Gå til innhald

Merkeleg logikk…

Sidan eg har så mange tekstar eg ville likt å skrive og så lite tid til å skriva, så har eg kopiert ei liste. Merkeleg logikk…

1. Navnet på læreren du hadde i 4. klasse:
Terje.

2. De siste ordene du sa til pappaen din:
“Ha det, me snakkast.” (Då eg besøkte han og mor i går kveld.)

3. Siste sangen du sang:
Avslutningssongen på lærarrevyen me øver på.
“Rundt i heile verda står skular og ventar, tålmodige natt etter natt, på at det skal lysna og klokka skal ringa og ungane skal kome att… “ (Sitert etter minnet til melodien Levende lys.)

4. Siste person du klemte:
Tommy, ein av elevane mine.

5. Den siste tingen du lo av:
Ein replikk frå ein elev.

6. Den siste tingen du sa:
“Ja litt.” På spørsmål frå Ingrid om eg hadde pengar.

7. Den siste gangen du gråt:
På barnevelsigning i frelsesarmeen.

9. Hvilken farge er det på sokkene dine:
Svarte, eg tok det på meg med vemod for ein halvtime sidan etter tre barføtte månadar.

10. Hva er under senga di:
Ingenting, trur eg. Men på golvet ved sida av…

11. Når våkna du i dag:
Ti på halv sju. Kjærasten min sa ho var ti på halv seks, men retta seg etter fem sekund. Så vart eg snytt for den timen eg trudde eg kunne halvsova.

12. Hvilken smak har du i munnen nå:
Plommer. Har fem steinar i munnen endå.

13. Hvordan er håret ditt akkurat nå:
Utslått som alltid og litt flokete.

15. Hva irriterer deg akkurat nå:
Er ikkje så irritert av meg. Kanskje rotet på kjøkkenbenken?

16. Hva savner du akkurat nå:
Odd Christian, eldsteguten min som er flytta til Bergen.
Og den lange fine sommaren som akkurat nå held på å drukna i haustregn.

18. Hvilken bakgrunn har du på dataen akkurat nå:
Bilete av ein av kattane våre, trur eg.

19. Hvilket instrument skulle du ønska at du kunne spille:
Saksofon, tverrfløyte og piano.

20. Favorittfarge®:
Det meste bortsett frå svart, kvitt, grått og marineblått.

21. Hvor høy er du:
1,62

22. Favorittord/setning for tiden:
Prøver å slutta med å seia “fantastisk” heile tida. Det var ein uvane eg oppdaga i sommar.

23. Favorittbok:
Akkurat nå “Veven” av Martin Lönnebo, men lista er uendeleg lang.

24. Favorittårstid:
Vår, sommar og haust.

25. Hvordan blir karrieren din:
Er veldig fornøgd med å jobba i skule og kulturskule, fortelja og laga teater. Håpar eg får skrive nokre bøker etterkvart

26. Hvor mange unger vil du ha:
Eg har fire, men skulle helst hatt minst to til.

HAR DU NOEN GANG..

27. Sagt ?jeg elsker deg”:
Ja, men oftast med andre ord.

28. Kranglet/sloss med hunden/katten/fisken/fuglen din:
Blei klort av katten då eg prøvde å pressa i han ein ormetablett.

29. Vært i New York:
Nei

30. Vært i Florida:
Nei

31. Vært i California:
Nei

32. Vært på Hawaii:
Nei

33. Vært i Mexico:
Nei, men har vore i Tanzania. Måtte bare få sagt det.

34. Vært i Kina:
Nei

35. Drømt noe skikkelig rart, og så opplevd det dagen etterpå:
Sonen min lærte å sykla i drøyme. Han drøymte at han lærte det og kunne om morgonen!

36. Er du forelska i noen:
I alle fall veldig glad i ganske mange.

37. Hvilken bok/bøker leser du nå:
“Etter Kairo” og “Veven”

38. Den verste følelsen i verden:
Å ha skada nokon.

39. Hva er det første du tenker når du våkner om morgenen:
“Kor mykje er klokka?”

40. Hvor mange ganger ringer telefonen før du tar den:
Det kjem an på kor raskt eg finn han…

41. Framtidig datters navn:
Anna Sofie. Jenta som skulle heita det vart ein gut…

42. Framtidig sønns navn:
Johannes. Men då må det bli eit under som med den bibelske navnebroren.

44. Hva har du på deg når du sover:
Det kjem an på kor kaldt det er. Oftast nokså lite.

45. Hvor er du:
På arbeidsromet.

46. Hvor skulle du ønske at du var?:
Har det bra her.

47. Piercinger:
Hol i øyra (Brukar mest aldri øyrepynt for eg er så allergisk mot det, og dessutan dekker håret øyrene.)

DIVERSE
48. Hvilken sjampo og balsam bruker du:
Den eg finn når eg treng. Grønsåpe viss eg ikkje finn nokon når eg treng…

