Den ekstra dagen me får kvart fjerde år er i dag. Ein gong i tida vart eg bedd om å vera telefonsvarar for min ugifte onkel denne dage og helsa og seia at han heller valde dei tolvpar hanskane når damene ringde. Han meinte at det var nok best eg sat på ein stol i gangen ved sida av telefonen denne dagen, for på den tida hadde folk telefonane på gangen. Då eg gjorde meg klar til ein interessant liten jobb for eit sørskulebarn, fekk eg beskjed av bestemor at eg ikkje måtte høyra på det vaset, og onkelen min lo godt og lenge. Han gifta seg forøvrig aldri. Kor mange par hanskar det kosta han, veit eg ikkje…
I dag trefte det seg slik at eg hadde fri denne dagen mellom vinter og vår. Kjekt besøk hadde eg og. Eva Mari har vore hos meg i helga, og reiste først nå i ettermiddag. Me fekk oss ein tur langs stranda. Det var kaldare langs sjøen i dag enn i går, men det gjer godt å kjenna litt motvind mot ansiktet. Det gjer og godt å sjå dei store linjene mellon himmelen og havet og det store lyset. Eit menneskeliv kjem i eit større perspektiv der nede.
Havet hadde skore skarpe stykke av marehalmfeltet på Refsnes, og det var skylt i land lange rekkjer av små, glatte, svarte steinar. Dei låg der som ei knapperad langs blondekanten av havsskum som kom inn mot land med kvart einaste bølgjeslag.
Og på straumkiosken var det kome strøk av moderne bykultur, ein grafittisjøfugl. Då me kjørde mot Orre, syntest eg så tydeleg at eg såg ein flokk viper på ei tjelve. Kunne det stemma, mon tru? Eg kom ikkje nære nok til å bli heilt sikker på at det verkeleg var viper. I så fall er det rett og slett våren som er her «heilt på skikkeleg». Det har vore lite viper dei siste åra, eg håpar verkeleg ikkje at dei forsvinn heilt for oss. Viper er for meg ein viktig del av Jæren og av våren.
Den blå himmelen frå helga var borte, men det opna seg hol av lys over oss. 
Me fekk og tid til lunsj på Kjøkkenet i lag med May Brit. Plutseleg var me ein heil gjeng som delte privilegiet å kunna kombinera skotorsdagen med ein frimåndag. Nå får eg bruka det som er att av skrivedagen min til å rett og slett skriva litt. Kanskje blir det fleire blogginnlegg og? Eg har mykje eg ikkje har fått tid til å skriva om.
Viper eller ikkje…
God vår alle saman.
Heidi
Eg har fått sprøsmålet om eg har tips til nokon som skal organisera bønevandringar eller meditasjonsvandringar. Eg tenkte eg kunne ta dokke med på litt av det eg laga til i går, kanskje nokon kan bruka ideane, eller bare synast det er litt spennande å kikka inn i eit rom dei ikkje så ofte er i sjølv?
Ein av dei første stasjonane dei møtte dei som var med på bønevandringa i går var denne posten med ein spegel. Der stod spørsmålet: «Korleis ville du lika å bli møtt av personen du ser i spegelen dersom du møtte vedkomande i nabolaget, i byen eller på jobben?»
Me brukar alltid denne fine lysgloben som i si tid er laga av ein mann frå Bryne.
Men me har fleire stasjonar for lystenning der ein kan tenna lys for nokon ein tenkjer spesielt på eller for andre ting. Mange opplever det å tenna eit lys som ein måte å be ei bøn på dersom ein er uvan med å be. Eg synest det er veldig fint at alle kan vera med og utføra bønehandlingar enten trua er vaklande eller skråsikker.
Ei gammal legende seier at menneska har fått sjå kvar sin del av Kristi ansikt. Dersom me deler det me har fått sjå vil bilete veksa fram mellom oss. På denne posten blir ein utfordra til å ta ei puslespelbrikke og prøva å leggja ho ned i det store bilete som eit symbol på det å vera klar til å dela truserfaring med andre.
Sidan gudstenesta i går var ei temagudsteneste om det å vera flyktning i Norge, så laga eg ein post der ein kunne lesa «Kjærleikens høgsong frå 1. kor 13 på spansk, fransk, engelsk, tysk, bokmål og nynorsk. Eg utfordra alle til å lesa på eit språk dei til ei viss gras ikkje kan forstå, men som dei har litt kjennskap til for å sjå teksten på ein ny måte…
I bønevandringane våre har me nokre postar som alltid går igjen. Ein er å skriva bønelappar og leggja i ei krukke som blir boren fram for altaret til slutt. Ingen les desse lappane, dei blir makulerte etterpå, men for mange kjennest det godt å få formulera seg skriftleg. Det er og alltid ein stasjon der ein kan leggja småstein ned framfor eit kors. Her er fokuset at ein kan visualisera noko tungt som ein helst vil sleppa å bera med seg vidare, og som ein symbolsk legg over på Gud.
Denne gongen hadde eg og ein variant av noko ein ofte gjer i lag med barn. Eg hadde bretta papirblomar i ulike fargar. På lappane hadde eg skrive ord på ulike språk frå Galatarbrevet fem om kva ein skal leggja vekt på når ein lever det gode livet. Blomane opnar seg av seg sjølv når dei kjem i vatn og vil til slutt liggja der som vannliljer ned ord på. Eg lærte nokre nye ord på både fransk, spansk og tysk forresten… Er dei ikkje fine, desse orda som må kunna seiast å vera ei rettsnor for det gode liv for oss alle, same kva me trur på..
