Gå til innhald

Livet vårt litt frå sidelinja

Å vera på reise er mellom anna å sjå livet vårt litt frå sidelinja. Me er borte frå kvardagane våre, tinga våre og dei menneska me pleier å omgåst med. Menneska rundt oss snakkar andre språk, er opptekne av andre ting og fører samtalar på språk me til dels ikkje forstår og derfor bare må gjetta oss til innhaldet av.

me har god tid til å snakka saman, lever liv utan ytre forventningar og kan bruka dagane som me vil i eit hav av nye inntrykk. Me lagar oss ein rytme, startar dagen med ein tekst av Knut Grønvik og ei bøn frå bønneboka. Finn svart kaffi, frukt ost og grovbrød på frokostbuffetane og les litt i aviser på språk me klarer å forstå.

Og den store verda har me med oss. Me ser Bernie Sanders halda tilslutningstale til Hillary Clinton sitt presidentkandidatur og ber til alle gode makter om at hans idear må få vera med inn i ei regjering leia av Hillary og ikkje av Donald.

Me ser David Cameron gå ut døra og Theresa May gå inn den same døra utan å vita heilt kven ho er. Me ser folk i gatene i Venezuela som er ute for å prøva å finna mat til barna sine, og heldigvis ser me mange spor av det gode i fet me opplever. Det er bare ikkje alltid det som kjem på dei store verdsvide skjermane?

Ein gong i tida, då eg framleis var yngre enn yngstedottera mi er nå,  hadde eg eit postkort på hybelkjøkkenskapet der det stod «Viss kvinnene fikk styre verden…» Eg er vel ikkje lenger sikker på at det er universalløysinga på ein betre verden, likevel synest eg det er bra at kvinner nå utan at det skal setjast spørsmålsteikn ved blir presidentar i USA. Det er lov å håpa at tradisjonelle feminine verdier som omsorg  og varme etterkvart vil få ein stadig større plass i dei store politiske systema.

Akkurat nå sit eg i den store lilla sofaen i hotellvestibylen som kan skimtast på biletet. Me har landa for ei lita arbeidsøkt. Begge to har me skriveprosjekt med oss, så det hender me tek oss små skrive- og kvilepausar, og her er det godt nett i motsetnad til på rommet vårt. I går kveld var me ute og opplevde Warszawa, byen som har forandra seg totalt etter at me var her på bryllaupsreise for trettiein år sidan. Det var i sovjettida  og folk stod i kø på fortaua for å få tak i diverse typar varer. Eigentleg var det ein utruleg sær ting å dra hit på bryllupsreise når eg tenkjer etter. Det må skuldast at eg hadde ein utruleg eventyrlysten brudgom og at me fekk tak i billige togbillettar…

I går åt me salat på det mest fancy kjøpesenteret eg har vore inne i nokon gong før me gjekk tur i ein park og drakk kaffi i ei bygate. Då me gjekk heim i mørket vart me våte av varmt regn.

Berlin – Warszawa

image

Desse gatemusikantane får spela oss til Warszawa, for i dag har det blitt lite fotografering. Me vart seine i dag morges då me skulle finna toget vårt, og vart forvirra då me ikkje fann vogna som stod på billetten. Det viste seg at den vogna av ein eller annan grunn var tatt av togsettet.

Heldigvis fekk me sitja saman likevel i ein slik liten gammaldags kupe med sete mot einannan og vindu og glassvegg ut mot gangen. Slike har eg ikkje sett på mange år, men eg reiste ofte med dei på interrail i ungdomen, så det var litt koseleg. Der sat me saman med ei polsk dame og ein polsk mann, og jammen dukka det ikkje opp ei gammaldags togtralle med servering av kaffi, te, brus og vatn. Eg takka ja til kaffi, og syntest det var både koseleg og godt, men tenkte nok i mitt stille sinn at kaffien på polske tog var relativt tynn…

Etter å ha  drikke ein halv kopp, forstod eg korfor. Det eg trudde var ein papirrull med mjølkepulver viste seg å vera pulverkaffi. Eg sat rett og slett og drakk varmt vatn.

