Her kjem ei helsing frå Hotel Circus. Bileta over er frå det romet eg sit i nå, kafeen, inngangsromet på hotellet vårt. Det ligg i sentrum av gamle Aust Berlin, ikkje så langt frå det gamle fjernsynstårnet. Det er fredag ettermiddag og det er i ferd med å skumra. Eg hadde trudd det var litt lenger lyst her enn heime, men det ser ut til å vera omtrent det same. Her sit det fleire og skriv og endå fleire og snakkar saman. Me havner ofte på stadar der dei fleste er meir på alder med dei vaksne barna våre enn oss, men det kjennest heilt ok…
I går då me skulle ut og fly i stormen, hadde eg mest lyst til å avlysa heile turen, men i dag hugsar eg kor godt eg liker å reisa.

Dagen begynte med hip og trendy frokost på den same staden som eg sit nå. Økologisk heimelaga Granholt med biologisk yoghurt, chiagrøt og plommepure…
Så bar det ut på eventyr. Sidan me hadde kjøpt ein firedagars reisebillett, hoppa me på den første trikken me såg bare for å sjå kor me ende. På trikken stod det Stadtgrenze, så me kom i overkant langt ut, derfor hoppa me på ein ny trikk og gjekk av første plassen me kom til eit lite sentrum. Etter ein liten times sightseeing og litt handling, hoppa me på ein S-Bahn og kom til eit område ca ein halvtime frå her, det var eit veldig triveleg spaserings- og handleområde, så resten av dagen brukte me til å gå oss langsomt tilbake hit.
Det er så mange fine og rimelege blomar når me kjem bare litt ut av vårt eige land. Fargane og luktene er overveldande. Eg liker godt å finna ein stad der eg bare kan sitja og sjå på folk. Eg ser ofte spor av det gode, ei storesyster som kjem på kafé med broren som er autist, og som roleg og tålmodig forklarer betjeninga at han må få ekstra varmt vatn i teen sin, to venninner som møtest på gata og som blir så glade at begge ansikta lyser opp før dei gir kvarandre ein klem, ein nynnande pappa med babyen i bæresjal, ei mor på veg heim frå barnehagen med to barn på den turkise sykkelen… Som visesongaren Trille song det så fint på åttitalet: Sådan ser jeg ofte striber af lys, ofte striber af varme, som når eg visken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle af håb.»
I bokhandelen over hadde dei så mange fine biletbøker. Eg klarer ikkje å gje opp håpet om å gje ut biletbøker sånn etterkvart. Det er dessverre ein veldig vanskeleg nisje å få innpass på.
Kafeen over var ein plass Leif hadde fått varmt anbefalt. Det var ein bitteliten indisk restaurant med spesielt fokus på veganarmat. Me bestilte ein meny for to som bestod av smaksprøvar av alt dei hadde. Det vart ei stor, mettende og fin oppleving. I føremiddag var vêret surt og kaldt med eit ørlite dryss av snø i lufta, men etterkvart skein det opp, og etterkvart vandra me rundt med skarp februarsol i ansiktet. Me gjekk innom hotellet for å kvila beina litt, og eg burde sett kva som kom, reisekameraten vart plutseleg så veldig trøytt, så han har sovna… Om eit par timar kjem resten av reisefylgjet, så me kjem vel ikkje ut før då… Det er nå koseleg å sitja her og skriva, då. Nå har eg brukt lang tid på cappuccinoen min, så eg må vel snart bestilla noko nytt for å forsvara å behalda stolen…
Heidi
Sidan me er så godt i gang med viderverdighetene flyturskildringar, får eg by på resten og…
Heilt til me gjekk ombord på flyet, var eg usikker på om me verkeleg kom oss frå Amsterdam, for på Schiphol var det fleire kansellerte fly enn det var avgangar, men til slutt var me på plass i flyet, eit mykje større KLM- fly denne gongen.
Då alle var på plass kom kapteinen på høgtalaranlegget og sa at det var beskjed frå Berlin om at på grunn av streik blant bakkemannskapa, kunne me ikkje letta før om tre kvarter. Litt oppgitt sukking og mumling høyrdest mellom seterekkjene. Mange hadde venta halve dagen på å koma i veg. Då dei tre kvartera nesten var over, fekk me beskjed om at eit fly hadde kjørt av rullebanen på grunn av den sterke vinden, og at sikkerheitspersonalet midlertidig hadde stengd flyplassen for flytrafikk. Eg begynte nesten å håpa på at dei slapp oss ut att, men så kom det til slutt klarsignal om at me kunne gjera klar for avgang. Det humpa og rista fælt dei første ti minutta, men fram kom me.
