Gå til innhald

Å sykla i oktobersol

Det haustveret me har akkurat nå er mest ubegripeleg for ein jærbu. Kan det vera sånn om hausten? Heldigvis fekk eg lurt meg til ein tur ut, og med tanke på alle dei som ikkje har hatt tid i dag, eller som ikkje er heldige nok til å vera på Jæren, så tek eg dykk med ut på sykkeltur. For ikkje å framstå som sprekare enn eg er, så får eg bekjenna at eg fekk ein elsykkel til jul som er ganske fin til sitt bruk. Eg sykla først til Salte, og så ned til Skeie. Sjå dei fargane…

Eg fann ein liten grusveg der det stod Nordsjøveien. Eg kom ikkje heilt ned til sjøen slik eg hadde tenkt, men det var veldig fint der.

 

image

På Vik fann eg av alle ting ein graskaråker.

Og i grøftene langs steingardane blømer det framleis.

Lukter av mold og bål og potetgras og fjos tek meg snarturer til barndomen, til eplestykket til morfar og til hausten den gong då.

Middagen eg hadde lova å laga kjøpte eg på Orre handelslag. Der var snakkisen mellom hyllene at nå hadde dei fått inn «salt lammakjød». Den søtaste ekspeditrisa eg kan hugsa å ha møtt sat i kassen. Ho sa at den fiskesuppa eg hadde kjøpt var veldig god og ynskte meg ein fortsatt fin dag. Eg hadde ikkje med meg handlenett så eg kjøpte meg eit heilt nytt solgult og samanleggbart. Eg ynskte meg i utgangspunktet ikkje elsykkel, men det er ikkje alltid ein veit kva ein kan ha bruk for. Nå er det rett før eg ynskjer meg ein med tre gonger så godt batteri slik at eg verkeleg kan sykla på langtur til Egersund og sånn.

Heidi

 

 

 

 

 

 

Helsing frå eit skrivebord…

image

Akkurat nå har eg skrivedag på onsdagar. Det er ein fantastisk dag. Nokre har spurt meg korleis eg brukar dagen. Då er svaret at eg både skriv nye ting, det er det aller kjekkaste, og at eg gjer «kontorarbeid» knytta til skriveprosjekta mine, planlegg og øver på ting eg skal opptre med, og i tillegg får unna kontorarbeid som strengt tatt høyrer til dei to andre jobbane mine som lærar og kulturskulelærar.

I går fekk eg ein forespørsel frå Kyrkjerådet om eg hadde nye salmar som kunne vurderast til å vera med i eit tillegg til salmeboka. Slikt er jo kjempespennande, så nå har eg leita i filer og hyller for å få send inn tekstar eg har liggjande. Eg må og kontakta ein del komponistar og høyra om det er greitt for dei at eg sender inn melodiar dei har laga. Det evige spørsmålet er: Har du notene?

Eg må innrømma at eg er flinkast med den kreative delen av det heile. Eg eignar meg ikkje fullt så godt som arkivar og kontorfullmektig. Eg blir oppriktig overraska over å finna ut kor mykje eg faktisk har liggjande rundt omkring, og eg må til og med innsjå at ein del nok har forsvunne i det store holet etter at diverse datamaskinar har takka for seg. Det er bra at eg framleis skriv mykje med penn og at eg har ein blogg, for der ligg det litt av kvart har eg oppdaga…

I kveld skal eg møta ei gruppe tiandeklassingar som eg skal skriva eit stort manus saman med til den årlege tiandeklasseforestillinga me i kulturskulen har kvart år i veka før påske. Det er eit ganske stort arbeid, som helst skal vera mest mogleg ferdig før jul…. så det er greitt å koma i gang. Forestillinga skal vara i ca 45 minutt, og det skal skrivast både teatermanus og songtekstar.  Skrivedagane mine blir nok fyllt til trengsel i vekene framover. Eg kunne nok ha ønska fleire av dei, men skriving er det veldig få som kan leva av.  I tillegg ville eg ha kome til å sakna skulen og elevane noko forferdeleg om eg ikkje skulle jobba der lenger, så det er nok ei bra fordeling som det er. Nå skal eg unna meg ein sykkeltur i det fine veret, tenkte eg…

Men sidan eg var inne på alle tekstane eg nesten hadde gløymt… Denne skreiv eg til jubileet i Timekyrkja i 2009, og Johanne Ur Sæbø sette melodi til. Eg hadde nesten gløymt teksten. Då eg skreiv han inn i word for å senda han til kyrkjerådet, tenkte eg at eg faktisk kunne dela denne teksten på bloggen i dag. Han handlar om å leva og tru midt i det jærske landskapet.

