Me vakna opp til ein varm og nydeleg dag i Berlin. Termometeret vippa over 30 grader, og me tek i mot kvar einaste dag me får med sommarvarme med takk. Me starta med å kjøpa oss kvar vår 24- timars billett til kollektivtrafikken. Så reiste me med metro og trikk til Wien Kunsthaus, som me hadde fått anbefalt.
Eg syntest det var kjempespennande at bygningen var eit av husa til Friedrich Hundertwasser, som eg har vore ein stor fan av sidan eg oppdaga han i studietida. Leif var minst like entusiastisk, for det viste seg at ein av dei absolutte favorittfotografane hans, engelske Martin Parr, hadde fotoutstilling der. Parr si utstilling var heilt fantastisk. Han har fått ein ny fan i meg. For at dette ikkje skal bli alt for langt, så har eg vald å konsentrera meg om Hundertwasser her og nå.
Her er mannen, arkitekten og biletkunstnaren som var overbevist om at beine linjer og A4- livet i byar var skadeleg for mennesket. Mennesket treng natur, fargar og organiske former for å ha det bra. To av husa han har teikna og som har blitt bygde står her i Wien. Det eine er sjølve kunstmuseet, som må vera ein av dei absolutt flottaste bygningane eg har vore inne i nokon gong, og det andre såg me frå utsida. Eg har lyst til å visa nokre av bileta til Hundertwasser. På museet var det og modellar av byar og bygningar han hadde teikna, og ein fin dokumentarfilm om Jan, men det blei det ikkje så fine foto av.
Alle desse bileta viser ansikt, to av dei gråtande ansikt. Han er nok kanskje vel så kjent for sine teikningar av hus og byar, men eg ser at fotografen, i dette tilfellet meg, festa seg ved ansikt i dag. På dokumentarfilmen sa han at han ofte brukte spiralforma som ein grunnform, men at spiralane hans alltid var litt skakke og usymmetriske.
Etter å ha kost oss i mange timar på museet gjekk me ned på den koselege restauranten i første etasje og bakgarden. Den hadde me og fått anbefalt.
Spesialiteten deira var Flammkuchen, som eg aldri hadde høyrt om, men som viste seg å vera veldig godt. Det er ein gammal rett som minner om pizza, men som samtidig er annleis. Det er heilt tynt utkjevling brøddeig, som i konsistens kan minna om svenske tynnbrød. Oppå kunne ein velgja mellom ulikt belegg. Eg prøvde meg på pærer, blåmuggost og ruccola. Det var kjempegodt. Til dessert vart det den austeriske spesialiteten Apfelstrudel mit Schlagsahne, som og smakte heilt nydeleg.
Resten av dagen har me vore storbyturistar som har prøvd å få med litt av det ein bør få med seg i Wien. Me gjekk ein lang tur i Prater, som er ein mykje større park enn eg trudde, og leita etter den berømte fornøyelsesparken med det endå meir berømte pariserhjulet. Det var varmt og grønt og nydeleg, og til slutt fann me fram…
Det var og små vatn i parken. Mange var ute og sykla eller gjekk tur eller hadde picknik i graset. Eg mora meg over eit skilt der det stod at viss det var glatt om vinteren, så var det bare lov å gå på stiane som var blitt strødd. Dette er tydelegvis ein by som vil at turgåing skal foregå i ordna former.
,
Ein tur i hovudgatene vart det og tid til, og sidan me kunne reisa kor me ville i dag, så tok me og ein tur ut til Scloss Scønbrunn. Me rekna med at slottet ville vera stengt for dagen, men at parken skulle vera open, og slik var det.
Eg las at Carl Petter Opsahl hadde skrive at ein kvar tur kunne visa seg å vera ein pilgrimstur. Slik synest eg det har vore denne turen. Kvar dag har vist seg å ha sine pilegrimsmål. I dag opna det seg eit i hagen utanfor slottet. Ei gruppe menneske stod i ring og sa noko i kor. Det viste seg å vera ei katolsk ungdomsgruppe frå Chile. Målet deira er å dra på festival til Krakow og i beste fall møta paven. Nå hadde dei kveldsbøn i parken. Dei hadde med seg ein prest frå Chile og ein eg trur må vera ein lokal prest her frå Wien.
Me rakk å få med oss velsignelsen, og etterpå dansa dei i ring til ein latinamerikansk lovsong. Ein eller to hadde med seg gitarar, mange tok fram tamburinar, og dei andre klappa rytmen medan dei dansa og song. Det heile var uventa og fint.
Då me kom tilbake til hotellet var me slitne og trøytte i beina. Me har brukt kvelden på å sjå fjernsyn og bli oppdaterte på hendingane i verda. I samband med terroråtaka i sommar vart Jens Stoltenberg sitert. Han sa etter Utøya at det som hadde skjedd ikkje måtte få hindra oss i å nå målet om eit varmare, opnare og meir inkluderande samfunn. Dei diskuterte om det var gangbare tenkjemåtar. Dei konkluderte med at verda i det minste måtte ha med seg Stoltenberg sine ord i vurderinga av korleis ein skulle kjempa mot terror. Eg kjende eg vart litt stolt av å vera norsk.
