Eg vakna av massive toreskrall. Først tenkte eg i ørska at nokon måtte kjøra ein tung snøplog utanfor vindauget mitt.
Tora slo så huset rista og lyna flerra vinternatta. Så skrudde nokon på den store dusjen der ute, og eg rakk akkurat ikkje å sovna att før vekkerklokka ringde.
Etter kaffi og havregraut tok me bilen til jobb og skule. Elevane kom i regnet, litt ekstra søvnige etter uveret. Bare tre av barna hadde sove seg gjennom torebygene.
Det var godt å tenna lys og starta dagen med høgtlesing og norrøn mytologi medan regn og snø i salig blanding piska mot rutene. Så tok me med oss elevane inn i aulaen der me sat tett i tett og opplevde mellomaldermusikk og gjøgling frå ei gjestande konsertgruppe. Ein av dei var ein skikkeleg dyktig sjonglør og sjonglerte rytmisk med fem ballar til mellomalderrytmer på ei tromme. På skulen der eg jobbar får elevane mange slike kulturopplevingar. Det er så fint at det er slik.
Snart er det meg som skal på turné att, ein miniturné rett nok… Eg trur det blir femte året på rad eg og Jan Ivar skal ut med HC Andersen- stykket vårt til sjetteklassane i kommunen. På fredag skal me finna ut om me framleis hugsar teksten og kanskje sjekka ut at kostyma framleis passar. Dei raude skorne mine må eg prøva å lima med superlim. Solen har slept taket, men sidan raude skor er eit leiemotiv i stykket så er det klart at dronninga må ha akkurat det på føtene om det skal duga.
Heidi
Etter ein lang dag på jobb kom eg heim klokka halv ti og skrudde på fjernsynet. Eg zappa meg gjennom kanalane og tenkte at før eller seinare måtte eg vel finna Barack Obama. Og der var han. Vandrande på avenyen opp til Det kvite hus saman med Michelle. Dei var omgjevne av pansra kjøretøy og livvakter i beste Max Manus- stil og bevæpna soldatar stod langs fortauskantane med ryggen til Obama og ansiktet mot publikum.
Presidenten smilte, eit ope og lukkeleg smil, så vidt eg kunne sjå. Og eg kunne høyra verda pusta letta ut og takka sin skapar for at ein ny president var på plass. I alle fall syntest eg bestemt at det var akkurat det eg høyrde.
Gong på gong vart det snakka om kor ung presidenten var, og visst var han ung, det kunne alle sjå. Så då dei sa alderen hans, og denne fall saman med min eigen alder så var det som om nokon heldt opp ein venleg eventyrspegel for meg og kviskra at eg framleis måtte vera ung eg og…
Nokre gonger overraskar livet. Som når Berlinmuren fall. Ikkje mange år tidlegare hadde det virka utenkjeleg. Eg håpar at den nye presidenten markerer inngangen til ein ny tidsepoke der dei som har makta i verda kan fokusera litt klokare enn det ein har gjort til nå. Det er lov å håpa. Nå har sola snudd og alt.
Heidi
Det var så fint å vera i Frode sin femtiårsdag. Det er noko fint med det å fylgja nokon gjennom livet, treffast med jamne mellomrom, og kjenna at vennskapen både er som han har vore, men samstundes endrar seg fordi livet sjølv endrar seg heile tida. Det var ein glad jubilant som møtte oss i døra med findressen på. Frode har evna til å gle seg oppriktig og inderleg over hendingar og over livet.
Og Ingjerd hadde laga det så fint. Ikkje til forkleinelse av nokon av mine flinke, ryddige, kreative og interiørsterke venner, men Ingjerd har ei eiga evne til å skapa det vakre. Ho har ei sjeldan evne til å omgje seg med estetikk som det gjer godt å vera i. Det er ikkje for ingenting at ho driv blomsterbutikk og er blomsterdekoratør. Måten ho får blomar til å bli små kunstverk er beundringsverdig. Og på badet over det gammaldagse badekaret hadde dei hengd ei smijarnslysekrone med levande lys i.
