Gå til innhald

Om varme punkt i livet

15230456734_4082da1f7d_o

Eg høyrde eit klokt menneske snakka om varme og kalde punkt i livet. Dei varme punkta er dei situasjonane og augneblikka då alt kjennest ut til å vera på rett plass, og alt er fylt av ro og varme. Dei kalde punkta er dei situasjonane når ein frys inni seg og kjenner at eit eller anna ikkje er som ein skulle ynskja at det var. Me vart oppfordra til å ta ei stund om kvelden og kjenna på dei varme punkta som har vore i løpet av dagen og takka for at ein har fått lov til å bu i dei. Ein kan tenkja gjennom korfor dei var varme og fine og tenkja etter om det er element i opplevinga som kan få lov til å bli endå meir framtredande i dagane som skal koma. Ein skal heller ikkje ignorera dei kalde punkta. Dei skal ein roleg tenkja gjennom og analysera og kjenna etter om det var noko ein kunne gjort annleis for at dei skulle kunna bli mindre kalde.

Etterpå har eg prøvd å vera litt ekstra vaken med tanke på dei varme punkta i livet mitt. Ikkje overraskande så finn eg at dei ofte er små og kvardagslege. Det kan vera situasjonar på jobb der livet i klasseromet plutseleg begynner å dirra av varme og energi, det kan vera små samtalar med kolleger, det kan vera eit godt måltid, eit møte med eit anna menneske, ei god bok, ein katt på fanget, ei fredeleg stund i bøn og ettertanke eller det kan vera situasjoner der humoren plutseleg løftar oss som er involverte opp frå ein relativt triviell situasjon og inn i ein befriande latter. Det kan og vera opplevingar ute i naturen som plutseleg stryk sjela di på ein uventa måte, eller ein setning eller til og med ei tekstmelding som plutseleg gjer deg overraskande glad.

Det som kanskje er litt overraskande, er at dei varme punkta plutseleg kan oppstå i situasjonar der ein ikkje hadde venta dei. Dei kan stikka hovudet fram i nesten ein kvar situasjon, men dei let seg ikkje alltid framprovosera.

Eit av dei varmaste punkta i livet mitt dette siste året, er dei timane eg fekk i lag med farmor den siste helga ho levde. Eg reiste inn dit med mykje sorg i meg og tenkte at det kunne vera siste gongen eg såg henne. Eg visste og at eg kunne risikera at eg ikkje fekk kontakt med henne fordi ho var så sjuk. Eg vart overraska over kor glad ho var for å sjå meg, og dei timane eg sat og haldt henne i handa vart heilt annleis enn eg hadde trudd. Det var så fint å vera der, og eg vart fyld av ei merkeleg ro og ein slags vemodsfylt glede som eg eigentleg ikkje har ord for å skildra. Me fekk snakka om små, men viktige ting, men det var kjensla eg fekk av å vera i lag med henne som verkeleg varma. Eg trur det næraste eg kjem er å vera eit barn som sit på fanget til ein trygg vaksen person. Då me reiste der i frå hadde eg tårer i auga, men sorga var forandra til ein aksept av situasjonen. Eg kjende at det var rett at ho skulle få lov å fara i frå oss nå, og reiste der i frå med ei sterk oppleving av å ha fått vera nokre timar i ein uforklarleg omsorg. Eg er veldig takknemleg for denne opplevinga.

Dei kalde punkta kan og koma overraskande. Plutseleg kan ein få tankar ein ikkje er førebudd på å få, ein kan oppleva noko som ein skulle ynskja var annleis mellom menneske. Ein kan kjenna seg misforstått, ein kan kjenna at dette vart ikkje slik eg hadde tenkt. Ein kan kjenna avmakt for situasjonar og relasjonar der ein sjølv blir ei brikke i eit spel ein ikkje er glad for i det heile tatt, og ein kan kjenna at ein sviktar dei ideala ein eigentleg ynskjer å leva ut. Alt dette er og ein del av det å vera menneske. Eg trur kanskje det kan ha noko for seg å våga å ta eit gjensyn med desse situasjonane og om kvelden og tenkja gjennom kva ein kunne gjort annleis. Det er ganske stor sjanse for at liknande situasjonar vil oppstå igjen, og då kan ein kanskje vera betre rusta til å gjera dei kalde punkta varmare.

Noko av det merkelege med å leva er at ein aldri blir nær på utlært i kva livet går ut på. Av og til kan ein til og med lura på om ein i det heile tatt har forandra seg noko særleg. Når eg les tekstar eg skreiv då eg var på alder med barna mine, kan eg bli forundra over kor likt eg tenkte det eg framleis tenkjer, og kor likt eg opplevde tinga som eg framleis opplever dei. Dette seier kanskje noko om at det å vera levande ikkje har så mykje med alder å gjera. På mange måtar liknar me menneske kvarandre meir enn me ofte går omkring og trur. Me har alle våre levande sekund og liv med varme og kalde punkt, og det er mi heilage overbevisning at dersom me tek oss tid til å vera til stades i eige og andre sine liv, så kan me skapa fine ting i lag.