50. Hvem er den siste personen som ringte deg:
Sunniva.

51. Hvor vil du gifte deg:
Blei gift for tjueein år sidan i Gjesdal kyrkje

52. Hvis du kunne forandre hva som helst med deg selv, hva ville det vært:
Eg ville lagt av ein heil del kilo, sånn ca tjuefem tenkjer eg, og tenkt at det hadde vore ei interessant erfaring å ha bore på dei-

53. Hater:
Ingen

54. Vært forelska:
Ja

55. Er du presis:
Eg prøver. Eg er i alle fall flinkare enn før.

56. Har du jobb:
Ja, i ein fjerdeklasse, i to teatergrupper og på eit skrivekurs.

57. Liker du å være rundt folk:
Ja

58. Den beste følelsen i verden:
Å vera levande og engasjert. – Å halda nyfødde barn.

59. Er du en helsefreak:
Nei. Har dessverrre (?) ikkje anlegg for fanatisme.

60. Har du en spesiell type personer som du går etter:
Eg likar stort sett alle slags menneske. Men eg blir tiltrukken av at folk er opne, glade, nysgjerrige. entusiastiske, musikalske og kreative.

61. Er du ensom akkurat nå:
Nei.

62. Vil du ha unger:
Ja!

DE SISTE 48 TIMENE HAR DU..

63. Kjøpt noe:
To brød, fiskekaker, dopapir, purre, gulrøter, mjølk og tre par svarte sokkar.

64. Vært syk:
Nei. Har faktisk kjend meg litt kvalm i dag, men trur det skuldast at oppstarten på nytt skuleår har vore så intens.

65. Sunget:
Bolla Pinnsvin og lærarrevysongar.

66. Sagt ?jeg elsker deg?:
Nei, ikkje direkte i alle fall.

67. Har villet sagt til noen at du elsker dem:
I utvida betydning.

70.Gått videre:
Går vidare heile tida… Trur eg i alle fall…

69. Snakket med noen:
Ja, veldig mange.

70. Hatt en seriøs prat:
Ja, opptil fleire.

71. Savnet noen:
Ja, Odd Christian. Sjå punkt 17

72. Klemt noen:
Minst ti stykker.

73. Kjeftet på noen:
Ikkje direkte kjefta trur eg, men snakka bestemt til rette gjorde eg nok på jobben.

74. Drømt om noen du ikke kan være med:
Nei

Heidi

Når hausten kjem…

…og sistkveldskløva henta, då ska e takk for sommarn som e fekk…

Eg sit her klokka eitt på natta med kvitmaling på fingrane og malingsflekkar på den utvaska blå T-skjorta og den blomstrete kortbuksa. I dag er det siste kvelden eg kan sitja oppe lenge og vita at eg kan sova lenge… I overmorgon er ferien slutt, så det ville ha vore heilagbrøde å gå og leggja seg…

Dagen har vore ein god og roleg dag i forkant av semesterstart. Eg har vore på møte på skulen om alle teaterstykka me skal jobba med i år. Det kjennest godt å ha det på plass. I tenåringsklassen på drama har me bestemt oss for å jobba med klassikarar i år. Det høyrest ganske sprekt ut, så eg håpar me ror det i land.

Verdens mest serviceinnstilde optikar bur i min eigen vesle by, det er eg overbevist om. I løpet av det siste halve året har eg kome tre gonger fortvila til han:

Eg kom med ei brukken brilleinfatning: I staden for å benytta anledningen til å prakka på meg dyre nye briller som eg bare måtte ha, fann han ei litt mindre innfatning han hadde på sal og skar dei gamle glasa til så dei passa. Dette gjorde han på overtid, og i mellomtida fekk eg låna eit par briller slik at eg kunne sjå.

Eg kom med eit par kringlevridde briller som resultat av eit basketak med ein elev som hadde ein dårleg dag. Brillestengene peikte i kvar sin retning og heile innfatninga var bøyd og forvridd. Han varma dei opp og bøydde dei på plass som gratis service og bad meg helsa eleven.

