Gå til innhald
Bilde

Togar i Sverige

image

Livet er godt. Eg og Sunniva sit på toget mellom Oslo og Stockholm. Utanfor er verda svart, kvit, brun og mørkegrøn. Toget tek oss gjennom dei store skogane, og snøen driv lett under lysegrå himmel. Me les bøker, strikkar, drikk kaffi, et niste og skriv i kvar vår skrivebok. Bak oss har ein mann fortald den søte dama han reiser saman med den filosofiske forteljinga om Akilles og skilpadda, som eg ikkje hadde høyrd før, men diskret prøvde å få tak i ..

I går reiste eg saman med Astrid austover med toget, og hugsa kor avslappande og fint eg synest det er å reisa med tog. Då me ankom Oslo S bare eit kvarter etter rutemessig ankomst, stod Sunniva, Halvard, Trygve og Elise og venta på meg, så fann me oss ein italiensk restaurant i Østbanehallen der me var i eit par veldig trivelege kveldstimar før eg avslutta kvelden sitjande på golvet i kollektivet til Sunniva med sambuarane hennar, som eg har kjend så lenge at dei nesten er familiemedlemmar alle saman.

I Stockholm skal me møta Ingrid som har reist med fly og er framme allereie, og så skal me ha jentehelg i Stockholm. Det er ikkje den dummaste julegaven eg har gitt vekk, trur eg. Nå gjenstår det om svenske jernbanar har god nok wi-fi til å publisera dette 🙂

Heidi

Mellom himmel og jord

image

Eg sit her og høyrer på programmet «Mellom himmel og jord», på podcast på P2, det er ein fin tittel så den sette eg rett og slett som overskrift i dag. I ein salme finst uttrykket «Et streif av himmel og et stenk av jord». Det er så fint uttrykt, det er sånn eg tenkjer at eit menneskeliv er eller kan vera. Me er ikkje bare støv og jord, trur eg, me er og tanke og tru, håp, kjærleik og fantasi. Det liker eg å tru. Anemonene eg kjøpte med meg då eg sykla heim frå biblioteket i går er så fine at dei nesten representerer eit streif av himmel. Eg sat ein del timar og jobba på biblioteket i går etter at eg hadde ein avtale der tidlegare på dagen. Det vil eg gjera fleire gonger. Det er ein fin stad å vera med passe mykje liv rundt ein og langt vekke frå alt ein strengt tatt godt kunne ha gjort heime i staden for å skriva.

Kvar torsdag har eg ei skrivegruppe med barn og ungdom i kulturskulen. Eg let meg imponera over kva dei skriv når me sit saman og jobbar med kvar våre tekstar, ja, for eg skriv alltid i lag med dei, det er ein metode eg har tru på. På den måten får eg føla på kroppen kva eg set dei til å arbeida med, og mine tekstar blir med når me les tekstane høgt opp og gjer tilbakemeldigar. Det er ikkje alltid mine tekstar som blir ståande som dei beste. Det liker eg. I dag har eg lyst til å by på ein liten sekvens frå ein av elevtekstane. Eg er rimeleg sikker på at eg ville fått lov til å skriva det her, men sidan eg ikkje har bedd om lov, så let eg sitatet stå utan ein namngjeven forfattar:

Å gjøre feil er barnets måte,
å tilgi er for voksne,
men hjertet har du alltid

Og her er eit sitat frå ein annan ung forfattar.

Uansett om du vil eller ei.
Alle har ei mjuk side
som en eller annen gang vil komme opp i lyset.

Eg lar meg fascinera.  Dette er spontanskriving av korttekstar der det ikkje er lov å tenkja seg om medan ein skriv. Det er ofte slik ein kan fanga tankar og formuleringar i svevet. Dersom ein filar for mykje på tankane kan dei falla tungt til bakken.

Me bur ein stad i verda der det er høg og open himmel over flat og gulbrun jord. Mellom himmel og jord er det plass til mykje vind og ein heil del regn. I dag gjekk eg og Leif ein tur langs Kongevegen frå Varhaug gamle kyrkjegard. Der har me aldri gått før, det var veldig vakkert der og såpass mykje vind at ei høne kunne koma til å fyka på sjøen, som det heiter i eit lokalt uttrykk om dagar det er relativt vindstille…

Dei første snøklokkene er her alt.