Me var ikkje så mange i selskapet, så det var mogleg å snakka med alle. Mannen til høgre for meg fortalde at han hadde vore tibetansk buddhistmunk eit år av sitt liv. På ein tur til India hadde han på grunn av misforståingar og mistankar sete i ei fengselscelle med eit handvåpen peikande mot seg i eit par døgn. Då misforståinga var oppklart og han skjelvande gjekk ut på gata for å nyta fridomen støtte han på ein buddhistmunk, og han tok det som eit teikn. Han hadde framleis ein lærar i India som han møtte med jamne mellomrom til åndelege samtalar
dersom eg forstod han rett.
Dei fem døtrene til Frode var alle heime for å ta del i feiringa. Eg har halde dei alle saman som spedbarn, og nå sat dei der og var meir eller mindre vaksne alle som ei.
Medan eg var der forstod eg plutseleg at fortida ikkje er ei lineær greie, ho er ordna i sektorar. Som små tematiske kakestykke ligg dei der og byr på minne som alle som eit kjennest forbausande nye når eg set tennene i kakestykket og smakar i undring på alt eg har vore med på.
Kjærasten min er ein hund etter å prøva ut billige overnattingsalternativ. I staden for hotellet me var blitt anbefalte hamna me i eit billighotell beståande av gamle anleggsbrakker på ein parkeringsplass ved jernbanen i Kristiansand. Ein la sjølv på sengetøyet på sengene, og eg var litt redd for at min kjære som fekk overkøya skulle ramla gjennom sengebotnen og ned på meg i løpet av natta. Brakkene var så innrøykte at eg fekk belegg på tennene av å pusta, og då eg skulle dusja stod eg plutseleg med kaldtvasskrana i handa.
Men frukosten som me fekk mot eit tillegg i prisen på ein
kafé i nærleiken var god. Dei spelte stairway to heaven medan eg drakk sterk svart kaffi og eplejuice. Så kjørte me heimover i snødrevet.
Heidi
og alle ting ved det gamle. Då eg sette meg ned og lurte på kva for nokre tankar eg skulle halda fast på og bloggfesta, dukka det opp ein gammal song frå eg song i kristent ungdomskor på slutten av syttitalet: “Se jeg gjør alle ting nye, sier vår Gud. Amen!” Denne linja vart sungen om og om igjen med eit jublande amen innimellom. Dei som har denne same songen med i bagasjen sin kan nynna på han medan dei les vidare.
Kanskje tanken kom fordi det er nytt år, og då liker me å lata som om alle ting er nye. Me er jo glade i blanke ark og farjestifter tel.
Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å hiva meg på nyttårsløfte i år, men litt inspirert blir ein jo av å lesa på blogger og i aviser kva ulike menneske står fram og seier at dei vil satsa på i det nye året.
Songaren Maria Solheim skriv i avisa Vårt Land at ho pleier å laga seg eit motto for det nye året. Dette året hadde ho eit todelt motto; ro og kreativitet. Det høyrdest jo forlokkande og fint ut. Det var rett og slett eit motto det kunne vore lett å stela.
Første nyttårsdag då eg sette meg ned og las i fred og ro skjøna eg at eg lengtar etter å konsentrera meg endå meir om å ha ein åndeleg dimensjon over livet mitt. Eg vil
gjerne vera lyttande. Eg vil gjerne lytta meir til Gud, til andre menneske, til meg sjølv og til livet mitt. Eg vil gjerne bruka meir tid til å trenga inn i mysteria som kan
omsetjast til sjelestyrke og kvardagsliv.
Helga har kome med mange gode ting. Både på fredag kveld og lørdag kveld var eg i lag med gode venner. Det er så godt å ha venner. Eg er djupt takknemleg for å kjenna så mange fine folk.
Og eg har fått rydda soveromet, rydda ut jula, vaska og herja. Eg har til og med fått vaska dei kvite kjøkkengardina, som snart ikkje var kvite lenger. Eg er veldig fornøgd med det, men eg slit med å akseptera kor mange timar i veka ein er nøydd til å jobba med saka om
huset skal vera nokonlunde reint og ryddig… Noko det forøvrig må innrømmast at dette huset ofte ikkje er.
