Gå til innhald

Det har blitt november

image

Nokre gonger skjer sånn omtrent alt på ein gong. Sist veke skjedde det noko kvar kveld og i helga fortsette livet å koma med hendingar i lange rekkjer. Morgonane er lysare att etter at me skrudde klokka tilbake, og det har vore mange flotte soloppgangar. Ein morgon i sist veke såg det ut som ein stor fugl kom flygande med morgonelden. På laurdag var det tida for ei ny forestilling om elefanten Babar. Denne gongen var det på Sandnes bibliotek. Det er spennande og litt nervepirrande å opptre på denne måten. Den største utfordringa er kanskje å få samspelet mellom meg og musikarane til å fungera godt fordi det frå mi sida krev god timing og rett grad av intensitet når eg for eksempel skal vera ein elefant som tek morgongymnastikken sin medan dei spelar vakker musikk. Då eg fortalde mor at eg var både gråtande og løpande elefant og fornem gammal fransk dame medan eg fortalde, var replikken hennar «Det har du i alle fall ikkje etter meg…» Det kan ho ha rett i. Sidan Babar tek med seg dei rymte syskenbarna sine på fint konditori når dei kjem til byen, så er eg nesten nødt til å eta ein kokosbolle og medan dei spelar litt tivoliaktig musikk. Det er rart kva ein rolle kan krevja… Alt for kunsten…

image

Slik ser det ut når forteljarbordet er dekka for Babar og gjengen. Etter forestillinga, som eg trur gjekk fint, reiste me innom mor og far på koseleg lunsjbesøk. Etterpå slokna eg på sofaen og vakna ti minutt før me skulle ut igjen fordi alarmen hadde svikta meg… Me var inviterte ut med Arne og Hilde, og me hadde spora opp ein etiopisk restaurant i Stavanger. Maten var utruleg god.

image

Me bestilte injera, store afrikanske pannekaker til fire personar. Dei kom på eit stort fat med ulike typar fyll og sausar oppå. I tillegg fekk me kvar vår skål med kyllingkjøt i sterk saus og eit kokt egg. Ein et maten ved å brekka av små bitar av pannekaka, leggja fyll oppå og eta med fingrane. Eg har fått ein liknande rett tidlegare laga av Mehret frå Eritrea, men då var det bare med ein type kjøtsaus.

image

Etter maten fekk me krutsterk etiopisk kaffi som smakte intenst av nellik. Det var veldig godt det og.

imagePå vegen gjennom byen såg me mange heil- og halvhjarta utkledde menneske som feira halloween med spøkelseskappar og kanindrakter. Eg har ikkje vore nokon stor halloweenfeirar, men trådde til med nokre saftige spøkelseshistoriar på skrivekurset etter ynskje frå elevane. Me fann oss eit mørkt rom og hadde bare med lysestake med brennande lys.  Kvar gong eg fortel spøkelseshistoriar får eg litt dårleg samvit etterpå med tanken på at eg kan ha klart å skremma nattesøvnen frå elevane mine. Eg lever meg sånn inn i det at eg nesten blir fælen sjølv… Kanskje eg skal kosta på meg ei forteljarmaske til neste gong…

image

På sundag måtte eg tidleg opp for å leggja siste hand på sundagsskuleandakten. Eg pleier å vera tidlegare ute, men sidan eg hadde hatt det så travelt fekk eg litt tidsproblem. Eg satsa på gammaldags flanellograf for ein gongs skuld, og fekk nesten litt panikk då eg ikkje fann alle Betty Lukens figurane der dei brude vera. Det ordna seg til slutt.

På ettermiddagen sykla me til Fotland for å sjå Sissel si utstilling. Det var veldig kjekt å sjå bileta ferdig opphengde på veggen etter å ha hjelpt til litt på førehand. Eg skulle gjerne kjøpt eit av bileta, men det er etterkvart smått med veggplass i heimen. Eg fekk med meg kalendar og fine postkort i sykkelkorga som eg kan gleda meg til å få bruk for etterkvart. Om kvelden reiste eg og Hilde på forestillinga «Kvinner i bibelen» i Orstad- Frøyland- kyrkja. Det var ei fin oppleving. Det var ei forteljarforestilling med flinke musikarar og songarar i tillegg til forteljinga. Songarane song så fint at eg fekk frysningar på ryggen. Eg fekk i grunnen veldig lyst til å laga ei liknande forestilling sjølv.