Eg går og tenkjer på ein salmetekst eg har lyst til å skriva. Temaet er å våga å bera lyset når alt virkar mørkt. Eg jaktar på formuleringane og håpar dei kanskje kjem. Eg har skrive eit dikt om håplause håparar som går langs vegane i mørket med lys i lyktene sine. Dei har på seg klovnenasar og nonnekjolar og andre passande rekvisittar… Eg liker godt diktet, men det skal litt andre tonar og strenger til i ein salme. Det å skriva er spennande. Plutseleg er tekstane her, og det hender dei er annleis enn eg trur.

Nå skal eg i selskap, så det for bli alt for akkurat nå…

Heidi

 

 

 

 

 

Knappar og glansbilete

image

Eg liker uttrykket knappar og glansbilete, men liker og å vri det litt. Eg har nemleg sansen for knappar og glansbilete, dei er fargerike, nostalgiske og fulle av draumar. Av og til har folk sukka på mine vegne og sagt at eg gjer jobbar for knappar og glansbilete, då tenkjer eg av og til: Er det så farleg då? Begge deøer er då heilt klart vakrare enn pengar… Dette skriv eg med eit aldri så lite glimt i auget og innser samtidig som eg skriv at dette neppe er den måten ein går ut på blogg og facebook på, dersom ein drøymer om å skapa seg eit berekraftig forretningsforetak eller eit firma. Men er det så nøye, på mitt barnespråk frå magen til ein som ein gong var fire år, heiter det framleis glansroser og ikkje glansbilete, det er eit endå finare ord. Overskrifta og knappane på biletet stammar frå eg eg har strikka ein bitteliten rosa og kvit jakke til nokon som nettopp er blitt fødd, og måtte sjekka i ein av dei mange skatterskrina mine om eg hadde småknappar som kunne passsa. Det hender nemleg, for eksempel når eg er i utlandet, at eg kjøper med meg bittesmå knappar utan å vita kva eg skal bruka dei til, bare fordi dei er fine og tek liten plass i kofferten… Eit tips til meg sjølv er å kjøpa meir enn to eller tre like, då blir dei litt meir anvendlege…

image

Fredag er skrivedagen min, og skrivedagar kan eg lika. I dag kjende eg at det rette var å starta dagen med litt handskriving og kaffi ved kjøkkenbordet. Det er ikkje alle slags tekstar som har lyst til å bli skrivne på tastatur, det er slikt ein bare kjenner på seg. Medan eg sat og skreiv, så kom eg til å tenkja på ei flink dame eg kjenner som lagar melodiar og like etterpå fekk eg ei melding der ho spurde om eg hadde tekstar liggjande… Så fekk eg send ho ei lita digital tekstbunke og eit løfte om å skriva meir. For tida startar eg kvar dag med å lesa diverse tekstar, veldig ofte les eg i lag med mannen eg deler hus med. Me har oppdaga at det er fint å starta dagen med høgtlesing. I mange år hadde me ikkje tid til å tenkja tanken ein gong. I dag har eg lyst til å dela diktet me las i går, det er eit dikt eg har vore glad i sidan eg var veldig ung. Det er skrive av Åse Marie Nesse. Dessverre døydde ho alt for tidleg. Me kjem jo frå nesten same staden, og det ville vore fantastisk om livet hadde laga seg slik at eg hadde fått møta henne. Eg har høyrt henne lesa opp fleire gonger, det var veldig fint.  Med dette lett gjenkjennelege diktet lukkar eg døra til bloggen for akkurat nå, og går tilbake til det levande livet. Det kan tenkjast at eg kjem fort tilbake 😉

Kalypso

Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei sin støytte på grunn i medvind
for dei sin styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta

eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt

Åse Marie Nesse

Ha ei fin helg
ynskjer Heidi

Heia, Thorvald Stoltenberg

image

Dersom eg hadde makt og myndighet til å formidla meldingar på eit høgt nivå, så ville eg sett mykje inn på å formidla ein invitasjon til Donald Trump: Han er invitert til frokost heime hos Thorvald Stoltenberg!

Thorvald er verdskjend både som diplomat og politikar, og for sin varme, optimisme og menneskekjærleik. Intervjuaren spurde om han hadde hatt tru på at han hadde kunna oppnå noko gjennom å snakka med Trump, og då svarte han at det trudde han, elles ville han ikkje ha invitert til frokost. Han hadde  stor tru på personlege samtalar i respekt og fortrulegheit.