Liebe, Freude, Friede, Geduld, Freundlichkeit, Güte, Treue, kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, love, joy, peace, forbearance, kindness, goodness, faithfulness, gentleness and self-control,kjærlighet, glede, fred, langmodighet, mildhet, godhet, amor, gozo, paz, paciencia, benignidad, bondad, fe, l’amour, la joie, la paix, la patience, la bonté, la bénignité, la fidélité, la douceur, la tempérance…
Desse bønevandringane er som oftast parallelt med nattverdsutdeling frå to stasjonar, men i går hadde me ikkje nattverd. Stasjonane på bønevandringane varierer frå gong til gong. Eg trur personleg at det er godt og viktig å få bruka fleire sansar enn øyrene når me er i kyrkja. Når til og med eg, som er eit utprega auditivt menneske som trivest med å bruka lyttesansen, så må det vera noko i det… Dessutan tenkjer eg at det er godt å få lov til å bruka «barnet i seg» litt meir. Me er ofte så vaksne og fornuftige. Det er som oftast alltid bønevandringar på dei kveldsgudstenstene me har i Brynekyrkja ein gong i månaden. Velkomen til å vera med.
Heidi
Det er slik livet er, slo det meg akkurat. Dagane, minutta og sekunda legg seg oppå kvarandre og dannar noko som til slutt blir eit liv. Dersom me stoppar opp og ser betre på detaljane så ser me mykje vakkert som me vanlegvis ikkje ser. I dag hadde det nettopp regna då eg tok dette biletet, og i sollyset kom fargane og detaljane fram.
Slik er det med epokar i livet og, for eksempel ein vinterferie. Det blir lagt stein på stein og så er han ferdig.
I stova er det blitt vår. Med alle dei fine tulipanane frå Amsterdam, så var det på tide å finna fram den fargerike løparen er har spart til våren og.
Sidan min reisande venn kom heim frå langtur midt i veka, så har me halde oss rundt telta denne veka. Med ein ferierande mops er det blitt ein del turar uta, men ein dag tok me ein hundefri tur inn til Stavanger. Programmet var tilpassa middelaldrande nerdar med ei innlagd økt på biiblioteket til skriving og lesing.
Kino vart det og. I luksussalen faktisk. Det er den romslegaste kinosalen eg har vore inne i. Ein kunne strekkja seg fritt og uhemma i alle retningar og det vart servert gratis kaffi, te og twiat. Filmen me såg, Brooklyn, var nydeleg. Han handla om ei irsk ungjente som valde å reisa aleine til USA fordi nokon kunne hjelpa henne til å få ein jobb der. Filmen handlar om det å vera framand og ny, om heimlengt og om kjærleik. Det som var litt sjeldant var at det så og seia ikkje var ein einaste skurk i filmen. Alle var høgst menneskelege menneske som gjorde så godt dei kunne for at livet skulle vera godt for dei sjølve og for andre. Biletet over er forresten frå ein av reklamefilmane og har ingenting med «Brooklyn» å gjera.
Plutseleg møtte me på ei syster på gata. Det passa fint for me var akkurat på veg til å eta lunsj. Me klarte å lokka henne med oss og havna på ostehuset. Her er ho i ein engasjert samtale, og der gjekk mobilbatteriet mitt… Eg sa, og eg som ville ha deg med på bloggen min, nå fekk eg ikkje tatt eit fint bilete. «Drid i, brug dæ du he,» sa ho, og slikt set me pris på…
Same kvelden fekk me vera med og feira Hanne Lise som fylde år. Gunnar hadde bakt ei fantastisk nøttekake til henne med heile hassselnøter på toppen. Den skal eg prøva meg på ein gong eg treng ei skikkeleg festkake.
I dag var det flott ute på Håtangen. Det var eit merkeleg og dramatisk lys. Halve himmelen var svart av regnversskyer og den andre halvparten var lys. Det skifta mellom sol og regn, og lys og mørke.
Og havet gjekk høgt og skummande.
Plutseleg såg eg ein sjøfugl som sat på ei stein og skalv. Det måtte vera noko gale med han. Eg nærma meg forsiktig og fuglen sat heilt stille og kraftig skjelvande der i vinden. Plutseleg spg eg at han hadde ei jernstong inn i ryggen, Eg vart heilt kvalm, noko av det verste eg veit er å sjå fyr som openbart lir. Tankane for gjennom hovudet mitt. Kunne me få han til dyrlegen? Burde me gjera noko, eller skulle me bare sjå på og lata som ingenting.
Forsiktig gjekk eg heilt bort til han. Då oppdaga eg til mi lette at fuglen ikkje var levande. Det var rett og slett nokon som hadde laga han og sett han der. Eg faktisk heilt inntil for å vera sikker på at eg såg rett. Kva som er meininga med å ha han der veit eg ikkje. Skal han lokka noko til seg? Er han til pynt? Kanskje nokon veit… ?
Dette biletet er ikkje skarpt, men det viser korleis lyset var. Eit fascinerande syn. Eg forstår malarar og fotografar som blir heilt hekta på dette med lys.

