Gå til innhald

Kreativitetsarbeidar

image

Den eine delen av jobben min er i beste fall noko bortimot ein vanleg jobb, den andre delen av jobben handlar mykje om å vera kreativ. På ein måte er det den beste delen, men samtidig er han nokså uhandgripeleg, og vanskeleg å fanga eller avgrensa. Dette arbeidet ligg i skjeringspunktet mellom leik og hardt arbeid, draum og vaken tilstand, konstant tankearbeid og strukturert arbeid ved skrivebordet.

Akkurat nå held eg på med å skriva ei stor forestilling som tiandeklassingane i kulturskulen skal setja opp like før påske. Eg samarbeidar med sju elevar frå tiandeklasse, eg kjem nettopp frå eit skrivemøte, det er spennande, inspirerande og krevande på same tida fordi me begynner frå ingenting, og det heile skal munna ut i ei veldig stor forestilling som skal visast for alle skulane i kommunen. Det er veldig kjekt å samarbeida med femtenåringar, det kan eg lika. Dei er flinke og kreative og temaet for forestillinga overraska meg litt. Det er djupt, seriøst og litt trist, men me må klara å få vinkla det slik at det blir varmt og humoristisk og. Kva temaet konkret går ut på, torer eg ikkje å skriva her endå, for det er ikkje offisielt.

image

I dag kom det ein liten kreativitetsfugl tilbake til meg i form av ein tekst eg har skrive for lenge sidan, som Randi Engelsvold og bandet hennar har laga melodi til og sunge inn i plateversjon. Eg veit ikkje når det blir lagt ut for at alle skal få høyra, men eg likte det veldig godt, og eg gler meg til å dela det med fleire.

Så driv me og lagar personalrevy. Eg, Jan Ivar og Helen har jobba ganske mykje i det siste, og i morgon på planleggingsdagen, skal me presentera arbeidet vårt for resten av kollegiet, og så skal me etterkvart begynna å øva. Me skal visa det ein gong før sommarferien. Elevane våre, foreldra deira og kolleger i grunnskulen utgjer i første omgang målgruppa.

image

I dag kom eg meg aldri heim frå jobb, det vart bare eit kvarter med beina på bordet, men lyset rett utanfor var fantastisk fint, og livet drog til med ein dobbel regnboge. Her heime er Halvard på besøk frå studiene i Oslo. Eg har ligge på ein av dei nye sofaane med føtene høgt og auga lukka og høyrt han spela piano. Slikt kan eg og lika.

image

Så lagar me forestilling med andreklassingane våre som snart skal visast, og det skal det og skrivast litt tekstar til. Innimellom jobbar eg med eigne tekstar og førebur opptredenar, to av dei i lag med Torhild. Så held eg jo på med ei lærebok i skapande skriving og to-tre biletbøker, men det blir lett litt meir nedprioritert enn eg eigentleg skulle ynskja. På ein måte tek hovudet aldri heilt fri frå kreative oppgåver, samtidig er det eit sterkt element av leik i det. Eg er heldig som får driva på med desse tinga. Eg gløymte viss å nemna skriveklassen min i kulturskulen. Eg skriv alltid saman med elevane, det er fint å vera i kreative prosessar saman med dei eg skal undervisa. I kveld trur eg jammen at eg avsluttar med ein tekst eg skreiv på tysdag. Av alle ting tok me utgangspunkt i overskrifter frå vekeblad. Det viste seg å vera veldig spennande.

image

Alt kviler i blått,
i det lyseblå og det blåsvarte.
Bare månen er vaken.
Natta drøymer.
Eg vakar saman med månen,
nokon må ta den jobben og.
Eg omfavnar livet,
og tenkjer milde tankar,
medan eg ventar på at klokkene
i det høge tårnet skal vekkja morgongryet.
Eit ding for alt det gode,
eit dong for alle sorger,
medan morgonlyset dreg gardinene til sides
for dagen og alt det nye.

Heidi

Haustbesøk i blåsbortver

image

image

Eg liker at folk er spontane. Eva Mari hadde fri nokre dagar og bestemte seg for å hiva seg i bilen saman med den irske setter-valpen og kjøra femti mil for å besøkja oss. Slikt kan eg lika. Ho kom akkurat tidsnok til å få sjå stova vår utan møblar og vera med og møblera litt. Ho er flinkare enn meg til slikt.

Me har lese bruksanvisninga for korleis ein skal behandla nye møblar og ledd av det me såg. Møbler i ullstoff bør ikkje stå i sollys, dei kan bli misfarga av at folk sit i dei med dongeribukser, og ein del bukcer har eit så hardt parti der baklommene er festa til buksa, at det på sikt vil forårsaka stor slitasje på stoffet. I tillegg vil naturleg fuktigheit frå menneskekroppar gjera stoffet surt, noko som og kan føra til stygg slitasje. Dersom det blir sølt på stoffet bør ein straks koma springande med ei skei eller ein butt kniv eller annan eigna reiskap for å skrapa forsiktig før ein går laus på punkt to i flekkfjerningsprosessen som er avhengig av kva ein har sølt. Dei gjer og merksam på at dongeristoff kan skjula mykje sand, jord og støv som kan tæra på tekstilane og føra til slitasje.

Dette gjaldt ikkje bare vår sofa, men møbelstoff generelt. Dessutan burde ein flytta møbelet rundt i romet for å ikkje få statisk belysning, og ein burde vakta seg vel for å setja seg same staden kvar gong, og dermed bidra til ujamn slitasje.

