Gå til innhald

Alle på plass

image

I natt kom mor og far over Skagerak men nattbåten frå Stavanger, så i dag morges kunne me dekka frokostbord til åtte. Me hadde booka dei inn på eit pensjonat i nærleiken slik at det skulle bli lett for dei å trekkja seg litt tilbake når storfamilielivet måtte bli i overkant intenst.

Etter frokosten reiste me i lag med dei for at dei skulle få installert seg på pensjonatet. Dessverre var det ikkje heilt som på facebooksida deira i det verkelege livet. Det var tydeleg at det hadde vore veldig fint der ein gong, men nå såg det ganske forfallent ut…

Utemøblene var heilt nedslitne og umalte, hagen var overgrodd, og i graset låg det mange små jordhaugar som viste at her var det store mengder jordrotter eller vånd. Inne var det og tydeleg at staden hadde sett langt betre dagar. Eg fekk ganske dårleg samvit for at me ikkje kunna finna noko betre til dei… Heldigvis såg dei humoristisk på det og kan melda at det er ekstremt fredeleg der og at sengene er gode.

I dag var eg plutseleg i dotterkategorien og ei av dei som vart spandert på av mi eiga mor… Me havna på same fortausrestauranten som i går, og i dag testa eg ut rekesmørbrødet deira. Det var delikat anretta og smakte fortreffeleg.

image

Dette vesle vesenet måtte bli att heime, men etterpå fekk han bli med på tur. Han nyt å ha  mange rundt seg, og gløymer nesten ar han er ein hund. Han set seg i denne stillingen i sofaen inntil konverserande menneske og reagerer med kropp og følelser om ord som mat, frokost, middag eller trena skulle dukka opp.

«Tur» er ikkje alltid eit ord som får Oscar til å gå i ekstase, det kan ikkje samanliknast  med matrelaterte ord, men i dag fekk han seg ein ganske lang tur og, her i frå og ned på stranda.

Eg må innrømma at  når folk kjøper hytte på fjellet eller hus i Spania, så kjenner eg på ingen måte dragninga, men her i det overgrodde og forblåste Vestjylland, kjenner eg meg heime på ein uforklarleg måte.

Var det opp til meg så skulle  eg gjerne vera her heile sommaren. Det ville vera ein fantastisk stad å skriva på, ei  fantastisk stad til å gå og sykla lange turar og til å fotografera fuglar og blomar. Her ville ein ha ro til å lesa lange bøker og studera solnedgangar, og eit par dagar innimellom måtte vel sommarvarmen blenkja med sitt nærver og…

Her er uendeleg mange hus til sals, men eg trur det er litt innvikla å kjøpa viss ein ikkje er dansk. I tillegg ville det vers upraktisk å ha ei hytte så langt borte, og plutseleg var det masse vedlikehaldsarbeid ein var ansvarleg for.

Her nede har dei denne merkelege vanen med å kjøra bil på stranda, relativt forkasteleg etter norsk tankegang, men ein av dei rare tinga danskane synest det er naturleg at ein skal få lov til.

I dag har eg kjørt nordover til Løkken med Oddvar og Odd Christian, og nordover til ein annan småby med Leif. Stranda er utruleg brei og sanden er tettpakka. Eg møtte fleire som sykla på stranda, like i havgapet. Det såg i grunnen koseleg ut…

I kveldslyset såg eg silhouettane av ein flokk menneske koma mot oss. Det var noko merkeleg med dei, dei var så høge. Eg lurte på om det var kveldslyset som skapte synsbedraget, ein slags optisk illusjon. Det minde meg om teikningane av den omvende kjempen i boka om Jim Knapp og Lukas Lokomotivførar.

Då dei kom nærare viste det seg å vera ein flokk ryttarar. Nokre av dei rei heilt ut i vatnet slik at hestane gjekk og vassa. Sjølv om eg for å vera ærleg må innrømma at eg er litt redd for hestar fordi dei er så store, så såg det veldig fint ut å ri slik i skumringa.

Heidi

Tredje juli

image

Den tredje juli for tjuesju år sidan fødte eg ei stor dotter. Ho var fire og heilt kilo, rosenfarga, mjuk og lukta godt, og ho skreik med høg og kraftig røyst. Noko sa meg allereie då at ho var eit viljesterkt lite menneske.