Min polske medpassasjer, ein ulastelig antrukken mann som sat overfor meg såg ut til å mora seg litt over det heile, og det får ein unna han. Etter å ha rørt ut kaffipulveret, tenkte eg at det i grunnen var praktisk med det vesle plastloket på koppen, så det sette eg på att. Problemet var bare at eg hadde gløymt å festa det, så i første slurken rann det større mengdar svart kaffi nedover den lyse overdelen min. Då eg kom tilbake frå togdoen med ein stor våt flekk framme etter å ha prøvd å vaska kaffien av, håpar eg i grunnen at min innfødde medpassasjer ikkje la merke til at Leif drog diskret i blusen min som hadde festa seg i bukselinningene bak…

Eg hadde med meg lesestoff til den fem og eit halv- time lange turen, men stort sett vart eg sitjande å sjå ut av vindauget. Det vart eit gjensyn med dei store åkrane med kornblomar og valmuer og dei små smale bilvegane frå me var på biltur i Polen for to år sidan. Eg trur bestemt at eg skimta eit storkepar og…

Sidan nordmenn er ganske pengesterke når dei er i Polen, har me sjekka inn på eit hotell som i standard er i overkant av kva me er vane med å forhalda oss til… Eg trur det er første gongen eg har opplevd at ein dresskledd mann har tatt i mot oss i døra for å bera bagasjen vår. Romet er stort med bord, skrivebord og to smale dobbelsenger. Det var skapplass og koffertplass, så akkurat nå ligg me på kvar vår breie seng i vår nye ryddige heim. Leif har faktisk funne senga så behageleg at han har sovna. Det er til og med ein høgtalar ute på badet slik at du kan fylgja med på TV- programmet ditt sjølv om du skulle måtta ta deg ein snartur dit midt i filmen.

Det er og ein rikholdig minibar her, og gratis vannflasker. På bordet står det to små flasker merka «after alkohol». Eg tolkar det slik at det er eit eller anna som er tenkt å forebyggja bakrus…

Det som dessverre ikkje fungerer så godt er internettet. Nå har eg fleire gonger mista avsnitt og setningar på grunn av små avbrot i nettilførsel. Eg får sjå på det som ei øving i å fatta seg i kortheit… Det kan eg i grunnen trenga.

Heidi

 

På sykkel i Berlin

image

Reisekameraten min hadde eit sterkt ynskje om å leia syklar for å koma oss lettare rundt i Berlin. Syklar er vel og bra, men pyse som eg er, så var eg usikker på om eg hadde lyst til å sykla rundt i bytrafikken. Eg hadde to absolutte krav for at eg skulle våga å skyva litt på eigne komfortsoner: Det måtte vera ein damesykkel utan stong, og det måtte vera pedalbrems på han, ikkje to handbremser. Den første plassen me prøvde var det litt vanskeleg, men på andre forsøk fann me dei perfekte syklane. Så suste me i veg…

Plutseleg var alt innan rekkjevidde, og me kunne samla på gatemusikantar. Dei første trur eg var ein far og to søner. Den andre gruppa trur eg dreiv gateevangelisering på Alexanderplatz. Eg klarte ikkje å finna ut kva dei song, det var på spansk eller rumensk, det som fekk meg til å tru at det var evangelisering var at dei ofte song Halleluja…

image

Ein mann som nok ikkje var heilt edru benytta anledninga til å famføra sitt eige private danseshow til songen deira. Han dansa etter det eine nummeret etter det andre og såg ikkje ut til å bli lei. Han var flink til å dansa og gjorde det med ei djølvsagt rytmekjensle. Eg veit ikkje korfor, men det var noko med dansen som berørte meg.

image

Eg måtte senda melding til ungdomane våre at nå var gamlishipsterane på sykkeltur i Berlin og akkurat nå åt ein trendy økologisk vegetarlasagne på ein høgt rata plass på tripadvisor…

 

 

Me sykla rundt i byen i nesten ti timar med innlagde små pausar for å få oss mat eller for å sjå på ting. Det var ein god måte å oppleva byen på, sjølv om Leif sin optimistiske påstand om at det var gode sykkelstiar overalt viste seg å vera ei sanning med visse modifikasjonar. Nokre stadar var det rett og slett litt skummelt å sykla for litt overforsiktige vesen som meg, men då går det an å søkja tilflukt på eit fortau og eventuelt leia sykkelen eit stykke. Då me kom tilbake var me ganske trøytte og sliten begge to, så det er kanskje bra at morgondagen blir ein togdag og ikkje ein sykkeldag. Men kjekt var det, rett og slett kjempekjekt.

