Gå til innhald

Stakkars dei små kattane mine…

Akkurat nå er truleg begge to i narkose. Den eine er nyoperert, og den andre ligg truleg på operasjonsbordet.
Klokka ni i dag vart dei leverte inn til sterilisering. Eg ville gjerne la dei få ungar, men orkar ikkje tanken på å risikera å måtta avliva kattungar fordi ingen vil ha dei…

Eg klarte å lura meg unna å fylgja dei til dyrlegen. Eg hadde vondt i magen bare ved tanken. Ingrid og Halvard fulgte kjærasten min dit med hadde kvar sin katt i fanget. Det ser ut som om det blir mitt lodd å vera med og henta dei om ein halvtime, eg gruer meg til å sjå dei avkrefta og svake. Får håpa at dei kjem seg snart. Det kjennest vondt å utsetja dei for ein operasjon som ikkje har annan hensikt enn å ta i frå dei sjansen til å få ungar…

Nå vil eg fortelja om noko som har gjort meg glad. I går kom Janne på besøk. Ho ringde i forigårs: “Hei, det er Janne,” og eg vart så glad. Janne var den første eg vart kjend med då eg begynte på lærarskulen for meir enn tjuefem år sidan. Ho er ei flott dame. Den gongen vart eg imponert over kor sterk ho var. Ho bar tunge ryggsekker utan å kny, ho var i stand til å seila ei tresjekte ute på havet, og til å kasta seg ut i kaldt sjøvatn utan først å telja fram og tilbake på knappane når ho fekk lyst til å bada. Samstundes hadde ho ei ro over seg som eg har møtt få andre som har. Dei første åra etter lærarskulen besøkte me einannan med jamne mellomrom og var gjester i kvarandre sine bryllup. Nå var det gått alt for lenge sidan sist. Me har budd i kvar våre liv utan å treffa einannan på fjorten år. Bare julebreva har latt oss kjenna litt på korleis den andre levde.

Men på onsdag ringde ho og ville besøkja meg. I går var eg tidleg oppe. Eg rydda kjøkkenet og bakte rundstykke. Eg la blå druer i ei skål av glas og smijern og eg tende små lys rundt i stova. Ingrid vaska golva og begge baderoma for meg, og så laga ho eggerøre til oss. “Tenk om du ikkje kjenner henne att, mamma,” sa ho. “Det er klart eg kjenner henne att,” sa eg.

Så ringde det på døra. Der stod Janne og såg ut akkurat som før. Ho hadde med seg ein stor bukett rosa tulipanar. “Du må bare seia i frå når du må arbeida vidare,” sa ho. “Eg veit at du har mykje å gjera.” “Trur du verkeleg eg har tenkt å sleppa deg nå?” spurde eg, og sette over meir kaffi. “Eg håpar du kan vera her heilt til i kveld.”

Eg er hekta på og fascinert av møter mellom menneske og menneska sine liv. Eg skulle gjerne omgåst menneske på heiltid…

Men først må eg henta kattane…

Heidi

Kva trur me på nå?

I går fekk eg skrive ferdig barnemusikalen “Om å målbinda Frida Froskenfryd”. Det er ein moderne variant av folkeeentyret om prinsessa ingen kunne målbinda. I alle fall vart eg så godt som ferdig. Eg manglar framleis ein song, men før eg kan laga teksten må eg få nokon til å spela melodien for meg på pianoet.

Etterpå tok eg med meg Ingrid til ein optikar, fordi synstesten viste at ho trong arbeidsbriller. Det var viss feil optikar, for dei utstilde brilleinfatningane kosta sånn rundt omkring firetusen kroner. Som det økonomiske vesenet eg i sjeldne tilfelle opptrer som, så spurde eg om ho hadde noko billigare. Då kom ekspeditrisa trekkjande på “billigbrilleinnfatningar” i ein kasse, Dei var sånn nokonlunde like mine eigne briller, faktisk…

Eg meinte at det måtte då vera heilt ok sidan Ingrid bare skal ha dei til lesing og arbeid, og kikka interessert ned i kassen. Då såg eg dotter mi gå baklengs ut av butikken. Eg kjenner jenta godt nok til å skjøna teikninga, så eg sende henne eit raskt blikk. Ho fekk samla seg så pass at ho høfleg sa at me heller fekk koma att ein anna dag, ho klarte ikkje bestemma seg nå… Etterpå fekk eg mildt, men kontant høyra kor utruleg flautt det er å ha ei mor som ber om å få sjå det billigaste dei har i butikken. Så langt ingen briller frå meg…

Etter at me hadde ledd litt av oss sjølve, pakka me oss heim. Så skulle eg på spansk-kurset eg har begynt på. Eg bestemde meg for å la bilen stå heime og la rask i veg fordi eg hadde det litt travelt. I første skikkelege nedoverbakken sklei eg på holka og datt framover. Eg slo hol på den tjukke strømpebuksa på høgre kne, og inni det store holet blødde eg frå eit skrubbsår på kneet. Nå kunne eg velja mellom å droppa kurset og å koma som eg var. Eg valde det siste og følte meg som ei lita jente då eg kom med skrubbsår og holete klær.

