Gå til innhald

Stormen raser tung og hvit

sorg og død kom ikke hit… syng solisten vår i glasblåsarbarna…

Akkurat då eg sat der konsetrert om ein prøve på teaterstykket blir eg opprings frå sjukehuset. Det er kritisk for onkelen min. Vil me koma inn? Eg får send beskjed til mor og til bror min som reiser dit i lag med far. Midt i generalprøven ringer telefonen att. Eg spring ut frå prøven. Då er det nokon som ringer feil og trur dei er komne til ein jernvarehandel. Då eg klarer å få kommunisert at dei ikkje er komne til ein jernvarehandel, men til ein privat mobiltelefon, får eg omtrent kjeft fordi eg ikkje er ansatt for å selgja jernvarer.

Eg spring inn att. Prøvane blir litt så som så. Me hadde trengt meir tid til å øva. Det var alle enige i, men me har sett under skje før… Og sett i relieff mot spørsmål om liv og død så blir det ikkje så frykteleg viktig. Likevel kjennest ei stor teateroppsetjing frykteleg viktig når ein står midt oppi det med begge beina.

Akkurat nå er situasjonen stabil inne på sjukehuset, men eg står klar til å dra inn i natt viss det skulle bli nødvendig. Må bare sørga for å vera tilbake på jobb før klokka åtte i morgon tidleg.

Tysdag er dramalærardagen min, så eg hadde to dramklassar om kvelden. I går kveld skreiv eg ferdig eit teaterstykke som eg mista att før eg fekk lagra det. Desse fire sidene fekk eg skrive ned etter minnet før øvinga. Det er alltid irriterande å mista arbeid, men erfaringane tilseier at det som regel blir betre etter andre gongs skriving. Ein får bare bita tennene saman og skriva på ny.

Innimellom all jobbinga var Jan Ivar og eg på Peppes og åt lunsj. Ein tidlegare elev var servitør der, og eg fekk snakka ganske mykje med han. Dei fleste tidlegare elevar ser ut til å hugsa skuletida med glede når det bare får gått litt tid. Leonard Cohen song Everybody knows frå høgtalarannlegget. Samtidig med at me åt og la planar for dramatimane våre send eg sms-ar fram og tilbake til sjukehuset for å bli oppdatert på situasjonen der.

Og livet mitt er ikkje eit teaterstykke. Det bare kjennest slik av og til.

Heidi

Flaksa Mildvêr slår til…

i morgon – får me håpa. I morgon er det øvedag til musikalen og nå bør det meste vera på plass. Me har fått kartlagd at glasblåsaren sin Klas ikkje kan knusa glas på scenen fordi glaset nærmast pulveriserte seg og la seg som tusen små glasskår på heile scenen. Greitt å vita før me slepp inn barbeinte dansarar på premieren liksom…

Nå skal eg skriva litt meir teater før det er på tide å gå inn for landing. Det klør foruroligande i halsen, men eg har ikkje tenkt å bli forkjøla… Ikkje denne jenta nei…

Sunniva strikkar og strikkar, panneband og skjerf til alle vennene sine medan ho les i den nye Harry Potter- boka. Sidene held ho opne med ei hårspenne sidan ho må bruka hendene til å strikka med. Eg kan hugsa eg sat akkurat slik då eg var på hennar alder, og nå gjer ho det same utan nokon gong å ha sett meg sitja slik. Merkeleg kva som ser ut til å kunna gå i arv…

Dette blir nokre spennande dagar på scenen. Kryss fingrane for glasblåsarbarna. Rød eventyrbrus er kjøpt inn. Det skal vera gløymebrus for dei som skal til Ynskjestad. Og eg hadde ein gong ei biletvevrame, men den får Flaksa Mildvêr klara seg utan, for i kveld er ho borte vekk… Har ein mistanke om at kjærasten min kan ha gitt vevrama til Fretex i eit rydderaid. Eg hadde ikkje brukt ho på sånn ca tjue år.

– Men adventstaken min, den burde vera ein stad der nede. gav opp å leita på lørdag klokka seks og fekk ein ny på halv pris. Nokre fordelar har det å vera eit i- siste-liten- menneske.

Heidi

Advent att.