Heidi

Me som går forbi

Likninga om den barmhjertige samaritanen har fått ei ny vinkling. Før har eg sett det som ei eksempelforteljing som skal hjelpa oss å gjera det rette. Nå skimtar eg mitt eige ansikt halvvegs skjult i kappen til presten og levitten som skundar seg forbi og håpar ingen såg at dei har sett.

I storbyar blir ein utfordra på andre måtar enn heime. I går gjekk eg forbi to gonger, eg kjende skam ved å gjera det, og eg gjekk forbi fordi eg var hjelpelaus og fordi motet svikta.

Første gongen gjekk eg ned Invalidenstrasse, der me bur på hotell eit par dagar. På ein benk ved eit busstopp låg ei ung jente og sov i ein merkeleg stilling. Ho hadde ein plastpose med livet sitt i ved sida av seg. Ho såg herja ut. Ho var nok i ein form for rus, men eg lurte på om ho trong hjelp. Hadde ho teke ein overdose. Leif var som så ofte tjue skritt foran meg, eg prøvde å ropa på han, men fekk ingen reaksjon. Tett i tettmed menneske gjekk forbi, ingen reagerte i det heile tatt. Kanskje det var eg som overreagerte. Eg tenkte at eg burde gå bort.

Plutseleg vart eg redd for at ho skulle bli aggressiv, redd for at ho skulle riva til seg veska mi, redd at ho skulle ha allierte som hadde gøymt seg, mange rare tankar eg ikkje trudde på sjølv. Eg måtte bestemma meg. Eg var i ferd med å bli gått i frå. Det var jo mange andre enn meg som kunne og burde reagera… Eg gjekk vidare, men snudde meg fleire gonger i håp om at nokon skulle gå bort. Eg såg ingen. Eg skamma meg, og tenkte at viss dette hadde vore skjult kamera, så ville eg vore ein av dei som gjekk forbi… Dei eg mange gonger har reagert med indignasjon over når eg ser det på film. Eg sa til meg sjølv at det var sikkert ikkje så farleg sidan ingen andre reagerte. Så gjekk eg vidare.

Bare timar seinare stod eg utanfor Berlin Hauptbahnhof i lag med mange andre ukjende menneske. Leif var gått for å ta ut fleire pengar, og eg hadde sagt at eg ville venta på han der. Eg såg ein mann liggja samankrølla på fortauet. Han hadde ei brennevinsflaske i handa. Eg vurderte om eg burde gå bort og sjå om han trengde hjelp. Etter ei stund kom han seg opp og sette seg på ein benk. Han var svært overstadig berusa. Han kunne ha vore på min alder eller ti år eldre. Han kunne og ha vore ti år yngre… Han hadde ingen tenner att i munnen, kleda var skitne og uflidde og auga hans var slørete og symjande.

Mannen begynte å brøla. Han snakka ikkje og ropte ikkje. Han brølte som eit dyr eller som ein fotballsupportar. Lyden kunne minna om ein stut eller ei utolmodig ku. Eit brøl, eit opphald på nokre sekund, eit nytt brøl. Slik haldt det på. Folk gjekk omvegar forbi han og såg på han med avsky, frykt eller nyssgjerrig interesse, men ingen gjekk bort. Skulle eg gå bort? Kva kunne eg gjera?

Ville han i så fall la frustrasjonen gå ut over meg? Ville han slå med den halvfulle flaska han hadde i handa? Ville han spytta eller kanskje til og med bita og kanskje smitta meg med hepatitt eller hiv?

Men korfor brølte han som eit såra dyr? Hadde han vondt nokon plass? Hadde han eit forferdeleg angstanfall? Var han i delirium eller var han psykotisk? Haldt han på å døy av eit eller anna og ingen brydde seg? Kan ein døy på ein benk medan hundre menneske ser på utan å løfta ein finger dersom ein er rusa nok. Eg fann ikkje på ei meir fornuftig løysing enn å be til Gud inni meg, halda eit auga med han og håpa at nokon snart gjorde noko.

