Gå til innhald

Max, Mischa og meg

image

Til jul i fjor ønska Sunniva seg ei bok med tittelen Max, Mischa og Tetoffensiven, av Johan Harstad. For meg høyrdest det nesten ut som tittelen på ei barnebok, men då eg fann denne kolossen av ei bok på den næraste bokhandelen, forstod eg at det var det ikkje. Heldigvis hadde ho framleis lyst på boka, for då ho opna pakken kunne boka ha vore lite flyttbar. Ho var nemleg blitt lettare vannskada i samband med eit ikkje heilt vellukka forsøk på å fylla vatn i juletrefoten.

Sidan boka tydeleg fall i smak, og Eva Mari med leseglede var i ferd med å arbeida seg gjennom eit anna eksemplar av boka, bestemde eg meg fort for at den ville eg og lesa. Då det aldri har falt seg slik at nokon har følt for å frakta ei bok på nesten 1400 sider mellom Oslo-Bærum og Bryne, sette eg meg på venteliste på det lokale biblioteket.

Då det endeleg var min tur å kunna lasta boka ned på i-paden, innsåg eg at eg hadde ei utfordring. Kom eg til å få tid til å lesa boka ut på dei tre vekene eg hadde ho før ho automatisk vart levert tilbake? Det var til fordel for meg at eg fekk ha boka i haustferien, det var bare å setja i gang.

image

Nå har eg levd med Max og Mischa og onkel Owen frå Stavanger i desse vekene, og på fredag oppdaga eg at eg hadde trehundre sider att og to dagar igjen på lånetida. I går kveld kom eg så langt at eg hadde bare hundre sider att, i dag tidleg oppdaga eg at lånetida var over, eitt døgn tidlegare enn eg hadde trudd, men heldigvis låg ho der endå. Eg kopla i-paden frå internett og følte meg litt som ein boktjuv, det var sikkert mange som venta. Så var det bare å koma seg gjennom resten, for det kunne elles bli lenge til neste gong eg hadde sjansen. Eg oppdaga at eg måtte  skumlesa dei første 100 sidene om igjen for å gjenoppfriska det eg ikkje hadde heilt oversikt over, men så datt universet på plass, og det var hardt å forlata dei alle saman.

Boka handlar om fortid og nåtid, om å bera med seg alt ein har opplevd, om å lengta heim, om kjærleiken som er både stor og vanskeleg, om å leva med det i livet ein skulle ynskja var annleis, og om å leva eit skapande liv. I alle fall vart det slik for meg. Eg har ein mistanke om at andre kan lesa heilt andre ting inn i hendingane.

image

Ytre sett handlar boka om Max, og om barndomen på Forus med foreldre med bakgrunn i AKP/ML. Etter at Max er ferdig med barneskulen, bestemmer foreldra, sterkt mot hans vilje at dei skal flytta til USA der faren har fått jobb som flygar i eit amerikansk flyselskap.
Etter ein tøff overgang med mykje heimlengt får han ein ven i Mordekai, ein jødisk gut som i likskap med han sjølv ikkje heilt passar inn. Før han er seksten, møter han Mischa, ei sju år eldre jente som allereie er etablert som biletkunstnar. Dei blir raskt eit par, på trass av Han får og eit spesielt vennskap med onkelen som han ikkje møter før han er nesten vaksen. Faren har brote all kontakt med bror sin, sidan denne reiste som soldat til Vietnam for å få amerikansk statsborgarskap.

Mordekai blir etterkvart ein berømt skodespelar, medan Max blir teaterregissør. Me følgjer personane i denne persongalleriet gjennom tjue år med vennskap, einsemd, motgang, tvil og nærleik. Eg anbefalar boka.

Det er lett å kjenna seg att i dette behovet for å vera levande og skapande, og behovet for å finna seg sjølv igjen i andre menneske. Kanskje skal eg rett og slett leggja ut nokre bilete frå kreativ gruppe hos Tone denne veka. Det er så fint å sitja saman med andre og laga ting.

På fredag kveld reiste eg og Karin til Sirdal for å besøkja Rita. Det var og ein veldig fin kveld, og bilturen opp gjennom haustlandskapet opp til Hunnedalen og over til Sirdalen.
Det er fint å ha venninner eg har hatt sidan eg var sju år og begynte på skulen. Jane pleier og å vera med oss, men ho kunne ikkje denne gongen.

