka har eg hvore på jobben i sekstifire timar. Eg mora meg med å rekna det ut… Det var veka der alt skjedde på ein gong, liksom…

Eg innrømmer at framfor ei slik veke var det kanskje ikkje så lurt å koma heim klokka eitt om natta sundag kveld, men visst fekk eg ein lang og god sundag på den måten.

Og visst har veka vore god. Det har bare vore nødvendig å ta “ett ögonblick i sänder,” for ikkje å bli overmanna, eventuelt overkvinna av stress. Og denne veka skal bli rolegare.

Av høgdepunkta kan eg nemna:

Fjørlettseminaret på jobben på måndag der me malte til Chopinmusikk og låg hovud mot hovud under eit slør av silkeorgansa medan det regna påskegule fjører over oss.

Seinare på måndag var det finfin jentekveld med Torun og Astrid. Først ein fottur og så kveldsmat, dikt og oppdatering av livsløp før me kjørde Torun til nattoget.

På fredag var me i gang med ein ny sesong HC Andersen- turné eg og Jan Ivar. Teksten sat heldigvis som han skulle og alt gjekk fint. I går feira me Dagny sin 40-årsdag med fløyter, fine ord, god suppe, fantastiske kaker og gode folk å vera i lag med.

I kveld var det morsdag rundt mor sitt kjøkkenbord, og nå har eg og Halvard site inne i på romet hans med ei dyne rundt oss og sett film nummer to om Arn Magnusson.

Ute ligg det snø. Eg kom heim frå ettermiddagsturen med kvit kåpe og kvite stjerner i håret. Eg er eit lukkeleg menneske.

Heidi

Først i februar

sit eg her med lånt pc og stort strikkesjal over den nye grøne kjolen min. Me høyrer gudsteneste frå Eivindvik kyrkje og har starta dagen med suppeskålstore koppar med glovarm kaffi med smak av sjokolade og vanilje med masse mjølkeskum og kanel på.

Snart skal eg og Eva Mari pakka oss inn i vinterkåper og vintersko og spasera bort til dei felles svigerforeldra våre i lag med hunden for å eta lunsj i lag med dei.

I går var me og innom der og drakk te i lag med Ingrid før me kjørte henne tilbake til skulen. På vegen var på på eit stort stoffutsal der eg kjøpte meg supperosa voksduk med store kvite bomber i skikkeleg sekstitalsdessign til femti kroner som eg skal ha på kjøkkenet vårt. Der har me eit gammalt furubord, kjøpt på loppemarknad som ikkje er så veldig fint lenger. Døtrene mine er litt oppgitte over dessignet på kjøkkenet vårt med lyseblå skapdører og veldig låg faktor av moderne glas og stål og findessign. Sjølv nyt eg for så vidt å ikkje vera spesielt trendy. Min einaste ambisjon er å halda det nokonlunde reint der. Men rosa voksduk med kvite bomber, det skal nok gjera susen.

I Drammen plukka me opp Oddvar som kom for å vera hos Ingrid resten av helga. På folkehøgskulen var dei ferd med å rigga til til ein stor revy dei skal ha. Ein del elevar låg langflate på golvet og malte kulisser. Elles så låg dei som seg hør og bør på lørdag ettermiddag lettere henslengte i sofaar og lenestolar og prata og strøyk einannan over ryggen og håret. I beste folkehøgskulestil fekk eg spontane klemmar frå fleire av dei nye vennene hennar då ho presenterte meg for dei. Det er synd Ingrid er så langt vekke , for eg skulle gjerne ha sett ho både som Nille i Jeppe på Bjerget rett før jul og som Mia Gundersen i revyen. Kanskje eg kan klara å få med meg “Den spanske flue ein gong i mars.” Det spørs nok, men det hadde vore kjekt.

Elles så broderer eg englar, strikkar stripete raggsokkar og les Lønnebo og Tor Bomann Larsen om kongHaakon og dronning Maud. I går kveld var Eva Mari og eg på kino og såg “Jernanger” før me avrunda med strikketøy, vaniljekaffi og Skavlan på svensk. Dette er det gode livet.
Eg gler meg til å sitja seks timar på toget og lesa gode bøker. Viss eg er ekstra heldig får eg lokka kjærasten min til å henta meg på stasjonen ti på eitt i natt. Det er seint på ein sundagskveld, eg veit det…

Heidi

Storbyidyll.

Etter å ha avlevert den siste av elevane våre i varetekten til ei veldig søt lokal bestemor, er eg fri og skal nyta helga med familien her austpå.