Heidi
I dag vakna me av torden og heftige regnbyger. På badehotellet var det fullt under markiser og overbygde utspring, men eg synest at folk tok vêret med fatning. Det var lite sure miner å sjå, folk sette seg tålmodig under taket for å spela kort og drikka morgonkaffi og sjå vêret an. Eg håpar det vart betre etter kvart. For oss var vêret uproblematisk for me skulle jo vidare.
I dag fekk me sjå Balatonområdet i regn frå togvindauget. Regnet gjorde det veldig grønt og fint.
Då me kom til Budapest var det sol og tretti grader igjen. Det gjekk fint å finna T-banen som skulle ta oss frå den eine jernbanestasjonen til den andre, og det gjekk ikkje lang tid før toget til Wien stod klar på stasjonen og me kunne få oss sjølv og den nye knallgule kofferten vår trygt ombord. Me puster alltid letta ut når me har funne rett tog som skal til rett plass og kan slappa av medan me blir frakta til rett brestemmelsesstad.
Denne gongen hadde me igjen fått plass i ein seksmannskupe, denne gongen i lag med fire russarar.
Og så bar det vidare over det ungarske slettelandskapet mot grensa til Østerrike.
Då me gjekk ut av toget i Wien var det som å koma til ein ny verden igjen. Å reisa er som å gå inn i nye rom i eit stort hus og lukka døra bak seg. Me bur i ei gate med staselege bygningar og flotte husfasadar og her er det mange merkelege små butikkar for folk som har råd til å betala mykje for eit gammalt korsett eller ein dokkekjole frå sekstitalet.
Det er tydeleg at den grøne trenden står sterkt her. Her er mange kafear som reklamerer med at dei har økologisk, vegetarisk, vegansk og glutenfri mat. Ein stad sel dei økologiske frø som ein kan dyrka sine eigne økologiske grønnsakar, på torget har dei trekassar med gras og strå og marehalm, og på den fortausrestauranten det me åt vegetariske pastaretter med heimelaga økologisk spaghetti, var det ein hekk av tomatplanter mot den trafikkerte gata der det vaks cherrytomatar.
Ein butikk eg såg på må eg tilbake til i morgon for å sjå om eg forstod konseptet rett. Det var ein slags veganarbutikk, men ikkje for mat. Du kunne kjøpa deg rettferdige sko, klær og møbler laga av ikkje animalske materiale som skulle vera skånsomme mot miljøet. Ein kunne og kjøpa fjellstøvlar av lær, men læret var frå frittgåande og lukkelege dyr som hadde hatt eit fritt og godt liv før dei vart til sko.
Ein kunne og kjøpa seg fargesterke sko av kunstmateriale med tær i a la desse barfotjoggeskorne som vart populære for nokre år sidan. Barna våre, som nok til dels synest me kan framstå litt i overkant hippieaktige, ville nok setja pris på om me kom heim og insisterte på å bare gå i slike sko frå å nå av…
Eg ser og at me må aklimatuserast litt på valutakursane. Me er blitt vane med at alt er veldig billig, at me kan kjøra drosje for tjue kroner og ha full middag for to for ein hundrelapp. her nærmar prisane seg dei norske.
Me har sett av to dagar til å oppdaga Wien. Eg gleder meg, dette blir kjekt.
Heidi
Timane våre som badehotellgjester er talde. I morgon dreg me først tilbake til Budapest og så vidare til Wien. Og nå som me verkeleg har begynt å få taket på systemet med dei små leikeklokkene våre i plast som skal scannast og visast fram.

Framleis har me kanskje litt å gå på med tanke på at ein rett frå middagsbufeten kanskje hadde smakt betre enn litt frå kvar. Etter middagen foreslo Leif at me skulle gå ein tur slik at eg og skulle få sjå litt meir enn hotellområdet. Dette er ein liten inngjerda verden som fort kan bli seg sjølv nok. Det er litt som å vera på leir eller på ein folkehøgskule.
Me drista oss til og med til å ta av oss leikeklokkene som me er instruerte i å ha på heile tida medan me var på tur ute i den store verda. Det viste seg å vera ein heil liten by ikkje så langt frå hotellet. Det var til og med ein eigen Helly-Hansen butikk der du kunne få kjøpt deg T- skjorte med norsk flagg på om du ikkje er så nøye med proporsjonane.

Nokon nordmann møtte me ikkje, men merkeleg nok så synest eg at melodien i det ungarske talemålet høyrest veldig ut som norsk. Eg synest stadig vekk at eg høyrer lyden av ein sunnmøring eller ein sogning, og så er det ungarsk som blir snakka. Av og til høyrest det til og med ut som rogalandsk eller svensk. Det er litt forunderleg, for ut i frå språkfamilie så burde det vel heller høyrast ut som finsk? Har nokon gjort same erfaringa som meg, eller er det mitt språkøyre som er langt ute på jordet?
