Gå til innhald

Fjerde dag jul 2015

image

Det var dagen for å omsetja ein julepresang til levd liv. Ein av julepresangane eg fekk av barna mine såg slik ut:

image

Far deira fekk eit veldig liknande gavekort, og i dag var dagen for samla familieferd til kino og indisk restaurant.

Før me kom så langt så fekk eg ei veldig triveleg julehelsing i posten frå mi svenske nettvenninne Petra med fint julekortmotiv frå Vadstena kloster. Eg har gode venner som har vore der fleire gonger og snakka varmt om kor fint det er på Vadstena, og nå fekk eg endå meir lyst til å reisa dit.

I ettermiddag hadde eg besøk av den søtaste vesle julegjesten som tenkjast kan. Han hadde nettopp fyllt to år, hadde lyse køller, og var veldig oppteken av katten, som forresten var bemerkelsesverdig tålmodig under klapping, kosing med kattehale og undersøkelse av kattesnute. Det var og kjekt å undersøka pynten på juletreet, synga og hoppa «jamfødes» rundt på golvet med små frydefulle rop. Eg er sjarmert i senk. Fine bilete tok eg og, men eg torer ikkje å leggja dei ut på nett utan å ha spurt om lov.

Kvelden vart kjempefin. Me såg filmen «En mann ved navn Ove», og åt deilig middag på indisk restaurant der dei hadde dekka langbord for oss alle. Me «vaksne» fekk ikkje sjå rekninga ein gong… Det er utruleg koseleg å gjera ting i lag med heile barneflokken inkludert Oddvar. Eg håpar det blir mange slike anledningar framover.

Heidi

Tredje dag jul med julekortstemning og god gang

image

I natt var det skikkeleg storm ute som etterkvart utvikla seg til skikkeleg rennedrev. I dag hadde veret løya litt, men det var litt snø som smelta vekk med føremiddagen. I dag var det dagen for ein av romjulstradisjonane våre. For nitten år sidan var me fadrar då vesle Maren vart døypt. Kvart år etterpå er me blitt inviterte på faddermiddag for å markera dåpsdagen hennar i lag med Olve og Elin som og er ein del av fadderkompaniet. Det er ein koseleg tradisjon og alltid kjekt. Før var me tre fulltallige familiar som møttest for å feira. Dette året var det bare oss vaksne i tillegg til dåpsbarnet, som jammen har blitt vaksen ho og, Me skulle møtast på Tjørn, i hytta til Torhild og Per Magne. Der var det meir snø, og nesten litt julekortsstemning. Me var litt urolege for om batteriet på elbilen ville klara turen, så me reiste på sparebluss utan oppvarming med ullteppe til trøyst. Det gjorde det ekstra koseleg å koma inn i hytta der vedomnen hadde gjort det varmt og godt.

image

Me var framme klokka to, og etter den føtste timen begynte det å mørkna ute.

imageEtter middagen drakk me store mengdar svart kaffi og koste oss med gode julekaker.

image

 

Og med nydeleg heimekokt gome som Kirsti hadde laga. Det er nesten ingen som kokar gome lenger. Eg lurer på om me er den siste generasjonen som brukar det som festmat…

image

Takk til vertinna med juleforkleet på plass! Nå er me trygt heime att.

 

Heidi

2. juledag med tid til ro og tankar

image

Denne boka fekk eg av Leif til jul. Eg begynte dagen med å lesa ein tredjedel i eitt strekk, og då eg fann ho fram att i kveld, klarte eg ikkje å leggja ho vekk før eg hadde lese alt. Takk til Peter Svalheim for ei viktig  og veldig interessant bok.  Det stod mykje eg visste der, men og mange ting eg ikkje visste, til dels vonde og såre ting. Eg las om personar eg kjenner til frå ulike samanhangar. Forfattaren skriv  mykje om Guds Fred, der han sjølv har vore med, og dersom forfattaren er den eg trur, så trur eg faktisk eg har møtt han ein gong. I juni 1980 var eg sjølv på eit tredagars besøk på Fredens bolig i Krokskogen i lag med to venninner for å besøkja storesyster til den eine vennniia som budde der på den tida. Me budde på firemannsrom i lag med ei svensk jente som og var på besøk og var med på husandaktar og i arbeidet på garden. Eg var med på luking og på å dela opp kokte kaninar som var oppalte og slakta på staden. Eg sugde inn atmosfæren med alle sansar og misunde dei som fekk bu der og vera ein del av det heile.