På veg opp til bussen legg eg turen innom Gudrun Sjödén-utsalet. Eg er eigentleg alt for sliten og ør til å prøva klær, men tek med meg litt til prøveromet likevel. Eg fell pladask for eit par heilt flate raude skor med ein blom på. Dei er så tronge at eg bare så vidt får foten inn i dei, men eg forsikrar meg sjølv om at eg nok vil gå dei ut.

Så stablar eg meg sjølv, kofferten og veskene inn på ein
overfylt fredagsbuss. Eg finn så vidt det er eit ledig sete og får sett meg med all bagasjen som eit tårn mot taket. Då håndveska ramlar ned frå tårnet i ei sving bøyer ei venleg dame med panneband i minkpels seg ned for å plukka ho opp att for meg.

Eg finn rett stoppestad å stabla meg av på. Så går eg over den snødekte kyrkjegarden med lys på ein del av gravene. Eg kjem meg opp den isglatte bakken opp til rett hus og får ein varm velkomst av Eva Mari med eit krus kokande varm kakao som eg inntek saman med ein
amatørfotograf som er her for å kjøpa eller selga fotoutstyr. Svoger Henrik er i fotofasen og eg blir bada i eit regn av avtrekkerklikking. Han er forresten flink.

Etter middag får eg i foræring ein smaragdgrøn kjole i velour med vaffelsømkantar kring hals, handled og skjørtekant.

Eva Mari har teke fri på fredagen og etter frokost med strikkepinner og broderier legg me ut på ekskursjon. Eg har ikkje kjøpt klær og sko på veldig lenge. Nå får eg kjøpt ting eg absolutt treng. Eg får bytta skorne frå Sjødén. Eg hadde nemleg gløymt å prøva om reima over vrista passa. For å få lukka skorne om føtene trong eg sånn omtrent tong i tillegg til skohorn og spade. Eg innsåg at her var det bare å gå tilbake til butikken, ta på meg mitt mest sjarmerande smil og be om å få pengane tilbake.

I staden vart det svarte uggsliknande vinterskor frå Design Forum på januarsalg. Det var forsåvidt på tide.
Dei raude uno-skorne mine som eg kjøpte for to år sidan har vore i dagleg bruk i to vintrar og kvalifiserer meg innan referansegruppa til Cornelis Wresvig når han syng at “Somliga går i trasiga skor.”

På Steen og Strøm lot eg meg sminka av ein gut på alder med min yngste son. Mens denne med kyndige hender strauk foundation og pudder over kinna mine sa han at eg hadde så fin hud at eg eigentleg trong minimalt med sminke. Slikt liker sjølvsagt damer midt i førtiåra å høyra, så eg kjøpte både leppestift og brunfarge av han. Begge produkta låg i fylgje den unge entusiastiske sminkøren tjue prosent under det ein vanlegvis måtte betala for slikt.
Og aldri i heile mitt liv har eg betalt så mykje for sminke, men då veska datt på bussen dagen før ramla den minimale sminkepungen min sannsynlegvis ut med alt eg åtte av den slags. Og visst har eg levd til nå etter sminkøren sine retningdlinjer. Med minimal bruk av sminke…

Som målmedvitne byturdamer i vår beste alder, etterkvart med visse fellestrekk med skulpturen “Kånå” som står i Stavanger og Bergen la me i veg austover. Me hadde ein lengre ekspedisjon i små retrobutikkar i Oslo aust og handla internasjonale tøystykke hos ein pakiastanar der me er bortimot faste kundar. Eg fann kofteknappar til Sunniva si sikkert sekstiårgamle kofte etter oldemor eller oldemors syster. Sist lørdag sat eg i lengre tid og prøvde å bøta rakningane i ho. Det må jo vera skikkele gjenbruk.

I Fretexbutikken på Grønland er alt utstillt etter farge og prinsippet litt sjarmerande, rotete design. Der kunne ein få kjøpt seg gamle beksømstøvlar i selpels, lange pelshanskar og amerikanske taftkjolar frå femtitalet.

Me kjøpte oss ein utruleg trendy lunsj, beståande av scampi med bulgur og cous-cous med grovt brød til med store fruktbitar i. Det smakte fortreffeleg.

Eit av dagens absolutte høgdepunkt var å henta Ingrid på stasjonen. Ho kom frå folkehøgskulen for å overnatta ei natt hos tante og onkel saman med meg. Merkeleg at denne vakre høgreiste unge dama med lange blonde fletter er den vesle jenta mi. Det var fint å landa i sofaen med eit varmt teppe rundt oss begge to medan onkel Henrik utrøtteleg fotograferte og fotograferte og fotograferte. Det aller finaste med å ha utflytta vaksne ungar, er å sjå dei att med jamne mellomrom. Etter deilig middag laga i fellesskap hadde me ein heller lat sofakveld med stort bål i peisen og hund på fanget.