Ja, ja… Uansett så er det i alle fall fint her…
Heidi
Endeleg er det min tur til å leggja ut badebilete, og på toppen måtte eg jo leggja ut eit bilete av føtene mine sett frå solsenga slik eg har sett er omtrent obligatorisk for sydenfararar.
Det har vore to deilige dagar i sola, og endeleg vart det bruk for badedrakta. Ettermiddagssolbadet vart avbrote av ei skikkeleg tordenbyge som fekk dei fleste, inkludert meg sjølv til å gå opp att på hotellet.
Der sat hotellgjestene tett i tett under ein alt for liten overbygd veranda, folk henta seg kaffi og anna drikke frå all-inklusive-baren og sat der tett i tett medan regnet pøste ned, sjølv fekk eg ikkje kapra meg ein stol, så eg sat i ein vindaugskarm i våt badedrakt med kjole over og las Knausgård medan eg drakk cappuccino.
Min mann og medreiser er ingen stor strandløve, men heldigvis gjekk det an for rastlause turistar å leia sykkel, så han har vore på sykkeltur i Balatonomtådet og kom regnvåt og glad tilbake.
Dei fleste hotellgjestene er nok umgarar, og når hotellpersonalet henvender seg til oss på ungarsk, så tek me det som eit teikn på at me glir inn… Me lurte på om dei fleste her ville vera seksti pluss, men det er mange barnefamiliar og. Det er kjempekoseleg å ha ungar rundt seg. Eg ser og storfamiliar med vaksne barn og besteforeldre.
Eg kjenner at eg gjerne skulle vore her ei veke til, men for nokon av oss trur eg det er lenge nok. Dette er ein slags ferie i ferien, ein parentes i parentesen. Det er så nydeleg at det er sommar, og det er skremmande kor fort ein sommar går.
Heidi
Ein sommarkveld sist i juli,
kjenn lufta er mogen og varm,
ho angar av gras og av roser,
og stryk deg om kinn og om arm,
for framleis er sommaren sommar,
men snart må han takka for seg,
og tonen av varme og vemod
er mjuk og uendeleg.
*
Du er her i denne kvelden,
han fyller deg, vennleg og mild,
du kjenner at alt har ein ende,
og takkar fordi du er til.
Du takkar for livet som er her,
for Skaparens skapande smil,
og kjenner ein moldmjuk tillit
kjærteikna tru og tvil.
*
Ein svarttrost finn ly i mørket,
ein nattsvermar flyg, det blir natt,
men framleis skal sommaren synga,
til hausten må finna oss att,
men framleis skal dagane pusta,
og sjølv er du nesten ung,
høyr svarttrosten syng mot natta,
og tonen er vemodstung.
Heidi
Toget pustar over pusjdan,
Josjka skal på badetur til Balaton,
han har kome heilt frå byen Budapest,
synest bad i Balaton er aller best…
Truleg var det denne barnesongen som gav oss ideen om at årets badetur kunne gå til Balaton sidan våre vegar gjekk om Budapest. I dag har me teke same togturen som Josjka, det var ein veldig koseleg togtur som tok bortimot to og ein halv time. Områder ved Balatonsjøen er heilt nydeleg og i området var det ikkje bare ein, men mange små koselege jernbanestasjonar.
Josjka gjekk av toget ved bestemor Natasjas hus, me gjekk av på endestasjonen, Balaton Fured. Der hadde me nemleg teke inn på eit stort elleve etasjar høgt badehotell som låg innerst forbi andre hotell. Det var eir godt stykke å gå, det var sol og tretti grader, og hjulet på den største kofferten var øydelagd, så han måtte slepast fram. Den jobben delte me på, og kom lukkeleg fram til slutt.
Me fekk rom i øverste etasje, og slik er utsikten frå romet. Balatonsjøen har ein særeigen lyseblå farge, som går litt meir mot grønt enn biletet viser. Ute på sjøen er det masse seglbåtar og små turistbåtar.
Me er ikkje så befarne sydenturistar, og «all inklusive- prinsippet» har me ikkje prøvd oss på før. Ein del av opplegget er litt komisk, folk blir utstyrde med eit plastarmband som liknar veldig på ei leikeklokke. Denne fåast i ulike fargar, inni er det ein dings som kan opna dører, og som me dreg over ein scannar når me går for å eta for å registrera kven som har fått måltidet sitt slik at ein ikkje lurer seg til to omgangar middag eller frokost.