Både eg og Leif var ungdomar medan Jesusvekkelsen stod sterkt i Norge. Eg likte den litt rufsete hippiestilen og elska visesongen, gitarspelet, det kompromisslause engasjementet og den sosialetiske profilen som Jesusvekkelsen stod for. Samtidig syntest eg det var litt skummelt på ytterste karismatiske fløy, så eg skygga litt unna akkurat det. Samtidig var det befriande å både høyra til i kyrkje og bedehus og samtidig kunna gå med jakkemerke med «Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi» og «Nei til atomvåpen». Eit tiår tidlegare er det ikkje sikkert det hadde vore så stovereint med jakkemerke og hippieklær i kyrkja. Eg abbonnerte på «Ny tid» og «Folkevett» og skreiv brev gjennom «Amnesty International.» Leif var kanskje endå meir insidar enn meg i Jesusbevegelsen. Han har i si tid jobba for «Operasjon Mobilisering» og vore på team med «Ungdom i oppdrag». Då eg møtte han var han aktiv i «Navigatørene».

Boka til Peter Svalheim talar både om det livskraftige i bevegelsen som har sett varige spor og etterkvart blitt teke opp i Den Norske Kyrkja, mellom anna via «Korsveibevegelsen». Korsveibevegelsen har eg takka Gud for mange gonger, for meg har både Korsveifestivalane og anna med utspring i Korsveirørsla, som tidsskriftet «Korsvei» og magasinet «Strek»  vore veldig viktige impulsar i livet mitt som menneske og som eit medlem av kyrkja.  Korsveirørsla har vore eit ankerfeste for veldig mange av dei verdiane som er viktige for meg. Eg er og veldig glad for at barna mine har fått med seg erfaringar med korleis kristentru kan fungera gjennom alle dei fargerike festivalane me har teke dei med på. På mange måter har eg og som vaksen identifisert meg med Jesusbevegelsen. Når eg les boka så forstår eg betre korfor mange «vaksne og etablerte kyrkjefolk» var skeptiske til ein del av det nye. Karismatiske vindar er i sitt vesen vanskelege å temma, og ungdom med sterk overbevisning er i eigenskap av å vera akkurat det, ikkje alltid like reflekterte i møte med idear og impulsar. Eg trur Jesusbevegelsen var nyskapande, forfriskande og nødvendig på mange måtar i ei kyrkje som alltid står i fare for å stivna i det etablerte og besteborgarlege. Likevel ser eg at det nok sit att ein del «brende barn» med erfaringar dei i ettertid gjerne skulle ha vore utan. Alt som stikk verkeleg djupt i menneskesinnet kan vera både fantastisk og farleg, og mi personlege tru og erfaring tilseier at religiøs overbevisning er noko som verkeleg loddar djupa i det å vera menneske. I all tillitsfull og uorganisert tru ligg det og ein fare for maktmsibruk. Den som hevdar å ha Gud og alle gode andsmaktar i ryggen blir ikkje så lett å motseia. I dette ligg noko av det sårbare i det å vera menneske. Me ber kvarandre sine liv i hendene, måtte me gjera det med klokskap, ikkje minst når det handlar om tru. Sjølv er eg av den overbevisning at tillit og tru er viktigare enn nokon gong i ei verd som i alt for stor grad er styrd av egoisme og marknadskrefter. På same tida trengst det store mengder klokskap og sjølvinnsikt hos dei som har ansvar for kyrkja. For å seia det slik så trur eg at me alle må vera lyttande, varme og villige til å ta ansvar enten det gjeld å oppdra og undervisa ungar, driva kyrkje eller rett og slett vera medmenneske.image

Etter nokre travle dagar med juleførebuingar og julefeiring med mange rundt bordet, var det avslappande og befriande å kunna finna sofaen, boka eg hadde lyst til å lesa og eit varmt pledd…

image

Med kvar vår bok, kvar vår sofa, kvar sin kopp med kaffi og ein kjælen katt på deling, så hadde me ein god føremiddag, Sunniva og eg.

image

Utpå dagen vart veret ganske bra, og me måtte koma oss ut ein tur. Sidan det framleis er på det aller mørkaste, så gjeld det å koma seg ut før sola går ned.

