Gå til innhald

Mamma Gud, gråt med meg

image

I dag vart det radiogudsteneste, i staden for ein vanleg gudsteneste sende dei «Salmesang fra Borggården, eit konsertarrangement frå Olavsfestdagane. For dei som har lyst til å høyra ligg det framleis ute på NRK-radio.

Ein av songane gjorde veldig sterkt inntrykk på meg. Solveig Slettahjell song ein song av Geirr Lystrup som var laga som eit del av eit prosjekt med å laga ei opnare kyrkje der fleire kunne kjenna seg igjen. Om akkurat det er det mykje å seia, men her ville det ha vore ei avsporing. Teksten og melodien gjekk meg rett til hjartet.
Songen begynte slik:

«Ville så gjerne gråte, men ingen tårer kommer.»

Og held fram slik:

» Mamma Gud, gråt med meg, gråt med meg, gråt med meg.»

Refrenget er slik:

«Gråt og dans med meg,
gråt og dans med meg,
gråt og dans med meg til en himmel åpner seg».

Eg kjende det var noko med desse litt uortodokse orda og linjene som verkeleg gjorde godt og som skapte ein gjenklang i meg om det å vera menneske. Det er slett ikkje sikkert at andre opplever det på same måten, men i kveld kjende eg at det var dette eg hadde lyst til å fortelja.

Heidi

 

Bilde

I lyset i august – ein visetekst

image

I lyset i august, det mjuke, klare,

ved sidan av kvarandre, graset gror,

for framleis sommar, føtene er bare,

og kornet duvar tungt, det luktar jord,

ei svale stupar og flyg lågt mot stranda,

det varslar regn, det seier dei som veit,

og blåklokkene kvilar blått mot handa,

mens sommar, haust og livet blir til eitt.

*

Ei vipe samlar vengene og kviler,

me går her og er saman utan ord,

det pustar sommar, livet ligg og smiler,

sjå himmelen er høg og verda stor,

tre skarvar sender mørke blikk mot dagen,

ein sommarfugl vippar på eit strå,

ei humle landar gult på prestekragen,

her går me du og eg, me lever nå.

*

I lyset i august, det moldtungt store,

ved sidan av kvarandre, heilt i ro,

med merke etter alt det tida gjorde,

me hugsar at me gråt og at me lo,

eg samlar tid og veit ho må forsvinne,

eg held ho fast som sand i handa mi,

og bølgeskvulpet er eit mollstemt minne,

om alt som kjem, og alt som er forbi.

Heidi

image

Seinsommarlandet

For eit par dagar sidan fekk eg ein sms frå Grete. «Eg og Gunn vil ha lunsj på Hå gamle prestegård på laurdag, vil du vera med?» Det ville eg.  Veret vart så fint at me ikkje bare slapp å ta med regntøy, det var til og med sol, om enn litt kaldt, og naturen blir vel aldri finare enn han er akkurat nå.

image

Det er ikkje verst at blomar kan veksa rett opp av sand eller av grus og stein. I livet er det sterke krefter.

image

Kornåkrane står gule, dei har begynt å slå.

Me gjekk ytterst nede i havkanten frå Håtangen til Nærland, og eg prøvde å bruka anledningen til å få Grete til å læra meg litt om fuglane me såg. Måkar, kråker, skjærer, svaler, viper, skarv og spurv kjenner eg jo frå før, men i dag har eg lært korleis myrsniper ser ut. Frå før av kjende eg bare til historien om myrsnipemora.

image

Vel heime vart det kyllingsuppe og grove rundstykke, og då det begynte å kveldna inviterte me gjestene våre med på solnedgangssafari på Jæren.

I dag føremiddag kikka eg litt på innmarsjen i Rio- OL. Til min eiga overrasking vart eg rørt til tårer over det eg såg. Ein kan seia mykje om toppidrett, doping og baksider med store idrettsarrangement. Det aller meste av dette har me høyrt mykje om i det siste. Det som rørte meg var noko heilt anna, det var gleda og spenninga i ansikta på dei som kom marsjerande inn. Ein del av dei kom med selfiestenger og høgt heva mobiltelefonar i handa for å ta vare på minutt i livet sitt dei kom til å hugsa alltid.

