Gå til innhald

Gartnaren i meg…

… har ikkje spesielt gode kår, er eg redd. Laurdag for ei veke sidan hadde eg ambisjonar om å vera litt flink, og eg spanderte ein halvtime på luking i bedet mot gata.

Først kom svigerinna mi kjørande i bil, lysten på ein prat og ein kopp kaffi. Ho begynte å le då ho såg meg på kne i bedet. “På dei tjuetre åra eg har kjent deg er det første gong eg ser deg gjera hagearbeid,” sa ho. Då eg baud på kaffi, sa ho at ho nødig ville forstyrra, men ingen av oss hadde spesielt mykje i mot ein kopp kaffi på terrassen i tilnærma sommarver.

Den neste som kom forbi var naboen rett over gata. “Har du fått solstikk, Heidi?” var innleiingskommentaren hans. Han frykta at noko alvorleg var gale sidan eg heilt utan vidare gav meg til å luka…

“Eg ser du reinskar opp!” Denne gongen var det næraste grannen som helste. Eg snakkar om den naboen som alltid har ein prikkfri, vakker og velstelt hage med buskar klipte i kuleformasjon. Han betrudde meg til mi overrasking at han for sin del eigentleg ikkje kunne fordra hagearbeid. Det var bare å kasta seg ut i det og få det gjort. Hagearbeid var nærmast ei paradeøving i sjølvdisiplin… Den siste setningen formulerte han ikkje akkurat slik, men det var det han sa…

Den neste som gjekk forbi var ei kvinne eg hadde problem med å plassera, men ho kjende tydelegvis meg. Til slutt klarte eg å peila meg fram til at ho hadde barn på skulen der eg jobbar.

Ho hadde glødande blikk, og gleda strålte av henne. Ho kom rett frå kvinnemøte i pinsemenigheten og ville bare fortelja at Gud hadde store planar med kvinnene. Dei skulle bera kjærleiken ut til folket. Ho forkynde så eg vart reint varm om hjartet. Til slutt sansa ho seg og spurde litt forfjamsa:“Du er truande, er du ikkje?” Då eg bekrefta mi tru strålte ho endå meir før ho tok fatt på heimvegen.

Halvtimen i bedet varde meir enn tre timar, og eg var skikkeleg stolt av meg sjølv, Eg hadde løvetann- flekkar på hender og armar i fleire dagar etterpå. – Så det så…

Og nå har onkelen min på syttiseks år vore og planta heimeavla sommarblomar i bedet mitt. Folk viser då omsorg… Kven veit, kanskje eg vågar meg utpå att sånn ein dag frampå sommaren?

Heidi

Det viktigaste.

Juni har nådd oss att, eller er det omvendt kan henda?Det er ganske kjøleg ute, men det er så fint og grønt, og himmelen har vore blå store deler av dagen.

Eg kan mest ikkje tenkja meg ein meir variert jobb enn min eigen. For ei veke sidan dreiv eg med teater i to heile dagar, og i dag har eg vore på toalettet i administrasjonen på skulen store deler av arbeidsdagen.

Eg har vore i dette litt spesielle lokalet i lag med ein elev som me håpar er mogen for å slutta med bleier. Me brukar ein veldig strukturert modell, der ein høg prosent av dei som gjennomgår prosjektet lukkast og kjem i mål. Det nokon bare får til heilt av seg sjølv, må andre jobba hardt og målretta med. Me var litt slitne både han og eg då dagen gjekk mot ein ende. Han hadde sikkert større grunn til det enn meg, for me er tre vaksne som går på skift medan han er der heile dagen.

Høgst subjektivt vurdert: Han er den “godaste” ungen i heile verda med eit smil som kan smelta isfjell og med lange augnevipper og Bambi- blikk. I dag såg eg at eg hadde laga stygge leppestiftflekkar på genseren hans. Kosinga på fanget mitt hadde sett avtrykk… Det å dagleg omgåst med utviklingshemma menneske gjer livet ein ekstra dimensjon. Det viktigase med dette livet kan ikkje betalast med pengar eller målast med intelligenstestar.

