Gå til innhald

Bankers!

I kulturskulen der eg jobbar har me ei musikkgruppe som heiter Bankers. Denne gruppa er tilrettelagd for menneske med psykisk utviklingshemning. I dag medverka dei på gudsteneste i kyrkja. Dei bidrog med
fløyte, gitar, piano, ulike rytmeinstrument,xylofonar, song og dans.

I tillegg var det øvd inn ei dramatisering over forteljinga om den barmhjertige samaritanen, og ei anna jente med Downs syndrom las dikt.

Slike gudstenester har me ein eller to gonger i året, og dei er dei finaste me har.

Få kan opna menneskehjarte på den måten Reidun med Downs syndrom gjer når ho dansar framfor altaret.

Eg ser det på jobben min i barneskulen og. Dei elevane me har med utviklingshemningar gjer livet varmare stad.

I dag har eg mykje eg kunne ha skrive, men dette vart det viktigste for meg å få formidla.

Snøklokkene blømer, og lyset er vårskarpt, men endå er det kaldt her.

Slipp mine fløyter fri så de kan fortelle…

Heidi

Att döda ett barn.

Denne novella har eg leita meg fram til på nettet fordi eg vil bruka ho på skrivekurset i morgon. Me las novella då eg gjekk på ungdomsskulen, og eg har aldri gløymt ho etterpå. Så fast har teksten spikra seg i hovudet mitt at eg tur det er ein medverkande orsak til at eg aldri har likt å kjøra bil. Tenk om ein skulle koma til å kjøra på eit barn…

Tenk så fort det bare kunne skje, og tenk så forferdeleg å leva med tanken på at ein har gjort noko slikt.

Men heldigvis, dette er ei oppleving eg bare har hatt på det litterære planet og på fantasiplanet. Måtte det aldri skje verken meg eller nokon av dei som les dette i det verkelege livet.

For ei veke sidan kom me glade, fornøgde og veldig forkjøla heim frå Spania. Sidan då har eg laga eit manus av Roald Dahl si fargerike forteljing om Mathilda, starta innøvinga av “Blå” og halde fram med innøvinga av “Med hjartet i handa” og “Snedronninga”. Eg har pusla med klassen min, og nytt å vera saman med dei store barna mine, som har hatt vinterferie. Ingrid reiste på måndag og Odd Christian blir heime til over neste helg. Dessutan, og det er ei stor lettelse og glede kvar gong det skjer, hadde eg null hull hos tannlegen i går.

Eg har svara ja til å halda kurs på ein stor kulturskulekonferranse i september og skjelv litt med tanken på kva eg har sagt ja til, men det går vel bra får ein tru…

Eg kjem tilbake så snart ein av dagane er litt romslegare reint tidsmessig enn dei har vore den siste veka.

Heidi

Fiebre del sabado noche.

“Er det nokon god idé å ta oss med på teater når me ikkje kjem til å forstå eit einaste ord?” lurte Halvard på då me la i veg. Eg var bittelitt i tvil eg og, men det viste seg å vera ein veldig god idé. Sjølv er eg alltid klar for teater, språk ingen hindring… Eg synest at scenografien er noko av det mest spennande når eg ser profesjonelle oppsetningar. Eg er alltid på jakt etter ein eller annan detalj me kan ta me oss i litt enklare målestokk på våre eigne forestillingar…

Som mange sikkert har gjetta seg til etter å ha lese overskrifta, så har me vore på teater og sett ein spansk sceneversjon av “Saturday night fever,” og denne varianten fascinerte meg meir enn John Travolta og co gjorde sist på syttitalet. Det var så mykje song og dans at det var kjekt for Halvard og Sunniva og, sjølv om språket var heilt utilgjengeleg for dei. For å vera ærleg var det fint lite eg og fekk med meg av songtekstar og scenedialogar. Det er utruleg mykje lettare å lesa spansk enn å forstå kva folk seier dersom dei ikkje tilpassar språk og ordvalg veldig til at me er utlendingar som lite skjønar…

Utenlandsturar blir ofte veldig intense mot slutten, for då vil ein ha med seg alt ein ikkje har rukke før då. Til å begynna med synest ein jo at ein har uendeleg mykje tid å ta av. Etter ein sein kveld vart det ein sein frukost i dag. Hotellet her har ein heilt annan standard på slikt enn den første plassen me budde. Bare det å kunna velgja mellom fire fem forskjellige kaffivariantar om morgonen er ikkje dumt…

