Ferie i Danmark. Gulnande kornåkrar, stort blått hav. Fleire ventar på maskinen, så eg får skriva meir sidan. Me har vore på dansk gudsteneste. Her brukar dei framleis svart kjole med pipekrage, og liturgien frå barndomen min. Eigentleg ganske vakkert. Ungane har vald at me skal bu ei lita veke på eit senter med symjehall, tennisbane og eg veit ikkje kva. Forbausande kjekt å vera i symjebassenget. Skal dit nå. Nyt sommaren alle saman.
Heidi
kjem ein liksom ikkje heilt ut av innpakninga… Eg hadde store planar, men lite er blitt gjort. Eg kjenner at framleis er litt trøytt etter skuleåret som gjekk, sjølv om me nå er fleire veker inn i sommarferien…
I dag var dagen då ting gjekk litt på skråss. Først skulle eg ta ned ei flaske Ajax frå ei hylle for å vaska utav søppelbøtta på badet. Korken sat ikkje skikkeleg på, og Ajaxen rammla over meg slik at eg fekk det i håret og utover den nyvaska blusen rett før eg skulle ut. Eg laga god kyllingwok til middag, men svidde risen noko grundig. Så skulle eg baka valnøttbrød. Det undra meg at det hevde seg så dårleg, men så kom eg på at eg hadde gløymt å ha i gjæren. Merkeleg nok gjekk det fint å blanda gjær i deigen ein time etter at han var satt… Så brant Halvard seg på vaffeljernet og trakk handa så brått til seg at heile vaffelrøra havna utover golvet.
Eg fann ut at her var det bare å vakna: Etter at golvet var vaska og brødet var steikt, tok eg på regncapen min og stakk til skogs. Det er ein mest fotsid grøn cape, kjøpt på sportsbutikk og i den ser eg ut som ein blanding av ei hufse og ein hemul. Det regna og regna og regna og eg gjekk og gjekk. Det var herleg å vera ute. Eg måtte ta brillene av for det gjekk ikkje an å sjå gjennom dei. Snart var buksa klissvåt og skorne surkla og kalde regndropar rann innanfor capen mellom brysta og nedover magen. Det vart så mørkt på grunn av regnet at dei tende lysa i lysløypa. Det vart ganske trolsk inne i skogenspesielt sidan eg ser nokså dårleg utan briller. Dei mørke våte greinene risla med blada og reflekterte lyset på ein måte som var heilt annleis.
Etter ein time var det herleg å plukka av meg søkkvåte plagg og finna det nybakte brødet som var halvvegs opp-ete av resten av familien allereie: Nå skal eg leggja meg tidleg med gode bøker og i morgon skal eg mala dører og vinduskarmar. -Trur eg,
Heidi
Eg er så heldig at eg har unge foreldre. Dei rakk bare å fylla tjue og tjue-ein før eg stakk hovudet fram, og gjorde dei til vaksne og ansvarlege forsørgarar. Akkurat nå kjennest det bra at dei framleis er i midten av sekstiåra, og i full fart på alle måtar.
Dei siste vekene er eg blitt brutalt konfrontert med at folk blir eldre. Svigerforeldra mine er i åttiåra og plutseleg ikkje spreke lenger, og grand-onkelen min som er ugift og barnlaus, og med andre ord min næraste familie sit plutseleg i ein stol, og får mest ikkje til å gå. Han er pasjonert hobbygartnar og har eit hav med roser, peoner og liljer han ikkje får stelt. Heilt til for nokre månadar sidan sykla han fleire mil til dagen, men plutseleg vil ikkje det eine beinet meir. Får inderleg håpa han blir betre. Så dei siste to vekene har plutseleg telefonar om hjelpemiddel i heimen, heimehjelp og heimesjukepleie blitt ting som angår meg og mine næraste.
I dag hadde eg invitert med meg far min og dei tre yngste barna mine til å besøkja farmor mi som bur ei ferge og to undersjøiske tunnelar frå her. Det vil seia fridd til er vel eit betre ord enn invitert, fordi heile saka dreier seg litt om at eg kvir meg for å kjøra dit sjølv, ikkje minst på grunn av av- og på- kjøring av ferge. Far min var heldigvis lett å lura med på toktet. Han kjørde heile turen i den nye bilen sin, og insisterte på å få spandera både fergereis og bompengar.