Heidi

Operaundervisning.

Dag to kjennest det omtrent som å gå til jobb når me passerer gangbrua over til operahuset. Ein journalist er der for å skriva om oss. Eg skal klatra opp på ein marmorkloss som er glatt av vatn og frost. Eg sklir og slår leggen hardt mot kanten. Ikkje prøv på å klatra over kjettingen for å spasera på marmortaket når det er vinter. Glatt marmor er livsfarleg.

Denne dagen får ungane ei omvisnig medan dei fleste av oss vaksne får ein avslappande ventetime i foajeen. Så er det operaundervisning. Eg kjenner at operainteressen stig mange hakk i det vesle fylgjet vårt. Eg må prøva å få med meg forestillingar. Dei siste timane før ungane skal på flytoget i retning heimover blir det meir handling og handling og handling. Mange verkande føter før mission completed.

Heidi

Softly as I leave you.

Jentene mine lurer på korleis dei skal stella håret til kveldsforestillinga. Som den nøkterne personen eg av og til glimtar til med å vera, seier eg at dei skal greia det med hårbørste og elles ikkje gjera noko som helst. Elles så når me ikkje fram i tide.

Men visst når me fram. Me finn plassane våre på balkongane. Scenen blir mørk. I orkestergrava er det fullt orkester med kor. Ei dansarinne står aleine på scenen i ein firkanta boks eller dørkarm som ho kjempar med å koma seg ut i frå. Fleire dansarar kjem fram alle kjemper med å koma seg ut av stengsel, med å finna fram til andre og til seg sjølv. Ei dame kjem ut av ein liten kasse, og dansar på scenen før ho presser seg inn i kassen att, og legg loket på over seg. Ei dame kjem seg ut av boksen sin og vekk frå partnaren sin, men blir liggjande som livlaus og får ein haug med halm eller sagflis over seg. Det heile blir utførd med utruleg presisjon og eleganse.

Elevane har tydelegvis nytte av at dei har fått god informasjon som gjev dei nøklar til å forstå det heile. I forestillinga er det to pausar der ein kan drikka brus eller sterk kaffi til trettiseks kroner koppen. Etter den første pausen er diktet som Gertrude Stein sjølv les frå ståstaden sin for sekstisytti år sidan eit dikt ho har skrive og tileigna Picasso:

Would he like it
if I told him
would he like it.
If Napoleon, if I told him
if I told him would he like it
if Napoleon if I told him…

Og vidare eit langt langt dikt, som ein kvinneleg og ein mannleg dansar dansa til kledde i kvitt og svart. Ein slags forløpar til rap og hip-hop. Utruleg stilig, rett og slett.

Heilt til slutt etter to timar med dansing og pausar får elevane oppleva det dei er blitt førespegla kjem til å skje heilt til slutt: Ein heilt naken mann dansar på ein relativt tåkelagd scene med lyssetting frå fire damer med kvar si lykt. Eit av motiva i forestillinga var dette å leva som mann. Mennene dansa for det meste i undertøy medan damene i fleire scenar hadde strame svarte kjolar. kvinnene var dei sterke, mennene dei svake. Det gjer godt å sjå at nokon framstillar verda frå den vinkelen og av og til.

Er det forresten amerikanske menn som går rundt med kvit bomullssinglet, kvit ditto underbukse med høgt liv og kvite knestrømper? Ikkje veit eg, men eg har aldri møtt nokon med slike antrekk under genser og bukse…

Nyfrelste på ballett og opera gjekk me innom ein butikk på vege heim og hamstra kjeks og frukt til ungane. Cashewnøter og mørk sjokolade til dei vaksne vart og kjøpt inn. Etter å ha fulgt ungane til roma deira sat me i vestibylen for å ha litt vaksen samtale og, men augene glapp saman for den eine etter den andre. Truleg sov dei fleste vaksne djupt før midnatt, medan nokre av ungane hadde vett til å utnytta til langt inn i dei små timane att dei var på eit fint hotell med gratis innvendig glasheis til åttande etasje…

Heidi

Opera, Lightfoot og Leon…

Mobilen på vekking kvart over fem på onsdag morgon.
Eg står opp og lukkar kofferten eg lukkast i å pakka dagen før. Ei skål havregryn, ein kopp kaffi og tennene i eit eple. På med kåpe, og sjekka at papira er i orden. Så kjem maxitaxien for å henta meg og dei andre kulturskulelærarane. Me står klare på flyplassen og tek i mot elevane som er trekte ut til å få vera med. Ti på halv åtte er dei der alle saman, og me kan leita oss veg til rett fly.