Etterpå skulle kjærasten min og eg på kino. Billettar var bestilde, men først ville han be meg på middag. Me gjorde noko me normalt aldri gjer, me gjekk på ein dyr og eksklusiv restaurant. Eg hadde ikkje rukke heimom for å skifta klede, så eg drog skjørtet så langt ned som eg bare klarte og haldt beina under bordet… Me åt hjortefilet med gresskar-terningar og gresskar-puré og med fløtestua steinsopp, rødvinssaus og gratinerte poteter, nydeleg mat. Kaffi fekk me ikkje tid til så me var innom mc Donalds og kjøpte kaffi og kakao som me tok med oss på kino.

Filmen me såg var “Gymnaslærer Pedersen…” Det er ein ny norsk film etter ein roman av Dag Solstad. Han handla om ML-rørsla (marxist-leninistar) som på 70-talet var ei veldig markant rørsle blant studentar. Filmen skildrar omtrent same miljøet som den herlege svenske filmen “Tilsammans”. Mange norske forfattarar, deriblant Dag Solstad, var overbeviste marxist-leninistar. Filmen teikna ein flott tidskoloritt frå 70-talet, og det var mykje ein kunne kjenna seg att i. Sjølv om eg aldri var ein del av ML- rørsla, mellom anna fordi eg var for ung, kunne eg kjenna att ein del frå kyrkjelege miljø eg var i på 70-og 80-talet. Eg kejnde att denne altovervinnande vilja til å vera ærleg, til å stå mange saman og til å kjempa for det ein trudde på.

Dette var ei tid der egoet ikkje var det absolutte sentrum for alt… Eg lurde på om mange som er ungdomar nå saknar dei store visjonane som var så viktige for 20-30 år sidan. Det som slo meg var kor vakre folk eigentleg er når dei er heilt naturlege. Dette var miljø utan sminke og med klær frå loppemarknadar, akkurat som i dei miljøa eg gjekk i den gongen då. Eg brukte så og seia ingen sminke før eg var tjuefem, og for å vera ærleg har eg aldri lært meg kunsten skikkeleg etterpå heller. Førtifire år gammal bommar eg framleis med mascaraen.

Eg tok meg i å lura på om dei som er atten i dag ville oppleva det befriande om dei med største sjølvfølge kunne kasta sminken og push-up BH-en. Om det ville vera ei lette å slutta å bekymra seg over hår på leggene og under armane? Var det ikkje meir behageleg med kvite bomullstruser enn med blonde -G-streng..? Eg trur mange feministar frå syttitalet ville fått blodtrykksfall om dei hadde kunna sjå tretti år fram i tida… Men kanskje me er komne lenger på nokre felt og, la oss håpa det i alle fall? Eg las i avisa at “solidaritet” var det ordet som hadde hatt størst nedgang i frekvensen i avis-språket. Det ordet som hadde auka mest var “rettigheter”…

Eg kunne ikkje heilt la vera å stilla meg spørsmålet: “Kva trur me på nå?” Det er eit av spørsmåla frå ei liste som har vore som ein farsott på nettet i det siste. Eg har lagt merke til at fleire har svara: “Ingenting, absolutt ingenting…”

Heidi

Heilt mot mi vilje…

lot eg meg lokka ut på glattisen. Nokre av de som les her veit at bilkjøring ikkje er yndlingsaktiviteten min. Uheldigvis hadde eg lova Ingrid at me skulle kjøra innom eit kjøpesenter eit par mil lenger nord før me henta resten av familien på flyplassen. Då me reiste heimefrå, hadde det begynt å snø. Snøen fauk som i eit begynnande rennedrev. Rennedrev er eit lokalt uttrykk for den typen ver der snøen kjem fykande horisontalt med vinden og gjer vegane omtrent uframkomelege…

Glatt og vemmeleg var det, og eg hadde lyst til å snu. Ingrid meinte at det fekk vera måte på pyseskap. Fleire enn meg hadde problem med føret, dei hadde ikkje rukke å strø eller salta. Då me omtrent var framme, kom eg til eit kryss der eg plutseleg vart akutt usikker på kven som hadde vikeplikt. Eg bremsa ned, noko som eg trur virka forvirrande på han som kom frå høgre. Han vart og ståande og nøla, og sjåføren bak han igjen klarte ikkje å bremsa ned. Bilen sklei rett inn i han som venta på meg, og panseret hans oppførde seg bokstaveleg talt som eit trekkspel.