Eg har lenge hatt sansen for både Thorvald Stoltenberg og sonen hans,  og synest faktisk at det er ein beroligande tanke at Jens har den jobben han har akkurat nå. Det var og fint å sjå kor reflektert og engasjert Thorvald Stoltenberg var i ein alder av åttiseks år. Me får håpa at me har same innstillinga som han i så høg alder.  Det gjer godt å høyra han snakka varmt om solidaritet og respekt for menneskeverdet. Han snakka om det som hadde vore den norske haldninga til å hjelpa flyktningar og andre menneske i naud, og at han håpa me ville vera i stand til å halda fast på denne arven.

Eg har lyst til å avslutta med eit lyst og underfundig dikt, ikkje skrive av meg, men av ein som heiter Hans Sande. Eg fekk ei fin diktbok av ei venninne til jul»Ren poesi», frå Cappelen forlag. Eg lar boka liggja på kjøkkenbordet saman med boka med dagelege tekstar skrive av Knut Grønvik, «Bibeldikt» og «Den norske kirkes bønnebok». Me koser oss med meir enn bare mat til måltida, og tenkjer at eit dikt til dagen ved sida av D-vitaminene og kaffien vil gjera oss godt…

I heile verda finst det hundre tusen
millionar menneske
men ingen andre enn du og eg
ligg ute i enga
med bruspulver i navlegropa
og ventar på regnet
***
Hans Sande

Heidi

 

Fredagane går så fort

image

Fredagane er eit smilehol i vekene mine. Då har eg sett av tid til først og fremst å vera eit skrivande menneske. Ein heil fredag kjennest i utgangspunktet ut som eit hav av tid, men sanninga er at dei er over før eg har rukke halvparten av det eg hadde tenkt. Det vil jo seia at eg tenkjer mykje og har mange idear, så sånn sett er det eit luksusproblem. Denne veka hadde vore meir enn vanleg full av det meste, så eg fann ut at eg hadde råd til å ta det ekstra med ro frå morgonen av, eg kan ikkje nesten ikkje tenkja meg større morgonluksus enn å ikkje bli vekt av ei vekkjarklokke. I går kom eg heim frå dagjobben og kveldsjobben og ende opp i sofaen med gamle program frå NRK. Eg fall heilt i stavar over eit viseprogram som ligg der med ei purung Kari Svendsen med musehalar og banjo og vart forelska i den like unge Lillebjørn Nilsen som både spelte hardingfele og hoppa og spratt rundt og spelte på munnharpe. Det er nostalgisk og vemodig å gjenoppleva tiåra som eg hugsar som for ikkje så forferdeleg lenge sidan, men som i sitt biletspråk snakkar om ganske så forgagne tider…

Det første eg skulle gjera i dag var å laga ein powerpointpresentasjon til sundag, då har eg eit oppdrag klokka to og skal fortelja for barn om barndomen til Arne Garborg. Eg trudde det skulle vera gjort på eit blunk, men teknologien var ikkje på mi side i dag, så eg vart sitjende i timevis. Heldigvis ordna det seg til slutt. Så var eg nede på Garborgsenteret for å sjekka lokale og powerpoint. Eg hadde ein lang samtale med flotte Iselin som jobbar der og som var eleven min i heile barneskuletida. Det er så fint å møta igjen elevane, og å høyra om kva dei forskjellige gjer. Eg blir så glad når eg høyrer at dei har det bra, og blir nesten rørt av å sitja og mimra. Noko av det finaste med den jobben eg har er å få sterke relasjonar til sprell levande ungar og å få vera ein del av kvardagen og livet deira gjennom mange år. Noko av det finaste dei kan seia til meg i etterkant er at dei har gode minne frå skuletida. «Å såmenn ver reine på hendene», skriv Kolbein Falkeid i eit dikt til lærarane til dottera, Unn. Det er mi stadige bøn at eg ikkje skal ha kome til å skada eit barn på nokon måte utan å forstå det sjølv. Eg veit at eg sikkert har kome i skade for å oversjå ting eg kunne og burde ha sett. Barna er så mange og me er bare ein, det er så mange tannhjul som skal gripa inn i kvarandre i den store skulemaskinen, og nokre gonger blir me trøytte, avmektige og hjelpelause. Det eg håpar me aldri blir er likegyldige og kyniske. Eg tenkjer ofte på at barna er det finaste nokon har, og at me er betrudde å ta vare på dei, ikkje bare i ein time, men eit heilt skuleliv. Me er med på å skapa den barndomen dei skal bera med seg resten av livet. Dei skal både læra masse fag og helst gjera det bra på nasjonale prøvar, og i tillegg skal dei i fylgje målsetjinga vår få lyst på livet og evne til å meistra det.