 

Til ditt heilage hus

Eg kjem til deg med glede, ein sommar ber eg inn,
med blåklokker, kløver og solvind, eg kjem hit med lette trinn.
I havet sin puls i mot stranda, der bur mine hjarteslag,
livet er enkelt å bera med seg ein sommardag

ref
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil, vera ekte,
her kjem eg med livet mitt.

Eg kjem til deg med uro, med haust og iskald vind.
Med stormar, med gråt og med sinne, så kjem eg med tvilen min.
Finst mogning og vekst i mi uro? Eg veit ikkje kor eg skal.
Herre, kom ver du min styrke, vinden er sterk og kald.

Eg kjem med frost og kulde, ein vinter frys i meg.
Eg kjem hit på iskalde føter, eg leiter meg fram til deg.
Her kjem eg med skjelvande tankar, når livet er kaldt som snø.
Herre, du står der og ventar, rekkjer meg vin og brød.

Så står eg her med våren, og alt er liv og song.
Eg kjem hit med alt dette nye, eg står her som første gong.
Eg kjem hit med håp og med glede, eg kjem hit med alt eg vil.
Du gjev meg styrke og kvile, her som eg høyrer til.

Du tek i mot meg, Jesus, her ventar du på meg.
Mens tidene mognast og vekslar, så høyrer eg til hos deg.
Du møter meg, Herre, i dåpen, er nær i min siste kveld.
Du er mi trøyst og min tillit, Gud du vil allting vel.

image
Heidi

Nesten sommar heilt inn i oktober

image
Heilt overraskande kom det ein fantastisk fin dag i dag med sol, blå himmel og nesten vindstille. Slikt såg eg ikkje koma då me hadde regn og hauststormar i sist veke. I dag var det fantastisk fint å vera ute. Eg og Ingrid gjekk tur langs stranda med start på Refsnes. I dag kunne eg ha gått heile dagen, trur eg.

Her har det skjedd mykje som eg kunne ha tenkt meg å skriva meir om, men det får bli etterkvart som eg får tid. Eg har lese bøker som har gjort inntrykk, og er akkurat nå i gang med Max Mischa og Tet- offensiven, den er så fin at eg snart må leggja meg for å smuglesa litt på senga.

Me, det er vel Leif som har lagt ned den største innsatsen er stolte av at me i løpet av ei veke har klart å læra Cleopatra å gå ut og inn av huset gjennom ei elektronisk kattedør. Det har gått med ein del kyllingfiletar, men den utruleg smarte elleve år gamle katten vår, som av katteprinsipp ikkje let seg pressa til noko som helst, har etterkvart innsett kor stor fridom dette gjev henne og spankulerer nå inn og ut med ei mine av meistring.

Me har vore på kino og sett Kongens nei, eg har knekt ein stor bit av ei jeksel og fryktar at det ender med rotfylling og krone, eg har invitert familien på nysteikte lappar, og hekla på ei stor hekledukke til akslene gjer vondt.

Når det gjeld handarbeid så har eg ei viss vegring for mønster og oppskrifter. Akkurat som med blomsterbukettar så er det som er kjekt å starta med former og farger og finna ut undervegs korleis det kjem til å bli. Ofte blir resultatet litt skakt og rart men samtidig, i mine auge i det minste, ganske fargerikt og sjarmerande.

I kveld har eg vore på veldig triveleg kveldsmat hos ei venninne. Då eg sykla heim kunne eg sykla med bare ein tynn jakke over kjolen, men kveldane er blitt mørke og kveldslufta ber med seg eit skarpt drag av haust. Det siste er jo som det skal vera i oktober.

