Visst er mørket ein stor del av januar, men det er lyset og. Kanskje det skuldast at eg som ikkje er eit typisk soloppgangsmenneske får med meg alle soloppgangane… Det er vakkert om morgonen når himmelen utanfor klasseromet begynner å gløda i gull og rosa, og det er vakkert når lyset blir blått ein gong i firetida, før det blir ny runde med glødande himmel denne gongen i vest. I dag har det i tillegg til å vera blått vore iskaldt med ganske mange kuldegrader som kjennest mykje kaldare her enn i austlegare strok fordi lufta er rå og fuktig og vindane nesten alltid bles.
Eg har kome heim til einebuarhuset etter ein tolvtimars arbeidsdag med skule og kulturskule, og blitt varmt motteken av ein veldig kosesjuk katt som i rein kjærleik har brukt klørne sine og drege ut trådar frå den oransje strikkegensaren eg kjøpte på salg i går, akkompagnert av ekstremt høglydt maling. Nå ligg ho her og mel på skrivebordet mitt, og har allereie sletta dette innlegget tre gonger ved å leggja potane sine kjælent på utvalde tastar, og så får eg begynna på ny. Av og til blir eg fortald at eg er eit tålmodig menneske, og eg er nesten litt overraska over at eg faktisk ikkje mistar tålmodet med det malande dyret og kastar ho på dør. Det må vera tanken på at ho har vore aleine heime i heile dag og bare vil vera der eg er og gjera det eg gjer som gjer meg mjuk…
Då eg kom heim sette eg meg til å sjå andre episoden i serien om Harald og Sonja.Eg var for sein til førstevisinga, men klarte å finna det på nettet. Episoden i dag handla om dagen då Kong Olav døydde, og då eg såg det vart eg overraska over kor klare minne eg hadde om den dagen for 25 år sidan… Eg hugsar at eg var skremd og uroleg over det som skjedde i midtausten, og forferda over at Gulfkrigen hadde brote ut. Fordi me ville vita meir om kva som skjedde i verda sat me framfor fjernsynet inne i stova for å sjå på kveldsnytt.
Eg hugsar at eg hadde på meg ei ganske tåpeleg rosa bomullsbukse med små figurar på som eg hadde kjøpt på Spar-kjøp, og som eg hadde brukt på ein treningstime, rett og slett ein slags variant av det gamle gode husmortrimkonseptet, som eg faktisk deltok på i ein periode i lag med Gerd. Det foregjekk i gymsalen på Bryne skule, og eg brukte buksa fordi ho var av den litt vide typen med strikk i livet som det var behageleg å bevega seg i. Utstyrshysteri i samband med trening hadde heilt tydeleg ikkje nådd oss i heimen…
Eg jugsar at eg syntest at reportaren på Kveldsnytt vart så rar på sluttenav sendinga denne dagen. Eg registrerte det med ei viss uro, og håpa at det ikkje hadde skjedd noko endå meir forferdeleg på krigsfronten. Dei hadde sagt at Kong Olav var død, og eg hugsar at det var veldig trist å tenkja på at me kunne mista han. Eg hadde nesten gløymt kor glade folk i Norge var i Kong Olav, men eg hugsa det då eg såg TV-programmet i dag. I det Kveldsnytt ebba ut og reportaren kom med avslutningsorda vart me fasa inn i ei slags ekstrasending og eg hugsar at Leif sa «Jøss, det må vera kongen som er død!» Eg hadde tenkt det same heilt samtidig. Så kom kunngjeringa i lag med ei oppfordring om å venta på ei ekstrasending som snart skulle koma.
I programmet i dag fekk me vita at reportaren midt i sendinga fekk ein lapp på bordet om at kongen var død, men at han var heilt forvirra på korleis han skulle forhalda seg til det. Det var nemleg ein plan i Dagsrevyen om kva personar som kunne koma med denne meldinga, det var bare to- tre stykker som var klarerte for oppdraget. I tillegg skulle vedkomande ha svart dress og svart slips, og det skulle vera sølvkandelabrar, mørke draperier og sørgjemusikk. Slik er det vel ofte. Me trur me er førebudde på det meste, og når det ein dag skjer så var ikkje alt som *Me hadde planlagd at det skulle vera… »
Eg hadde to små barn på den tida. Ingrid var halvanna år, og eg var klasseforstandar som det heitte då i tredje klasse i lag med Tove. Dagen etter var det fredag, og eg lurer på om eg ikkje hadde fri på fredagar fordi eg me to små barn jobba litt redusert. Likevel har eg eit nokså levande minne om at me fekk beskjed i frå høgare hald om å gje elevane fri. Eg trur dei kom til ei kort markering på skulen og så vart sende heim fordi skulane skulle vera stengde. I dag høyrest det ganske merkeleg ut at me utan vidare kunne stengja ein skule og senda hundrevis av elevar, nokre av dei ganske små, heim. Likevel trur eg det var det me gjorde. Eg hugsar at eg utpå føremiddagen pakka barna i bilen, i alle fall Ingrid, og kjørde opp til foreldra mine fordi eg gjerne ville ha nokon å vera i lag med. Eg lurer på om far og kom frå jobb litt tidleg.