I dag kom eg med ei brekt brillestong igjen. TIlsynelatande utan grunn bare brakk ho i går kveld då eg skulle ta av meg brillene. Han sjekker då ut om han har eit par briller i butikken han kan skru ei stong av, men ingen passar. Mannen ringer leverandøren og spør om å få tilsend ei ny stong, og det lovar dei å gjera. Så tek han brillene mine med inn på verkstaden, spjelker og teiper slik at brillene blir brukbare til eg får ny stong i morgon.

Elegant i taklinga var han og sist eg var til synstest. Han sat med sånn lampegreie og lyste leeenge inn i auget mitt.

Eg: Nå må du enten slutta å lysa eller fortelja korfor du
gjer det. Du skjønar: Eg er hypokonder og
begynnar å lura på om du ser ein svulst der inne.

Han: Neidå, neidå, neidå. Dette ser så bra ut så. Eg må
bare ta meg god tid og gjera jobben skikkeleg…

Eg: Beklagar. Det er sikkert det tåpelegaste utsegnet
du har høyrt på lenge…

Han: Neidå, ikkje i det heile tatt. Eg er hypokondar sjølv
og skjønar akkurat kva du meiner

Eg utropar med dette optikaren min til min kvardagshelt.

Jan Ivar, min kvardagshelt nummer to i dag, kom innom i ettermiddag for å driva medisinsk kattebistand:

Cleopatra, den korthåra katten vår har sidan i vår av og til vist blunkehinna på auget. Dette tyder på eit eller anna helseproblem, så me har kontakta dyrlegen som ordinerte ein ormekur fordi det kunne vera problemet.

Greitt nok å seia, men å få i henne tabletten har vist seg å vera umogleg. Ho finn han godt gøymt i yndlingsrettane sine, og spyttar resolutt ut. Jan Ivar lova oss å gje assistanse, men i det han ankom huset må katten ha hoppa ut eit eller anna takvindu, for ho var som sunken i jorda. Lille langhåra Venus var derimot heime, og for sikkerheits skuld fekk ho tablett ho og. Jan Ivar demonstrerte roleg korleis han haldt katten, fekk inn tabletten og fekk ho til å svelgja. Det såg kjempelett ut, og katten mol fornøgd medan han utførde operasjonen…

Sjølv om me bestakk eksperten vår med kaffe, is og eplekake for å halda på han lengst mogleg, fann ikkje den forsvunne katten det for godt å dukka opp. Me lokka og leitta og ropa, men ingen Cleopatra.

To timar seinare kom ho slentrande ,og kjærasten min og eg hadde jo lært korleis det skulle gjerast… Me sette i gang, den eine haldt og den andre stappa inn. Men katten låste kjevene fast igjen. Då me klarte å bryta opp munnen freste ho og spytta ut. Til slutt var me redde for å brekka kjeven eller nakken på henne i forsøket, så måtte la henne gå… Tabletten ligg ein trygg plass i fall helten med dei rette handgrepa dukkar opp att…

Bonusen med besøket var at Jan Ivar hadde med seg vesle Hedvig. Ho er i ein utruleg nydeleg utviklingsfase og sat med store auge i kvit sommarkjole og med små nakne føter på sida av meg i sofaen, og studerte ivrig alt ho fekk i hendene. På føremiddagen fekk eg besøk av Jon som hadde med seg vesle Vetle som er eit par månadar eldre. Han var så langt komen at han slapp taket i bordet og stod og svaia og vakla i dei første prøvande forsøka på å gå på eigne bein. Så de som lurer på om det ikkje er på tide å skru ned trappegrinda frå trappa mi: Eg skjønar ikkje kva de meiner…

Elles så har eg handla litt og malt på kjøkkenet. Eg har høyrt på jazz og blues og knaska i meg frosne bær rett frå fryseboksen. Og før eg lukka døra, fekk eg dekka til geleskålene med jordbær og bringebærgele som Ingrid har gjort klar til i morgon. Det er ille nok for myggen å bli sitjande fast i våt maling om dei ikkje skal drukna i varm gele og…

Heidi

Ingen er så trygg i fare…

I dag var eg me på noko som var heilt nytt for meg. Det fekk meg til å gråta for tredje gongen denne veka. Er eg i ferd med å bli eit nytt og meir sentimentalt menneske?