Eg starta dagen med å tenna det første lilla adventlyset. Me var relativt tidleg oppe åg åt frokost i lag, kjærasten min, eg og Sunniva som i dag var det einaste heimesovande barnet. Frå CD-spelaren song Ole Paus: “Det begynner å ligne et liv det der, det begynner å ligne en bønn.” Etterkvart vart Ole Paus avløyst av svingande gospel: “Just a closer walk with thee…”

Eg rakk å laga eplekake før eg gjekk bort til gudstenesta som i dag var desentralisert til skulen som ligg to minutt frå oss. Etterpå haldt eg til ei avveksling fram med å vera flink husmor. Eg bakte ei stor adventkringle, steikte peparkaker av ferdig deig frå Ikea og laga riskrem av ein rest med grøt.

Då gjestene kom var huset bortimot reint og ryddig, og levande lys var tende i lysekrona over spisestuebordet.
Ein vakker dag kjem eg kanskje i mål med alt…

Det er koseleg å tenna lys i mørket. Eg hadde invitert heile familien, men halvparten av dei inviterte viste seg å bli forhindra på ulike måtar.

Appelsiner og mandariner har ein nydeleg farge mot adventlilla og koboltblått. Nå svir augene etter all stearinen som er brend i stova vår i ettermiddag.

Eg har hjulpe Ingrid med å øva til prøve i natur og miljø, og synest lista for kva dei skal kunna ligg relativt høgt. Me prøvde å begripa funksjonen til diverse deler av dyreceller og planteceller, men veit framleis ikkje om eg har klart for meg kva som er mitokondriene sin funksjon. Heller er eg ikkje sikker på om eg har begripe funksjonsforskjellen mellom aerob og anaerob celleånding, eller forskjellen på aktiv og passiv transport av stoffer gjennom cellemembranen, men det er å håpa at sjølv Ingrid fattar så pass at ho kan svara greitt på spørmåla.

Via lekkasjar har det kome fram i media at norske skulebarn scorar endå dårlegare på Pisa- undersøkjinga enn sist. Nå blir det nok ein periode med ramaskrik om kor dårleg norsk skule er. Det gjeld bare å stålsetja seg…
Sjølv meiner eg at norsk skule er betre enn sitt rykte. Det er ikkje alt ein kan måla verken med linjal eller millimetermål.

Halvard har spelt elektrisk gitar i lag med to kameratar heile helga. Dei har starta band og komponert diverse låtar… Nå tryglar han om å få ta privattimar til 300 kr timen til han får plass i kulturskulen. Halvard og far hans har det til felles at når dei blir opptekne av noko så blir dei for meg så reint ubegripeleg opptekne av akkurat det det den stunda det varer. Det er ein form for fokus eg for såvidt kunne misunna dei litt, for eg ser at det er utruleg mykje energi i den tilstanden dei går inn i…

Sjølv er eg nok langt meir sjonglør enn hemul. Eg kastar heller opp nye ballar enn å bruka dagevis med brennglaset.

Heidi

Mørke morgonar.

Eg konstaterer med ei viss undring kor godt eg liker novembermørket. Det brer seg mjukt omkring oss tidleg på ettermiddagen og skjuler ei mengde synder av typen uvaska vindu. Om morgonen er kjøkkenet behageleg mørkt og stearinlyset gjer eit mjukt lys medan kaffien putrar borte på traktaren. I klasseromet les me greske sagn i lys av tende stearinlys medan morgonhimmelen langsomt blir farga med raudt og gull utanfor vinduet.
I går tjuvstarta me på “Julemysteriet” av Jostein Gaarder som me skal starta kvar morgon med i 5B fram til jul.

Dagane mine har fletta seg inn i einannan. Eg har site ved sjukehussenger der nokon er nære ved å døy, og eg har jobba med barneteater. Eg har møtt ein engelsk fotballtrenar til ein lang og intens togsamtale, og eg har vore i Oslo for å jobba med liturgi.

Eg fekk med meg ei vakker teateroppsetning medan eg var i Oslo, og på lørdagen var det julemarknad på Steinerskulen i lag med svigermor og Eva Mari. Eg kjøpte sveitsiske julekaker med trykk av den heilage familien, adventkalender med urtete og visdomsord for kvar dag, økologisk grovbrød og ein stor pose brukte bøker.