Eg lurde på om eg burde ha stansa opp og teke min del av skulda, men det kunne eg ikkje pga trafikken. Skuldbetynga kom me fram til senteret. Eg fordi eg hadde ei kjensle av å vera indirekte orsak til ei bilulykke, og Ingrid fordi ho hadde lokka meg bokstaveleg talt ut på glattisen.

Buksa fann me, men ho var ikkje på salg lenger. Me handla likevel, og så bar det til flyplassen. På veg dit hadde eg to vemmelege skrensar på bilen, og me såg andre bilar skli på stive hjul ut i grøfta. Eg vurderte seriøst å stoppa på ein bensinstasjon og be kjærasten min ta taxi ut dit, men me kom oss då fram. Vel framme var flyplassen stengd og alle fly forsinka. Etter å ha sprunge ut og inn til parkeringsautomaten medan me venta, fekk me beskjed om at flya hadde måtta returnera til Oslo. Så var me like langt. Tanken på å få bilen heim var lite forlokkande, og endå mindre forlokkande var det å måtta ut på ein ny henterunde seinare på natta.

Då var det barnet i meg hadde fått nok. Eg ringde far min som er pensjonert lensmann og har vore på glattisen før. Dessutan har han ingenting i mot å vera reddade engel med maskulint forteikn. Bilen vart etter mykje møye parkert på ein nedsnødd longterm-parkeringsplass og nøklane leverte i informasjonen. Min kjære far kom kjørande frå barndomsheimen for å få dotter og dotterdotter trygt heim…

På vegen heim såg me minst fem biler i grøfta, ein av dei med taket ned… Eg har fått melding om at ingen fly får landa på flyplassen før i morgon. Kjærasten min vurderer nå å ta natt-tog heim med Halvard og Sunniva. Kor lurt er det ikkje då med ein bil på flyplassen?- Men det ordnar seg nok…

Far min var riddarleg nok til å seia at mi skuldkjensle for kollisjonen me bevitna, var bare tullkjensle. Alle har ansvar for å halda lang nok avstand til bilen foran uansett… Og for dei av dokke som bur nære nok til å overprøva meg… De vil kanskje seia at så gale var då ver og føre verkeleg ikkje. Då kan eg setja nasen i sky og seia det var det det sååå…

I alle fall for meg….

Heidi

Hiv meg på lista…

Og så kan eg heller skriva teksten eg eigentleg hadde tenkt å skriva i dag i morgon…

Kläder

1. Vad använder du just nu för jacka?

Ein stor cape-jakke som er beige på den eine sida og svart på den andre. Det er ein vendbar sak i eit slags vindtett bomullstøy. Eg har hatt han i sikkert fem sesongar… Plagget er eigentleg litt for kaldt til bruk nå, så eg har eit stort svart capesjal i eit ull-liknande materiale enten oppå eller under for ikkje å frysa. Eg hadde tenkt å kjøpa ny vinterkåpe, men nå er det jo snart vår… Men eg skulle gjerne villa ha noko nytt…

2. Vad använder du just nu för skor?

Favorittskorne mine er svarte sommarsko i lær med ei gul-grøn reim over vrista. Eg trur merket er campers eller art, dei er litt sånn Gudrun Sjöden aktige i designet. Dei er usansynleg gode å gå med, men eigentleg er det ikkje vinterskor. Dessutan har eg omtrent slite dei heilt ned og må dekka over oppskrapte frontar med svart skokrem for å prøva å overbevisa meg sjølv at dei framleis er fine nok.

For eit par veker sidan, kjøpte eg brune tynne skinnstøvlar med ein rosa kant på tåa og blomsterbroderi på leggen, med Bjørn Borg- merke. Dei var på halv pris og er vidunderleg gode å gå i, men kanskje eigentleg litt sånn tenåringsdesign. Dei er heilt flate, og solepartiet liknar veldig på gummistøvlar. Ingrid på seksten har kjøpt heilt like. Eg har eit par gule Doctor Martens- støvlar, men dei er så tunge. Dessutan har eg ganske fine svarte korte støvlettar med litt høg hæl, men eg er ikkje forfengeleg nok til å læra meg å gå på høge hælar. Flatt må det vera sjølv om eg er rett over ein seksti høg…

3. Favoritfärg på kläder?

Grønt, lilla, oransje, beige, knallgult, sennepsgult, brunt og klart blått-

4. Favoritmaterial på kläder?

Bomull, lin, ull og silke

5. Vilka kläder skulle du vilja ha just nu?

Store deler av kolleksjonen til Gudrun Sjöden, og dei skulle passa…

6. Favoritaffärer?

UNO. dei har fine snitt og herlege fargar, Design Forum, Avalon… Dei to siste har litt for dyre ting til mi lommebok.