Farmor skal fylla nitti om eit halvt år, og som alltid var eg litt redd for korleis det stod til med henne. Ho har drive gard og laga mat, reidd opp senger og spadd grøfter i eit langt liv. Det er ikkje for ingenting at eg alltid tenkte på henne då eg som barn las om bestemor Duck i Donald-blada… Men ein gong må ho då bli innhenta av alderen ho og?
Det gjorde meg inderleg godt å møta henne, lita og lett i langbukse og bluse, med eit etterkvart heilt snøkvitt hår i mjuk krans kring ansiktet. Ho småsprang til og frå komfyren, og då me ankom litt etter klokka tolv stod bordet dekka. Ho serverte oss blomkålsuppe laga frå botnen av, nysteikte rundstykke, varme karbonadar og heimesteikte vafler. Så drøfta ho ivrig alt frå politikk til familiesituasjonar, kongehus, gravferdsskikkar, hat og kjærleik. Innimellom oppdaterte ho meg om livet til dei sytten barnebarna, dei trettiseks oldebarna og dei tre tippoldebarna i tikkegg til familien til det tyske fosterbarnet frå Berlin ho hadde i etterkrigstida.
Eg spurde om ho ville feira nitti-års- dagen, men det sa ho at ho absolutt ikkje ville. Det var lite å feira meinte ho… Litt av problemet hennar no er at alle jamngamle vener og slektningar enten er på sjukeheim eller døde…
Og den sorga går det an å forstå… Eg og far har bestemt oss for at me vil bera hennar gener vidare og vera i omtrent same helsetilstanden som ho er nå når me blir nitti… Eg håpar ho her tenkt å halda det gåande ei god stund til. Heia farmor!
Heidi
Eg har festa meg med at mange brukar dette verbet, og i går fekk eg lyst til å gjera det. Eg googla etter folk eg kjende for tjue år sidan og tretti år sidan, og som nå bare svever som minne i mine rom. Eg fann ut at to av dei mennene eg eingong var svak for, når dei framleis var for unge gutar å rekna, nå har litterære doktorgrader, og tre andre er i høgskulesystemet.
Då fekk eg ideen å googla mitt eige namn. Eg fekk fleire sider med treff, og det øverste var ein link til andedrakt. Dette fekk meg til å innsjå at eg ikkje har den anonymiteten eg har trudd meg å ha, i og med at eg er på svensk territorium. Ikkje det at eg trur det er nokon folkesport i småbyen min å googla meg, men alligavel, som me ville ha uttrykt det her eg bur . Eg trudde faktisk eg hadde oversikt over kva for nokre personar i rl som visste korleis dei kunne finna meg…
Ikke er eg injurierande mot nokon, og ikkje slem trur eg, men nokså personleg, og av og til privat. Må eg skifta namn og lokalitet for å ikkje vera ei open bok? Eg la problemet fram for kjærasten min:
Kjærast: Det du skriv er jo bare koseleg…
Eg: Anar eg eit snev av ironi? Synest du det er for tannlaust?
Kjærast: Koseleg, sa eg.
Eg: Men det er jo livet mitt eg skriv.
Kjærast: Ja, men det er jo den rosa varianten. Du skriv om dei koselege tinga.
Eg: Eg synest det er ein underkjend kunst å sjå det vakre i ting.
Kjærast: Ja.
Eg: Trenden i verda er ironi og distanse. Det er nok av vonde ting, men eg vel å skriva om livet mitt i glansen av det som er vakkert.
Kjærast: Ja.
Eg: Så truleg vil ingen ta skade av å lesa det eg skriv…
Og der omtrent datt han vel ut av mine betraktningar og forsvarstaler? Konklusjonen blir vel at eg skriv som før, inntil vidare… Så får eg heller tola at eg er lett å finna?
Viss nokon skulle leita, meiner eg. (Får ein lett rosa hudfarge og skundar meg å avslutta teksten…)
Heidi
…der ein legg ned setene og prøver å sova. Bak meg sat ein eldre mann -Em og ei middelaldrande dame -Md. Går ut frå at dei aldri hadde møtt einannan før. Tek med meg samtalen deira som ein souvenir.
Em:- Det er fælt med alle desse prestane som har sex.
Md:- ???
Em:- Ja slike som har samleie med damer som dei har
sjelesorg med. ( Ein sak i norske nyheter sist veke).
Md:- Ja, det er forferdeleg trist.
Em:- Det er forferdeleg. Og slik er det jo heile tida.