Og småsteinane på stien er jammen ganske flotte dei og når dei får lyset på seg.
I dag fekk det bli ei samling usensurerte bilete. Om dei ikkje på nokon måte er stpr fotokunst, så får dei vera ein dokumentasjon av nokre synsinntrykk frå dei siste dagane. Kasnkje eg ombestemmer meg og rydder i dei etter kvart. Nå må eg begynna å organisera meg for å bli klar til å rigga til kveldsgudeteneste om ein liten time. Ha ein fin sundagskveld.
Eg gleder meg til å få tid til å lesa vidare i ei nydeleg bok eg begynte på i dagmorges.
«Svattrosten synger i skumringen» av Linda Olsson. Eg anbefalar ho med dette til alle som liker vakre og stilferdige romanar. Nå gler eg meg forresten til å høyra svarttrasten synga vårsongane sine om ikkje for lenge
Heidi
Frå min entusistisk truande periode i ungdomen, hugsar eg dette refrenget frå ein song:
Mer enn ord, mye mer enn ord,
mer enn ord, mye mer enn ord…
Eg trur det kanskje var ein Kari Hansa, Gregers Hes song. Ei av linjene i teksten var: «Vi takker deg Jesus, fordi du har vist oss, at evangeliet er mye mer enn ord…» Nei, nå fekk eg sms- hjelp frå Torhild som kan fortelja at det rett og slett er Bjørn Eidsvåg sin tekst. Ja visst, tenkjer eg, det visste eg jo eigentleg..
Denne songen har eg tenkt på dei siste dagane. I arbeidet mitt som spesialpedagog har eg vore med på å prøva ut ulike teoriar og program for å hjelpa barn som slit med eit eller anna. Ei dame eg møtte i forbindelse med eit kurs eg var på konkluderte med fylgjande setning som ein kommentar til innhaldet i kurset:
«Men det er ikkje nok å ropa halleluja, ein må gjera det i tillegg…» Dette utsagnet var nok ikkje først og fremst meint som eit religiøst innspel, meir som ein kommentar om at ein fin teori har lite for seg om ein ikkje orkar å stå i den krevjande prosessen det er å utføra teorien.
Då me var i Stavanger i går vart eg fascinert av desse måkane som tilsynelatande gjekk på vatnet på Breiavatnet. Det dei gjer er å gå på eit tynt islag med varn oppå. Det ser flott ut, men det er det er det faste fundamentet under føtene som ikkje utan vidare er synleg for alle og ein kvar som ber dei.
I morgon skal eg vera med og laga i stand til kveldsgudsteneste i Bryne kyrkja. Her er omtalen frå Stein, presten vår sin penn:
Flyktningar og kyrkja ansikt til ansikt
Brynekyrkja sin kveldsgudstenesteserie «ansikt til ansikt» heldfram førstkomande sundag. Denne kvelden vil handla om flyktningane blant oss, og om det store arbeidet som Bryne kompetansesenter gjer for språkopplæring og vellukka integrering. Ivar Johannessen og Ola Undheim ved kompetansesenteret vil orientera og leia ein samtale med nye landsmenn med ulik bakgrunn og nasjonalitet.Gudstenesteutalget i Brynekyrkja ønskjer at denne kvelden og heile serien skal byggja viktige bruer og gje auka innsikt ogkjennskap i viktige endringar som skjer i tida og nærmiljøet vårt.Denne kvelden vil me tydeleg ønskja flyktningane hos oss velkommen i kyrkja og stilla oss opne for det me som enkeltmenneske og fellesskap kan bety og utgjera ein forskjell i.Me håpar mange vil nytta høvet til å bli betre kjent med nye landsmenn busette i Time. Men også at dette kan gje ei positiv retning nå rett før me får større mottak av asylantar. Gudstenesteformen gjer at ansikt-til-ansikt-samtalar ogsåinkluderer gudsmøtet. Dette er tilrettelagt gjennom stille tid medvandring til stasjonar med tekstar og symbolhandlingar. Og ikkjeminst i felles sang, der ei gruppe frå Burma deltek.
Om nokon skulle ha lyst til å koma etter å ha lese dette, så begynner gudstenesta klokka sju i morgon, 21.februar. Eg håpar at både kyrkja og enkeltmenneske kan vera med på å gjera Bryne til ein god plass å koma til. Ein tekst eg fekk lyst til å bruka i gudstenesta er denne frå 1. korinterbrev. Eg siterer på ulike språk…
Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.
If I give everything I own to the bread of the poor,
yes, if I give myself to be burned,
but have not love,
then I have nothing won.
Love is patient, love is kind,
It does not envy, does not boast, is not proud.
Love does not infringe, seeketh not her own,
is not tempered and keeps no record of wrongs.
Love does not delight in evil
but rejoices in the truth.
Love bears all things, believes all things, hopes all things, endures all things.
| La charité ne périt jamais. Les prophéties prendront fin, les langues cesseront, la connaissance disparaîtra. |
| Car nous connaissons en partie, et nous prophétisons en partie, |
| mais quand ce qui est parfait sera venu, ce qui est partiel disparaîtra. |
Cuando yo era niño,
hablaba como niño, pensaba como niño,
razonaba como niño;
pero cuando llegué a ser hombre,
dejé las cosas de niño.
Porque ahora vemos por un espejo,
veladamente,
pero entonces veremos cara a cara.
Ahora conozco en parte,
pero entonces conoceré plenamente, como he sido conocido.
Y ahora permanecen la fe, la esperanza, el amor:
estos tres; pero el mayor de ellos es el amor.
Av og til er det godt å lesa kjende tekstar på andre språk. Då ser ein det med eit nytt blikk.
Så er det utfordringa vår når det kjem til kjærleiken som til alt anna.
Meiner eg med dette at nestekjærleik ligg nærare dei som har ei kristen tru enn dei som ikkje har det? Nei, det er ikkje det eg vil fram til, bare at dei av oss som har det, og i tillegg alle dei som liker fine ord om kjærleik burde kunna få eit puff i rett retning av å lesa denne teksten…
og
Det er ikkje nok å ropa halleluja…

