Eg er svak for mysterium, og eg ser dei overalt. Det gir meg håp for verda og for mitt eige liv at det er mykje eg ikkje forstår. På gudstenesten i dag var temaet mysterium, og ein av tekstane var om dei tre vise menn, ei veldig merkeleg og interessant forteljing, som alltid har fyld meg med undring. Kven var dei? Kor kom dei frå? Kva skjedde med dei etterpå. Dei kjem frå Gåteland, er på scenen eit kort glimt og forsvinn for godt.
Stein Ødegård snakka i preika om korleis me gjennom livet opnar ulike skuffer i det som for oss har vore mysteria. Eit aspekt er barnet som dreg ut ei skuff i den store kommoden, og finn julenissedrakta som far hadde på seg på julaften. Mysteriet mistar glansen og blir til ei avslørt løgn. Kanskje det er ein av dei verkeleg triste tinga som kan skje eit menneske er opplevinga av at mysteria blir avslørte og alt som er att er det grå og trivielle og kjensla av å ha blitt lurt…
Sjølv trur eg på mysteria, og trur ikkje nokon kan ta dei frå meg. Når eg står under ein open stjernehimmel ei klar natt kjenner eg meg bitteliten, samtidig kjenner eg på ærefrykta for det store spelet me er sette inn i. Livet må då vera eit heilag mysterium same kva ein måtte tru om dei store samanhangane.
På nyttårsaften sat me i saman med venner og snakka om kva me tenkte om det nye året. Då det vart min tur sa eg at eg lurte på om eg skulle bli aktivist. Då dei andre lurte på kva i all verda eg meinte med det, sa eg at eg kjende på avmakta i verdssituasjonen, at me stenger dører og vindauge og ikkje vil sjå verda som ho er. Me let urett skje med dei som er svakast, me stenger dørene for flyktningar og me let ei jord full av store sår vakla mot avgrunnar utan å sjå at me framleis har sjansen til å snu utviklinga. Dei andre lurte naturleg nok på kva eg hadde tenkt å gjera med det. Det er sjølvsagt det store spørsmålet, kva i all verda kan eg gjera med det?
Eg kan skriva, tenkte eg. Eg kan snakka om det eg har tru på. Eg kan prøva å vera eit godt medmenneske som har tid til å lytta. Eg kan ropa på torget om det eg trur på? Eg kan sitja på gata med gitaren og synga viser om jorda og dei som bur på ho? Nei, det siste får eg overlata til andre, eg kan verken synga eller spela gitar, men eg vil gjerne samarbeida med andre som kan det.
Det er så sterke krefter i sving der ute, me har så mykje fint det er verd å ta vare på.
Me vil så gjerne bevara menneskeverdet, naturen og nærleiken mellom menneske.
Det er så mykje ingen må få lov til å ta i frå oss.
Og visst liker me oss best i flokk, det er det tryggaste. Sjølv er eg på mange måtar eit flokkmenneske, eg er ikkje ein gong ein bjellesau, eg liker godt å dilta etter andre, eg er litt konfliktsky og ikkje utstyrt med veldig klare leiareigenskapar ein gong.
Mi bøn for meg og andre er at me skal halda varmen. At me skal bevara trua på mysteriet og på det gode i verda. Eg har og ei barnsleg tru om at me kan søkja hjelp til å finna vegen me skal gå. Inspirert av fyrbiletet frå Obrestad fyr, har eg lyst til å ta med ein tekst frå Hekla stålstrenga:
Ytterst i verden ytterst i vest
Kan hende du seile di skute
kan hende du seile tilfeldig som gjest
kan hende du går dær i rute,
uansett treng du et punkt som e fast,
dær du frakte di skjøre last,
de e nokk at de står dær og brenn
en trofast gammel venn.
Har du fyr,
har du løkte langs din vei?
har du fyr,
et signal om riktig lei?
ei lampe som gløde i mørke
og lose dæ ut og frem,
som tar dæ bort og hjemmefra,
men også tar dæ hjem.
Vår Herre sa det når jorda vart te,
la det bli lys og det ble det,
så sette han sol og måne og stjerne opp
sånn at vi kunne se det,
men de som han glemte i skapninges gry,
va alle de som e dømt til å fly
på havet i vær og vind
når skodde og mørke sett inn.
Har du fyr,
har du løkte langs din vei?