Så dersom de lurer på korfor det alltid er føretrekt hos oss, så er det fordi me vil unngå falma møbelstoff. På grunn av nyslipte golv, vil me ikkje sleppa inn nokon på sko med hælar, og for å unngå slitasje grunna dongeribukser har me kjøpt inn eit lagern pyjamasbukser i størleik XXl slik at dei burde passa alle. Desse kan regulerast med strikk i livet, og kan brukast utanpå eller i staden for dongeribuksa ein er uvøren nok til å ha på seg når ein går på besøk.Dersom me i tillegg unngår alt som kan flyta og smula i nærleiken av sofaen, så vil det vel helst gå godt.

image

image

Me har ikkje lese bruksanvisningen på spisestuebordet endå, så enn så lenge går me ut i frå at me kan setja mat på det, og det har me og gjort.

image

Elles har me fått med oss mykje kjekt. Me har vore på førjulsmarknad i smiegarden, der det var mykje fint å sjå på, til dømes ikon i gyldenlær.

image

Og teikningar av mopsar… I tillegg var det mykje anna fint handtverk.

image

Dei selde og heimelaga tradisjonell mat, og me kjøpte med oss vannkringler, syrekake, ambrosiabrød og krotekake. Etterpå drakk me kaffi hos Gerd og smakte på godsakene.

image

Men først handla me i handverksbuene på Torgsenteret. Og Olinda tipsa oss om at øverst i Tubakken og litt lenger kunne me få kjøpt dei mest fantastiske stoffa til dei som har lyst til å sy. Det måtte me kikka nærare på.

image
image

Eg fekk frykteleg lyst til å sy barneklær, så dit må eg nok tilbake til. Eg fekk med meg litt fie fløyelsband og fine knappar, så eg har litt å leggja i hyllene mine.

image

image

image

Elles så er eg og Eva Mari eit ganske handlekraftig team når me slår oss saman, så me har og fått med oss eit par strandturar i «blåsbortver», ein bytur til Stavanger og eit par filmar på netflix. Det har vore herleg avslappande å ha besøk. Nå er ho og Lara på veg heimover igjen, og eg brukar dagen på å skriva og gjera klar til ei lita farsdagsmarkering for far med kaffimat frå Smiegarden. Livet kjennest godt.

Heidi

Erter og hvete og ligge i silkeseng

image

Dei siste dagane har eg ledd litt for meg sjølv, medan eg har strekt ut ryggen,som er litt øm etter forsøka på å bera dei blytunge nye møblene våre opp i stova. Etter ein månad utan møblar i stova, me visste ikkje at det var så lang leveringstid på dei, er me igjen i ferd med å få det ein rett og slett kunne kalla «et møblert hjem»…

Grunnen til at eg har ledd er tanken på det gamle gode eventyret om «Grisen og levemåten hans», som eg først fekk sansen for i godt vaksen alder. Det handlar om grisen som var lei av å ha det som ein gris. Han gjekk til den store domaren som gav han medhald i at han hadde då rett til å ha det som folk han og. På vegen heim gjentok han dei nye premissane for seg sjølv og gjekk og mumla: » Erter og hvete og ligge i silkeseng». Dessverre skjedde det noko. Etter kort tid fall han inn i sine gamle vanar, og vart gåande og mumla for seg sjølv: «Skyller og rask og ligge i boss». Sjølvsagt ende den stakkars grisen med å eta skyller og rask og å liggja i boss, fordi det var det einaste han var i stand til å fortelja seg sjølv om seg sjølv.

image

Dyre møblar har ikkje vore vår førsteprioritering, og interiør og husarbeid har aldri vore vår lidenskap. Visst har me likt å ha det koseleg rundt oss, men det har meir vore av typen blomar på bordet og levande lys i eit barmhjertig støvskjulande halvmørke. Stova vår har vore av det slaget der dyr og småbarn ikkje har kunna gjera større skade… Nå har me med god hjelp fått huset, etter vår standard, rimeleg reint og ryddig, og me har gått til innkjøp av nytt spisebord og to grå ullsofaar frå Bolia. Om det går med oss som med grisen, er ikkje godt å seia, men me får gjera eit ærleg forsøk på å driva heim i ein litt meir møblert utgave, og håpa at me ikkje lengtar alt for mykje etter den oransje nedslitte sofaen med vaskbare trekk frå IKEA. Trekka har faktisk blitt vaska to gonger i året, men det skulle ingen ha trudd… Sofaen er nå ikkje lenger vekke enn i stova på loftet når sant skal seiast… Kanskje kjem me til å leva kvardagslivet vårt der…

Så nå held me på med å venna oss til å bu i vår eiga stove, det er blitt fintder, og me kjenner oss ikkje heilt igjen. Det går seg til utan tvil, og Bonytt ringer nok ikkje på døra denne veka heller.

image

At eg får ei stove som er for fin til å brukast, er vel i grunnen lite truleg. Kan nokon forresten vera så snill og stoppa meg om eg utviklar for mange symptom på «støv på hjernen»? Det er i grunnen noko av det siste eg vil pådra meg. Det må vera ein tidkrevjande diagnose.

Heidi

Menneske treng menneske

image

Det er den setningen eg kjenner for å skriva i kveld. Så mykje meir har eg ikkje tid til før natta kjem, men det er ein setning som har kverna rundt i hovudet i kveld. Det er mørkt, og det er november.

I dag hadde eg god tid i ordets mest bokstaveleg forstand med desse to damene som eg er veldig glad i. Torun bur for langt vekke, men i dag var ho her. Me tre begynte sundagen med gudsteneste før me hadde lang kyrkjekaffi på kjøkkenet mitt.

image

image

Sidan baud sundagen på nokre timar med eldstesonen og kveldsmat med gode venner. I går var eg og Leif hos farmor. Det var verkeleg rørande å sjå kor glad ho vart for å få overraskande besøk. Eg gjer meg mange tankar om det å bli gammal, men det får eg skriva om ein annan gong. Enn så lenge så er eg så takknemleg for framleis å få ha henne her. Det er ikkje alle forunt å få ha ei lys levande bestemor å besøkja så langt ut i livet som meg.