image

Det var fantastisk fint nede på stranda. Havet gjekk uvanleg høgt opp og lyset i skumringa var heilt fantastisk. Det same var fargespelet i havoverflata med sjøsprøyt, brytande bølgjer og kvitt skum. Havet ligg der og dunkar som eit stort hjarte, nede ved havet finn eg ei eiga ro og ser betre kva som er stort og kva som er lite. Kva som er viktig, og kva som rett og slett er ubetydelege bagatellar.

image

I ettermiddag låg temperaturane ca på nullpunktet og det var vindstille. Nå bles det kraftig ute, og utover natta er det meld full storm. Me får håpa at dei som er ute i natt kjem seg trygt i hus.

Heidi

Helsing frå første juledagen 2015

imageOppdraget eg fekk av meg sjølv er utførd-, eg har skrive blogg kvar dag i adventstida- Nå er dette så innarbeida at eg får viss trappa litt forsiktig ned og skriva litt i dag og…

I dag var det dagen for juleselskap med dei i familien som ikkje har stukke på cruise i Karibien, og føremiddagen gjekk med til ein koseleg frokost, og så til å ordna i stand til julelunsj. Leif hadde stått opp før oss og hadde rundstykka klare. Heldigvis hadde eg alliert meg med Sunniva som på biletet er i ferd med å blanda pastasalat. Eit triks er å bruka frøa frå eit granateple i salaten, det blir veldig godt. Etterpå laga ho pesto av parmesanost, soltørka tomatar, olje og cashewnøtter, og så bakte ho to focacciabrød, veldig vellukka alt saman. Her i huset treng det ikkje å vera bare tradisjonsmat sjølv om det er jul.

Sjølv gjekk eg i gang med å laga eggerører og ein gigantisk porsjon karbonadar. Datoen på pakninga var ikkje overskriven, og kjøttdeigen lukta heilt som vanleg. Då eg skulle smaka, syntest eg likevel at det var ein litt rar smak på karbonadane. Eg delte ut smaksprøvar til Leif og Sunniva som meinte at det smakte heilt ok. Sjølv vart eg litt bekymra og såg for meg scenarioet der alle forsynte seg og ikkje våga å seia i frå om rar smak, åt for å vera høflege og vart liggjande med matforgiftning resten av ferien… Kanskje kjøtdeigen hadde kome for seint i kjøleskapet?

Det ende med at eg sa at ingen måtte eta viss dei syntest at det smakte rart. Heldigvis hadde me både røykelaks og spekekjøt, ost og kjeks, lefse og gomme og småkaker og desserter og frukt, så ingen kom vel strengt tatt til å gå svoltne frå oss uansett. Eg er oppteken at det er forkasteleg å kasta mat unødvendig, samtidig som eg er smånevrotisk på å tenkja at mat kan vera dårleg… Det er heilt klart eit luksusproblem. Mange menneske er sjeleglade for i det heile tatt å ha noko å setja på bordet når det kjem folk innom dørene.

image

Eg hadde kjøpt inn multesyltetøy til multekrem som jo høyrer saman med krumkaker, men eg bestemte meg for at det var betre om gjestene kunne hjelpa til med å eta opp riskremen og karamellpuddingen frå i går. At jula er ein overdådigheitsfest er vel gammal norsk tradisjon, og eg har i grunnen ikkje dårleg samvit for det dersom ein klarer å leva nokonlunde nøkternt og enkelt resten av året…

Det var forresten kjempekoseleg å ha litt tid i lag med familien. Då gjestene skulle heim, tok me på oss regnklede og gjekk ein tur i lag med dei. Det var godt å få litt luft og ein tur, og regnet som hadde bøtta ned tidlegare i dag tok rett og slett ein pause. Då me hadde rydda tenkte eg at «Nå begynner feriedelen av juleferien, den delen som kanskje kan viast til slaraffenliv og roleg pust. Eg innleia dette kapitteleg med å bli sitjande i lag med Sunniva og gjesten hennar, Olav, som tok turen bort til oss og spela brettspel. Me sat i mange timar. Det var herleg avslappande. Nå har eg ikkje lyst til å gå og leggja meg sjølv om klokka er ein time inn i annan juledag allereie. Kjensla av at eg ikkje skal vekkjast av vekkarklokke i morgon er svært luksusaktig.