Max lengtar alltid tilbake til barndomskameratane han måtte reisa frå då dei flytta til USA. Han veit at han kanskje aldri kjem til å sjå dei att, og han veit ikkje om han vil orka å reisa tilbake til Norge fordi han har lengta så mykje og ikkje veit kva han vil finna om han kjem tilbake.

Akkurat som Max håpar eg å halda fast på dei menneska som betyr, og har betydd noko for meg, på kreativiteten og på evna til å høyra heime i livet.

Og nå må eg tilbake til det verkelege livet med begge beina, for nå har eg ting eg er nøydt til å rekka før kveldsgudstenesta i kyrkja i kveld.
Velkomen dit om nokon kjenner seg kalla 🙂

Heidi

Oktoberhelg.

image

Me er alt langt ute i oktober, dagane er merkbart kortare, for korte når det gjeld meg, men det er dei for så vidt i juni og. Eg har så mykje eg har lyst til å klemma inn i dei, så mykje eg har lyst til å gjera, og så mykje eg skulle ha gjort. Det gjeld bare å pusta roleg og prøva å segla med tida som ein roleg kan flyta på store bølgjer i staden for å symja i mot dei. Haustfargane er på sitt finaste nå, og i går då me tok ein runde rundt Melsvatnet måtte eg stoppa opp ofte for å finna fram mobilen og prøva å ta vare på det eg såg.

Det er merkeleg korleis det vakre er knytta til kjensla av vemod, at viss noko er vakkert nok, så blir det nesten trist. Denne kjensla grip meg ofte vår og haust, medan sommaren er som eit stort ope landskap prega av ein roleg og glad tone. Kanskje har det noko med omskiftingane om våren og hausten å gjera? Det at me heile tida veit at dette varer bare ei kort tid før me blir drivne mot noko anna? Eg veit ikkje, men eg undrar meg over det.

Som på biletet øverst til høgre på montasjen over, så veit me at vegen går vidare mot noko nytt, me veit bare ikkje heilt kva det er. Men framleis kan me la auga kvila på det me har ei kort stund og som er uendeleg vakkert.

I går sette me i gang med noko som ikkje heilt er favorittaktiviteten min, me rydda litt i kjellaren. Etter å ha sett program om menneske med hoardingproblem, dette å samla utan å ha evna til å kvitta seg med noko, på fjernsynet, så innser eg at av og til må ein rensa ut med litt hard hand og håpa at nokon andre kan bruka det. Eg innrømmar at det gjer litt vondt, men eg håpar at nokon andre kan ha nytte av kjolar og strikkejakkar som eg har hatt i kassar i kjellaren i tjue år, og at skoa eg nesten aldri har brukt fordi dei er vonde på føtene kanskje er perfekte til ein eller annan som ikkje er meg. Uansett så får eg kvila i at det er meir enn nok igjen der nede…

Ha ein god oktobersundag alle saman. Den tilliten får me ha til vegen som stadig går vidare, at han skal leia oss til mykje som er godt. Og saman har me mange krefter i oss som kan hjelpa oss å gjera livet godt for kvarandre. Nokre av oss er til og me så heldige at me trur at dei store små liva våre kviler i ein større tillit.

Heidi

Galleri

Oktober heime

Etter biletbevis på kor fint det er midt i oktober både i Madrid og på Hardangervidda, så kjende eg at eg ikkje kunne forsømma heilt å visa at det er ikkje så verst her heime heller. Eg hadde ei lita mellomlanding i Kong Sigurds gate på torsdagen, og rakk å gå ein lang tur i Sandtangen med Oscar.

Hausten har vore så tørr og mild og varm i år, og det er framleis mange markblomar som blømer, i alle fall gjorde dei det for ei veke sidan…

Det har vore så fint og varmt heilt til nå at det nesten er litt rart at det blir så tidleg mørkt. I går var me ute og gjekk tur mellom seks og sju, og då var skumringa i full gang. Nå er det så mørkt at ein ikkje bør sykla til skulen utan sykkellykt. Eg høyrer til den vesle gruppa av rare menneske som i grunnen synest at mørketida er ganske koseleg.