Ingrid kom heim i går og fortalde om ein baby med Downs- syndrom ho hadde sett sitjande i barnevogna. Ho sa: “Eg synest at babyar med Downs -syndrom er dei vakraste av alle.”

Eg måtte medgje at eg er heilt samd i akkurat det. Eg har teke meg i å sjå litt for lenge på heilt uimotståelege Downs- barn for så å dra blikket litt beskjemma til meg for at ikkje foreldra skulle tru at eg stirra fordi dei var annleis…

Eg har ingen romantiske forestillingar om at det å ha til dømes eit Downs- barn er ei berusande lukkeoppleving frå morgon til kveld. Til det veit eg litt for mykje om både det eine og det andre. Likevel så vågar eg å påstå: Livet hadde vore ein fattigare stad å vera utan dei.

Heidi

Ståande ved døra…

…til ein sommar avsluttar eg prosjektet “tekstar frå kvar einaste dag i mai.” Den eine dagen glapp rett nok på grunn av flyskrekk og manglade datamaskin i Trondheim, men elles så har eg klart å fylgja opp denne fikse ideen…

Trappa er slipt, trinna er lakka, og resten er malt antikk- kvitt. Puslespelet med timeplanane for neste år er så godt som i boks. Ute er det lyst, sjølv om klokka er over elleve, og lyset gjer så godt. Snart er eg i gang med det nye livet mitt. Eit liv med kvilepuls og roleg pust, eit liv med sunn mat og lange turar, gode bøker og ope hus for besøkjande. Og om ein månad og vel så det dreg me til Spania. Kva dag som helst, kanskje for eksempel i morgon har eg tenkt å fjerna julekrybba frå golvet på soveromet og bera ho ned i kjellaren?

I morgon skal Ingrid ha muntleg prøveeksamen om fossilt brennstoff og Odd Christian skriftleg eksamen i norsk sidemål. Sjølv kom eg heim frå jobb for mindre enn ein time sidan og har jobba som ein helt sånn stort sett i heile dag.

Det er ein besnærande tanke å skriva sommaren som skal koma. Skriva han ord for ord og dag for dag, men eg lovar å ikkje ta opp riktig så mykje plass her som eg har gjort desse siste vekene.

Heidi

Sing song blue…

Leve pedagogikken! Rett frå jobb med heilt spesielle pedagogiske utfordringar til foredrag om nye læreplanar.
Tonen nå for tida er at skulen må vera viktig for samfunnsutviklinga. Meir matematikk inn i skulen. Kompetansen må hevast i basisfaga. Me må bli konkurransedyktige, og skulen og elevane må testast ut med jamne mellomrom.

Eg er gammal nok i faget til å ha svingt opptil fleire omgangar med pendelen. Fram og tilbake, fram og tilbake, som det står i ein norsk barnesong. For åtte år sidan vart me massivt kursa i at førskulemetodikken skulle opp på skuleniva. Barna skulle ha tid til leik, store deler av undervisninga skulle foregå ute, og om barna trivdest godt nok så kom lærdomen av seg sjølv…

Resten av kvelden har me hatt planlegging for neste år. Alle spesialpedagogene sat saman for å prøva å laga gode opplegg for alle elevane med spesielle behov. Alle behov på bordet, fordela pedagogar og assistentar, halda dette saman med klassane sine timeplanar og få ut det optimale tilbodet til alle… Høyrest lett ut, men det er i praksis så godt som umogleg… Det går rett og slett ikkje i hop… Men me er ein gjeng med optimistar som ikkje gjer oss så lett, så me kjem vel i mål på eit vis i år og.

Heidi

Frans av Assisi.

To seine kveldar etter ein annan kan vera i meste laget kjende eg då eg vakna i dag. Eg var så trøytt at augene svei, men eg hadde mykje å ordna, så eg fekk stabla meg på beina. Eg har rydda klesskap og funne forskjellige ting eg ikkje visste eksisterte. Så har eg rydda bokhylla med barnebøker. Det var mest så eg hadde lyst til å gråta ein skvett ved gjensynet av alle dei mest heilt-istykker-lesne billedbøkene som eg las for ungane mine kveld etter kveld etter kveld i tolv år i strekk. “Når var det me slutta å lesa desse?” spurde eg meg sjølv, men svaret hadde eg gløymt.