Og me var så lukkelege over å vera framme at det ikkje betydde noko at heile dagen hadde forsvunne i reising og venting. Me har fått eit fint og koseleg hotell midt i hovudområdet til det som var aust- Berlin. Biletet over heng på romet vårt på Hotel Circus.
Heidi
To timar på overtid fekk me gå inn i flyet. Bare ein mann valde å sei at han ville flytta avreisa til i morgon. Inne på flyet fekk me vita at me framleis måtte vera tålmodige. Dei ville fly så snart dei fekk lov. Av fem rullebanesystem på Schiphol var fire stengde på grunn av stormen, fekk me vita? Betryggande?
Etter eit kvarter- tjue minutt sette me fart. Eg sat i midten med Leif ytterst og ein mann på alder med Ingrid og Odd Christian ved vindauget. Han fotograferte medan me letta, så sovna han med lange mørke augnevipper mot kinna. Eg trekte dei frå før av stive akslene mine så godt eg kunne inn til meg. Ein sit forferdeleg tett på små fly, og det er nesten noko unaturleg å sitja så tett inntil nokon ein ikkje kjenner og ikkje ein gong snakkar med…
Då me gjekk opp kjende eg at pulsen var på stressnivå, og tanken på kva dei gjer på eit så trongt fly om ein av passasjerane skulle få hjarteinfarkt, streifa meg.
På flyplassen las eg Dagbladet, og der var det ein artikkel om katastrofetankar. Dei sa at menneske som ganske ofte forestilde seg dei mest detaljerte skrekkscenarier hadde fantasi som var over gjennomsnittet… Det er det kanskje ei slags trøyst i… Fantasi kjem ofte vel med, men ikkje alltid…
Turen var roleg i forhold til fantasiane på førehand. Eg hadde sett for meg at me nærmast skulle bli slengde som filledokker ut og inn av turbulenshol. Først då me nærma oss, sa dei at det framleis bles svært kraftig på Schiphol, men at det var ein liten pause i dei verste vindrossene nå, slik at me som det første flyet i dag skulle få landa på ein av dei rullebanane dom hadde vore stengde… Beroligande?
Under innflyginga fekk me verkeleg kjenna på kreftene i vinden. Bak oss hadde me tre unge gutar frå Stavanger. » Akkurat nå e eg glae at eg ikkje har flyskrekk.» sa den eine. «Nå går eg snart til kirke!» sa den andre. Kva han hadde tenkt å gjera der fekk eg aldri vita… Då me landa trygt med hjula på bakken gjekk det eit lettelsens sukk gjennom seterekkjene, og for første gong opplevde eg at det braut ut spontan klapping for piloten. Eg høyrde og at han fekk mykje ros då han smilande stod i døra for å sjå oss vel av flyet.
På Schiphol var det fleire kansellerte fly enn avgangar på lystavlene. Nå ser det ut som om vårt fly kjem til å hå. Eg hadde ikkje takka nei til ei overnatting for å «liggja på vêret». Men som syster mi så klokt melder på SMS: i gen flygarar eller kabinpersonale er villige til å ofra livet for ein flytur mellom Amsterdam og Berlin…
Heidi


Det fine biletet er veggdekorasjon på Sola flyplass. Her sit me og ventar på eit halvannan time forsinka fly som skal ta oss til Amsterdam, og så skal me vidare til Berlin. I Amsterdam er det masse kansellerte fly på grunn av sterk vind. I går ettermiddag fekk me beskjed om at flyet me skulle ta frå Amsterdam var kansellert på grunn av vind, så nå er me ombooka på eit anna fly. Turen kjem til å ta heile dagen, og det er heilt ok, viss det ikkje var for det med vinden.
Dei som kjenner meg, veit at eg i utgangspunktet veldig ugjerne går i fly. Kvar gong eg gjer det så spør eg meg sjølv korfor eg gjer dette… Svara er ikkje så vanskjelege å finna. Akkurat nå gjer eg der for å få nokre fine dagar i Berlin med Leif og gode venner, men eg må innrømma at då me stod i innsjekkingsluka for å finna ut korleis me skulle organisera reisa, så håpa eg at den vennlege dama skulle seia at turen måtte avlysast eller at me måtte ta tog mellom Amsterdam og Berlin dersom me ville fram.