I går kveld var me så vane med at det skjedde ting heile tida, så då inviterte me oss på kveldskaffi hos Torhild og Per Magne. Plutseleg var det alt for lenge sidan sist.

I ettermiddag har eg rett og slett brukt nokre timar på å slappa av i sofaen. Eg lurde på korfor i all verda eg var så trøytt, men når eg sit og skriv om den siste veka så er det kanskje i grunnen ikkje så rart. Eg fekk store mengder drueklasar med små og ganske sure druer av far då me var oppe på hos dei i helga. I kveld har eg prøvd meg på druesyltetøy kokt på druer og frosne blåbær. Det vart veldig flytande, men smakte godt.

image

image

Framleis har eg blomar i verandapottene mine og små rosa roser på den eine busken. Haustfargane er fine i år. Eg har ein følelse av at året er litt forskjøve… Sommaren kom i midten av august og hausten varer til jul? Me seier ikkje nei takk til fine dagar enten kalendaren seier det eine eller andre. Me er ikkje vanskelege slik. På fredag kjem Sunniva for å vera heime i helga. Det gler eg meg til. Boka vår har seld så godt at eg lurer på om me bør trykkja opp fleire slik at me har nok viss folk vil kjøpa julegåver hos oss. Det er alltid vanskeleg å berekna, men veldig kjekt både med sal og gilde tilbakemeldingar. Nå gler eg meg til å skriva meir.

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

Seint i oktober

image

Fullmånen heng over huset. Det er oktoberkveld, eg går inn for landing etter ein innhaldsrik dag.

image

Veret har vore nydeleg. I tredje klasse har me arbeidd med ulike landskapstypar og naturen på Jæren. I dag fekk me lov til å ta heile trinnet med til toppen av høghuset for å studera landskapet vårt frå oven. Det var spennande for ungane å finna skulen, Storgata, Frøylandsvatnet, sjøen og huset dei bur i frå eit utkikkspunkt høgt oppe i lufta.

image

Etterpå gjekk me i Sandtangen for å leika og eta matpakken vår ute. Lyset i bøkeskogen var så fint. Me hadde vald den rette dagen til å driva uteskule.

l kveld var eg på årsmøte i bygdekvinnelaget og las dikt. Det var fint. Me åt tacosuppe og drakk rabarbrasuppe og kaffi. Eg skulle lesa i ein halvtime, så eg måtte setja i saman eit lite program. Eg fann ut at det kunne passa bra å ha med dei dikta i den siste boka mi som handlar om farmor. Eg lurte litt på om kva ho ville ha sagt om akkurat det. Ville ho ha mislikt det? Kanskje ho hadde rista litt på hovudet og sagt med eit glimt i auget: «Har du høyrt noke så toskje?» Kanskje ho hadde vore litt stolt og? Det er første gongen eg har lese dei dikta opp for nokon, og det kjendest fint.

Eg vart forresten litt stolt av faren min då ei dame fortalde at han då han var politi kom til Bjerkreim, der ho og mannen hadde vore innblanda i ein kollisjon. Etter å ha gjort politiarbeidet, så kjørde han dei heim til Klepp eller Orre der dei budde, fordi bilen deira ikkje var kjørbar. Slike historiar likar eg.

Heidi

Musikken av orda dine

image

Eg sit her på toget og smuglyttar til ein telefonsamtale. Smuglyttar er kanskje ikkje det rette ordet, for eg forstår bokstaveleg talt ikkje eit ord av det du seier.Du snakkar på eit språk eg ikkje klarer å identifisera, men det er fullt av musikk, og stryk meg ømt over  tankane.

Stemmen din vekslar mellom glad entusiasme og lått til det triste, sårbare, klagande og kviskrande. På eit plan forstår eg heilt kva du meiner, samtidig har eg ikkje sjanse til å forstå noko som helst.

Om du snakkar norsk og, anar eg ikkje. Høgst sannsynleg så snakkar du ikkje vårt språk med same sjølvsagte presisjonen som eg høyrer du gjer når  snakkar med ein som bruker det same språket. Orda dine kjem i lange rekkjer med smil, humor, glede og klage. Sjølv om eg ikkje veit det, så høyrest det ut som om du spelar små dialogar med ulikt stemmeleie  og med lått og kommentarar innimellom.