Det er alltid litt ekstra kjekt å få feira dagen hennar i lag med henne, og i år vart det feiring frå morgon til kveld. Låtten hennar var lyden som vekte meg i dag morges.

image

Golfarane blant oss hadde sett seg ut ein golfbane der dei ville bruka føremiddagen. Me tre jentene gjekk for ein fredeleg føremiddag «heime» med gode bøker og varm kaffi. Etterkvart vart vêret så bra at me havna i sola ute på terrassen. Det er rett og slett veldig fint å få litt tid i lag med vaksne døtrer.

Litt utpå dagen fekk me lyst til å reisa til Løkken på lunsj- og oppdagingstur. Løkken er ein koseleg liten by, der folk gjekk sundagsturar i gatene med små og store hundar og åt soft-ice med guf og strøssel på benkjene i gågatene.

Me fann oss ein fortausrestaurant der me fekk utdelt teppe som hjelp til å halda varmen der dei serverte «lune fiskefrikadeller med dansk rugbrød, salat og remoulade».

I genbrugsbutikkene har dei litt av kvart å by på.

Men verken eselet eller kinesarskulpturen får bli med heim til Bryne.

image

Gebursdagskaker frå dansk konditori.

Heidi

Grønhøj

Klokka halv tre om natta  ringde klokka  for oppstandelsen, og klokka tre var me i bilane. Det var forbausande lyst ute allereie då. Kanskje det burde bli ein vane med kjøreturar midt på natta på den lysaste sommaren… Lyset var trolsk med morgontåke stigande opp som damp frå vatn og tjern.

Klokka  åtte gjekk båten. Etter den turen med hurtigbåten då åtti prosent av passasjerane, inkludert oss, spydde over overfarten, prøver me å unngå den hurtigaste hurtigbåten. Takka meg til kaptein Kid og tilfeldige sittegrupper… På denne turen var havet blikkstille.

Klokka tre fekk me nøklane til sommarhuset på Grønhøj. Det ligg i et veldig vakkert område ikkje så langt frå Løkken på vestkysten av Nord-Jylland.  Her er det veldig mange sommarhus til salgs, mellom anna det me bur i… Sola skin, men vinden er iskald. Det virkar nesten som om områda her er litt fråflyttingsområde. Kanskje det som var fancy ferieområde på syttitalet ikkje er så interessanne lenger nå når det er enkelt og billig å reisa til syden og vera sikra sol og varme på ein heilt annan måte enn her…

Etter ei veldig kort natt var det mange som hadde veldig behov for å kvila då me kom fram. Sjølv la eg meg ut på den store treterrassen utanfor huset med ulljakke og teppe og sovna ein time. Etterpå hadde dei andre lyst til å sova meir, så eg gjekk ein tur aleine for å sjå meg om i eit område som er nesten tilgrodd med nyperosekratt, marehalm og markblomar…

image

I denne buketten er det minst fjorten ulike blomar. Blomsterplukking er terapi.

image

Dette spelet hadde Oddvar kjøpt med seg. Det kan anbefalast. Fotballkamp i bakgrunnen. Eg er i grunnen fornøgd når eg får med straffesparkkonkurransen…

Heidi

 

 

Grønhøj

I dag starta dagen midt på natta. Halv tre ringde klokkene for oppstandelse, og klokka tre var me på plass i bilane.

 

 

 

 

image

 

Den rare dagen før ei lang reise

image

Det er alltid merkeleg å gjera seg klar til ei lang reise. Det å rydde, pakka og gjera seg klar til å «leva i koffert» i lang tid. Kva treng ein og kva treng ein ikkje? Eg har sansen for litt minimalisme på reising, men i så måte rekk eg ikkje reisekameraten min til knærne… Nå står det bare att å pakka det sim ikkje er klær, i-pad, kindle, ei bok eller to, ei bok til å skriva i, kulepennar… Det er noko litt befriande med å reisa i frå det meste… Og noko litt anstrengande med eit «0ppbrudd». Har eg hugsa alt eg må ordna før eg reiser? Hm, når eg tenkjer meg om så er det noko eg har gløymt, ei reiserekning som ikkje hadde nådd fram, nokre verandapotter eg ikkje har fått fylt… Men det får eg gjera når eg kjem heim…

Eg har rydda vekk ting eg lenge burde ha rydda i, det rare er at når ein reiser eller kjem heim så ser ein i små glimt heimen sin meir som andre ser han. Eg legg merke til at me framleis ikkje har fått på plass den lista under oppvaskmaskinen, og at det er nokre flekkar på golvet me burde ha prøvd å få vekk… Burde ikkje gardsromet ha vore feia, og dei sekkjene med blomsterjord, skal dei bare liggja der dei ligg? Det fine er at alt dette kjem til å vera gløymt når eg kjem meg i veg…

