Nokre av oss er lite glade i å fly. Nokre av oss kjenner det som om me er i akutt livsfare kvar gong me har lagt livet vårt i hendene på ein flykaptein. Det at eg har fått med meg ein nettdebatt om overvektige menneske på fly, gjer det ikkje betre. Det gjer det så pass ille at det fortener ein liten tekst på Blåtoneskalaen.
I tillegg til at eg i utgangspunktet sterkt mislikar tanken på å bli kasta gjennom lufta i ein metallboks, så har eg utvikla ein slags paranoia mot at eg ein vakker dag skal oppleva å ikkje få sikkerhetsbeltet til å passa. Eg ser for meg flyvertinner som spring hektiske ned midtgangen for å finna ein seleforlengar, og folk på flyet som snur seg for å sjå kven det er som treng han. Eg har lese sinte leserinnlegg om at folk over ei viss vekt burde påleggjast å betala tillegg i billettprisen, for korfor skal dei andre passasjerane sponsa dei med drivstoff nok til å halda dei i lufta. Eg har og sett folk skriva at viss dei kjem på sida av eit skikkeleg tjukt menneske på eit fly, så kjem dei straks til å forlanga å få bytta plass. Når eg sit på eit fly, så trekkjer eg armar og skuldre så hardt eg kan inntil meg, som ein fugl som pakkar seg så hardt han kan inn i vengene sine. Eg håpar det skal vera nok til at ikkje ein kranglete flysetenabo skal laga bråk fordi han ikkje vil ha meg der. Eg har forresten høyrt folk fortelja meg at dei alltid takkar nei til mat på fly fordi dei ikkje vil risikere opplevinga av å ta så stor plass at dei ikkje får ned bordet framfor seg. Det tyder på at eg ikkje er aleine.
Eg har sagt før at eg i det daglege reflekterer svært lite over storleiken på kroppen min. På ein flyplass, dermimot, då gjer eg nettopp det, i tillegg til å gruble over korleis det kjennest å dette ned i eit fly. Aldri elles kjenner eg meg så lita og så stor på same tida.
Men visst flyr eg, av og til i alle fall. Eg gjer det dei gongene eg absolutt må for å koma fram dit eg absolutt vil. Det er ikkje ofte det skjer, så eg lever nokså miljøvennleg på akkurat det området. Ein ting vil eg likevel ha sagt, den dagen det står ei personvekt i innsjekkingssystemet som alle må opp på, den dagen har eg teke mn siste flytur, og den dagen får fjerne himmelstrok klara seg heilt utan meg… Takk Gud for NSB, forresten, men det trur eg eg har sagt før.
God haustferie alle saman…
Heidi
Eg møter deg i byen når sommar blir til haust,
og vinden bit med haustkald pust mot kinna.
Sjå livet er blitt sundag og orda dei sit laust,
me kjenner godt at livsmotet skal vinna.
For du og eg har vandra i slike gater før,
me veit at det er meining i å vandra,
me veit at det skal opnast og lukkast mang ei dør,
me veit at mykje ofte blir forandra.
Men me blir ikkje redde, for det er me som går,
me kjenner tonen og me kjenner orda,
for ofte vart det vinter og ofte vart det vår,
og alltid kom me heile ned på jorda.
Ei syster ei venninne, ein ven som vil deg vel,
eit menneske som held deg fast i armen.
Når hausten kjem med vindar som stryk mot liv og sjel,
så går me tett i tett og kjenner varmen.
Me skal om mange bakkar bli gamle du og eg,
men framleis skal me le av slikt me gjorde,
ein gong for lenge sidan, ein gong som var i går,
og stø oss blidt mot stokkane og ordet.
Heidi
Eg har oppdaga at det ikkje bare er hotellet som gjer Dalen verd eit besøk. På vegen min hit til biblioteket oppdaga eg at det faktisk er veldig fint her. Kanskje spesielt i dette spesielle lyset det blir i duskregn og med dei sterke gule, raude og oransje fargane som kviskrar haust.