Eg gav utrrykk for å vera både trist og ensteleg for verdssituasjonen. Med sin vanlege optimisme sa far at nå måtte eg bare roa meg ned for verda hadde stått i mykje verre kriser enn dette før. Eg trur eg fann ei viss trøyst i det. Så hugsar eg tydeleg bileta frå slottsplassen med alle dei tende lysa. Eg hugsar og bilete av den døde kongen i open kiste, dei var framandarta og merkeleg. Så lurer eg på om det verkeleg kan vera rett at folk stod i kø i Oslo og fekk lov til å paradera forbi kongen si kiste som stod i slottskapellet og at svigerfar sjølvsagt hadde gjort det.
Under gravferda sende me og elevane tidlegare heim enn vanleg. Det var blitt oss fortald at det var best for barn å sjå gravferda i lag med foreldre. Var det verkeleg slik at alle barn hadde foreldre som kunne gå frå jobb i anledning gravferda. Det var slik at barn som ikkje hadde nokon som kunne sjå med dei heime hadde tilbod om tilsyn på skulen, men eg trur det var bare ein elev som benytta seg av dette. Me lærarar kunne sikkert gått heim, men eg hugsar at me samla oss på lærraromet for å sjå i lag, i alle fall dei fleste av oss. Nokon hadde henta fjernsynsapparatet på hjul som me kunne bestilla viss me ville sjå program på skulefjernsynet.
Skulefjernsynssendingar var det kvar veke i skuletida, trur eg. Der var det opplysningsprogram om ulike tema i ulike fag i læreplanane. Dette var eit avansert tilskot til biletbanda som vart oppbevarte i små blå plastboksar og som me drog gjennom ein framvisar ved å spola bandet frå ein spole til ein annan. På det første biletet var det alltid eit bilete med trekantar i ulike fargar samla i eit brennpunkt på midten. Dette hadde påskrifta «Still skarpt», og skulle brukast til å fokusera linsa mest mogleg. Først for ti års td gjekk det opp for meg at desse biletbanda var heilt passé. Eg har brukt dei sjølv og dradd gjennom bileta medan eg las/ fortalde om bileta ved hjelp av eit tilhøyrande hefte.
Eg hugsar at då eg sjølv gjekk på skulen var det ei viss høgtid over desse banda. Eg lurer til og med på om det var eit biletband frå Trygg trafikk der læraren delvis skulle synga kommentarane frå heftet på melodien «Kjerringa med staven». «Kjelken eller sparken tar vi med i parken, ikke til et sted der aking er forbudt…» Dersom mi eiga «gamle» barneskulefrøken, Gerd Signy les dette, som eg veit ho gjer av og til, så kan ho kanskje bekrefta eller avkrefta dette kanskje litt usannsynlege minnet om eit biletband der læraren var forventa å synga den tilhøyrande teksten… Det må vel ha vore ein verdig forløpar til å slå på ein filmsnutt frå Youtube slik me gjer nå.
Men tilbake til kong Olav si graferd. Eg ser føre meg at me hadde sunge kongesangen, i mitt tilfelle trygt forsunge av Tove i lag med elevane, og så send dei heim. Nå sat me høgtidsstemde med klump i halsen på det romet me den gongen kalla lærarromet og såg på sendinga. Det var ein eigen atmosfære som frå forgangne tider over opptoget der Sonja, Martha Louise, dronning Margrethe og fleire gjekk gjennom gatene med lange svarte kjolar og lange svarte slør framfor ansiktet. Det vart diskutert om det var vakkert og høveleg eller ikkje at kongen si kiste vart frakta på eit skags militærkjøretøy.
Dei fleste av oss syntest vel at hest og vogn ville ha vore vakrare, men det vart konkludert med at det var nok ei markering av at kongen var øvste leiar av det norske forsvaret. Så sat me der med kaffikoppar, tårer i auga og klump i halsen. Eg meiner at det stod wienerbrød på borda i anlednng dagen. Som ei trøyst til oss alle sa plutseleg Kirsten Bekkeheien: «Men sjå så flotte kronprins me he fått!» Og me såg og var einige. Prins Haakon Magnus var plutseleg ein nesten vaksen mann, og visst tok han seg bra ut.