Ha ein god november, alle saman. Det er ein månad eg veit mange kvir seg for å gå inn i. Det er tida for å tenna lys. Dei er så fine når det er mørkt ute.

Heidi

Dikt om sterke kvinner – mellom anna til å bera som ein blom i hatten…

image

Denne veka skreiv eg eit bestillingsdikt til ei flott dame som skulle heidrast. Ho som bestilde det foreslo at eg skulle leggja det på bloggen min og, for det kunne vera mange flotte, litt trøytte oktoberdamer som trong å høyra slikt som dette… Så då gjer eg det rett og slett…

Han sa han kjende nokon
som var villig til å gå
heile vegen heim
med den som trong det.

Eg kjenner ei
som kor tid som helst
ville springa dobbel maraton
i lag med dei
som måtte ha glede av det,
ei som hentar krefter
enten ho har dei,
eller ikkje har dei
til alle som krefter treng,
medan gjærbaksten hevar på omnen
kakene blir bakte til kyrkja
og barnebarna blir trøysta
og kyste og klemde på.

Eg kjenner ei som går
så lenge det finst vegar,
eg kjenner ei som
aldri gir opp
og som alltid fangar lyset.

Korfor blir det så sjeldan
skrive dikt om slike ?
Dette er eit av dei få,
du kan bera det
som ein liten blom i hatten.

Og så må du hugsa
du som høyrer orda,
å hjelpa meg med
å be henne
om å reia seg ei seng
i det grøne graset
i den lyseblå bobla
av bekymringsløyse
for der har ho fortent
å liggja

medan humlene susar
og englane syng
ein time eller to.
– Så pass lenge
har vegane godt av å venta
og sekunda glede av å kvila.

Måtte Livets og Håpets Herre
signa henne
og oss alle
med sin fred
og sin heilage uro-

Heidi

Blåtoneskalaen 5 – Å sjå nyansane

image

Eg tek meg av og til i å tenkja at det er visse ting det hadde vore like godt å ikkje kunna forandra på. Sjølv er eg «ein sekstiein» høg. Det plagar meg ikkje i det heile tatt, sjølv om normen for å bli modell, og vel dermed den såkalla perfekte høgda for å visa seg fram, legg lista veldig mange cm lenger oppe. Den einaste gongen høgda mi irriterer meg litt, er når eg står på personalromet på jobb, og første ledd i å få meg kaffi før det ringer inn att, er å få koppen min ned frå ei plassering innerst inne på den høgaste hylla i skapet over vasken…

Eg har leika litt med tanken på kva det ville innebera dersom ein med overkomelege inngrep og ressursar kunne leggja alen til livshøgda si… Det er ein i utgangspunktet tåpeleg, men likevel interessant tanke. Dersom det å bli strekt ein ti- tjue cm var lettare å få til, kunne det lett føra til at alle som «brydde seg om korleis dei såg ut,» ville kosta på seg dette inngrepet. Det ville kosta smerte og pengar, men kanskje likevel vera «Vel verd det». Det kunne koma til å bli noko alle burde gjera, for sin eigen del og av estetiske grunnar, og det kunne koma til å bli slik at dersom ein ville hevda seg i jobbintervju eller på ekteskapsmarknaden, så burde ein investera såpass i eigen kropp…

Mange forstår nok kor eg vil hen. Dersom me hadde vore fødde med ein kropp som ikkje let seg manipulera, så ville det kanskje vore betre for oss. Dersom me måtte godta at me var utstyrte med heilt individuelle magar,
rumper, lår, rygger, aksler, bryst og armar, så hadde me sluppe den evige kampen om å manipulera kroppen vår inn i ein standard nokon har sett opp som ideal. Eg vågar påstanden at mange ungdomar som kastar seg optimistisk og entusiastisk inn i sin første slankekur, vil oppdaga at dei aldri blir ferdige med han. Eg skulle ynskja at det ikkje var slik.

Me som ber på for mange kilo har samanlagd ein utruleg kompetanse på å leva med kurar og diettar bygd på alle nyansar i kreativitetsskalaen. Det er nemleg slikt me syslar med når folk trur me ligg på sofaen og et potetgull. Me lukkast med jamne mellomrom i å gå ned ein ti-tjue kilo, men me skal trekkja det store loddet i slankelotteriet om me ikkje opplever at me er dømde til å begynna på ny frisk om ikkje så frykteleg lenge.

Og visst veit eg at det ikkje bare er oss overvektige som tenkjer diett. Det blir nesten sett på som slapt og slakt å ikkje gjera det. Speilet er vår næraste venn, heiter det seg, ein venn som ofte fortel oss at me ikkje er bra nok. Eg har høyrd frå sikre kjelder at treåringar speglar seg i barnehagen og seier at «Eg såg jammen feit ut i dette skjørtet.» Det å servera mat er blitt eit sjansespel. Det er ikkje lett å gjetta seg fram til kven som kjører lavkarbo, 5-2, Grete Roede, Herbalife, vegetarianer, glutenfritt og så bortetter. Sjølv er eg blant dei verste og skal ikkje snakka høgt. Ei venninne av meg fortalde at ho hadde brukt ein ettermiddag på å laga god mat til venninner og hadde gleda seg til å servera, og så var alle saman på ulike diettar som gjorde at maten vart ståande nesten urørd. Ho var både provosert og irritert, og det forstår eg godt. Eg ser og den andre sida av det, skal ein ringa til verter og vertinner for å fortelja at ein for tida ikkje et…? Det kjennest ofte enklare å gøyma seg bak dei andre og håpa at dei kan eta varm eplekake med is i staden for deg sjølv.