Eg håpar du har det godt her i det nye landet ditt. Eg håpar du har blitt kjend med varme og inkluderande menneske  og at du kjenner det er bruk  for deg  her og at me set pris på det du har å tilføra oss.

Utan å forstå eit ord av det du seier, har musikken i orda dine fortald meg om eit menneske med mykje humor og varme, om eit menneske med skodespelartalent og mange og sterke kjensler. Eg har i grunnen fått litt lyst til å bli kjend med deg, men me nordmenn er ikkje alltid så flinke til å vita korleis me skal få til slikt. Eg håpar ingen har begynt å senda deg strenge blikk som fortel at du forstyrrar tausheten som kviler over togturen vår…

Heidi

image

God morgon frå Oslo S

image

Måndag er som kjend skrivedagen min, og denne måndagen vart eg vekt av ein togstemme som sa over høgtalaranlegget at toget var i rute. Mot formodning kapra eg meg plass i ei sovevogn i natt, og vakna relativt klar for ein ny dag. Nå har eg funne meg eit fint kontor for dei første to timane, det ein i ein amerikansk film kunne ha kalla » A room with a view».

image

Det er noko fascinerande med å observera menneske frå denne synsvinkelen, menneske som kjem, ventar, tek avskil og går. Som frå ein science fiction- film. Ei ny ladning jordbuarar er ferdigproduserte, har fått ein koffert med nødvendig bagasje og står klare til å bli toga til sin destinasjon i livet… Det er ei litt forskrudd greie at fantasien min heile tida ser på det som skjer rundt meg som moglege plot for ei biletbok, ein revy eller ein musikal. Eg kan for eksempel sjå for meg at alle på bussen plutseleg reiser seg opp, stemmer i den same tåpelege songen og gir seg til å dansa i midtgangen, eller at den gode gamle saksedebatten i lærerkollegiet ( for uinnvidde: Kor mange sakser skal kvar klasse ha, skal det vera klassesett på lageret, skal det vera lov å låna tekstilsakser frå formingsavdelinga osv…), plutseleg blir forvandla til eit eksistensielt absurdteater… Då eg var barn trudde eg vel at alle hadde det slik, nå har eg oppdaga at det viss er ei litt sør greie. Heldigvis er minst eit av barna mine utsett for denne typen tankar, så heilt aleine er eg vel ikkje…

Nå må eg bare passa på klokka så eg ikkje blir akterutsegla her eg sit… Eg trur denne måndagen blir ein perfekt dag for å ha eit fjernkontor som susar gjennom hausten langs sørlandet. Ha ein fin dag, alle saman.

Heidi

Fram og tilbake er like langt

image

Fantastisk fine dagar i Mosjøen er over og eg har kome så langt som til å finna plassen min på nattoget som skal ta meg frå Trondheim til Oslo. Eg har gjort forsøk på å få meg ein sovekupe, men det har vore vanskeleg. Nå står eg som tredjemann på venteliste, men at tre som har bestilt kupe ikkje dukkar opp er vel lite truleg. Turen bort gjekk overraskande fint, så eg ser ikkje svart på ein sitjeplass heller. Det som kanskje er litt dumt er at eg har fått endestolen som står feil vei, så det blir lite beinplass. I fylgje ryktet så skal kvar einaste stol vera oppteken…

Etter å ha stild klokka så fekk me ein ekstra time i natt, og plutseleg så var det mørkt då eg reiste frå Mosjøen klokka kvart på fem. I dag har me rukke å gå tur med barna i øsende regn i nydelege haustfargar. Mormor og morfar til ungane inviterte meg på sightseeing i området med bil. For ein koseleg tanke. Det var veldig kjekt med ein guida tur.

image

Kjekt var det og å sjå kor glade barna var for å sjå foreldra sine att då dei kom, og for meg og var det kjekt å få litt tid med dei før eg måtte sørover att.

image

Eva Mari har gjort klar i fleire døgn til ein skikkeleg gourmetmiddag for storfamilien, og før eg reiste fekk eg servert lammeskanke i rødvinssaus med kvitløkstilsett potetmos. Spør du meg så var det eit ganske ambisiøst prosjekt for ein travel barnepassar, men det vart drege i land med stil. Nå må eg posta før me mistar dekninga:)

Heidi

Kjærleik ved første blikk

image

Eg hadde minst tre veldig gode grunnar til å ha veldig lyst på denne turen. Eg hadde lyst til å reisa med  Nordlandsbanen og til å oppleva Mosjøen, eg har det alltid veldig triveleg i lag med Eva Mari, og kanskje aller viktigast, eg hadde utruleg lyst til å møta og bli betre kjend med ungane til Arild. Dei har kome tett, og bur langt borte, så faktisk er det bare eldstejenta på fire og eit halvt år eg har møtt før. Minstejenta på tre og vesleguten på rett over året har eg bare sett på mange bilete.