Åra i skulen har gått rasande fort, men når eg tenkjer tilbake slik som dette så har det faktisk gått nokre år både på den eine og den andre måten… Eg fekk plutseleg nesten ei kjensle av å fortelja frå gamle dagar… Nokre hendingar sit nok som sprikra fast i hovuda hos ganske mange av oss, og dette er ein av dei. Dei fleste av oss kjem sikkert alltid til å hugsa kor me var den dagen flya traff tvillingtårna ellevte september, og kor me var den 22. juli i 2011. Eg hugsar til og med kor eg var då Oddvar Brå brakk staven…
Måtte det nye året me nettopp har begynt på bli oss vennleg.
Heidi
Det er ikkje så ofte eg vaknar om morgonen med ein setning svivande tydeleg rundt og rundt i hovudet. Det gjorde eg i dag, og den setningen har fått stå som overskrift hos meg i dag. Klokka var ikkje halv seks ein gong, og setningen ville ikkje forlata meg. Eg var nok litt redd for å forsova meg første dagen med vekkjarklokke for normalt vaknar eg aldri av meg sjølv på den tida. Eg vart liggjande og filosofera på kva ord setningen ville ha fylgje med, og då eg stod opp skribla eg ned litt på ein gul lapp som eg la ein hemmeleg stad. Som eit stunt vil eg skriva diktet ferdig og leggja det ut her. Det kjem til å bli eit dikt ein gong, kanskje slik som dette, kanskje heilt annleis. Eg må innrømma at setningen ikkje fortonar seg like magisk som han gjorde før dagen demra, men eg klarer ikkje å sleppa han heilt heller…
***
Det er ein tråd av sorg i alle ting,
mørk og glødande
glir han gjennom dagane dine,
tøyer han seg utan ord
frå akilleshælen
gjennom magen og hjartet,
gjennom strupen og tårekanalane,
heilt opp til eit ukjend rom
bak blikket ditt ein stad.
Sjølv gleda har eit mollmjørkt djup,
og fridomen røter i jorda.
Det er ein tråd av sorg i alle ting
for den som er døypt med namnet menneske.
Heidi
I grunnen er dette eit vitlaust prosjekt. Ord burde sikkert vegast på gullvekter før ein slepp dei ut i verda med merkelappen lyrikk, men slik vart det i dag.
Heidi
Eg feira siste dag med fri med å ta ein roleg morgon heime før eg gjekk bort til skulen for å gjera klar forskjellig til skulestart i morgon. Litt før klokka halv fem såg lyset slik ut. Det er nesten som det er blitt litt lysare allereie, men det skuldastnok det klare veret. I fylgje vermeldingane skal me ha minusgrader ei stund framover. Me får håpa at det ikkje inkluderer alt for glatte vegar.
I går kveld las eg ut «Historien om det nye namnet» av Elena Ferrante. Så er det å venta på neste bok. Eg har mykje eg har lyst til å lesa, mellom anna den nye boka til Linn Ullmann om forholdet hennar til faren og den nye Astrid Lindgren- biografien. Stort sett prøver eg å låna bøker eg har lyst til å lesa på biblioteket det siste året har eg stort sett lånt digitalt. Ulempa er at det er veldig lange ventelister på nye bøker. Samtidig er det jo uendeleg mange bøker det ikkje er venteliste på på biblioteket. Me som er glade i å lesa er priviligerte, me kan velgja og vraka mellom spennande rom og tilverelsar å gå inn i.
Eg treng og ei ny høgtlesingsbok til tredje klasse. Eg tek sjansen på «Mio, min Mio,» eg trur dei er klare for den etter ein haust med Pippi og Ronja røvardotter. Og nei, eg har ikkje gløymt at det er utruleg mange fine «nyare» barnebøker og. Eg er bare så veldig glad i Astrid Lindgren, og har ikkje lyst til å sleppa henne heilt endå…
Heidi
Det vart så veldig tomt heime hos oss, og plutseleg stod me her med ein heil dag utan planar. Me fann ut at me rett og slett ville ta oss ein bytur. Me gjekk inn i Stavanger domkyrkje for å vera der litt og for å fotografera. Lysa i lysgloben skal få stå der som bøner for året som skal koma. Eg kjenner at i meg bur det veldig mange bøner, nokre av dei kjennest veldig sterke. Det er godt å kunna symbolisera dei med levande lys slik at dei kjennest endå meir handfaste.