Ein gong sa ei venninne til meg at ho forstod det viss det var meg som ikkje kunne eta eit eller anna på grunn av ein slankekur, men ho vart provosert dersom det var ei som hadde gått opp tre kilo og ville ha det av att… Eg har etterkvart innsett at det å passa vekta ikkje er lett for nokon, og at dei som klarer å gå innbitte laus på det første ekstra kiloet, kanskje er dei luraste… Likevel er det ikkje nokon god kjensle å vera den reelt overvektige som har bevilga seg eit kakestykke som stod på bordet, og oppdaga at nesten alle dei andre fortel at dei dessverre er på diett og ikkje kan eta kake.

Og diettar veit me overvektige som sagt det meste om. Eg har fulgt dei i alle variantar sidan eg var ni år, og eg er ikkje dummare enn at eg forstår at då må eg ha juksa her og der i kabalen. Eg er blitt veldig flink til å smugfylgja diettar fordi eg vil ha minst mogleg merksemd på det. Sidan diettane dessutan har gitt så sparsommelege resultat på sikt, så er det sikkert like greitt å liggja lågt i terrenget. Og som sagt, eg vil helst ikkje ha gode råd, er det noko eg vassar i så er det gode råd. Eg prøver dei ut eit etter eit i mitt eige tempo, og ein dag vil eg nok finna den optimale løysinga for meg, det har bare teke litt tid… Eg er faktisk heilag overbevist om at det er mange sider ved meg som menneske som er utruleg mykje meir interessante enn diettane mine.

Når eg les i vekeblad om menneske som har gått ned x-antall kilo, eller ser dei bli hylla som heltar på underhaldningsprogram på TV, kjenner eg alltid ein sterk bismak. Eg veit at all erfaring tilseier at mange av dei vil leggja på seg att. Korleis er det då å vera helt i eigenskap av å ha blitt så slank? I eit program kom dei kjørande inn med ein haug med smør på ein truck for å visa kor mykje feitt mannen i stolen hadde blitt kvitt. Publikum lo og jubla om einnanan. Det skulle ikkje forundra meg om han gråt litt inne i seg, for det blir eit bilete som seier to ting: «Sjå så flink denne mannen er som har blitt kvitt alt det avskyelege feittet», og: «sjå så mykje avskyeleg feitt denne mannen har bore rundt på, det må ha sett forferdeleg ut…» Eg har aldri blitt så innvendig såra i heile mitt liv som då folk lo av bilete av korleis eg såg ut då eg var ein overvektig niåring i forhold til det eg var då, ein slank tiåring. Eg prøvde å le eg og.

Eg har aldri stemd på Erna Solberg, men ho hadde min 100% solidariske støtte då det nærmast vart ein offentleg debatt om korvidt ein hadde dei eigenskapane som skulle til for å leia eit land dersom ein slepte over sin eigen kropp og vart overvektig. Var overvekt eit karaktertrekk som var forenleg med å vera leiar? Det er til å skrika av. Eg høyrde ein gong tidlegare politikar Hanna Kvannmo seia at ho trua folk som hadde kommentarar til kroppen hennar med at ho skulle koma og setja seg på dei. Dessutan pleidde ho å replisera med at ho for sin del syntest det var betre å vera tjukk på kroppen enn tjukk i hovudet.

All ære til dei som lukkast i å ha ein sunn, slank og sterk kropp. Eg prøver på mitt vis på det same, og det fortener respekt at du har klart det betre enn meg. Det er bare det at me som ber på ekstra kilo godt kan få litt respekt tilbake. Det at me er overvektige seier faktisk ikkje meir om oss enn at me er overvektige.

Ei av yndlingsbønene mine er slik

Gud gje meg styrke til å forandra på det eg kan forandra på,
gje meg tålmod til å leva med det eg ikkje kan forandra på,
og gjer meg klok nok til å skjøna forskjellen.

I hovudet mitt legg eg til, visdom til å leva med nyansane, for livet er ikkje i svart- kvitt, sjølv om det av og til virkar som om nokon trur det.

Og heilt til slutt vil eg våga å påstå at lyset og sjarmen frå eit menneske har lite å gjera med om dei ser etter s, m, l, xl eller xxl når dei kjøper seg nye klede.

La oss sjå på oss sjølve og andre med kjærlege blikk. Me fortener det alle saman!

image

Heidi

Bilde

Ei truverdige kjørkja?

image

Eg vil så gjerne vera ein del av ei truverdig kyrkje. Eg kjende til og med at overskrifta måtte vera på dialekt for at det skulle bli heilt truverdig for meg sjølv. Spørsmålet er om det er slik kyrkja blir opplevd. Eg har fått eit stort oppdrag. I april skal eg vera ansvarleg for ein kveld i Brynekyrkja med dette temaet. Eg har hovudet fullt av tankar om korleis eg skal bruka denne kvelden. Det eg veit er at det blir forteljing, dikt, musikk, song, estetiske element og kyrkjekaffi. Eg kunne nesten ha gjort det i morgon, men først har eg ein jobb å gjera. Eg har allereie spurd folk eg har snakka med kva dei tenkjer når dei høyrer desse orda. Eg vil helst at mange stemmar skal få slippa til.