Då får eg takka for helga som har vore fin og gild og veldig kort. Eg er av det slaget folk som må senda seg sjølv i seng med strenge miner kvar kveld. Om kveldane er eg nesten alltid lys vaken og full av virkelyst. Det er dessverre ikkje heilt på same måten når vekkerklokka ringer klokka ti på halv sju om morgonen. Korleis har eg klart å havna i eit samfunn designa for og  nokså sikkert av A-menneske?

Heidi

Haustvise

image

Der ute flokkast fuglane
dei skriv med heilag penn
på himmelen sitt noteblad
ein song om haust igjen.
Kom hit til meg og møt meg,
eg er ikkje redd for haust,
for me veit alt om stormar,
og låtten vår sit laust.

I hagen takkar sommaren
og opnar opp ei dør,
me høyrer hausten sin musikk,
ein song me kan frå før.
Eg kjem på bare føter,
kan du høyra det er meg?
Du høyrer nok på stega,
det er eg som kjem til deg.

Nå speler livet tonane
i sitt mysterium,
og livet reknar timar
mot ukjend endesum.
Men blomar blømer modig,
for framleis finst her tid,
me er her begge framleis,
så hald fast i handa mi.

Heidi

Bilde

Eg trur nesten hausten er komen

 

image

Eg trur nesten hausten er komen nå. Intense byger med regn og vind kan tyda på det, temperaturen tilseier og lange bukser og heimestrikka ullsokkar på føtene. I helga var det septembersommar som eg viss aldri har sett han før. Det var fint.


Sunniva var heime i helga, og det tok med seg masse familietid. Når ungdomane som bur vekke kjem heim, så fører det med seg ein ekstra dimensjon.

I Sandtangen var det eit stort arrangement med internasjonalt fokus på sundag. Vermeldinga tidlegare i veka hadde sagt regn, vind og 10-12 grader. Som eit under kunne det avviklast i sol og sommarvarme før regnet kom om kvelden.

Om kvelden var det kveldsgudsteneste i kyrkja. Hilde Hanevik snakka om tru og psykose, og Johannes Kleppe fortalde om si eiga trushistorie, og korleis det opplevest å få ein kronisk sjukdom når ein tidleg i livet står midt i masse viktig arbeid og har heilt andre planar. Bjarte Lending og gospelkoret Abraham var der med fin musikk. Det vart ein kveld som gjorde at livet og trua verkeleg kunne kjennast på innsida av huda.

Saman med gode hjelparar legg eg til rette for bønevandringar på desse kveldsgudstenestene. Eg prøver heile tida å nærma meg det kreative og ordlause bønespråket med nye innfallsvinklar.

Eg fann ei haustvise som eg trur eg skreiv i fjor. Eg lurer på om eg ikkje la ho ut på bloggen min og, men eg tenkjer at ho toler å bli publiser i år og. Eg gjer det på ein ny post.

Heidi

 

 

Eg kjenner deg, Enok Hove…

 

image

I går var eg så heldig at eg fekk vera med på eit spennande seminar på Garborgsenteret med tema «Tro til trøst og besvær», der Gunnar Engedal og Jan Inge Sørbø hadde foredrag. Eg las mellom anna denne teksten, som eg hadde laga til denne kvelden. Eg er veldig glad i Garborg si diktning. Spesielt Haugtussa og Fred har eg lese om igjen og om igjen gjennom ulike livsfasar. Eg meiner at mange feilstemplar «Fred» som ei tung og vanskeleg bok. Sjølvsagt er ho det og, sidan hovudtemaet korleis Enok Hove, alter ego til Arne Garborg sin far Eivind Garborg, blir meir og meir sjuk på sinnet og viklar seg inn i religiøse grublerier som gjer at han til slutt gjer ende på seg sjølv. Likevel finst det andre strenger i Fred, naturskildringane er fantastiske, personskildringane er så skarpe at du ser menneska levande for deg, og i tillegg er det mykje humor, både av det skarpe, lune og kolsvarte slaget.