Dessverre er eg avhengig av store storleikar og synest ofte at klede frå Kapp Ahl, Lindex og Hennes og Maurits er frykteleg kjedelege. Korfor er det bare koneklær i avdelingen for store storleikar? Eg rett nok snart i alderen for koneklær, men alligavel… Eg har ein engel av ei svigerinne som likar å sy. Ho har designa og sydd halve garderoben for meg. Skål for deg, Eva Mari!

7. Favoritmärke?

Sjå spørsmåla over-

Grejer

Vad har du för

1. Plånbok?

Ein fillete, svart og overfyllt sak i imitert lær, som det snart går hol i. Absolutt mogen for utskifting.

2. Smycken?

Eit stort rødt glashjerte med oransje dekor i midten, som eg har fått av ei nær venninne. Diverse dingeldangel-store-kjeder med glas og stein, eit sølvanheng med stor blå lapisstein, eit oransje glaskors, ein Kristuskrans (frälsarekrans) med fine steinar til å bera kring handleddet.

3. Solglasögon?

Nei, eg er avhengig av briller, så det kan eg ikkje bruka. Eg har hatt sånn hekta-på greier, men dei er ikkje fine og ikkje spesielt funksjonelle. Eg måtte kjøpa slike sidan eg skulle opphalda meg under afrikansk sol i nokre veker. Tenkjer kvar sommar på å kjøpa meg solbriller med minusglas, men kjem aldri så langt.

4. Nagellack?

Nei. Tek eg det på ein gong kvart jubelår så er det oppflisa og stygt etter få dagar.

5. MP3?

Nei.

6. Mobil?

Ein Sony Ericksson. Eg vegra meg i det lengste, men er blitt heilt avhengig. Eg har snart slite han ut…

Blandat

1.Vad har du i din

a. Jackficka?

Stort sett ingenting. Bruker ei eller fleire vesker. Ein ven av meg har døypt meg til The bag-lady….

b. Handväska eller liknande?

Lommebok som er stappfull av diverse rot, mobil, filofax, leppestifter, mascara, nøklar, hårnåler, hårstrikkar, bind, ein tampong frå i sommar, hårbørste, kam, smertestillande tablettar, halstablettar, tyggegummi, fyrstikker, papir, to diktsamlingar, sikkerhetsnåler, tannstikkere, frimerker, nøkkelkortet til jobben, pudderdåse frå eg spelte dronning i HC Andersenstykket.

Oj, nå gløymde eg gripe-korset, eit meditasjonskors i tre som er laga på eit retreat-senter. Det er litt asymetrisk for å passa i handa og glattpussa og deilig å ta på. Det er laga til bruk i meditasjon eller når ein treng noko beroligande å ta på…

Rart at eg ber meg skakk?

2. Vad är du beroende av?

Frukt, bøker, kaneltyggegummi, gode klemmer,

3. Vilken sorts lypsyl använder du?

Den som rett og slett heiter lypsyl, men treng det heldigvis sjeldan.

4. Vad tror du på?

Gud og Jesus, kjærleik, venskap, tillit, det gode i verda og toleranse.

5. Vad köpte du senast?

Tulipanar, fløte til fastelavnsbollar, dagbladet og Dolly Dimple Pizza til jentekvelden i går med dotter, syster og niese…

6. Har du nåt husdjur?

To store kattungar, Cleopatra med egyptiske trekk og tett blågrå pels, og vesle langhåra grå Venus. Begge adopterte oss fordi dei var utan fast bolig. Heile familien har fått heilt kattedilla og eg vil helst ha fleire. Likevel er me ansvarlege nok til å ha bestilt time til å få begge to steriliserte. Dessutan eig barna mine den svarte hamsteren Shadow.

7. Vad bor du i?

I eit stort hus med mange rom i eit byggefelt i ein liten by sør-vest i Norge. Der bur eg i lag med kjærasten min som eg har vore gift med i tjue år og fire ungar, det vil sei, den eldste går på folkehøgskule og er på veg ut…

Nokon som orka lesa alt? 😉

Heidi

Det finst ein hoffnarr i dei fleste liv.

For første gongen på alt for lenge har eg gått tidleg heim frå jobben. Det kjennest godt. Sola skin frå klar og bleik blå vårhimmel, og sola varmar så godt at vinteren liksom må ta eit steg til sides, sjølv om det er kuldegrader ute. Etter veker med regn og gråver gjer det godt.