Heidi

Utolmodig lengtande

image

Det er noko nakent og utolmodig over våren. Småhutrande går me her og ventar på at han skal koma for fullt. Plutseleg kjenner me til vår forundring kor svoltne me endå er på liv, og kor mykje me framleis lengtar. Ingen farge er vakrare enn den heilt spesielle fargen på nyutsprungen bjørk som minnar oss om 17.mai ein gong for lenge sidan, med trøytte føter i litt for små finsko etter barnetoget og Einar Nilsen i speiderdrakt med flagget senka i midtgangen i kyrkja, «Gud signe vårt dyre fedreland», lapskaus i pappbeger og turnoppvisning på fotballbanen. Denne vemodsvare kjensla av at nå kan livet kor tid som helst gå i frå oss dersom me ikkje er på vakt, og denne snarvegen inn til sjela som me nesten hadde gløymt heilt av.

image

Det går ikkje fort framover denne våren. Me ville ikkje blitt overraska om det kom endå ei frostnatt, men langsomt og steg for steg blir det grønt.  Flekkvis vaknar bøkehekken til live.

image

Og hagen vår er slett ikkje nokon pryd for nabolaget, men det blømer i litt ugrasovergrodde bed, som me nok skal få tid til å luka når det bare blir litt varmare så me slepp å frysa sånn på fingrane. Visst har me både perleblomar og tulipanar. Ei strofe som eg grunna litt på då eg i tidleg barneskulealder sat i kyrkja på skulegudsteneste på 17. mai på sida av frøken, Gerd Signy, og song nasjonale festsongar: «Om sædet enn gror på ymist lag, det brødder då etter plogen». Eg forstod ikkje orda heilt, men dei var fine…, akkurat som bukettane med bjørk og kvitveis med ein plastpose nederst, festa på enden av kyrkjebenkjene var fine. Lærarane sat med desse rare svarte luene med ein stor dusk på aksla. Det såg både høgtideleg og ganske rart ut. Mor sa at det heitte studenterluer. Det høyrdest fint ut. Eg kan i grunnen ikkje huska at det var andre enn lærarane som brukte dei. I tillegg hadde dei 17.mai-sløyfer som gjekk nesten til bakken. Dette med at det «gror på ymist lag, men brødder då etter plogen,» syneste eg framleis passar på beda våre, sjølv om det heilt opplagd ingen plog dit skal koma. Optimistisk set me i gang med blomsterlauk, blomsterfrø og store mengdar stauder kvar vår. Spiringsprosenten er oppsiktsvekkjande låg, og me set i gang konkurrerande bedprosjekt utan å fortelja kvarandre om det. Plutseleg er det fullt av blomsterløk der eg prøver å grava ned ei tue med valmuer eller lupiner. Me har eit stort utviklingspotensiale på hagefronten, og det må vel vera fint… Ingen bed er så planlaust spontant samansette som våre, men dei gjenspeglar kanskje eit eller anna…

image

Utstyrt med ullstrømpebukse, ulljakke, ullskjerf, ytterjakke og ryggsekk med termos og plaster, la eg i veg ut i dagen i dag tidleg. Heldigvis var det opphaldsver, så me kunne optimistisk ta med oss dei nesten seksti andreklassingane våre med ut i skogen. Dette veka er det steinalder som gjeld her hos oss. Dei har laga seg små steinaldermenneske av piperensarar, trekuler, filt og ull, og i dag skulle dei få seg ekte steinalderbustadar ute i naturen. Ungane var inndelte i familiar som dei skulle laga hus til og skaffa eit godt liv ute. Det vart laga både holer, senger, spyd, bord, dyrefeller og hagar. Ungane hadde det skikkeleg kjekt, og mange ville nesten ikkje heim att.

image

Og det er då logisk for både barn og vaksne at ein familie fekk bu oppe i eit tre der dei var trygge for både fiendar og rovdyr?

image

Ei seng i eit gammalt fulgereir er gode greier.

image

Og familien rundt dette bålet fekk varme pledd av grøne blad. Ein av dei herlege tinga med ungar, er at leiken ikkje let seg diktera av vaksen snusfornuft om korleis ting eigentleg bør henga saman. Den eine familien hadde husdyr, ein stor svart snegle og to meitemarkar. Då eg spurde med lærarpedagogisk stemme om sneglen var ein okse eller ein svart sau, fekk eg til svar at det var ein kjempesnegle som heitte Kong Harald. Så då så… Det er ikkje alle forunt å få leika med dokker når dei er på jobb…

Eg sluttar med nokre fleire linjer frå den salmen eg gjerne ville hatt som nasjonalsong… Det er kanskje upatriotisk å seia det, men eg synest at den nasjonalsongen me held oss med godt kunne vore jekka ned nokre hakk. Det er unekteleg noko nokså sjølvskrytande over han, men slik er vel kanskje nasjonalsongar? Tonen i desse linjene liker eg derimot svært godt:

Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma.

Og framleis syng me kvar morgon med ungane: Kom mai du skjønne, milde…

Heidi

Om å ha retning i livet sitt

17160400899_28a325d2ef_o(1)

Eg har tenkt litt på det som står i overskrifta. Korleis tek ein grep om livet sitt, og korleis gir ein det retning? Sjølv må eg innrømma at eg er ganske glad i Askeladd-metoden: Å gå ut i livet med gode forventningar kvar dag og vera spent på kva som kjem til å skje. Eg liker ikkje å vita alt på førehand. Det er eit slags paradoks sidan livet mitt er ganske møblert i den forstand at eg har ei ganske utbrodert avtalebok, forøvrig av typen gammaldags lærarkalendar som det blir skrive inn i med penn, og som eigentleg er ganske tung å bera med seg.