Nå kunne nokon lesa linjene over og tenkja at eit slikt yrke ville dei aldri våga seg ut i. Då må eg skunda meg å fortelja at for det meste er det verdens beste jobb. Du får brukt alt du måtte ha av evner og kreativitet heile tida, og du har alltid ganske mykje å strekkkja deg etter. Det beste er likevel samveret med barna, det å sjå morgonlyset koma kvar morgon, synga songar i lag med dei, diskutera livet og døden og kjærleiken og le saman over rare ting me les i bøker. På min arbeidsplass har me til og med sjansen til å få eit glimt av havet frå det rette vindauget om kvardagen skulle innby til litt tankeflukt. Det er og fint å vera mange vaksne saman, det er utruleg mange flotte folk som er blitt lærarar. Då eg begynte å jobba for tretti år sidan eigde ein klassen sin på ein heilt annan måte enn nå. Den første klassen hadde eg i alle fag, delvis saman med ein kollega som eg fant veldig godt ut av det med. Me hadde stor fridom, og kunne i teorien lukka døra og gjera det me ville. Av og til saknar eg fridomen til å setja i gang spontane sololøp med ein skuleklasse, men på same tida ser eg at det på mange måtar er ein heilt annan kvalitetskontroll nå. Me er mange vaksne som ser dei same barna og kan tenkja saman rundt dei når noko står på. I langt større grad enn før får me konsentrera oss om dei faga me er mest trygge på og kan mest i, det er tett vaksensamarbeid, og dersom ein lærar av ein eller annan grunn forsømde ein klasse så ville det bli oppdaga mykje fortare enn før.
Eg er glad for at eg framleis har mange år att saman med ungar, og eg er glad for den kvelden eg har med skriveelevane. Ikkje minst er eg glad for skrivefredagane, som eg vernar om så godt eg kan. Etter Garborgsenteret havna eg jammen spontant i ein frisørstol, og det var bra eg kom så langt, for eg har tenkt i fleire månadar at eg burde ha klipt håret. Nå er det viss plutseleg ganske kort, så då kan eg kanskje venta fem månadar til neste gong, slik eg plutseleg hadde gjort nå. Det er så mykje ein skal rekka. Sidan fredagen vart kort kan eg bruka litt av lørdagen i staden, det burde gå bra. Nå gleder eg meg til ein lat kveld med fjernsyn og strikketøy og hud og katt på fanget. I dag var det lyst heilt til klokka fem. Snart går det mot våren.

Heidi

Sundagssyssel

Eg veit det er stengde grenser,
i mellom oss gjerde og mur,
eg undrast på korleis du lever,
og korleis du tenkjer og trur.

Å, gjev snart den skodda må lette,
så fram att kjem himmel og jord,eg lengtar å møta deg, granne,
eg lengtar så etter deg, bror.

Halldis Moren Vesaas (etter minnet)

Det er så mykje rart som stengjer mellom menneske, det er av og til så vanskeleg å forstå kvarandre. På fredag vart eg sitjande å sjå på presidentinnsetjinga i USA, endå eg i grunnen hadde tenkt å stå over. Det er på ein måte som å sjå på eit surrealistisk teaterstykke. Av og til er det utruleg vanskeleg å forstå korleis verda kan utvikla seg, og eg meir enn bare anar at menneske har utruleg ulike vinklar å sjå ting i frå.

Me fekk med oss nesten heile talen til Trump medan me køyrde til Stavanger for å sjå ein film me hadde lyst til å sjå. Resten var det like greitt å ikkje høyra der og då. Me såg ein vond og vakker polsk film «Agnus Dei» som handla om dei gode og vonde kreftene i livet manifistert gjennom eit polsk nonnekloster der åtte nonner var blitt gravide etter gjentekne valdtekter frå russiske soldatar i siste fasen av andre verdskrigen. Eg vil ikkje fortelja meir, for i familien vert eg stadig anklaga for å vera bok- og filmspoiler fordi eg ikkje klarer å la vera å fortelja litt for mykje.