I dag var siste dag med HC Andersen- forestilling. På grunn av ting som tok lenger tid enn me trudde, og elevar som var på plass ti minutt for tidleg, vart det minimalt med oppvarming og mentale førebuingar, likevel kjendest det som den beste forestillinga me har hatt reint energimessig. Etter ei forestilling med påfylgjande spontanteater for elevane, er eg både utlada og oppgira på same tida, det er ein både god og litt underleg tilstand å finna seg sjølv i. Me har pakka kostymekassane våre for siste gong i denne omgangen, så får me sjå om me hentar dei og stykket fram att…

Då eg kom innom normalarbeidsplassen min, kjende eg at her ville eg ikkje vera meir i dag. Eg ville bare ut og heim. Sidan eg har jobba alt for mange timar, kunne eg med det aller beste samvitet forlata åstaden før kontortida eigentleg var over. Denne veka har eg jobba åtte og ti timar fleire av dagane, nå er det på tide med litt fri.

Då eg kom heim, hugsa eg at me har arbeidsfolk i heimen.
Stort sett har dei gått for dagen når eg dukkar opp. Med baderoma går det sakte men steg for steg framover. Nå er alle flisene lagde, me har fått opp glasbyggestein til dusjen og badekar på badet oppe.

“Nå går det mot slutten, “ sa fliseleggjaren då eg kom heim søkklasata med handveske kostymeposar og ei rød rose frå HC-Andersen si grav. “Så fint,” sa eg så muntert eg kunne, i og med at eg oppdaga der og då kor rotete og støvete det var heime hos meg i dag. Vårsola hadde ein ubarmhjertig effekt på støvet, men det får me leva med at ho har.

“Summertime, when the living is easy…” plystrar fliseleggjaren. Han klarer å halda tonen så fint så fint der han balanserer rundt i huset med diverse utstyr…

Denne helga har eg verkeleg gledd meg til. Planane er å slappa av og gjera ingenting. Det er bare det at den første vårsola alltid har ein merkeleg verknad på meg. Eg blir så fylt av ein rastlaus energi at eg kjenner eg må ut og vera midt i livet. Ein lang spasertur i sola kanskje? Men først må eg ned og rydda litt. Så skal eg smila til den plystrande fliseleggjaren iet slikt… “Sjølv- om- det- er rotete i huset mitt så er eg ein ganske hyggeleg person- smil” Kanskje steika litt pannekaker til dei andre kjem heim?

I helga må eg skriva store deler av ein musikal til skulen. Det er ein moderne variant av “Prinsessa som ingen kunne målbinda”. Eg har fått det for meg at eg vil ha med ein hoffnarr. For det finst då ein narr i dei fleste sitt liv? Ein som stikk hovudet fram i dei mest uventa situasjonar og viser at du eigentleg er ein liten del av ein stor og avansert komedie…

Nei folkens, her skal det søren meg levast…

Heidi

Det sårbare i livet.

At eg framleis kan få til slikt! Eg skreiv ein lang tekst som bare forsvann fordi eg var borti feil tast…

Kanskje det ikkje var meininga at teksten skulle på nettet? Han handla om ei god bok, om kvinnefellesskap, om ei brillestang som er knekt og brillene mine som er festa til venstre tinning med pakketeip…

Teksten handla om det sårbare i livet, til og med på det materialtekniske planet, om ei knekt tann og eit glassmykke som knuste mot flisene på badet. Det var julegåven til Ingrid frå to av fadderane, ho vart lei seg. Eg må prøva å få tak i eit likt smykke,det var eit rosa glaskors med sølv i…

Eg må prøva å halda sundagane frie for arbeidsoppgåver.
Nå har eg nokre tekstar eg må få skrive, men eg blir dregen i alle retningar. Gjester ringer på døra, døtrene mine treng ei mamma. Ungane lurar på kva me skal ha til middag. Ei venninne av meg går på cellegift mot kreft i ein lymfeknute. Eg snakka med ho i går. Ho var kvalm, men pågangsmotet var stort.

Eg var på økumenisk gudsteneste i føremiddag. Eg gjekk dit aleine. Det var fint å vera der. Talaren snakka om det å våga å vera ein medvandrar. “Det er alltid så mange ein skulle gått ved sida av,” sa Ståle etterpå. “Ja, sa eg, men ein få prøva å sjå dei ein til ei kvar tid faktisk går ved sida av…

Sundagsfrokost er fantastisk fint. Varme rundstykke, svart kaffi, appelsin, ost og oliven…

Og nå må eg skriva tekstane mine. Skriva var det ja….
Og så ventar eg framleis på melding frå Odd Christian om at han er vel framme i Australia.