I dag er det den første dagen som verkeleg liknar på jærsk haust. Det har regna ganske godt ute. Det har i det minste med seg eit preg av noko veldig normalt… Nå skal eg gjera meg klar for å dra ut på litt kveldsjobb. Eg skal møta ein gjeng flinke tiandeklassingar og jobba fram mot eit manus for den store tiandeklasseforestillinga.

Heidi

 

 

 

Galleri

Utrent fjellvandrar på tur

Siste delen av ferien var eg på Haugastøl i lag med ein gjeng veldig spreke og elles heilt nydelege damer. Det er ingen tvil om at det er utruleg vakkert i fjellet, og veret var fantastisk. Me gjekk oppover til me kom til flatfjellet, der det eigentleg var litt kupert der og, og gjekk langs Hallingskarvet. Me var ute i fire- fem timar med ein innlagd liten pause med niste, kaffi og sjokolade. Det var seks-sju minusgrader, så sjølv om eg var nærpå nordpolkledd med ullundertøy, fjellanorakk med stor skigenser under, lue, vottar skjerf og fjellsko, så vart det kaldt å sitja stille. Temperaturen var heilt perfekt medan me gjekk.

For dei andre reknar eg med at dette var ein veldig forsiktig liten fjelltur, men for meg var nok til å få gangsperre neste dag, og nok til å føla meg litt stolt over meg sjølv. Heidi gjer ting ho ikkje kan… Dei andre la forresten tempoet opp slik at me alle kunne gå i følge.

På vegen opp hadde me eit stopp i Odda. Der var det ein fin plakat der ein kunne stappa hovudet inn i eit hol. Inger fekk fotografert meg slik at me kunne dokumentera at her snakkar me om ei sunn sjel i ein sunn lekam…

Oppover vestlandet var det nydelege haustfargar og ein sann fryd å vera på kjøretur. Så utruleg fint me har det her i landet. I Odda blømde det framleis utruleg nydelege roser. I løpet av ei helg fekk me med oss både det som ser ut som nesten seinsommar, det som er haust og det som er nesten vinter.

På Haugastøl var det eit tynt islag på vasspyttane og på dei minste vatna, og i løpet av sundagsføremiddagen, kom den første snøen. Turen heim på sundagen var nesten endå finare, for då hadde me dagslyset i det nordlegaste området der det var mørkt då me kjørde opp. Eg forstår at utanlandske turistar kan bli heilt mållause av den norske naturen… Eller kanskje det er så fint i mine auge rett og slett fordi det er her er høyrer heime…

Trøytte damer kom seg vel heim sånn litt utpå kvelden, og så var i grunnen tida komen for å innsjå at haustferien var over… Det var ein fin ferie der eg i fleire samanhangar har vore litt på utsida av komfortsonene mine. Det er sikkert sunt. Visst har eg gjennomført både fjellvandringar og flyturar, og visst var det vakkert…

Heidi

Deilig dag i Madrid

I dag gjekk eg og Hilde for ein jentedag i det området der eg var med Sunniva i går. Det var herleg å kunna vasa rundt i småbutikkane utan å vera i fylgje med folk som kjeda seg og ville vidare. Eg såg masse rare småting som eg fekk lyst til å laga sjølv, og så fekk eg så frykteleg lyst til å kjøpa ei bok med Frida Kahlo som papirdokke. I boka var dei berømte kjolene frå portretta av henne som ein kunne kle av og på. Til og med ein trillrund Diego Rivera fulgte med i underbukse og undertrøye, så kunne ein kle av og på han dressen med skjorte og slips. Eg stod i mot freistinga og angrar nesten litt…

Men visst handla me litt… Fine postkort, silketrukne hårklemmer, dekorasjonsteip og tjukt akvarellpapir. Så fann me ein fantastisk butikk med knappar, rysjer, silkeband, paljettar og bjeller, så ikkje kjem me tomhendte heim att. Me var faktisk skremmande samstemde i våre småsære innkjøp…

Etterkvart vart det tid for lunsj, og me fann ein veldig koseleg restaurant i ei nylaga grøn lunge i det som opprinneleg må ha vore eit industriområde.

Me åt god vegetarisk pizza. Min var med ruccula, valnøtter og gorgonzolaost.

Så var me på museum i eit herskapshus frå romantikken, det vil her seia frå ca 1800.