I går hadde eg begge dei inærleikenbuande barna innom på kaffi i orden og rekkjefylgje, og om kvelden var me inviterte til ei god barndomsvenninne av meg, Karin som er superflink både til å laga mat og invitera. Eg liker at eg har så mange eg har halde fylgje med gjennom tiår etter tiår.
image

I dag har eg hatt sundagsskule i kyrkja og vore på fototur på Høgjæren. Det er så fint der på ein heilt spesiell og litt vemodig måte. Til deg du hei og bleike myr…

Etter at me kom heim i dag høyrde eg eit program på radio der dei snakka om nordmenn sin identitet og om nordmenn vart identitetsforvirra utan snø om vinteren. Fleire kloke menn meinte at svaret var ja. Nordmenn utan ski på beina i vinteren kunne knapt nok tenkjast. Av og til lurer eg på om folk i vårt hjørne av jordkloda er heilt norske eller ikkje.

Og som alle tvilande kan sjå. Naturen ligg der i januar sjølv om ein ikkje har ski på beina, og sjølv om fargane ligg og glødar i grå skoddedropar og ikkje dekka av kvit snø med glitrande vintersol over.

Vel heime har eg litt å gjera og. I veka som kjem har eg i tillegg til alt anna teke på meg to ekstra utfordringar. På onsdag skal eg vera med på slam- konkurranse på Time stasjon, der eg skal framføra dikt i to korte omgangar. På sundag om ei veke skal eg fortelja om bandomen til Arne Garborg på Garborgsenteret. Det kitlar litt i magen, spesielt med tanke på det siste, men eg har gjort det før i fleire omgangar både på eigen skule og på skulane i Time, eg må bare friska det opp att. Nå må eg bruka litt tid på å sjå om eg får skikk på bileta eg har lyst til å bruka.

Heidi

 

Ei velsigning

Inspirert av dei gamle keltiske velsigningane, lagar eg ei ny ut i frå noko eg skreiv i sommar.

Velsigning:

Måtte du få møta deg sjølv igjen
med sol på ryggen
og sand under føtene.

Måtte rabarbraen knasa
surt mellom tennene dine,
måtte hendene dine bli fylde
av svarte solbær
og luktene av eit nesten nedbrend bål.

Måtte auga dine
bli fulle av sommarvarme
slik at du vågar å sjå.

***

På denne spesielle fredagen sit eg her og skriv dikt ut frå fulle notatbøker, nokre av dei frå i sommar. Når eg om tjue år får spørsmålet «Kor var du den dagen Donald Trump vart innsett til president i USA?» då skal eg ærleg og redeleg svara: «Den dagen sat eg på det litt rotete skriveromet mitt og skreiv velsigningar og sommardikt om håp og mot og glede.»

Heidi

 

Så har det plutseleg gått ei veke

Og denne veka har vore av det tettpakka slaget. Eg har fotografert ganske mykje og tenkt på ting eg ville skriva, og så har dagane gått utan halvtimar til skriving. For å koma ajour med meg sjølv, så vil eg ta dei som har lyst til å vera med på ei vandring gjennom ei januarveke.

Først har eg rett og slett lyst til å ta dokke med innom eldstejenta mi. Eg er rett og slett litt stolt over kor flink ho er til å få det fint rundt seg.

På fredag ettermiddag kom tredagarsvinteren til jærs. Eg og Leif skulle ut og fotografera litt, og til vår overrasking oppdaga me at så snart me passerte Undheim sentrum så vart verda kvit.

Ein kan seia kva ein vil om snø, men nysnø er utruleg vakkert så lenge det varer.

 

På Bryne var det framleis grønt, men morgonen etter var det kvitt der og. Planen var å koma seg ut medan det framleis var kvitt over alt, men før me kom oss på tur i Njåskogen litt ut på dagen, var det kvite nesten borte.

Det var helga for å vera sosiale. På lørdag hadde me besøk av gode venner og på sundagen samla me familien og feira at det ville ha vore farmor sin 100-årsdag om ho hadde fått leva i bare to år til.

image

Om kvelden reiste eg og syster til Sola kulturhus for å sjå på Unge spor si forestilling  Cirka-Cirkus. Som de ser så var det ei fargerik og storstila forestilling. Eg lar meg imponera.

Og veka som kom skulle og by på litt av kvart. Her er ein collage frå sundagsskulekurs, feiring av femtiårsdag på jobb og kveldar med ein malande katt i fanget og eit strikketøy i anledning ei lita jente som vart fødd i løpet av veka.