Utanfor hotellet er det veranda med stolar og bord, det er eit stort innandørs symjebasseng og treningsstudio og moglegheit til massasje, manikyr og pedikyr. Utanfor er det leikeplassar for barna, strandkafé og ballbanar. Over alt på graset er det liggestolar. Det er ikkje parasollar, men tre for dei som vil ha skugge. Nederst ved sjøen er det laga ei kunstig 
Vatnet hadde ein perfekt temperatur. Det må vera noko av det varmaste badevatnet eg har bada i. Til å vera ferskvatn hadde det ein merkeleg farge, det var ikkje klart slik at ein kunne sjå botnen. Eg fekk assosiasjonar til lyseblått akvarellvatn blanda med skummamjølk.
I vatnet låg det ein slags grøne blad og flaut, det må vera ein for meg ukjend vassplante. Eg bestemte meg for at fargen sikkert kom av planter og botntilhøve og at det ikkje var rein forureining som gjorde at ein ikkje såg sine eigne tær når ein stod til livet i vatn… Uansett så var det herleg å bada. Ein kvar skikkeleg sommar må ha minst eit par dagar med bading.
Det var ubeskriveleg godt med litt sol på ryggen og. Ein sommaraktivitet eg er veldig glad i er å liggja flatt på magen i sola og lesa. I magasinet for ei eller to veker sidan var det intervju med Sissel Hatløy, mor til Karl Ove Knausgård. Det var eit fint intervju so gjorde at eg fekk lyst til å lesa «Min kamp- bøkene på ny. Eg har lasta ned tre av dei på i-paden frå e-bok biblioteket, så nå er eg midt i den siste boka. Det er interessant lesnad, og eg kan faktisk relatera meir enn eg trudde til ein heil del av det han skriv, meir om det i ein annan samanhang.
Etter min første dag som all- inclusive- badeturist, må eg tilstå at eg liker det skremmande godt. Akkurat nå var det deilig med ein pustepause på ei solseng. I to dagar har me ikkje ansvar for noko som helst, det er ingen togtider som skal sjekkast ut, ingen valuta å halda styr på, ingen sterkt trafikkerte gater å kryssa, og ingen byar å finna ut av.
Reiseleiaren min blir fort rastlaus på ei solseng, så han fann ein butikk i nærleiken og kom tilbake med ein stor knallgul koffert, ca dobbel så stor som den me må kasta fordi han er øydelagd. Det gjer at eg plutseleg får ekstra plass i kofferten… Den vesle trillekofferten eg har hatt var så fullpakka at kvar millimeter var i bruk. Eg synest sjølv at bagasjen min er nøktern for ein person som skal vera borte ein månad, men ein eg reiser i lag med klarer seg med ein weekend-end-koffert i ein storleik tilpassa handbagasjen på eit fly, og han har hatt mykje meir plass i kofferten enn meg…
Etter at me hadde ete middag i åttetida, sat me ute på verandaen og drakk kaffi. Det var så deilig og varmt sjølv om det vart mørkt etterkvart. Eg sat der med penn og skrivebok og leika diktar. Eg skreiv mellom anna ei seinsommarvise. Kanskje eg legg ut teksten her i morgon…
Heidi

I dag morges gjekk me til stasjonen i Oradea for å ta tog til Budapest. Det er rart korleis ting forandrar seg etter korleis auga ser. Den gata som virka skummel og forfallen i går, fortonte seg i dag som ei ganske koseleg morgongate. Dette området er nok likevel tilhaldsstad for mange fattige og heimlause. På gata stod det ein plakat der styresmaktene i byen direkte oppfordra folk til å ikkje gje noko til tiggarar…
Vel framme på stasjonen fann me greitt fram til rett platform og spor. Me skjøna at nå er me på veg vestover i Europa, då det vart opplyst både på rumensk og engelsk at toget var tjuefem minutt forsinka på grunn av tekniske problem.Ein mann som virka psykotisk og gjekk og snakka med seg sjølv, sette seg på kanten ned til skinnegangen og sat og dingla med beina over skinnene. Eg vart nervøs av å sjå på han, og lurde på kva me skulle gjera viss han ikkje flytta seg før toget kom, men heldigvis reiste han seg etterkvart. Ein mager liten gammal tannlaus mann kom gåande barbeint og med bar overkropp under trøya. Han snakka med fleire utan å få napp. Leif var raskare enn meg og trassa oppfordringa frå bystyret med å stikka til han dei få pengane me hadde att av rumensk valuta.
Toget til Budapest var nesten oppe på NSB-standard, og utsikta ut togvindauget vart og mykje meir «gjenkjenneleg». Det var store solsikkeåkrar og kornåkrar langs jernbanen. Då me kom til Budapest viste klokkene at me hadde skifta tidssone att og fått tilbake den timen me mista då me kom til Lviv.
Denne gongen skulle me ikkje bu på vanleg hotell. Leif hadde leigd ein leiligheit ei natt av ein mann som leigde ut små ferieleilegheiter. Denne låg midt i sentrum, og var ikkje dyrare enn rom på hotell. Eg må innrømma at eg i utgangspunktet var litt skeptisk. Hotell er liksom trygt og greitt. Det viste seg at han som skulle møta oss og gje oss nøklane var forhindra både på den eine og den andre måten, så det ende med at me måtte venta halvannan time på han. Då han skulle låsa oss inn, brakk han nøkkelen i låsen og låssylinderen måtte byttast ut… Men det ordna seg greitt med at me fekk låst bagasjen inne ein plass, og så møtte me han seinare. Og det skal seiast at leilegheita er veldig ok.