Eg har fått lesestoff i julegave som eg ikkje har fått tid til å begynna på: magasinet «Juleroser», som Herborg Kråkevik er initiativtakar til og redaktør for, og den nye boka om Jesusbevegelsen i Norge, som eg i farten verken hugsar tittel eller forfattar på, som eg har hatt lyst til å lesa. Eg gler meg til å gå i gang med begge prosjekta. Det kan tenkjast at det blir i morgon…

Heidi

 

 

Luke 24 God jul i stova…

Karamellpuddingen vart det pudding av til slutt, og jula var i rute i dag tidleg med julestrømper til vaksne barn og svigerbarn og julefrokost med aniskringler, julegeiter, appelsinjus og svart kaffi.

Me var i kyrkja der feststemde barn i finstasen og med solstråler i auga feira med stor entusiasme. Me tende lys og vende oss i bøn mot fire himmelretningar til songen Solbarn, jordbarn, og presten minde oss om at i tillegg til barnet som er fødd i Betlehem finst barnet som er fødd i flyktningeleiren, barnet som er fødd i slummen og barnet som er fødd i ei krigssone etter at mora er blitt valdteken som ein del av ein militærstrategi. Eg syntest han lukkast godt i å halda ein tale retta til vaksne mellom linjene i talen som og skulle tala til barn, illustrert av barneteikningar. I travle julefeiringar er jula som ei øy av fred og ettertanke.

Vel heime att var det ferdigstilling av pinnekjøt som rett og slett vart veldig godt denne gongen, så nå er me i ferd med å læra å laga julemiddag utan assistanse frå far. Me har eit visst forbetringspotensiale i kålrabistappa som nok med fordel kunne vore klar før me gjekk i kyrkja. I dag vart eg ståande å stampa litt framleis hard kålrabi mens alt det andre var ferdig. Odd Christian viste seg å ha skjulte talent for serviettbretting.

imageDet skal han få læra meg etterkvart…

image

Og visst er me heldige som får feira jul med heile barneflokken. Det er ikkje ofte det blir teke familiebilete, så eit litt uskarpt mobilbilet med to litt slitne representantar for foreldregenerasjonen, får få litt heider og framvising sidan det er jul. Tenk at dei er vaksne heile gjengen.

imageOg ein tanke tilvekst har det vore dei siste 21 åra i form av mopsen Oscar, her med sløyfe, og svigersonen Oddvar.

Så har me feira jul slik dei fleste familiar feirar jul med riskrem og karamellpudding, lefser og risbollar og mange julegavar. Dei siste timane innvia me dei to nye spela som låg under treet: Hint og eit slags qiuz- spel. Nå er klokka nærare tre enn to på natta og fornuftige mødrer i femtiårsalderen bør leita etter senga si dersom dei skal arrangera familieselskap i morgon. Opp med handa alle som skal det. Så får det lura på om eg sit her i einsemd med den eine handa løfta og den andre på tastaturet… Det var fredeleg og godt å få rydda litt etter at dei andre hadde lagt seg eller reist heim, men nå er det vel strengt tatt leggetid for B-menneske og. Ha ei framleis god jul!

Heidi

 

Luke 23 Mens eg ventar

Eg sit her ved eit rotete skrivebord og ventar på at karamellpuddingen eg har gjort eit forsøk på å laga fråå botnen av, skal stivna i vannbadet sitt i steikeomnen. Eg begynner å bli skeptisk til at det skal koma til å skje i det heile tatt, men me får gje han ein halvtime til.

Eg sit her i raudstripete forkle som det står «God jul» på. Dagen har gått med på å få dei siste prosjekta nokonlunde i havn, det er ganske koseleg å halda på med lyden av juleprat og julemusikk på radioen.

I morgon har eg tenkt å ha tid til å slappa litt av, veldig mange julaftenar har eg knapt nok vore nedpå ein stol eller noko liknande. Då føler eg at eg går litt inn i rollen som sånn litt karikaturaktig stressa kone. Eg får beskjed her heime at eg ikkje må stressa, då seier eg litt sursøtt at eg stressar ikkje, eg bare får unna alt som må gjerast. Og visst hjelper dei til, det skal dei då ha..