Folk kom ut frå stasjonen med trillekoffertane sine og gjekk rett forbi. Endeleg gjekk ein ung mann bort til han og prøvde å snakka roleg med han utan å få skikkeleg respons. Då tok han opp ein telefon, slo eit nummer og sa noko eg ikkje høyrde. Kort tid etter kom dei. Fem politikonstablar med uniform. Dei hadde tatt på seg hanskar. Tre av dei var så unge at dei mykje mogleg var aspirantar under opplæring, for det var vel i overkant å koma fem mann for å ta seg av ein overstadig berusa bråkmakar. Dei prøvde lenge å snakka roleg med han utan å få svar. Dei diskuterte seg i mellom og var rolege og vennlege. Til slutt henta dei ein slags rullestol dei fekk plassert han i og rulla han med seg bort i politibilen medan han framleis brølte på same måten. For alt eg veit så kan dei ha henta han på same måten fleire gonger i veka.

Eg sa til Leif etterpå at eg burde ha reagert… På dei eine eller andre måten når ein mann sat og brølte og alle bare gjekk forbi. Han sa at eg kunne ikkje ha gjort så mykje fornuftig. Ikkje visste eg kva nummer eg skulle ringa, og ikkje har eg kompetanse i korleis menneske skal behandlast i ein slik situasjon. På ein måte har han rett, på ein annan måte kan eg ikkje heilt befri meg frå tanken at eg burde ha vore meir handlekraftig. Eg forstår presten og levitten som gjekk forbi mannen som vart overfalt av røvarar på ein øde veg. Det var ofte landevegsrøvarar i området, og mannen kunne rett og slett liggja der for å lokka til seg godtruande menneske slik at røverbanden hans som låg på lur kunne storma fram og overfalla dei…

Eg tenkjer ofte på songen til Sivart Dagsland «Ka kan eg gjørr eg e så liden?» Ofte følest det slik.

I dag var me innom eit museum med bilete frå Hitlertida. Det slo meg at personana på bileta kunne ha vore kven som helst av oss om me hadde hatt moralsk uflaks og var fødde på den tida i det miljøet. Me er flokkdyr og vil helst tru og meina det same som resten av flokken vår. Det er tryggast slik. Eg veit ikkje om det er lov til å fotografera bileta på museet og bruka dei sjølv på internett, men det er det eg har tenkt å gjera for å understrekja tankane mine.

image

Dette er menneske som helsar på føraren sin på den måten som det vart forventa at dei skulle gjera. Eg reknar med at svært få av dei var grusomme eller vondskapsfulle menneske. Dei gjorde bare det som vart forventa av dei. Dei gjorde som alle andre.

image

Dette er glade menneske som fekk lov til å ta på føraren som beæra dei med å vera til stades på eit idrettsstevne…

image

Dette er unge soldatar som vart utplukka til å vera med i eit spesialkompani. Sjå kor unge dei er, dei ser nesten ut som barn. Hadde dei føresetnadar til å forstå kva dei var med på?

image

Desse glade menneska som hyggar seg med trekkspel og allsong er dei ansette i ein konsentrasjonsleir. På biletet er dei på utflykt og synest sikkert det er deilig å tenkja på noko anna enn jobben. Dei var sikkert kjærlege familiefedre og omtenksomme kjærastar fleire av dei…

image

Om dette biletet kjem frå den same utflukten veit eg ikkje, men desse søte unge damene, nokre av dei på alder med døtrene mine jobbar og i konsentrasjonsleir. Er det andre enn meg som sit med ein grøssande fornemmelse om at menneska på bileta kunne ha vore oss?

image

Dette er jenter som vert snauklipte framfor ei jublande forsamling fordi dei har forelska seg i krigsfangar. Etterpå måtte dei gå spissrotgang gjennom gatene med skilt rundt halsen der det stod at dei var utstøtte frå samfunnet på grunn av skjendig omgang med krigsfangar…

image

Og her er nokre av dei som let seg unhalda av å sjå på klippinga. Det er alltid ei god trøyst å vita at ein sjølv er eit godt og dydig menneske som ikkje driv med denslags som andre kan tenkjast å henfalla til…