Dagen starta i Palacio Real, som skal vera de største slottet i Europa med meir enn totusen rom. Romma var barokt oerdådige, mykje i rokokkostil. Då me kom til våpenavdelingen var eg oppriktig lei meg for at eg ikkje kunne ta med klassen min dit. Rommet for rustningar var heilt utruleg. Me har akkurat hatt om mellomalder og riddartid, og eg trur det ville vore midt i blinken for dei å få sjå det eg såg… Det utrulege var at det var moteretningar og ulike stilar i rustningar med svært forseggjorte forsiringar, ornament og fasongar. Og dei stakkars hestane måtte bera tunge rustningar sjølv i tillegg til dei jernkledde ryttarane. Det må ha vore forferdeleg tungt.

Eg fekk forresten i mangel på eigne elevar gleda av å sjå kolleger i arbeid. Det ankom ein stor gjeng elevar som eg antar måtte vera på alder med norske andre eller tredjeklassingar. Dei hadde på seg ein slags fritidsvariant av skuleuniformar med blå joggedressar med kvite striper på sidene og kvite T- skjorter. På ryggen hadde dei ryggsekker. Dei var vel bortimot hundre ungar og hadde med seg fire lærarar. Me hadde nok send med fleire vaksne på ein slik tur. Eg tenkte at det kunne vera spennande å observera spansk skuledisiplin, og observerte at spanske ungar ikkje skil seg vesentleg frå dei norske. Dei var relativt høglytte, og det var tydeleg at det ikkje var tilfeldig kven som stod nærast ein vaksen til ei kvar tid. Det var reint så eg kjende lukta av sagmugg…

Eg er veldig glad for å få alle desse opplevingane i lag med dei to yngste tenåringane våre. Heime blir det ofte til at me trekkjest mot kvar våre aktiviter. I dag vart dei imidlertid permiterte nokre timar etter palasset. Dei var slitne og trøytte i beina, og var lite mota på Prado, det gigantiske kunstmuseet der me kom til stengde dører i går…

Dei to fekk med seg nøkkelkort til hotellet, ei handfull formaningar og litt lommepengar, og så la dei i veg tilbake til hotellet. Dei må jo få prøva seg litt aleine i den store verda, sjølv om eg alltid har motforestillingar til å sleppa taket i dei.

Eg var fullt klar over at viss eg skulle få ein brøkdel av den tida eg eigentleg hadde ønska meg på kunstgalleriet, så var det ein fordel å ha færrast mogleg andre med som garantert ville bli utålmodige veldig lenge før meg. Kunsthistorie er noko av det eg har likt best i heile utdanninga mi. Eg skulle gjerne ha undervist meir i det. Det er stort å få sjå originalverka til Rubens, Goya, el Greco
og Velasques som eg tidligare bare har sett på fotografi.
Før kjøpte eg alltid biletbøker til barna mine fordi eg er så glad i biletbøker sjølv. I dag kjøpte eg ei nydeleg kunstbok for barn. Det kan jo kanskje tenkjast at eg får barnebarn ein gong…

Etter ein liten kvilepause med barna på ein tyrkisk restaurant trava Sunniva og eg gatelangs i nokre timar. Det var endå varmare enn i går. I dag har eg gått utan ytterjakke store deler av dagen. Det blir hardt å koma heim til vinter…

Nå søv dei andre. Det burde eg gjera og. Eg håpar me får dei opp tidleg nok til at me får med oss ein del i morgon før me må setja oss på T-banen med retning flyplassen klokka to. Så gler eg meg veldig til å møta Ingrid når me kjem heim. Ho har vinterferie og skal heim og pugga manus.

Heidi

Rista kastanjer og Benjamin Button.

Det er sikkert fleire enn meg som har kjend seg heilt forvirra dei første timane i eit nytt land: “Kor mykje var det nå pengane var verde her?” “Kva er det dei pleier å seia og gjera når dei skal kjøpa noko?”

Når denne første sjenansen er over blir det i beste fall ei slags kjensle av å ha tak på verda, knekka dei mest nødvndige kodane og kjenna eit minimum av orienteringsevne på gata.