Heilt problemfritt både lettar og landar me. Me får alle saman inn på flytoget og ut av flytoget. På sentralbanestasjonen står Siri frå operaen klar og ventar på oss.

Elevane våre får ein ballettime med repetitør og ballerina med stripete genser, russisk namn og små prikkete sløyfer på dei slitte ballettskorne. Dei vaksne får vera med viss dei vil, men eg bestemmer meg for at det ikkje er plass til fleire ved barren. Dei får læra bittesmå deler av forestillinga me får sjå i kveld. Trinn til musikk av Air
av Bach og til dikt av Gertrude Stein. Dei høyrer om Paul Lightfoot og Sol Leon som har laga denne og mange andre moderne ballettar. Om at ballettregissøren med det
passande namnet Lightfoot gjev alle ballettane sine namn på S som eit honnør til sin kjære Sol.

Så heldige me har vore som har blitt trukne ut til å vera dei frå fylket vårt som får to dagars opphald på operaen.
Elevane er spente, og det nye operahuset glitrar i marmor
og glas.

Dei vaksne blir tekne med på omvisning. Det går opp for meg at dette store huset har ein kvardagsdal og. Me får sjå oss om og sjå folk i arbeid i systove, på malerverkstad og i sminken. Me kikkar inn i øvingsrom og ser ballettimar. Me ser titals av personar i arbeidstøy med vinsjar og truckar som flyttar appelsintre til Carmenforestillinga og kassar til eit eller anna medan dei utålmodige ventar på at me skal slutta å gå i vegen. Sekshundre menneske har sitt daglege arbeid på huset vert det sagt. Så får me kikka inn i hovudsalen der krystall-lysekrona veg åtte tonn og eikeveggene er ammoniakkbehandla.

Etter middagen i personalkantina der dei ansette et middagen sin i ulike former for arbeidsantrekk, har me eit par timar fri. Eg har ansvaret for fire tenåringsjenter og ein gut. Dei har ikkje tenkt å kasta vekk timane i hovudstaden. Me småspring frå butikk til butikk, og mellomlandar på ein hamburgarplass slik at dei får i seg litt mat før me skal på ballettforestilling.

Heidi

Du er ute…

midt ute i livet faktisk, og der skal du vera. Du er ute og inne på same tid. Du er levande. Du har eit liv mellom hendene, og du er oppfordra til å bruka det.

Pust inn tilliten, pust ut stresset og lev så livet ditt langsomt.

Siste linja er fritt etter Lönnebo. Eg er glad og letta etter at det vesle salmeforedraget mitt, eller kva ein nå skulle kalla det gjekk veldig fint.

Eg har fått med meg kunstutstilling og. Per Odd Aarrestad sine bilete og installasjonar. Det var fint. Leif Andenes, som sat vakt,  fortalde meg om det første han kunne hugsa frå før han var to år:
Tome greiner som laga mønster mot livet.

Heidi

Snipp, snapp, snute…

Så har eg manuset klar til i kveld. Tidsoptimist som eg er, så trudde eg skriva-ned-arbeidet ville gå fort. Det er jo bare 15-20 minutt eg skal snakka… Men temaet mitt er så stort, og temaet det har eg fått ferdig servert, og ikkje laga sjølv.

Med eit manus på fem maskinskrivne A-4 sider i tillegg til fire- fem salmetekstar kjem eg til å slita noko alvorleg med tida. Eg får skjera vekk og stryka ut undervegs. Det blir nok bra. Kanskje eg får forhandla med presten om fem minutt ekstra tid?

Men uansett, eg er i mål. Og på sett og vis har eg møtt meg sjølv i døra. Eller kanskje eg har møtt meg sjølv ved skrivemaskinen eller i det heilage romet.

Eg innser at eg har for lite tid til tekstforfattaren og salmediktaren i meg. “For dagen han er viktig og han kræv oss”, som det står i songen, og så er det ikkje så mykje plass som ein skulle ynskja til andre ting som er viktige og… Kanskje eg må innsjå at det fromme ynskjet mitt om fleire timar i døgnet ikkje kjem til å nå fram i noko handlingskraftig forsamling som kjekt kan klubba inn to-tre timar ekstra sidan eg ber så fint?