Eg har vore på barnevelsigning i frelsesarmeen. Gerd og Borghild skulle dit i samband med at eit barn i familien deira skulle velsignast, og dei spurde om eg hadde lyst til å vera med. Då kjærasten min høyrde kva eg skulle ut på, hanka han med seg kameraet og ville i frelsesarmeen han og. Det var fullt i lokalet då me kom, og me vart ynskte velkomne av ein liten gut med songbøker.

Til vakker musikk fekk me sjå ein biletserie om eit lite ufødd barn på storskjerm framme i lokalet. Det var desse heilt utrulege bileta frå inne i livmora som alltid får meg til å undrast på korleis i all verda dei kan få til å laga med naturtru fargar der inne frå mørkret.

Etterpå kom tre bestemødre fram og tende lys for dei tre nyfødde, rosa for jentene og lysblått for guten. Så las dei kvart sitt bibelvers for barna. Barne vart velsigna framme på podiet av ein mann i uniform som haldt dei slik at me kunne sjå dei og det vart bedd for liva deira og at dei måtte skånast for alt vondt.

To av bestefedre, begge i frelsesarmeuniform kom fram og song duett for barna. “Ingen er så trygg i fare. “
Det var noko nakent ved det heile som rørde meg djupt.

Så var det alt det strengemusikk med mandolin og gitar og godt vaksne folk med glade ansikt og med alvorlege ansikt. Barna i lokalet fekk koma fram og synga for babyane som hadde blitt velsigna. Som takk for innsatsen fekk dei ei eske drops kvar som dei vart oppfordra til å eta under talen.

Under kollekten song me ein song som eg kan frå eg gjekk på sundagsskulen. Eg trudde han forlengst var gått ut på dato for kva som var politisk korrekt:

Så vil jeg da være så hjertegod og snill mot alle her.
Vil vise hvor glad og fornøyet Guds lille barn dog er.
Et solskinnsbarn, et solskinnsbarn,
Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn.
Et solskinnsbarn et solskinnsbarn, ja det vil jeg være for han.

Som sagt, eg plar aldri å vera i på slike møte, men det var godt å vera der. Eg vart rørt over dei nyfødde barna, og over alle dei som stod der i uniform og vil bruka livet sitt til noko så lite fancy som frelsesarmeen med alt det som det inneber. Det må framleis vera håp for verda.

Og nå vil eg ta Sunniva og ei venninne med til sjøen for å bada. Etterpå kan det tenkjast at eg inviterer nokon hit på vafler og eplekake.

Heidi

Vesle Daniel, farvel, farvel…

Me har slept store tunge bagar og ryggsekker til hurtigbåt-terminalen. Han åt sjokoladepudding med vaniljesaus til frokost, og på Narvesen-kiosken på kaia kjøpte me blad og cola. Før eg betalte, la eg ein pose skumbilar oppi posen fordi han alltid har likt det så godt…

Han klemde oss, som ein skal gjera i slike anledningar, og så måtte me springa, for far hans skulle administrera ei golfturnering. Han stod att på kaien med førti kilo bagasje, i kvit hettegenser, dongeribukse og kvit nyvaska caps og vinka til oss. I bilen sende eg ein sms til han, og fekk faktisk svar, sjølv om han hadde advart meg om at han ikkje kom til å svara på alle meldingane mine…
Og så er han flytta.

Ikkje vesle Daniel som det står så rørande om i songen
av Jakop Sande om Vesle Daniel som skal ut i verda, og om mora som bekymra går gjennom reisekista hans og legg salmebok og testament på toppen… Men eg identifiserte meg litt med mor hans då eg sat og la opp den nye dressjakken hans litt på armane i går. Ikkje meir enn to cm, for eg kunne ikkje bretta heilt inntil dei tre knappane nedst på ermet. Og på toppen av bagen hans la eg oppi WWJD- armbandet hans, som han hadde lagt att på badet…

Ikkje skal han ut på vide hav heller, eldsteguten min. Han er bare flytta til Bergen for å ta lærarutdanning. Og i fjor budde han og borte og gjekk på folkehøgskule. Likevel kjennest det litt annleis nå. Eg veit at det er ganske stor sjanse for at nå flyttar han aldri heim til oss igjen, og til mi eiga overrasking må eg svelgja litt på ein klump eg har i halsen og tørka meg litt under augene.