Inger og eg starta ein gong ei forening til fremme av lenger døgn. Til nå har me ikkje vunne fram med vår kampsak nummer ein… Døgna er og blir for korte. Eg går ut i frå at det på mange måtar er eit luksusproblem. Nå må eg for eksempel velja om eg skal lesa ei bok, rydda kjøkkenet, setja på ein vaskemaskin, skriva meir blogg, brodera på eit broderi eg starta i går kveld, skriva eit dikt, eller rett og slett gå og leggja meg,- som eg djupast sett heilt opplagt burde gjera.
Eg har sett filmen om Max Manus som gav meg mange tankar. Mange tankar sviv og til den innfløkte konflikten i Gaza. Det er eit stort paradoks for meg at verda framleis tyr til vald og våpenmakt etter alle erfaringane me menneske burde ha gjort oss.
Og så har eg oppdatert meg maksimalt på Svartedauden for å kunna gje elevane på sjette trinn ei innføring dei skal hugsa lenge. I tillegg jobbar eg med innhaldet i ei stor tiandeklasseforestilling med tittelen “Blå”. Det er eit omfattande samarbeidsprosjekt med litt andre samarbeidspartnarar enn dei eg etterkvart kjenner ut og inn og rangt og rett. Det er spennande.
Verda er ein merkeleg plass.
Heidi
Etter tre intense dagar på jobb etter ferien, og tre intense jobbedagar før skulen begynte, ser eg bordet under siste rest av papirbunke.
Noko har vore heilt fantastisk, og noko har vore vanskeleg. Ferien er slutt og kvardagane er her.
Kvardagar er fulle av dei meste. Dersom ein bare let dei koma, uten å problematisera så mykje, så har ein mykje spennande i vente.
Halsen har vore vond dei siste dagane, og hovudet er ikkje heilt godt det heller. Men eg har ingen planar om å la meg overmanna av influensa eller tilsvarande styggeskap. Nå skal eg eta appelsin og ta ein varm dusj. Så skal eg leggja meg tidleg. I morgon skal eg leia 14
11-åringar i prosessen å sy seg eit forkle.
Heidi
Så er det tilbake til striskjorte og havrelefse, brukte far til Anne Mette å seia når ein ferie var slutt…
Og sånn bortimot bokstaveleg talt så var det striskjorte og havrelefse frå i dag av. Etter ein juelferie i lettsinn med minimale sperrer for karbohydrat og den slags styggeskap, så skal eg i løpet av denne helga spole meg inn att på den smale stien. I dag var det havregraut og frosne blåbær att til frokost, og det smakte heilt utmerka.
Så var det på med kvardagsklede, som kjendest litt trongare enn før jul, men det skal dei ikkje vera lenge.
Eg skulle stå tidleg opp, men sovna att… Men når eg først hadde kome meg godt og vel på sporet, så har eg brukt mesteparten av dagen til å jobba.
Eg har jobba med tekstane som elevane på skrivekurset mitt har laga. Det er veldig spennande og veldig arbeidskrevande. Når eg les nøye gjennom det dei har skrive kjenner eg på ein måte på min eigen kropp korleis det kjendest å vera tolv eller fjorten år, og vera på jakt etter orda for å beskriva det eigentlege. Den einaste utfordringa med dette arbeidet er at det er veldig tidkrevjande. Eg brukar omtrent to timar på å jobba meg gjennom kvar av mappene, og eg har ti elevar.
Så har eg skrive ei scene til eit skodespel ut frå boka “Jørgen + Anne = sant”, av Vigdis Hjort. Jan Ivar har skrive to tilsvarande stykke, og karer me to til i løpet av helga, så er me i mål.
Dei siste kveldane har me spelt spel her heime. I går var det Minigeni, og i kveld eit slags ordspel. Eg kjøpte ein variant av brettspelet “Alias”, som Odd Christian hadde lyst til å spela, men som dei var utselde for i alle bokhandlane her. Det er kjempekoseleg med spel. Nå er det bare eit par dagar att til ungdomane i huset skal reisa tilbake til skulane sine.