Heidi
For dei av oss som ikkje reiser mot snøen så er vinterferien nesten som ein port mot våren. Det er kome eit drag i lufta som har våren med seg sjølv om det framleis er is på vasspyttane og markene framleis har den vinterfarga gulbrune fargen. For her på Jæren er ikkje vinteren først og fremst kvit. Han er gulbrun og grå, jordfarga og gulbleik med kvitt bølgeskum ytst mot himmelen.
For oss som er fødde og oppvaksne her er det noko heimsleg med stein og frostsvidd gras frå i fjor. Og måkeskrik er lyden av både sommar og vinter. Det raraste av alt er kanskje at me ærleg og oppriktig synest at det er vakkert og i grunnen ikkje vil byta det vekk med metervis med snø og høge brøytekantar.
På turen min i går fekk eg forresten med meg ein veldig særeigen form for musikk. Store deler av Tjødna var dekt av små isflak. I den kraftige vinden klirra dei mot kvarandre i bølgene og nokre stadar høyrdest det høgt og tydeleg tonar som minde om englespel, klokkespel eller vindharpe og då eg gjekk langs vegen var det djupe fløytetonar frå dei nye lyktestolpane. Eg prøvde å laga eit opptak på mobilen av ismusikken, men dessverre vart lyden av vinden alt for dominerande.
Ei meir konkret helsing frå våren kom Leif heim med i form av tulipanar direkte flyborne med han frå Amsterdam. Nok til å fylla to vasar. Og eg og ungane venta her heime med velkomstkaka.
Nå fekk eg besøk av ein son som må få kaffi, eg er snart tilbake.
Heidi