Der omtrent var eg i går, og det kjendest heilt fantastisk.
Me tok metro og buss og fant fram på gata. Eg og Sunniva var ute på handel aleine utan dei andre i fleire timar, og eg konstaterer at Sunniva nok skal klara seg ute i det store spelet. Ho har ei slags medfødd evne til å ta seg fram i verda,
og ho ser ut til å vera mindre sjenert i ukjende situasjonar enn mor si og syskena sine. At det er ho som utan vidare finn vegen dit me skal, er sikkert ikkje noko bombe for dei som kjenner oss.

At sola skein og at det var femten grader ute i gatene, la ikkje akkurat nokon dempar på situasjonen. Me beundra gatemusikarar og eg kjøpte rista kastanjer av ein mann på gata, for det har eg alltid lurt på korleis smaker.

Då dei andre var slitne og trong ein kvil på det fine nye hotellet slik utpå ettermiddagen, fann eg ut at nå var det min tur til å ta ein tur aleine og gjera akkurat det eg hadde lyst til. Det gav meg ei stor kjensle av fridom å vandra rundt i gatene i ettermiddagssola, og bare gjera akkurat det eg hadde lyst til.

Eg kjøpte cappuccino på Starbucks og drakk kaffien medan eg såg ein strykarkvatett spela klassiske prler på gata utanfor. Så vasa eg rundt i bokhandlarbutikker og vurderte
å kjøpa Lars Saaby Christensen på spansk. Eg har kjøpt ei bok om moderne kunst med masse fine bilete som eg klarer å lesa, men der ein stad går nok grensa. Kanskje eit par spanske diktbøker kunne vera tingen?

I området der me bur er det fleire butikkar med påskrifta
“Articules religiosas”. Der sel dei lys, ikoner, kristusfigurar,
rosenkransar, julekrybber og tilsvarande ting. Sjølvsagt virkar desse butikkane som magnetar på meg. Den eine staden eg var inne stod det ei nonne med ei stor krybbe i tre, ikkje krybbe i tydinga stall med mange figurar, men sjølve staden der ein legg Jesusbarnet. Ho rådførte seg med innehavaren om korvidt denne kunne la seg reparera.

I ein annan slik butikk kjøpte eg masse kort med religiøse motiv. Litt interessant var det at ein på same måte som ein kunne kjøpa seg ein helgenfigur av Frans av Assisi eller jomfru Maria, så kunne ein kjøpa ein figur av Mor Theresa eller av ein av dei to siste pavane.

I den siste religiøse butikken eg var inne i kunne ein i tillegg kjøpa seg prestekjolar eller andre liturgiske plagg, Eg såg det var eit stort ope bakrom inne bak disken, og
spurte om det var lov å gå inn dit. Det fekk eg. Der stod det store ikon og store figurar. Det var ikkje nok med at
ein kunne kjøpa seg eit Jesusbarn i naturleg storleik, men den som hadde penar kunne kjøpa seg ein vaksen Kristus eller madonna i naturleg storleik, om ein ville det, kunne ein kjøpa seg ein ridane Jesus på eit naturtru esel. Høyrte eg nokon sei stova heime? Eg kunne nok ha lyst til å kjøpa eit lite ikon… I tillegg var det klede frå Jesu tid, enten til å
bruka i religiøse opptog, eller kanskje til å kle på helgenfigurane i kyrkja om dei trong noko nytt.

Denne katolske frodige måten å tenkja trusliv på appelerer til meg, samtidig som ein del av det kjennest
framand. Frå tidlegare besøk i Spania har eg sett opptog med store helgenstatuer som blir borne gjennom gatene.
Det ser ganske framand ut for oss, men det appellerer vel til fleire sansar enn det ein tradisjonelt aktiverer i norske
kyrkjer. Det var ei fascinerande stemning i desse butikkane. Folk var nærmast andektige. At eg møtte fleire nonner og prestar der inne tyder vel på at butikkane ikkje bare er turistjippo.