Eg fekk og ein liten klump i halsen då eg fann alle bøkene for større barn. Bøkene av Maria Gripe, Astrid Lindgren og Roald Dahl. Det gjekk opp for meg at eg må ha lese bøker mykje lenger for dei eldste enn for dei to små. Eg fann bøker eg skulle gøyma til dei vart store nok, og nå er dei kanskje allereie for store til å ha lyst til å høyra dei. Det store spørsmålet er kor lenge Halvard går med på å ha ei hylle full av Thomas og Emma bøker, Janosch- bøker og Albert Åberg- bøker ståande på guteromet.

I kveld var eg på kveldsgudsteneste. Det var så vakkert i kyrkja med dei grøne bjørkene utanfor som vinka inn i romet. Ein blå gassballong frå marknaden fløy til himmels og var ein augneblink ein del av altertavla i farga glas. Inne var det pynta med epleblomar og nyutsprungen rhododendron. Det var nydeleg musikk der i dag. Det var folketonar som var gjennomgangsmusikken med cello, hardingfeler, orgel og harpeleik. Solisten song så fint at eg fekk tårer i augene. Sjølv hadde eg blitt spurd om å fortelja om Frans av Assisi. Nokre gonger veit eg straks eg blir spurd at eg vil gjera det. I tillegg veit eg kva eg vil gjera. Omtrent slik var det denne gongen. Eg synest det Frans av Assisi står for, det motsette av å søkja makt og prestisje og jordisk kapital, er ein av dei tinga som gjer kyrkja truverdig. I dag var det godt å vera i kyrkja. Det var godt å lena bønene mine, lengsler, gleder og frustrasjonar mot ei bølge av musikk.

Då eg skulle gå kom ein eg kjenner litt heilt overraskande bort til meg og sa han hadde skrive song til meg. Han trudde eg fylde førtifem i sist veke, men då han etter litt research fann ut at det var førtifire fann han ut at han skulle spara songen eit år. Så nå kunne eg gle meg til 23.mai 2006. Då skulle han personleg koma på døra mi for å synga for meg. Eg lova høgtideleg at då skulle eg be han inn på noko godt. Eg vart i godt humør av idéen for eg kjenner han ikkje spesielt godt. Han har for eksempel aldri nokon gong vore her på besøk. Eg likar folk som held fram med å vera i leikemodus heile livet. Når besøkte du sist nokon som ikkje er i næraste familie eller vennekrets for å synga ein sjølvlaga song for dei? Kanskje det får bli dagens utfordring om nokon treng slike.

Eg gler meg til å få ferie. I dag då eg rydda fann eg så mange bøker eg gler meg til å lesa.

Heidi

Den første sommardagen

Utan førevarsel
er vinden blitt varm og venleg over natta.
Kjærteiknar meg på trappa
gjennom tre lag klær.
Vafler og pølser på overfylde fortau
mellom alle klesstativa
og dei store bok-kassane.
Grilling og gatemusikantar,
til og med eit marsjerande korps.

Folk med sommarsmil
dei ikkje har brukt på lenge
og høge isar med og utan sjokolade
driv opp og ned i gatene.

Klart eg har bruk for
to eggeglas med markblomar,
og kakeboks med Robin Hood
når pengane går til ein god sak.
Loppemarknad kunne eg hatt heime og,
i garasjen kan henda?

Kaffi og grovbrød med syster mi,
tømde rett og slett kaffiboksen
(Kva skal me nå drikka i morgon tidleg?)
før Sondre Bratland song for meg
i kyrkja i lag med fiolinar
og orgel med med mikrofonar i pipene.

Kven kan seia ut den gleda å få vera Kristi brud?
Kan jeg dog nå det gode land,
som snubler gang på gang.
Deilig å lukka augene og la musikken smyga seg
mildt og stilt kring tankane,
må opna dei før eg somnar.

Mildt i hagen til Betty
seint på natta
og så lyst
når me står saman ute
og trekkjer sommarlufta inn
i små slurkar.
Om mindre enn ein månad
skal sola snu.