Heer det berømte biletet  av den eine personen, midt i sirkelen som ikkje strekkjer armen til Hitler-helsing slik alle dei andre gjer. Kunne det ha vore meg eller deg? Det er fint å tenkja at det kunne det, men det krev mot å handla og meina på tvers av flokken…

image

Dette vart eit langt og alvorleg innlegg, men eg kjende at eg måtte skriva det, om ikkje anna så for min eigen del…

Gud hjelpe oss som går forbi. Ofte klarar me ikkje noko betre. Og Gud hjelpe oss som skal ta gode val. Det er ikkje bare bare å vera fødde som flokkdyr, sjølv om det å ha ein flokk, i alle fall for meg, er noko av det som gjer livet godt å leva.

Heidi

Sundag i Berlin

image

 

I går kveld ankom me Berlin Hauptbahnhof om kvelden. Me var innom ein thailandsk restaurant og kjøpte med oss vårrullar som me tok med på hotellet. Me hadde nemleg sett i ei nettavis at Henrik og Filip Ingebriktsen skulle springa finaleheat i EM, og det hadde me lyst til å få med oss. Me nådde det akkurat, og det var kjekt å få med seg den tyske kommentatoren. Det var stas å sjå dei springa inn til første og tredje plass, og sakna intervjua, som eg reknar med kom på norsk TV.

I dag er det finalen i fotball- EM som blir send på den fancy TV-veggen vår. Eg kikkar på med eit halvt auge medan eg skriv blogg og redigerer foto. Dersom det blir straffesparkkonkurranse skal eg heller ta pause i skrivinga.

image

Berlin er ein by det alltid er kjekt å besøkja. Eg nynnar «Ich hab`noch einen Koffer in Berlin» og mimrar ei tysklekse i leseboka frå Sandnes vidaregåande: «Berlin ist eine Reise wert.»

Eg hugsar og tydeleg instruksjonane frå min kjære tysklærar på ungdomsskulen, Jakop Bergeland som innprenta oss at på tysk heitte det Beeerliiin med trong e som i ser, ikkje som på norsk der det nesten blir Bærlin. Eg høyrer for meg at me måtte seia Beeerliiin både i kor og ein og ein for å overlæra poenget, men det kan vera eg hugsar feil… Den samme tysklæraren gav meg følelsen at tysk var eit ganske lett språk å læra, og då me kom til Sandnes vidaregåande, syntest me frå Ålgård at me kunne mykje tysk. Litt av gleda med å vera her er å snakka tysk. Det er jo eit språk ein for brukt mykje mindre enn engelsk, så det er kjempekjekt å praktisera det av og til.

Første gongen eg høyrde om Berlin var i samband med farmor og farfar sin sommarfosterson, berlinarguten Christian, som kom til dei kvar sommar då eg var lita. Det var eit prosjekt for å hjelpa vanskelegstilde barn frå Berlin. Bestemor frå Bryne fortalde om Berlinarmuren og kor trist det var at det var blitt slik, og at muren kanskje aldri skulle rivast.

I 1984 var eg og Leif på togtur til Berlin for første gong og fekk dagspass til å passera Checkpoint Charlie og oppleva DDR i Aust- Berlin. Det var veldig merkeleg å kunna gå gjennom grenseovergangen og vita at om austberlinarar prøvde seg på det same, så kunne dei bli skotne. Eg hugsar kjensla av å gå minst femten år tilbake i tid, og at me åt pølser på ein litt sliten imbiss i ei litt grå gate.

Eg hugsar og jubelen og vantrua då me såg muren falla via TV- skjermen vår på Klepp folkehøgskule, og at Per Inge som hadde eit eller anna ærend i Berlin kom til oss med ein murbit med raudmaling på den eine sida, ferskt hogga ut av den nyrivne Berlinmuren. Eg hadde murbiten ståande framme i mange år som eit symbol på at murar kan rivast og fridom kan la seg finna.