Utfordinga frå min venn Martin Lönebo denne veka er å la seg fylla av allkjærleik, våga kjenna på smertene og kjenslene til dei ein møter. Dette er eit utfordrande innspel i dagen når ein er i ein by med mange tiggarar og andre som openlyst strever med livet sitt. Storbyar er staden for dei som promenerer med siste mote og perfekte fasadar, men og for dei som det meste ser ut til å ha gått gale for.
Halvard og Sunniva synest det aller verste er å gå forbi tiggarar som sit der med hundar og kattar i fanget. Innimellom finn eg fram ein og annan mynt og prøver å møta blikket deira på ein anstendig måte. Eg veit at mange nå vil tenkja på svindel og naiv turistar, sjølvsagt veit eg alt det der. Eg veit at ein og annan euro frå meg
ikkje løyser noko som helst problem. Samtidig veit eg at dei som sit der er menneske, og at om nokon av dei skulle vera svindlarar, så er mange av dei menneske det har gått
veldig, veldig gale for av ein eller annan grunn. Kva gjer ein for å sjå andre menneske på ein god måte anten dei nå har minkpels eller tiggarstav?

Me hadde snust opp ein kino med filmar som ikkje var dubba, og i går kveld klokka ti såg me Benjamin Button.
Stolane var behagelege og stod tilbakelente slik at me liksom såg opp på ein stor widescreen. Eg likte filmen utruleg godt. Benjamin Button er mannen som lever livet baklengs. Han er fødd gammal og blir yngre og yngre. Historien er poetisk og varm og vakker. Dei fleste kjenner seg nok litt att i det å leva litt i utakt med menneska rundt seg? Filmen viser og at varme mellom menneske kan dekka over det tenkelege og utenkelege av ting som kan gå gale.

Filmen varte til kvart på eitt om natta. Så gjekk me heim gjennom dei smale gågatene her. Det var faktisk ganske mykje folk ute såpass seint på natta ein mandagskveld. Sunniva hadde far sin ein bskyttande halvmeter bak. Ho får litt meir merksemd frå spanske menn enn det ho set pris på. Ho meiner det skuldast det blonde håret.

Nå er dagen ny, og me skal bruka han. Som alltid er det rift om pc-en me deler på. Men det burde vel ikkje vera noko problem, teksten min er viss alt for lang allereie.

Heidi

Å erobra eit språk…

er ein lang og krevjande prosess. Det var faktisk uventa for meg at pugginga i haust faktisk har gitt meg ei heilt anna forståing av det spanske språket enn eg hadde i sommar. Men det skal og seiast at eg har uendeleg lang veg fram før eg på nokon måte kan seia at eg beherskar språket. Men det kjennest bra å kunna svara “un poco” på spørsmålet “habla español?”

Det var ei veldig god kjensle å vakna i dag å oppdaga at eg ikkje lenger stod i fare for å drukna i eigen snott… Forkjølinga er der framleis, men etter to dagar med heilt tette luftvegar og ein dag med eit ekstraordinært høgt forbruk av papirlommetørklær, så kjennest det bra å vera bare litt forkjøla att.

Me sa farvel til pensjonatet vårt, som eigentleg var ganske sjarmerande, for å bu ein plass med litt høgare standard dei to siste nettene. Me bur nå på Hotel Mario, og det er skikkeleg lukseriøst i forhold til Hostal la Fontana. Her er liljene i resepsjonen ekte. Me har flatskjerm TV på romet. Me har skikkeleg bad og toalett mot ein slags glassboks i matt glas på den forige plassen.
Det er ganske kunstnarisk her på ein litt spesiell måte med store blomar i felt på veggene og ein prismelysekroneaktig sak i foajeen med raude glaskuler.

Me tok oss fram til Prado, det store museet med masse kunst frå 1600- talet, men det viste seg å vera stengt. Det burde me jo ha tenkt på. Det er måndag i dag. I staden for å gå tilbake gjekk me inn på den første og beste bussen som kom forbi. Me har tredagars billettar med buss og metro, og det er jo fint å få brukt dei. Så fekk me oss ein sightseeing heilt på måfå. Til slutt hoppa me av bussen då me såg ein metrostasjon.