På konfirmasjonsgudstenesten i  kyrkja på sundag høyrde eg det igjen… At ein skremande stor prosentandel av norske ungdomar er stressa, går med høge aksler og vondt i magen og føler at dei aldri heilt er gode nok. Dei høyrer nemleg overalt at dei skal prestera sitt liv. Dei skal ha gode karakterer og kryss i rett rute i alle skjema som lærarane sit med, dei skal vera veltrente, vakre og velkledde, dei skal ha mange likes på facebook og i tillegg briljera og glitra i det sosiale livet, og dei skal få førarkortet i neven på attenårsdagen sin. Kva er det me lærer dei opp til, og kva slags førebilete er me, mon tru? …

Sjølv er eg vaksen nok til å forstå at eg ikkje treng ha kryss i alle rette ruter for å vera bra nok. Eg håpar eg har klart å formidla det til barna mine og elevane mine og, men heilt sikker kan eg ikkje vera.  Barna mine har vakse opp med ei mor og ein far med jern i elden og ballar i lufta. Kanskje eg skal vera glad for at dei har opplevd at det går an å ha det bra i eit rotete hus med ein kaotisk hage rundt? Eg er i grunnen ikkje så stolt av akkurat det, men dersom slike ting har senka prestasjonsterskelen deira så har det kanskje vore godt for noko.

Det er ikkje bare bare å veksa opp med at ein skal ut og shoppa seg eit liv. Før fekk ein «utdelt bruksanvisning» på korleis ein skulle gå fram for å leva eit anstendig vaksenliv, på godt og på vondt. Nå skal ein finna dette ut sjølv. Det meste er lov bare ein blir veltrent, vakker, vellukka og lukkeleg. Det er nesten som i den herverande læreplanen. Bare ein oppnår måla, så får metodane vera opp til den enkelte. Sjølv føler eg ofte trang til å dytta mine, nå til og med vaksne, barn litt venleg framover med snuten i den leia eg helst ville dei skulle gå, men eg prøver så godt eg kan å besinna meg… Då eldsteguten min var tenåring, la eg fram for han den teorien eg hadde om at fram til han var atten så hadde eg lov til å bestemma at visse ting fekk han ikkje lov til. Den dagen han fylte atten skulle han få bestemma sjølv, og då skulle eg respektera vala hans. Han nikka. Eg kjende eg måtte tilføya noko; «Men lov meg at du ikkje blir rasist eller satanist, for då kjem eg aldri til å klara å respektera det.» Odd Christian snudde seg og såg oppgitt på meg: «Mor, kva trur du eigentleg om meg…?»

Noko eg trur er viktigare enn noko, er å oppdra barna til at det finst andre nasetippar enn deira eigen, og at det finst område som er vel så interessante som eigen navle. Eg skulle ynskja at me klarte å gje den oppveksande generasjonen tru på at dei kan forandra verda bittelitt, i alle fall for nokon. Eg har stor tru på at me menneske er flokkdyr, og at me treng kvarandre for å vera på plass i liva våre. Me er skapte for å bera kvarandre, til å gleda oss med kvarandre og til å gråta med kvarandre. Me treng ikkje springa i frå kvarandre for å visa at me er sprekast eller gå på hendene til månen for å visa at me er flinkast. Det er ei misforståing at me alle har plikt til å vera meir vellukka enn dei andre. Det me har plikt til er å ta vare på kvarandre. For me skal bera og me skal bli borne, me skal lytta, og me skal bli lytta til, me skal sjå og me skal bli sett. I gamle dagar trur eg dei kalla det for solidaritet eller nestekjærleik.

Heidi

Mobilfri langdag

image

 

Det er framleis ganske kaldt ute, men nesten som eit mantra så syng me «Kom mai du skjønne milde…» med elevane når dei kjem om morgonen. Og i det minste så blømer det sommar-rosa av avskorne blomar i vasane i stova.  I dag hadde eg avtalt å avspasera litt tid på jobb. Eit stort skrivearbeid med elevtekstar venta meg heime, og filosofien min var at nå gjaldt det å koma seg heim før eg begynte å snakka meg folk, eg kjenner meg sjølv, og veit at då kan kvartera, halvtimane og timane forsvinna fort. Det viste seg at eg nok hadde vore litt for rask til å festa sykkelhjelmen og tråkka heimover, for då eg kom heim oppdaga eg at mobilen låg att på jobb. Eg vart einig med meg sjølv om at det kunne det nesten vera ei meining med, for då kunne eg ikkje vasa vekk tid med den. Ein gong i kveldinga hadde eg første versjon av boka frå skapande skriving klar. Eg har 144 sider tekst, som elevane må lesa gjennom og godkjenna i morgon. I halv åtte tida fann eg ut at nå fekk eg reisa bort til skulen og henta mobilen min. Då oppdaga eg at eg ikkje bare hadde gløymd mobilen att på arbeidspulten på jobb. Eg må ha gått i frå nøkkelknippet same plassen. Med andre ord kom eg ikkje til å få tak i verken nøklar eller mobiltelefon dersom eg ikkje då skulle kontakta kollegene mine for å få låna deira nøklar… Eg bestemde meg for at der gjekk grensa for å vera mobilavhengig. Eg må kunna klara meg utan til i morgon tidleg.