I dag har me bevega oss mykje i det området der Berlinmuren stod, og delvis framleis står som eit minne. Det gir meg ein porsjon framtidsoptimisme at den istykkerbomba byen frå 1945 der folk delvis levde i ruinhaugar på gatene og overlevde i eit nesten apokalyptisk miljø er blitt oppbygd til ein moderne og velfungerande by, og at byen der menneska måtte bu i skilde verdenar med ein mur i midten, nå er blitt ein by igjen. I dag var eg og inne i det som var den største synagogen i Berlin i førkrigstida, som vart stengd og seinare nedbomba, og som nå er gjenoppbygd. Dessverre høyrer det med til historia at synagogen av sikkerheitshensyn blir konstant overvaka av bevæpna politi og at eg måtte gjennom ei flyplassliknande innsjekking før eg slapp inn.

image

Etter at muren fall vart deler av han ståande att som eit minne om det som hadde vore. Forskjellige kunstnarar vart inviterte til å dekorera austsida av muren, det er blitt eit langt galleri med ulike bilete som kjem i lange rekkjer. Det berømte kyssebiletet med ansikta til Leonid Bresjnev og Eric Honecker, på biletet over, er eit av dei.

Me var på ein slik City-Rundfart, med turistbuss der ein i teorien kan hoppa av og på når ein vil, og hoppa av då me kom til dette området. Det som var synd var at det aldri kom ein ny buss me kunne hoppa på etterpå, men det er ein annan historie…

På baksida av murgalleriet var det ein annan historie som vart fortalt. Der vart det vist bilete frå Syria og fekk høyra historiane til menneske som hadde fått liva sine snydd opp ned etter krigshandlingane der. Det var eit sterkt innlegg i flyktningedebatten.

Denne mannen hadde mista begge beina i eit bombeangrep, og kvinna til høgre hadde mista den eine armen og fått store skadar i ansiktet.

image

Ei kvinne med hijab gjekk langsomt langs muren og filma fotografia. Eg kom til å tenkja på at ho kanskje sjølv var syrisk. Eg ser ikkje vekk frå at mykje i samtida vil få oss til å grøssa ein gong i framtida slik me nå gjer over Hitler- Tyskland, Holocaust og DDR- tida.

I dag hadde me den varmaste dagen me har opplevd i sommar. Etterkvart vart det sikkert tretti varmegrader. Midt i byen ved elva Spree var det fleire plassar oasar av sol og sommar midt i byen med fluktstolar og folk som solte seg på graset. På eit inngjerda område låg folk og solte seg i bikini og badebukser, åt is og spelte badminton. Visstnok skal det finnast kunstige sandstrender og til solingsbruk, men dei har me ikkje sett endå. Sjølv dreiv me det ikkje lenger enn til å drikka sundagskaffi på ein uterestaurant tett ved Spree. Nå er me trøytte i beina etter å ha trava rundt i Berlin i timesvis. Planen er å leia syklar i morgon…

image

Heidi

 

image

Første rapport frå togfararane

Så er me i gang med neste feriefase. Med eit visst vemod hoppa me ut av bilen til Odd Christian med koffertar og pass for å leggja i veg ut i den store verda aleine. Eg kjem til å sakna den store familien rundt langbordet, bilturar med mor og far og  lange spelekveldar med «ungane». For «ungane» er dei sjølv om dei er vaksne…

Me vart sette av i Hjørring, og skulle ta tog til Ålborg for å nå Hamburgtoget der i frå. Første vesle skjær i sjøen var at dette toget var nesten ein halvtime forsinka til stasjonen. Heldigvis hadde me berekna god tid, så for oss vart det ikkje noko problem.

Nå har me reist med Hamburgtoget i snart tre timar. Me rullar gjennom Sønderjylland og er snart ved tyskegrensa. Til nå har det vore den perfekte måten å reisa på. Eg har nytt å sitja her og glippa litt med auga medan eg lar den danske sommaren passera gjennom togvindauget. Det er godt å bruka litt tid på å tenkja på den fine veka på Grønhøj og gjera meg mentalt klar til resten av ferien. Akkurat nå er det den perfekte måten å bruka ein laurdag ettermiddag på… Eg kikkar litt i danske aviser, smuglyttar til samtaler og observerer nyssgjerrig mine medpassasjerar på det eg håpar ikkje er ein alt for openlys måte…

I kveld kjem me fram til Berlin der me skal vera i tre netter. Eg veit frå før av ar Berlin er ein fin by å vera i, og i fylgje vermeldingane så er me lova fint sommarver med ca tjuefem grader. Det seier me jatakk til.