Livet er ikkje alltid for pyser. Me som har levd ei stund, veit at verda fram til nå har vakla vidare på sitt eige skeive vis etter dei fleste kriser og dødsdomar. Då eg vaks opp var verda, i alle fall mi vesle verd i vårt eige hjørde ein stad på sørvestlandet prega av den kalde krigen. Me høyrde om dette på skulen, høyrde vaksne snakka om det, og med jamne mellomrom kom det opp saker i massemedia som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen min. Eg hugsar me stod under ei gatelykt ein gjeng med unge tenåringar bortanfor huset til Morten og diskuterte om me kom til å bli vaksne før verda gjekk i lufta. Det var i alle fall Else, Einar, Morten og eg som stod der, men eg trur me var fleire, Eg fann ei viss trøyst i at Einar sa klart i frå om at me andre var overdrive hysteriske, men me andre gira kvarandre heller opp.
Eg hugsar at eg hadde klare forestillingar om at Bresjnev og den amerikanske presidenten sat på kvart sitt kontor med eit lite låsbart skap på veggen. På eit eller anna tåpeleg innfall av panikk eller stormannsgalskap, kunne dei bare strekkja ut handa, opna skapet og trykka på knappen, og så ville Ragnarok vera laus. I ettertid har eg fått vit nok til å forstå at fullt så enkelt som eg trudde det var å trykka å knappen var det nok ikkje. Uttrykket «å trykka på knappen,» var forresten noko alle visste kva betydde på den tida. Far prøvde å overbevisa meg om at det gav tryggleik at maktballansen var der for ingen menneske vil djupast sett utsletta jorda, og med den alt det dei sjølve er og eig, men eg lot meg ikkje heilt beroliga.
Med fasit i hand, så veit eg at me rakk å bli vaksne alle saman, nokon av oss har til og med rukke å bli besteforeldre. Det hadde nok lite samanhang med at eg då eg begynte på vidaregåande skule skaffa meg jakkemerke med «Nei til atomvåpen» og «Viss kvinnene fikk styre verden.» Eit av barna mine lurte på eit tidspunkt på korleis me kunne leva våre vanlege liv i ein så spent verdssituasjon. Eg svarte at folk til ei kvar tid lever vanlege liv under dei mest forferdelege truslar, og at me gjekk jo ikkje rundt og tenkte på det heile tida.
Eg må innrømma at eg kjende ein antydning til ei kald iling nedover ryggen då den russiske statsministeren Dmitrij Medvedev uttalte at vesten hadde drive verda inn i ein ny kald krig. Erna Solberg var raskt ute og sa til det norske folk at ho ikkje var skremd av uttalinga. Den som tek pulsen på verda må stadig skjelva, og dei av oss som vaknar til ein alldeles nydeleg februarmorgon heime på Jæren med høg blå himmel, sol og vindstille er i ein fullstendig annan situasjon enn dei i Syria som me høyrer om på radioen som ser eit sjukehus drive av leger utan grenser bli bomba.
Eg har fulgt med på TV- serien «Krig og fred» bygd på Leo Tolstoj sin roman, og fekk meir og meir sans for serien undervegs. Allereie i dei første episodane slo det meg kva slags absurd teater krigen vart framstild som i denne serien. Familiar sender stolte sine unge menn til fronten for å drepa og bli drepne. To lag står oppstilde som til ein idrettskamp og så gyv dei laus på kvarandre med sverd og skytevåpen eller rir mot kvarandre på hestar og stikk kvarandre ned. Det er og hjarteskjerande å sjå unge menn, nokre av dei nesten bare barn som henrykte gler seg til å koma til fronten for å kjempa for fedrelandet og kanskje venda heim som heltar. Den vanvitige krigslogikken, som vel ingen menneske djupast sett kan meina er oppbyggeleg, kom godt fram. For meg låg spørsmålet og dirra i lufta heile tida: «Kva slags meiningslaus galskap er det me menneske er i stand til å driva på med?» Det som gjorde det ekstra absurd var at den russiske hæren veksla på å vera for og mot Napoleon.
Eg forstår at ulike folkegrupper har ulike interesser og ulike synspunkt på korleis det heile heng saman. Så pass skjøner eg. Eg skjøner og at ikkje alle krigerske grupper er klare til å forhandla over ein kopp kaffi og eit fat druer. Likevel klarer eg ikkje å for alvor tru at krig og mannedrap er løysinga på noko som helst. Eg innser likevel at Karin Boje kan ha eit poeng når ho seier i eit dikt:» Det goda er varnlöst, det goda behöver inte segra.»
Mennesket er eit komplisert vesen. Det at mennesket er eit utprega flokkvesen gjer ikkje saka mindre komplisert. For rett og slett å sitera meg sjølv og det eg trur er det kortaste diktet i den siste diktsamlinga mi:
Det er farleg
lett å ropa for høgt
så lenge
ein har mange å ropa saman med.
Saman i grupper skapar me oss ein rett og ein agenda. Det menneske meiner dei har rett på går ikkje alltid i hop. Me i vår del av verda er eit kroneksempel på det. Fordi me er fødde til eit liv i det rikaste landet i verda, så trur me at me og våre har rett til å byggja eit gjerde rundt det me meiner er vår del av rikdomen for å sikra at me og barna våre kan reisa på dyre feriar og eta marsipankake kvar dag resten livet. I denne veka hadde eg den rare opplevinga av å bli oppringd av eit ukjend nummer då eg sat i møte. Eg slo mobilen på lydlaust. Etterpå kunne eg lesa tekstemeldinga: «Vårt Land prøver å få tak i deg, vær så snill å ringe meg på…» Eg vart litt satt ut. Kva ville avisa meg? Skriva om diktninga mi? Nei, så sterkt viste det seg ikkje å vera, dei ville eg skulle lesa ein artikkel i magasinet «Strek» om korvidt salmetekstar kunne vera skadelege, og så skille eg bli oppringdt av ein journalist for å uttala meg.
Då fekk eg mellom anna sagt noko eg har tenkt heilt sidan eg var barn at fylgjande linje i nasjonalsongen fann eg betekjeleg:
«Har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett…» (Eg har altså ikkje som mange eg kjenner fortvila over den foregåande linja «Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett», det passerer heilt greitt i mitt hovud. Heller tårer enn krig…)
Kva gamle Bjørnstjerne meinte med den linja er så sin sak, men om me som bur i dette landet begynner å tru at me har ein gudegitt rett til å grafsa til oss av alle goder utan tanke på å ha ansvar for resten av verda, så synest eg det gjer grobunn for eit meir enn betenkjeleg verdssyn…
Eg kjenner til familiar der menneske har brote all kontakt etter eit arveoppgjer. Eg kjenner til relasjonar der menneske som kunne ha vore gode vener ikkje lenger har noko med kvarandre å gjera etter at ord som vart sagde i ein gitt situasjon har lege der og gnagd som djupt krenkjande. Det er så lett å koma på kant med kvarandre. Det er så lett å skapa skiljer.
Denne veka skjedde det meir i det store verdsbiletet. Det fann stad eit historisk møte mellom to greiner i den verdsvide kyrkja som ikkje har vore på talefot på veldig lenge. Pave Frans møtte Patriark Kirill i den Russisk ortodokse kyrkja. Det har vore ein isfront mellom dei to kyrkjene som gejnsidig har underkjend kvarandre etter ein dogmatisk konflikt for svært lenge sidan. Nå møttest dei etter initiativ frå pave Frns som uttalte at han ønska å omfavna sin ortodokse bror. Dei møttest til samtalar om dei kristne sin vanskelege situasjon mellom anna i Syria. I seg sjølv må kunna sjjåast på som eit stort paradoks at dette skismaet mellom den katoske og den ortodokse kyrkja i det heile tatt har funne stad, men at dei nå møtest og at paven kjende på eit sterkt ynskje om det, rører meg som eit streif av det gode. Det er håp for verda.
Ein annan, nesten litt bagatellmessig framlagt sak på radioen gledde meg og stort. Det vert rapportert om at det nå er meir bier i verda enn det har vore dei siste tjue åra, og at det kan sjå ut som om den store skremmande biedødsepidimien er i ferd med å brenna ut.
Det er håp for verda, men det er me som må bera håpet fram. Det er lett å tru at nokon andre må koma og ordna opp i galskapen, men det er faktisk me som er dei vaksne.
La oss vera romslege med kvarandre og prøva å gjera verda til ein god plass å vera. Me er utfordra både i verdssamanhang og samfunnsamanhang. Nokon svelt i hel på grunn av matmangel, nokon bur i land der det er farleg og nesten umogleg å bu, nokon er overmanna av å prestera livet sitt i eit land der det burde vera lett å ha det bra. Me veit alle at livet kan gjera vondt sjølv under dei beste ytre føresetnadar til å ha det bra.
Sannsynlegvis skal du ut og møta menneske i dag. Gjer det på ein varm og skikkeleg måte enten dei er gamle naboar eller kjem langvegs frå. Eg prøver å gå ut med to ordtak i hendene. «Den som har sjølvironi har alltid noko å le av,» og «Den som vil gje det gode meir plass har alltid noko positivt å gjera.»
Heidi