Eg høyrer på Sommar i P2 og på musikkmøte. Det er så fint at nå kan ein høyra slike program når ein har lyst og tid. Akkurat nå er det forresten direkteradio som eg høyrer direkte frå macen, sommar i P2 me Sigvart Dagsland. Veldig koseleg. Odd Christian har vore innom for å henta mesteparten av bagasjen me skal ha med, og om eit par timar skal me henta Sunniva på flyplassen. Eg gleder meg til å skriva om det me skal sjå og oppleva. Nå skal me bare leggja siste hand på førebuingane og så er me klare, midt på natta reiser me sørover for å ta morgonferga frå Kristiansand. Eg gleder meg litt til å sjå solloppgangen og dei tidlege morgontimane…

Det har ikkje vore bare jobbing i dag. Eg har og leika meg litt med å laga ferdig ein collage eg begynte på ein annan kveld. Det er ikkje stor kunst, men det er kjempekoseleg å halda på meg. Kanskje den kunstnariske kvaliteten og går opp når eg får meir trening i å finna ut korleis papiret oppførerer seg når det skal limast på lerret med decoupagelim?

image

Motivet er for dei som ikkje ser det, den sårbare og sterke blå planeten me bur på. Eg trur heldigvis at jorda og kvilar i ein større omsorg, og at jorda er meint å vera vakker. Eg skreiv for to dagar sidan at det var ein som lurde på om eg hadde ord liggjande som ønskte seg ein melodi… Eg fann ein del tekstar, og den siste skreiv eg på sparket etter eit førsteutkast eg fann på ein papirlapp som låg laust i ei notisbok. Melodien var nydeleg, men eg oppdaga at eg kanskje synest sjølv at teksten er litt uferdig. Det er ein slags salmetekst om å ta vare på jorda. Dei siste åra har eg blitt meir og meir oppteken av at me faktisk må gjera noko før det er for seint.

Teksten er slik akkurat nå. Eg tek gjerne i mot tilbakemeldingar og gode råd.

 

Kom hjelp oss vår skapar

Når dagen med sanninga
fylgjer vårt spor
og visar kor dumt me har handla,
når me vågar sjå,
me har såra vår jord,
og ber om at alt blir forvandla.

Når kvelden er komen
og speglane ser
med blikk som oss tungt vil fordømma.
Når me opnar auga
og ser kva som skjer
og alt det me vil er å rømma.

Så, tilgi oss Herre,
me hugsa å ta,
men gløymde å dela og tenkja,
Me sansa oss ikkje,
alt ville me ha,
ja, alt det som glitra og blenkja.

Kom hjelp oss vår Skapar
Kom skap oss på ny
eit håp når alt håp vil forsvinna.
Eit håp for kvart hjarte,
eit håp for kvar by,
hjelp oss som har vore forblinda.

 

Kanskje treng eg eit nytt førstevers? Eg veit ikkje heilt… Eg får ta tida litt til hjelp.
Heidi

 

Lunsj i eit drivhus på Salte

image

Dette er dagens mest eksotiske oppleving. Eg har ete lunsj ved eit vakkert dekka bord i eit drivhus med fin gammal brodert duk mellom tomatplanter, drueranker og fine blomar. Eg og Elise var så heldige at me var inviterte ned til Tora. Ute var det delvis sol og ikkje så mange regndropane, men vinden var av det kjølege slaget. Inne i drivhuset var det varmt og godt og solvarmen kom til sin fulle rett. Me hadde nokre kjempekoselege timar i lag med nybakte rundtstykke, te og masse godt pålegg, og kaffi og jorrdbær til dessert. Eg er heilt overbevist, sommarmåltid i drivhus er tingen. Det er ikkje feil å eta saman med to kloke, vakre og gilde damer heller. Eg trur den nye trenden må vera å løysa verdsproblem i drivhus med norsk somar utanfor glasrutene.

image

Det har vore ein fin og sosial dag. Etter fruemåltidet på Salte, = eit herremåltid for damer, møtte eg Astrid og fekk ein vandrande prat med henne. Sidan begge to hadde ein del på timeplanen i dag, så nyttevandra me frå Bryne saman, med varene i dei to sykkelkorgene på sykkelen min.