Visst er han vaksen, tjue år om tre veker. Dessutan skal han dela bustad med ein kamerat heimefrå, og han kjenner ein heil del folk i byen han skal bu i. Det er ikkje synd på han i det heile tatt. Men alligavel… Det er dette med å sleppa taket. Fly ut og lev ditt eige liv, liksom…

Og det burde han kunna klara godt. Heldigvis har eg tre barn att heime, så det er vel ikkje synd på meg heller…

Heidi

Sorgen og gleden de vandrer til hope…

Gravferda i dag var ei sterk oppleving: Som mannen til den avdøde sa: “Ho var ein person som vart glad i alle ho møtte, og som ynskte alle menneske alt godt.” Dette trur eg er heilt sant. Ho utstrålte ein varme som eg sjeldan har sett i same grad hos nokon, og ho fekk alle til å kjenna seg vel saman med henne. Nye bilete fekk eg teikna på netthinna. Ein av dei som hadde jobba i Etiopia saman med henne før ho gifte seg og fekk barn, fortalde korleis ho hadde pleidd å ri på eit muldyr for å koma seg ut til landsbyane der ho meinte folk hadde mest bruk for hjelp.

Kyrkja var stappfull, og songane var til dels glade songar: “Han er min sang og min glede, han er min Herre og Gud.” Sterkt var det og med ungdomane som stod framme i kyrkja med kvar si rose og ville takka mora for alt det gode ho hadde vore for dei. På føremiddagen hadde det vore nokre heftige regnbyger, og då me kom ut frå kyrkja draup det litt på oss. Etter at forsamlinga stod i ring rundt grava sprakk skydekket og sola sende intense og varme stråler ned på seremonien. “Av jord er du komen, til jord skal du bli og av jorda skal du igjen oppstå…”

Eg har vore innom internett minst ti gonger for å sjå korleis det går med de vesle premature babyen som er blitt sjuk og som nå er lagt i respirator. Eg har fulgt mora sin blogg lenge, teke del i svangerskap og tankar gjennom tekstane hennar, og har vore oppriktig bekymra. Eg har derfor ikkje klart å la vera å engasjera meg i ein diskusjon som går på ein norsk internet-community:

Nokon irriterar seg over at det har blitt så mykje blest kring det som har skjedd, over at folk som ikkje kjenner ho det gjeld privat, har sett banner på dagboksidene sine om at dei tenkjer på henne og babyen. Nokon har brukt uttrykk som å vera sensasjonslystne gribbar, og at folk får skaffa seg eigne liv. Ein uttalte at for han var ein klem via internett null verd, og at den sentimentale omsorgen mange brukte på internett truleg var langt frå korleis dei var i det verkelege livet. Eg kjenner at eg synest dette blir veldig urettferdig for dei som verkeleg har engasjert seg kjenslemessig. Eg trur omsorgen er ekte følt ,og at internettklemmane og bannera er uttrykk for avmakt og ekte medkjensle-

Ein del av oss har dei siste åra fått ein ny type bekjente, folk me “omgåst” på internett. På ein måte blir dei dei nye “naboane våre”, og me deler med einannan av levd liv, erfaringar, bekymringar, trøyst og støtte.

Å seia at dette er ei erstatning for å “skaffa seg eit liv”, trur eg har lite med sanninga å gjera. Dei fleste av oss omgåst veldig mange menneske i det heilt normale dagleglivet og har venner på gammaldags måte og. For min eigen del må eg innrømma at internettrelasjonar er noko eg synest er veldig fascinerande. Her får eg innblikk i liv som er totalt forskjellige frå mitt eige. På den måten får eg kunnskap og erfaringar og nye synsvinklar på livet som eg kanskje elles aldri ville fått tilgang til. I det verlkelege livet har me vel ein tendes til å omgåst mest med folk som liknar på oss sjølve… Eg skriv dette av meg her fordi eg har bestemt meg for å ikkje seia noko i den norske debatten. Alt kan misforståst og det er ein sårbar situasjon som har utløyst diskusjonen.

Klokka fem fekk eg ein sms frå ei god venninne, som plutseleg hadde måtta dra akutt til sjukehuset med son sin på seksten fordi han hadde fått nedsett følelse i ein arm og i halve ansiktet, og utruleg sterk hovudverk. Dei vurderte å undersøkja han i magnet-tomograf, men heldigvis gjekk anfallet over. Dei trur det kanskje var eit migreneanfall, men vil undersøkja han nærare. Eg rakk å bli ganske engsteleg før han sjølv ringde meg for å fortelja at nå var han bra att.

Eg har steikt ein stor stabel pannekaker med steikt bacon, og kokt ei gryte ertersuppe til middag. Pannekakene var til ære for Odd Christian som flytter om to dagar. Og så var det tid for glede og selskapeligheit. Me var inviterte til kaffi og kaker til ære for Gunnar som fyller førtifem-år i dag. Det var mørkt då eg gjekk barbeint heim, barbeint fordi gnagsåra på hælane mine plutseleg var blitt vonde.