Det er slik i Jehovas Vitne og i slike små
menigheter. Det var jo ein som drap kona si i
Sverige i fjor”
Md:- Ja, det er heilt forferdeleg.
Em:- Så skal dei vera kristne ,og så gjer dei slikt.
Md:- Ja, det er heilt grusomt. Og så er det så trist for
dei som er gode kristne menneske at nokon
oppfører seg slik.
Em:- Og så alle desse forferdelege seksualforbrytarane.
At dei slepp slike ut igjen. Dei burde vera innesperra
på livstid.
Md: – Ja, det er heilt forferdeleg.
Em: – På livstid skulle dei vore innesperra. Det nyttar
ikkje å smila til slike folk. Dei forandrar seg ikkje.
Md:- Eg er heilt enig med deg.
Em:- Men fengsela er jo så fulle med kriminelle
innvandrarar. Få dei tilbake til der dei kom frå.
Kvifor skal me sleppa inn slike? Få dei vekk.
Md:- Eg er enig.
Em:- Dei fyller opp heile landet vårt. Kriminelle
innvandrarar. Nå slepp dei inn utan pass og, det
er det som er feilen.
Md:- Dei må vel ha pass?
Em:- Pass nei. Nå er det nok med visum. Nå kjem dei i
store flokkar. Der er det som er så gale. Det var
mykje betre før. Då hadde me ei heilt anna
regjering.
Em: Breier du på deg? Vil du ha teppe nå når det er
så varmt.
Md:- Ja, eg får ikkje sova utan å ha noko over meg.
Em:- Nei, det kan nok vera så det.
Md:- Du får setja ein albue i sida mi om eg begynnar å
snorka.
Em:- Ja, då håpar eg du får sova…
Det er ei merkeleg og litt surrealistisk setting at hundre ukjende menneske skal sova saman i sitjande stilling, bare cm frå ein annan. Interessant reint sosialantropologisk, går eg ut frå. Ein i vogna såg ut til å vera rusa på eit eller anna, og nokre lukta veldig sterkt av sveitte. Inne i vogna må det ha vore trettifem grader eller meir og air-condition-anlegget var truleg i uorden…
Og av og til lurer ein på om ein burde bryta seg veg inn i ukjende menneske sine samtalar, men det ville truleg ha lite for seg…
Heidi.
Etter at mor di hadde gitt oss aniskringler
røykelaks
og heimebakt grovbrød til frukost
var det jordbær på Åndalsnes
før eg strikka meg gjennom Gudbrandsdalen
med gammelrosa bomullsgarn
i tretti varmegrader
eit stopp i mellomalderen
på Jørundgård der me gjekk gjennom svalgangar
og åt kyllingsalat i hagen
vel tilbake i bilen
som haldt førti grader etterkvart
fann me ut at det var rømmegraut
me alltid hadde ynskja oss
den åt me på tunet
til Dale-Gudbrand
med flytande smør
og kanel og sukker
men rosiner var dei tome for
spekematen sveitta
på fjøler av einer
og hunden fekk vatn i eit plastspann
etterpå såg me kunsten i stabburet
auger i plexiglas med bjelker og fliser
og hjarte bak netting
som eg skulle kjøpt med meg
om eg våga å vera
spontan kunsthandlar
etter nye timar i fylgje med
Kristin Lavrandsdatter på cd-plate
klarte me å finna Prestvægen ¨
og Prøysenstua
og snart skal blåklokkevikua begynna
sjølv om døra var låst-
då me nærma oss Nannestad
lo me høgt og hysterisk
og måtte kopla til naudblinken
og parkera i vegkanten
for ikkje å vera trafikkfarlege
me nådde natt-toget med god margin
og klemde einannan etter to veker i lag
men ennå skal sommaren vara lenge.
Heidi
for nå er siste rapporten levert…
Sidan sist har livet vore heftig og begeistra. Eg har vore i sølvbryllup. Eg har reist til hovudstaden med tog for å besøka mi aller kjæraste Kesia, og for å delta på doktordisputas og doktormiddag. Så gjekk eg rett på nattoget og sat oppe heile natta før eg gjekk rett på jobb.
Eg har hatt overnattingsbesøk av Astrid og Eva Mari og dekka langbord til 23 vakre damer i stova. Og så har eg feira førtifemårsdagen ein gong til med selskap heile natta mest…
Og i morgon dreg eg til Sunnmøre med Eva Mari. Me skal bu i sommarhuset deira,- truleg mange mil frå internett-tilkoblingar…
Dette vart ei lita handfull store opplevingar… Kjem sterkare tilbake.