image

I kveld har me og vore i godt selskap. Me var inviterte til kveldsmat hos Arne og Hilde, og sykla bort i sjutida med eit nybakt brød i sykkelkorga. Etter måltidet sat me ute i ein lun krok og bare sugde til oss sommarnattslyset, med ullsokkar på opptrekte føter og teppe rundt oss. Det er litt vemodig at nå har me kryssa grensa til juli månad for tre kvarter sidan, og i morgon er det den store rydde- og pakkedagen. Eg og Leif skal på langtur, den eine ferieveka skal flettast inn i tre nye ferieveker, og når me kjem heim att er det blitt august, men hus og katt skal ivartast av andre, i tilfelle nokon skulle lesa dette som ein beskjed om at huset skal stå tomt…

Som alltid når eg skal på langtur, så får eg litt reisefeber, og tenkjer «Korfor i all verda gir eg meg ut på dette, tenk så deilig det hadde vore å bare vera heime… Heldigvis tilseier all erfaring at når eg først kjem meg i veg så er eg ikkje til å stoppa… Det blir heilt sikkert veldig kjekt… Første etappe er ei veke i Danmark. Det er nesten som i songen om dei som skulle på bærtur til Jørpeland: «Pitter si mor og tanten dis, med ungar og farar og hond og gris»… Grisen skal me ikkje ta med, men mopsen skal til Danmark, barna minus Halvard, svigersonen min og foreldra mine skal til Danmark. Og me skal stå opp midt på natta for å rekka første ferga frå Kristiansand. Då me planla det ein gong i vinter høyrdest det nesten litt sjarmerande ut å starta kjøreturen midt på natta… Og det blir det vel sikkert og… Det er ikkje så ofte eg får med meg soloppgangen og dei første morgontimane nå på sommaren…

image

Sommar med kvilepuls

18860117019_60684034a2_o(1)
Nå har skuleferien vart ei veke, og eg har nesten blitt vant med det… Nå er pulsen innstild på rolege dagar, og det er deilig. Eg har masse eg har lyst til å gjera, så det gjeld å ikkje lena seg alt for langt bakover… Dei siste dagane har eg forresten fått send fire biletbokmanus i veg til to forskjellige forlag, og det er eg fornøgd med at eg har gjort. Terskelen til å få gitt ut biletbøker er veldig høg, så eg har ikkje alt for høge forventingar om at dei går gfjennom i første omgang… Det er kostbare saker å satsa på for forlaga, for det skal jo teiknast mange arbeidskrevjande teikningar til, og det ska trykkjast mange kostbare fargetrykk på kostbart papir. Eg veit at det er ein smal og ganske vanskeleg sjanger akkurat som dikt, men eg har så veldig lyst til å få det til, og då får ein bare stå på for kanskje til slutt å oppnå det ein har lyst til. Å senda slike manus kjennest nesten som å kjøpa lodd…

18803501105_b98cfe3096_o(2)

I går sette me oss i bilen og kjørde sørover mot Søgne der me har gode venner. Med el-bil er det alltid litt spennande og ladestasjonane er i orden, og om det er ladekø når me kjem dit. Me kom oss veldig greitt fram, og me hadde ein koseleg kveld i lag med Hilde og Jan.  Me har vore gode venner sidan før me gifta oss, me har fått barn omtrent samtidig og sett dei veksa opp. Det er fint å ha fylgje gjennom livet og møtast med jamne mellomrom og dela kva tida og livet har gjort med oss sidan sist. I dag morges åt me frokost saman med Jan, og så var det på tide å kjøra heim att. Me kjørde gjennom regnet, og då me lada bilen for andreå gong på turen, på Helleland, var det akkurat opphald slik at me kunne sitja ute og dela ein rekebaguett og ein kopp kaffi medan bilen fekk straum.  Eg kjenner at nå vil eg suga til meg det eg kan av norsk sommar, for snart reiser me og blir borte så å seia heile juli månad. Eg trur eg har nevnt det før, men den norske sommaren er nesten finast av alle somrar… I alle fall i mine auge, eg som er vaksen opp med nordavind og regn har kanskje utvikla ein litt sær toleranse for å leva med denslags utan å la meg vippa av pinnen…

18854239666_7ca3274a24_o(2)