Nå har eg funne meg eit arbeidsromet på biblioteket på kulturhuset, og sit og les i denne boka:
Dei er så fine diktarar begge to. Halldis og Tarjei er mellom dei absolutte favorittane mine. Eg får så lyst til å skriva sjølv når eg les tekstane deira, og det er akkurat det eg har tenkt å bruka resten av denne fine arbeidsdagen til.
Etter dei to innlegga mine frå «Blåtoneskalaen» er det overraskande mange som seier at dei kjenner seg att. Kjenna seg att i slikt? Så mange? Verda er i sanning ein rar plass. Det gjer at eg er glad for at eg skreiv det, for av og til er det slik at nokon må skriva.
Onsdagen vart ein dag med mange sterke inntrykk. Eg og Inger reiste på minnegudsteneste for fine Silje og son hennar på tre år som omkom i ei tragisk bilulykke i USA. Møtet med den store sorga og orda om Silje som hadde som sitt store livsprosjekt å spreia kjærleik og varme til alle menneske, ikkje minst til dei som strevde mest med å få livet til å henga i hop. Mannen hennar talte på amerikansk om prosjektet hennar å halda seg nær til kjærleiken og nær til Jesus. Av og til er livet så uforståeleg. Tidleg på kvelden reiste eg og fine Torill til Nærbøkyrkja for å halda musikk og lyrikkveld. Det er litt skummelt å stå framme under glasmaleria i ei nydeleg kyrkje med ein mikrofon og eit piano og ei bunke bøker og papir og vita at nå skal me losa ei samling frammøtte gjennom den næraste timen. Programmet vårt tok utgangspunkt i det eg har skrive ogomsett, og hadde tittelen «det heilage alminnelige livet. Mitt inntrykk var at det gjekk fint. Me fekk gode tilbakemeldingar, og songstemmen til Torill Lode Bøylestad rører ved noko inne i sjela mi.
Vel heime att var det pakking av koffert og siste ryddeinnspurt før golvslipinga, slik at me kunne reisa austover rett etter jobb i går. Eg var så trøytt at eg presterte å gløyma både tannkrem og deodorant, men slikt let seg kjøpa undervegs. Ha ei fin helg? Nå skal eg prøva å dikta litt.
Heidi
Eit menneske har mange rare draumar, og heilt sidan eg var jentunge og reiste gjennom Dalen i Telemark med mor og far, så har eg hatt lyst til å bu på dette fine gamle trehotellet som i si tid var eigd av Åge Samuelsen. Sidan det å leggja seg inn på dyre hotell ein reiser forbi, sånn bare fordi ein har lyst, ikkje har vore kulturen i nokon av dei familiane eg har høyrt til i, så har det forblitt ein draum heilt til nå. Men verda er rar, nå sit eg her ved peisbålet i det eg trur heiter ein manchestersofa og nippar til ein kopp svart morgonkaffi, akkompagnert av taffelmusikk. Leif har reist i veg for å halda kurs for lærarane på vidaregåande skule her i Dalen. Nå skal eg nyta livet fram til utsjekk om to timar, og kva passar meg vel betre enn å sitja her og skriva. Dette er nesten himmelen for sånne som meg.eg har aldri hatt så staselege omgjevnadar på nokon skrivefredag før. Klokka elleve får eg vel tusla ut i hausten for å sjå om dei har eit bibliotek i Dalen. Så mykje verdensdame er eg ikkje at eg trur eg kjem til å våga å spørja om eg får bruka peisestova etter utsjekkinga frå romet…
Det er forresten like fint her på hotellet som eg alltid har trudd at det er. I går kveld unna me oss ein middag då me kom, og det er noko av det nydelegaste eg har fått servert nokon gong. Hotellet feirer 120 års jubileum i år, og på veggene er det bilete av både tyske herskapsfolk, dronning Sonja og Åge Samuelsen. I frokostsalen var det dekka eige bord til husspøkelset, «The English lady», men så langt har eg ikkje sett snurten av henne. Dersom det då ikkje var ho som gjorde at eit av bileta eg tok i går ikkje lot seg lasta opp. Eg prøvde tre gonger, men det vart blankt kvar gong medan dei andre bileta kom som normalt…
Nå kom det ei dame frå resepsjonen og spurde om det var slik at eg ønska nistekorg og ein aktivitet for dagen. Eg måtte svara som sant var at det nok ikkje var meg som hadde bestilt nistekorg, men at eg lurde på om det var eit bibliotek i Dalen. Det var det, det er 20- 25 minutt å gå dit, så då får eg meg ein spasertur sånn etterkvart.