Eg hadde gleda meg veldig til å møta dei og vera medbarnevakt denne helga. Det var veldig koseleg å bli kalt «tante Heidi» frå første stund av dei to som har lært å snakka. Den eine jenta hadde fortald mormora si på førehand at » Vi har ikkje møtt ho, men vi kjenne ho likevel.» Luer og panneband som eg hadde kjøpt med frå Olinda sin produksjon med motiv frå filmen «Frost»viste seg å vera ein stor suksessfaktor. Det same var nokre dokkehusmøbler til montering i heimen, kjøpt på ein eller annan hobbybutikk for lenge sidan, som eg tok med i kofferten. Dei to jentene var så ivrige og uthaldande og syntest det var kjempekjekt å laga møblar sjølv om desse viste seg å bera preg av å ha vore veldig billige. Delene var ikkje heilt nøyaktig utskorne, så det vart litt skakt og rart. Heldigvis betydde ikkje det så mykje.

image

I dag har me fått gjenoppfriska ferdigheitane som småbarnsmødre som me hadde heilt inne for ein tjue-tretti år sidan. Det går i full fart med to sprell- levande og veldig verbale småjenter og ein veslebror som nettopp har lært å gå, kryp raskare enn lynet, og er høgt og lågt. Eg greip meg i å lura på korleis eg fekk tid til å gjera husarbeid då eg hadde fire små barn. Dei som kjenner meg vil kanskje skyta inn at det hadde me viss ikkje tid til heller, og det kan dei ha rett i. Meir enn noko hugsar eg kor kjekt og levande det kjendest ut å ha huset fullt av små barn.

I dag har me vore på tur til Mosjøen sentrum. Eldstejenta definerte vêret som » sjekkeleg sjitvær». Det regna litt, og bles ganske surt, men jentene var flinke til å gå, og Mosjøen var ein sjarmerande plass.

image

Me var på kulturkafe og drakk kakao med krem for å få varmen i oss att. Der selde dei vaflar med kokte egg, og vaflar med kjøtpålegg i tillegg til dei meir tradisjonelle med syltetøy.

image

Og me måtte smaka lefse med nordlandsgome. Gomen var kokt med risgryn og rosiner og smakte forskjellig frå den heime. Dei selde og pannekaker rulla saman med gome i midten.

image

Vel heime att så laga Eva Mari kanelbollar med jentene, og me laga folk av piperensarar som kunne sitja i møblane me hadde laga. Så var me inviterte til å eta pølser og eplekake hos mormor og morfar til barna. Det var kjempekoseleg. Etter leiking, lesing, lørdagsgodt og synging sov dei tre yngste etterkvart trygt i kvar si seng. Me vaksne slo oss til for å sjå på Lindmo, men hadde alvorlege problem med å halda oss vakne, så etterpå gjekk me rett og slett og la oss… Nå har eg skrive meg inn i den timen som er bonustid akkurat denne helga. Det passa meg utmerka at den timen kom nå.

Heidi

Den som reiser gjennom natt og tid

imageEg oppdaga at det har skjedd noko med internettdskninga på Sørlandsbanen. Mot alle tidlegare erfaringar, så var det nettdekning nesten heile tida. På Trondheimsbanen og Nordlandsbanen var det derimot ikkje dekning i det heile tatt, så alle reiseskildringane som gjerne ville bli skrivne måtte bare venta.

I Oslo hadde eg ein koseleg middagsdate med Halvard og Sunniva. Det var utruleg koseleg at begge fekk til å møta mor si medan ho hadde togbyttepause på Oslo S. Me hadde først tenkt å halda oss på stasjonsområdet, men det viste seg at matplassane der stengde tidleg. Heldigvis trong me ikkje gå lenger enn ut døra og nokre meter vidare før me fekk oss bord på Egon med god pizza, burger og pølse. Sunniva fulgte meg til toget, og me dobbelsjekka at det var rett tog som stod der. Etter å ha bomma på perrongen og mista toget på Oslo S på grunn av ei misforståing ein gong i fjor, er eg blitt nevrotisk redd for å gjera feil på togstasjonar. Sjølv om lysbokstavane på toget fortalde det du sjølv kan lesa på biletet, så slappa eg ikkje heilt av før dei like etter avreise ønska velkomen på nattoget til Trondhjæm.