Noko som har slått meg ,som i eit slags gys, er kor mykje eg faktisk kan kjenna meg att i Enok Hove. Eg liker jo å tru at eg er hans rake motsetning, at eg har eit lyst sinn og ei lys kristendomsforståing og at eg i motsetnad til denne mannen er psykisk robust og ikkje så lett let meg vippa av pinnen. Kan eg verkeleg finna så mykje samklang med denne plaga hustyrannen, som ofte blir brukt som sjølve inkarnasjonen av den vestlandske vestlandskristendomen?
Eg trur Arne Garborg har klart noko meistarleg. Han har klart å skildra denne kompliserte mannen med ein varme som gjer at me kjenner på angsten hans, klarer å sjå verda som ho ser ut for han, og klarer å visa oss idealisten og det gode menneske som djupast sett vil alt godt. Det ender bare så forferdeleg gale alt saman. I tillegg kjenner eg på den forunderlege og skremande sanninga at me alle kanskje alle liknar meir på kvarandre enn me likar å tru

I pausen og etter arrangementet så var det fleire som sa til meg at denne teksten ville dei gjerne lesa ein gong til. Eg byr like godt på han her på bloggen. Eg var ikkje ferdig med han før på måndagskvelden, og framleis kan eg nok finna på å gjera endringar. Eg må og skunda meg å fortelja at mange av formuleringane eg har brukt i teksten er Garborg sine formuleringar frå fred. Eg fann ut at dette grepet ville gje ekstra tyngde og djup til vandringa mi med Enok Hove.

 

EG KJENNER DEG ENOK HOVE

Eg kjenner deg Enok Hove.
Eg kjenner deg betre enn mange trur,
for visst har eg gått bak deg.

Eg har gått i fotspora dine
medan du tungt bana deg ve
gjennom nordvesten sin tunge song
medan det braut i novene og blistra i karmane.

Eg har gått saman med deg
gjennom eit armt grått land
med lyngbrune bakkar
og bleike myrer
oversådde med kampestein
trelaust og bart.

Eg har som deg lengta
etter å få vera heil
heil og oppreist,
har lengta etter å finna skatten og perla,
etter å få forsaka alt som unyttig er
for det som er større.
Eg kjenner deg der du går og trør
i eldgamle klede du har funne på loftet.

Kledd i gamle skinnklede
går du der,
buksene oppkropne og stutte
med store skrukker,
jakka for lita og bøtt og skral,
god nok for ein syndig lekam.
Rund skinnlue med skugge
og svart saueskinnskant.

Det klakkar i treskorne
det knakar i dei gamle skinnbuksene.

Du går der
fridd frå øyenlyst og fåfengd
og tryggare enn før for Satans åtak.

Elsk til verda og sorg for næringa
har vore kjælesyndene din,
nå går du her med tunge steg,
går her klar for å bli løyst.

Du går rakt framover.
det er rått og kaldt.
Lufta er sur og ufyseleg.
Du veit at folk trur du er blitt galen,
men sælt er det
å bli forakta og spotta for Jesu skuld.
Det er det sælaste av alt.

Her suser vinden dag og natt,
og gråveret ligg tungt over viddene.
Vinden fossar om novene
i stigande og fallande sjoing
som sjøen rundt ein skipsbaug,
det dunkar og det brakar.

Eg har som deg vore villig til å ofra,
eg har som deg tenkt tanken,
at å selgja alt det ein har og gje til dei fattige
at å ofra alt måtte vera det største og sælaste
for dei som våga å løysa seg
frå alt som bind oss til makta og rikdomen.

Du har hatt det vondt, Enok Hove.
du som ville ofra alt,
nå skjøner du i vaklande mot
at dusjølv ville styra,
at du ikkje tek deg tid til å venta.
Er det nok å halda døra open
for alle som vil inn
eller er det meininga
at du, du som ville vera stor kar
sjølv skal havna på fantestien?

Du er ikkje lenger heime.
Ikkje heime  i ditt eige hus,
ein framand er du blitt,
Ingen fylgjer deg når du går,
ingen ventar på deg når du kjem.

Dei dreg seg vekk frå deg,
dei ser på deg med sinne
med sorg og mistru,
du ser det i glimt,
og skjønar kvifor dei gjer det.

Her vandrar du, Enok Hove,
utstøytt og bortstøytt
og heilt utan fred

som ein Kain vandrar du
aleine over dei gule markene,
merka og mistrudd,
og eg går rett bak deg.

Så kjem kvelden sigande
med mjuke tonar over bakkar og brot.

Frå havryggen glimar sola inn over landet,
ho speglar seg i alle glas.
Det lyser oppetter heiene som av diamantar.

