Gå til innhald

Livstru, håp, mot og varme…

image

I sommar fekk eg ei spennande utfordring av Jærbladet. Kunne eg skriva fem tekstar til spalta «Tankar»? Tekstane skulle handla om verdiar, religiøsitet og samfunnsspørsmål. Eg kunne sjølv velgja kva og korleis, men eg fekk ei ramme på ca 250 ord pr tekst. Slikt er veldig oppdragande for meg. Eg oppdaga at det å skriva bare 250 ord om noko viktig var frykteleg vanskeleg. Nå har eg skrive fire av tekstane. Etter å ha skrive det eg sjølv synest er minimalistisk lite om eit for meg viktig tema, har ordteljaren fortald meg at eg i alle fall må kutta ut halvparten av orda… Eg sa til redaksjonen om at fem gonger to hundre og femti ord var veldig lite når eg skulle skriva om det viktige. Det ende med at eg skulle få lov til å skriva fem tekstar til…

Kva skal tekstane handla om. Det har eg diskutert opp og i mente med meg sjølv… Den første fekk handla om det å setja andre menneske i bås, den andre om håpet om ei varm og romsleg kyrkje, den tredje om å ha auge for barn og den fjerde om å prestera det perfekte livet… Her er tekst nummer to som stod på trykk på fredag. Eg deler han her og i tilfelle nokon som ikkje abonnerer på Jærbladet har lyst til å lesa…

Nå tenkjer eg fram og tilbake på den femte teksten som blir den siste i denne omgangen. Dei fem siste kjem før jul. Det store spørsmålet er, skal han handla om miljøvern eller om framandfrykt og nye landsmenn. Eg synest begge deler er umåteleg viktig, og kjenner at å skriva det eine er å nedprioritera det andre… Sånn er det når ein trur det ein plaskar med i den lokale andedammen er umåteleg viktig…

Heilt sidan eg var veldig, veldig ung, har eg hatt ein draum om å få skriva petitartiklar i ei avis, gjerne i Vårt Land, Stavanger Aftenblad eller kanskje i Dagbladet sitt lørrdagsmagasin… Og i ein alder av femtifem fekk eg nesten draumen oppfylt. Slik kan det gå. Eg har skrive andaktar før, men denne utvida sjangeren trivest eg endå betre med. – Bare så det er sagt i tilfelle det luskar talentspeidarar frå Vårt Land rundt i petitartikkelbuskane…

Og dette innlegget vart jo nesten kort… Kanskje eg har lært litt allereie av dette med to hundre og femti ord?

 

Heidi

Eg sit og skriv på toget

Eg prøver i alle fall å skriva på toget, men det er alt anna enn lett. Det er dårleg nett, og eg veit aldri om eg får til å lagra det eg skriv. Eg reiser gjennom seinsommarlandskapet, eg reiser frå vest til aust, eg reiser mot den siste helga i august.

Det er travelt i august. Det er travelt når alt skal startast opp. Det er travelt å halda sommaren fast. Det er lettare når du gjer opp å halda på sommaren, når du er klar til å gje slepp, når alt får vera som det er og når hausten kan få lov til å koma viss han vil. I dag morges pøsregna det på Bryne. Akkurat nå er det full sommar på Bø stasjon.

På onsdag hadde eg skrivedag. Fram til november skal eg ha skrivedagen min på onsdagar. Det har eg viss aldri hatt før. Sidan oppstarten har vore så hektisk, så bestemte eg meg for at den første skrivedagen skulle få vera open og romsleg.

Etter å ha skrive på føremiddagen, åt eg lunsj med Anne Kristine heime hos henne. Ho baud på nybakt solgult brød med gurkemeie, heimekokt syltetøy av sjølvplukka bringebær og heimelaga rekesalat. Det finaste av alt var historiar om livet. Me liker å lytta til kvarandre sine historiar.

Heilt spontant hadde eg klart å skaffa meg frisørtime. Det var veldig lenge sidan sist, og det er så godt å få skikk på slikt som let seg få skikk på, og det gjer godt å bli stelt med av og til.

Om kvelden var eg på barnekino med to stk vaksne barn og ein stk vaksen svigerson. Me såg på SVK, som eg las for dei då dei framleis var barn. Bøkene til Roald Dahl stod høgt i kurs i heimen.