Toget var ganske så fullt. Eg er rett og slett overraska over kor utruleg mange menneske som reiser med nattoget utan å bestilla sovekupe. I min optimisme hadde eg håpa på å kanskje få eit dobbelsete aleine, men eg forstod fort at det kunne eg bare gløyma. Snart sat det ein soldat i uniform på sida av meg. Smådramatisk var det då eit ektepar frå nord i landet viste seg å ha fått dei same plassane som to afrikanskfødde damer. Då konduktøren kom viste det seg at dei to frå nordnorge var der eit døgn for tidleg. Dei fekk tilbod om dobbelsetet bak meg fordi dei som hadde det ikkje dukka opp. Mannen kom med ei lang forklaring på at det måtte vera dei han kjøpte billett av som gjorde feil. Konduktøren var litt kort med han og sa at nå var det heilt uinteressant kva som hadde skjedd, for han hadde jo sete til dei. Mannen fortsatte å forklara kona at dette ikkje var hans feil, og gong på gong sa ho: «Æ veit det, æ stod nu sjøll på sida av dø og hørte ka som ble sagt». Eg tenkte at det var veldig menneskeleg å ha behov for å forklara seg. Eg hadde sikkert gjort det same sjølv. Menneskeleg var det og at han då dei vakna i halv sekstida neste morgon fortsatte der han slapp med å gjenta fleire gonger at han ikkje forstod kva son hadde skjedd for han visste jo at han hadde bestilt rett. Kona støtta han stadig. Velsigna vere dei som støttar mannen sin…

Eg fann ut at eg måtte koma meg til restaurantvogna og kjøpa meg ei flaske vatn i tilfelle natta skulle bli vaken, lang og tørst. Eg måtte gå gjennom halve toget. Eit par som hadde fått sete ved sida av einannan kyssa kvarandre til god natt med NSB si sovemaske trygt plassert framfor auga på begge to. Dei strevde litt med å finna munnen til kvarandre, men lukkast til slutt. Velsigna vere dei som kysser kjærasten god natt sjølv på togturar. Med desse to episodane boblande under topploket tenkte eg at NSB sine nattog var ein slags revyscene, eller i det minste kunne vera ei stor inspirasjonskjelde under produksjonen av ein revy.

Litt komisk er det og at alle passasjerar blir utstyrde med grått ullteppe, sovebriller og øyreproppar. Eg var sikker på at eg ville la dei to siste små gåvene frå norske statsbanar bli liggjande då eg fann fram ullteppet, men jammen vart eg ikkje inspirert til å prøva ut begge deler på min veg gjennom natta. Det er ei sjeldan setting at heilt ukjende menneske sit tett i tett og søv med opne munnar og komiske sovebriller med blå gummiproppar stikkande ut av øyrene. Plutseleg sit ein der med ein sovande framand mot skuldera som ein ikkje har hjarte til å vekkja eller dytta vekk. Litt søvn vart det då, sånn ti minutt om gongen og sikkert meir enn ein sjølv trur. Det var og ei lette å oppdaga at me kom til Trondheim i god tid til å nå overgangen til Nordlandsbanen. På stasjonen lukta det kaffi og nysteikte bollar i Narvesenkjosken, og folk sat utanfor og drakk morgonkaffi og venta på toga sine.

image

Toget retning Bodø vart sett opp tidleg, så me som kom frå nattoget slapp å venta lenge. Etterkvart vart det kaffi og frokost i togrestauranten. For eit nydeleg landskap toget tok meg med gjennom på den fem og ein halv times turen til Mosjøen. Eg tenkte at den turen aleine var verd strevet. Først vakna dagen i blått medan me kjørde langs Trondheimsfjorden og så bar det gjennom eit haustkledd Trøndelag inn i Nordland.

image

På Mosjøen stasjon vart eg møtt av Eva Mari, som laga god lunsj til oss før me henta barna i barnehagen.

image

Heidi

Les feulles mortes

image

Me er meir enn tretti år tilbake i tid. Eg sit i klasseromet og har fransk med lektor Meling. Ute er det blitt haust. Han står der og tar i mot oss med ei bunke ark. Han vil gjera ein vri på undevisninga, i dag skal me synga. Overskrifta på arket er «Les feulles mortes». Han fortel oss at «le føye mårte» betyr haustblad, og spør kor mange av oss som kan songen eller i det minste melodien. Me ser lett forvirra på kvarandre, eg ristar og på hovudet. Eg kan aldri hugsa eg har høyrt melodien før. Fransklæraren seier at han kan begynna å synga, så kan me falla inn etterkvart.