Eg kjenner at jula framleis er ei litt kjønnsdelt greie der veldig mange kvinner nesten går på hendene om natta den siste veka, medan mennene irriterer seg litt over at lista blir lagt så høgt. Sjølvsagt er dette ei grov forenkling, og i vårt hus er me meir likestilte enn dei fleste heimane eg veit om. Min kjæraste handlar, lagar mat og ordnar opp minst like mykje som meg i kvardagen, men akkurat i jula gjer eg eit ikkje heilt vellukka forsøk på å vera veldig husmoderleg. Eg vil jo så gjerne at alt skal bli heilt vidunderleg og at alle skal nyta at det er jul… Og jul blir det jo. Kanskje er eg urimeleg når eg mistenkjer at dei fleste som kjøper julegavar på Statoil på julafta klokka fire er menn?

Og korfor ikkje. Julegavar frå Statoil klokka fire kan sikkert fungera utmerka det… Og sjølvgode husfruer som trur det er dei som har kunnskapen om korleis det skal stellast til jul kan utan tvil vera ei pest og ein plage for sine omgjevnadar. Sjølv om det på sett og vis er gjort med kjærleik.

Då me hadde små barn tenkte eg at det måtte vera litt trist å feira julafta utan barn. Nå har eg ombestemt meg. Jul med vaksne barn er flott. Eg gleder meg til i morgon. Då skal eg vera så avslappa så…

Nyt morgondagen, kjære medsøstre og ikkje stress livet av dokke. For å vera rettferdig må eg med ettertanke melda at eg om nokon burde vera forsiktig med å kjønnsrollefordela. I heile barndomen vart julemiddagen laga av min «forutforsitid morfar» som dagleg kokte middag og stod for alle innkjøp. Og pinnekjøtet har i alle år blitt laga av far, bortsett frå for to år sidan, då skulle me gjera det sjølv og det smaka på ingen måte som det far har pleidd å laga. Men i morgon, ja då skal det nok bli gode greier.

Heidi

 

Luke 22 – alarmen er skrudd av

image

For mitt vedkomande er ein av dei aller største gledene ved å få ferie knytta til å slå a morgonalarmen på mobilen,og å feira det med å sitja ekstra lenge oppe utover natta og nesten glippa med auga og bare nyta tanken på at i morgon klokka ti på halv sju skal ingen alarmar vekkja meg…. Det er ein slags mekanisme med skuleferiar som gjer at ein tek ut all reserveenergien siste veka og er nesten heilt utlada når elevane går ut døra siste dagen. Då er ein i rute og alt er som det skal vera. Me hadde ein fin siste skuledag med koselege aktiviteter og storsamling i aulaen for elevane og samling for lærarane med riskrem og kaffi etterpå-

image

Denne ettermiddagen og kvelden hadde eg gleda meg til. Me Sunniva som sjåfør og så pass lite straum på el-bilen at me kjørde på sparebluss gjekk turen inn til Stavanger med Ingrid i baksetet. Først kikka me litt i gater og butikkar og handla litt julegaver, så gjekk på på Thai- restaurant og åt middag og på Foodstory og drakk varm kakao før me ende opp i teaterhallen for å sjå «Femti flotte år med Frode Kommedal. » Det blei ein veldig fin kveld, det å gjera slike ting i lag er kjempekoseleg. Etterpå tok eg og Sunniva med oss katten og såg ein ny episode av Walt Disneydokumentaren. Nå er det snart leggetid, heldigvis er det ikkje julaften i morgon. Her er det framleis eit og anna som skal fiksast. Eg kan forsikra eventuelle engstelege lesarar med at nå  er komfyren i orden, så nå blir det nok pinnekjøt i Kong Sigurds gate 13 og.

Dette året har eg lese daglege små tekstar i ei andakts-  meditasjonsbok skriven av mor Theresa. Eit av orda til ettertanke denne veka var fylgjande:
Me er ikkje kalla til å leita etter kjærleiken,
men til å leva kjærleiken.