Ein ting er sjølsavt kva ein tenkjer om truverdet i den trua kyrkja forvaltar. Ein annan ting er om kyrkja som institusjon møter menneske på ein truverdig måte. Eg har fått eit par viktige innspel: «Kyrkja må vera ein plass som har relevans for liva våre om ho skal vera truverdig. Me må kunna koma dit og bli møtte med noko som kjennest truverdig i forhold til resten av livet.» «Kyrkja sitt problem på dette feltet er kanskje at ho går ut med skyhøge etiske ideal, medan folk ikkje nødvendigvis kjenner seg møtt med varme og kjærleik der.» «Unge menneske kan koma til kyrkja for å leita, og så blir dei ståande med ei kjensle av at dei ikkje er gode nok. Dei blir møtte med krav om høge ideal som kjennest vanskelege å nå opp til, og dei blir fortalde at dei er syndarar. Det kan kjennast vanskeleg å bli ein del av dette.»

Allereie nå har eg eit problem. Eg veit ikkje om eg har tolka det som vart sagt på rett måte, for dei eg snakka med sa det jo ikkje med akkurat dei orda. Det har allereie vore innom mi tolking som er basert på det eg sjølv tenkjer og har erfart. Men det dei seier er viktig, synest eg.

Eg har sjølv mange tankar om kva ei truverdig kyrkje er, men dei skal få liggja til litt seinare i prosessen. Nå utfordrar eg alle som les dette til å koma med ein kort eller lang kommentar om kva dei tenkjer. Eg seier som politimester Bastian sa til tante Sofie om Kardemommefesten: «Her passer alle sanger». Kva som ville ha skjedd dersom den godeste frøken tante Sofie hadde kome med ein song som verkeleg gjekk ut over alle grenser seier ikkje soga noko om… Ho fekk i alle fall sagt i frå at ho var sint, både på styresmaktene, representert ved politimeistaren sjølv, og dei slakke og sedate innbyggjarane i Kardemommeby.

Er det nokon som vågar å ta utfordringa?

Heidi

Den store musikken.

image

Med ein ekstra time i dette døgnet, må eg kunna klara å få tid til å skriva litt her. Biletet over er frå fredag. Torhild er innom meg på eit kort lunsjbesøk og spelar og syng:

Vegen hem var mørk och lång och ingen har jag møtt,
Nu blir kveldarna kjøliga och sena…

Det har blitt meir musikk denne helga. I går var eg invitert til Gausel kirke der Ernst Th Monsen feira sekstiårsdagen sin med ein storslått konsert med dei tre kora han dirigerer saman med dyktige musikarar. Han hadde arrangert ein tekst eg skreiv ein gong for lenge sidan til fellessong for storkoret, og inviterte meg og Leif til å koma og høyra. Han løfta ein ganske enkel tekst frå mi side opp til dei store høgdane gjennom eit utruleg stilig arrangement. Konserten vart rett og slett eit skikkeleg høgdepunkt. Eg elska kantaten over «Go down Moses», musikken han hadde laga til minne om mor si med foto til på storskjerm og då dei tre kora med mennene først kom marsjerande inn på to rekkjer med raude faner medan dei song «Can you hear the people sing?»

Mest av alt var eg fascinert av all musikken som bare strøymde ut av hendene og kroppen til Ernst Th Monsen medan han spelte og dirigerte samtidig. Tenk å ha så mykje musikk i seg… Den musikken eg har inni meg, finn ikkje lett vegen ut. Det blir helst gjennom ord. Sjølv om eg har ein melodi i hovudet, så er det slett ikkje alltid eg får til å syngja han så pass reint at andre kan kjenna han att ein gong, og visst har eg gjort halviherdige forsøk på å bli venner med både piano, gitar og fløyte. Utan å underdriva mine evner det aller minste, så kan eg melda at resultatet er svært lite sprekt. Eg skulle svært gjerne kunna synga og spela. Til alt overmål så kunne eg samanlikna meg med dama på det øverste biletet, som i ein alder av fem år var i stand til å spela ein melodi ho hadde høyrt på radio på trekkspelet sitt. For meg var det nesten magi. Men dette skulle ikkje handla om meg. Takk til Ernst for i går! Det var og kjekt å få sjå på Inger, Ingrid og Kirsten som song i koret.

Heldigvis så har eg funne meg ein mann som tok musikk og piano med seg inn i heimen, så det er blitt mykje musikk her og.

image

Fasiten med fire vaksne barn er at ein av dei spelar piano med stor glede og lidenskap. Dei andre har lagt fiolinar, althorn og eufonium på ei eller anna hylle for godt. Fiolinen vart parkert etter eit halvt år, korpslivet varte lenger. Men ei av dei syng og skriv og ho som ein gong prøvde seg på fiolin vil heller teikna, mala og skriva. Det er då ein god del musikk i slikt og. Men den verkeleg store musikken oppstår når me alle deler det me har av gåver, evner, varme, godleik, erfaringar og levd liv. Då blir det musikk då…

image

Her er far like gammal som eg er nå, og det rare er at biletet vart teke sånn omtrent i går. Det er noko merkeleg med rytmane i livet.

Me ryddar og ryddar, og eg fann ein del fotografi eg nesten hadde gløymt eksisterte. Det er fint med ei roleg hausthelg med regn, vind og mørke. Då får ein tid til å stoppa opp og halda fast. Fredag vart dagen for barndomsvenninner. Først dukka Torhild opp, og så kjørde eg og Jane til Sirdalen for å besøkja Rita. Det var så fint det og. Karin vart forhindra i siste liten, og kunne ikkje vera med på turen. Eg sender ein varm tanke til henne om ho les dette.