Nå har eg sjølvsagt tvangstankar om at halve verda har prøvd å få tak i meg, og brukt kvelden til å senda tekstmeldingar og ringa meg forgjeves. Sanninga er vel snarare at mobilen ligg utan innkomande anrop og meldingar når eg forhåpentlegvis finn han att i morgon. Det er jo ikkje verre enn at eg faktisk bur i hus med ein mann med mobiltelefon og kan sporast via han om det skulle vera noko verkeleg viktig. Vekkjarklokke har han og, både på mobilen og i A-menneskesjela si, så eg skal nok koma meg opp og på jobb i morgon utan den vanlege alarmen min. Eg var blant dei seine i landet når det gjaldt å bli mobilbrukar. Eg sa at så tilgjengeleg hadde eg ikkje behov for å bli. Familien var redd for at eg skulle bli verande aleine att i oldtida og gav meg ein mobil til jul ein gong for lenge sidan. Møysommeleg lærte eg meg å senda tekstmeldingar og alt anna, og veldig fort vart eg for å vera brutalt ærleg, nokså avhengig av den vesle dingsen. Nå hender det at eg snur og syklar, går eller kjører tilbake dersom eg har gløymt mobilen heime. Det kjennest nesten uansvarleg å ikkje vera tilgjengeleg. Fasttelefon har me ikkje lenger. Det er litt merkeleg nå å tenkja på at langt opp i vaksen alder så ante eg ikkje kva internett var for noko ein gong. I fjor skulle elevane i første klasse få ha med seg noko frå gamle dagar. Ein av dei kom med ein kassettspelar. Mange av barna ante ikkje kva det var, så det måtte me visa dei, og fleire av ungane forstod ikkje at dei skulle finna bokstaven T då dei skulle finna første lyden i orda og teikninga viste ein gammaldags telefon med lur og dreieskive. Dersom eg spør elevane «Kva tenkjer eg på nå? Det er noko eg kan ringa til andre med…» så er eg nesten sikker på at dei aller fleste svarer «mobil» og ikkje «telefon», dersom det siste ordet skulle vera det eg var ute etter. Då eg skreiv inn elevtekstane, oppdaga eg og at mobilen var ein gjengangar i tekstane deira. I grøssarhistoriane oppstod ofte situasjonen at dei plutseleg ikkje hadde dekning på mobilen, og mobilane dukkar opp både som lommelykt og som noko ein kan spela musikk på. Og sjølv har eg jo med skam å melda nesten skrive eit heilt bloggeinnlegg om mobilar akkurat nå.

Som ei motvekt kan eg jo nemna at me held på med steinalderen i andre klasse. Dei har laga seg steinaldermenneske av piprensarar, filt og trekuler med ull og garn til hår. Dersom veret er oss vennleg, skal me ut i skogen på onsdag og laga oss steinalderbustadar. Det trur eg kan bli kjekt. Sjølv har eg brukt kveldstimane til å lesa meg litt ekstra opp på eldre og yngre steinalder slik at eg skal kunna fortelja to historier i morgon som elevane skal kunna spontandramatisera. Eg hugsar kor kjekt eg syntest det var med historie då eg gjekk på skulen sjølv. Det er viktig med basisfaga som det har vore så mykje fokus på dei siste åra. Sjølv har eg eit ekstra varmt hjarte for RLE, historie og naturfag. Det er kjempeviktig at me ikkje gløymer å få med oss heile menneskelivet når me driv skule. Det er kjekt å ha kolleger som hugsar å så karsefrø, fanga rumpetroll, driva verobservasjonar og koka suppe på brennenesle og skvalderkål over open eld. Og i tilfelle nokon skulle bli engstelege. Me gjer masse sånne ting på skulen og.  Me må bare ikkje gløyma å seia høgt kor viktig det er.

Heidi

Maisundag

image
Dette biletet er ei perfekt overskrift over tankane og kjenslene mine i dag. Eg som alltid har vore redd for hestar, har kome meg opp og rir livet og sommaren trøstig i møtes. På sida av står svigerfar sin gamle metronom som kan tikka inn livsrytmen når det måtte trengjast. Det vesle Maria-ikonet kjøpte bror min til meg då han 17- år gammal var på interrail i Hellas. Symbolikken er tydeleg, i alle fall for meg sjølv…

image
Men sidan eg har klaga over at kirsebærtreet mitt er litt seint ute i år, så måtte eg visa korleis ei av greinene såg ut i morgonlyset i dag. Her er det i ferd med å skje eit under. Nokre sundagar er sundag- sundag, ein dag som er annleis enn alle andre dagar. Slik var denne sundagen. Det var nesten så eg kunne hugsa sundagskjensla frå barndomen med kvit strømpebukse, lakksko og mange rundt middagsbordet. Etter frokost med kaffi og Leif sitt heimebakte grovbrød med smør og ost, sykla me til kyrkja. I dag var det konfirmasjon der. Det var veldig fint tilrettelagd og då konfirmantane kom inn med kvite kappar til ein munter marsj frå Per Olav på orgelgalleriet var eg nesten klar til å bryta saman i gråt. Dei var så fine, og livet vart så forgjengeleg. Nå er me ferdige med konfirmasjonane våre for lengst og dei som vart konfirmerte i dag er de som nettopp var bittesmå. Heile gudstenesta var veldig fin, og så er det alltid sterkt å høyra Iren Førland synga konfirmantsalmen eg skreiv då Ingrid vart konfirmert. I dag song ho med vondt hals og høg feber, eit imponerande prosjekt.

image
Det er ikkje kvar sundag det er skikkeleg middag hos oss, men i dag vart det det. Barndommens yndlingsrett skulle på bordet. Bollesuppe kokt på salt lammekjøt med kålrabi, gulrøter, sellerirot og store kvite bollar av egg og mjøl, med kokte poteter til. Det vart godt. Inspirert av Ingjerd bakte eg biscotti mens suppa kokte, og mor kom med rips og vaniljesaus. Klokka fire var vaksne barn, svigerson, mops og mor og far på plass, så då kunne middagen begynna.