Det er så mykje som er problemfokusert av det som blir vist på fjernsynet. Eg bare beit merke i kor godt det gjorde å sjå så mykje glede.

Heidi

Første veka i august

Naturen fortel om seinsommar. Det er så frodig og fint ute, sjølv om det ikkje er sommarvarme. Eg håpar varmen innhentar oss før hausten gjer det. Oss er det ikkje synd på, me har hatt mange varme sommardagar på reisa,  men eg unnar dei som har halde seg heime på vestlandet å bli skikkeleg varme på ryggen før hauststormane og mørket kjem.

Det er noko tilbakelent med den første veka av august for dei av oss som jobbar i skulen. Kvilepulsen er på plass, me har gløymt alt me veit om skuleklokker og fulle timeplanar enn så lenge.

Om eit par netter begynner stressmareritta å dukka opp om livet er i rute. Ikkje stressmareritt om å vera i lag med elevar, for det er bare kjekt, men mareritt om å springa bak seg sjølv. Det marerittet eg pleier å få kvart år handlar om å springa rundt i endelause trapper eller gangar med ei stor bunke bøker. Eg veit at eg er for seint ute, men anar ikkje kva for ein klasse eg skal ha, kor eg kan finna dei, eller kva slags fag eg skal undervisa dei i… Det komiske er at mange lærarar har fortald meg at dei har augustmareritt som liknar til forveksling på mitt… Me får gå ut i frå at det er viljen til å gjera ein god jobb og til å vera alle stadar på same tida som ligg bak.

Men enn så lenge så er livet roleg og harmonisk. Me går for lange frokostar, og akkurat nå har me ein gjest i huset som aldri har vore her før, eg håpar han trivest. I går fekk eg forresten besøk av eldsteguten som hadde med seg ein chiliplante til intern matauk i heimen. Eg spurde han fleire gonger om han var sikker på at chiliane var etande og ikkje bare berekna til pynt… Det sa han at dei var, så i dag har eg pynta osten på knekkebrødet med chili frå potteplanten. Ute har eg planta persille, grasløk og oregano, mellom anna for å bevisa for meg sjølv at kryddersesongen skal vara lenge endå.

I dag vart eg invitert til å vera med på noko kjekt. Ingrid hadde lova å vera barnevakt for ein liten nevø på tre månadar og lurte på om eg hadde lyst til å vera med. Det er klart eg hadde. Eg lengta heilt frå eg fekk vita om det. Eg har aldri slutta å oppleva at det å ha eit nyfødd lite menneske i armane sine er nesten overjordisk. Eg fekk lov til å leika bestemor i ein gyngestol og jammen sovna han ikkje til tonane av Byssan lull. Så små menneske ser stort på det med kvaliteten på songstemmen, og det set eg pris på.

I august ber dagane med seg ei tung mogning som eg set pris på. Ein gong skreiv eg eit dikt til ei venninne som fylde femti. Der skreiv eg at damer på femti liknar dagane i august. Dei er modige, sterke og trygge. Framleis er ingenting for seint. Det er bare roleg på tide.
Nå skal me nyta at sommaren er på sitt mognaste. At det snik seg inn eit og anna gult bod om at ei kaldare årstid er på veg, skal me ikkje leggja nokon vekt på…

Heidi

August

Kalendaren seier august, og veret seier regn. Eg seier at nå har den siste av tre sommarmånadar akkurat teke til, og nå begynner siste del av heimesommaren.

Eg øver meg på å vera heime og prøver å få rydda litt kvar dag. I dag har eg rydda badeskap og stått ute i regnet og prøvd å få skikk på verandaen med potter med halvvisne blomar. Eg er litt i tvil om eg bare skal nyta at det er sommarferie ei drøy veke til, eller om eg så smått skal begynna å sirkla meg inn mot eit nytt arberdna litt kvidsår. Fram til nå har eg gjort det første… Eg har rydda, lese masse Knausgård, eg har skrive litt og høyrt på sommar i P2 på podcast, og eg har kost meg med katten og med dei vaksne barna mine.