Eg har prøvd å fortelja familie og venner at eg som miljøaktivist snart må seia at eg av samvitsgrunnar ikkje lenger kan reisa med fly. Dei trur ikkje på meg, og meiner eg fer med vikarierande motiv. Litt rett har dei sjølvsagt. Likevel meiner eg det litt. Det at me rike og privilegerte driv og tek fly i tide og utide er i følgje all fornuft veldig lite bra for klimaet. Heia NSB! Trass alle dine feil og mangla så har eg deg og dine syskenforetak inderleg kjær, som det heiter på bibelspråket…
Og korfor eg sit på flyplassen og skriv alt dette. Det er sjølvsagt stressbearbeiding… Dersom det då ikkje virkar stikk motsatt, at eg skriv meg kvalm og oppskjørta medan skuldrene nærmar seg øyrene…
Nei, nå skal eg vera flink jente og prøva å overføra min sedvanlege tillit til livet og mine medmenneske til flyselskapet KLM… Eg skal prøva å vera takknemleg for at eg sannsynlegvis er trygt framme i Berlin før midnatt, eller at me kanskje ( i beste fall 😉 ) får ei overnatting i Amsterdam medan stormen løyer…
Tenk meg gode tankar 🙂
Heidi

Eg høyrde at nord i landet bruker dei uttrykket nattmorgen om tidleg morgon som nesten er natt. Vårvinter må då kunna brukast som eit fint ord for sein vinter som nesten er blitt vår. I dag såg eg noko som nesten er ein utsprungen krokus i bedet mitt, og hos naboane har det lenge vore både snøklokker og klosterklokker. Klosterklokker har eg fleire gonger prøvd å få opp i hagen utan å klara det. Kanskje detkan bli til neste år…
Dagane er merkbart lengre og lysare, og det er eit ørlite strøk av noko vårleg i lufta me pustar inn. Dagen har vore fin.
Desse fine februarkveldbileta er frå fredag. Det er Leif som har teke dei, og eg har fått lov til å bruka dei her.
I dag har eg forresten fått dobbel dose gudsteneste. Først var eg på ei vrimlande flott familiefokusmesse i kyrkja på Bryne. Så kom eg heim og oppdaga at min gamle venn Per Kvalvaag hadde radiogudsteneste i dag, så då måtte eg inn i P2 akivet og høyra medan eg bakte müslibollar og steikte vafler til familiekaffien. Eg trur tittelen på gudstenesten var «pop-gudsteneste fra Selbu kirke». Eg anbefalar å gå inn og høyra.
Det var ein solosong der som eg ikkje kunne hugsa å ha høyrt før. Eg måtte senda melding til Per og spørja, og fekk vita at det rett og slett var ein Kari Bremnes- tekst. Den teksten passar godt her på ein sundag, så den vil eg avslutta med.
Viss du kommer tebake en dag
Hvis du kommer tebake en dag
vil du komme som venn?
Vil du komme som dommer og Gud
eller komme som barn igjen?
Vil du komme på sykkel
så kjortelen står etter dæ som et seil
Vil du komme te han som e fremme forlengst
eller ho som går feil
hvis du kommer igjen?
Hvis du kommer tebake en dag
vil du gå tel ei dør
der det står president eller pave,
imam eller sjefsredaktør?
Vil du heller gå inn tel en prostituert
eller heroinist
går du utenom status og penga og makt
som da du va her sist
hvis du kommer igjen?
Hvis du kommer tebake en dag
hvis du kommer hit nu
ka du sir om den krigen som går
om den einaste riktige tru?
Vil du komme te alle med fred
eller bare de utvalgte få?
Trur du ennu tilgivelse sju ganga søtti e veien å gå
hvis du kommer igjen?
Kari Bremnes
Heidi
Når eg kjem heim etter å ha vore ute og reist, så hender det at eg blir slått på ein ny måte over kor fint det faktisk er der eg bur. Denne gongen hadde eg ikkje vore på langtur, så den naturopplevinga eg hadde på måndag kveld kanskje ville ha slått meg nesten i bakken uansett. Eg skulle vera klokka seks på eit styremøte på Hå gamle prestegård, og kom rett i solnedgangen. Lyset og fargane var heilt utrulege, etter å ha vore glasklart pastellfarga, glei dei over i desse lyst rosaoransjegule nyansane som eg prøvde å fanga med mobiltelefonen min.