Av ein eller annan grunn hugsar eg dette og fylgjande heilt glasklart. Han blir ståande framme ved tavla og synga. Han syng fint. Få eller ingen hektar seg på undervegs, men med eit vennleg, bestemt og litt sjenert smil syng han songen om dei døde blada som fell om hausten. Eg blir rørt, og prøver å skjula det fordi eg ikkje heilt veit korfor eg opplever det så sterkt.

Mange år seinare oppdaga eg den amerikanske varianten av den same songen «Autumn leaves». På denne årstida har det hend fleire gonger at eg vel denne musikken som velkomen-song når elevane kjem om morgonen, og det hender eg let tankane gå til lektor Meling si forestilling i fransktimen. Nå sit eg her på toget og reiser gjennom landskap med gule blad. Eg kjenner på vemodet ved å vera i denne årstida att, og eg kjenner at dei gule blada berører meg. Eg tenkjer at eg kanskje er i ferd med å utvikla meg til å bli skikkeleg sentimental. Koss skal dette enda… ?

Heldigvis er det fleire enn meg som opplever årstidene som rom i livet der me går ut og inn. Det har større lyrikarar enn meg sett ord på. Stein Mehren skriv: » For den som elsker er årstidene åpne dører, og du skal gå inn».

Så vrir livet seg vidare i det store tilveret etter spiralprinsippet. Skrua har gått ein runde til, det er haust att.

Nå sit eg i restaurantvogna og drikk sterk kaffi frå pappbeger. Folk småprater med togvertinna: » Mi har bare ostepølser igjen…» «Ja, ja, mat er mat…» » Det er ikke alle som lier ostepølser, så æ må nesten si i fra…» » Å, ja, nei det kan vel være det…» Det er beroligande. Eg liker å høyra lyden av menneske. Utanfor er det eit utruleg vakkert overlys gjennom mørke skyer ned på åsar med gule blad. Klokka passererimage fem.Eger framleis glad for at eg har langt igjen å reisa.

image

 

Mor på langtur

imageFor slike som meg som trivest godt med bare sånn passe skumle utfordringar, som er glad i å reisa langt, men som helst unngår å fly, så må dette vera det perfekte prosjektet. Eg er nå på toget som så smått nærmar seg Egersund, retning Oslo. Det er første etappe på turprosjektet att og fram til Mosjøen med tog i løpet av ei langhelg…

Eg har foreløpig sitjeplass på nattog-etappane og, og med miniprisbillettar så er det rett og slett ganske billig synest eg… Eg hadde bestemt meg for å kosta på meg sovekupe mellom Trondheim og Oslo natt til sundag, men då eg ville kjøpa i dag, var det rett og slett ingen ledige… Det var tre kupear reserverte for rullestolbrukarar, og viss ingen med spesielle behov bestilde dei så vart dei lagt ut førtiåtte timar før avgang. Det vil visa seg om eg trekk det heldige loddet… Det går bra uansett…

Dette har eg gleda meg til lenge, for tog er favorittreisemåten min. Det er roleg torsdadgsstemning på toget folk les i bøker og kikkar ut vinduet. Haustfargar har kome seint i år, men nå er markene gylne og trea er blitt gule og oransje. Dersom toget er i rute har eg eit par timar ved togbyte på Oslo S. Viss alt klaffar blir det eit lite treff med Halvard og Sunniva 🙂