I dag har me dyrka litt særinteresser. Halvard har vore på mange musikkbutikkar og eg har vore med Sunniva på shopping. Ho har målbevisst tråla mange klesbutikkar ho hadde sett seg ut i går, og har brukt ein god del av sparepengane på nye klær. Eg gav entusiastiske tilbakemeldingar og haldt ut i fleire timar. Ein stad var det ein slas benk der trøytte ektemenn og andre ledsagarar kunne slå seg ned og sjå på film frå eit moteshow. Menn i Spania ser ut til å vera langt meir opptekne av klær enn dei fleste norske menn eg kjenner. Og med ein del av antrekka ein ser her, som for eksempel kvite silkeskjerf med frynser lett henslengt over skuldere, ville ein nok bi stempla som ein skikkeleg jålebukk heime i gamlelandet. Eg er ikkje heilt sikker på kombinasjonen oransje bermudashorts med rosa skjorte og lys gabardinfrakk over heller… Noko som forbauser meg litt er uttrykka på jentene på catwalken, i tillegg til å sjå anorektiske ut har dei tome litt lidande blikk og ofte sminke som gjer at dei ser sjuke ut… Det er merkeleg at det å sjå sjuk og lidande ut skal vera mote. Eller er det bare meg som ikkje har greie på det og tolkar alt feil?

Eg har vldig mykje å fortelja om, men nå skal me på kino. Me har funne ein plass der dei visar filmane udubba…

Eg kjem tilbake.

Heidi

La tourista.

Eg vakna etter å ha drøymt om rista brød, og då eg vakna lukta det rista brød på heile pensjonatet. Det er små rom her og veldig lytt.

Frukosten som vart servert var sikkert veldig spansk: Te, kaffi, varm melk, mariakjeks, søte muffins og slike butterdeigskaker som på tysk blir kalla griseøyrer… I tillegg hadde dei cornflakes. Frukosten min vart ein kopp svart kaffi.

Me gjekk ut frå hotellet i halv ellevetida og ute var det sol. Me gjekk ned Gran via til Plaza del Sol. Ein del av dei prostituerte jentene frå i går var der endå. Det første ærendeet i dag vart å handla inn ein ny ladning papirlommetørklær. Eg ende opp med ein feminin variant som er lyslilla og lett parfymerte.

Gatelivet er mangfoldig og yrande. Noko som ser ut til å vera ein heller utakknemleg jobb er å stå på gata og selgja lodd. Dei står eller sit ute på gata og ca ein gong i minuttet ropar dei ut kva dei sel lodd for. Eg såg veldig mange av dei i dag, og såg ikkje eit einaste lodd bli seld. Skopussarar e det og mange av, den eine hadde bare ein arm. Den eine eg såg fekk skorne sine pussa likna på Greven av Monte Cristo. Han hadde sånn fornem bart under nasen og hadde på seg svart kappe. Kompisen hans som såg ut til å vera klipt ut frå den same gamle filmen, stod på sida av og røykte sigar.

Ein eldre herre med slips og elegant dress spelte elektrisk fiolin til ltt rocka musikk på metroen medan kona hans stod på sida av og heldt notene for han.

Ein annan relativt stilleståande geskjeft er å vera sølvmann, grønn mann eller ein annan vaiant av levande statue. Dei har me og sett i mange variantar i dag. Dei står de som eande statuer og lear seg bare ein sjeldan gong når nokon gjev dei pengar. Ein meir kreativ variant var ei dame utkledd og sminka som katt som sat i ei stor tønne og mjaua. Med mange minutts mellomrom opna tønna seg såpass mykje opp at me fekk eit glimt av kattedama.

Me har vore på sightseeing på taket av ein opn turistbuss med engelsk guiding og arier på høyretelefonane. Madrid ber preg av å ha vore ein veldig rik by. Eg har aldri sett maken til ekstragavant arkitektur, store slott, kunstferdig anlagde parkar og triumfbuar. Me har ete deilig middag i palmehagen ved den store jernbanestasonen der mammaskilpadder symde rundt i dammen med ungane sine på ryggskjellet. Nå ligg eg og ungane tett i tett under eit ullpledd på den smale dobbelsenga. Me spelar Tore Tang på Sunniva sin i-pod og har ein kvilepause før me skal ut att og oppleva meir. Det er kø for å bruka mini pc-en me har med oss. Nå har eg brukt opp tida mi og vel så det…

Heidi

Gran via.