Og musiske innslag trengst og om det nye året skal bli godt.
Heilt frå eg var barn har eg blitt veldig fascinert av Epifani- tavler. Det er vel treskjererkunsten rundt som blir sett på som stor kunst, men det som har tiltrekt seg mi merksemd erfamiliane på biletet, velståande folk som har betalt for å få ei slik tavle i kyrkja. Dersom eg tolkar denne tavla rett så hadde denne mannen atten barn, kor av to døydde som spebarn og litt med blomekransar og heilt kvite ansikt i forgrunnen. Spesielt gutane er malde ulike med ulike ansiktstrekk og hår. Stod dei mogsell, eller er det bare far sjølv som er portrettert med rett antal søner og døtre der kunstnaren har fått bestemma resten? Eg kunne sikkert funne det ut om eg hadde forska litt…
Denne skulpturen er ein del av preikestolen. Eg veit ikkje om det er tenkt å vera erkeengelen Michael og dragen, men skulpturen vekte tankar i meg om det å vera menneske. Det er ein del av det å leva å «møta dragar» som ein kjemper i mot, enten det er eigne eller andre sine dragar ein må møta. Nokre av dei kan bekjempast ein gong for alle, andre dukkar opp med jamne mellomrom, og den verste typen er alltid på banen. Eg synest slike gamle kyrkjerom fortel mange historiar om levd menneskeliv som blir fletta saman med historiar om levd trusliv.

I bygatene svever det og historiar over alt. Dette biletet tek eg med som ein kuriositet. Gamle erverdige husfliden hadde utstilt ei «prismelysekrone» der lysestakane var gamle porselenskoppar og prismene var deler av knuste tefat og asjettar. Denne kunne du ta med deg heim for 8000 kroner, trur eg det var. Ideen er morsom, men ikkje heilt det eg forbind med husfliden sine trauste og tradisjonelle kunsthandverk.
Byen var framleis pynta med juletre og raude hjarte over gatene, og det bles iskald vind. Me sette oss på konditoriet rett ved kulturhuset som nå heiter «Godt brød» og drakk kaffi og te medan me kikka på folkelivet ute på torget. Ungar kravla på skulpturane, forelska par i varme luer leidde kvarandre forbi, nokon sat og tigga og han med sykkel og vinduspussar utstyr song på «Money, money, money, must be funny in a rich man´s world» Han hadde klar og gjennomtrengande stemme. Nokre kråker og ei skjor spankulerte viktige forbi, og på hustaka sat det gigantiske måkar. Eg lurer på om det er fiskemåkar eller om dei rett og slett heiter stormåkar.

Etter ei veke med julemat, så smakte det utruleg godt med muslibolle med ost og krydderte. Brunosten fekk vera med, det er trass alt jul…
Etter litt byvandring i forblåste gater havna me på kulturhuset der me las aviser og skreiv litt før me gjekk på kino. For emg er det verkelege luksus å gå på kino midt på dagen, det gjer eg i praksis aldri. Me såg filmen «45 år» om eit eldre ektepar som skal feira førtifemårs bryllaupsdag med eit stort selskap. Same veka får mannen i forholdet eit brev som set han femti år tilbake i tid. Eg likte filmen veldig godt og syntest at menneska var skildra på ein veldig varm og rørande måte. I tillegg var det vakker filming og mykje fin natur. At det blir vist kjærleikscener det aktørane er godt vaksne, synest eg er flott. Om ein bare hadde livserfaring gjennom Hollywoodfilmer kunne ein ha blitt lurt til å tru at alle som er kjærastar har ansikt og kroppar som ser ut som om dei er maks tretti år gamle. Eg anbefalar filmen, Leif var litt meir ambivalent. Dersom nokon vil gå på kino og stoler meir på han enn på meg, kan de velgja «En mann ved navn Ove». Den såg me i lag med ungane på måndag og den likte alle. Nå ser det ut som om kino for oss fleire gonger i veka er dagleg kost, og det må de godt få lov å tru…
Heidi

Om mindre enn ein halvtime må me gå her i frå for å nå fram til nyttårsfesten i tide. Sunniva har fått låna bilen vår til hyttetur. Dei yngste ungdomane, som er vaksne dei og når eg tenkjer meg om har forlate åstaden fornøgde og glade og styla for kvelden. Sunniva har bakt kake og Halvard har fått hjelp av far sin til å knyta slipset. Sunniva nynna på badet og spelte Simon og Garfunke, «Brigde over troubled water.»