Ost og brød på bordet
oliven, ananas og valnøter
kaldt vatn, rød og kvit vin
mengder av svart kaffi.

Når eg kjem heim
har kjærasten min malt
trappa er kvit og ny
og huset luktar maling.

Hjälp mig då att vila trygg och stilla
blott vid dina löften Herre kär.
Natta går vakt kring huset mitt
i den svarte kappen sin.
Snart lysnar det igjen av dag.

Heidi

Lakenskrekk.

Natta legg seg venleg kring huset, og eg har lakenskrekk.
Eg har ikkje det grann lyst til å leggja meg og sova vekk desse fantastiske timane då eg kan gjera kva eg vil.

Eg kom nettopp heim frå litteraturgruppe med gode venninner. Nøkkelen låg i lomma på buksa eg tok av før eg reiste dit, så eg måtte banka på soveromsdøra mot hagen heilt til Leif vakna. Eg har fin ny jakke i gammelrosa råsilke som eg fekk i posten i gebursdagspresang. Nytt skjørt har eg og. Heldige meg som får pakkar i posten.

I dag begynte syrinane i hagen til Gry å springa ut. Me hadde møte på jobben og åt halvfrosen ostekake fordi det me skulle ta opp der var så vanskeleg at ingen fekk seg til å seia nei. Etterpå vandra eg opp og ned i Storgata. Det er marknadsdagar i den vesle byen min. Det er mykje folk ute, og mykje som skjer.

Elise har sofa på kjøkkenet. I dag tok me fem og tjue tredjeklassingar heim til henne. Ungane bakte bollar og leika både inne og i hagen. Etterpå åt dei bollar, drakk raud saft og prøvde å adoptera ein grå katt som absolutt ville inn i huset. Nå held eg på å somna her eg sit og les gjennom det eg har skrive. Lufta er framleis skarp og kjøleg. Mon tru om her er liljekonvall å finna?

Heidi

Om å leika i høljeregn.

Forestillingane i går må ha teke på meir enn eg trudde. Eg meinte sjølv at innspurten hadde foregått med låge skuldrer og tilnærma normalt adrenalin-nivå, men nå i ettermiddag kjenner eg meg helt utlada. Har bare lyst til å sova, så det trur eg snart eg skal unna meg…

I dag har eg vore på tur med tredje klasse. Dei sov ute i lavvo i natt på ein caravanplass ute mot havet i lag med tre av foreldra. Då me lærarar kom ned i dag morges, var ungane morgontrøytte, svoltne og glade. Dei sparka fotball på eit jorde. Det regna og var kaldt, men ungane hadde det fint. Foreldre i land litt lenger sør og vest hadde nok latt seg sjokkera av at me har heile skuledagar utandørs i øsande regnver. Ei eg kjenner hadde barn på ein engelsk skule, og der fekk dei ikkje gå ut når det regna.

For ein del år sidan var me på besøk hos bekjente i Tyskland. Medan me var ute og gjekk tur med ungane kom det plutseleg ei skikkeleg høljeregnsbyge heilt overraskande over oss, og både me og ungane vart søkkvåte… Aldri har eg sett maken til respons på å vera våt. Vertinna beordra straks varme dusjar, kom med store badehandkle, slåbrokar og Pfefferminz-te til oss. Mannen vart send etter ein hårfønar eller to. Då eg sa at håret til ungane tørka av seg sjølv og at dei ikkje var vane med å drikka, te vart ho djupt sjokkert. Var eg ikkje redd for erkältung, lungebetennelse osv…

Av og til lurer eg på om me er eit merkeleg folkeslag her oppe i nord.

Heidi

Så som i himmelen.

Eg kom borti ein tast eg ikkje skulle ha rørt ved, og så forsvann heile teksten min. Og eg som var så klar for å avslutta.

Teksten handla om netter som er blitt lyse, og om kyr som beitar i regnet. Så handla han om å vera heilt ør og tom etter ein heil dag med teaterforestillingar, og om kor stort det kjennest når alt blir magisk og ting fungerer.