Eg liker at barna mine tek initiativ til at me skal gå på kino og sjå barnefilmar…

Nå har eg lese ei trist og sterk bok av Rebekka Lohne om sjukdom, sorg, håp, kjærleik og tap. Boka minde meg om kor dødelege me er, og om kor viktig det er å ta godt vare på kvararandre.

Gjer akkurat det!

Heidi

Jordbær til administrasjonen…

image

Første skuledagen med elevar, fekk eg ein strålande idé: Hadde det ikkje vore koseleg å overraska dei i administrasjonen med noko som viste at dei var sette pris på? Heilt spontant fekk eg det for meg at eg kunne gå ned på Kiwi og kjøpa med meg noko sommarleg. Moeller, eller kanskje jordbær eller bringebær? Eg tok med meg ein elev ned for å handla inn. Han fekk vera med på å bestemma at det skulle bli jordbær. Me plukka med oss jordbær frå fruktdisken, og i tillegg tok me med ei øskje halspastillar, fordi han klaga på vondt i halsen. Me var heilt einige om at utanfor skuleområdet måtte det vera heilt ok å pleia si såre strupe med ein ørliten halspastill…

Ikkje lenge etterpå stod me i kassen og skulle betala, bak oss stod det ei dame som og skulle betala, så eg prøvde å vera rask. Kor kunne bankkortet ha gøymt seg, det samlar seg så mange kort, så av og til er det vanskeleg å finna det rette. Det opplever eg ganske ofte for å vera ærleg. Eg kjende at eg vart meir og meir varm i hovudet, for etter å ha leita gjennom alle korta tre gonger var framleis bankkortet heilt fråverande. Plutseleg steig det ein pinlig mistanke opp i meg. Kvelden før hadde eg kjøpt billettar på ei forestilling via nettet. Då hadde eg måtta tasta inn kortnummeret. Forklaringa måtte vera at eg hadde gløymt å leggja det tilbake, og at det sannsynlegvis framleis låg til venstre for tastaturet på skrivebordet mitt…

Eg beklaga så godt eg kunne, og sa at eg ikkje skulle ha jordbæra likevel. Eg ville bare betala for halspastillane. I lommeboka hadde eg ein tjuekroning i tillegg til nokre utanlandske sedlar og myntar frå i sommar som eg ikkje hadde fått rydda vekk… Eg drøymde ikkje om at ei øskje halspastillar kunne kosta meir enn tjue kroner, men jenta i kassen slo inn og forlangte tjuefem kroner. Eg skulle til å seia at då skulle eg ikkje ha den heller, då eg oppdaga at han som var med meg for å bera jordbær alt hadde teke av plasten. Det hadde eg full forståing for. Eg hadde jo sagt at han kunne ta ein så fort me hadde betalt…

Kva gjer ein i slike situasjonar, mon tru… Det var lite truleg at ho i kassen ville ha euro, slåtti eller danske frimerke i betaling… Då var det ho bak oss i køen sa: «Eg betalar det du manglar», kor mykje treng du? «Ho manglar fem kroner,» sa ho i kassen, og før eg hadde fått tenkt meg om hadde ho lagt fram ein femmar. Eg takka veldig fint og sa at eg ville betala tilbake så fort eg fekk sjanse. Ho sa at ho med stor glede spanderte ein femmar på meg. Eg tilbaud henne fem euro i byte, men ho skulle ikkje til utlandet og trong ikkje euro, derimot ville ho svært gjerne at eg bare tok i mot…

«Kjenner du meg igjen, Heidi?» spurde ho blidt. «Det er noko kjend med deg, men eg klarer ikkje å plassera deg,» måtte eg innrømma. «Du var læraren min, men du har jo hatt så mange, så du kan umogleg hugsa meg,» sa ho. «Eg er Gro Anita.» «Hei, Gro Anita, så utruleg kjekt å sjå deg,» sa eg, og meinte det i heile meg. «Så klart eg hugsar deg, eg hugsar deg kjempegodt. Dokke var jo den første klassen min. Eg kjem aldri til å gløyma ein einaste ein av dokke. Det er bare det at eg hugsar heilt nøyaktig korleis du såg ut då du var sju og då du var tolv, men det er det meir enn tjue år sidan!» Og det er sant. Eg har heilt klare indre bilete av alle elevane eg har vore kontaktlærar for, men ein del av dei kjenner eg rett og slett ikkje igjen når eg ikkje har sett dei på mange år. Så om nokon av dei skulle lesa dette, dersom eg ikkje kjenner deg på gata, skam over meg, så er det bare fordi det indre biletet eg har av deg er biletet av eit barn.