Har du fyr et signal om riktig lei,
ei lampe som gløde i mørke,
og lose dæ ut og frem,
som tar dæ bort og hjemmefra,
men også tar dæ hjem,
et landemerke før håp og drøm,
helst sku vi la d bemanne
dær skarven flyg
og dær seien svøm,
ute på kanten av landet
et hus i havet som står han av
og gjør en seilar så glad så glad,
og rope så sjøen skvett
æ vil bli sett .
Har du fyr,
har du løkte langs din vei?
Har du fyr,
et signal om riktig lei,
ei lampe som gløde i mørke,
og lose dæ ut og frem,
som tar dæ bort og hjemmefra,
men også tar dæ hjem.
Hekla stålstrenga.
Som presten slutta preika med i dag: Mysteriet kan ikkje opnast frå ein preikestol. Det må skje i menneska sine hjarte.
God sundagskveld til alle som les.

Heidi
Det har gått opp for meg at lyset er noko av det finaste med januar. Lyset er pastellfarga og reint i den blå timen, ekstra sterkt og kjøleg midt på dagen og glødande over himmelen ved soloppgang og solnedgang.
Januarlyset ber med seg noko nytt og reint og klart.
Det er veldig vemodig å lukka døra bak juleveka, men eg veit jo av erfaring, at når ein først har fått lukka døra, så er det heilt fint å vera på den andre sida og.
Januar står klar og ventar
med pastellfarga morgonlys,
og du skal ut att,
det er jo her du bur,
med lue, vottar og oransje ullskjerf,
du er fødd til å vera
der vegane opnar seg og går vidare
med papirtynne islag på vasspyttane.
Me er her framleis alle saman,
nå skal me vidare.
Heidi
Den hausten
Det var den hausten Donald T
vart livleg vald til president i USA,
den hausten Leonard Cohen
hengde frå seg hatten sin,
og forlot oss for godt.
Me sykla gjennom morgonmørket
med kroppane framleis fylde
av novembernatta,
novembernatta og alle draumane.
Me sykla gjennom gatene
med side svarte regnkåper og regnet
mjukt piskande mot panne, kinn og hender,
sykla oss varme og mjuke
under gatelykter fulle av spindelvev,
klare for ny styrke
og for demring av dag.
Heidi
På julafta fekk eg ein film av kvar av sønene mine. Frå Odd Christian fekk eg animasjonsfilmen «The little prince», som ein slags kommentar til at eg ofte las boka om «Den lille prinsen» for han då han var liten, og fordi han hadde lese at animasjonsfilmen var veldig fin. Dagane i jula kom og gjekk, og eg kom aldri så langt som til å plassera filmen i framvisaren oppe i den litt underoppvarma loftsstova vår.
I går føremiddag fekk eg ideen om at første nyttårsdag måtte vera den perfekte dagen til å ta farvel med juledagane og feira det med å sjå film og eta dei julekakene som måtte vera att i boksane, før kvardagane og det stramme, sunne livet kjem att med sine strenge og vennlege fangarmar. Odd Christian fekk sms, ville han bli med? Det ville han, og det ville far hans og. I tillegg til eit fat med risboller, peparkaker, nonstopkaker og kvite kakemenn, kokte me glovarm kakao, og tok med oss dei varmaste pledda til å pakka oss inn i, for det var verkeleg kaldt der oppe.
Filmen viste seg å bli ei stor filmoppleving. I tillegg til å vera utruleg estetisk og vakker, så var innhaldet så sterkt at det var til å gråta av. I ein slags framtidsdystopi, eller kanskje det er nåtid, lever det ei lita jente i eit samordna og velordna nabolag saman med ei velmeinande og sterktorganiserande mor, som nesten ikkje har tid til å vera i lag med jenta fordi ho har det så travelt på jobben. Den vesle jenta brukar heile dagane på å løysa likningar og lesa tjukke bøker, ikkje fordi ho vil, men for å koma inn på dei rette skulane, og for å få gode karakterer og dermed eit godt liv. Mora har laga ein stor livsplan til henne på ei slags oppslagstavle i huset, der det er laga timeplan for kvart kvarter på dagen med oppgåver som søvn, frokost, trim, tannpuss og pugging, pugging, pugging. Dagane er like og ganske grå, og etterkvart som ho har utført ei oppgåve går ho lydig ut og kryssar av på livsplanen sin.