Og som ved enden av alle feriar. Det kjennest vemodig at ferien allereie er ved enden. Likevel kjennest det OK at kvardagane står der og ventar i lange rekkjer ein stad på den andre sida av helga. Som alltid skal eg prøva å tvihalda på juletreet ei stund til. Kvart år ender det med at eg vil halda fast medan dei andre vil rydda vekk. Å gje slepp på er ikkje mitt fremste karaktertrekk…
Heidi
Ofte er eg Martha. Martha frå bibelen. Ho som strever og ordnar og vil hjelpa til så ting kan bli bra. Det hender og at eg er Maria. Ho som set seg stille ned for å lytta etter sanninga.
Det var så fint i dag tidleg. Eigentleg var det ikkje tidleg lenger ein gong, men eg tende alle dei levande lysa og fann fram nokre tidsskrift eg ikkje har hatt tid til å lesa desse travle dagane kring jul.
Først opna eg “Korsvei”. Korsveibevegelsen har på ein måte vore ryggrada i trua mi. Eg opnar bladet og ser bilete frå Milepælsamlinga i sommar, eit arrangement eg ikkje fekk med meg. På biletet er det dekka bord. Eit vakkert bord med tallerknar, lys og stetteglas, på ein av tallerknane ligg ein kristuskrans, bordet er dekka med druer og brød og ein invitasjon til å søka felleskapet kring Jesus Kristus, han som venter på deg med brød og vin og levande vatn.
Eg ser på biletet, og kjenner at eg gjerne ville teke plass ved det bordet. Eg kjenner at eg lengtar til Korsveisamlingane, og kjenner litt sorg over at eg truleg ikkje vil vera der i sommar heller. Eg reknar med at eg skal vera fire veker i Spania. Det blir klart for meg at impulsane frå Korsvei er noko eg vil ta med meg til Spania. I fjor hadde eg bygd barnesamlingane kring det å oppdaga Kristuskransen. Kva det kan bli i sommar veit eg ikkje endå.
Så blar eg vidare i bladet, og kjem til ein artikkel med tittelen “Å leve med en åndelig rytme.” Der står det om noko dei kallar “Den nye klosterbevegelsen”, inspirert av Iona og den keltiske spiritualiteten. Eg kjenner dette er ting som treff meg midt i hjartet. Opphaldet på Iona var noko av det finaste eg har vore med på. Over skrivebordet mitt har eg framleis eit postkort der i frå der det står skrive:
“Holy spirit of God, brooding over Ionas wils restless waters; laughing with the wind`s fury or gentle touch rising with the sun and settling amidst the stars,-
Be present here amongst us. Amen”
I artikkelen står det om menneske som har bunde seg til nokre enkle livsreglar. I Norge finst det i følge teksten ei gruppe som kallar seg Aman Kara. Aman Kara betyr sjelevenn eller medvandrar. Dei som er med har ti reglar dei prøver å rette livet sitt etter. Nokre av desse er : Livslang læring, livsrytme, forbøn, enkel livsstil, omsorg for skaparverket. Dei bind seg til etter beste evne å leva etter desse reglane med fridom til å finna ut kva dei vil legga mest vekt på. Alle får ein medvandrar som ein med jamne mellomrom har samtalar med om desse tinga.
Ei jente fortel om ein anan bevegelse ho har vore i kontakt . Simple Way Community i Filadelphia USA . Dette blir kalla “New monasticism”. Nokre av reglane dei lever etter er: Dela økonomiske ressurser med andre, alltid vera gjestrfri, ta vare på skaparverket, søka å skapa fred i eit voldeleg og kongliktfullt samfunn, leva i kontemplasjon.
Eg har alltid kunna forstå at nokon vel å leva i ein klosterkommunitet. Eg er overtydd om at det finst dybder ved livet som går oss travle og grådige moderne menneske hus forbi.