Eg fekk god klem av Gro Anita og forsikringar om at ho faktisk var glad for at eg mangla fem kroner slik at ho fekk lov til å hjelpa. Det som varma endå meir var at ho sa at ho hadde veldig gode minne frå skuletida. Det ho hugsa best var då eg i mai 1989 brukte den store mammamagen meg Ingrid inni til å demonstrera forskjellen på b og d… Det hugsar eg faktisk sjølv og… Eg trur eg hadde svart bukse og inntilsitjande stripete genser…

Det er ikkje første gongen eg har opplevd ting som liknar på dette. Det er fantastisk å oppleva at ein både kan gi og få ein femmar den gongen det verkeleg betyr noko… Dersom du skulle lesa dette, Gro Anita… Tusen takk, det var det aller finaste eg opplevde denne dagen. Og til dokke i administrasjonen… Eg håpar tanken tel meir enn morellene og jordbæra de aldri såg snurten til… Kanskje det kjem nye høve…
image

Så forgjengeleg

Planen min var absolutt å skriva eit langt innlegg i kveld, men plutseleg er kvelden nesten borte, og i tillegg har eg ei elektronisk biblioteksbok som snart blir levert tilbake av seg sjølv som  eg gjerne vil koma gjennom.

Så forgjengeleg ein kveld er, ei helg er, ein sommar er. Eg synest at hausten har vore tidlig til å prega naturen i år. Sjå kor gyllent det er ute allereie. I morgon lovar eg å skriva meir. I kveld får det bli å fortsetja på ein tekst eg har lyst til å dela og allereie er i gang med å dela:
Litani i ein velferdsstat frå den svenske katolske kyrkja si bønebok.

Fra isolasjonens helvete- frels oss, Herre.
Fra likegyldighet for andre- frels oss, Herre.
Fra mangel på innlevelse- frels oss, Herre.
Fra rastløshet og angst- frels oss, Herre.
Fra slaveri under arbeid- frels oss, Herre.
Fra slaveri under stoffmisbruk- frels oss, Herre.
Fra selvbedrag og tomst snakk- frels oss, Herre.
Fra selvgod skråsikkerhet – frels oss, Herre.

image

Heidi

Den travlaste veka i året

image

Den travlaste veka i året er snart over. Dei to første dagane med elevar, inkludert kulturskulroppstart, har vore fine. I går avrunda eg og eldstedottera første skuledag med ein roleg og helsebringande tur langs stranda.

I dag tok me elevane med på tur i Svertingstadparken i nydeleg seinsommarver. Det er fint ute nå.

Heidi

Seinsommar midt i august

 

I dag kom det lova godveret og me ser fram til ei veke eller så med seinsommar. Det er akkurat det me treng nå. Av ein eller annan grunn kjem ofte varmen og sola samtidig med skulestart. Slikt ser me stort på, velkomen skal det vera alt som ber med seg streif av sommar. I går kveld var eg ute på ein liten spasertur med innebygd fotografering. Det var skremmande mykje som minna om haust, sjølv om eg ikkje har lyst til å seia det høgt. Raunbera er raude alt, ein del av nypene står raude, og trea står med både raude og gule blad mellom det grøne. I lufta var det eit skarpt drag som minna foruroligande mykje om ei kaldare årstid. Eg liker hausten. Eg liker til og med hausten veldig godt. Bare vent litt, ver så snill. Det er for tidlege endå.

Framleis er det ein arbeidsdag att før me skal ta i mot elevane. Det er så fint å ha litt tid på oss, for det er veldig mykje som skal vera i orden til dei kjem.  Me har planlegging og teammøte og felles lunsj på personalromet med varme rundstykke, kokte egg og godt pålegg.

Etter jobb reiste eg og Odd Christian opp til mot og far. Eg ville plukka resten av bæra før dei blir overmogne. Det var ikkje så mykje att nå, eg plukka to liter rips og halvannan liter grøne stikkelsbær, så var det nokså tomt på buskane. Etterkvart blir det kanskje eit glas med grønt stikkelsbærsyltetøy, men inntil vidare ligg bæra i frysaren.

Ha ein fin seinsommar i august. Me satsar på at han finn det for godt å bli her hos oss ei stund. Me har aldri kjend oss meir klare.