Eg har fått ordna meg så eg kan leggja ut bilete her igjen. Det gjer at eg kan leggja ut ein stemningsrapport frå levd februarliv og visa bilete frå den siste veka. Dette blå vinterlyset er eg så glad i.

Eg har framleis ein draum om å få til eit bilete av trea i skulegarden smekkfulle av vinterkråker, men eg treng truleg betre fotoutstyr for å få det heilt til. På det mørkaste letta kråkene i nitida om morgonen og kom tilbake før fire om ettermiddagen. Nå tek dei til vengene ca kvart på åtte, og dei begynner å koma tilbake i halv femtida. På dette biletet er det framleis god plass i treet. På det tettaste sit dei så tett at dei nesten kjem borti kvarandre med fjørene. Det må vera fleire tusen kråker som overnattar i skulegarden vår.

I går hadde me det årlege karnevalet på Bryne skule. Skulen var full av små prinsesser, ninjakrigarar, varulvar, gamle damer, hekser, piratar og diverse andre vesen. Det er fascinerande å sjå korleis nokre av barna verkeleg går inn i rollane og er heilt annleis enn dei pleier. Det er alltid ein dag med stigande stemning, så det har fungert greitt at karnevalet blir siste innspurten før vinterferien. Sidan eg sjølvsagt ikkje kan leggja ut bilete av elevane mine på bloggen, så får eg illustrera med eit bilete av meg sjølv i rollen som lille Rødhette i Rødhettekostyme sydd av eit gardin frå Fretex for mange år sidan.
For dei som måtte lura, så kom eg levande og lukkeleg i frå den litterære lunsjen på biblioteket. Det var masse folk i bibliotekskafeen, og sjølv om det alltid er litt skummelt å setja i gang, så må eg nesten ta meg i saman for å avslutta når eg først er på gli. Det å fortelja og lesa opp i ei lyttande forsamling er utruleg fint anten dei lyttande er barn eller vaksne.
I går kom eg heim til vinterferien ganske trøytt etter ei travel veke. Eg hadde planar om å gå ein tur på ein liten time i den fine ettermiddagssola med den firbeinte bjeffande helgegjesten min. Det skulle visa seg at Oscar hadde andre planar. Han ville heller slappa av i den medbrakte reisesenga si og stritta i mot så godt han kunne. Etter tre-fire hundre meter lukkast han i å smøya seg ut av selen sin og sprang tilbake så fort han kunne. Det ende med at eg gjekk aleine, heller det enn å dra med seg ein mops på stive bein, eventuelt å bera han…
I dag var veret like fint, så eg har vore ute mesteparten av dagen. Først gjekk eg ein tur til sentrum, så ein miniatyrtur med ein litt gjenstridig hund, og til slutt ein runde og ein halv runde til rundt Melsvatnet i lag med Gerd. Utanfor blomsterbutikken var det fint pynta til Valentines dag og morsdag. Dei fortalde at i dag hadde dei oppe ekstra lenge utover kvelden fordi dei ivrigaste til å kjøpa Valentinesbukettar er ganske unge menn med kjærastar, og denne gruppa står ikkje tidleg opp i helgene…