Eg har tenkt på denne setningen denne veka, så nå legg eg han ut til felles tenkjing

Heidi

Luke 21 Den kortaste dagen

image

Frå nå av vl dagane bli lengre att. Det er ufatteleg at me har nådd det punktet alt. Dagen har vore kort på andre måtar og, han har gått så forferdeleg fort. I dag fann eg ut at me like godt kunne pynta til jul. Ein del av det eg hadde tenkt å gjera på kjøkkenet må venta, for framleis har me ikkje fått komfyren i orden, det får bli eit av spenningsmomenta for i morgon kor vidt me rekk det eller ikkje. Denne vesle julekrybba fekk eg av unnva då ho kom heim frå Boliviaopphaldet sitt for akkurat to år sidan. Eg liker figurane så godt.

imageDenne julekrybba hadde eg frå før av. Figurane er laga med frodig dansk humor. Då eg og Hilde var i Madrid i vår fann eg tilbake til ein av favorittbutikkane mine frå første gongen eg var der, ein butikk som selde ikoner og julekrybber. Julekrybbene var heilt fantastiske, og nokre av dei var i ein prisklasse som gjorde at dei kanskje var mest realistiske å kjøpa dersom ein kjøpte inn til ei kyrkje. Dersom eg hadde vore julekrybbelaus, kunne eg kanskje latt meg frista til å reisa heim med ein av dei billegste, men framleis utruleg fine variantane…

image

Då eg pakka ned juletrepynten i fjor la eg ned eit stort arbeid i å pakka juletrelysa slik at dei skulle vera enkle å pakka opp og henga på treet att. Eit eller anna gjekk frykteleg gale med ideen mi, og Halvard brukte ein klokketime på å greia ut flokane. Etterpå var han trøytt av juletrepynting. Det veldig positive var at lysa faktisk virka då me plugga i kontakten, det er langt frå kvart år me har opplevd akkurat det… For å vera ærleg, så synest eg faktisk at det er vanskeleg å pynta juletetre, eg vil så gjerne at det skalbli veldig fint, men på eit eller anna tempo ser det alltid ut som planlaust rot. Eg har samla på juletrepynt som eg synest er ganske fin,  for eksempel denne engelen i papir som eg kjøpte i København, men å fordela det heile jevnt og harmonisk er ikkje så lett som eg trur på førehand. I barndomen fekk eg hjelpa bestemor å pynta juletre. Ho sende ut onkelen min for å finna ein juletreselgjar og eit juletre som såg heilt perfekt ut. Her i huset har me hatt mykje skakt og rart, men det har jo sin sjarm det og… Sjå for deg den typen tre som ein får for halv pris på vesle julafta. Der omtrent var me i mange år då me hadde små barn. I år er det ganske fint i forhold. Bestemor hadde juletrekuler av den gammeldagse og veldig knusbare sorten i tillegg til kunstferdig fletta glanspapirkorger og glitter. Desse kulene var pakka inn ei og ei i appelsinpapir, og måtte behandlast ytterst forsiktig. Ho hadde og ein pose med «krisekuler» som var kjøpt under krigen. Desse var kvite vattkuler rulla i kvitt glitter, og den typen kuler fekk eg lov til å henga på treet.  Det fine med mine frustrerande haltande evner som juletrepyntar, er at når eg bare har vent meg til det nypynta treet, så blir det fint kvart einaste år.

Det mest fantastiske som skjedde i dag var at Sunniva kom heim med femtoget. Odd Christian kom innom og åt steikeomnstilberedt middag saman med oss. I kveld begynte me å sjå på ein dokumentar om Walt Disney fordelt på fire episodar. Det var så interessant at me ikkje klarte å slå av, så kvelden vart seinare enn eg hadde trudd i dag og. I morgon er det siste skuledagen, og om ettermiddagen skal eg og mine døtrer på bytur i regnet. Det har me gleda oss til lenge. Om kvelden skal me på teateret og sjå «Femti flotte år med Frode Kommedal». Eg må innrømma at eg har sett stykket før saman med venninner. Eg likte det kjempegodt og då Sunniva og Ingrid gav uttrykk for at dette hadde dei verkeleg lyst til å sjå, bestemte eg meg for å sjå det om igjen i lag med dei. I morgon er det siste forestillinga i denne omgangen for dette stykket laga av Tore Renberg. Eg liker å sjå teaterstykke om igjen, og nå håpar eg at jentene liker det like godt som meg.