Eg har ikkje meld meg inn i “New monasticism”, men eg kjenner det rører ved lengten min på ein fundamental måte. Eg trur det ligg noko her som er viktig for nåtida og framtida.
Ved middagsbordet snakkar eg begeistra med familien om det eg har lese og tenkt. Dei ser på meg med litt bekymra bilikk: “Nå må du ikkje bli heilt fanatikar, mor.”
“Dette høyrest litt ut som ei sekt.”… Eg seier at då har dei ikkje forstått kva det dreier seg om, og kjenner at eg til mi eiga overrasking her og nå kunne hatt lyst til å melda meg inn i ei slik rørsle.
Forsåvidt er eg det frå før gjennom Korsvei, men eg tenkjer at eg gjerne skulle vore med i noko endå meir forpliktande der ein systematisk støttar einannan i ein livsstil som er annleis enn den materialistiske og kommersielle.
Og etterpå las eg magasinet Strek, som kallar seg eit sentralstimulerande magasiin om tru, aktualitet og rotfeste. For å ikkje drukna teksten over vil eg bare rett og slett anbefala det. Les Strek og bli klokare.
Heidi
Alt er nytt og alt er gammalt. Det nye året starta så velsigna godt. I går då eg vakna kjende eg meg ikkje heilt frisk, og lurte på korleis det skulle gå med nyttårsselskapet vårt.
Ambisjonsnivået i førebuingane var relativt høgt. Kvelden før nyttårsaften laga kjærasten min og eg skalldyrpaté etter oppskrift frå Eva Mari med reker og lodderogn blanda med løk og dill bada i piska krem og ravigottesaus med litt sitron, salt og pepar og så spedd oppi ei gryte med smelta gelantin, for i følge gelantinplatepakken måtte ein alltid blanda det kalde i gelantinen, aldri motsatt… Me brukte hurtigmiksaren for aller første gong og under over dei fleste trivielle under her i heimen, han vart heilt perfekt.
Dagen etter laga me laksesalat med masse hardkokte egg, rømme, majones og røykelaks. Eg bomma på mjølmengden då eg skulle baka foccaciabrød. Eg tok ein kilo mjøl i staden for ein liter mjøl og måtte kna seks dl vatn med gjær, sukker og olje inn i ein allereie fast deig.
Det er reint utruleg kva som lar seg gjenoppretta av truleg tapte bakverk, er min erfaring denne månaden etter å ha knadd gløymde egg inn i ferdige deigar, og nye porsjonar gjær inn i deigar som ikkje vil heva seg…
Mottoet må bli, gje aldri opp, det er den moralen eg prøver å fylgja når livet elles krøllar seg til, og erfaringa tilseier at utruleg mykje let seg retta opp om ein har pågangsmotet i behald…
Hanne Lise kom med deilig pai, og eg laga ostefat og spekefat og diverse salatar. Men kor var den salte kjeksen? Den salte kjeksen viste seg å vera oppeten allereie av to stykk søner som hadde kost seg i kjellaren.
Koss kunne eg ha klart å gløyma at med fire barn og Spretts slekt og venner i huset så må alt ein har tenkt å bruka til noko lukkast hermetisk i pose og merkast med raud eller svart tusj?
Men lysa var tende og huset var rydda, bortsett frå alle dei roma som eg rekna med at gjestene ikkje skulle inn i, sjølvsagt…
To av gjestene hadde aldri vore hos oss før, og dei sa at me hadde det fint, og det har me når huset ein gong kvart jubelår er vakkert rydda…
Så skulle eg ynskja fint og høgtideleg til bords. Gutane mine fann ut at å senda alle fata var bare tull, me måtte la gjestene gå rundt buffeten på kjøkkenet. Då det var bestemt mista kjærasten min ei flaske øl på kjøkkengolvet, den knuste og ølet spruta ut. Eg måtte halda ein litt lenger tale medan han rydda opp. Så snubla eg i katteskåla slik at tørrforet spratt utover golvet og måtte sopast opp før nokon kunne forsyna seg. Eg ynskte velkomen til nyttårsfeiring hos Mr Bean, og freden senka seg.