Eit godt råd til dei som er yngre enn meg; Hald fast på vennene. Eg er så glad eg har venner som eg har kjend lenge. Dei «eldste» venninnene mine har eg kjend frå eg var henholdsvis seks og sju år. Tenk så mange referansar me har til kvarandre sin barndom, og alt me bare veit om kvarandre, fordi me var barn saman. Mykje kan forteljast om ein oppvekst, men å ha vore der sjølv er noko anna. Det same gjeld i grunnen dei vennene eg har frå me var femten år, atten år og tjue år. Samlevde erfaringar skal ein ikkje undervurdera. Å få nye venner er vidunderleg det og, bare så det er sagt. La oss samla på kvarandre så lenge det heiter i dag…

Og så kunne dette med familie fått eit eige avsnitt. Syster mi har sånn ca ein million nære venner, men ingen av dei heldt henne på fanget då ho var nyfødd, og ingen av dei hugsar då ho lærte å gå. Ingen av dei veit på same måten som meg korleis det er å ha den same mora og den same faren som oss, og ingen andre enn broren min hugsar korleis det var då me var tre og fire år og leita etter brusflasker som morfar hadde gløymd for oss. Me skulle verkeleg ta vare på kvarandre.

I går samla me saman det me kunne finna av systrer og døtrer og feira syster sin gebursdag med jentelunsj borte hos Ingrid. Her poserer May Brit og Vilde saman med Oscar i Ingrid sin nyoppussa kjellar.

image

Me putlar på så godt me kan her i den barnetome heimen me og. Me ryddar og ryddar og kjører langs vegane for å inspisera møbelbutikkar og finna det me treng til stova. Eg har funne ut at den oransje sofaen er minst sytten år etter å ha studert gamle bilete, så det er vel på tide. Heldigvis har han fått nytt liv på loftet. Det er forvirrande å orientera seg i ei nokså ukjend verd av interiør, for eg kan ikkje seia at det er noko eg har brukt mykje tid til å grubla på. Nå grublar me oss gjennom estetiske, økonomiske og etiske problemstillingar kring innreiinga av ein heim. I tillegg kjem det praktiske: Vil ein lysegrå ullstol få eit verdig liv heime hos oss? Eg vil jo ikkje ha ei stove som ikkje toler barn og dyr, eller for å seia det endå ærlegare, som ikkje toler min måte å bruka ho på… Det er forvirrande, men sjølvsagt er det litt kjekt og. Eg ser for meg ein scene frå den gamle filmen «Norske byggeklosser» med Rolf Wesenlund der venner og bekjente kjem for å sjå på stova hans. Først smiler dei hånleg, då ler dei til dei skrik…

Det eg må passa på å ha tid til i tillegg til alt ein må og vil og bør, er å skriva. Det vil eg så gjerne gjera, men timane flyt så fort forbi… Men nå fekk eg i alle fall fylt timen eg fekk i gave med noko fornuftig… Gave og gave, dei lånte han vel av meg i vår ein gong, men slikt får me sjå stort på. Eg har meir å skriva om, men det får bli eit heilt nytt innlegg. Nå er timen brukt opp. Nå er det kaffi og avis og ingen andre sundagsplanar enn ein gudsteneste i kveld. For ein luksus!

Heidi

Blåtoneskalaen 4 -Fordomar fordummar

image

Me har dei nok alle saman i større eller mindre grad. Forestillingane om at me veit korleis noko eller noko er, sjølv om me ikkje eigentleg har erfaringar som tilseier at me kan stilla rettferdige dommar om korleis det eine eller andre, for ikkje å snakka om korleis det eine eller andre er. Ein fordom er noko me bestemmer oss for å tru, meina eller vita før me har noko skikkeleg grunnlag for å gjera akkurat det. Fordommar kan vera ganske samansveisande. Alle ungar på Ålgård «visste» at dei var ganske galne både i Oltedal og på Figgen. Tenk så heldige me var som budde midt i mellom utan å ha teke skade av det. Det er lett å snakka nedsetjande om dei som stemmer på andre parti enn dei me sjølv kunne tenkt oss å gi vår støtte til, dei som tilhøyrer andre religionar enn den me eventuelt sjølv har, eller dei som tilhøyrer einannan kultur enn den ein sjølv er ein del av. Dette siste trengde for nokre tiår sidan ikkje vera meir kulturdramatisk enn at dei som gjekk på dans hadde fordommar mot dei som gjekk på bedehuset og dei som gjekk på bedehuset hadde fordommar mot dei som gjekk på dans.

For nokre år sidan skreiv ein prest ein andakt i ei avis, der han snakka om kor dumt det var å ha fordomar.- For å understrekja poenget, bekjente han at han og hadde fordommar sjølv om han ikkje likte å ha det og visste at det var dumt. Kva han hadde fordomar mot, traff meg som eit knyttneveslag i sjølvbiletet. Han innrømma at han hadde fordomar mot overvektige damer… I løpet av nokre minutt var eg i full alarmberedskap. Eg kjende meg tråkka på tærne og vart rett og slett litt fornærma, noko som i grunnen ikkje er likt meg. Eg fantaserte om å ringa han, eller skriva eit vennleg personleg brev, eventuelt eit ope brev i avisa der eg inviterte han til å drikka kaffi med meg ein plass. Eg skulle personleg påta meg å sjarmera han i senk slik at han ein gong for alle la slike fordomar i ei evig og velfortent grav. Heldigvis innsåg eg nokså fort at det hadde lite for seg, så eg sette aldri planen ut i livet. I staden fortalde eg meg sjølv at hovmod ikkje førde nokonstads hen, og at eg faktisk ein og annan gongen var nøydd til å vera ei slags høgst utilsikta skyteskive for andre sine tåpelege fordomar. I løpet av åra har eg til og med gløymt kven den stakkars presten var, i alle fall nesten, og det er sikkert like bra. Nå kunne eg snublande fort ha gått i same fella gjennom å audmjukt ærleg bekjenna kven eg har fordomar mot, men det skal eg vakta meg vel for å gjera. Eg likar forresten å tru at eg ikkje har så mange…