I morgon skal eg mala ferdig skapa.

Heidi

Døgnet på hodet…

I feriar bikkar eg alltid over i det eg trur må vera min biologiske døgnrytme: Å vera oppe til to eller tre på natta, for så å sova til halv ti eller ti om morgonen. Eg tenkte eg skulle prøva meg på ein snuoperasjon, men då Venus mjaua utanfor vinduet for ein time sidan for å fortelja at nokon måtte koma og opna døra for henne, stod eg like godt opp att.

I går hadde eg og tenkt å leggja meg tidleg, men eg begynte på ei bok av Jonas Gardell som eg hadde funne i ein 25-kroners-bokkasse i sommar. Sidan eg synest Gardell er ein sjarmerande fyr tok eg boka med meg vidare. Eg starta å lesa i går kveld, og kunne ikkje leggja ho vekk. Boka heiter “En komikers oppvekst” eller noko slikt. Eg skal sjekka tittelen og få det rett inn etterkvart.

Boka var så fin, og så hjarteskjerande brutal, at det gjekk kaldt nedover ryggen min. Det var på ein måte ein variant av “Fluenes herre”. Ei bok om eit barnehiarki der dei sterkaste overlever, og dei svakaste går til grunne. Det skar meg langt inn i lærarhjartet mitt å innsjå at dagane kanskje kjennest slik for nokre av dei mange barna eg omgjer meg med til dagleg…

I dag har eg malt med lyseblått igjen. Eg hadde aldri kunna forestilla meg at det var så mykje arbeid med å mala kjøkkenskap. Nå står det att eit strøk til på insida av skuffefrontane og skapdørene. Så kan eg gå laus på veggene…

Juleteaterstykket skreiv seg derimot fortare enn eg hadde drøymt om. Det handlar om julestress, foreldre som vil avlysa jula og eit barn som får fylgja ein hoffnarr og ein engel gjennom ein kjend og ukjend verden av fred og ufred. Narren seier sånn omtrent: Ein narr og ein engel er det menneska treng for å koma seg gjennom jula på ein god måte…

Eg håpar oppdragssgjevar blir fornøgd. Det er ei mest magisk kjensle når noko bare er der klar til å fangast i tastaturet… Men så må eg jo innrømma at eg har brukt litt tid kvar einaste dag i sommar for å tenkja ut handlinga. Ein utfordrande ting står framleis att: Eg skal fortelja oppdragsgjevar kor mykje eg skal ha betalt. Det er det vanskelegaste eg veit. Eg veit det er dumt å underprisa seg sjølv. På den andre sida er eg redd for å virka drisk og grådig, og tenk om det eg har gjort ikkje er bra nok, då er det i alle fall dumt å forlanga for mykje…

I kveld har eg vore ute med Torhild. Først inviterte eg ho på kinarestaurant for å feira at ho fylde år på sundag, og at eg hadde gløymt det. Me bestilte ein trerettarsmeny med haifinnesuppe og hummar. Det smakte utruleg godt, mykje betre enn det eg vanlegvis kjøper der. Etterpå fekk eg lokka henne med til stranda der me vassa i bølgene som var høge og buldrande nå i kveld. Eg let meg fascinera av at havet dunkar med sin faste puls og er på same staden, men likevel aldri er heilt det same frå dag til dag. Kvelden vart avslutta med at me drakk te med Ingrid og kjærasten min heime i sofaen. Det vart ein perfekt kveld. Eg er så utruleg glad for dei fine venninnene mine, og venene mine får eg føya til, for nokre av desse eg set aller mest pris på er menn.

Apropos vener. Dette med bloggar og dagbøker på nettet er merkeleg. Ein blir på ein måte kjent med og knytta til menneske ein slett ikkje kjenner i ordets vanlegste betydming. I dag har mange tankar gått til Antiqueen, ei ung norsk kvinne som akkurat nå ligg på sjukehuset med eit nyfødd barn. Både ho og barnet er sjuke, og dei finn ikkje ut kva det er. Det er rørande å sjå dei lange listene av kommentarar i dagboka hennar frå folk på nettet som ber englar og alvar verna den nyfødde og kryssar fingrar og tær for at det skal gå bra.