Heidi

 

Fjerde sundagen i advent

image

Dagen begynte i kyrkja der eg starta tidleg med å gjera klar til å «spela teater» med barn og vaksne på jungelgjengen (sundagsskulen). Oppe i kyrkjesalen foregjekk det øving på musikalske innslag, og det var så fredeleg der inne i ei julepynta kyrkje.

image

Langs dei kvite langveggene var det tett i tett med fargerike barneteikningar, og det hang store hjarte frå taket.

image

Betlehemsstallen stod klar framme i koret.

image

Og løva gjorde seg klar til dagens kyrkjebesøk. Denne sundagen kjende eg på at eg er eit heldig menneske som har ei kyrkje å høyra heime i.

image

Etter at me hadde rydda etter ungane i kyrkja skunda eg meg snarvegen ned til kyrkja der Leif hadde opna boda og teke dei første tre kvartera av boksalsoppdraget vårt. Det var kjekt å få vera med på å støtta Idas hjelpefond med prosent av salet. Dette er eit veldig positivt tiltak i lokalmiljøet. Mange støtter opp for å vera med å hjelpa fattige barn i Guatemala. Her fekk eg kjøpte dei nestensiste julegavane og varme gode heimestrikka sokkar som eg allereie har på beina. Julegjestene mine kan gleda seg til rabarbrasaft og varm rabarbragløgg frå Köhlerpaviljongen.  I tillegg til salgsbodene på julemarknaden var det kafe med masse god mat og underhaldning med song og musikk.

Det var ein freda plett for alle som ville noko anna enn å dra på julehandel i sundagsopne kjøpesenter. Eg var litt spent på om eg ville selgja noko sidan så mange har handla hos meg op på Vivo dei siste vekene, men salet gjekk over all forventning. Eg måtte til og med ringa og få Leif til å koma med fleire bøker. Det er faktisk veldig koseleg å sitja på den typen stand. Mange stoppar opp for å slå av ein prat, og det er kjekt å sitja der og kikka på alt som skjer.

image

Det var og kjempekoseleg å koma heim i stova til ein pianospelande Halvard. Det går ikkje fram av biletet at det rullar ein fotballkamp på den minste skjermen. Det er ein stor glede å ha fire vaksne barn. Dei har nok noko likt med seg, men er mest av alt veldig ulike. Eg klarer ikkje å la vera å lura på korleis dei barna me aldri har fått ville ha vore. Eg skulle gjerne hatt fire til, men heldigvis er det mange barn som treng vaksne som ikkje er foreldra deira og. Eg er veldig priviligert som får jobba med barn. Barn er det beste eg veit.

Som det framgår av innlegget så er eg ei dame som verkeleg har nytt å ha helg. Det er nesten litt vemodig at nå snur sola, for alt går så fort. Sidan eg sikkert er sånn omtrent det einaste mennesket som får meg til å tenkja slike tankar som i setningen over, så må eg kanskje finna fram malurten for ikkje å virka krampepositiv.

Her i huset skjer det uventa små ulykker når det ikkje passar så godt. I dagane rett før bryllaupet i juli gjekk først steikeomnen i stykker, så mixmasteren midt i baking av bryllaupskake og medan eg stod og pynta marsipankake kvelden før, så vart eg plutseleg blaut på beina, då var det full lekkasje i oppvaskmaskinen. Aldri har vel ein «handymann- utfordring» blitt fiksa så fort her i huset. Ny oppvaskmaskin var på plass i løpet av få timar. Nå er me utan komfyr etter eit knuseuhell fredag kveld. Me trudde me i rekordfart hadde fått kjøpt nytt deksel, men det viser seg å vera nokre småting som gjer at det ikkje fungerer fordi dei har forandra bittelitt på modellen. Det passar dårleg å vera utan komfyr rett før jul, men eg trur framleis at det kan la seg ordna. Viss ikkje så får me prøvd oss i evna til å vera løysningsorienterte…

Kvar sundagskveld i det siste har eg site klistra til fjernsynet og sett på den tyske serien «Deutschland» frå den kalde krigen. Eg sit med ein klump i magen, og sjølv med fasit i hand så er det ubehageleg å sjå på. Eg hugsar kor mykje me snakka om faren for atomkrig på slutten av syttitalet. Kanskje me forstår kor sårbar og kostbar jorda vår er. Ei av mine viktigste bøner til Gud er at menneska må klara å ta kloke og gode val som gjer at jorda og menneska blir ivaretekne og at me må klara å få til ei meir rettferdig verd sjølv om det betyr justeringar i vår eigen levemåte og våre eigen levestandard.