I sommar har eg teke meg tid til å lesa ei bok av Thomas Sjødin som heiter «Det er mye du ikke må.» Som pastor og forfattar fann han ut at han skulle bruka nokre månadar på kunsten å kvila og vera stille og lyttande. Eg har tenkt å la meg utfordra til å gjera litt av det same. Livet mitt er ofte nok fullmøblert, og i ferien har ein sjanse til å ta inn på eit litt rolegare spor. Det er ikje feil å ha tid til å lytta til eigne tankar, reflektera over livet sitt og ta seg tid til å prøva å høyra Guds stemme, vinden og fuglesongen… Kanskje det til og med opnar seg vegar eg ikkje har visst om…

Nå rullar me inn på Lunderskov stasjon. » Oplev Lunderskov» står det på eit informasjonsskilt like ved stasjonen i det som ser ut til å vera ei usedvanleg laurdagsstille jernbanegate. Kanskje ville eg fått impulsar for livet om eg tillot meg å oppleva Lundetakoverbygg, men i dag tek eg meg ikkje tid til den utfordringa. Kven veit kor livet fører meg… Eg kan framleis koma til å få oppleva Lunderskov…

Heidi

 

 

Heidi

 

Siste dagen i dejlige Danmark

Eg er ikkje så glad i å avslutta ting, men snart må eg konkludera med at danmarksferiedelen er over. Fram til nå har det vore veldig fint å vera her.

Eg liker så veldig mange ting med Danmark. For eksempel liker eg at dei skriv «blidt brus» i staden for «lite kolsyre» eller noko slikt. Kven vil ikkje  heller ha blidt brus?

Far et ein handlingens mann. Han vaska den nye T-skjorta mi i kjøkkemvasken fordi eg hadde fått på matoljesprut. Det var oppteke på begge bada, men mannen visste råd. Eg trur det gjekk bra.

image

Dette var den siste dagen med mor og far. Me åt lunsj på ein restaurant  på Løkken, og feira samtidig at Oscar fylte seks år i dag. Den snille kelnaren serverte vatn i hundeskål og då me fortalde at hunden feira gebursdag, kom han med kyllingfilet til jubilanten og eit dansk flagg til bordet.

image

Ungdomane våre må ha gode pedagogiske evner… Dei får oss med på dei merkelegaste ting. Tidlegare i veka var det escaperoom, i kveld var det Harboelympic, ei slags turnering som mellom anna innebar pistolskyting og kappspring på stranda. Eg hadde ikkje blitt vesentleg flinkare i friidrett sidan sist eg prøvde…

Nå søv alle dei andre, og i morgon tidleg er det oppbrot. Nå skal eg prøva å få til å posta det eg trur er det første blogginnlegget eg har skrive på mobil.

Heidi

Galleri

Her låg det ei kyrkje

 

For tre år sidan leigde me eit sommarhus på Lønstrup, tett ved ein bratt klitte som stupte ned i havet. Ikkje langt frå sommarhuset låg det ei gammal kyrkje som dei delvis hadde måtta riva på grunn av at havet var i ferd med å riva til seg jordsmonnet ho var bygd på.

i dag ville eg visa denne kyrkja til mor og far. Då viste det seg at dei hadde måtta riva kyrkja heilt i 2015. Dei fleste gravstøttene var blitt flytta vekk, men nokre stod framleis att og viste at dette var via jord.

Det er litt av nokre krefter naturen kan varta opp med, menneska blir ganske små i ganske mange samanhangar. Havet et av kystlinja på Nordjylland. Det er gjort forsøk på å stoppa erosjonen, mellom anna ved å byggja langsgåande moloar ute i havet, men til ein viss grad må mennesket gje tapt. Ein del av sommarhusa står farleg nær skrenten nå. Fleire av dei er til sals, men eg tippar at dei ikkje er heilt enkle å selgja.

image

Her på Grønhøj ikkje så veldig mange mil lengre sør er strendene flate og breie. I dag var det eit dramatisk syn å sjå utover havet.