Nå er det lyst nok til å gå til klokka seks, så lyset er verkeleg på veg tilbake. Det var ein nydeleg tur i fint ettermiddagslys og med nokre få minusgrader.


Ved brua stod ein «stygg andunge» som var i ferd med å utvikla seg til svane og varma hovudet sitt under venga.

Både på pyttane og på sjølve vatnet var det eit tynt islag.

Og eg håpar fleire enn meg ser den livsglade steinen med skøyarsmil og bustehår midt i dette biletet…

I vinterbedet mitt spirer det vårblomar. Mine hageferdigheiter er så pass begrensa at det kjennest som eit heilt ekte under kvar gong noko kjem opp i det heile tatt.
Nå gleder eg meg til ein roleg laurdagskveld med TV og strikketøy. I morgon er det meir program og i beste fall meir fint ver som ventar.
Heidi

På sundag hadde me eit rituale å gjennomføra. Ja, det kjendest nesten slik, sjølv om mange livsstilsprofetar truleg vil grøssa over formuleringa. I heile mitt liv har eg ete, eller i det minste vore i nærleiken av fastelavnsbollar på fastelavnssundag, og kvart år har ungane mine fått det servert i heimen den same sundagen. For at det ikkje skulle bli heilt feil dette året, innkalde eg dei av barna mine som var tilgjengelege til å eta bollar på sundag klokka eitt. Resten av dagen hadde eg nemleg program… Dei to dukka opp sjølv om svigersonen var forhindra, og det var kjempekoseleg å servera dei bollar med krem og melisdryss. Her hadde eg tenkt å ha eit bilete av hendinga, men eg fekk nettopp beskjed frå bloggoperatøren om at eg har brukt opp min opplastningskvote og at eg må betala 99 dollar for å få lasta opp fleire bilete… Truleg er det akkurat det eg kjem til å gjera, men eg vart litt betenkt og gjerrig… Er det verd det? Ja, det er det sikkert… Blogg vil eg jo ha, og bilete vil eg gjerne leggja ut og… Men inntil vidare får lesarane nøya seg med bilete som allereie er lasta opp… Ei kvit lilje er vel aldri feil…
Etter at den første runden med bollar var avslutta, så bar det rett vidare til Vodlavegen og feiring av svigerinne Bjørg sin gebursdag. Der var det fullt hus og stormande jubel og verdens søtaste tvillingpar som var høgt og lågt. Sjølvsagt var det bollar på bordet der og.
Den mest eksotiske avtalen eg hadde denne sundagen var hos Inger og Arme. For ganske mange år sidan starta eg og Inger «Interesseforeninga til fremme av døgnets forlengelse:» Det kan diskuterast kor langt me har nådd fram med fanesaka vår. Rasjonelle sjeler i våre næraste familiar hevdar at me ville vore like langt med lengre døgn, me hadde bare kome til å tøya strikken tilsvarande lenger med hensyn til leggetider… Det at me ikkje direkte har klart å oppnå målet vårt, vil ikkje seia at me ikkje kan samlast for å markera den gode saka. Me fann det naturleg og formålstenleg å leggja ein sundagsrangel inn i almanakken. Ingen av oss hadde tidlege avtalar dagen etter, så alt var duka for ein lang kveld. Me starta med koseleg kveldsmat og så var det strikking, snakking, frukt, snacks, og god drikke, i dette tilfellet farris og lettbrus som stod på timeplanen.
Ved midnatt toppa det seg ytterlegare. Då kom det ei dame til for å vera med på resten av kvelden. Eit veldig ungt menneske, forøvrig. Det yngste barnebarnet til Inger som er ca seks veker gammal ankom i pyjamas med eit teppe rundt seg. Betre kan det ikkje bli. Ho hadde ikkje tenkt å sova, men var meir i humør til å bli boren rundt i stova. Det passa meg utmerka, for å bera omkring på små nyfødde barn er noko av det aller finaste eg veit. Klokka to om natta fann me ut at det kanskje var på tide, til og med for oss å gå inn for landing, og den yngste gjesten vart boren heim til foreldra sine i nabohuset. Glad og fornøgd avslutta eg dagen med å lesa litt på senga og stilla vekkerklokka på halv ti i staden for ti på halv sju. Det å vera på besøk hos nokon du liker å vera i lag med til langt på natt sundag kveld kan anbefalast. Det kjendest herleg frigjerande, sjølv om eg ofte er omtrent like sein når eg er aleine på mitt lønnkammer ein dag eg ikkje skal tidleg opp. Dersom du har lyst til å bruka ideen bør du kanskje for ordens skuld sjekka ut at vert eller vertinne deler di oppfatning av ein vellukka sundagskveld…