Du høyrer alle bekkjer susa.
Du høyrer ditt eige hjarte slå,
og ser kvite dampar
breia seg over draumesjøar.

Eit einsleg vipeskrik her og der,
eit myrfuglpip langt borte frå vollane
som ein søt linn gråt.

Her er fred uendeleg fred.
Bare i hjartet ditt er det uro.
Du kjenner kor framand du er.

Forvirra tenkjer du
dei formastelege tankane
Dei må ha det betre
dei som ikkje trur,
om bare nokon kunne teke Gud i frå meg.

Framand og jaga
hastar du frå stad til stad,
utan bidlund til å arbeida,
utan ro til å kvila.

Allting er gagnlaust
allting er utan von.

Eg går bak deg
og veit at heilt fram
kan eg ikkje fylgja deg.

Eg kjenner det som ei sår tyngde
i min eigen kropp,
stega mine blir tunge som dine
eg ser eg må la deg gå.

Eg kjenner deg, eg kjenner deg
som ikkje vann…

Det gjer vondt å kjenna
andre sine hjarteslag i sin eigen puls.
Det er vondt å vera den som ser.
Gud hjelpe oss for brotne bein og mannefall.

Du gjekk, Enok Hove,
det er lenge sidan du gjekk,
men framleis høyrer me pusten din
mjukt og tungt over landskapet.

Du gjekk i frå meg-
Eg vert ståande og sjå etter deg
før eg slår krossteiknet om brystet mitt
og går heim,
går heim til mitt eige liv.

Heidi Strand Harboe

24150234755_b8f73e3c8c_o

Bilde

Septembersommarhelg

image
For første gong i mitt liv har eg opplevd at kollegiet vart oppfordra til å ta den bundne tida heime fordi det var alt for varmt på arbeidsromet. Dette gjaldt forsåvidt ikkje meg denne gongen, for eg skulle på møte og på jobb i kulturskulen, men alligavel… Og så over midtvegs i september…
Sommar er herleg uansett. Me er ikkje vanskelege sånn. Og ekstra herleg er det at varmen strekk seg inn i helga og.

Me hadde ein liten overnattingsgjest som me tok med oss på tur i Kleppeloen. Han har nok ikkje det største gjerarhundpotensialet, for då me møtte nokre skumle sauer bak eit gjerde,ville han helst bli løfta opp…

 

Etterpå var eg så heldig at eg fekk med meg Irene si forestilling «Hurra for Hanne» med Teater Leikhus som var på ein liten Sør- og Vestlandsturne. Teater Leikhus består av Irene og nokre av skodespelarvenninnene hennar. Stykket handla om det å vera ung og finnast aller mest på sosiale medier. Siden Irene nesten har vore ei ekstradotter i heimen så er eg kjempestolt når eg får oppleva kor flink ho er blitt. Heia, heia!

 

I dag har eg hatt sundagsskule, eller jungelgjeng som me kallar det i Bryne kyrkja saman med Helga. Det var stappfullt av ungar der. Sjølv om det er ein del arbeid med førebuingane, så synest eg det er eit stort privilegium å få lov til å dela bibeltekstar og kristen tru med barn. I dag var det Bergpreika som var teksten, det er ein oppmuntrnade, stor og utfordrande tekst for truande menneske i alle aldrar.

Nå er det Sandnestur og middag med gode venninner før me skal sjå «Fortrolige samtaler» på Sandnes Kulturhus i kveld. Eg er velsigna.

Heidi

 

 

Om å prestera livet sitt

image

Nå har eg fått trykt dei første  fem små petitane til Jærbladet, og så kjem det fem til nærare jul. Eg kjenner eg blir varm i kinna og varm rundt hjartet av alle dei gilde tilbakemeldingane eg har fått. Folk er rett og slett veldig flinke til å oppmuntra andre, det er så fint å sjå. Sidan eg har lova nokon som bur godt utanfor Jærbladet sitt nedslagsfelt å l dei få lesa, så gjer eg det slik som dette…

Ha ein fin sundag alle saman…

Heidi

Septembersommar

image

Me tek takknemleg i mot sommaren når han måtte koma til oss. Nokre gonger kjem han i april, andre gonger i september. For første gong i sommar, så vidt eg kan hugsa, vartar naturen opp med tjuefem varmegrader og vindstille. Eg har brukt store deler av skrivedagen min utomhus. Eg held på å førebu noko Garborgrelatert, så katten og eg har brukt litt tid på å lesa Fred og leggja inn merkelappar der eg treng det. Heilt seriøst, så trur eg det er den finaste boka eg veit. Spesielt er eg glad i Sigbjørn Reime sin variant som ligg nærare opp til førsteutgåva og er litt modernisert i språket, og med gode fotnoter og ordforklaringar.