Gjestene hadde med kvite tulipanar som vart så fine i den nye kvite todelte vinkelvasen. Den finaste borddekorasjonen var lysestaken me fekk av Astrid og Einar med plass til 24 små juletrelys. Dei var vanskelege å finna, og dyre å kjøpa, men til slutt stod han på bordet med 24 små sølvlys som eg møysommeleg hadde dryppa ned eit etter eit for å få dei til å stå… Lysa brann i halvannan time og var verkeleg vakre, det får bli ein lysestake for dei store anledningane.
For første gong på åtte år trur eg, var Odd Christian heime og feira nyttårsaften saman med oss. Det var kjempekoseleg å ha han heime. Halvard var her og saman med Henrik, og Ingrid og Oddvar dukka opp,ikkje så lenge etter midnatt. Sunniva var på jentefest med åtte venninner og sende meldingar med jamne mellomrom.
I dag var det ein slik føremiddag eg har lengta etter å ha. I tidsavtalen med meg sjølv hadde eg lagt inn at første nyttårsdag skulle eg ta heilt fri viss eg ville. Etter eit bad seint på morgonen tende eg alle dei levande lysa kring englane og julekrubba og i taklampa. Så la eg meg på sofaen og les noko som gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg vil laga eit eige innlegg om det. Me sette på klassisk musikk, tende bål på peisen. Så tok me fri frå god norsk oppdragelse og hadde peparkaker, mandariner og konfekt og kaffi som foreløping frokost til dei andre vakna.
Då det vart liv i dei andre hadde me lang frokost frå klokka middag og utover. Eg har blitt truffen av noko som truleg er ein trend i tida med litt pikante smakar. To gonger denne jula har me fått servert peparkaker med blåmuggost. I dag åt me ost med chilimarmelade og ein blanding av nøter og tørka frukt på to små glas som Liv og Einar var innom med ein dag før jul. Hos Eva Mari og Henrik gomla me sjokolade med chilifyll, og i går drakk eg deilig chili-te, som eg fekk av Synneva til jul.
Ingrid hadde eit lite show ved frokosten med parodiar på livet på ein folkehøgskule, og det var omtrent som å vera der. Endeleg har freden senka seg over huset, og eg har tenkt å nyta dagane til dei store barna mine må reisa i eit langsomt tempo.
Odd Christian og Halvard har vore ute på verandaen og henta seg den gode mandelkaka med gul krem som Liv Karin hadde med i går. Dei ler høgt i kjellaren. Eg trur dei sit under ei dyne og ser på Black Adder. Ingrid er hos ei venninne og ser film, og Sunniva kjem akkurat heim frå overnattingsbesøket.
Nå skal me ut og gå ein liten tur før det blir endå mørkare og i kveld skal me sjå Jane Austen sin “Pride og prejudices” på fjernsynet.
Ha eit godt år alle saman. Måtte alle gode ting skje og skje.
Heidi
For snart skal me ned og sjå på ein engelsk serie som eg rakk å bli hekta på i går. Er litt fortumla etter den lange kjøreturen heim, og kan ikkje koma på akkurat nå kva serien heiter…
Dagane der aust vart veldig vellukka, og eg får ta dei fram att etterkvart. Turen heim gjekk godt og, sjølv om meir enn femti mil i bil er ganske langt på norske vegar på denne årstida. Det er herleg å reisa med store ungar, i mange år var slike turer ei utfordring for kreativiteten i form av eventyr, songar, billeiker og handdokker. Det er bare det at ein fort blir bilsjuk om ein skal sitja og snu seg med ei handdokke på høgrehanda…
Nå når me reiser med bare to tenåringar kan me til og med tillata oss litt ekstragavanse som å stoppa i Bjorbekk av alle stadar, og kjøpa oss kjøttkaker med ertestuing på kafé. Elles vart det andre verdskrigen, Max Manus, bombinga i Gasa og eit høyrespel av Jon Fosse som vart tema for turen via lydbøker og radio.
Nå til gamle England…
Heidi