imageOg etter å ha leika husmor og vertimme heile dagen, så fortener ein ti minutt på sofaen. Her i huset får ein sjeldan liggja lenge på ein sofa før ein kjælen katt kjem og vil dela gleda. Ho mel så høgt at det nesten går an å høyra det gjennom biletet.

image
Nå er eg og sekretæren klare for ei arbeidsøkt ved tastaturet. I dag klarte ho på mystisk vis å sletta fleire setningar ved å spasera over tastaturet. Det har til og med hend at ho har send kryptiske meldingar til folk på facebookchatten… Korfor i all verda ho får lov til å forstyrra meg i arbeidet? Det er eit godt spørsmål. Ho let seg rett og slett ikkje avvisa. Løftar eg henne ned frå skrivebordet er ho oppe att etter to sekund, og stengjer eg henne ute blir det mjauing ved døra eller vindauget. Og dessutan, ein må nesten ha eit hjarte av stein for å avvisa eit vesen som malar og har mjuk pels. Det påståst å vera gunstig for blodtrykk og hjarte å ha ein katt eller hund i fanget. Eg burde liggja godt an dersom det er sant.

Og inspirert av Jamison så er eg blitt oppteken av å rydda plass til stillheit. Eg har begynt å setja alarmen på fem minutt og bruka dei minutta bare på å vera stille. Det er fint. Eg er nok mogen for litt lenger økter enn fem minutt, men me får ta det litt med ro sånn til å begynna med. Nå skal eg ha meg eit par timar med elevtekstar. Det blir fint det og.

Heidi

Andre dagen i mai

image

Om nokon måtte tenkja at det stort sett bare er strandnellikar som kan trivast i sanddyner og marehalm, så skulle desse bileta motbevisa akkurat det. I dag var sanddynene på Refsnes gule av løvetann. Og kanskje eg ikkje har greie på kva som er ugras og ikkje, men eg synest faktisk at dei intenst gule små solene er ganske vakre.

 

image

I dag er det sol på høg maiblå himmel over Jæren, men vinden frå nord er framleis kald. Ingrid og eg tok med oss vår gode firbeinte venn, Oscar og gjekk ein tur i vinden. Det går opp for meg smått om senn at bryllaupet i juli faktisk nærmar seg med stormskritt. På onsdag fekk eg vera med Ingrid ein runde i blomsterbutikkar for å forhøyra oss litt om brurebukettar og borddekorasjonar. Eg kjenner meg priviligert som får lov til å vera med henne på akkurat det. Dette er ikkje plassen til å røpa noko som helst, men eg trur det blir fint. Det er rart at eg alt har ei dotter som skal gifta seg, men då eg var på hennar alder så var eg både gift og mor, så det er ikkje det at ho er spesielt ung ein gong. Det er bare det at tida spring fortare enn eg kunne drøyma om at ho skulle koma til å gjera.

image
I går skreiv eg at eg verken hadde blomar eller blad på krisebærtreet mitt, i dag er det faktisk begge deler så vidt det er, så det kjem til å bli sommar dette året og så langt eg kan bedømma det. Eg brukar forresten store deler av dagen på å skriva. Elevane på Skapande skriving skal gje ut bok i år, ein antologi med mange ulike tekstar i. Sidan eg både er redaktør og den som skal skriva tekstane rett inn, så har eg laga meg mykje arbeid. Men kjekt er det, elles så hadde eg aldri sett i gang med eit så stort prosjekt. Nå skal eg sjå om eg ikkje får skrive litt til før laurdagskvelden for alvor innhentar meg. Ha ei fin helg alle saman.

Heidi

 

Me er i mai…

image

… og kirsebærtreet vårt står framleis utan blad og blomar, for her hos oss har det vore kaldt. Sidan me passerte datogrensa saman med gode venner i Homborsund, så tillett meg å markera dagen med eit blømande kirsebær og blå himmel sjølv om det på ein måte er litt juks. Her har våren stått litt i stampe dei siste vekene med kald vind og fleire netter med frost. I går då me reiste sørover, var det til og med snøkvitt over høg-Jæren.

 

image

Men grønare har det blitt, og i dag var snøen borte, så ein av desse dagane kan det plutseleg vera sommarvarme.

image

Me har hatt eit fantastisk fint døgn i lag med Frode og Ingjerd. Det er alltid fint å vera i lag med dei. Det er fleire månadar sidan me sette av tid til eit treff heime hos dei. Då me kom fram hadde dei laga fantastisk god middag med bruscetta med erterpesto og sprøsteikt bacon til forrett, ovnssteikt kalvesteik til hovedrett og is med heimebakte bruscetta og heimelaga kirsebærlikørsaus til dessert. Eg blir oppriktig imponert over at nokon kan diska opp med slike måltid, og frokosten i dag bestod av nydelege heimebakte rundstykke og diverse godt pålegg med persille og grasløk frå hagen.

image

Nokre menneske er så flinke til å få alt rundt seg til å bli så fint. Ingjerd er ein av dei. Kanskje det er grunnen til at ho driv blomsterbutikk og lagar blomsterdekorasjonar.

image

Så viste ho meg ei koke- og bakebok ho hadde kjøpt ein stad i Sverige der det er kombinert retreatsenter og kaffeteria på eit gammalt nedlagd slott. I boka stod det beskrive korleis dei som bur fast på retreatsenteret kvar onsdag bakar nattverdbrød. Dei lagar store flate brød med dekorasjonar og Kristussymbol under bøn og song. Desse blir brotne same kveld i ei nattverdsmesse. Eg fekk straks veldig lyst til å reisa dit…

image

I vår tid med allslags diettar og variantar av å svelta seg, som eg sjølv er ivrigare på enn dei fleste, så er det viktig å bli minna på at opprinneleg og djupt der inne så er mat kjærleik, og noko ein skal dela med gode venner på ein klok måte.