Ironien rundt det siste innkjøpet var at kjærasten min i det nøyaktig same tidsromet stod her heime og rydda i bokhyllene våre for å senda ein del av innhaldet til Fretex… Men prinsippet ynskjer eg forsåvidt velkomen. Bruk og gjenbruk er flott, gje vidare det du ikkje brukar til nokon som har bruk for det…

På veg tilbake frå hovudstaden hadde eg den litt spesielle opplevinga å vakna med spysjuke den dagen eg skulle bruka til å reisa heim med tog. Eg kom meg heim… Og det heile føyer seg inn i rekkja av opplevingar som ein gong burde kunna brukast i ei novelle eller ein roman…

Eg har med sorg sagt opp Halvard sine pianotimar. Eg ville så gjerne at han skulle halda fram, for eg høyrer at han kan bli flink, men han har vore så lite motivert i haust at det blir feil både å pressa han til det og til å behalda plassen. Han fekk elektrisk gitar til tretten-års-dagen, og nå er det gitaren som teller. I dag vakna eg klokka halv sju til song og gitarmusikk frå romet og tenkte at det er sikkert rett vurdert å la pianoet kvila ei stund.

Nå går eg inn i ei roleg helg med begynnande advent og rydding i heimen. I kveld skal eg på teater inne i byen med Ingrid og Oddvar. Det blir fint.

Heidi

Sundag på akuttmottaket.

På lørdag då eg skulle besøka onkelen min på sjukeheimen kom dei trillande med han på båre med ambulansen ventande utanfor. Han hadde plutseleg bare mista kontakten med dei som sat inne hos han og det gjekk ein halvtime før dei fekk vekt han til live att. Inn i ambulansen med meg. Svigerinne Gerd tilbaud seg å bli med. Takk og lov for det, tenkte eg. Ambulanse til sjukehuset med ein så sjuk person kjendest ganske skummelt.

På veg til sjukehuset var me innom legevakta. Der kom han seg så pass at dei etter diverse prøvar bestemte seg for å senda han tilbake til sjukeheimen, med sterkare antibiotika enn det han hadde frå før.

Då eg kom på sundagen for å sjå korleis det gjekk, var det same prosedyre. Dei var akkurat i ferd med å ringa etter ambulanse. Eg ringte Gerd som straks tilbaud seg å reisa i lag med oss sjølv om ho var på veg til eit selskap, og eg sa takknemleg ja. Denne gongen bar det heilt inn på sjukehuset med ambulansen. Eg sat på pårørandesetet bak i lag med båra, og haldt pasienten i hendene medan eg prøvde å få han til å pusta roleg.

Så var det venting på akuttmottaket der dei tok prøver og prøver og prøver medan legen lot venta på seg. Med jamne mellomrom kom abulansepersonale trillande inn med nye pasientar på bårer med hjul påfulgt av pårørande med tåreraude auge. For meg var dette ei ny verd. Eg trudde at ein slik plass ville ein veldig raskt bli tatt trygt hand om, men her var det venting og venting og venting. Dei hadde det frykteleg travelt, men klarte likevel å gjera ein ting om gongen utan å stressa.

Det gjekk minst fem timar før legen hadde tid til å forbarma seg over oss, og sju timar før pasienten var innskriven. Eg var glad for å kunna vera der, og sjeleglad for at me var to saman om det. På avdelinga blei han teken veldig varmt i mot, eg kjende kor godt det var å møta varme og omsorg i ein så sårbar situasjon. I dag har eg ringt å snakka med dei, og crp-en er framleis så høg at det er uaktuelt å senda han tilbake til sjukeheimen.

Då eg kom heim i går var det nærare midnatt. Ingen hadde hatt tid til å by oss på ein kopp kaffi, og mat hadde me ikkje fått i oss heile dagen. Eg måtte setja meg rett ned for å laga skrivelekser til komande veke, og sovna av rein utmattelse i det eg kom meg opp i senga. Dagen hadde blitt veldig annleis enn tenkt, men det kjendest likevel ut som om det eg hadde vore med på var viktigare enn noko anna.

Eg hadde ein merkeleg draum. Ein draum med mange fasettar, og då eg vakna kjende eg at draumen hadde fortald meg noko viktig og godt.