Byen Budapest er heilt fantastisk. Eg har aldri vore her før, og dette fristar verkeleg til å ha god tid her ein gong. Me har vore med sightseeingbuss og fått sett det meste i forbifarten i alle fall. Det gjorde det ikkje mindre innbydande at det er tretti deilige varmegrader og sol. Me har ete vegetarisk middag på uterestaurant ved den store basilikaen og vandra nede ved elva der det var masse gatemusikantar og fantastisk belysning.»
Her er det veldig mange fine gamle bygningar, flotte parkar, koselege fortausrestaurantar og store handlegater. Dette er verkeleg ein staseleg storby. Sjølvsagt er det ei bakside her og. Me gjekk under ein undergang etter å ha sett på reataurantar med strykeorkester, dyre butikkar, diskotek i parken og store elvebåtar med musikk og latter.
Denne undergangen viste seg å vera tilhaldsstad for heimlause som låg der på rekke og rad og hadde lagt seg for natta, med bereposen med eigedeler på den eine sida og flaskene på den andre. Ei av dei hadde hund på sida av, og hunden hadde fått kveldsmat i isboksen sin. Eg håpar eigerinna slapp å svelta og. Det vart ein ganske stor kontrast til den gjengen med fint kledde ungdomar som kom i mot oss i den same undergangen. Dei bar på eit berbart musikkanlegg som spelte glad musikk og snakka høgrøysta og lo høgt. Storbyar er ein mangfoldige verdenar.

Me skulle gjerne hatt helga i Budapest, men i morgon skal me gjera noko anna. Då skal me til syden… Eg har sett på feriebilete av strender og solsenger og kjent litt på at at akkurat den delen blir litt mangelvare i våre feriar. Eg ville gjerne leggja inn nokre sol- og strandagar i reiseruta vår. Først vurderte me å leggja turen innom Kroatia, men fann ut at det ville me ikkje klara å fletta inn i opplegget vårt i denne omgang.
Då kom me på den gamle barnesangen om Joska som dreg på badetur frå Budapest til Balaton. Me har rett og slett tenkt oss til badebyen Balaton i morgon, og har lagt oss inn på eit all-inclusive-badehotell i to netter. Intet skal vera uprøvd. Eg reknar med at det blir veldig annleis frå det andre me har gjort desse vekene, og eg håpar det skal bli avslappande og deilig. Først i veka såg det ut som om me ikkje skulle få det beste veret, men nå ser det rett og slett ganske bra ut, godt og varmt og til dels sol. Det blir spennande.
Heidi

Leif sitt fine stasjonsfoto skal få vera overskrifta i dag. Me har kjørt tog gjennom Romania i meir enn ti timar, og hatt flott utsikt.
Me var så heldige at Maria kom og henta oss på hotellet, kjørde oss til toget og fekk oss til rett platform. I tillegg hjalp ho oss med å kjøpa billettar vidare til Budapest. Det er alltid greitt å ha med seg nokon som snakkar språket og trygt å vita at me kjem på rett tog.
Det viste seg at me hadde fått plass i ein seksmannskupe denne dagen og, og at setene stod mot kjøreretningen. Sidan me skulle vera på toget så lenge, og sidan det lukta både røyk og sveitte i kupeen, så fann eg ut at det kunne vera lurt å svelgja ein av reisesjuketablettane Leif hadde i veska si. Eg var litt redd at eg skulle bli så trøytt av dei at det var vanskeleg å halda seg vaken, men det gjekk bra.
Ute på gangen var det eit ope vindauge som ein kunne stå og sjå ut av og få frisk luft i ansiktet og håret. Det var ein fin plass å stå. Det var og spennande å fotografera ut av det opne vindauget. Problemet er bare at motiva fyk forbi før ein får fokusert dei, men litt klarte eg å få fanga.
Me hadde forresten hyggeleg reisefylgje i den vesle kupeen. Dei som var der skulle endå lenger, dei var på toget då me kom på, og skulle vera med eit godt stykke vidare. Me reiste i lag med ei far med to barn på ca åtte og elleve år, og ei eldre mann som stort sett sat og løyste sudoku og som gjekk ut for å røyka på stasjonane.
Dei to barna var veldig søte og blide, det var god stemning heile tida, og dei hadde det så fint på tur med faren sin som lo og spøkte med dei. Guten var litt nyssgjerrig på oss, og når faren og systera var ute, begynte han å snakka med oss. Han kunne nesten ingeting engelsk, så det var ikkje lett å kommunisera. Då faren kom tilbake kunne han hjelpa oss litt å oversetja, men han påstod at han nesten ikkje snakka engelsk han heller. Guten lurte på om me hadde barn, og eg sa at me hadde fire, men alle var vaksne nå.