I morgon skal eg i gravferd til eit av dei varmaste og mest strålande menneska eg har møtt i mitt liv. Ho var dagmamma for Ingrid då ho var lita, og ho har alltid stillt opp for alle som treng det. Den yngste dottera hennar er bare litt over tjue år. Så trist å mista mor si så tidleg. Verda blir fattigare når slike som Reidun takkar for seg. Kreften fekk overtaket, men eg veit at både ho og familien var heilt sikre på at ho skulle heim til Gud.

Om nettene er skrivetrongen sterk. Trur likevel eg skal stoppa her før teksten blir uoverkomeleg for dei som har lyst til å lesa. Kveldane er i ferd med å bli mørke att… Men endå er me tidleg i august. Den mjukaste månaden som finst.

Heidi

Tekst med feriepuls…

Nå er han her, feriepulsen… Det er som å sitja på fanget til sjølve sommaren. Sommaren stryk håret mitt med milde vindar og kviskrar til meg: “ Det hastar ikkje. Det hastar ikkje med nokon ting… Kjenn kor godt det er å bare finnast til…”

Og eg lyttar til sommaren, og er så avslappa som eg ikkje kan hugsa å ha vore på veldig lenge… Kanskje det er naturmedisinen som gjer det? Det kjennest i alle fall godt. Eg får ikkje gjort alt eg hadde tenkt. Eg hadde for eksempel så mange tekstar eg ville ha skrive her på Andedrakt, men dei får koma…

Men eg har då fått gjort ein del ting. Eg har malt livet mitt, nei kjøkkenskapa meinar eg, lyseblå. Det tek lenger tid enn eg hadde trudd å mala skap. Framleis trengst litt flikking og maling på innsida av dørene, men lyseblå er dei blitt. Dei har omtrent same fargen som himmelen har ein klar føremiddag i juni. Etterpå skal veggene malast eggeskalkvite på kjøkkenet og nøklebandgule i stova og på gangen. Det får bli når det blir. I neste veke må eg skriva eit juleteaterstykke til Sandnes Kulturskule. Det er eit bestillingsverk som eg lova å ta på meg i mai. Eg har ikkje begynt å skriva, men eg har tenkt ut handlinga, så det går nok bra. I dag skal eg ikkje skriva, i dag skal eg halda helgefred.

Eg har bada i sjøen og hatt herlege lyse sommarkveldar med gode vener. Eg kan ikkje hugsa ein venlegare sommar reint vermessig. Det har vore sol mest kvar einaste dag sidan Jonsok. Det er ein slik sommar ein alltid drøymer om skal koma. Nå går han mot enden, men først skal me nyta seinsommaren. Den vakraste
av alle årstidene…

I går kveld plukka eg og mor rips til frysaren min. Ei stor lyseblå bøtte full. Eg skal plukka meir i neste veke. Etterpå baud far på grillmat på terassen. Klokka tolv om kvelden gjekk eg tur med skjørt og T-skjorte og temperaturen var heilt perfekt. I dag hadde eg tenkt meg i kyrkja, men på grunn av mange små hendingar som ikkje gjekk min veg, så vart eg for sein til å koma meg i veg. I staden fann eg ei radiogudsteneste og la meg i sola og lytta. Det var fint.

Nå skal eg ned og rydda terrassen. Setja malingsspann og white-sprit ein stad der eg ikkje ser dei, feia terrassegolvet og ta inn kleda som ligg på bordet. Kanskje eldsteguten har lyst på ei vaffel? Røra står frå i går i kjøleskapet. I kveld skal eg og Ingrid ut på besøk, men først gå ein lang tur kanskje, og laga god middag?

Heidi

Magnesiumphosphoricum:

Aller kjæraste syster er snart utdanna heilpraktikar. Homeopati og fotsoneterapi er det ho syslar mest med. I går då eg og Ingrid var på besøk, fekk eg ein sjanse til å snakka om stressymptoma eg har kjend på i vår og i sommar. Ho stilde diagnosen at eg spenner mellomgolvet og brystmuskulaturen under stress, og at det og er grunnen til at eg ofte set mat i halsen når eg er stressa og har det travelt. Eg reiste lukkeleg heim med eit glas magnesiumphosphoricum om eg hugsar rett, og er nå i ferd med å bli kurert for alle reelle og inbilte plager…

Før me kom til heimturen sat ho og eg og dei to eldste døtrene våre og leika eit slags assosiasjonsspel med kort. Ein om gongen trekkjer og opnar eit kort med bilete på. Etterpå seier vedkomande litt om sitt eige liv i lys av akkurat det kortet. Så må dei andre fortelja den som eig kortet noko ut frå det same kortet. Det er spennande både å høyra og å kjenna etter.