Spesielt barnetome med portrett og leiker gjorde inntrykk. Framleis ynskjer eg meg i grunnen eit dokkehus slik som det nederst til høgre…

Dersom ein nøyer seg med leiker av yngre årgang, så var det eit rikt utval av gamle Barbiedokker i eit par av bruktbutikkane.

image

Hilde hadde og snust opp eit galleri der unge uetablerte kunstnarar fekk stilla ut ein månad om gongen. Der var det mykje spennande å sjå. Biletet over er eit av mange i ein serie der menneske er fanga i ulike typar nett inne i titteskap. Dessverre gløymde eg å skriva ned namnet på kunstnaren.

Det vart så vidt tid til ein pause for å kvila trøytte bein før alle fire skulle ut att for å eta middag på ein italiensk restaurant saman med Sunniva. Maten var veldig god. Det har vore fint å vera i lag med Sunniva her nede, og det er trist å reisa i frå henne…

image

I morgon ber det heim att… Det går nok bra…

Heidi

 

Byvandring

 

image

Etter busstur og lunsj på ein fortausrestaurant, var tida komen for litt kunstopplevingar. Etter å ha stått lenge i kø for å få plass på ein turistbuss, var me førebudde på lang kø for å koma inn på kunstmuseet Prado. Merkeleg nok kom me rett inn.

imageDessverre fann me fort ut at det var heilt forbode å fotografera til og med med mobil utan blits, noko eg i grunnen finn forståeleg. Det hadde bare vore kjekt å kunna visa nokre av bileta her, for det var så mykje fint.

Eg sende ein tanke og to til min gamle kunsthistorielærar, PIM, som på formingslærarskulen på Notodden loste oss gjennom landskapa til dei gamle malarmeistarane. Med den litt sjeldne kombinasjonen av ein nokså monoton forelesarstil med eit grenselaust engasjement i botnen fekk han meg til å bli veldig interessert i kunsthistorie, det skulle eg gjerne studera meir. Eg skulle og gjerne hatt nokre lange dagar med penn og skrivebok inne i kunstsalane på Prado, men det får nok bli ein annan gong. Malarkunsten romar så mykje av menneske sine tankar og kjensler, sjølv når dei livnærer seg av bestillingsverk i form av kyrkjekunst eller flatterande portrett av makteliten og barna deira.

Om ettermiddagen møtte eg Sunniva, som var ferdig med spanskundervisninga for dagen, og som gjerne ville ta meg med på vandring i bydelen Malanasa, som ligg eit stykke ovanfor Gran Via. Dette er eit fattigare strøk som har utvikla seg til ein hipsterbydel med mange rare små butikkar og kafear.

Her var det vintagebutikkar, små kunstbutikken, stadar ein kunne kjøpa dei merkelegaste former for kunsthandverk, platebutikkar med LP-plater, økologiske butikkar og new age- inspirerte butikkar. Det var mykje fint og mykje rart til ganske høge prisar, men eit veldig kjekt område å gå i.

image

Kanskje du drøymer om eit lite innramma plastilinarelieff av deg og kona? Her kan det ordnast. Det er bare å levera inn eit fotografi du er glad i.

image

Det var ikkje feil å få strekt føtene ein liten time før me la ut på ny vandring for å eta tapas i det same området. Me fann ein koseleg restaurant med kjempegod mat der me vart sitjande og ha det fint utover kvelden. Me nyt det me reknar med er siste smak av sommar i fulle drag, det var forresten ein skarpere tone av haust i lufta enn dagen før, sjølv om det var veldig godt og varmt midt på dagen.

Heidi

 

Galleri

Fine fasadar

Eg ser at overskrifta kan høyrast både samfunnskritisk og sjølvransande ut, men i dag er ho faktisk heilt bokstaveleg meint. Er det noko Madrid er full av, så er det fine fasadar. Gatene  er til dels relativt tronge, husa er høge og fasadene reine kunstverka. Ein kunne rett og slett få kink i nakken om ein verkeleg skulle nyta dei. I dag har me vore på rundtur i byen med ein døbbeldekkar av ein turistbuss. I sola i toppetasjen, hadde me god utsikt til fasadetoppane, så her kjem ein del av dei…

Frå bussen hadde me og god utsikt til gater og torg.