Eg fortalde at eg var lærar, og at eg kjende ei rumensk jente som hadde lært meg alt eg kunne på rumensk og at det var veldig lite. Eg kunne bare seia «hei» og «god morgon» i tillegg til nokre fine ting eg kunne seia til henne om morgonen. «God morgon, blomen min», «stjerna mi», engelen min» og «prinsessa mi.»
Det lo dei av, men det var nok ikkje så lett å forstå at det var absolutt alt eg kunne i tillegg til «pa-pa», som eg lærte då eg høyrde Maria snakka i telefonen. Det betyr det same som » ha det», eller for oss som er jærske: «pa-pa» betyr det same som «na-na», og «da» betyr det same som «ja». Det var nok vanskeleg for guten å forstå at me absolutt ikkje kunne snakka og forstå rumensk, for han prøvde fleire gonger å seia ting som han trudde me forstod dersom me bare snakka seint nok. Det gjorde me ikkje, men eg viste han litt bilete på I-paden min. Han kikka interessert på og lurte nok på om eg hadde nokre spennande spel der. Det hadde eg ikkje…
Etter ein halvtimes tid kom det inn ein mann og la nokre gjenstandar i fanget på guten. Eg trudde først det var ein slags aktivitetspakke som dei gav til barna om bord, men det viste seg at det var varer mannen prøvde å selgja. Etter ei stund kom han tilbake for å sjekka om nokon ville kjøpa dei. Fleire gonger fekk me besøk av tiggarar som opna kupedøra og la eit lite handskrive brev i fanget på den som sat nærast døra. Der stod det korfor dei hadde det vanskeleg og burde få pengar. Ein av dei hadde og med ei bunke med slike kort barna ofte får på sundagsskulen som me kunne kjøpa av han. Ei lita krokrygga kone med skaut kom og innom i løpet av turen med ei korg med ostepop, saltkringler og flasker med vatn som ho gjerne ville selgja til passasjerane. Det var ikkje sal av mat eller kaffi elles på toget, så det var godt me hadde med niste.
Mesteparten av landskapet me reiste gjennom var landbruksområde, men me reiste og gjennom skogar og over høge åsar. Toget gjekk seint så me hadde god tid til å sjå oss om. Overalt var det høge høysåter lødd opp rundt pålar, og i tillegg vart ein heil del høy hesja.
Me såg folk som jobba på markene, nokre med hest og andre med traktor. Det var stor forskjell på husa. Me såg bittesmå og veldig fattige grender, me små hus som var gamle og nedslitte, me såg slike gamle trehus som me såg på museet dagen før som såg ut til å vera bygde på same måten som stavkyrkjer, og me såg nydelege gamle hus som var tatt godt vare på og nye fine hus.
Då me kom oss av på rett stasjon, noko som alltid er eit spennande prosjekt, hadde me bestilt hotell ikkje langt frå jernbanen i ein by som heiter Oradea, og som i turistbrosjyren blir omtala som Romanias Paris. Det var nok ikkje byens beste strok me var komne til. På fortauet i gata ved stasjonen haldt det til fattige familiar, sannsynlegvis romfolk. Det krabba bleiebarn rundt på fortauet i bare body, utan bleier, og var så skitne at eg hadde lyst til å ta dei med meg heim og bada dei. Eg kan ikkje hugsa eg har sett så skitne ungar før.
Då eg såg hotellet var det første eg tenkte at det skulle vel gå for ei natt, me har budd så fint dei andre plassane, men då me kom inn var det i grunnen heilt ok. Me betalar ca hundre kroner her inkludert frokost, så det er det ikkje noko å seia på. Me var ganske trøytte og svoltne og både i-padar og mobilar var utan batteri. Me fant ut at me fekk gå ned til sentrum og få oss litt mat. Sentrum var ganske nær, og du ser på husfasadane her og at dei ein gong må ha vore ganske rike.
Hovudgata var full av uterestaurantar, og alle hadde bord midt ute i gata, så det var nesten som eit einaste stort langbord. Dessverre hadde eg ikkje straum til å fotografera, men Leif hadde med seg vanleg digitalt kamera så nokre bilete har me nok likevel.
Då me sat og drakk kaffi, la eg merke til ein bitteliten gut med Minnie Mus T-skjorte som gjekk heilt aleine mellom borda. Han såg ut til å vera to-tre år, men må nok kanskje ha vore fire. Han kom heilt bort til stolen min, og vart ståande der og snakka rumensk med tynn stemme. Eg forstod såpass at han ikkje prøvde å forklara at han ikkje fann mor og far, men at han rett og slett var send ut for å tigga.