Heidi

Da vi sang om kjærlighet og fred…

image

I dag sette eg meg ned med ei avis eg ikkje fekk lese i helga, og då eg såg dette biletet, breidde det seg ei bølgje av nostalgi, glede og vemod i kroppen min. Denne plakaten hang på rommet mitt på slutten av 70- talet, og var viktig for meg og alt eg trudde på. Akkurat dette Jesus-ansiktet hadde folk på skuleranslane sine, på jakkemerke og teikna med svart tusj på fillete dongerijakkar over vovne busserullar og bestefarsskjorter frå Fretex. Plakaten kjem frå Guds fred, ein bevegelse som var viktigfor mange på denne tida. Biletet i avisa fann eg i ein fin artikkel om Jesus-bevegelsen. Det var eit privilegium å vera ungdom i kjølvatnet av Jesus-bevegelsen. Det var noko ungt, friskt, radikalt og hippie-aktig ved det som var ein fin kontrast og eit meiningsfullt tilskot til den kristne ungdomskulturen som fantest frå før i baptistkyrkja på Ålgård, på bedehuset og i kyrkja der eg song i ungdomskor. Sjølv har eg alltid følt meg litt som hippie, noko som har eit lite element av protest i seg, og som sikkert er veldig sunt for «snille flinke piker».  Eg gjekk i lilla aplikerte lange skjørt og store sjal og hadde langt flagrande hår. I kristenrusskoret song me: «Vi er søsken og sammen skal vi slåss, vi vil kjempe mot hat og løgn og lunkenhet som hersker mellom oss…» Eg fekk til og med oppleva å vera på besøk på «Fredens bolig», Guds fred sitt kollektiv i Krokskogen, den Henriette, syster til Anne Mette budde ein periode. Me vart tekne inn i arbeid og trusliv, og eg vart sett til å reinska kokte, heimeavla kaniner til kaninfrikaséen dei skulle ha til middag. Eg hadde ei viss dragning mot det litt ekstreme, samtidig som eg alltid har vore litt pysete av meg. I jakten på nådegavar bad eg til Gud om å få kjærleikens nådegave fordi denne høyrdest langt mindre skummel ut enn tungetale og åndeutdriving. Dessutan tenkte eg vel at kjærleikens nådegave måtte vera noko verda verkeleg trong. Framleis appellerer det litt hippieaktige sterkt til meg.  Det slår meg at denne rørsla hadde mykje til felles med det Halvdan Sivertsen syng om i ein av sine tekstar.

Du går enda rundt med hippi hår
Du har ei slengbukse fra fjerne år
Fra da du var med
Og du lev» på det
Du va ung, og du va fri
Den sommer’n i 69
Da vi sang om kjærlighet og fred
Om ei felles jord, der vi sku rive muran ned

Alle har sitt eget 69
Der vi står mens tia går forbi
Og æ syn’s det e litt trist
Når du si takk førr sist
Det går greit, det går bra
Men ingenting e som da
Da vi sang om kjærlighet og fred
Om ei felles jord, der vi sku rive muran ned.
Halvdan Sivertsen.

Heldigvis har eg korsveirørsla og korsveifestivalane som eg kan lena idealismen min og trua mi i mot. Eg kjenner nemleg på mykje av det same framleis. Eg vil gjerne vera med på å forandra verda. Det svart/kvite har fått fleire nyansar, men framleis synest eg at verda er ein plass som treng kjærleik og fred og riving av murar. Eg kjenner meg priviligert som fekk vera ungdom på akkurat den tida då eg vaks opp. Det var ei tid, i alle fall for mitt vedkomande, då mitt eige bilete i spegelen var heilt underordna det å forandra verda. Framleis dusja me saman etter gymtimane utan å tenkja over at kroppane våre ikkje tolde å visast fram, nå er dette så vidt eg forstår ein stor barriere for unge jenter fordi me meir enn nokon gong blir fortalde at me ikkje er gode nok slik me er skapte. Me gjekk med jakkemerka side om side på loppemarknadskåpene: «Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi», «Jesus lever»,  «Atomkraft, nei takk», og «Viss kvinnene fikk styre jorden». Og me trudde på det alt saman…

Nå kan det tenkjast at eg idylliserer litt. Det har me vel ein tendens til å gjera me som har fylt femti. Eg synest desse tankane er viktige å tenkja likevel… Takk til Vårt Land som henta plakaten min fram frå det nesten gløymde. I dag går eg rundt og nynnar på: «Vi er søsken, og sammen skal vi slåss». Eg ville i grunnen ha unna barna mine å ha opplevd det same som meg. Samtidig veit eg at dei har andre opplevingar som er viktige for dei og som formar dei som menneske. Det eg vil fram til er vel kanskje at eg sjølv fekk med meg mykje som eg er takknemleg for å ha fått oppleva.

Heidi