Arbeidsdagen har gått betre enn frykta, sjølv om eg ikkje hadde fått førebudd meg så godt som eg pleier. Eg kom seint heim og åt oppvarma god suppe av salt lammekjøt som eg kokte i går føremiddag. Etterpå kledde eg godt på meg, og så sykla eg saman med kjærasten min for å besøka den andre onkelen min. Mellom anna for å informera han om situasjonen på sjukehuset. Ute var det minusgrader, og vegen var glasert med tynn is. Eg tenkte at det som mangla nå var at eg skulle detta på sykkel på glattisen utan hjelm og skada meg. Men me sykla seint og forsiktig og alt gjekk bra.

På vegen heim handla me brød og ost og appelsiner. Nå er det alt langt på kveld. November er ein underleg månad i år.

Heidi

Om å skriva teater.

Eg sit her og prøver å aktivera skaparkreftene i meg maksimalt. Dei eldste dramaelevane våre lengtar veldig etter å koma i gang med stykket dei skal setja opp. Dei vil at det skal handla om ungdomar, og sidan me har bare jenter på den gruppa, må det vera jenter i alle rollane…

Ungdomsteaterstykke er vanskelege å finna. Alle eg las i fjor då me landa på Jeppe på Bjerget, syntest eg var sånn omtrent ubrukelege… Altså blir det å skriva noko sjølv… Eg har lese mange ungsomsbøker dei siste vekene, men finn ikkje så mykje der heller. Jentene foreslår at det skal handla om sjalusi, baktaling, kamp om gutar, og nye klær. Alt det er greitt nok, men eg kjenner at det lett kan bli veldig overflatisk. Eg har ikkje lyst til å utfordra tenåringane til skriva så mykje av stykket sjølv, fordi eg veit at det vanlegvis må veldig mange rundar med bearbeiding til før det blir bra.

Plotet så langt er at det heile foregår i jentegarderoben på ein ungdomsskule. Der kan jenter koma og gå og gøyma seg vekk, og ulike tema kan behandlast. Sjølv vil eg gjerne at det skal berøra litt djupare ting enn det jentene våre har foreslått. Då tenkjer eg på eksistensielle ting som behovet for å bli likt og elska, behovet for noko å tru på, maktesløysa overfor alt som kjennest urettferdig og vanskeleg i verda. Eg veit at mykje av dette sveiv på høggir i meg sjølv då eg var fjorten, men at det er vaskeleg å få det opp til overflata utan at det virkar overpretensiøst og vaksenstyrt.

Eg vil ha noko ein kan le av og gråta over. Noko som vekkjer ettertanke og som både skodespelarar og publikum kan veksa på… Og eg synest det er vanskeleg å legga lista ned…

Og dette skulle eg helst få til i løpet av helga. Nød lærer naken kvinne å spinne, seier ordtaket. Og her sit eg ved tastaturet fullt påkledd med raggsokkar på beina, men open for det meste.

Undulatane våre, William og Pernille kurtiserer kvarandre i det store buret me har lånt av Jan Ivar medan Venus driv jaktøvelsar for å prøva å få tak i dei…

Idear til teaterstykke blir tekne i mot med takk.

Heidi

Stjerneadvokat og biskop i kosmos…

Det er ikkje nokon liten oppgåve å ha ansvaret for ei stjerne!…

Eg siterer Martin Lönnebo, mannen eg fleire gonger har titulert som helten min her på bloggen. Denne uttalinga kom han med på det norske Kirkemøtet onsdag i denne veka. Han prøver med klok ettertenksomhet å mana kyrkja til eit større engasjement når det gjeld å verna om miljøet. La barnebarna sine auga og dei utrydningstrua dyraslaga tena som skriftespeil, seier han.

Miljøvernminister Erik Solheim meiner i same forum at når Gud ser ned på jorda må det vera tre problem som straks spring han i augene; krig, fattigdom og miljø-øydelegging.

Eg sit her klar for kamp samstundes som eg kjemper mot trongen til å ta bilen på småturar når det regnar, er morgon og eg er trøytt og snart skal vera på jobb, når eg skal til butikken og veit at eg skal bera tungt… Alt for ofte
blir resultatet av diskusjonen med meg sjølv at eg tek bilen…

Fleire bloggarar på hypodea har skrive om miljøvern og forbrukssamfunnet i det siste. Eg tek det som eit teikn på at dette er noko som rører ved oss og all vår gode vilje, men at me ikkje alltid klarer å leva opp til ideala våre.