Eg og Ingrid har gått tur langs stranda med Oscar, i går var eg og Ingrid og Sunniva på kino og såg «Et helt halvt år», og i dag har eg og døtrene mine vore i Stavanger, me har kikka i butikkar, ete lunsj på Sting og ete softis i regnet. Det er fint alt saman. I morgon får me meir besøk, og framleis er kveldane overraskande lyse. Eg vart oppriktig glad for å oppdaga at det framleis er ganske lyst heilt til klokka ti om kvelden. Nå har me vent oss til mørkare kveldar ute i den store verda, og då er det utruleg fint å oppdaga at heime i Norge er det framleis lyse sommarkveldar, og katten malar og stryk seg inntil oss, og ser ikkje ut til å bera nag for det lange fråveret…

Ha ein fin august alle saman. Som Einar Skjæråsen så fint seier om denne månaden: «Denne skjelvende streng mellom sommer og høst».

 

Heidi

Om å koma heim

image

Det er rart å koma heim. Dei første dagane og timane ser ein på livet sitt med eit litt anna blikk. Er det slik me har det? Er det sånn det er her? Korfor ligg dei bunkene med bøker der? Har me endå ikkje fått opp lista under oppvaskmaskinen? Det går opp for ein at ein kunne ha innretta seg på tusen ulike måtar, men det er slik det har blitt. Etter å ha levd i fire veker utan andre eigendeler enn det ein får ned i ein liten koffert er det overveldande å sjå kor mykje ein eig. Heldigvis har katten klart seg utan oss og møter oss malande og kjælen og klar for middag. Eg trudde fire veker aleine med dageleg mating måtte ha kurert henne for dronningnykkene med å forventa å bli sluppen inn og ut av huset heile nettene når det måtte behaga henne, men første natta står ho på leikehyttetaket og mjauar klokka to om natta og vil inn.

Blomane inne har overlevd. Ute er bedet overgrodd og sommarblomane i pottene har overlevd med ujamnt hell. Me pakkar ut koffertane og får vaska tøyet. Om kvelden tek me ein kjøretur langs Jæren. Det slår meg på ein ny måte kor vakkert det er her. Eg seier at viss me hadde kome hit som turistar, så hadde me blitt overvelda av naturen her. Eller kanskje det er motsett, kjem eg på. Kanskje dette landskapet er så vakkert fordi eg er så glad i det? Kanskje svaret på desse tankane ligg ein stad i midten. Det er fint her, men det skadar ikkje å ha ein djup kjærleik til landskapet i utgangspuktet. Det er litt vemodig å koma heim etter ei lang og spennande reise. Samtidig er det godt å vita at det er her eg høyrer heime.

image

image

image

Og etter to døgn heime begynner eg å bli van med det. Me har rydda og lukt, men framleis er her meir enn nok å gjera. I går samla me generasjonane og åt vafler.

I dag kjem Sunniva heim og skal vera her ei veke. Det er det aller finaste.

Heidi

På heimveg

image

Frå å vera i Ukraina der alt var ukjend og til og med skrifsystemet var annleis enn det me har lært å lesa, så vart på ein måte resten av turen å koma meir og meir heim. I Romania kom me til latinske bokstavar og ord som likna såpass på ord me kunne at ein del av det me såg på plakatar let seg tolka. Dessutan var Romania langt meir vestleg og heimleg enn Ukraina. Så var det Ungarn som nesten kjendest som Vest- Europa igjen, og Austerrike der me plutseleg kunne språket att. Danmark er jo nesten heime på veldig mange måtar, og i tillegg var veret plutseleg ganske heimsleg med ein temperatur på i underkant av tjue grader og regnbyger etter tretti varme varmegrader dei dagane me var i Wien. Aalborg må sikkert og vera den byen utafor landet vårt der det høyrest mest klingande rogalandsdialekt i gater og butikkar. Ikkje ein einaste gong vart eg snakka til på engelsk slik eg har opplevd litt for ofte i København. For meg er det eit nederlag viss nordmenn og danskar må snakka engelsk med kvarandre. Det er kanskje eit generasjonsspørsmål korleis ein opplever det? Ungdomane som høyrer huset til påstår at dei synest det er ein god idé å snakka engelsk med danskar. Då forstår ein kvarandre utan å anstrenga seg.