Heidi

Tilbake på jobb


I alle fall nesten, for elevane manglar framleis og dei er jo ganske vesentlege når ein jobbar som lærar. Nokon har forstått at det er viktig med ein mjuk start for å motivera sommersjeler til innsats og intense kvardagar. I år var det Hilde Selvikvåg, som har kunstnarpermisjon frå oss i år som gav oss ein minikonsert til varm kaffi før noko som helst anna vart krevd av oss.

Eg veit at Hilde er kjempeflink, men det var ein ting eg ikkje visste, – at ho i tillegg til alt anna spelar trekkspel. Trekkspel og litt rampete songar kledde henne veldig godt, synest eg. Det vil eg gjerne høyra meir av. Eg har spurt om lov til å bruka bilete frå konserten på bloggen og har fått grønt lys.

Etterpå sa Helen til meg «… og viss du skriv om dette på bloggen din, så helsar du frå meg og seier at det var heilt fantastisk…» Så klart eg gjer det, Helen!

Litt av motviljen med å sleppa taket i ferien forsvinn umiddelbart når ein kjem inn på personalromet og ser alle dei fine folka som er samla der. Eg oppdagar at eg har sakna å vera i lag med dei, og plutseleg så er livet på plass i eit anna spor og eg hugsar nesten ikkje at eg har hatt sommarferie…

Skjær i sjøen er det alltid, bygningsarbeidarar på arbeidsromet og ein gravemaskin på parkeringsplassen og timeplanar som på grunn av slikt som ingen kunne vita, likevel ikkje er i orden. Men det ordnar seg. Nå er me i gang med å skapa ein ny verden i nye rom. Det skal tilretteleggjast for eit lite samfunn av barn med fungerande samfunnsordningar. Det skal alltid eit krafttak til for å få det opp og i gang, heldigvis har me gjort det før, så me har god tru på at det ordnar seg i år og, men du all verda kor mange tannhjul som skal gripa inn i kvarandre på rett måte for at flest mulig behov skal bli løyste på ein god måte.

Det er i grunnen genialt å begynna på ein fredag, for då begynner ein på jobb att, med noko som liknar ei mental kraftanstrenging, og så, sju og ein halv time seinare får me helg…

I dag vart eg invitert til ein koseleg lunsj og fekk møta nokon eg hadde veldig lyst til å møta. Den eine personen var to veker gammal, og det å halda eit så nyfødd menneske i armane sine er noko av det absolutt beste eg veit i heile verda.

På måndag skal eg halda eit minikurs i skapande skriving for kollegene mine, så nå brukar eg litt av tida på å prøva å snekra saman noko som kan vera nyttig å ta med seg vidare, og som i det i beste fall kjennest som ein god ide å bruka litt av den dyrebare oppstartstida på. På onsdag kjem barna, då skal lærarane stå i giv akt, æh nesten i alle fall, og synga skulesongen vår for elevar og foreldre før me tek elevane med oss til klasseroma og rett og slett tek hol på eit nytt skuleår.

Eg håpar at nesten alle elevane våre ser med i alle fall ei viss grad av glede på det å begynna på skulen att. Eg håpar at me klarer å ta i mot alle på ein god måte slik at alle føler seg sett, respektert, likt og tatt vare på. I all ubeskjedenheit tenkjer eg at me har ein av dei finaste og viktigaste jobbane som tenkjast kan, og eg trur dei aller fleste av oss er veldig klare over det og. Det er hektisk, intenst, levande og fantastisk å vera lærar, me skulle gjerne hatt endå fleire auge, øyrer og armar og endå større fang og meir tid.

Eg håpar alle foreldre sender barna sine til oss i tillit til at dei vil få det godt og trygt der, og i tillit til at det som måtte dukka opp av utfordringar skal me ta tak i saman og klara å finna fram til løysingar som ivaretek barnet på ein god måte. Ikkje mange set så fine ord på det å senda eit barn i veg til skulen som Kolbein Falkeid

God tur, skolepike

Med den røde ranselen som en soloppgang på
ryggen
og flettene lik gardiner trukket til siden
for nakken din, den hvite nonnen
jeg alltid har lyst å si omforlatelse til,
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.

Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodede
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet:
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut til livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig.

Så god tur med deg, skolepike.

KOLBJØRN FALKEID

 

image

 

 

Klar, ferdig, hopp…

Tenk at siste sommarferiedagen skulle bli ein soldag! Det er ofte slik det er, men i år hadde eg ikkje venta det. Denne dagen hadde eg og Torhild sett av til å vera i lag, for det har me ikkje vore heile sommaren. Planen min var god lunsj rundt spisebordet eller på ein kafeteria, verandaen viste seg å bli det overraskande gode alternativet.