Eg kjenner at eg er full av beundring for kva Astrid Lindgren klarte å formidla med boka om Ronja Røverdotter som plent nekta å ta opp arven ho var fødd inn i då det gjekk opp for henne kva det ville seia å vera røvar.
Eg er ikkje sikker på at det er sant at me utan motforestillingar har lov til å tru at me har rett til å vera dei rikaste i verda og la resten av menneska segla sin eigen sjø… Men det er ein annan historie og starten på ein stor diskusjon som eg ikkje vil ta her og nå.

God solsnu i morgon og velsigna førjul.

Heidi

 

 

 

Luke nitten: Notene til Salig jul

http://butikk.acta.as/salig-jul.html

Dette kan synast som smør på flesk sidan eg nettopp la ut ei lenke på facebook, men eg veit om ganske mange som les bloggen min utan å vera på facebook, så eg må nesten leggja linken her og. Nå er det ikkje direkte notene som ligg her, men nettadressen til der dei kan kjøpast. Eg har ikkje sett dei sjølv heller endå, så nå vil eg kjøpa. Jul er jo som kjend ein forbigåande tilstand, og fleire har sagt til meg at dei har lyst til å bruka songen om dei bare hadde noter. Derfor hastar det rett og slett å dela. Det er føremiddag i heimen, eg bevilga meg rett og slett å bruka ein time og halvannan med morgontid til å lesa litt i ein massiv Leonard Cohen- biografi eg har på kindelen. Det gir meg stor glede å lesa biografier. Det er nok fordi eg er uhelbredeleg interessert i andre menneske. – Her ville det sjølvsagt vera frykteleg feil å bruka det tyngande jærske ordet «forveden». Eg kom akkurat nå til å tenkja på om dette ordet, forviten altså, avspeglar eit begjær om å vita for mykje, vita meir enn ein har rett til å vita- ? Nesten kvar einaste dag ramlar det eit eller anna ord inn i hjernen min som eg begynner å fila på, snu og venda på, og fundera på. Språk er utruleg spennande.

Nå luktar det nybakt brød i heimen, me skal prøva å få ordna litt julepost og anna som hastar litt. I går ramla det eit krydderglas ned på kokeplata vår i glas, og det vart ei sprekk i det. Me bør kanskje få fiksa det så fort som mogleg, for det bør sikkert ikkje koma væske ned i sprekka, sjølv om det heile fortsatt virkar… Kanskje slike som oss burde halda oss til den gamle komfyrtypen med solide svarte plater og emalje rundt… Me står nok i det og, men eg håpar inderleg det let seg ordna nokså fort. Det er vel typisk at slikt skjer når ein stresser litt og skal gjera alt samtidig. Eg skal la vera å fortelja at det ikkje var eg som opna den aktuelle skapdøra, for det er det same kven som gjorde det…

image

Denne gode gamle songen av Vidar Sandbeck renn meg alltid i hugen på denne tida av året:

Heksedansen
Og kjerringa hopper i serken sin og kaster seg rundt som en virvelvind
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho fær over golvet så fort ho vinn med pompen i været og knea inn
For den som vil ligga litt føre sin neste, den kan itte sovå når sola skinn
Refr.
Med tida er så alt for knapp
kan hende, kjem ho for sent for sent til livets ende.
Og kjerringa stamper i stua inn, med kluter og koster og pusseskinn
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Ho drev på i går tel ho nesten datt, med lyt a tørk over
gølvet att
For katta ho fly her med sølete labber og rakker tel huset hør enda natt
Refr………………..
Det kan itte seile sin egen sjø, om ryggen blir rundt som et grislebrød
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Og dagen den går i en heksedans, med filler og såpe og møbelglans
Og når ho er ferdig da tar a det omatt, og om att og om att foruten stans.
Refr…………
Og kjerringa roper åt gubben grå, Du får itte kom inn med skoa på
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med på
sken og pinsen og jula for døra
Og kjerringa rydder den sene kveld, det gubben og onga har rota tel
Med tobakk og pipe og bøker og bilder og klosser og sneller og ludospell
Refr………………
Og kjerringa vasker og gnir og gnur, og aldri ho tar seg en løpartur
For støtt er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra
Og gølvfilla går i en evig ring, nei maken det fins itte her omkring
Så hvis at ho kjem i sin egen begravelse vil det bli tå de store ting.
Refr………………

 

Heidi