image

Aalborg er ein fin by. Eg liker meg så godt i Danmark at eg trur ein bit av sjela mi må vera dansk. Det er noko romsleg og tilbakelent over det danske som eg av og til kan sakna litt her i Norge. Av naturlege grunnar er det få danskar som synest dei må bruka sundagane til å gå på fjelltur og vinteren til å gå på ski. At dei i fylgje statistikken lever kortare enn nordmenn fordi dei lever mindre sunt er vel baksida av akkurat det biletet…  Då me kom oss ut i byen etter å ha vore på toget i nesten eit døgn, leitte me etter ein koseleg fast å eta lunsj. Me fann ut at Aalborg må ha verdas høgaste forekomst av brune pubar, og det var ikkje akkurat det eg var klar for der og då… Men til slutt fann me ein koseleg fortauskafe der me kunne innta «Tiger-reijer i pikant sovs med koriander», det smakte kjempegodt. Eg er litt pysete med tanke på det med matforgiftning, så eg er litt skeptisk til skalldyr og kylling når eg er ute og reiser, men Danmark er nesten heime, så der går det bra. Eg har ete masse reker i Danmark i sommar, og der veit dei korleis dei skal serverast…. Nypillede og i store haugar over brødskiva.

image

Eg liker og at så mange syklar i Danmark, og eg liker å observera at i resten av verda tråkkar folk rundt på gamle tunge damesyklar med korg på styret, i oppreist stilling, utan kondomdrakt. Det gir meg ein slags tåpeleg følelse av at sjølv om syklane mine ser litt «kånete» ut heime i Norge, så er eg heilt normal i global samanhag… Akkurat som om det å vera «normal» var spesielt viktig for meg…

image

I Danmark observerte eg noko som i beste fall kan vera opptakten til ein ny og ærlegare trend når det gjeld utstillingsdokker…

image

Kyrkja i Aalborg prøvde eg ikkje å gå inn i, men det spørst om ikkje systemet der er som i Norge, at kyrkja bare er open når det er arrangement der? Eg ynskjer meg opne kyrkjer. Legg merke til den fine himmelen. Det er ikkje bare blå himmel som er fint.

image

På fredagen vart det nokre timar på føremiddagen kvar for oss i butikkar i Aalborg. Sidan me hadde litt større koffert nå, så vart det plass til å kjøpa med seg litt klær og bøker heim. Så var det tog til Hjørring, og der i frå tog til Hirtshals. Ironisk nok var det på denne siste etappen me rota mest. Først hadde Leif kjøpt billettar på ein automat om morgonen som viste seg å bare vara fram til halv to, slik at me måtte kjøpa nye til bruk klokka tre. På stasjonen fortalde dei at det var eit firma som stod for automatsalet slik at dei ikkje kunne hjelpa oss med refundering. Det neste var at det var veldig dårleg med informasjon på stasjonen i Aalborg om kva platform toget vårt skulle gå frå. Det førde til at me rota rundt frå platform til platform med koffertane våre, og alle me spurde gav oss forskjellig svar eller sa at dei ikkje visste. Heldigvis hadde me god tid slik at me kom oss trygt på rett tog, sjølv om me haldt på å gå på feil tog i siste minutt…