I morgon reiser Halvard tilbake etter ei lita vekes sommarferie heime, og litt spontant fann han og eg ut at med kaldt regn ute, kunne det passa fint å invitera syskena hans heim på komlemiddag. Det vart hurtigvarianten på ferdig komlemjøl, for å vera ærleg så hugsar eg ikkje sist eg starta frå botnen av med å riva potetene sjølv. Det vart godt i alle fall, og det er koseleg å vera mange rundt middagsbordet og ha god tid. Medan eg kokte komler og steikte bacon høyrde eg Karoline Krüger som sommargjest i radioen. Ho snakka mellom anna om visetekster og at ein god visetekst kunne minna om ei novelle. Ho trekte spesielt fram Kari Bremnes sin evne til å skriva visetekster, og det er eg heilt einig i. Eg får veldig lyst til å skriva visetekstar og. Eg har og veldig sans for måten Monica Zetterlund gjer det med å fortelja heilt kvardagslege ting i ei vise. På den måten blir dei små tinga løfta opp til noko fint og poetisk. Akkurat nå tikka det faktisk inn ei melding frå ein musikar som lurde på om eg hadde ein tekst som hadde lyst på melodi… Eg lova han at nå skulle eg sjå etter, og det skal eg gjera…

19338560811_1ff5562e08_o

Eg må innrømma at fotografia eg byr på i dag er Leif sine, og at dei er tekne på slutten av juni i fjor… Bare i tilfelle nokon lurde på kor me hadde funne så lys himmel i dag.

Heidi

Handbok i handtering av praktiske gjeremål i kvardagen…

image

Inspirert av Anne Steffensen Lending, som har gjort noko liknande på facebook, så startar eg med dette ein serie med praktiske råd…

Sett at du for eit par år sidan kjøpte ein av desse paviljongane som var så in akkurat då… Tanken var at inni der skulle du kunna sitja beskytta mot regn og vind og nyta sommaren, og at putene i den nyinnkjøpte rottingsalongen ville halda seg tørre mot vestlandsver når du drog igjen glidelåsane…

Sett at du endeleg får lokka mannen din, som i motsetning til deg har lange armar som er festa høgt over bakken med ut for å få taket på plass, fordi trekket har vore pakka vekk for sommaren. Sett at trekket reit hypotetisk ikkje lenger passar… Sett at det er problematisk å finna hjørnene og at mannen din etter å ha strevd med eit kosteskaft for å få ting på plass, men nå går til neste skritt, å setja ein stige mellom paviljongstengene og veggen som står nesten loddrett mot veggen.

Sett at du seier at du er sikker på at det var eit hol på midten i fjor der den vesle telttoppen som framleis står øverst på konstruksjonen skulle koma ut… Sett at handverkaren din er så oppteken med oppdraget, og ikkje minst med at stigen ikkje tippar over at han ikkje er interessert i å høyra på denslags…

Sett at du reint hypotetisk bare må gje opp til slutt, og satsa på at hjelpa vil koma i form av ein ganske høg son med ganske lange armar som kan fylla din plass i prosessen…

I så fall kjem rådet: Sjekk ut at det du står og dytter på med eit tåpeleg kosteskaft og vågar livet for gjennom å stå på ein stige med ein høgst risikabel stigningsvinkel, verkeleg er taket på paviljongen. Reint hypotetisk så kunne det tenkjast at det er ei presenning til for eksempel rottingsofaen som i si tid fulgte med for å kunna ivareta forsvarleg vinterlagring.

Av og til undrar det meg at ingen har blitt inspirerte til å laga ein sitcom om handteringa av  dei praktiske sidene ved livet i familien Strand- Harboe…

 

Heidi

 

 

 

Så fint som sommar heime…

27135358866_bdf7c6dc68_o

Kanskje er det lett for meg å seia sidan me beviseleg har billettar ut i verda om mindre enn ei veke, likevel vågar eg meg på denne påstanden: Sommarferie heime kan vera noko av det finaste ein kan driva med… I alle fall kjennest det slik for meg akkurat nå, men eg veit at nokon eg deler hus med ville protestert heftig om eg hadde foreslått at det skulle bli årets ferievariant. Eg veit jo at eg og og er glad i å reisa når eg først kjem i gang… I dag låner eg nokre av min fotograferande mann sine sommarbilete, rett og slett fordi han er ein mykje flinkare fotograf enn meg med mykje betre fotoutstyr, så det kjennest nesten som å pynta orda sine med små smykke. Eg er så glad for dei to bøkene me har laga i lag, og nå ligg det eit endå større fellesprosjekt og koser seg i tankane mine. Sidan det ikkje er noko å seia på fantasien min, så er ofte prosjekta mine aller finast på det planet…