Heldigvis så bur det ein fargerik nabo i det nye nabolaget der dei må flytta inn for at ho skal bu i rett skulekrins til den beste skulen i byen. Han er ein gammal original som bur i eit forfallent hus i ein overgrodd hage. Han bruker tida si på fantasi og leik, og på å byggja seg eit fly han håpar at han kan letta med ein dag. Han er forakta i det besteborgarlege nabolaget, bare den vesle jenta får lyst til å bli kjend med han etter at ho får eit papirfly kasta inn gjennom vindauget med den første sida av biletboka om den vesle prinsen på. Problemet er bare at jenta ikkje har tid eller lov til å snakka med framande menn, langt mindre lov til å leika. Ho har jo ein livsplan ho må fylgja, og ruter ho må kryssa av i…
Som det framgår her, så vart eg heilt fortrolla av denne filmen. Eg må likevel innrømma at eg gjorde den tabben å leggja meg ned på sofaen med teppet mitt, og klarte å duppa av eit par gonger. Første nyttårsdag bør ein ikkje leggja seg ned når ein ser film… Eg må sjå han om igjen for å tetta igjen dei to små hola eg fekk i handlingsforløpet. Det gler eg meg til…
Andre som eg kanskje burde invitera til å sjå filmen i lag med meg er dei som trur at barn blir kloke av å bruka livet sitt på å bare fylgja planar som gjer at dei kan få kryss i rett rute av eit skjema. Dei som lagar nye læraplanar langt oppe i systemet bør og sjå denne flimen for å få gode idear til korleis dei kan stimulera barna sin ibuande kreativitet og medfødde leikelyst. Filmen er eit eventyr om korleis me kan stela barndomen til barn gjennom å ta frå dei leiken, fargane, humoren og kreativiteten, og eit varskorop til alle som måtte koma til å tenkja den formastelege tanken at alle barn treng ein detaljert tidsplan.
Dersom eg nå får inspirert nokon til å sjå filmen, så vil eg gjerne høyra om deira filmoppleving og… Det beste var at dei to relativt vaksne mennene som såg film i lag med meg var heilt einige med meg… Det kan sjølvsagt tekjast at dei ikkje er heilt gjennomsnitlege dei heller, men alligavel…
Heidi
Så var det nye året i gang for alvor. Det var dagen for å ta det med ro, og det meste av det som venta på å bli gjort fekk fortsetja med å venta.
For første gong fekk eg med meg ordføraren si mottaking i kommunestyresalen på første nyttårsdag. Eg hadde med meg tre flinke jenter frå skapande skriving som skulle opptre med lesing av nyttårstekstar. Det var høgtideleg og fint med ordførarkjede på plass, fine blomsterdekorasjonar, musikalske innslag, tale frå ordføraren om planane for time kommune i 2017 og heider til alle som var blitt norgesmeistar i eit eller anna i løpet av året. Den verkeleg store bonusen var at me fekk ein heil konsert av Hilde Selvikvåg med flinke musikarar med på kjøpet.
Sidan me ikkje utan vidare har lov til å leggja ut bilete av kulturskuleelevar, så torer eg ikkje setja inn bilete av Vanja, Maren og Shannon som les eigne tekstar på ein veldig fin måte. I staden får det bli Hilde, Reinert og ein glink musikar skjult bak sitt eige eufonium som får illustrera dagen. Eg har lyst til å ta med teksten for denne dagen frå boka Bibeldikt. Denne teksten kan eg lett skriva under på. Forfattaren i dag er Jørgen Nprdheim.

Dei velsigna
Herren sa til Moses: Tal til Aron og sønene hans og sei:
slik skal de velsigna israellittane. De skal seia til dei:
Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet luse over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet på deg og gje deg fred!
Dei skal setja mitt namn på israellittane, og eg vil velsigna dei.
Derretter sa Herren til biskopen: Gå til nordmennene
og sei:
Ver ikkje redde!
for å bli minte om at de sjølv ein gong var fattige
for dei framande, for de kom sjølv framande inn i livet,
for å syna nåde, for de møtte sjølv nåde då de rømte frå uår og krig.
Ver berre redde
for å fordriva tiggarar frå torget
for å jaga enkjer og faderlause ut av landet,
for å gjera godt mot dykkar eigne, og berre mot dei.
Og biskopen gjekk til nordmennene og sa:
Ver ei velsigning!
for Herren velsignar deg og varer deg,
for Herren let sitt andlet lyse over deg og er deg nådig!
for Herren lyster sitt andlet mot deg og gjev deg fred!