Eg kom til å tenkja at eg visste eg hadde eit par ballongar i veska som har ligge der sidan eg var på bedriftsbesøk hos ein optikar på Bryne med ein klasse. Eg rota litt rundt, og jovisst, der var det ein ballong… Guten hadde nok venta at eg leita etter pengar, men han lyste opp då eg fann ballongen. Han var ikkje større enn at han syntest dette var mykje kjekkare. Då eg såg han på gata i lag med foreldra litt seinare då me skulle gå tilbake, vinka han ivrig til meg…
Tiggande barn er hjarteskjerande. Både at dei skal måtta lærast opp til tigging, men og den responsen dei møter på gata. Eg har sett fleire gonger både her og i andre land at dei blir kjeppjaga frå restaurantar av irriterte restauranteigarar. Eg forstår jo dei og. Dei vil gjerne ha kundar, og det er ubehageleg for kundane å bli utsette for tigging. Likevel lurer eg på kva det gjer med barna å bli jaga på den måten. Dei må jo oppleva at dei er uønska, irriterande og til bry.
Vel tilbake på hotellet fann me ut at nå måtte me planleggja resten av turen. Me har jo hatt ein plan med litt grove trekk, men nå var det på tide å spikra kor og når. Det viste seg å vera vanskelegare enn me trudde å koma oss heilt heim på den mest behagelege måten. På grunn av Dana-cup er det umogleg å få lugar eller liggestolar med nattbåten til Stavanger neste helg, og det er umogleg å få overnattingar i Hirtshalsområdet slik at me kan ta morgonbåten til Kristiansand. Men det er eit lite problem. Plass på båten får me, og sova kan me gjera heime.
Nå skal me fokusera på resten av turen, og ikkje hengja oss opp i heimreisa. I dag skal me med morgontoget til Budapest. Ha ein fin dag, alle saman.
Heidi

Dette biletet er teke i hovudgata i Suceava, like ved hotellet vårt. Her leiker det masse barn, og dei syklar forbi og går på rulleskøyter. Det er alltid eit godt teikn å sjå leikande barn som ser trygge ut og som får rom til å utfolda seg.
I dag på føremiddagen sat eg ganske lenge på ein benk ute i sola og skreiv og las Knausgaard. Det var herleg og avslappande og gav ei god kjensle av sommar.
Tidleg på føremiddagen vart me plukka opp av Maria, som Leif, og delvis eg og kjenner frå eit Erasmusprosjekt som Bryne vidaregåande skule er med på Eg møtte Maria to gonger då dei var på Bryne ved påsketider, og den eine kvelden snakka eg veldig mykje med henne, så eg syntest nesten me var kjende eg og ho og. Ho bur og jobbar her i Suceava, så det var derfor me valde akkurat denne byen. Ho ville gjerne invitera oss med på ein restaurant som serverer typisk rumensk mat, og på ein sightseeing i området.
Først åt me deilig grønnsakssuppe med chili og brød. Leif og Maria åt det som Maria fortalde var ein veldig typisk rumensk rett, steikt svinekjøt med pølser, polenta, speilegg, saueost og sylteagurk. Eg syntest det kanskje høyrdest ut til å vera i kraftigste laget for meg, så eg fekk steikt oksekjøt servert med ein kraftig soppsaus pynta med blomar og krydderurter. Etterpå fekk me dessert, pannekaker med varm cottagecheese og sjokoladekake med is.
Maten smakte nydeleg, og eg var glad for at eg hadde vald ei litt lettare variant. Uvant nok så vart kjøtet servert bare med saus og utan tilbehøyr som grønsakar og poteter eller ris. Det er sjeldan eg et kjøt i det heile tatt, men det var spennande å smaka på den tradisjonelle maten.
Maria er psykolog og rådgjevar på skulen der ho jobbar. Ho er oppteken av forteljing, skriving og drama, og er ei veldig triveleg dame å vera i lag med. Ho tilhøyrer den ortodokse kyrkja, så eg fekk spurt om ein del eg har lurt på etter å ha besøkt dei veldig stemningsfulle ortodokse kyrkjene i Ukraina. Ortodokse prestar får lov å gifta seg, og ho har ein svigerson som er ortodoks prest.
Me var og kikka på ei gammal borg og me fekk sjå tradisjonelle ukrainske trehus med tak som minna om dei gamle norske stavkyrkjene. Nå er nesten alle hus her laga av mur, desse gamle trehusene er museumsgjenstandar.
Me fekk vera med og sjå på skulen og kontoret hennar. Så tok ho oss med til ein høgde utanfor byen for å sjå på ei armensk kyrkje frå femtenhundretalet. Det var veldig vakkert der oppe, og kyrkja likna i grunnen ikkje på nokon kyrkje eg har vore inne i før.
Heilt til slutt fekk me møta mannen hennar, som jobba ute på ei tomt dei hadde. Me fekk smaka nyavla tomatar, stikkelsbær, bringebær, solbær og laupstikke. På sidan av tomta deira var det ein gigantisk solsikkeåker som me måtte fotografera. Eg er veldig takknemleg for denne dagen. Ein får sjå så mykje meir i lag med ein innfødt venn, og saman med dei rette folka kan det som kjennest framandarta bli nesten heimsleg.