Og samtidig utsik til diverse reklameplakatar… I feel loved in my calvins… Det er mange oppskrifter på å få tak på kjærleiken, me er vel meir eller mindre på leit alle saman… Sjølv er eg nok meir svak for gatemusikantar enn for rett type dongeribukser, men det er vel kanskje ein smakssak… Verda er ein forunderleg plass…

Heidi

Oktobersommarsundag i Madrid

 

Etter ein lang og koseleg sundagsfrokost på hotellet, går me ut i gatene og kjenner at der er det sommar. Kyrkjekokkene ringer og gatene fyllest langsomt med menneske, og fleire og fleire fortausrestaurantar opnar for dagen.

Mange av butikkane er stengde sidan det er sundag. Det er kjekt å kikka inn i butikkvindauga og eventuelt himla litt med auga der det måtte kjennast naturleg…

Me går inn i det me trur er kunstnar- og bohemkvarteret. Nokon har tipsa oss om at det er ein sundagsmarknad der som det kan vera verd å få med seg.

Me finn marknaden som er inne i eit stort hus. Det går an å setja seg ned fleire plassar for å eta og drikka, men me finn ut at me må trekkja ut i sommersola.

Det er så fint å sitja saman i sola og prata og sjå på folk som går forbi oss med og utan hundar. Etterkvart finn me ut at me er klare for lunsj, og finn etter ei stund ein liten gresk restaurant der me kan sitja ute og eta.

Der klarer eg å låsa meg inne på do. Eg skal ut og døra står bom fast og let seg ikkje rikka same kva eg gjer. Til slutt må eg ringa ut til dei andre. Hilde kjem inn for å henta hjelp. Dei prøver å kirka døra opp, men det går ikkje. Til slutt må ein stor gresk mann nesten sparka ho opp. Det virkar på oss som om det same kan ha skjedd før, for dei som eig staden er utruleg avslappa til det heile… Maten var forresten veldig god.

Me kjem til ein plass med store veggmaleri, nesten som eit galleri.

Ein kopp kaffi på ein av dei mange kafeane må me og ha før me går til hotellet for å ta ein siesta. Eg er langt frå mett av inntrykk, men tenkjer at eg får laga eit blogginnlegg i pausen. Det tek si tid, for eg har vondt for å begrensa meg både med tekst og bilete. Dersom eg har flaks nå, så får eg til å lasta dette opp før eg må gjera meg klar til å gå ut og eta middag…

Gjennom trengsler mot stjernene

image

Eg er rett og slett veldig lite glad i å fly. Likevel hender det at eg gjer det for å koma dit eg gjerne vil. I dag skulle eg og Hilde fly til Madrid for å møta Leif og Arne som har vore her eit par dagar i samband med eit prosjekt på jobben. Dessutan skal me møta Sunniva som er her på språkskule akkurat nå.

På førehand gruer eg alltid til flyturar på same måten som dei fleste av oss gruer seg til å gå til tannlegen og få rotfylt tenner eller til å bli lagt inn på sjukehus for å ta ein operasjon. Eg er sjeldan så bevisst min eigen dødelegheit som når eg er i fly, og føler vel at eg utset meg for akutt livsfare sjølv om eg reint fornuftsmessig veit at mange ting er farlegare enn å fly.

Hilde er trygt og godt reisefylgje, og eg utfordra eigne grenser med å ikkje byta bort vindaugsplassen slik eg alltid elles gjer. Utflyginga over Jæren er utruleg vakker i fint ver.

image

Etter ein liten flypause i Amsterdam starta me på den lengste etappen til Madrid. Det var fint å sjå ned på byar og fjellparti og til slutt innover det brunsvidde  spanske landskapet.

I Spania var det fløyelsmjuk spansk seinsommarkveld med 17 grader klokka elleve om kvelden. Me har ete på ein ortausrestaurant og vandra i gater fulle av folk sidan det er laurdagskveld. Det er godt å vera på landjorda att, og eg gleder meg til tre heile dagar i Madrid.me har sjekka inn på hotell Mario, staden me har budd to gonger før. Sist me var her vart me oppgraderte til luksusrom etter at eg med ein cm klaring hadde unngått å få ei stor keramisk veggplate i hovudet etter at ho løsna og datt ned mens eg pussa tennene….

Heidi