Dei to siste dagane har verda reint optisk sett vore nesten i svart-kvitt der me har bevega oss rundt i eit teppe av skodde og skodderegn.

Nå har eg masse ting på lista over ting eg hadde håpa på å få gjort i løpet av skrivedagen. Dersom eg er like effektiv som eg håpar å få til å vera, så har eg lyst til å skriva eit innlegg til her om litt andre ting. God helg sånn etterkvart!

Heidi

Om å spegla dagen

image

Eg har nettopp lagt ut eit innlegg som var meint å vera innleiinga til det eg skral skriva nå. Plutseleg stod det på eigne bein og sprang i veg aleine, og det var kanskje like greitt, for lange innleiingar kan kanskje stenga for det eigentlege poenget.

Eg skreiv ei innleiing til det som skulle vera eit innlegg om eit mangslunge og innhaldsrikt kvardagsliv der trua har ein sentral plass i tillegg til alt det andre som og er viktig. Eg høyrde nettopp på radioen om nokon som snakka om religiøsitet på den måten det kjem fram i ungdomsserien «Skam», og at religion var noko som mange hadde eit fjernt forhold til. Eg tenkte at eg ville skriva nokre tankar om korleis religion, i mitt tilfelle kristentru faktisk kan vera ein lysande tråd som går gjennom dagane. Kanskje det er lettare sagt enn gjort å skriva dette innlegget slik eg gjerne ville, men eg gjer eit beskjedent forsøk, og trur at viss eg klarer det, vil det vera gjenkjenneleg for mange fleire enn dei ein ofte tenkjer er «religiøse» eller «personleg kristne» eller «kristelige» eller kva ein nå måtte finna på å kalla det.

Kvar morgon tenner eg eit lys i morgonmørket og seier høgt eller inni meg namna på dei eg spesielt vil be for denne dagen. Det kan vera nokon eg veit har tungt å bera akkurat nå, eller nokon som av ein eller annan grunn ligg meg spesielt på hjartet. Det å be ligg på ein måte innebygd i tankane mine. Det å berøra nokon kan det liggja ei bøn i, det å tenkja på nokon kan det liggja ei bøn i, til og med eit smil kan bera med seg ei innebygd bøn. Eg trur det som for meg er bøn er beslekta med det mange kallar omsorg, varme tankar, gode ynskjer. Det hender og at eg brukar orda, «Eg sender deg varme tankar», eller «Eg tenkjer spesielt på deg i dag», fordi eg trur det kan vera eit meir forståeleg språk for mange.

For ei stund sidan las eg, eg hugsar dessverre ikkje kor, eit god tekst om korleis ein for å bl meir bevisst på trua si kvar kveld kan spørja seg sjølv nokre enkle spørsmål: «Når kjende eg meg nærast Gud i dag? Når kjende eg meg nærast andre menneske? Når kjende eg at eg var på plass i livet slik eg djupast sett ynskjer å vera det? Når i dag kjende eg at eg var lengst vekke frå den ståstaden eg ynskjer å ha? Når i dag kjende eg meg mest aleine og minst i kontakt med menneska rundt meg?» Dei gongene eg tek meg tid til å reflektera over desse spørsmåla, kjennest det som om eg jobbar med meg sjølv på ein konstruktiv og god måte.

Mange tenkjer nok at det med bøn handlar om ord. For meg, sjølv om eg nok er over gjennomsnittet glad i ord, så treng ikkje bøn vera knytta til ord. Nokon, som eg dessverre ikkje hugsar namnet på har sagt at «Når eg manglar orda er pusten min ei bøn til Gud». Før jul var eg på eit seminar om noko som vart kalla «sentrerande bøn». Dette er ei meditativ bøneform som går ut på å lena seg tilbake og la seg synka ned i ordlaus bøn der verken ord eller tankar er det som er det viktigste.