I Hirtshals hadde me god tid, og meinte at me kunne ta oss ein liten tur til sentrum før me gjekk til båten. Då me skulle gå til kaien, begynte det å høljeregna. Eg har slept rundt meg regnkåpe i nettet store deler av ferien, og nå kom ho til nytte, reisekameraten min er av det veroptimistiske slaget, så han vart veldig våt. Då me kom til kaien, viste det seg at Fjordline som me skulle reisa med gjekk frå ein heilt annan kai. For å koma oss dit måtte me opp igjen mot byen, fordi det ikkje gjekk an å gå på verken bilvegen eller langs kaien. Det viste seg at me fekk ein halvtime å gå, men me hadde framleis nok tid, så det gjekk bra. Me fekk fylgje med to søte unge tyske jenter som heller ikkje fann fram til Fjordline, og saman fann me fram. Dei studerte kulturvitenskap og drama i Tyskland og skulle gå på Hardangervidda med telt i ryggsekken. Dei fortalde etterkvart at dei først hadde syntest det var rart at to så vaksne menneske som oss var ute og reiste utan bil… Eg håpar dei får litt fint ver i Norge… Leif inviterte dei generøst til å bu hos oss viss dei trong ein plass å overnatta når dei skulle til Preikestolen, så me får sjå om dei dukkar opp…

Fjordline er tydelegvis mest innretta på menneske med bil, og det tok lang tid før me fann ut kor dei som reiste til fots eller med sykkel skulle registrera seg og få boardingkort, men heldigvis viste det seg å vera ein terminal med ly for regnet når me bare fann fram. Båten vart halvannan time forsinka fordi det var rot i datasystemet. Dette rotet førde mellom anna til at fleire lugarar var dobbelbooka. Dei første timane på Stavangerfjord kom det stadig meldingar om at viss nokon var villige til å «selgja» lugaren sin til dobbel pris av det dei hadde betalt, så var dei veldig interesserte. Me hadde ingen lugar å selgja, derimot så klarte Leif å skaffa oss liggestolar.

Eg var innstilt på at det vart ei natt med lite søvn, og hadde snopt meg ei biografisk bok om Tove Ditlevsen i Aalborg, som eg gleda meg til å lesa. Tove Ditlevsen er ein forfattar som har gjort sterkt inntrykk på meg. Ho levde eit sårbart, hudlaust og sterkt forfattarliv som ho har brukt veldig ope i bøkene sine. I tillegg hadde eg to av Knausgård sine bøker nedlasta på I-paden. I sommar har eg lese Min kamp- bøkene om igjen. Knausgård og Ditlevsen har dette til felles at dei har skrive sitt eige liv, noko som fascinerer meg, djupt nyssgjerrig som eg alltid har vore på korleis det er å vera andre menneske. Først las eg ut Tove Ditlevsen si bok heilt til folk la seg ned på golvet for å sova. Så fann eg liggestolen min, og las Knausgård resten av natta. Eg kjende at det var ei betre løysing enn å tenkja på å sova så mykje. Det er ganske surrealistisk å sitja i eit rom i ein stol med hundre sovande, stort sett ukjende menneske rundt seg, med alt det det inneber av menneskeleg snorking, tung pusting og andre sovelydar medan ein blir frakta over eit blikkstille sommarhav. Det begynte tidleg å lysna, så eg fekk med meg soloppgangen i aust og landet som låg langs innseilinga som vart stadig lysare medan folk sakte vakna til liv.

Halv sju var me inne, og Odd Christian var så snill at han stod tidleg opp for å henta oss. Så var me heima. Etter ein dusj og eit par timars søvn, var det på tide å begynna å innstilla livet sitt på det normale heimelivet etter fire veker på reise.

Heidi

Bilde

Trongbølt

image

Trafikklysa i Wien er dei mest sosiale eg har set. Her ventar ein saman, eller kryssar gata hand i hand om ein skal tru symbola.