I morgon reiser dei begge to, og når eg kjenner etter så sørgjer eg over det. Men det er vel bra at det er slik, kanskje, at eg framleis har stor glede av å ha dei i huset, og at dei har andre planar enn å bli verande her.
Det er ein fin skikk å gå ut av året saman med venner og familie Eg håpar at alle får ein fin kveld og at ikkje spriket mellom det me trur er forventa av glede og feststemning og det som faktisk blir ikkje er for stort for nokon av dei som skal ut og vera glade i dag. Eg håpar at ingen skadar fingrar og auge i nyttårsrakettar, og at ingen ungdomar blir alkoholforgifta eller skadar seg på nokon måte.
Dette ser ut til å vera skrive av ein gammal festbrems, og det er det kanskje. Personleg har eg god tru på ei veldig koseleg feiring. Likevel må eg innrømma at akkurat i kveld er eg litt glad for å ha vaksne barn. Nyttårsaftan er vel den dagen eg har vore aller mest redd for tenåringane mine, bare fordi eg veit og føler kva forventningar som det blir spent opp til akkurat denne kvelden. Heldigvis er det slik at veldig mykje av det eg har frykta på mange plan aldri har skjedd. Det er ikkje noko i vegen fantasien, for å seia det slik.
Ha ein veldig fin kveld alle som les dette før klokka slår tolv i natt. Eg håpar året har vore deg vennleg og at du med glede er klar til å ta i mot eit nytt. Dei store og eventuelt filosofiske tankane får koma i morgon eller ein annan dag. Alt godt til alle.
Ynskjer Heidi

I dag må eg rett og slett innrømma at eg ikkje har vore utanfor døra. Veret er relativt avskrekkande, men det skuldast vel mest at eg sette meg til for å jobba litt med songane til tiandeklasseforestillinga, og så kom eg så godt på gli at eg har blitt sitjande stort sett heile dagen.
Nå har eg laga versjonar som passar inn i historien vår på songane «Rompa mi,» «Four- five seconds», «Come together» og «Rehab». Så gjenstår det å sjå om songarar og musikarar vil akseptera tekstane mine. Det har hend at ungdomane hardnakka har insistert på å bruka originalteksten på ein låt. På ein måte kan eg forstå det, men eg håpar dei og opplever at ein tekst som handlar om eit gammalt epletre passar betre enn «Lemontree» når handlinga foregår på Jæren. Stort sett så finn me ut av det, og eg gler meg veldig til å sjå resultatet, for me har veldig flinke elevar i kulturskulen, og ikkje minst tek eg hatten av for dei syjtige kollegene mine som er musikarar, songarar og dansarar eller som driv med kunstfag. Du all verda kva me kan få til når me legg ferdigheitane våre inntil kvarandre og ein viss porsjon felles entusiasme ved sida av.
Det var planen at eg og Sunniva skulle på konsert i kveld og, men det vart litt endring på planane på grunn av køyrekapasitet, verforhold og batterinivå. Det ende med at ho fekk plass i bilen i lag med nokre andre og at eg sa at det var heilt greitt for meg å vera heime… Eigentleg vil eg jo ha med meg alt, men nokre gonger må ein klara seg med litt mindre…
Eg sørgjer litt over at ein juleferie går så fort og at om to dagar er ungdomane mine på veg tilbake til Oslo. Det som er sikkert er at det er kjekt å ha dei heime så lenge det varer.
I dag har eg lese i boka «Englepappa» skrive om faren til Ylva som døydde av kreft sju år gammal og som mange fulgte på facebok. Det er ei vakker bok om å ha barn og om liv og død. På same tid forstår eg debatten om kva som eignar seg på sosiale medier og ikkje. Eg er takknemleg for at han deler og tenkjer som alle foreldre, sjølv om mine barn er vaksne og som det står i songen:
«Stormen raser tung og hvit, sorg og død kom ikke hit,
For familien min har 2015 vore eit godt år. Det tristaste eg opplevde var å mista farmor. Så lenge ho var nesten hundre år gammal og hadde hatt eit langt og friskt liv, så er det likevel ikkje så vanskeleg å akseptera det som livets gang. Eg er umåteleg takknemleg for dei timane eg fekk i lag med henne bare dagar før ho døydde.
Både nasjonalt og internasjonalt har 2015 vore eit utfordrande år. Mi bøn er at me må få klokskap og nestekjærleik nok til å takla utfordringane me tek med oss inn i 2016 på ein god måte.
Ha ein god avslutning på 2015, alle saman.
Heidi