Han handla om kjærasten min og meg som reiste ut i regnet etter at kveldsforestillinga var slutt, og ende opp med eit fire rettars kinesisk måltid. I teksten min var det og ein stor bukett bleikrosa Ingrid Alexandra roser, som eg fekk av kollegene mine fordi det var tjue års bryllaupsdagen vår akkurat den dagen me spelte teater heile dagen og kvelden med.

Det teksten kanskje djupast sett handla om var “Så som i himmelen” sjølv om eg ikkje hadde nemnd filmtittelen med namn. Djupast sett er det det livet mitt dreier seg om: Om å finna tonen og samklangen, om å opna opp for noko større som ein bare kan vera ein del av.

I Trondheim såg me to svenske filmar. “Så som i himmelen,” og “Masjävlar.“Gå og sjå dei begge to.”

Som den danske dikteren Benny Andersen seier:
“Lær meg hvor jeg skal falde ind når den store musikk begynder.”

Og der hadde eg tenkt å slutta teksten, men plutseleg bare stod sitatet under i teksten min utan at eg hadde skrive det inn. Spooky. Ved nærare ettersyn ser eg at det er ein del av teksten eg skulle omsetja i går. Han må ha lege på maskinen under “klipp ut/ lim inn eller noko slikt… Uansett. Har orda skrive seg sjølv inn på Andedrakt, så kan det vera dei skal få stå der litt i tilfelle nokon har bruk for dei…

“Takk for det liv og den kraft som du gav oss, skap noe nytt, noe brennende av oss, send oss til verden med håp og rettferdighet. Handling og bønn må bli ett.”

Heidi

Eg vil og…

I dag kjørde eg heilt ut til havgapet litt lenger sør. Eg hadde sagt ja til å hjelpa til å omsetja ein tekst som skulle brukast til lokal pilgrimsvandring. Ho eg skulle besøkja for å samarbeida med eit par timar, kjende eg litt frå før. Ho leiger eit gammalt lite hus heilt ute i havgapet. Det lukta salt og sjø utanfor huset hennar og inne var det fine gamle plankevegger.

Me drakk kardemomme- og kanelte og snakka om det å ha det travelt. “Eg vil heller ha litt mindre pengar og kjenna at eg lever,” sa ho. Og eg kjende at det var så sant, så sant. Eg vil og jobba redusert og ha mykje tid, tid til å tenkja, tid til å lesa bøker, til å gå turar midt på dagen og til å skriva dikt og songar. Eg vil og bu i havgapet og drikka kardemommete med kanel. Eg vil vera klok og varm og ha godt om tid og heimebakt grovbrød til alle som bankar på døra mi… Snart er det sommarferie i alle fall. Då skal eg leva litt meir av den draumen.

I dag har eg jobba teater heile arbeidsdagen. Me har øvd og øvd på Snehvit og dei sju dvergane med femte, sjette, og sjuande klasse. I morgon skal Snehvit sitja ved mora sitt dødsleie, den onde stemora skal synga solo om det å vera vakker, ond og sterk og jegarane skal boikotta henrettinga dei er blitt utkommanderte til å foreta. Dyra i skogen skal dansa rock, dvergane dansa etter tyrolarmusikk, og stemødrer koma i flokk og fylgje for å forheksa hovudpersonen.

Til slutt skal Snehvit døy og leggjast i ei så godt som autentisk likkiste laga av plexiglas med ein kvit trekross på loket. Stig har utført jobben sin så grundig at eg mest har fått kalde føter for å bruka ho. Ho ser liksom i skremmande stor grad ut som ei ekte kiste, og dvergane skal dekka loket med røde roser… Heldigvis skal prinsen koma, han skal kyssa prinsessa si som straks blir levande att. Dvergane skal løfta henne ut av kista og alle skal vera glade…

Ooops… Nå har eg gløymt å kjøpa roser… Kor får eg tak på dei før klokka ti, mon tru? Eg har viss nokre heilt bleikrosa halvvisne roser nede i ein vase i stova. Eg får sjå om dei kan vera brukbare. Uansett, barnehagane i byen, og alle barna i første -klassane kjem for å sjå på. Tindrande barneauge er sånn omtrent det finaste eg veit.

Heidi