Kanskje mitt minimale bidrag til ettertanke i dag får bli å prøva å laga liturgiske bøner til bruk i gudstenester med fokus på miljøvern. Det trengst nemleg slike.

Og oppfordra lesarar av denne teksten til å bretta opp armane? Kanskje det… Eg får prøva å begynna med meg sjølv i alle fall…

Og overskrifta var eit Lönnebo- sitat det og. Han utmanar folk til å skjøna at det trengst stjerneadvokatar i ordets mest bokstavelege forstand. – Og ein og annan biskop i kosmos som ser det som si hovudoppgåve å kjempa for ei sjuk jord med stadig høgare feber.
Heidi

Oh I`m just a weary pilgrim…

…walking in this world of… surprises…
Det er full fart på scenen. Den scenen som rett og slett er livet mitt. Kanskje nokon av dei som les dette har hatt den rare opplevinga av at livet plutseleg liknar på ein sit-com? Eller noko med sterkare strømingar av finsk fjernsynsteater? Men i botnen av alt finst det sterke rolege draget av vemod og kjærleik og liv og estetikk…
Meir presise ord finn eg ikkje akkurat nå.

Ei eg kjenner er i ferd med å leva siste kapittelet i livet sitt, og ho rapporterer om at ho er blitt sikker på at det likevel ikkje er endestasjonen.

Ein onkel av meg er og alvorleg sjuk, og den siste veka har eg site tre gonger ved sjukesenga hans. Den eine gongen var han sjuk i dobbel forstand. Han hadde fått ein infeksjon med høg feber og låg i senga og skalv av frost. Han ville absolutt ha på seg den røde ullkåpa mi fordi han fraus slik og hadde ikkje meir varme klede, tepper eller dyner å ha på seg. Eg tulla kåpa rundt han utanpå dyna, men klarte heldigvis å lura ho vekk frå senga att før han kasta opp over heile dyna si.

Alt dette gjer at det kjem sterkare for meg enn vanleg kva livet eigentleg dreier seg om, og kva som er viktig.
På same tida står eg med begge beina planta i ei verd av sprell levande ungar, varme klemmer, store små konflikter, lått og gråt. Dei et av kreftene mine, men dei gjer meg ei intens kjensle av å vera levande, og eg får mykje energi tilbake.

Om kveldane dansar eg salsa med kjærasten min på stovegolvet, eg gjer i alle fall tapre og oppriktige forsøk på å dansa salsa… Om morgonane tenner eg stearinlys og er på reise i lag med Odyssevs og femteklassingane mine. Eg let meg oppriktig fascinera av greske heltesagn, og elevane mine lyttar med vidopne auger og øyrer. Eg håpar at klokka skal gå verkeleg seint, slik at me får vita korleis det går når Odyssevs skal til underverda for å møta dei døde, før me i anstendighetens namn må ta fatt på desimaltal og avrunding til heile kroner…

Nå i kveld har eg vore på pilgrimskveld og fått undervisning i keltisk spiritulitet og kristendomsforståing. Eg let meg inspirera av dogmet at alle ting heng saman og at livet og alt det som høyrer livet til er heilag. Me såg lysbilete og eg kjende at eg verkeleg lengta tilbake til Iona, pilgrimsøya eg besøkte for fire-fem år sidan, må det vel ha vore. Nokre av lysbileta var der i frå. På øya Mull, frå der me tok fergja over til Iona, kjøpte eg meg fire skrivebøker med glansa omslag i blått, turkis, raudt og lilla. Dei står framleis på skrivebordet mitt , og dei er så fine at eg ikkje har hatt hjarte til å bruka dei til noko. Dei skal liksom brukast til noko som er firdelt og heilskapleg samtidig, hadde eg tenkt…

På veggen over skrivebordet mitt har eg eit postkort med keltisk dekor og ei villgås frå Wild goose community på Iona. Der står det fylgjande:

Holy spirit of God
brooding over Iona`s wild
restless waters;
laughing with the wind`s
fury or gentle touch
rising with the sun
and settling amidst the stars-
Be present here amongst us.