Jørgen Nordheim
Heidi
Eit nytt og reint år ligg framfor oss. Det vil seia, den første sida i boka om det nye året er allereie blitt skriven. Så fort går tida. Me gjekk inn i det nye året på ein veldig fin og fredeleg måte i lag med Hilde, Arne, Ståle og Kari. Det vart ein nyttårskveld etter mitt hjarte med gode samtalar, god mat, lått og allsong.
Etter å ha hatt fylgje med Knut Grønvik eit år gjennom den raude andaktsboka hans leitte me etter ei ny bok å lesa høgt frå ved frokostbordet. I går fann me fram boka «Bibeldikt» med dikt over bibeltekstar frå kyrkjeåret, ei bok som eg fekk vera med og levera bidrag til, som eg kunne ha lyst til å lesa systematisk frå perm til perm. Anna Kleive har skrive dette diktet som tekst på nyttårsafta. Det har eg lyst til å dela.
Alle tider små
i hjarta er lagt ei tid for alt
ei tid for å vente for åbrette seg ut i forventning stinke
av forventing
alt finst også utolmotet
også uoppfylt ugjenkalt pakke seg saman
og skam
også smålegskapen
der finst hjarte fylte
av småleg vilje krattskog varm
av uslate simplare ønskje
at du ikkje lukkast
og skadefryd
ei tid for å fortvile
ei tid for å elske ei tid for å hate
ei tid for å elske for å elske
ei tid for å elske den
som står i di stad
det er ei tid for å stoppe opp og elske henne
et såg det vonde strevet i hjarta
har mange fargar også
grøn også svart
også grå brun
også blodtørstig
ei tid for å frykte
renne av frykt, stivne
i ny støyping
og enno makteslaus
stå
smal på alle
sildrande fryktene
et dine eigne
også unnlatinga tohna
også hemnlysta
gå ut på gata med knokane
spissa
også motløysa også likegyldigheita
ei tid for å mørkne ei tid for å svinne
ei tid for å viske seg sjlv ut
alt finst og alt skal finnast
hjarte fylte av mistak spenn dei opp
og anger
og umodenheit
og skam
Anna Kleiva

Heidi

Tenn lys, eit lys skal brenna for denne jorda vår,
den blanke himmelstjerna der vi og andre går
omkring og deler vona at gode ting skal skje,
må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.
I denne versjonen er Eivind Skeie sin fine adventssalme godt gøymd i minnet mitt. Slik har me sunge han på nynorsk på skulen der eg jobbar dei fleste åra eg har vore lærar. Dette er ei bøn som passar like godt når det ikkje er advent. Lyset over fekk eg til jul av ein nabo, og det er min intensjon å tenna det kvar morgon for å takka og be for dagane og timane som er og som kjem.
Året som er i ferd med å ebba ut er eit år eg kjem til å hugsa. For oss i familien har det vore eit godt år, men for fleire av dei me kjenner har det vore eit utfordrande og vanskeleg år. For dei håpar eg at 2017 skal bera med seg gode dagar.
Det er sikkert fleire enn meg som har blitt overraska over vegen verda har tatt i året som gjekk. Det er lett å kjenna seg små og hjelpelause, når me opplever at verda tek omvegar me ikkje synest verda har råd og tid til å ta. Eg håpar personleg at den politiske utviklinga i verda får fleire av oss som ynskjer noko anna til å stå opp og jobba for det me trur på. Det er mykje gale, men djupast sett ynskjer dei aller fleste menneske ei jord der det er nok mat til alle, ei luft som er rein nok til å pusta ut og inn og fred slik at både me, barna våre og nye komande slekter kan leva der i fred. Me ynskjer alle å ha gode menneske å søkja saman med og menneske å stø oss til når vegen er tung.
Det må då vera mogleg å få dette til… Tenkjer eg… Sjølv om det betyr at me må klara oss med mindre materiell velstand, og sjølv om me må dela på ein annan måte enn me er vane med. Heldigvis er verda full av diplomatar og fredsfremjarar på same måte som det finst maktmenneske og krigshissarar. Heldigvis er verda full av menneske av god vilje som er villige til å gjera sitt for at jorda skal bli ein meir rettferdig plass med større respekt for menneskeverdet. Me må ikkje la nokon fortelja oss at det ikkje nyttar. Eg trur at alle kan gjera litt for at dei me lever nærast kan få betre kvardagar. Eg trur og at alle kan gjera litt for at verda kan bli meir rettferdig og for at me skal klara å ta vare på jorda før me har øydelagd berekrafta heilt.