Heidi

Å frysa litt på føtene…

Ute er det eit tynt melisdryss av nysnø. Ein ny lørdag er på hell, og eg sit her og frys litt på føtene. Eldstebarnet på nitten år er akkurat i ferd med å letta frå Singapore på veg til Australia. Det kjennest merkeleg og litt trist at han er på den andre sida av jordkloda. Det er uendeleg langt borte om noko skulle skje, men han har gledd seg til turen i eit år, og det blir sikkert heilt fantastisk.

Om litt skal eg kjøre Ingrid til ei venninne. Det er rart med døtrer og mødrer, ein merkar det utan ord når eit eller anna er litt ute av balanse. I alle fall merkar eg det på døtrene mine, på mora mi og på mormora mi då ho framleis levde. Det er ein underleg non-verbal form for kommunikasjon mellom kvinner ,om gjer at ein både som mor og som dotter, ja som syster og når eg tenkjer meg om, kan kjenna eit streif av uro ein ikkje heilt klarer setja fingeren på. Den gode mor lar barna sine fly sa ein lærar eg hadde i eventyrtolking. Slik er det, men av og til gjer det litt vondt. I dag kjenner eg at nokon har det vondt. Det ligg som ei sitrande uro under huda mi, og eg må finna nærare ut av det.

I går hadde eg besøk av tre barndomsvenninner. Det var oss fire store deler av barneskulen og heile tida på ungdomsskulen. Så delte vegen seg. Den beste venninna mi vart mor då ho var atten. Den andre fulgte tett på. Sjølv begynte eg på høgskule og var på ein annan planet då dei diskuterte gardiner og golvbelegg. Nå har me leika med livet så lenge at me liknar kvarandre igjen og kan spegla oss i kvarandre sine erfaringar.

Ingrid roper, og minner meg på at eg har lova å kjøra henne. “Mor kan me reisa?” ropar ho frå første etasje. Når ho ikkje får svar, ropar ho ein gong til. “Nå kjem eg.” Viss kvelden blir romsleg hentar eg innlegget fram att og skriv meir…

Heidi

Scener i januar:

Det er på tide med ei samling utklipp frå januarlivet mitt…

Det første:
Tenk deg inn i ein skikkeleg travel morgon. Ute er det kaldt, og eg har planlagd for dårleg. Kjærasten min skal ha bilen, og eg skal på utedag med elevane. På med ullgensar og strømpebukse, på med langbukse og den gamle røde skibuksa frå tretten år tilbake. Knappen må vera open, men ho heng då oppe likevel. Rød fjellanorakk, selbuvottar, skjerf og lue, eg burde utan tvil ha fornya garderoben for ekstra kalde dagar. Ullsokkar på føtene og dei gule vinterstøvlane som eigentleg er for store, fordi eg fann dei på halv pris, og dei ikkje hadde andre par.

Ryggsekken full av ved og ein ekstra genser. Eg kjem til å bli for sein. Eg sender sms til ein kollega og seier eg er seint ute. Så spring eg til jobben. Med min kondis, og med ved i sekken tek det om lag femten minutt å småspringa dit. Eg er varm og andpusten når eg kjem fram.

Ungane står klare allereie. Dei står oppstilde i mørkret med utedressar, skjerf og luer, og med ryggsekker på ryggane. Ein gjeng med åtte år gamle norske ungar, kledde for ikkje å frysa. Det er heilt klart i veret, så det lysnar før me er framme ved vatnet ute i skogen. Jon spikkar oppfyringspinnar til bålet. Me får det til å brenna, og samlar alle ungane rundt bålet. Eg tek til å fortelja helgenlegender. Om St Nicholas ,som bare ville dia ein gong om dagen på fredagar fordi han haldt fasten sjølv då han var nyfødd, og om edderkoppen som spann nett framfor opninga på hola der dei gøymde Jesusbarnet. Ungane lyttar, og røyken frå bålet svir i augene. Me hadde planlagt at det skulle ha vore mørkt endå, men måneskin og morgonlys er vakkert det og. Eg pustar roleg inn og ut, og kjenner at eg trivst i jobben min.

Det andre:
Jan Ivar og eg står på ein gang og ser at bomberomet på ein av skulane i kommunen fyllest med ungar. Om få minutt skal me inn dit og spela eit timeslangt teaterstykke for dei. Hovudet mitt kjennest tomt for replikkar, eg har mageknip og kriblingar i heile kroppen. Jan Ivar står barbeint i kostymet sitt og hoppar opp og ned, medan han varmar opp røysta si. Så seier han noko som får meg til å le høgt og lenge Det kjennest plutseleg heilt overkomeleg likevel. “Er du klar?” kviskrar han til meg. Eg nikkar. Han tek kofferten i høgre handa og spring leande inn på scenen. Eg fylgjer etter i ein slags tillit til at replikkane kjem til å dukka opp når me treng dei.