Resten av veka har bydd på mykje sosialt samver og gilde kveldmåltid med gode folk.
På onsdag var me hos Astrid og leika oss med å setja opp blomar. Alle hadde med seg litt kvar, og nokon hadde vore i skogen og i hagen og samla med seg anna naturmateriale. Eg har alltid misunt litt dei som jobbar som blomsterdekoratører. Ofte ruskar eg med meg litt av kvart i blomsterbutikkar og insisterer på å setja saman buketten sjølv. Eg må innrømma at det har hendt rett som det er at eg i ettertid innser at dei som jobbar i butikken og verkeleg kan dette, kunne ha gjort det både billigare og finare om eg hadde latt dei få lov…
Heidi
Før eg forlet Stockholm for denne gonge her på bloggen, så har eg lyst til å visa nokre glimt av sundag og. Her er det koselege kaféromet på hotellet vårt der bebuarane alltid var velkomne til å opphalda seg og til å forsyna seg med kaffi og litt meir. Det blir så triveleg miljø når ein får lov til å ha tilgang til koselege fellesrom.
Paraplyar fekk me faktisk ikkje bruk for denne helga, men eg er alltid takknemleg for at det finst hotellparaplyar.
Ingrid måtte dessverre vidare i tolvtida for å nå flyet sitt. Sunniva og eg hadde fire timar meir til disposisjon på vår timeplan. Det viste seg at det slett ikkje var langt å gå frå jernbanestasjonen til Drotningens gata i sentrum og vidare mot porten i gamlebyen. Det var nydeleg februarsol over oss. Når barna bur langt borte, er det spesielt dyrebart å få litt tid i lag med dei.
Det var og veldig fint å få sett litt av det me rett og slett ikkje rakk tidlegare i helga. Utanfor Stockholms slott møtte me marsjerande soldatar. Folk stimla saman i borggarden for å sjå. Me var der litt, og bestemte oss for at det nok var ein vaktskifteparade. Så gjekk me vidare, me såg folk trekkja mot slottet og høyrde trompetfanfarar. Kanskje me gjekk glipp av noko stort…
I gamlebyen var det nokre kafear som såg utruleg trivelege ut. Dei var i dei gamle husa og hadde rikt utval av kaffi, kaker, kakaovariantar og varm lunsj. Sundag føremiddag klokka to var nok eit særdeles uheldig tidspunkt til å finna ledige bord i desse. Folk stod i kø. Til slutt fekk me kjøpt oss kaffi i eit litt meir unseeleg lokale i ei bakgate.
Ei venninne av meg fortalde om ein ho kjende som hadde ei hylle på kontoret fylt med badeender i forskjellige variantar, både i form av nonner og dandyar. Kanskje han har vore her og handla?

Eg fekk barnsleg lyst til å samla på badeender eg og… Kanskje eg begynner ein vakker dag…
Den første timen på toget kunne me nyta utsikten. Ein får sett mest når ein reiser med tog. Så fekk me oss eit varmt måltid i togbistroen og nokre fine timar med kvar vår bok. At reisa for mitt vedkomande ende med eit forsinka nattogg der sovevogna var fråkopla er ein annan historie. Eg kom meg vel heim.
Heidi

Då me skulle ut i byen på laurdagskvelden fann jentene ut at me kanskje rett og slett skulle unna dei trøytte byføtene våre ein liten kjøretur. Me bestilte ein bil og fekk oss ikkje bare ei reise gjennom bydeler i Stockholm, men og gjennom eit liv.
«Så ni e norska?» sa sjåføren så snart me var inne i bilen. Eigentleg hadde me nesten ikkje rukke å opna munnen ein gong, han sa det då han kom entusiastisk småspringande ut av bilen for å opna bildøra for oss. Eg lurde på korleis han kunne vita det, og kom først seinare på at det nok var fordi me hadde bestilt bilen på norsk. Han sa at han sjølv var norsk og at ein nordmann alltid kjenner att andre nordmenn. Eg lurte på kor i Norge han kom i frå, og han nemnde ein plass langt nord i landet. Tilfeldigvis kjenner eg nokon som kjem der i frå, men han kjende ikkje til referansane mine. Ei av jentene mine spurde om han likte Stockholm, og han sa at Stockholm var staden han elska, staden han hadde fått eit nytt liv.