Elles så er det velsigna godt å ha ferie. I føremiddag har eg pusta roleg og teke livet med ro. Eg har hengd ut nyvaska klede i vinden og sola. Det er yndlingshusarbeidet mitt. Av ein eller annan grunn elskar eg å henga ut klede. Det kjennest som å laga små seperatutstillingar av levd liv. Det er bare synd at mykje av magien er borte når kleda skal brettast og leggjast i skap…

Så har eg bakt rundstykke til frokost til dei fire av oss her heime som ikkje skulle på jobb i dag og dei to overnattingsgjestene våre, Vilde og Irene. Nydeleg start på dagen med nybakte rundstykke, ost, brelett, krydderte og appelsinjuice. Ingrid held magedanskurs for dei tre jentene på tretten. Nå dansar dei nede i stova med sjal kring hoftene og grasiøse armrørsler. For ein halvtime sidan laga dei makramerte fotlekkjer med klirrande perler til dansen. Ingrid elskar å undervisa folk, og ville truleg vore den fødte læraren.

I går gjekk eg ein lang tur langs stranda der eg vassa langs havkanten og fekk bølgesprut til langt oppover dongeriskjørtet. Denne sommaren har vore ein slik sommar der ein mest ikkje treng å ha klede på seg. Eg har levd med bare føter, kne og armar, det er nydeleg.

Eg likar så godt livet mitt. Spesielt sommarlivet.

Heidi

Så stort hus me har…

Eg er heime att. Etter to veker på farten med ulike losji, dei siste tre nettene låg ungane på same rom som oss, kjennest huset som eit palass. Takka vera Ingrid var det til og med ganske ryddig her då me kom.

Eg las ein plass at om ein kunne halda pusten lenge, og så pusta hardt mot eit papirark eller noko slikt ville ein klara å kjenna lukta av sin eigen ande. Omtrent slik kjennest det å vera vekke frå sitt vanlege liv i ein lang periode og så landa midt i det med eit plask.

I dag har eg hatt heile det store huset for meg sjølv. Ingrid er på campingtur og Odd Christian i Bergen med første del av flyttelasset sitt. Han er komen inn på lærarhøgskulen, og er for alvor på veg ut frå heimen… Kjærasten min har vore ein tur på jobben, og dei to minste sprang tidleg på dagen ut for å finna etterlengta vener.

Så nå går eg her med mitt reinvaska blikk, og ser på kor fint og bra alt er her, og spesielt kor fint og bra det kunne bli med litt intensivert ryddearbeid… Maling har eg lenge visst at det trengst, og nå har eg rett og slett slik at eg gler meg til å setja igang for alvor. Stova skal eg mala i nøklebandgult akkurat som nå, men dei mørkeblå skapdørene på kjøkkenet skal få ein lysare farge. Litt skarpare enn bakgrunnsfargen her på Andedrakt hadde eg tenkt…

I dag har eg innvilga meg ein landingsdag. Det vil seia roleg rydding og tid til å koma heim mentalt og. Eg har mange inntrykk frå ferien som eg vil formulera i ord bare eg får summa meg litt. Viss nokon har lyst til å sjå bilete frå sommaren min kan dei gå inn på denne adressa: http://www.flickr.com/photos/leif

Akkurat nå er det godt med fred og ro, det er godt å vera litt aleine. Dagane har vore veldig varme, men akkurat nå har det lagt seg ein svalande dis over landskapet. Halvard skal sova i telt med tre kameratar, og Sunniva har teke med seg Vilde som er her på overnatting ,ut med venninner. Eg trur eg skreiv om det same fjor og. Dette med å leva veldig tett på ungane dei vekene ferien varer for så å kjenna på kor sjølvstendige dei er blitt når me kjem heim att og dei spring ut for å leva eigne liv. Velsigna vera sommaren. Det er godt å kjenna på at han skal vara lenge endå.

Heidi

Endeleg har eg klart karra til meg…

…den einaste internettmaskinen her. Men eg skriv nok ikkje lange teksten, for eg taklar ikkje at nokon venter. Akkurat, ja, ei jente kom og sa. Vi lukker om to minutter. Slik er det. Livet er godt.

“Dette er den siste sommaren i barndomen min,” sa Sunniva for to dagar sidan. Ho har truleg rett. Vonar han blir god.

Heidi