Men himmelen og lyset forandrar seg heile tida. Etter ti minutt kan alt sjå annleis ut.

I dag har eg gått tur på stranda. Eg gjekk og vassa i havkanten. Det var så fint.

Små blåmanetar låg tett i tett i det sjiktet av stranda der bølgjene smyg seg opp og trekkjer seg tilbake att. Eg kan ikkje hugsa å ha sett dei heime, i alle fall ikkje i slike mengdar.

Det er så fint her at eg lett skulle vore her heile sommaren, men nå tek det til å minka på Danmarksveka vår…

Heidi

Galleri

Skagen

Skagen er ein av favorittstadane mine her i verda. I dag reiste eg og Leif og mor og far dit. Me fekk til og med nydeleg sommarver. For å få sett mest mogleg av Nord- Jylland kjørne me langs små vegar med gulnande åkrar, jordbær for sjølvplukk og kartofler og  æg til salgs.

Far spanderte nydeleg lunsj på restaurant Kokkenes. Rekesmørbrødet deira kunne kon’kurrera med det eg hadde på Løkken for to dagar sidan. Dette var nok hakket sunnare med store mengder nypilla reker og masse grønt av forskjellig slag.

Ein liten tur til huset til Anna og Michael Ancher vart det og tid til. Eg har lese så mykje om Skagens- malerne at eg synest nesten eg kjenner dei personleg… Eg har vore inne i dette huset i alle fall to gonger før, men eg fekk frykteleg lyst til å gå inn i dag og. Det gjorde eg. Dei andre ville heller venta i den fine hagen.

Det er så fint å gå omkring i huset og nesten kunna fornemme syemninga frå somrane då kunstnerkolonien var samla på Skagen.

 

Det er og kjekt å sjå maleria deira hengja på veggane.

Etter husbesøket vart det litt meir vandring før me kjørde ut til området rundt Grenen.

Til slutt reiste me til Gamle Skagen, Højen. Der sat me solnedgangsbenkjene og såg utover storhavet medan me åt softis og drakk kaffi, før me tok ytterste vegen «heim» gjennom halm og heder, nyperoser, og endelsuse, kvite blømande potetåkrar. Og kva Skagen angår. Eg ville elska å vera der i fem-seks dagar i strekk og bare sjå og oppleva.

Heidi

Galleri

Innelåst på enecelle

I dag var det dagen for å dra til Ålborg.

 

Eg og mor og far fann oss ein fortauskafe, og det var me ikkje aleine  om.

image

Dagens særaste aktivitet var eit besøk i eit escaperom. Odd Christian hadde vore med på det før og klarte å overalt oss alle, inkludert mor si til å bli med. Me hadde delt oss i to lag og kvart lag skulle låsast inne i eit rom i ein time. I løpet av denne tida skulle me prøva å løysa eit mysterium ved hjelp av hint, oppgåver, kodar og logikk.

Eg var på lag med Sunniva og Leif. Me tre vart låste inne på det romet som døra på biletet fører inn til, anstalten. Det første som skjedde der inne var at eg vart låst inne på ei lita mørk enecelle med ei madrass og ei bøtte på golvet. I bøtta låg ei lommelykt og når eg lyste mot veggane dukka det opp koder i ultrafiolett lys. Desse kodane måtte dei to på utsida bruka til å få opna ein kodelås for å få meg ut av romet. Då eg kom ut til dei andre måtte me finna hint i romet som gav oss nøklane til små skrin til puslespelbitar og rebusar.

Me klarte å løysa gåta og finna dei rette svara på ca førtifem minutt, og det andre laget kom seg ut dei og før det var for seint.

Eg har fått med meg at slike rom er ein trend i tida. Eg har syntest at det høyrest veldig rart ut og i tillegg litt klaustrofobisk og skummelt. Eg sit att med kjensla at dette var mykje kjekkare enn eg trudde. Det var leik og improvisering og teambuilding på same tida, og me var glade og gira etter at me hadde fått til å løysa oppgåva saman…image