For meg er dette ein veldig viktig dimensjon i livet. Det kjennest så meiningsfylt og rett at det å vera menneske inneber meir enn det praktiske det materielle og det prestasjonsmessige. Det kjennest så fint å tru at ein er ein del av ein større samanhang og ei større meining og at ein er meir enn sitt eige liv og sin eigen kropp. Eg veit i grunnen ikkje heilt om eg har lukkast med å formidla dette gjennom denne teksten, og eg vil gjerne ha tilbakemelding frå mennesker med alle slags ståstadar i forhold til religion på om dette korresponderer. Det at eg trur gjer ikkje livet mitt meir livsfjernt eller verda eg lever i mindre viktig. For meg er det heilt motsett…

Eg har lyst til å avslutta med eit dikt eg las i går og i dag morges. Diktet er skrive av Hans Johan Sagrusten og er frå boka BIbeldikt. Diktet kommenterer ein av tekstane til den konmande sundagen i kyrkjeåret som handlar om Jesu dåp. Dersom det eg skriv her får deg til å få lyst til å kommentera, så håpar eg at du gjer det.

Attmed elva

Eg står djupt til knes
i meg sjølv og høyrer
elva som susar der nede

høyrer det heilage
vinddraget og venger
som slår mellom trea

Eg står djupt til knes
i deg og er elska
frå tre kantar

er midt i
ein stor omsorg
frå Far og Son og Ande

Du står djupt til knes
i meg og fyller meg
heilt til bredda.

Himmelen opnar seg
som eit auga og kviskrar
Du er mitt barn som eg elskar.

Hans Johan Sagrusten

Ha ein fin dag alle saman. 🙂
Heidi

 

 

 

 

 

Å blogga om fasettane i livet

image

Eg har aldri vore minimalist, og slett ikkje når det gjeld ord og språk. Då eg gjekk i andre klasse hende det at eg leverte stilar på sånn rundt rekna tjue skriveboksider. Kanskje det er derfor eg er glad i å både lesa og skriva dikt. Der fyller ein ei lita flate om gongen med ord, og så kan ein laga slike flater i det uendelege om ein vil.

Eg gapar høgt og vil helst ha med alt. Då eg las til eksamenar fekk eg meg aldri til å tru at noko i pensum var uviktig. Eg forstår akkurat kva kumbel meiner når han skriv omtrent dette :»Det meste er uviktig, ærlig talt er kun det minste vigtigt…»

På denne bloggen vil eg gjerne få med alt som er viktig. I alle fall for meg. Nokre av innlegga handlar om det meste, andre er meir spissa. Akkurat dette innlegget tenkte eg skulle handla mest om det å gå ut i livet med ei tru i hendene. For mitt vedkomande kan trua definerast nærare som ei kristen tru, ei tru på at det gode finst, ei tru på at ein kan kvila i ein større tillit, og ei tru på at akkurat mitt liv er viktig, at det har ei meining at eg lever og at eg kan vera i stand til å gjerna nokon sitt liv litt varmare og litt betre.
Ofte, og spesielt då eg var litt yngre har eg lese romanar med stor grad av gjenkjenning, men sakna det elementet som er så viktig i mitt eige liv, ei sterk gudstru som gir livet retning og som faktisk er ein del av alt det andre livet dreier seg om, jobb, barneoppdragelse, kjærleik, naturopplevelsar, kunstoppleving og heilt vanleg kvardag.

Dei bøkene som hadde fokus på å formidla akkurat dette, fantest, men syntest eg dei gav ei litt glatt, glansa og mindre livsnær og gjenkjenneleg oppleving av livet enn den eg fann i andre romanar.

I ein fase av livet slukte eg sosialrealistiske romanar med stor appetitt, eg var heilt betatt av bøkene danske Dea Trier Mørch, ho som mellom anna skreiv boka «Vinterbarn», skreiv om livet i eit politisk mørkeraudt miljø i København, og bøkene til Märta Tikkanen der ho ofte skreiv ut frå eigne livserfaringar. Eg tenkte at slik vil eg og skriva bøker ein gong. Eg skal skriva bøker om eit heilt vanleg og mangfaldig liv der trua stig fram som ein av dei mange komponentane som formar livet.

Ette å ha levd ganske mange år etter at eg gav meg dette løftet, innser eg at dette nok kanskje ikkje er noko eg verkeleg kjem til å gjera. I staden skriv eg dikt som handlar om litt av det same, og ikkje minst skriv eg denne bloggen… Eg trur at me blir klokare menneske av å lytta til forteljingane til kvarandre, og dette er ein måte å fortelja mine historiar på.

Eigentleg var dette tenkt å vera innleiinga til eit anna innlegg, men akkurat nå slår det meg at dette kanskje er eit innlegg i seg sjølv… Eg trur forsyne meg at eg stoppar her og skriv eit innlegg til. Slik vart det visst med den saken ja…

Heidi 🙂