image

Så måtte me ut på tur i solskinet. Ute var det tusenfryd, og i skogen vaks det masse kvitveis.

image

Me gjekk over eit jorde og gjennom ein skog, og til slutt kom me ned til sjøen der det lukta sjø og salt.

image

image

Dachsen Lilly gjekk saman med oss. Då me sette oss i bilen for å køyra heim, begynte det å styrtregna, så me var heldige med timinga på føremiddagstruren vår. Det var vår første langtur med el-bil, så det var litt spennande, men det klaffa godt med ladinga. I bilen høyrde me mange fine radioprogram, fleire av dei med 1.mai som ei ramme, og det vaia norske flagg alle stadar. Det er fint.

Nå er me heime og skal jobba litt. Som ein kontrast til gjestebudet me kjem i frå, så varmar me oss ironisk nok ein first-price fiskegrateng til kveldsmat… Eg har nå eit visst press på meg frå mi eiga side. I dei ti åra som har gått, så har eg hatt det som eit lite privat prosjekt og ein litt halvskrudd dokumentasjonside å skriva på bloggen kvar einaste dag i mai månad… Eg er glad for at eg faktsk har gjort akkurat dette i ti år. Nå er spørsmålet, orkar eg å fullføra den ellevte sesongen av mai-bloggen og? Eg trur eg får gjera eit forsøk…

Heidi

Å vera stille

Sist helg vart av det spontane slaget. Eg visste at dagsseminaret «Salig er tørsten,» vart arrangert i Oslo, med mellom anna Magnus Malm som talar. Eg visste og at eg hadde gode venner som skulle dit, men eg hadde ikkje meld meg på. Eg hadde hatt ein periode med mykje å tenkja på og mange ballar i lufta, og det var ulike ting som gjorde at eg ikkje trudde eg kunne reisa heimefrå den helga. Så opna det seg ein veg likevel. Tidspunkta for ting eg måtte vera med på vart flytta, og plutseleg kunne eg dra likevel. Eg var så heldig at Torun, mi gode venninne på Røyse hadde lyst på besøk i helga, og så kunne me to dra saman på seminar på laurdagen. Då var det bare å kjøpa togbillettar og gå inn på nettet for å melda seg på. Det viste seg at det meste var fullteikna, men på eit todelt seminar med den engelske benediktinarmunken Christopher Jamison var det plass. Eg hadde aldri høyrt om han, så gjekk inn på ei lenke på nettet for å finna ut meir. Då fann eg denne dokumentarserien laga av BBC:

Eg vart sitjande som trollbunden og sjå først på ein episode, så på den neste, då var kvelden blitt så sein at eg spolte meg gjennom den tredje for å få med meg høgdepunkta. Det er ein realityserie der fem svært ulike menn har forplikta seg på å leva førti dagar i eit benediktinarkloster og følga rytmen i klosteret medan dei var der. Dei fem var, som Jamison sa på seminaret, nøye utplukka mellom mange som melde seg på. Ein av dei var tilknytta pornobransjen, ein var ein skikkeleg playboy, ein var ein pensjonert lærar og lyrikar som ikkje trudde på Gud, ein var eit svært søkjande menneske som mellom anna hadde søkt sanninga i eit buddhistkloster, og den siste hadde vore med i ei militant protestantisk opprørsgruppe i Nord- Irland og hadde vore fleire år i fengsel.

Desse mennene vart først fascinerte av det dei såg i klosteret, så vart dei skrekkslagne og hadde mest lyst til å flykta frå det heile. Det mest skremmande var at klosteret praktiserte av store delar av dagane var fylte med stille bøn og meditasjon der det ikkje var lov til å snakka. Dei måtte likevel halda seg til det dei hadde forplikta seg til. Alle fem la ut på kvar si livsreise. Alle opplevde at stilla gjorde noko med dei og at dei vart forandra som menneske. Eg anbefalar alle å sjå på denne serien, og eg vil gjerne høyra om andre finn eksperimentet like interessant som meg.

Etterkvart som toget tok meg sørover og austover, såg eg våren eksplodera utanfor togvindauga. På mine kantar av landet praktiserer me tidleg vår, men denne gongen hadde dei austpå tydelegvis teke oss att på oppløpssida og gått triumferande i mål. Ute var det heilt grønt, bjørkene var fullt utsprungne, frukttrea stod i blom, og fleire andre tre stod allereie med lauv. Det såg ut som om dei var minst to veker framfor oss i årstid.

image

Då eg kom til Oslo S, var eg heldig og nådde akkurat bussen til Hønefoss. Eg vart plukka opp av Torun på Vik, og me kjørde til huset på Røyse der eg har vore med jamne mellomrom dei siste 32 åra og hatt så mange fine opplevingar.Der venta det nykokt suppe og varme rundstykke, blåbær, bringebær og kaffi, og på bordet var det ein stor bukett nyplukka kvitveis.

image

Grytidleg neste morgon stod me opp og tok bussen til Oslo og seminaret me begge hadde gleda oss veldig til. På spaserturen gjennom byen såg me grøne tre og blomar over alt. Dei første grøne dagane i året gjer meg nesten mållaus.