Eg og Ingrid var på bærplukk hos mor og far i går, så desserten vart bær med litt kjøpt tilskot i form av moreller og bringebær. Det gjer ikkje noko at mat har fine fargar.

Det viste seg å vera fleire enn oss som var klare for eit sommarleg kaffislaberas.
Då Torhild reiste kom Helga innom, og så vart det endå meir kaffi i sola.

Nå blir den store utfordringa å prøva å halda litt på den gode kjensla av djup ro som sommarferien har lagt igjen…

For meg var på ein måte ferien offisielt over klokka seks i dag, for då skulle eg stilla på eit styremøte… Det første etter sommarferien. Det hjalp at møtelokalet er det finaste eg veit om.

Og ikkje minst er utsikta derifrå det finaste eg veit om.

Nå skal eg utføra ritualet med å setja den nye lærarkalendaren inn i omslaget, dersom eg bare kan hugsa kor eg har lagt han…

Men først vil eg avslutta med litt meir frå bøna «Litani i ein velferdsstat.»

Fra fråtseri og drukkenskap- frels oss, Herre.
Fra mistillit og kapprustning- frels oss, Herre.
Fra sjeleig underernæring- frels oss, Herre.
Fra overtro på vitenskapen- frels oss, Herre.
Fra forakt for annerledes tenkende- frels oss, Herre.
Fra redsel for dem som er annerledes enn oss- frels oss, Herre.
Fra forakt for de svake – frels oss, Herre.
Fra rovdrift på mennesker- frels oss, Herre.
Fra fornedrelse av mennesker- frels oss, Herre.

Fra norsk bønnebok, opprinneleg henta frå bønneboka til den svenske katolske kyrkja.

image

Så ynskjer eg alle andre som skal samla seg saman etter lærarsommarferien eit godt nytt arbeidsår.

Heidi

 

 

 

 

 

Niande dagen i august

image

Eg tviheld på den djupe gode roa ein har etter ein lang sommar. Kvilepulsen må vera på sitt aller lågaste akkurat nå. Eg kvir meg litt for å bryta ut av den velsigna klokkelause sommarmodusen og kasta meg ut i det opprørde vatnet som oppstarten av eit nytt arbeidsår alltid må vera. Eg veit at det kjem til å bli fint, og eg veit at eg må slå om på takten og jobba meg opp i den heilårsrytmen som eigentleg er normalen, men som akkurat nå kjennest utruleg travel i tankane mine. Det seiest at det er sunt å kvila, og nå er det snart på tide å takka for feriefylgjet og den lange velsigna kvilen, men framleis er det sommar nokre veker til. Nå er det skulesommar med elevane mine som gjeld frå neste veke av, og før det er det oppstart utan barn for å skapa ei verd før me inviterer barna inn for å leva i ho.

image

Ute har det regna og blåse i dag, og eg har vore så heldig å koma inn i eit varmt hus med eld i gruva, med lys og markblomar på borda, og med sauer og blåsande regnsommar utanfor.

 

Eg har vegra meg fram til nå med å finna fram langbukse og sokkar, men i kveld har eg funne strikkesokkane fram fordi eg fraus på føtene, og i dag rauk sandalreima på sandalane som har tent meg trufast gjennom to somrar. Eg trur jammen eg har livstrass og sommartrass nok i meg til at eg må kjøpa meg eit nytt par før sommaren tek slutt.

Bare ein kjem seg ut, så er det fint å gå tur i regn og. Alt blir så grønt når det regnar.

Kvar morgon denne sommaren har eg og Leif lese ein eller fleire tekstar frå norsk bønebok. Eg anbefalar denne vanen. Det er så mykje fint der som nokon har formulert til ei bøn, nyleg eller for veldig lenge sidan. Eg har lyst til å dela litt heilt til slutt.

Eg vil velgja å ta med litt av «Litani i en velferdsstat, opprinneleg henta frå den svenske katolske kyrkja si bønebok:

Litani i en velferdsstat

Fra store ord uten handling- frels oss, Herre.
Fra tingenes tomhet- frels oss, Herre.
Fra velferdsstatens dogmer- frels oss, Herre.
Fra karrierelivets svøpe- frels oss, Herre.
Fra pressens sensasjonsjakt- frels oss, Herre.
Fra kunstige behov- frels oss, Herre.
Fra spekulasjon i våre drifter – frels oss, Herre.
Fra den allminnelige menings diktatur- frels oss, Herre.
Fra statusjagets selvplageri- frels oss, Herre.

image

(Oremus, den svenske kirkens katolske bønnebok.)