Det var lenge sidan han hadde budd i Norge, sa han, og dessverre hadde han mest vonde minne, det første bevisste minnet han hadde var av ein rasande far som slo mor hans hardt og brutalt i ansiktet. Etter turbulente år, hadde mora teke med seg barna og flytta til Sverige for å begynna på nytt då han var åtte år.
Han trengde seg ikkje på for å fortelja meir, men etter at me hadde sagt at me var glade for at han hadde fått det betre i Sverige, kom det ei lang og detaljert historie sånn litt etter litt. Den første tida i Sverige hadde vore minst like vond som barndomen i Norge, han opplevde alkoholmisbruk og vald i heimen, og på skulen vart han mobba fordi han var norsk. Barnevernet hadde gripe inn og han hadde vore på ein rekk ulike barneheimar og institusjonar utan at han hadde falle til ro. Neste skritt hadde vore å begynna tidleg å drikka, vegen gjekk til andre rusmiddel, slåsskampar og kriminalitet.
Livet hadde til slutt snudd då han i vaksen alder hadde begynt på ein kristen folkehøgskule. Han hadde forelska seg i ei jente, og pappa pingstpastoren hadde teke i mot han som familiemedlem og støtta han. Møysameleg og gjennom mange år hadde han klart å få livet sitt på beina att. Han hadde fått ei lita dotter, som me fekk sjå bilete av, fått nokon som trudde på han og sjølv fått noko å tru på som kunne halda han oppe. «Och i fjorton år har jag varit totalt nykterist, och inte endast luktat på en ølkork». Etter å ha vore uføretrygda i lang tid hadde han for ikkje så lenge sidan blitt godkjend som taxisjåfør, og nå var det hans største glede å kunna gå på ein vanleg jobb, og kunna leva eit godt og vanleg liv. Det strålte verkeleg av mannen.
Me hadde sett oss ut ein thailandsk restaurant ikkje langt frå den kinoen me hadde billettar til. Me hadde prøvd å bestilla bord, men ikkje lukkast. Dei hadde den politikken at bare halvparten av borda kunne førehandsbestillast. På dei andre gjaldt det førstemann til mølla som gjaldt. Det var den teknikken me hadde tenkt å bruka, men då vår nye venn sette oss av rett utanfor spurde han «Skall ni eta där inne?» Me bekrefta at det var planen vår, og spurde om dei ikkje hadde god mat der.» «Jo, då,» sa han. «Visst är maten god, men då jag var der sist med min fru och min svärmor och svärfar, såg vi en råtta där…»
Det ende med at me åt ein annan plass. Seinare på kvelden begynte me å diskutera om me trudde på historien hans. Eg var faktisk den mest skeptiske som meinte at det kunne tenkjast han hadde smurt veldig tjukt på. Neste dag googla me namnet hans, og det viste seg at det han hadde fortald var sant. Det var mellom anna eit forum på nettet som heitte omtrent «Var tog dom kriminella från Stockholm på nittitalet vägen?», – eller noko liknande… Der fann me namnet hans i diskusjonen. Han vart beskriven som ekstremt valdeleg og som psykopat, og den galne nordmannen. Ein av dei som skreiv konkluderte i sitt innlegg med at om mannen framleis levde, så levde han i alle fall ikkje eit «Svensson-liv»…
På nettet låg det og ei lenke til eit kristent magasin som hadde intervjua han som ein som mot alle odds hadde funne fram til ei Jesus-tru som hadde forandra livet hans, og eg som normalt reknar meg som nesten prinsipielt godtruande, måtte bita i meg skepsisen min.
Eg kan ikkje tenkja meg noko finare enn menneske som klarer å reisa seg. Menneske som på trass av ein forferdeleg start i livet klarer å reorientera seg og få gode liv. Han fortalde at då han var femten år hadde han hatt ei oppleving som gjorde at han plutseleg vart overbevist om at Jesus var verkeleg og ei reell kraft, men han ante ikkje korleis han skulle finna vegen dit. Det tok og mange år før han gjorde det.
I ettertid kan det synast tydeleg at denne aggressive farlege fyren hadde ein redd liten gut inne i seg. Alt gjekk så gale at det ikkje såg ut til å vera nokon veg vidare, så skulle det likevel visa seg at det var det. At livet er både trist og vakkert kan ingen bestrida.