Kva er det eg liker med å ha ferie heime? Nokre av svara gjer seg sjølv. Til vanleg trivst eg godt med eit fullpakka liv der timeplanen for dei fleste timane i døgnet er lagde. Derfor er det så velsigna godt å vakna til dagar heilt utan avtalar, som ein kan møblera sånn etterkvart etter innfallsmetoden. Dei som kjenner meg godt, blir nok heller ikkje overraska over å høyra at ei av dei verkeleg store gledene når ferien er eit faktum er å slå av vekkjarklokka på mobilen. Eit liv utan vekkjarklokke er for meg ingenting mindre enn ei stor velsigning. Det inneber fort at kveldane kan bli seine og lyse sommarnetter heime i norden er noko av det aller vakraste eg veit. Det er i grunnen litt trist å tenkja på at me beveger oss sørover om ikkje så mange dagane, og når me kjem heim er det blitt ein heil del mørkare om kveldane.

27232366320_bcddccfbbd_o

I eit av dei finaste dikta eg veit, står det at «Mens Gud enda trodde på menneskene, skapte han juninettene. Kanskje litt av det vakre ligg i det forgjengelege. Me veit at dette kjem ikkje til å vara, og lever med vemodet i at det snart skal takast i frå oss. Eg liker alle årstider, men dette er den beste. Ein luksus som nesten kjennest syndig er å ta seine morgonar og lesa bøker før dagen begynner. Eg les mest om kveldane og om morgonane. Det er då eg klarer å rydda tid til det. Eg trur eg eg gladare i å lesa enn nesten nokon andre eg veit om. Eg er ikkje udelt stolt av det. Kanskje fordi lesing er så lystbetont for meg, så kjennest det litt som ulovleg unnasluntring frå mitt eige liv å bruka tida mellom permane på ei bok. I dei mest travle periodane i livet mitt har eg skaplese nesten som ein del andre menneske skapdrikk… Eg har hatt bøker liggjande i skuffer på kjøkkenet og på badet og har smuglese når sjansen til ti minutt med ei bok måtte by seg… Då farmor var her for å hjelpa meg i nokre veker då eg hadde eit nyfødd barn, ein eittårin, ein femåring og ein åtteåring, og ikkje skulle løfta dei seks første vekene etter keisarsnittet, sa ho til syster mi at «Heidi trong så lang tid til å rydda på loftet at eg lurer på om ho hadde ei bok der oppe…» Om eg hadde det, hugsar eg ikkje, men i etterkant er eg så snill med meg sjølv at at tenkjar at det i såfall var vel unt…

I går, i natt og i føremiddag har eg smuglese Knausgard. Eg har lese «høst» og «vår», der han skriv tekstar til si ufødde og etterkvart nyfødde dotter. «Høst» er ei undrande og reflekterande bok der mykje av plassen går med til å undra seg over ord og begrep. «Vår» er ei bok som minner mykje meir om «Min kamp». I vår finn du kvardagsskildringar frå ein far som for tida er eineansvarleg for ein barneflokk fordi kona hans er tungt deprimert og delvis innlagd på sjukehus i både svangerskapet og i halvåret etter fødselen. Eg høyrer med til dei som liker å lesa Knausgaard. Eg har respekt for hans kompromisslause vilje til ærlegdom… Likevel ser eg at det reiser store etiske spørsmål ved å vera så ærleg fordi andre sine liv nesten alltid vil vera tett fletta inn i eins eige liv. Dersom ein skal vera heilt open og ærleg vil ein automatisk koma i skade for å utlevera andre på ein måte som for meg ofte vil gå over grensa til det uetiske. Det er og slik at verda sett frå mine tankar ikkje er identisk med verda sett frå andre sine tankar. Eg veit at om eg skulle utlevera mi oppleving av andre sine liv og handlingar, så ville dei slett ikkje kjenna seg att i alt. Eg grøssar og djupt og inderleg for tanken at nokon skulle utlevera det som er meg sett ut frå deira oppleving av ting eg er, seier og gjer. Eg tenkjer at me har ei etisk og nestekjærleg teieplikt, og at for å leva godt med kvarandre må me alltid ha med oss tilgjeving og kjærlege briller. Likevel tenkjer eg at det å lesa Knausgaard nesten er det næraste ein kjem å tenkja eit anna menneske sine tankar, fordi han dokumenterer det så detaljert og usensurert.