Resten av bøna kan eg by på ein annan dag.

Heidi

 

 

 

 

 

Bilde

Dersom reint hypotetisk…

image

Her kjem innlegg to i serien om handtering av praktiske situasjonar som eg begynte på i juni…

Sett at du er på ferie i eit land der du ikkje skjønar språket og ikkje ein gong kan lesa det. Du er oppteken av at du vil ha ein sunn rett som er trygg å eta i utlandet. Du får oversatt menyen til litt vaklande engelsk, og tenkjer at steikt aure høyrdest jo både godt og sunt ut.

Sett at serveringsjenta kjem tilbake og seier på gebrokkent engelsk «It will be more expensive, the fish is old… You want it?»  Det at det blir dyrare betyr ingenting, for det er i utgangspunktet billig, men gammal fisk… Sett at du bestemmer deg for at det sikkert er ok og nikkar smilande.

Sett at det du får servert ikkje liknar det du trudde du ville få. Fisken på tallerkenen er heilsteikt, og sesamfrøa som skulle vera på fristar veldig lite når dei ligg på det som ser ut som veldig usteikt fiskeskinn… Fisken ser på deg med eit blast blikk, og ligg der på ei seng av grønsakbitar…

Sett at din medreisande knekker koden og seier: «Dei meinte nok stor fisk, ikkje gammal fisk, og fordi han er heilsteikt blir det meir fisk og derfor dyrare…» Du synest det høyrest logisk ut, opnar fisken og fortel deg sjølv at dette er sikkert godt. Du legg merke til at beina ikkje løsnar frå fiskekjøtet, og derfor ikkje er skikkeleg steikt eller kokt ut i frå det du lærte av læraren i heimkunnskap, la oss for eksempel seia at denne læraren heitte Maren Svare og hadde god greie på slikt…

Sett at du er frykteleg konfliktsky og at det å klaga på maten til ei veldig søt ung serveringsjente som nesten ikkje snakkar engelsk er nesten uttenkjeleg… Sett at du modig tek den første biten og i beste fall synest det smakar veldig rart, i alle fall ikkje slik du er van med at steikt aure skal smaka… Den litt tjæreaktige smaken kan kanskje skuldast ei form for grilling.

Sett at du prøver å fortelja deg sjølv at du er ei stor pyse og at det bare er fint at mat smakar litt annleis enn heime. Sett at du blir frykteleg opphengd i tanken om at neste dag skal du reisa langt med eit austeuropeisk tog som godt mogleg ikkje har toalett ein gong, og at ei matforgiftning ville passa veldig dårleg.

Sett at det sit to magre kattar like ved bordet ditt fordi du for eksempel er på ein uterestaurant. Sett at du seier til den medreisande at du skulle ynskja du kunne gje fisken til dei svoltne kattane. Du kan og tenkja deg at den eine katten har eit sår på halsen.

Då den medreisande, som for eksempel er mannen din, seier at det kan du gjerne gjera, svarar du kanskje på grunn av din gode oppdragelse at dei som eig plassen ville hata at nokon matar gatekattane. Sett at din medreisande, kanskje fordi han er i ertehumør, kanskje på grunn av sin store kjærleik til kattar, plutseleg har skore hovudet av fisken din og kasta det litt bortover gata til kattane si store glede…

Sett at du nå sit og pirkar i ein hovudlaus fisk. Du tenkjer at det ser nå endå verre ut nå å klaga. Ein gjest har ete fiskehovudet sitt og ingenting anna og klagar på maten etterpå…

Sett at du et ein heil del av fisken, og så får vippa resten over på tallerkenen til han som skar av hovudet, og at fiskekroppen så blir dekka av ein serviett før gjestene ber om å få rekninga…

Sett at dei to gjestene er ekstra rause med driksen både fordi fiskemiddagen var veldig billig og fordi minst ein av gjestene føler seg kresen, bortskjemt og lite verdsvan…

Og kor var rådet? Det er det som blir utfordringa her… Kva ville du som ansvarleg turist og positiv restaurantgjest gjort annleis? Det er greitt å tenkja gjennom slike hypotetiske case i tilfelle enten den som skriv eller den som les skulle koma til å oppleva noko som liknar? Eller?

Heidi