Det kan vera ei grei innleiing til oss som hadde bestilt sovekupé på nattoget mellom Wien og Hamburg. Toget var flunkande nytt, og det første som overraska oss var at sovevogna hadde tre etasjar. Me fann vår kupe i kjellaren. Me fekk eit lite sjokk då me såg kor trong han var, det var med nød og neppe det var plass til oss og bagasjen vår før me i det heile tatt hadde prøvd å leggja oss ned.

image

Her sit det ein trøytt og sliten nattogturist og lurer på om han skal sova sitjande eller ståande og om det i det heile tatt er plass til ein person til i tillegg til han der inne…

Det neste som skjedde var at den hyggelege mannen i uniform som stod i togdøra og hjalp folk med koffertane kom smilande inn og sa at han gjerne ville ynskja oss velkomen om bord med ein mangosorbet… Det neste me såg var at me hadde fått utdelt kvart vårt par med tøfler. Det syntest heilt absurd. Me håpa i det lengste at me hadde misforstått og at dette var bagasjekupeen og her me skulle sitja til me skulle legga oss i sovekupeen som var i romet på sida av…

Då togverten kom tilbake sa me at me ikkje heilt forstod kor me skulle sova. Han sa han skulle visa oss og med eit umbracoliknande verktøy laga han romet om til ei køyseng…

Me var spente på om me ville få plass til kofferten og, det fekk me til, og med litt velvilje fekk me til og med til å lukka døra…

image

Etter av sengene var monterte gjekk det ikkje an å sitja eller stå der inne, men sengene var gode, og om morgonen kom togverten og serverte frokost og kaffi med påfyll. Eit lite tips til deg som fekk lyst til å bli sovevognsturist: Ha med det du treng til natta og neste morgon i eit nett… Du kan nemleg bare drøyma om å få til å opna ein koffert der inne. Det går ikkje, og det er ikkje plass på gangen heller…

Det var litt spesielt å måtta gå på morgontoget utan å få tak i reine klede eller toalettsaker, men er ein på interrail så…

Det var deilig å koma fram til eit bestilt hotellrom i Ålborg å få ein dusj og reine klede sånn utpå ettermiddagen. Den opprinnelege planen var nattbåten i kveld, me var heilt sikre på at det ikkje var vanskeleg å få plass på ein båt dersom me reiste utan bil, men det viste seg å vera feil. I morgon natt får me vera med, men dei kan ikkje gje oss lugar eller liggestolar.

Bonusen er ein ekstra dag i Ålborg i morgon. Me skal nyta det. Nå har me vore ute og ete deilig mat og drukke kaffi. Me måtte ty til å låna kvart vårt teppe på uterestauranten. Det vart ein litt kjøleg overgang etter fleire dagar med tretti grader.

Men framleis er me på sommarferie 🙂

Heidi

 

 

Siste dagen i Wien- del to

 

Vegantrend eller ikkje… Det alle turistguider seier er eit absolutt must i Wien er å besøkja eit av dei tradisjonelle kaffihusa… Og må ein så må ein. Då me kom forbi eit av dei aller eldste, » Kaffe Museum», så måtte me nesten inspirera det. Der inne var det skikkeleg stil med fint kledde kelnarar og veldig rikt utval i både kaffi og kaker.

Eg gjekk for iskaffien tatt i betraktning at eg kom til å helsa på Apfelstrudelen første dagen. Iskaffien bestod av ustabilt kaffi med masse is og eit generøst lag krem og ein kjeks på toppen. Leif valde heilt tradisjonelt, Apfelstrudel und eine kleine Scwarze, som dei visstnok tradisjonelt sett kallar kaffien her i byen.

Me vandra i retning sentrum i gatene med desse rare små butikkane.

Over alt stod det folk på gata og selde ting som frukt, blomar, bær, frukt og is, og fortausrestaurantane låg tett.

Nede i sentrum kokte det av liv. Unge menn utkledde som Mozart var overalt og prøvde å selgja konsertbillettar. Det var guida turar med guidar med vimplar på lange stenger eller solbriller og skjerf løfta høgt over hovudet. Unge jenter og vaksne damer poserte for fotograferande kjærastar, og selfiestengene gjekk høge. Det lukta hest fordi det var masse tradisjonelle hestedrosjer med hestar i tospann, og det var sykkeldrosjar med og utan elektrisk motor.