I går reiste me over fjellet direkte frå jobb. Det er så fine haustfargar ute at eg får lyst til å fotografera alt eg ser. Hausten er så vemodsvakker. Ein burde tolka ein haust etter den sommaren me har hatt. Eg er veldig glad i hausten, likevel er det rart å tenkja på at me allereie går mot ein ny vinter.
I ettermiddag kjører me vidare, og landar hos Eva Mari og Henrik ein gong i kveld. Eg gleder meg til å sjå både dei og Halvard og Sunniva. Heime blir stovegolvet slipt i dag om alt går etter planen. Heimen har bokstaveleg talt vore ei hinderløype den siste veka. Det er nesten slik at me har måtte klatra over to bokhyller ein lenestol og eit bord for å koma oss opp i senga eller ut på badet. I beste fall kan me begynna å bera på plass att når me kjem heim. Då begynner nok vårt nye, ryddige og pertentlige familieliv, tenkjer eg…
Heidi
Det er mange som seier «Å, korfor sa du ikkje i frå?» etter at eg har vore ute på opptredenar. På onsdag klokka halv åtte skal eg lesa dikt og fortelja i Nærbø-kyrkja i lag med min flinke kollega Torill Lode Bøylestad som skal synga nokre av tekstane mine og spela piano. Det blir spennande. Ekstra spennande vart det når det gjekk opp for meg at eg ikkje bare skal vera med på eit arrangement. Det er me som er arrangementet…
Ser fram til det med skrekkblanda fryd, og ynskjer alle som måtte ha lyst velkomne. Etter at me er ferdige blir det kaffi til dei som måtte ha lyst på det.
Heidi
Barføtt med skoen på
I dag har eg bestemt meg for å opna døra inn til eit lite rom i huset mitt, eit rom eg ikkje så ofte har blogga i frå. Akkurat det har mange grunnar. Eg har tenkt mange gonger at ein eller annan gong skal eg skriva ei bok medan eg sit på ein pinnestol eller ligg på magen på golvet i akkurat det romet. Nå får det i første omgang bli ein serie på bloggen. Eg har tenkt å merka alle desse innlegga med merkelappen «Blåtoneskalaen», for eg tenkjer at det kanskje er nokon som vil lesa akkurat dei innlegga i samanhang.
Kva står det på dørskiltet på dette romet i livet mitt? Ja, dersom det ikkje har kome godt nok fram, så snakkar eg altså om eit indre rom. På døra inn til det romet står det eit lite skilt og påskrifta har eg lånt av Tande P. På skiltet står det «Født i overvektens tegn». Litt skamfull, men likevel med eit glimt i auget, og med vissa om at eg har interessante ting å visa fram, opnar me døra og går inn.
Større folk enn meg har hatt ting dei godt kunne tenkja seg å leva utan. Paulus hadde ein torn i kjødet, Akilles hadde sin akilleshæl, og Balder, den usårbare og udødelege guden, vart drepen av det einaste som kunne skada han. Den minst skremande av alt som hadde liv, ein liten misteltein, var det einaste som kunne såra han. Eg håpar det aldri har vore nokon tidsalder før oss med så stort fokus på kroppsvekt som akkurat denne. Med lang erfaring, mykje humor, stort pågangsmot og ein sterk rygg, ber eg kroppen min ganske lett, men eg grin inni meg når eg ser alt kroppsfokuset som får unge jenter til å slanka seg nesten i hel, vaksne til å sjå forakteleg på overvektige barn, og overvektige flotte damer til å nesten ikkje våga å visa kroppen sin fram.