God sommar!
Heidi
…ho er for ljos til det. Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre… Slik står det i ei vakker norsk sommarvise, og eg lever slik at ein skulle tru det var ei av mine viktigaste doktriner… Seint i seng og tidleg opp. I dag hadde eg tenkt å sova halve dagen, men var lysvaken klokka halv åtte. Går jag ej här rusig av lite svevn?… for å hala fram i den lyriske sjangaren…
På fredag spelte eg teater heile dagen med den yngste dramagruppa mi, og det gjekk så fint så fint. Så reiste me rett frå jobb på personaltur til ein avsidesliggande dal ved eit vatn der me hadde leigd ei stor hytte. Me har øvd på personalrevyen, sunge, dansa, skrive og ledd og som ekstra bonus blitt solbrende på nasane og på armane. Eg rakk å observera at natta aldri vart mørk. Fullmånen lyste og allereie klokka to lysna det av dag. Og juninettene er truleg noko av det vakraste Gud har skapt… – Det må dei vel vera.
Då me skulle heim, hadde bussen store problem med å koma fram for vegen var rett og slett for smal og for svingete til ein stor og lang buss… Det førde til at me vart ein time forsinka heim, og eg vart tjue minutt forsinka til femti årsdagen eg skulle til sjølv med verdensrekord i skifte til finklær og legging av festsminke. Men å koma forseint i store selskap er ein bagatell i den store samanhangen… Det var så fint å vera der, og jubilantane fekk talar songar, små skodespel og gode ord til langt på natt.
Nå er det to veker att av skuleåret, og eg trekkjer pusten djupt for å vera opplagd til den siste hektiske innspurten.
Og i dag er det full sommar med sol, varme og grill på verandaen. Summertime…
Heidi
Me har vore saman med gode vener i helga. Bare eg og kjærasten min. Ingrid styrde skuta her heime, noko ho gjer me stødig hand så vidt eg kan sjå, så med eit par sms-ar i døgnet slappa eg godt av for at alt var i skjønnanste orden heime.
Det var god mat. Vår gamle ven Jan er blitt ein skikkeleg gourmet, så ingenting var tilfeldig. Heimebakt brød, fantastiske salatar, bayonneskinke marinert i rødvinseddik og lun ripspai med is.
Me har site på kafé, me har vore på fjelltur, og me har sett kunstutstilling. Dessutan har me vore oppe omtrent heile nettene og hatt eit par friske diskusjonar. På ein måte ser ein kvardagane sine i eit litt nytt lys når ein tek eit aldri så lite luksussteg til sides. Per Inge prøvde å overbevisa meg om at eg overbelastar meg sjølv på jobb, og eg veit jo at han på mange måtar rett og slett har litt rett…
Så hamna me i femtiårsdag hos folk me aldri før har møtt. Me vart henta dit utpå natta. Det var kan ein seia ein litt annleis måte å koma i selskap på. Ei slags flue- på- veggen- erfaring som eigentleg var ganske interessant.
Kanskje det kunne vera eit utgangspunkt for ei studie i sosiologi å dukka opp i ei rekkje selskap der ein ikkje kjende jubilantane…
Då me kjørde heim i går kveld, haldt eg meg så vidt vaken. I dag skal eg skriva ein song til lærar-revyen i september. Eg må rett og slett begynna nå. Eg har brukt fire timar på å rydda kjøkkenet og vaska kjøleskapet. Sistnemnde instalasjon bar ikkje akkurat preg av å ha blitt pleia av kjærlege hender dei siste vekene.
Sola skin og det er sommar. Ikkje til å fatta…
Heidi
Eg har mista den nye lommeboka mi i rødt åleskinn. Oppi ligg alle korta mine. Førarkortet, bankkortet og alle dei andre. Eg oppdaga det då Sunniva og Halvard bad om pengar til kantina… Eg fryktar at ho ligg i ein pose med søppel som eg tømde i containaren på jobb før eg vakla heim etter tretten timars arbeidsdag. Og i dag skal heile skulen ha storopprydding, alle skal bruka containaren. Uææææh.
Eg har ringt inspektøren og bedt han be folk venta med å kasta ting i containaren….
Men kva sit eg her og skriv for? Eg må vera galen… Eg må koma meg i veg med det same…
Framhald i neste episode…