Ei av reisegledene mine er vanskeleg å praktisera her i Aust- Europa. Eg må, med eit lite streif av skam, innrømma at eg elskar å la meg fanga av folk sine samtalar, bare sitja der og lytta, som om eg var på teater eller høyrde på diktopplesning. Det er ikkje ofte ein får vita så mykje om korleis det er å vera andre…
Eg veit at lytting er uoppdragent, men forsvarer meg med at ingen av oss har øyrer som kan lukkast, og sit ein så nær andre menneske, så vil ein høyra ganske mykje heilt utan å kunna noko for det. Eg finn til og med god underhaldning i å lytta til andre sine mobilsamtalar, noko eg veit at dei fleste andre irriterer seg over å måtta høyra på.
Til mitt forsvar kan eg og seia med handa på hjartet at dersom eg høyrer nokon fortelja ting eg ikkje burde vita, så ville eg aldri finna på å fortelja det vidare til eit einaste menneske…
Nok sjølvforsvar nå… I går då me sat på ein buss full av ukrainarar og rumenarar, så lytta eg og til samtalane utan å forstå eit ord. Tonen orda vart sagde i, fortel meg mykje om kva stemning dei gjenspeglar. Det å høyra to venninner sitja å snakka til kvarandre med mjuke, varme fortrulege stemmar var vakkert og på ein merkeleg måte beroligande. Av og til gjorde dei til stemmen og herma tydeleg etter ein eller annan, for så å fortelja kva dei sjølve hadde svart.
På bussen var det ei dame som i tillegg til oss, skilde seg litt ut. Ho hadde asiatisk ansikt, var litt bustete på håret og hadde på seg ein vid blomstrete buksedress i tynn bomull. Ho var vel den einaste på bussen som hadde eit dobbelsete for seg sjølv, og der sat ho med masse bagasje på ein litt kaotisk måte.
Dei to rumenske venninnene som sat bak henne var nok og litt nyssgjerrige på denne dama, og då ho spurte dei på engelsk om dei trudde ho kom til å rekkja bussen frå Suciava til Buccuresti, begynte dei å føra ein samtale med henne om kor ho kom frå og kor ho skulle hen.
Ho fortalde at ho kom frå ein liten by ute på landsbygda i Japan som var verdsberømte for den grøne teen sin. Ho fortalde utmalande på litt stotrande engelsk om korleis dei små grøne tebuskane stod på lange, lange rekkjer langs åsane ved byen hennar. Ho fortalde vidare at ho hadde kome med tog til Kiev via Mongolia og Russland og at ho hadde vore i Kiev i tre veker. Damene spurte om ho hadde besøkt nokon, men det hadde ho ikkje. Ho hadde vore på opera, konsertar og ballettforestillinger kvar einaste dag. Ho hadde fått med seg alt som var å sjå.
Damene fekk tydeleg lyst til å vita meir, og spurde kor lenge ho hadde vore i Cherviniki. Der hadde ho vore i ni dagar, og budd på hostel, men ho hadde kome for å gå på konsertar. Det viste seg at alle konsertsalane var stengde i juli, så i staden hadde ho brukt veka til å gå rundt i kyrkjene og i musea i byen. Nå skulle ho til Buccuresti for å oppleva meir kultur, og så skulle ho vidare. Damene lurte på kva som venta. Roma? Paris? Berlin? Ho rista bestemt på hovudet. Dei landa var alt for dyre for henne, ho måtte halda seg til dei billigste landa i Europa.
Damene vart nok endå meir forvitne på kven ho var, dei spurde først litt forsiktig kva ho haldt på med i Japan, men ho forstod ikkje spørsmålet. Då spurde dei litt meir direkte. Åtte ho ein av tefarmane. Då lo ho godt og rista på hovudet. » Your work?» spurde den eine dama. » Oh, you want to know what is my job?» spurde den japanske dama og smilte nesten litt unnskuldande.»I wash at one of the hospitals.»
Eg tek av meg alle hattar eg ikkje har. At nokon reiser aleine rundt i månadsvis med austeuropeiske tog og bussar og bur på enkle herberge i Kiev aleine i tre veket for å bruka dagane til å gå rundt på museum og alle kveldane til opera og ballett imponerar meg. For eit pågangsmot og for ein kjærleik til kunsten. Truleg har ho spart i årevis for å leggja ut på denne turen.
Då me vart stilde på rekkje i tollen og måtte visa fram vesker, baggar og koffertar kunne ikkje Leif la vera å observera at ho såg ut som om ho hadde eit nett fullt av nudelpakkar. Eg ser for meg at ho står ved vannkokaren på hostellet og lagar seg nudlar til middag og kvelds fordi det er dyrt å eta ute.
For ei dame. Eg håpar turen hennar blir fantastisk.
Heidi