image

Me vart ikkje skuffa. Filadelfia, der seminaret vart arrangert var ein god plass å vera denne dagen. Det var flott å høyra på Magnus Malm, eg har mange tankar om det han hadde på hjartet. Det kan vera eg skriv eit innlegg om det seinare. Musikarar frå Oslo Subchurch danna ei nydeleg musikals ramme rundt arrangementet.

image

Christopher Jamison var ei oppleving å få lytta til i to bolkar. Han var ein klok, varm, karismatisk og humoristisk mann. Han hadde tankar om at me blir fattige inne i oss av å springa omkring og aldri gå inn i stilla der Gud kan tala til oss og der me kan kjenna kven me verkeleg er. Då ei i salen under seksjonen for spørsmål spurde korleis i all verda me kunne få til å prioritera stilla i dei overmøblerte liva våre, gav han det praktiske rådet å stå opp fem minutt tidlegare, setja oss på ein stol og setja stoppeklokka på fem minutt. I desse minutta skulle me bare vera konsentrerte om ei meditativ bøn der me opna oss mot Gud og dagen. Han meinte at for mange menneske ville dette enkle grepet verkeleg gjera ein forskjell for dagane deira.

For meg er dette eit viktig innlegg i ei tid der svært mange søker nettopp stilla. Det blir ofte gjort gjennom yoga, buddhistisk inspirert meditasjon og den nye trenden mindfullness. Alt dette er vel og bra, men for meg er det og fint å vita at denne tråden av å vera stille har gått gjennom kyrkja i alle år. I boka «Eat, pray, love», legg forfattaren ut på ei reise for å finna seg sjølv. Dette inneber mellom anna eit opphald på Bali for å meditera. Ho skriv sjølv at først etter at ho kom heim kom ho til å tenkja at ho kanskje kunne ha funne mykje av det same i kyrkja nede på hjørnet. Noko som for meg og fortel ei historie om oss i Norge er at den norske tittelen vart «Spis, elsk, lev.» Her er ordet «pray» rett og slett kutta ut. Kanskje nokon tenkte at det var for sært til å selgja i Norge.

Magnus Malm sa at for mange i Skandinavia fungerer trua på Gud nesten som ein stomipose. Dei veit dei er heilt avhengige av han, og er takknemlege for at han er på plass, men det er å håpa at ingen oppdagar at han er der…

image

Etter seminaret var me ein fin gjeng med venner som gjekk ut for å eta middag og prata saman. Me åt nydeleg mat på den libanesisk-arabiske restauranten Habibi i Storgata. Det var særprega og veldig god mat.

På sundagen var eg så heldig å få skyss til Oslo med Håvard og kjærasten. Det er så fint å sjå barna i vennekretsen veksa seg vaksne og flotte, me hadde ein veldig triveleg tur saman. Eg skulle gjerne blitt med Torun på sportsgudstenesta ho var med på å arrangera, men når eg først var på austsida av fjella ville eg gjerne ha litt tid med ungdomane mine. Halvard var dessverre på jobb denne dagen, men eg fekk ein fin aprilsundag saman med Sunniva og Vilde. Me drakk kaffi på litteraturhuset, vandra litt i byen og avslutta med middag på indisk restaurant. Eg skulle gjerne hatt dei nærare…

image

Heidi

Take these broken wings and learn to fly

image

Det er sol på verandaen min i dag. Kirsebærtreet står med knoppar. image

For første gongen i år ropar den gamle benken under kjøkenvindauget at eg må koma og setja meg litt. Og ja, verandadøra vår kan godt trenga å bli ny.

image

I dag vakna eg med Paul Mc Cartney sin song «Blackbird», surrande  tankane. Spesielt linja «Take these broken wings and learn to fly…» svirra om og om igjen der inne. Eg fekk det for meg at det er det me gjer heile tida. Det er det mykje av jobben min i skulen handlar om og det er mykje av det som kjem til syne i ei levande kyrkje. Me har skrammer og sår me skal leva vidare med. Me er ikkje fødde inn i eller fødde til å hanskast med det perfekte. For nokre veker sidan var me nede på stranda og plutseleg såg eg ein måke som bevega seg på ein merkeleg måte. Eg oppdaga fort at den eine vengen var skadd, og at den fuglen nok aldri kom til å fly meir. Eg vart rørt av at han såg så tapper ut. Han hoppa og sprang bortover sandstranda og leita etter mat. Eg vart så trist at eg ikkje orka vera der lenger. Utsiktene hans var nok ikkje gode, men livskrafta var framleis til stades. Kanskje det var denne fuglen som fekk Paul Mc Cartney til å synga så tydeleg i tankane mine i dag, eller kanskje det var svarttrasten eg såg i går og tenkte at det verkeleg var ein nydeleg fugl.

Er me lurte til å tru at alt skal vera perfekt før livet blir bra nok? Bruker me alt for mykje krefter på å prøva å prestera glatte og perfekte liv? Gløymer me nesten å leva? I dag er dagen komen for å snakka i kyrkja om korvidt ho er truverdig eller ikkje. Det er vel kyrkja sin situasjon og på ein måte: «Take these broken wings and learn to fly.» Og i kyrkja trur me jo på under, små og store under. Det må me kunna gjera i det heilt allminnelege kvardagslivet vårt og. I alle fall må me alltid vera opne for dei små undera som held oss oppe og plutseleg løftar det allminnelege opp til noko større. Ein av dei fantastiske tinga med kyrkja er at det største bur i det minste. Det er ein herleg motkulturell tanke.

Då eg fylde femti for nokre år sidan, song Sunniva «Blackbird» for meg, og Håvard, som ho var kjærast med den gongen spelte gitar til. Kanskje det var då eg fekk auga skikkeleg opp for denne fantastiske teksten.