Om nokon skulle våga å opna auga for å prøva å sjå heile biletet, skulle det ikkje då vera oss som trur på det gode, og som trur at jorda kvilar i ein større omsorg, vart det sagt på Korsveifestivalen i Seljord for halvanna år sidan. Eg sluttar meg til tanken, og tenkjer og tanken at når ein skriv tekstar som denne, så ser meiningane mine så nakne og naive ut…
Eg står for det likevel. Eg trur på ei verd der nestekjærleik, menneskeverd og respekt får større plass. Eg trur ikkje at det blir slik av seg sjølv… Eg trur at alle kan forandra verda litt, og dersom me står saman, så kan me forandra ganske mykje.
För mig måste kärleken alltid vara
många som kämpar i brädd,
också du, också jag,
mitt uppe, mitt ute i världen.
Eg ynskjer alle som les dette eit godt årog mykje god vilje og god tru.
(Og her kan det passa med eit bilete av den bolivianske julekrybba mi, der kjærleiken og Gud er symbolisert med eit forsvarslaust menneskebarn.)
Klem frå Heidi
Jula har vore så fin og full av innhald. Huset har vore fullt og det mange gilde folk har vore innom, og mange gilde folk har vore innom oss. Nå er julegjestene reist tilbake til Oslo og det er bare meg og Leif og katten att. Eg har funne vegen tilbake til arbeidsromet, for det er mykje som ventar, men først av alt skal me feira nyttår.
Ein eg bur i lag med, og nå snakkar eg ikkje om katten, fekk den formastelege ideen å begynna å rydda vekk julepynt. Han har fått streng beskjed om å stansa den aktiviteten med det same, slikt er me på ingen måte klare for. Nå vil eg halda på helg og høgtid eit par dagar til før festen er til ende…
Her legg eg inn ei salig blanding av juleinntrykk, nokre frå vårt hus andre frå andre stader me har halde høgtid.
Tider skal komme, tider skal henrulle, det gjeld ei julehøgtid og. Nå luktar det kaffi kjenner eg, må gå og sjå om eg finn meg ein kopp…
Heidi

Eg opnar den siste luka med juletankane mine i Jærbladet. 🙂 Eg håpar det er lesbart.
Fred over dagen
Heidi
Me kom i mål i år og, i alle fall sånn nokonlunde. Klokka har passert midnatt med ein halvtime, så teknisk sett er det julafta allereie. Eg har eit brett aniskringler i omnen som eg må hugsa å halda eit auge med. Ute er det vore skikkeleg vestlandsk ruskever. Juletreet er pynta, og alle englane på plass. Eg er eit englemenneske meir enn eit nissemenneske, men nokre nissar har eg og plass til. Ein av ungane mine påstår at eg har nisseansikt, rektig nok eit koseleg nisseansikt. Kan eg forstå kva ho meiner?
Begge julekrybbene er på plass, både den danske og den bolivianske.
Julepynten kom på treet. Då eg såg biletet, begynte eg å lura på om lysa står loddrett på greinene på andre sine juletre, det ser eg ikkje vekk i frå… Stort sett består pynten vår av englar, stjerner og fuglar.
Sunniva og eg har rukke å vera sosiale i to omgangar, tre for hennar del… Folk hostar og nys, eg håpar ikkje dei er allergiske mot juletre, for eg vil så veldig gjerne ha eit ekte tre i stova. Me har fått oss ei edelgran, fordi det var så mykje snufsint og nysing i fjor. Kanskje me må prøva oss på furu neste år, eller rett og slett på ein «einerbærbusk»?
Eg liker symbolikken i å ta eit grønt og levande tre inn i stova og pynta det. Bartrea er trea som ikkje gir opp når andre tre mistar blada og står ribba att. Ikkje la dokke ribba av alt som er kaldt og vondt folkens! Denne verda treng tre og folk som tviheld på krafta og nålene og seier at dei er sterke nok til å stå i det som er kaldt og gale.
Det er så mange stemmar der ute som eg ikkje er einig i. Eg får lyst til å bli fredsaktivist, miljøaktivist, menneskerettsaktivist. Dersom systema går av hengslene, så må alle dei som ynskjer noko anna vera villige til å stå opp og seia i frå om at me er på ville vegar.
Men nå skal me feira jul.
Heidi