Det tredje:
Det tredje glimtet er frå dagen i dag, dagen då eg skulle rydda hus og skriva eit bestillingasverk om to grøne dragar som skal læra barnehagebarn og skuleungar alt om sosial kompetanse… Eg søv til klokka er halv elleve. Eg vaknar forvirra frå ein draum der Halvard og eg sit på galleriet i kyrkja under ei gravferd og utfører språktesten itpa… Kjærasten min vekkjer meg fordi me må diskutera eit skap på badet før butikken stenger. Me pussar opp to bad. Det ligg baderomsfliser og står arbeidslampar rundt i huset, og det luktar betong og opne avløp.

Eg drikk svart kaffi og et rundstykke med ost. Eg sit ved bordet leeenge. Det er så godt å ha fri. Eg begynnar å vaska kjøkkenet, men kjem på at eg må ta ein runde med lusekammen. Det har brote ut lus i klassen, og sidan alle foreldre har blitt pålagde å sjekka ungane sine, så må eg nesten sjekka meg sjølv og. Eg er svært lite motivert for ein ny omgang lus i heimen, og finn heldigvis ingenting…

Så sendar eg sms-ar til mi høgst elska veslesyster og eit par til Inger i sama slengen. Eg får vaska hus i eit kvarter før Ingrid kjem og tilbyr seg å klippa håret mitt. Det tilbodet tek eg i mot med takk og så går det tjue minutt til…

Eg får rydda i ti minutt, så ber Ingrid meg kjøra henne til Oddvar på Orre. Før me kjem så langt, får ho lokka meg med på eit par tre omgangar med “Sing-star”. På veg heim stikk eg innom butikken, så må eg pynta ei kake eg har lova Halvard at me skal ha i helga. Kjærasten min ligg på sofaen med snue og ei halvbrukken tå,og han lurer på om eg orkar laga middag. Fiskesuppe skal bli, med kjærlege helsingar frå Frionor. Ute skin sola, men eg har så mykje å gjera at eg ikkje kan trenkja på å gå ut. Det ringar på døra og eg får overraskande besøk av ein god kollega, to seksåringar og ein eittåring. Kaffitraktaren på full guffe og fram med strikketøyet, mintgrøne ullsokkar til Hedvig…

Kjøkkenet er rydda, nå skal eg skriva om dragane, men kor er teikningane eg fekk, mon tru?… Og Andedrakt har jo venta i vekesvis på tekstane mine… Så her er eg, lett snufsande med forkjøling og sår hals og sår hovudbotn etter lusekammen. Eg har mange historier. Dette får bli dagsrasjonen. Klokka er halv sju, kanskje på tide å koma i gang med arbeidsdagen. Eg har ei heil helg så godt som utan avtalar og eg kjenner at eg er eit lukkeleg menneske…

Heidi

Nytt nyttår…

Den fredelege nyttårsfeiringa eg hadde lagt opp til vart kjempefin. Kjærasten min, eg og Sunniva var på besøk hos naboen. Dei er medlemmar i ei frikyrkje og hadde invitert seks ungdommar frå Columbia til å feira i lag med oss. Desse seks er i begynnelsen av tjue åra og skal vera i Norge i atten månadar tilknytta misjonskyrkja. Dei skal og reisa rundt på skular for å synga, dansa, spela musikk og fortelja om Columbia.

Dei fekk låna ein gitar, og me oppdaga fort at det swingar nokså mykje meir av columbianske julesongar enn av dei norske. Eg sat lenge og snakka med ein vakker ung mann på 22 år. Når eg sjølv har ein son på nitten, så kitla det liksom litt i morshjarta mitt å høyra om korleis det kjendest å ha vore eit halvt år i eit land langt mot nord langt borte frå alle sine…Fleire av ungdomane kom frå byen Bogota som har meir enn dobbelt så mange innbyggjarar som i Norge. Alle hadde budd i det som for oss er veldig store byar.