Blackbird fly!

 

Visst vart det vår

image

I dag har eg sykla ein tur. Det var skikkeleg jærsk vår ute. Sol og kald sterk vind frå nordvest. Det lukta såpass sterkt av hevd nedover at eg i skrivande stund kjenner lukta både av håret, skjerfet og strikkejakken eg har på meg. Eg kan vel forstå at ikkje alle tilreisande er like begeistra for vårlukta på Jæren. Eg sette meg på kne i ein grøftekant og fotograferte desse gule solene. I mitt hovud heiter dei «hestablomma» eller «sauablomma» alt etter kor i barndomen eg legg tankane. Eg snakka om løvetann med dei tospråklege elevane mine, og det gjekk opp for meg kor utruleg mykje kjekk leik me hadde med desse blomane. Knoppane kunne me knipsa på kvarandre. Blomane la me i vatn til pynt. Når dei vart brungule leikte me at dei var tobakk, for på den tida var røyking ein vanleg og akseptert vaksenaktivitet. Av stilkane laga me uendeleg lange lenkjer, eller me spretta dei opp og laga «krøller» i baljar med vatn. Det gjekk og an å laga fløyter av stilkene, og fløytetonen vart forskjellig etter kor lang og tjukk stilken var. Det aller kjekkaste var nesten å blåsa på alle dei kvite små fallskjermfrøa når blomen var blitt kvit. Kven klarte å blåsa av alle med eit pust? Kven har ikkje lært seg blomsterkransflettekunsten med ein stor bunt hestablommar i fanget, og kven har ikkje sett dei perfekte små svarte ringane løvetannsafta lagar på klede. Verken desse små ringane eller store mengder løvetannfrø var populære blant dei vaksne… Blada derimot… Kven har ikkje plukka store mengder «kaninblokker» til svoltne kaniner. Det mest eksotiske minnet om kaninblokker er at både naboen fru Rød og mor til Sissel plukka dei minste blada for å laga salat av dei. Ingen av dei var frå Ålgård for på Ålgård hadde nok ikkje løvetannsalat heilt slått til endå blant lokalbefolkninga.

image

I tillegg til vinden og «hevdaloktå», så er dette og vår på Jæren, fjorgammalt gult gras mot mose og lavkledde steingardar. Og så er det mange fuglar her, mest måkar for å vera ærleg, men ei og anna vipe og svarttrost ser eg og. Og så har eg heilt sidan før påske høyrt lerkesong. Eg kjenner og att denne årlege kjensla av uro, ein slags udefinerbar lengt etter noko me ikkje heilt veit kva er. Ei kjensle av at om ein sit for stille akkurat nå så kan livet koma til å springa i frå ein. Og er det noko me ikkje vil ha noko av, så er det at livet spring i frå oss… For min del kan uroa akkurat i dag ha litt med det å gjera at i morgon er dagen eg har førebudd meg til mentalt i vekevis, kveldsgudstenesta der eg skal halda styr på alle trådar og ballar i håp om å formidla noko om kyrkja og kyrkja sin truverdigheit. Det er forresten noke eige med å bu i ein veldig liten by. Etter sykkelturen var eg innom kjøpesenteret for å kjøpa fleire telysestakar å ha med i kyrkja. I rulletrappa var det ei som ropte på meg. «Når var den gudstenesta, var det sju i morgon kveld?» Ei dame kom ut av ein butikk og gav meg ein spontan klem. «Du er helten min,» sa ho. Ein kan bli målbunden av mindre. Målbunden, overraska og glad. Litt spontane er me då tydelegvis sjølv om me har rykte på oss for anna.

image
I går var Torhild her for å øva til i morgon, og i morgon blir det meir øving. Så lenge det er menneskelege faktorar og ikkje minst elektroniske element i eit program, så er det alltig opning for at mykje kan gå gale. Det kjennest nesten som eit lite under når det ikkje gjer det. I dag og i går har printeren i heimen skapt seg, og eg skrur av og på både maskin og printar for å få trykt ut det eg vil. Av og til virkar han, og eg klarer ikkje å finna ut kva som er suksessfaktoren.

image

Det var kjekt å  vera med på lyrikk-kveld i smia til Eli på Undheim. Det dukka til og med opp ein god del folk. Det har blitt så fint der. Det blir heilt feil å gjesteopptre på «Onnai» utan å ta med seg Hanne Lise, så her er ho på plass. Ho har fått sånn fin bil som gjer at me kan sjå månen og stjernene gjennom biltaket når me køyrer i mørket.

image

Og Tove hadde med seg froske-egg for ei veke sidan. Nå studerer med og ungane rumpetrollutviklinga. Det er spennande for ungane å driva med slikt, men jammen er det litt spennande for dei vaksne og. Halvard var veldig glad i dyr i ein periode i oppveksten og då dreiv han fram froskar på romet sitt. Mora var nesten like ivrig som han. Litt verre var det då han hadde ei flaggermus med spjæra veng som hang etter beina i ein blyant i ei skoøskje i klesskapet hans. Ho vart mata med meitemark og insekt, men døydde dessverre medan ho var pasient i likskap med den skada skjorungen me hadde her ein annan gong.

image

image

I ein litt stille heim etter at ungdomane har reist, så er eg glad for å ha to flinke sekretærar når noko skal skrivast, anten det er med blyant eller på tastatur…

Og nå må eg ta ein siste runde på manuset til i morgon.

Heidi 🙂