Me er komne oss vel til Madrid og er installerte der me skal bu dei første to nettene. Standarden er relativt enkel. Sunniva og eg skal dela ei seng som er nokså smal. Halvard og Leif har fått kvar si seng på det som eigentleg var barneværelset. Me fant ut at de var best slik…

Eg er heilt tett i begge øyrene etter flyturen. Eg håpar at det går over etterkvart, det føles som om dei er fulle av vatn, og medan me gjkk opp og ned med flyet høyrte eg både dunkelydar og plystrelydar der inne.

Vel framme i Madrid navigerte me oss til pensjonatet via metrosystemet. Det ser ut til å vera veldig godt ubygd. Før me kom heilt fram dit me skulle, oppdaga Sunniva at ho var blitt fråstolen lommeboka si. Hedigvis var det mindre enn fem euro oppi, og bankkortet hennar fekk me stengd me det same.

Halvard er bleik under fregnene, og seier han har vondt i hovudet og halsen. Me får håpa det går over til i morgon. Det har jo vore ein lang og intens reisedag. I ellevtida var me klare for ein tur ut på byen. Det er tydelegvis karnevalstid, me møtte både djevlar og folk i fangedrakt.

Langs hovudgata stod det fullt av lettkledde unge jenter. Først håpa eg dei bare var akkurat det, lettkledde, eller at dei i beste fall skulle på karneval. Men me måtte snart innsjå at dei nok var prostituerte. Dei fleste såg ut til å vera rundt tjue år, og kunne sjå ut til å vera austeuropeiske. Utruleg trist.

Me fant oss ein stad der me åt Centucky- fried-chicken til nattmat. Så vandra me tilbake til losjiet vårt. Verten tok det med godt humør at ungane hadde låst inne nøkkelen på romet.

Staden me bur på har sin sjarme. Gangen er å smal at det ikkje går an å gå forbi ein annan person der ute. På veggene heng det all slags rare og fargerike bilete samt gule, raude og grøne biletramer utan noko inni. Det som ser ut som mjuke lenestolar er laga av hard plast og dei nydelee orkideane i vasen er av silke.

Eg er spent på kva desse dagane har å by på. Me får prøva å finna akivitetar som passar til både tenåringar og dei som har fyllt førti.

Tintomara har rett i at eg forstår ein del spansk. Det er faktisk ganske oppløftande å oppdaga akkurat det… Eg får prøva å bruka språket- Snakka forresten spansk til ein servitør som svarte meg på engelsk av ein eller annan grunn. Etter tre timar på flyplassen i Frankfurt, er eg litt språkforvirra. Eg har snakka engelsk og tysk og spansk i salig blanding heile dagen. Nå trur eg me treng litt nattesøvn heile gjengen.

Buenas noches!

Heidi

Lufthansa neste.

Nå har flyet me skal om bord i landa. Det er forsinka pga problem før dei tok av i Frankfurt. Får håpa at det betyr at det er ekstra dobbelsjekka…

I ryggsekken har eg fire bøker og to aviser. Det blir fem timar på fly i dag. Flaks at eg ikkje har flyskrekk lenger.
I handveska har eg nasespray frå syster. Håpar det held luftvegane opne…

I alle fall er dei nøye på innsjekkinga. Ein far med ein baby måtte ta ein slurk av termosvatnet han skulle blanda ut med babygrøten for å bevisa at det bare var vatn. I fylgje ryktene er det sol og fjorten gader i Madrid. Det må jo vera eit godt byte mot regn og snøslaps…

Leif kontrollsjekkar om eg framleis kan bøya verbet hablar i presens og imperfecto. Det kan eg faktisk… Oppdaga eg akkurat nå…

Heidi

Forkjøla dronning.

Snøen som låg i to veker har nå regna vekk, i staden var det tett skodde i dag morges då me plukka med oss rose og moldvarphjarte og sette oss i Jan Ivar sin bil. Det var fredag og turnédag.

Eg har sluppe unna forkjøling heile vinteren, men nå i denne veka vart det min tur. Eg har hatt stor tru på råmelkstablettar, og meiner eg har klart å koma meg unna ein del forkjølelse gjennom å knaska på slike den dagen halsen først begynnar å kitla og klø. På onsdag kjende eg at det var på tide att, med kløe i halsen og trykk i biholene, men eg bestemde meg for å stå over karbohydratsjokket i ein råmelkskur. Det fekk heller stå til.