For ikkje så lenge sidan kjøpte eg eit eksemplar av Magasinet og fekk meg ei litt liknande oppleving. Eg blar meg alltid med ein viss spenning fram til lørdagsportrettet for å sjå kven eg skal bli betre kjend med denne veka. Det viste seg til mi glede å vera Bjarne Brøndbo. Eg må innrømma at eg synest at mannen eg veldig sjarmerande, sjølv om ein del av dei eg kjenner, utan å nemna namn, sjølvsagt har litt fordomar mot DDE. Der vart han spurd kva han mislikte og han sa at han sterkt mislikte avholdsfolk fordi dei var kjedelege, fordømande og fulle av fordomar. Der fekk eg den. Eg må innrømma at eg er så lite politisk korrekt at eg ikkje drikk alkohol, og dei siste åra har eg heilt og fullt fortent merkelappen «avholdsmenneske». Eit minutt og to var eg i full gang med i fantasien å kontakta Dagbladet for å høyra om dei kunne arrangera eit treff mellom meg og Bjarne Brøndbo, gjerne med kaffi, heimelaga ripssaft og vaflene mine, som er ganske gode, med det formål å sjarmera Bjarne Brøndbo heilt til han aldri skulle seia eit stygt ord om eit avholdsmenneske meir i heile sitt liv. Den planen fall og til grusen før han vart gjennomførd.

Me trur kanskje alle at det er me som står med beina på jorda medan andre svever rundt i merkelege villfaringar. Sjølv om dei fleste av oss har vett til å ikkje seia det høgt, så trur me vel på sett og vis at me sjølv er fornuftige og normale menneske, medan ein del andre derimot… Minoritet eg… Ok då, eg er ei middelaldrande overvektig kristen avholdskvinne frå «bibelbeltet», og til alt overmål skriv eg nynorsk. Jo takk, kjenner typen… Verre kan det kanskje ikkje bli… Ho er lærar og, akkurat…

Og mine relativt fattige erfaringar på å kjenna meg misforstått og førehandsdømd er utan tvil ingenting i forhold til dei som verkeleg kjenner på andre sine skeive blikk. Eg er over gjennomsnittet interessert i menneske, eg likar menneske, den som lever sjølv og i tillegg omgir seg med andre menneske har til ei kvar tid noko ein kan le godt og lenge av… Eg hadde ein gong i min litt opprørske ungdom ein diskusjon med far min. Han meinte eg var i overmål naiv når eg hevda at absolutt alle menneske hadde noko med seg som gjorde at ein kunne ha glede av å bli betre kjend med dei. Far meinte at eg ville oppdaga etterkvart at det slett ikkje var alle menneske ein hadde interesse av å bli venner med. Han ville nok mellom anna beskytta meg mot alt som vondt var, for sjølv er han i mine auge eit veldig godt eksempel på eit menneske som viser andre vennleg respekt. Det er ikkje den verste eigenskapen ein kan ha når ein jobbar i politiet.

Ungane mine kjem sikkert til å kunna seia masse rart om den oppdragelsen dei har fått og ikkje fått under mine og faren sine for det meste velmeinande venger. Dei kan sikkert fortelja om mykje gale som er nesten heilt sant. Det eg likevel håpar dei seier er at dei er oppdregne til å møta andre menneske med respekt. Om dei rydda romet sitt, kom heim til middag eller teikna litt på veggene var ikkje alltid like farleg…

Ein gong for lenge sidan høyrde eg ein sikkert litt tåpeleg barnesong som har festa seg mellom øyrene mine. Eg meiner likevel bestemt at det er noko sant i han:

Det finnes gutter,
det finnes jenter,
det finnes damer og menn,
men alle er de mennesker,
som du kan ha til venn…

Du går glipp av mykje spennande om du ikkje vågar å verkeleg lytta til menneske som ikkje liknar på deg. Me har alle ganske overraskande sider om ein bare vågar å ta seg tid til å finna det ut…
Og viss nokon fiksar eit treff mellom meg og Bjarne Brøndbo, så kan det tenkjast at eg stiller opp…

Heidi

Takk

image

Ei eg kjenner har lagt inn ein alarm på mobilen kvar dag klokka halv ti om kvelden. Når alarmen går, må ho inn og svara på ein del spørsmål på ein app ho har lagt inn. Eit av spørsmåla er: «Har eg vore takknemleg i dag?» Det er ikkje eit dumt spørsmål å stilla seg med jamne mellomrom, og det er ikkje for ingenting dei i den engelsktalande verda gir kvarandre det gode rådet «Count your blessings». Me har verkeleg uendeleg mange ting å vera takknemlege for me som har trukke vinnarloddet i det store lotteriet og bur i eit land der alle har nok reint vatn å drikka, og ingen treng å bekymra seg for om dei kjem til å få mat og tak over hovudet det komande døgnet. I alle fall er det slik for dei aller fleste av oss.