Så nå gjer eg det. Eg tek skjerfet frå halsen og blottar strupen for å fortelja litt om korleis det er, og korleis det ikkje er, å gå rundt med det som er noko av det som gir lågast status i vera-vellukka- samfunnet, for mange kilo og ein stor kropp. Eg kunne ha skrive tre døgn i strekk om eg ville, for eg har så utruleg mykje eg gjerne ville ha sagt. Men nå tenkjer eg å gjera det gradvis og forsiktig her på bloggen. Eg vil skriva ned litt og litt, og så får tankane og orda koma som dei vil sånn etterkvart. Det vil seia, eg kan jo bare skriva om korleis det er å vera meg. Det er jo det eg verkeleg veit noko om.
Først vil eg med legitimitet i eige liv avliva tre myter. Alle desse irriterer meg grenselaust når eg høyrer dei bli brukte:
Det er din eigen feil at du er overvektig, det er jo bare å gjera noko med det:
Dersom du vil læra om slanking, så kunne du ha spurt den første overvektige du møter på gata om han eller ho har noko å læra deg. Dei fleste av dei har prøvd det meste. Sjølv var eg på min første alvorlege slankekur då eg var ni år gammal, og i dei 44 åra som har gått sidan det, så har eg stort sett hatt det å bli slankare som ei underoverskrift på alle dagane mine. Eg veit veldig mykje om veldig mange diettar, det kan eg kanskje skriva meir om seinare, men akkurat nå orkar eg ikkje gå meg vill i utleggingar om dei. I tillegg har eg prøvd sjølvhypnose og samtalegrupper, eg har i lange periodar skrive opp alt eg et, vege maten min, teikna vektgrafar på millimeterpapir, hatt lister på kjøleskapet over all styggeskap som kan vederfarast ein om ein er for tung, og skrive ned tankar om mat og følelsar, og om korleis det var å vera eit overvektig barn. Likevel, dette har ikkje teke så frykteleg stor del av energien min, eg har jo halde på nokre år, så det har vore tid nok å ta av.
Nå høyrer eg ein mannsstemme inne i hovudet mitt koma med ein kommentar på klingande jærsk: «Grævligt vellukka prosjekt!» Stemmen tilhøyrer ein av naboane mine, og eg forstår ikkje korfor han fekk lyst til å kommentera teksten min. Men slik er det i hovudet mitt, kommentarar og situasjonar dukkar opp som lange rekkjer av revynummer, og eg får lyst til å le høgt. Eit eller anna inni meg må vel på ein eller annan måte ha boikotta desse lange prosjektrekkjene, kanskje eg ein vakker dag avslører kva det er. Optimist som eg er, så tenkjer eg alltid og kvar einaste dag at nå har eg funne rett metode, så nå er det bare eit spørsmål om tid før vektproblemet ligg bak meg. Og så må eg rett og slett seia som reveenka sa til Korse i eventyret: «La han gå, la han gå, jeg trenger ikke gode råd». For gode råd har eg vassa i heile livet, og eigenrådig som eg er, så prøver eg ut eit og eit etter som det virkar mest truverdig på meg. Og sjølv om eg faktisk ler av heile situasjonssuppa, så er det eit punkt midt der inne der eg er sånn ca to år. Det er ikkje heilt sant at eg begynner å brekka meg kvar gong eg ser ei badevekt, men det er ikkje så veldig langt frå sanninga heller.
Overvektige menneske ligg på sofaen med chipsposen, sjokoladen og fjernkontrollen til TV-en, og let kroppen sin forfalla medan dei skjuler seg i skam under ei stor dyne.