Ein av dei tinga dei sakna her var menneske, liv og røre. Det er så tomt i gatene her i den vesle byen som for dei sikkert fortonar seg som ei utmark i verdas ytterste avkrok. Dei var vane med at både på julafta og på nyttårsafta var folk ute i gatene og song og dansa. Dei hadde nok kjend litt på heimlengten alle saman, men bedyra at det var veldig interessant å vera her… Dei sette pris på at vertskapet hadde laga meksikansk mat så dei slapp å prøva å setja pris på komler, pinnekjøt eller fiskebollar…

Stakkars Sunniva fann ikkje heilt roa. Ho var så redd for at kattane skulle bli skremde av den stadige oppskytinga av fyrverkeri, så ho sprang i pendeltrafikk mellom vårt hus og naboen sitt. Innimellom sat ho i fanget på meg eller faren sin. Ikkje ofte ho er aleine på fest med oss to. Halvard hadde sjarmert seg til å feira i lag med familien til ein av kameratane sine, og var storfornøgd og opprømt då me henta han litt over midnatt.

Ingrid ringde til mi overrasking litt over halv tolv med beskjed om at ho og Oddvar gjerne ville hentast på Orre. Ho hadde fått nok av festlivet og ville heller heim til mor enn å stå midt i ei ikkje heilt edru forsamling der det skulle skytast opp kilovis med fyrverkeri.

Det var vakkert og uverkeleg å setja seg i bilen og kjøra ut mot havet i den kalde mørke natta under eit regn av nyttårsrakettar medan radioen fora meg med klassisk musikk. Det var som å vera midt i ein eller annan film.

Ingrid og Oddvar var godt til mote då eg henta dei. Klokka slo tolv medan me kjørde heim under eit endå meir intenst fyrverkeri. Vel heime var det tid for nyttårsklemmar, og for å henta Halvard. Me tok bilen kjærasten min og eg, for det var så sur vind ute. Me passerte venner langs vegen, stansa, opna bildøra og fekk iskalde klemmar.

Vel heime var det framleis tidleg til å vera nyårsnatta, men stille og godt. Det var godt å gå stille ut av eit intenst og hektisk år. I dag har eg skrive teater mest heile dagen, og er godt nøgd med dagsverket så langt. Snart skal me til gode vener og eta nyårsmiddag.

Og nå ventar det oss blanke ark og fargestifter tel…
I alle fall kan det vera sjarmerande å tru det…

Heidi

Takk for det gamle:

Det mørknar utanfor.- Lysa tennest i husa og i gatene. Eg sit her og har endeleg kome i gang med noko som var eit av måla for juleferien, nemleg å skriva eit teaterstykke for ungdomane i den eldste teatergruppa. Jan Ivar har allereie laga eit manus av ei Lars Saabye Kristensen novelle frå skulekjøkenet. Eg sit og prøver å få fram eit lite stykke av Christine Nöstlinger si ungdomsbok “Leve Luki”. Det er kjekt å skriva, men eg skulle nok hatt fleire dagar på meg.

Denne nyttårsafta blir litt annleis enn dei fleste i rekka. I mange år feira me nyttår i lag med to par gode vener og ungane deira. Nå er ungane våre blitt så store at dei dreg i kvar sine retningar, og me foreldre må leggja om litt på kursen for å få det til å gå i hop. Odd Christian skal feira i nabolaget i lag med ein stor gjeng gode vener, dei fleste er gutar på hans alder. Ingrid skal vera i lag med Oddvar sine kameratar, og må truleg hentast ein gong utpå natta, for Oddvar bur ei mil frå her. Halvard ringde nettopp frå ein kamerat og spurde om han fekk feira nyttår der. Foreldra til kameraten skulle ha besøk, men han fekk og vera der. Det får me finna nærare ut av.

Kjærasten min og eg skal feira nyttår med naboane rett over vegen. Dottera i huset er venninne med Sunniva, me skal ta det roleg og eta tacos og gå ut sånn etterkvart med kvart vårt stjerneskot. Det passar meg godt. Eg var så trøytt når jula kom, og nå har eg hatt fredelege gode dagar, men med ein eller annan form for selskap kvar dag eller kveld. I går hadde me eit lite juleselskap her heime med masse levande lys og heimebakt gjærkringle med mandler og rosiner og to små godjenter under året gamle. Noko i meg fell på plass når eg får ein baby i armane. Fine røde tulipanar hadde eg og kjøpt, men dei gløymde eg å få inn på bordet.

I dag kom Kirsten på besøk med dei to små jentene sine. Me drakk Cappucino og åt meir kringle, og eg fekk tend alle lysa ein gong til.

Nå er Halvard heimom for å argumentera for å få feira nyttår hos Vebjørn. Han er flink til å argumentera, men me har ikkje heilt bestemt oss… Og eg må tilbake til Luki om noko her skal bli gjort…

Det eg ville var å takka alle som skriv her og alle som les tekstane mine for fylgjet gjennom året som gjekk. Måtte året 2006 bli året for alle gode ting. Varme tankar og gode ynskjer for deg som les dette. Måtte vår jord bli oss venleg, og måtte englane få god plass.

Heidi