Amen

Heidi

Ei hand å halde i…

I dag har handa mi vore ei halde-seg-fast- i -hand.
Det gjer vondt å vera sjuk og redd og gammal og nesten blind. Det er ikkje vanskeleg å forstå. – Og det gjer vondt å sjå at nokon du har kjend i heile ditt liv har det slik.

Så fint midt i alt å eiga hender som kan stryka over kinn og hår, som kan trøysta og halda fast. Det er rart å vera den vaksne. Å sjå at fleire av dei som var vaksne i min barndom, vera dei som er gamle og treng hjelp frå meg som er vaksen og vel så det enten eg likar det eller ikkje.

Nå i kveld har eg skrive ferdig teaterstykket med Astrid Lindgren figurar. Så i kveld har eg vore innom Katthult, Mattisborga, Bråkmakergata og Dei Grøne Engers Øy. Astrid Lindgren sitt landskap er så vakkert. Og historiane hennar er langt frå gått ut på dato sjølv om dei er gamle…
Rett nok blir det diskutert her til lands om faren til Pippi bør pensjonerast som negerkonge og forfremmast til Sydhavskonge…

Stykket kan fungera bra trur eg. Nå står bare arbeidet med skodespelarar, kostyme og scenebilete att. Til mi overrasking vart tenåringsgruppa vår skikkeleg misunnelege. Dei ville ikkje spela stykke om triviell tenåringsproblematikk. Nei, dei ville heller vera Pippi og Maddicken dei og og opptre for barnehagar og småskulebarn. Ganske tankevekjande eigentleg…

Heidi

Hør hvor det stormer der ute…

her er det fredfullt og tyst… Som dei syng på bedehuset…
I alle fall gjorde dei det før i tida…

Og det stormar verkeleg. Så pass at mi kjære niese på veg heim frå Bergen må overnatta på ei bilferge, som må ligga til kai i natt, fordi dei ikkje vågar seg ut på sjøen. Dei hadde fått utdelt kvar si dyne samt mat og drikke…

Eg er i mål. I mål for denne arbeidsveka i alle fall. På sundagskvelden var eg på jobb til midnatt, for å førebu foreldresamtalane, og dei andre kveldane denne veka har eg vore på jobb til åtte, ni og ti. I dag rakk eg ikkje ein gong å gå ut for å få meg mat mellom slaga. Heldigvis så hadde nokon hatt eit møte, og det var restar av salat som eg gafla i meg ståande, medan eg kokte kaffi til møta mine.

Foreldresamtalar er krevande og flott. Det er så fint å bli betre kjend med foreldra til desse som eg brukar så mange timar saman med kvar dag. Eit klasserom romar eit interessant, fascinerande og spennande lite samfunn, der det meste kan skje…

Eg har fått “bekymringsmeldingar” frå folk om at tempoet mitt har vore i høgaste laget i det siste. Slikt tek eg på alvor, men eg kjenner meg langt mindre sliten enn eg gjorde for ein månads tid sidan. Eg synest at brikkene tek til å falla på plass. Visst er det energikrevande å jobba med ungar, men ein får veldig mykje energi tilbake frå dei og.

I dag har eg hatt ein kreativ arbeidsdag som begynte med greske sagn. I lyset frå eit tend stearinlys i ein mørk morgontime, fulgte me Orfeus til underverda, der han spelte lyre for å få med seg Eurodike tilbake til dei levande. Etterpå grøssa me saman med kong Midas, då han skjøna konsekvensen av at alt han tok i kom til å bli til gull… Eg har laga keramikkrelieff med livsens tre på, og hatt teaterundervisning med ei aldersblanda gruppe. Eg avrunda skuledagen med å ta med meg seks elevar for å laga vafler og lappar til dei andre som er med ¨på teaterprosjektet.

Vel heime hadde eg ein lang prat med eldsteguten på telefonen, før eg laga meg ei kyllingsuppe med karri som var så sterk at ho omtrent gjorde vondt å svelgja. Nå sit eg her og kosar meg med tanken på at eg har fri i morgon… Eller i alle fall skrivedag, og dei to begrepa er sånn omtrent synonyme for meg. Truleg kjem det til å regna og blåsa så mykje at ein med godt samvit kan halda seg inne heile dagen…

November er ein merkeleg månad…

Heidi