Eg hadde og ein time hos tannlegen. Han sa at han hadde gleda seg til eg skulle koma…  I dag gjekk eg ut med «null-hull». Eit ferdigavlagd tannlegebesøk, og eit år til neste gong, gir ein heilt eigenarta gledesrus. Eg vil tru det spesielt gjeld hypokondarane blant oss som alltid tenkjar tankar på førehand om av det i verste fall kan avdekkast tannkjøtkreft, sjukdomar som i løpet av kort tid vil få tennene til å ramla ut av munnen din, tenner som må rotfyllast og hissige skjulte betennelsar i kjeven. Reint objektivt så er det ikkje direkte lystbetont å reinska tannstein heller, men tannlegen min har både humor og ein behageleg stol, så det gjekk i likaste laget.

I kveld har eg og nokre venninner sitte ute i septemberkvelden og malt bilete. Dette er som å bu i eit varmare land. Eg liker det, og har bestemt meg for ikkje å grubla for mykje over klimaendringar og global oppvarming.

 

Heidi

Haustdag i Sandtangen

I dag brukte me dei siste to undervisningsøktene på å ta med oss elevane på uteskule i Sandtangen. Me har tre som tema i naturfagtimane, og kva er meir naturleg enn å faktisk sjå på levande tre. Me såg på ulike tre og samla konglar. Målet er at dei frå nå av skal kjenna att gran og furu, raun og bjørk og kunna skilja grankonglar frå furukonglar. I tillegg skal dei vita litt om kva eit tre er, korfor dei har røter og bork, frukter og blad…

Ein del av dette kjem dei nok til å hugsa om eit halvt år og, i alle fall ganske mange av dei. Endå betre og endå viktigare er det faktisk at dei blir interesserte i naturen og får lyst til å vera mykje ute og å ta vare på det som veks og lever.

Me bur på ein fin plass. Ein gjeng pynta menneske var ute for å grilla og kosa seg på grillplassen. Ein av mennene fortalde at dei feira ein muslimsk fest i dag, sidan me har elevar som har fått fri i dag for å feira id, kunne eg fortelja at eg visste det var id i dag og gratulera dei med dagen. Spontant spurde han om eg ikkje hadde lyst til å setja meg ned i lag med dei å feira. Eg takka for invitasjonen, men sa at eg var på jobb og hadde store mengder barn å halda styr på. Eg kjende likevel at invitasjonen faktisk varma.

På laurdag sykla eg gjennom Storgata i høljeregn då eg vart stoppa av tre søte damer som snakka sørlandsk. Dei hadde ikkje vore på Bryne før, og spurde kor gågata var i denne byen. Eg måtte fortelja at det nok var der dei var akkurat nå, bortsett frå at det ikkje var ei gågate… Men eg fekk nå vist dei vegen til M44… Eg håpar at me om nokre år stolte kan visa fram gågata vår akkurat som me nå stolt viser fram Sandtangen.

Eg klarte å gløyma eit styremøte i kveld. Det var borte vekk at eg skulle ha vore der, sjølv om det stod i avtaleboka mi. Eg har viss rett og slett litt i overkant mykje på den interne harddisken… Medan eg tasta ei unnskuldning med ein ubehageleg magefølelse over å ha gløymt ringde telefonen med ein forespørsel om å opptre i Egersund. Eg sa eg måtte tenkja litt på det.

Det er veldig kjekt å opptre og veldig kjekt å bli spurt. Eg seier ofte som Ole Brumm ja takk til det meste… Eg har tre slike arrangement eg har sagt ja til før jul, og klarer nok det fjerde og om eg klarer å ordna det praktisk. Det er greitt å få litt tenkjetid.

Heidi