 

26994884394_68255487ca_o

For på mange plan så er me aleine om å oppleva våre eigne liv omtrent som denne sauen… – Nå kunne eg ikkje dy meg for å laga ein relativt banal overgang til eit fint bilete eg rett og slett hadde lyst til å bruka… Men for å dra avsnittet over litt vidare, det er i grunnen litt rart at det nesten er forbunde med litt dårleg samvit det å lesa bøker på lyse dagen, det er kanskje ein av grunnane til at eg får for lige nattesøvn? Det ligg alltid ein liten tanke bak i hovudet når ein les,»Eg burde nok heller vore ute og jogga,» » Eg burde heller ha vaska kjøkkenet eller luka beda mine…» Eg er usikker på om dette er fordi eg er så glad i å lesa. Vil ein treningsnarkoman tenkja: «Eg burde heller vore heime i stova og lese ei bok..:» Truleg ikkje, men eg har ikkje erfaringar som tilseier at eg kan vita det… Det eg veit er at eg vart litt skremd då eg ein gong såg ein gjeng samfunnstoppar bli intervjua i ei avis om kva slags skjønnlitterær bok dei las akkurat nå eller hadde lese i det siste. Ein skremmande høg prosent av dei sa at dei ikkje hadde tid til å lesa skjønnlitterære bøker. Min første tanke var «Då får dei skremmande lite trening i å tenkja andre sine tankar».

Alle fire barna våre er glade i å lesa og les bøker. Det er eg glad for å ha inspirert dei til. Likevel kan eg tenkja,»Du burde lært dei å bli glade i å gå på ski…» Det har dei dessverre, og nå er eg ikkje ironisk, aldri lært av meg, og til mitt forsvar heller ikkje av sin austnorske far, med god norsk oppdraging i så måte.

26783378100_82713e8b07_o

Men heldigvis så inneber sommarliv heime og turar på sykkelen og på beina, sånn stort sett kvar dag. Eg må jo ut og oppleva kor fint alt er ute nå. Vidare betyr det lange økter med skriving, enten med penn eller på tastatur, og det utan å kikka på klokka heile tida, noko som denne heller utflytande teksten er eit eksempel på. For meg er det som regel rein skaparglede i det å setja seg ned for å leika med ord. Det er sikkert like uforståeleg for mange som det er uforståeleg for meg at nokon har stor glede i å springa mil etter mil eller å vera i timesvis i treningsstudio. Det er lett for meg å tenkja at dei gjer slikt fordi dei er så flinke menneske, men sannsynlegvis er det ein del som rett og slett likar det… Me er i grunnen fascinerande forskjellige. I sommar har eg lyst til å skriva mykje, det grenser nesten opp til ordet jobbing, men eg trur innsatsen stort sett kjem til å fylgja lystprinsippet…

27073953985_b5195eda41_o(1)

Ein annan sommarfyd er å vera spontant sosial. Det å invitera okon til eit felles måltid, bli invitert til nokon, ta ein kopp kaffi i lag med folk du har for lite tid til, eller rett og slett snakka litt med naboen.  Sommaren er kanskje meir enn noko å sleppa å sjå på klokka heile tida. Akkurat dette les eg og ei bok om for tida, men den skal eg koma nærare tilbake til seinare. Det er godt å ha tid til å tenkja tankane sine heilt ut, sjølv om nokre av dei kan vera litt skremmande.

26798740460_2d064a119d_o(1)

Medan eg har skrive dette, har eg høyrd tre episodar av Språkteigen på nettradio. Det er ei fantastisk oppfinning at ein kan spara opp radioprogram og høyra på dei når ein har tid. Eg har drukke eit stort krus med svart kaffi, og fått besøk av katten som har skubba viktige ting ned av skrivebordet mitt. Nå ligg ho her og mel, og eg får litt dårleg samvit for at me snart skal reisa i frå ho. Sjølv om nokon skal passa på både henne og huset blir det slutt på døgnservice som innebær å bli sluppen inn eller ut midt på natta og bli klappa og mata etter spontane behov…

26995618543_b6c876f939_o

Eg vart nettopp avbroten på ein annan veldig hyggeleg måte og. Eg fekk ein telefon frå ein hyggeleg mann som fortalde at dei hadde lyst til å bruka bidraget mitt frå «Bibeldikt» som ein del av den store festgudstenesta under Olavsdagane i Trondheim laurdag 6. august. Det vart eg oppriktig glad for at dei hadde lyst til. Eg blir barnsleg glad kvar gong nokon har lyst til å bruka noko eg har laga. Eg vart invitert til Trondheim, men måtte seia at datoen nok dessverre ikkje passar. Eg spurde om det gjekk an å høyra gudstenesta på radioen. Det sa han at eg kunne. Det skulle gjerast opptak som skulle sendast seinare. Det gler eg meg til å høyra…