Nei, nå har eg brukt tida sidan klokka åtte i dag på å planlegga femten minutt på talarstolen. Nå skal eg gje meg sjølv litt fri. Ein dusj og ein tur ut i sola, det blir nok gode greier. Eg trur eg skal få med meg ei kunstutstilling nede i sentrum. Først skal eg bare…

Heidi

Rygg i rand, to i spann…

seier me taktfast i ei barneregle. Det er såpass vage ord at dei har gitt meg diverse assosiasjonar heilt frå eg var fire år fram til min nåverande ståstad ein plass i vaksenlivet. Eg skal ikkje bruka for stor plass til å filosofera for mykje over det, for det er vel openbart for ein kvar halvvaken lesar at eg for litt sidan bestemde meg for at fragment frå ei alt-og- intet-seiande barneregle skulle passa på dagane mine ei stund framover…

At eg elskar ord, og spesielt ord som betyr alt og ingenting, er vel heller ingen stor overrasking for folk som har lese her ei stund. I dagen i går var det sjølvsagt mykje av både rygg i rand og to i spann. Det var utfordringar å ta ryggtak med og gode sterke ryggar å setja sin eigen rygg i mot. Eg fekk kyssa kjærasten min i veg til Amsterdam, i alle fall via sms. Jan Ivar og eg låg på kvar vår oransje sofa med manuset i den eine handa og kaffikoppen i den andre og konstaterte at jovisst, me har stort sett tak på det stykket me skal ut og turnera med om to veker.

Eg hadde lange og viktige samtalar med Ingrid som ligg sjuk med feber på folkehøgskulen sin. Diverse formasjonar i sosialt samver vart utvida til eit trespann på Kjøkkenet og eit femspann heime hos Gry.
Eg liker å arbeida-, og leva saman med folk. Og eg liker
å vera aleine av og til.

Og dette blir viss det dei på svensk kallar svammel…
Eg prøver å fanga ord i så vage system at dei kanskje høyrer meir heime i ei dagbok enn på ein blogg. Men ein skal då ikkje utelukka at nokon kan kjenna seg litt heime i slikt og.

Det leikar ekstra mange ord i hovudet mitt i dag. I morgon skal eg snakka i kyrkja. Eg skal snakka om salmer, om nye salmer, om eigne salmer, om å skriva salmer og om å oversetja salmer frå ein keltisk tradisjon.
Dette skal eg gjera på sånn rundt rekna femten minutt.
Det er ikkje rart eg då må velja mine ord med omhu, og det har eg tenkt å gjera. Derfor sviv dei rundt i tankane i lange rekkjer og lurer på om eg har bruk for dei eller ikkje…

Martin Lönnebo utfordrar den som vil leva eit liv i tru og tillit til å våga å koma med tome hender. Med det meiner han ikkje at ein skal koma uførebudd til livet og det som krevest, men at ein skal våga å stilla seg open uten eit skjold av å skulla vera flink, vellukka, dyktig, overbevisande og alt det andre ein gjerne vil vera.

Dette vil eg prøva å ta med meg til kyrkja i morgon. Eg vil ikkje prøva å overbevisa nokon om at eg er så frykteleg flink eller vellukka. Eg vil prøva å fortelja kva desse tinga betyr for meg. Eg vil legga orda mine ned på bakken og seia: “Her ligg noko som er viktig for meg. Dersom nokon kan eller vil bruka det så er det fint.”

Ei av salmene mine som eg vil fortelja om, og som er med i det nye salmebokforslaget begynnar med desse orda: “Eg kjem med tome hender og set meg stille ned,
Kyrie eleison, Herre gjev meg fred…”

Men sjølvsagt krevest det litt føreabeid å koma med tome hender og… Det arbeidet skal eg gjera fram til i morgon kveld.

Nå har eg tida fram til då til fri bruk. Eg er aleine med dei to yngste tenåringane mine, og har dagane opne framfor meg. Det kjennest som ein stor luksus. Nå skal eg prøva å tenkja spennande tankar medan eg vaskar og støvsugar…

Og i går fekk eg endeleg kjøpt meg sykkellykt, så nå kan eg sykla trygt når det er mørkt…

Eg funderer på om eg burde skaffa meg ein frittståande blogg og ikkje ta opp så mykje plass som eg til tider gjer på Andedrakt. Eg kan nok få hjelp frå folk i heimen til flyttinga, men eg lurer litt på om dei som stikk innom meg når eg bur her ville stikka innom då og.

Men det blir i alle fall ikkje flyttesjau denne helga!

Heidi