Slott og triumfbuar, høgdekorerte husfasadar og fine kyrkjer vitnar om dei dagane då aristokratiet i Wien beståande av prinsar, prinsesser, grever, hertugar og andre adelsfolk var ei stor og mektig gruppe i denne byen.

Me møtte att våre dansande katolske venner frå Chile. I dag dansa og song dei i sentrumsgatene. Eg var inne i Stephansdomen, katedralen på biletet for å tenna lys og vera stille.

Me fekk med oss Mozart-huset, eit fint museum i eit hus Mozart budde i i tre år i den perioden har var i Wien, elles så hadde me ein dag på vandring med innlagde pauser for å kvila beina litt. Den siste pausen hadde me i ein liten park der dei hadde laga ein kafé med gamle salongbord, lenestolar og sofaar. Plutseleg la eg merke til at me sikkert var dei einaste der som var eldre enn tjuesju år… Kanskje det var ein meir eller mindre privat samlingsplass for gode venner? Eg tek meg litt i å gløyma at me ikkje er to ungdomar på interrail….

Med fare for at nokon kunne koma til å tru at eg er sponsa, så vil eg anbefala ibis- hotella for dei som lurer på kor dei skal bu når dei er ute og reiser. Dei er trivelege og heimekoselege med fine, fargesterke interiør, og i alle fall det me budde på i Wien var tydelege på at dei prøvde å halda ein mest mogleg grøn profil.

Heidi

Galleri

Siste dagen i Wien

 

Wien er heilt opplagd ikkje ein by ein føler seg ferdig med etter to dagar. Sidan det var litt halvspontant at me la turen om Wien hadde me ikkje sørga for å bestille billettar til konsertar eller andre forestillingar. Det ihadde vore veldig kjekt å få med seg noko slikt, så me må nok tilbake.

Denne dagen bestemte me oss for å leva etter prinsippet: Ta beina fatt og få med oss mest mogleg. Det var ein varm dag i Wien. Temperaturen låg og vippa rundt tretti grader. Det ser me positivt på, me er ikkje bortskjemte med intens sommarvarme, så den får me aldri for mykje av.

Eg synest ofte at stroka litt utanfor indre bykjerne er dei mest sjarmerande i ein storby. Denne gongen har eg falt spesielt for området rundt Margarethenstrasse, det er der mange av desse bileta er blitt tekne. Som de kan sjå er det mange rare små butikkar der.

Kanskje du treng homeopatisk behandling til katten din, eller noko du kan putta i heksegryta?  Du er kanskje på jakt etter ei bok frå trettitalet, alt du treng til vegansk matlaging, eller til og med veganske klær.

Eg las eit «grønt motemagasin» i dagligstova på hotellet. Eg lot meg begeistra. Det var eit blad for unge menneske som hadde eit ynskje om å leva mest mogleg grønt og berekraftig. Det stod det korleis ein skulle velgja klesplagg og sminke som belastar miljøet minst mogleg, og det var tips om second- hand og omsøm. Eg tippar dette er ein trend som vil koma meir og meir til Norge og.

Dersom du kjøper deg sko i lær finst det skomerke, som sikkert er ganske dyre, der du kan få med papir på at dyret som ein gong eigde skinnet hadde det godt… Og veganerburger byr det ikkje på problem å få tak i. Me såg til og med ein plakat der dei reklamerte for vegansk currywurst, men akkurat det produktet såg me aldri.

image

image

Det høyrest då beroligande ut å kunna gå til Den Hellige Ånds – apotek om det skrantar litt med helsa?

image

Me for vår del hadde ikkje så helserelaterte mål i dag. Vil du høyra om dei må du gå til del to av dette innlegget, for nå vil ikkje nettet samarbeida med meg. Dette er blitt ei for tung fil med litt for mange bilete. Men hald ut, framhald fylgjer…

Heidi