Nå i kveld har eg brukt tid på å førebu meg på «Litterær lunsj» på Time bibliotek på torsdag klokka eitt. «Foredraget mitt» heiter «Ta heller med deg hjartet ditt,» eg vil fortelja litt om å skriva, men bruka mest tid på å lesa opp tekstar eg har skrive, hovudsakleg dikt. Nå blir det hard prioritering på å finna ut kva eg skal ta med og ikkje, for eg kan snakka på både innpust og utpust i nesten det uendelege dersom det skulle vera det det står på, men eg trur at både eg og lyttarane er tente med litt tidsdisiplin. Slike arrangement er alltid litt skumle i forkant, men samtidig så syneste eg at eg er heldig som får lov til å gjera slike ting. Det er ein fantastisk anledning til å løfta fram ting som eg synest er viktige, og det er i grunnen ganske mykje som eg synest er viktig når eg først tenkjer etter…
Her siterer eg Kumbel etter minnet:
Det meste er uvigtigt, ærlig talt,
og ærlig talt er kun det minste viktigt.
Gør derfor tillidsfullt det meste galt,
men gør af all din kraft det minste rigtig.
Kumbel
Eg prøvde utan hell å googla dette gruket, men fann det ikkje. Eg tok meg rett og slett ikkje tid til å leita i diktbøker, men dersom nokon ser kva som er feil i tredjelinja, så vil eg gjerne vita det…
Ha ein fin tysdagskveld.
Heidi

I januar har eg hatt god tid til å lesa bøker. Desse tre bøkene har eg hatt stor glede av å lesa, og eg kan anbefala dei til andre bokelskarar. Alle desse tre aktiverte viktige tankar og var vanskelege å leggja i frå seg.
» De urolige» er Linn Ullmann sin sjølvbiografiske oppvekstroman. Det er ei vakker bok om det å vera barn av to kunstnarar som på kvar sin måte gjorde oppveksten hennar lite A-4 prega. Det er og ei til dels hjarteskjerande historie kor vanskeleg det til tider kan vera å vera barn. Boka traff meg både som ein historie som fekk meg til å hugsa korleis det var å vera lita, som ein historie om kunstnaren Ingmar Bergmann og som ein historie som er viktig for meg som framleis får lov å vera ei brikke i barn sin oppvekst.

Merete Lindstrøm sin roman » Fra vinterarkivene» ber med seg noko av den same vakre, vare og vemodige tonen om det å leva i ein komplisert verden. Forfattaren seier at boka i stor grad er sjølvbiografisk. Ho handlar mellom anna om det å vera ein del av ein familie der fleire av hovudpersonane er ekstra sårbare for kreftene i livet. Ho beskriv det å ha ein partnar som slit med både depresjonar og rus og det å ha både foreldre og svigerforeldre som og strever med livet. Boka handlar og om det å leva som kunstnar og det å vera mor. For meg fortel begge desse bøkene viktige ting om det å vera menneske og det sårbare i det å vera barn prisgitt mange faktorar i liva til vaksne som omsorgspersoner. Eg vil påstå at begge desse bøkene er bøker til å bli klokare av.

Den tredje boka er så vidt eg har forstått skriven av ein norsk debutant, Maja Lunde. Her går tre historiar parallelt med fellesnemnaren bier. Dei er frå tre ulike tidsepokar. Den eine tråden handlar om ein amerikansk birøktar som ynskjer å leva som han alltid har gjort og som er i opposisjon til sonen som helst vil studera, er vegetarianar og som er skeptisk til kor økologisk forsvarleg faren sin måte å tenkja og jobba på er. Faren får ei svært ubehageleg overrasking då kubene hans blir ramma av noko som ubehageleg nok for lesaren er eit aukande problem i den verkelege verda; plutseleg bredd der heile kuber og koloniar døyr ut.
I ein av dei andre historiane blir me dregne inn i ein dystopi, ein forferdeleg skildring av ei framtid i ei verd der den moderne sivilisasjonen har spelt falitt. For å kunna overleva er store deler av befolkninga i Kina, der historien utspinn seg, tvungne til å jobba med handbestøvning av frukt- tre for å kunna overleva i ei verd utan humler og bier. Skulegang for barna sine kan dei gløyma, barn trengs som arbeidskraft for å skaffa mat.
Ein av dei eg har sett skriva om boka «Bienes historie» skriv at ho aldri meir kjem til å drepa ei bie. Eg forstår kva ho meiner…
I tillegg til lesinga så har eg strikka tre par ullsokkane og eit par vottar, sett fine program på TV, møtt kjekke folk på kafé og hatt mange trivelege gjester. Det er på tide å ta seg sjølv i nakken og koma seg ut på lange turar. Det gode turveret bør ein ikkje vera alt for oppteken av i vårt hjørne av verda…
Heidi


