Det var sikkert dumt av meg, for nå er eg skikkeleg nedsylta. Litt ubeleieleg sidan me tek med oss dei to yngste barna våre og dreg til Madrid i morgon, men me har då ikkje tenkt å dra inn årene på grunn av snue…

Eg sa til Jan Ivar at viss dronninga fekk store hosteanfall på scenen, så fekk me legga det inn som ein del av stykket… Det merkelege er at når ein står på scenen så har kvardagslege ting som snue og hovudverk ein tendens til å forsvinna i den intense konsentrasjonen det faktisk er.

Det slår meg som litt surrealistisk når me kjem kjørande med bilen full av kassar, koffert, høgdehoppstativ, laken, lysark og knappenålar og gjev oss ut for å vera skodespelarar. Endå så er det vel faktisk det me er akkurat då, i alle fall Jan Ivar. Han er heilt ekte utdanna
skodespelar. Eg har ikkje meir enn ein forteljareksamen å visa til.

Men særleg glamorøst er det vel ikkje å vera omreisande teatertrupp. I dag gjekk botnen ut av den eine Ikea-pappkassen, og eit par hundre tørka grøne erter trilla ut i
skulegarden. Kostyma fekk me berga frå den same skjebnen…

Etter forestillinga vår, som tek nokså nøyaktig ein time, har me to omgangar med workshops der elevane blir utsyrte med kostyme og spelar “Keisarens nye klær” og “Prinsessa på erta”. Tjue madrassar og tjue ederdunsdyner dreg me ikkje med oss, men det er klart at det blir ikkje rett utan ekte erter. Den erterøskja me dreg rundt med nå, er i alle fall på tredje sesongen… Jan Ivar foreslår at me kokar oss ei god gryte ertesuppe når det er finito og kroken på døra…

Då me reiste heim etter end dagsverk, hadde skodda sprukke opp i ekte vårsol. Det var så fint.

Om våren er komen til Madrid veit eg ikkje, -det er nok tryggast å ta med seg vinterklær så me ikkje blir gåande og frysa. Det blir sikkert fint. Kjærasten min, eg, Halvard og Sunniva skal oppdaga Madrid, og eg har ikkje hatt tid til å tenkja på det endå.

Så får eg sjå om eg hugsar noko av spansken. Eg fekk ein dato i mai eg kunne gå opp att til muntleg eksamen viss eg ville, men trur eg har bestemt meg for ikkje å gjera det. Eg har liten eller ingen tid til å få øvd. På sida av den andre jobben har eg fire store teaterforestillingar framfor meg, den eine er i same veka som muntleg eksamen.

Eg må vel innsjå at ein kan få med seg det meste her i livet, men ikkje alt samtidig. Eg tek viss for meg så det held allereie…

Og nå er det vinterferie i ei veke…

Heidi

The water is wide…

I can`t get over, neither have I the wings to fly…

Eg har eit ærend ned på arbeidsromet. Klokka er halv fire. Eg veit at Sunniva har songtime med Rigmor akkurat nå. Eg passerer døra der dei er. Eg høyrer Rigmor sitt pianokomp og dotter mi si klare songrøyst. “ …and bouth shall row, my love and I.”

I døra er det eit lite rundt vindu. Eg klarer ikkje motstå impulsen til å kikka diskret inn gjennom det. Det ser eg henne stå djupt konsentrert om songen med det lyse håret i hestehale. Som fortrylla blir eg ståande, og eg håpar ingen ser meg stå der og spionera.

Eg kjem på at dotter mi faktisk er utelåst frå heimen. Det har ho ringt to timar før for å fortelja meg. Eg bankar på, unnskuldar at eg bryt av midt i timen, og lurer på om ho vil låna min husnøkkel. Eg skal nemleg ikkje heim frå jobb heilt enno.

Rigmor ber meg om å koma inn. “Kan du ikkje synga den songen ein gong til,” spør Rigmor. “Så kan mor di få høyra kor fint du syng. Hugs å pusta godt når du skal opp på dei høgaste tonane.”

Eg set meg lukkeleg ned på ein stol for å høyra. I mine veldig lite subjektive morsøyrer er det som salve for sjela.
Eg innrømmar det. Barna mine er mitt mjukaste punkt.

A ship there is, and she sails to sea
she is loaded deep, as deep can be.
But not so deep as the love I`m in,
I know not if I sink or swim.

Heidi