27268349953_e12723d1e4_o

 

Nå er teksten blitt så lang at det sikkert bare er nokre få som kjem heilt ned hit, så nå er det nok på tide å avrunda… Ha ein velsigna sommardag heime eller borte… Til avslutning passar det å sitera ei linje frå eit dikt eg skreiv for nesten tretti år sidan:

Men framleis juniregn,
ha tol…

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

Siste sundagen i juni

I dag var det min tur til å vera loddselgjar på Hå gamle prestegard, som dugnad for vennelaget på prestegarden. Det er ein hyggeleg sundagsaktivitet, dersom ein klarer å nyta å ta livet med ro. Det er så fint der nede at det ikkje gjer noko om veret er på den eine eller andre måten, vakkert er det uansett. I tillegg er det ein veldig triveleg atmosfære inne i lokala. Loddselgjarane sit slik til at ein har utsikt gjennom utgangsdøra i glas, og kan fylgja med på livet nede i havkanten og på skip og seglbåtar ute på havet. Meir imøtekomande folk enn dei som sat ved skranken i dag trur eg ein skal leita lenge etter…

Medan eg sat der og kikka på folk og på havet, snakka med hyggelege folk som var innom, og skreiv dikt mens eg hadde tid, kom dei gong på gong for å fylla kaffikoppen min. Så kom ein av dei og lurte på om han kunne få lov å henta ein lappe til meg borte i kafeteriaen. Han kunne anbefala sin eigen favoritt, lappe med rømme og rabarbrasyltetøy, kunne eg ha lyst til å smaka det? «Det høyrdest godt ut,» svarte eg, og snart var han tilbake med godsakene, og hadde til og med med seg kniv og gaffel i tilfelle det skulle vera vanskeleg å eta på grunn av all rømmen…

Då det nærma seg stengetid og det minka på folka, sa dei at eg godt kunne avrunda loddsalet, så fekk eg tid til å kikka på utstillingane. Det hadde eg lyst til. Det var tre utstillingar der, ei russisk utstilling med tema religion i russisk samtidskunst, ein installasjon av ein kinesiske installasjonskunstnar, Beili Liu, som hadde forelska seg i jærnaturen og hadde laga installasjonen «Der vindane får fart.»

Den tredje utstillinga er den eg har vald å visa glimt frå på bileta over. Den danske kunstnaren Julie Word har hatt eit prosjekt der ho har teke utgangspunkt i fotografi av for henne ukjende menneske, gjerne foto ho har funne på internett. Desse lagar ho portrett av der ho leikar seg med uttrykka i ansikta deira. Ho forsterkar gjerne trekk ho vil ha fram, og kan gjerne gje dei masker eller la ansikta deira vera delvis svarte. Ein del av utstillinga var ein dokumentarfilm der ho fortalde om prosessen og om arbeida sine. Me fekk sjå henne jobba med bileta medan ho fortalde kva ho tenkte. Ho brukte blyant, tusj og akvarell. Eg likte både filmen og bileta hennar veldig godt.

 

Då eg gjekk inn om føremiddagen, regna det ganske tett. Etter at eg var ferdig med dei fem timane mine, hadde skodda kome sigande med tett skodderegn. Det skapte eit spesielt og veldig fint lys som eg hadde trengt eit mykje betre kamera for å få skikkeleg fram. Eg har likevel gjort eit forsøk på å fanga eit av husa i havkanten hylla inn i grå skodde, og nokre av sauene og ungdyra som beitar i havkanten der eg er sikker på at graset må smaka salt.

Då eg kom heim venta det eg hadde gleda meg mest til denne dagen. Halvard er heime ein snartur, og Leif hadde lova å laga pizza til barn og svigerbarn i nærleiken. I dag var det bare Sunniva som mangla. Det er noko av det finaste eg veit å samla alle saman. Det er ikkje så ofte det skjer lenger. Me kunne og feira at Halvard har kome inn på førstevalet sitt til nesteår, filmregilinja på Westerdals. Eg gleder meg med han. Det er veldig kjekt når dei får driva på med det dei har mest lyst til.
Heidi