I dag har me stor innsamlingsaksjon til «Kirkens nødhjelp» sitt arbeid med å skaffa drikkevatn til menneske som ikkje utan vidare bare kan skru på kranen på kjøkkenet. I kyrkja i dag feira me hausttakkefest. Døypefonten som dei tre barna vart døypte i var pynta fint med tomat og brokkoli. Altaret var pynta med grønsakar og ein prosesjon beståande av trøtraktorar kom køyrande inn i lag med dåpsfylgjet bak prosesjonskorset. Me er litt merkelege her i sørvest…

image

image

Ungane vart inviterte inn til eit orkester leia av organisten, der dei skramla med innsamlingsbøsser og andre ting som laga pengelydar for at me ikkje skulle gløyma å ha pengane klare til innsamlarane kom. Etter gudstenesta var det innsamlingstivili med sal av lappar, pølser, traktorvafler, lapskaus og saft. Ein kunne og betala pengar for å prøva å gå med ei bøtte vatn på hovudet, eller hiva våte svampar på presten. Det hender rett som det er at eg er stolt over og takknemleg for den kyrkja eg høyrer til i.

image

Nå prøver eg å sortera papirbunker på arbeidsromet mitt samtidig som eg bakar skulebollar til den vesle dugnadsflokken som forhåpentlegvis dukkar opp om ein halvtime for å hjelpa oss å bera pianoet på plass i stova.

I går fekk eg og vera med på noko kjekt. Eg var invitert til å halda kåseri/ lesa dikt på kvinnefrokost på Sandnes menighetshus. Sidan eg er glad i å reisa kollektivt…, og visste det skulle vera arbeid på toglinja, så var eg veldig tidleg på stasjonen for å kjenna meg sikker på å nå fram i tide. Det var ikkje heilt nevrotisk av meg, skulle det visa seg for toget var minst tjue minutt forsinka… Eg kom likevel til Sandnes i så god tid at eg kunne leika litt turist og fotografera i morgontome gater.

image

image

Den siste gata såg eg gjennom eit utstillingsvindu, med ekstra lys bak såg ho så koseleg ut…

image

Inne i menighetshuset var det pynta så fint i haustfargar med blomar haustblad og levande lys. Til og med på do var det pynta og stearinlyset blafra på vasken. Borda var dekka så koseleg og mottakinga var varm for ei som kom litt ukjend inn frå blåsten med ein ryggsekk full av bøker på ryggen. Det var eit ope arrangement for kvinner i alle sine beste aldrar, og nokon hadde laga kjempegod mat. Det var forskjellige paiar, heimebakt knekkebrød, ostar, frukt, jordbær og wienerbrød, og borda var dekorerte med fargerike salatar.

Etter ein lang og god frokost, og nydeleg musikk var det min tur. Temaet mitt var «Det handlar om å leva». For ei fantastisk forsamling å fortelja, snakka og lesa dikt i. Til mi forundring var dei tjue diktsamlingane eg nokså opptimistisk hadde teke med meg vekke på eit blunk. Eg måtte laga lister over damer som gjerne ville kjøpa bøker slik at eg kunne senda dei til dei, og eg kom heim med bestilling på ca tretti bøker til. Eg var heilt overrumpla og i føremiddag måtte me ta ein leiteaksjon rundt i huset etter gøymde lager. Ei stund såg det ut som om me hadde for få av «Fotnoter i sanden», men så fann me nokre som Leif hadde teke med på jobb, så nå skal alle få. Eg funderer på om eg må bestilla eit nytt opplegg. Det blir litt ekstra-arbeid, men eg må jo innrømma at eg blir utruleg glad over at folk har lyst til å kjøpa av meg.

Sidan eg «jobba» litt som forfattar på laurdagen, tok eg med godt samvit fri nokre timar på torsdagen og Gjekk tur og åt lunsj med Gunn som hadde eit anna ærend på Bryne og dermed plutseleg var i nærleiken. Det var fint.

image

På torsdag var eg på julemesseverkstad med eit knippe syglade damer. Nå nærmar det seg julemesse i kyrkja og på torsdag laga me påskeforkle og juleenglar. Det høyrer med til ei skikkeleg julemesse å ha ein del heimelaga ting, det blir jo ikkje akkurat timepris me kan ta for det me lagar, men me har det veldig koseleg mens me held på. Me avsluttar kvelden med te og litt kjeks og knekkebrød me tek med heimefrå.

image

I går var eg og Ingrid på besøk hos syster og åt god ovnsbakt kyllingrett med påfylgjande avslapning i stova. Hausten er tida for å kosa seg inne. Desse dagane har det vore ganske haustleg med heftige kastevindar og regnbyger, så etter nokre turar ut for å få luft og trim, så er det godt å koma inn i varmen att…

image

image

I rle-timane på skulen har me jobba med urhistoriane i kristendommen. Sist veke fordjupa me oss i historia om Adam og Eva i Paradishagen, og denne veka handla historia om Noah og arken hans. Desse historiene er vakre og grusomme på same tida. Dei set lys på dei store spørsmåla om kva det er å vera menneske og kva som er mennesket sin situasjon og posisjon i verda. Det er fascinerande at dei framleis er historier som får barn til å lytta med gapande munn og vidopne auge, og vaksne til å reflektera og filosofera og kanskje likevel ikkje bli så mykje klokare enn ungane.

image

Eit stort klippe- og lime- gruppearbeid med ein vaksen og tjue sjuåringar opplevest gjerne litt kaotisk medan det pågår, og etterpå er alle stolte av resultatet og leiter seg fram til sine figurar. Det er mykje god læring i at din teikning kanskje ikkje alltid kan få ein fullt så framtredande plass som du hadde tenkt deg, og at det felles resultatet kanskje ikkje blir akkurat slik den eiskilde hadde tenkt seg. Samstundes er det noko flott med å laga noko saman som ingen ville ha fått til aleine. På same måten som eg er djupt fascinert av veldig gamle historier, så er eg ein stor beundrar av barnekunst. Det å laga ekte barneteikningar får me bare til så lenge me er barn. Dei har noko skakt, uforutseieleg og sjarmerande over seg som vaksne teiknarar bare kan drøyma om å få til. Nå må eg bli klar for formidlinga av historien om tårnet i Babel innan tysdag klokka halv eitt.

image

Heidi