Etter møtet med mannen som skal få framstå utan namn her hos meg, så syntest eg han fortente at bodskapen hans skulle få plass i eit blogginnlegg. «Det er aldri så gale stelt i eit menneskeliv at det ikkje kan vera ein veg ut av det som er gale. Livet kan ta svært uventa vendingar, og gode krefter kan visa seg å vera sterkare enn nokon skulle tru.
Eg ynskjer han alt godt vidare.
Heidi
Bortsett frå detaljen med dusj og do på gangen, så er hotellet vårt i Hornsgatan heilt perfekt. Det ligg veldig greitt til med gangavstand til Gamla Stan og bydelen Södermalm. Betjeninga her er blide og hyggelige og det er eit frokostrom der ein kan sitja når ein har lyst og der ein kan forsyna seg heile døgnet med kaffi, te, jus, frukt og kjeks.
Sidan me tok tidleg kveld i går, var me klare for nye eventyr tidleg i dag. Første del av planen var å sjå oss om i Södermalm. Det var så triveleg at me i grunnen hadde litt problem med å koma oss vidare.
Me var i mange koselege butikkar og fann ein veldig koseleg kafé å drikka føremiddagskaffi på.
På vandringa vår fann me både moské og kulturskule. Det siste var såpass heimsleg at eg måtte fotografera åstaden.
Etterkvart fann me ut at dersom me ville sjå meir av Stockholm før det vart mørkt, så måtte me koma oss vidare. Me fann ein T- banestasjon og tok peiling på sentrum. Då me kom ut i Drotningens gata forstod me korfor det var såpass fredeleg i gatene i Södermalm. Det var nemleg her alle folka var. Nå var me midt i storbyen der det kokte av folk. Av ein eller grunn får Sunniva til å navigera oss fram via ein app på mobilen. Når me andre to prøvde oss på det same, så gjekk me oss vill…
Jentene har handla litt forskjellig, sjølv er eg blitt lukkeleg eigar av ein leppestift, eit par nye skosnorer, ein tannkost og ei bok. Me klarte å peila oss fram til ein stor Gudrun Sjødén-butikk eg hadde lyst til å kikka innom i. Eg liker fargane og livsgleden i Gudrun Sjödén sine klær, og eg liker forsikringane om at det er økologisk produksjon og rettferdige ordningar for produsentane. Kleda er ganske dyre, og denne gongen fann eg ikkje noko som eg likte så godt at eg fekk lyst til å kjøpa det, men det var kjekt å kikka.
Nå er me på mellomlanding på hotellet. Planen er å gå ut i kveld for å eta middag og gå på kino. Me googla litt på teater, opera og konsertar, men slikt bør ein nok ordna på førehand. Kino er koseleg det og, og det aller viktigaste er å ha god tid saman. Me innser at me vil reisa heim att i morgon og ha mykje usett i Stockholm. Ei helg i ein by er alt for lite til å få sett og gjort alt ein ville. Kanskje det må bli ein Stockholmstur 2 eit Anna år?
Heidi
Etter ein fin togtur nådde me Stockholm omtrent samtidig som at sola gjekk ned og ein stor gul fullmåne viste seg på himmelen. På hotellet i Hornsgatan er me installerte på eit stort tremannsrom der mor har fått sovesofaen ved vinduet.
Me gjekk opp nokre bratte bygater og ned ein endå brattare bakke og over ei lang bru der både tog og gåande kan koma over til Gamla stan. Der åt me god middag på ein italiensk restaurant me hadde fått anbefalt. Me hadde vel eigentleg sett for oss meir uteliv, men alle var litt trøytte etter reising og jobb og Sunniva etter avslutta praksisveker, me ende i spisesalen på hotellet der ein kan sitja om kvelden og det er sjølbetjening med kaffi, te, jus, kaker og frukt. Sunniva som har mest reiseledargener henta eit kart, og ein del brosjyrar me hadde raska med oss slik at me kunne laga ein plan. Så ende me opp på romet der det blei ledd så høgt at me var redde for tilsnakk, og ende opp under kvar si dyne med Skavlan på svensk TV.
Medan ungdomen søv og samlar krefter til ein lang dag i morgon får dei over femtifem avreagera med litt blogg og lesing. Eg har trua på morgondagen.
Heidi