Her er det faktisk lett å forsvara meg. Eg ligg veldig lite på sofaen, eg et aldri chips, og det sikraste eg veit om overvekta mi, er at ho ikkje skuldast sjokolade-eting. Eg ser veldig lite fjernsyn, og eg har ingen problem med å stå på scenen med ein lyskastar på meg og la folk betrakta meg så mykje dei bare vil. Nå høyrest dette ut som skryt, og det er klart at det er det det er. Men likevel er det sant. Eg innrømmar at eg ikkje joggar, at eg ikkje har vurdert å sykla nordsjørittet og at eg ikkje har gått over Hardangervidda… Men eg er glad i å gå, riktignok helst i snakke- eller tenkjetempo. Og eg torer å påstå at kosthaldet mitt i utgangspunktet er veldig sunt.
Overvektige menneske er ei belastning for staten. Dei er stadig sjukemelde og har generelt dårleg helse.
Her kan eg bare takka den fantastiske kroppen min, som kvar dag står opp med meg, om enn noko motvillig, og ber meg støtt gjennom dagane heilt utan problem. Om kvelden er han i sitt ess, og ser ingen grunn til å falla til ro… For å skryta endå meir, så er eg det friskaste mennesket eg veit om. Det er sjølvsagt rein nåde frå ein kropp som ber ganske tungt. I eit langt yrkesliv har eg ikkje vore sjukemeld ein einaste dag, eg har nesten bare brukt eigenmeldingane på sjuke barn, og eg har aldri vore i nærleiken av verken kiropraktor eller fysioterapeut. Dersom eg ikkje visste betre, ville eg tru at det kunne koma av at eg hadde behandla kroppen min særdeles godt, men sjølvsagt veit eg betre. Det er faktisk hovudgrunnen for å ønska seg eit fysisk lettare liv, dette at eg innerst inne veit at det ikkje er bra for helsa å vera tung. Det eg derimot trur at mange tenkjer for lite på i vår tid, er første delen av utsagnet «Ei sunn sjel i eit sunt legeme.» I mitt hovud er det å ta vare på sjela si, på ettertanken, varmen og kreativiteten like viktig som ein perfekt ytre bustad for sjela.
Eg tek meg sjølv i å bli oppriktig lei meg kvar gong nokon presenterer for meg den avsindige ideen at eg kunne jo ha tatt ein slankeoperasjon. For det første så har eg sjukehusskrekk og vil absolutt ikkje la nokon nærma seg meg med kniv i handa om det ikkje kjennest heilt nødvendig. Eg har ein sterk og frisk kropp som virkar, og ser ingen grunn til å utsetja han for slike påkjenningar. Det må då finnast betre løysingar. Og kvar gong dette kjem på banen tenkjer eg: «Neimen er eg så tjukk, det har eg viss ikkje forstått sjølv ein gong…» Det meste av livet mitt er eg nemleg ikkje inne i dette romet i det heile tatt. Eg valsar omkring og er oppteken av absolutt alt anna enn at eg er tjukk. Ein litt meir alternativt orientert person enn meg, som eg forresten er veldig glad i, sa ein gong til meg: «Du er sikkert litt dårleg inkarnert, for sjela di gløymer ofte at ho har kropp…» Med det meinte ho ikkje at sjela gløymer storleiken på kroppen, men det at eg i ein alder av femti år framleis susar fornøgd omkring utan å oppdaga at eg har blusen bak fram, jakken på vranga og mascara over halve ansiktet…
Nå trur eg at det er nok for denne omgangen. Det er vanskeleg å stansa tankestraumen når eg først er i gang. Eg spør meg sjølv korfor eg gjer dette. Svaret er at eg er overbevist om at mange av tankane mine er ting som bør seiast høgt, og då ser eg at eg kanskje er den som bør seia dei. Nå lurer du kanskje på om dette er ei stor sorg for meg? I grunnen er det ikkje det. Eg lever godt med at ting er som dei er, og eg synest faktisk at vekta til eit menneske er ein nokså liten del av det mennesket. Eg tenkjer og at dette er eit lite, men faktisk eit viktig rom i livet mitt, der eg har mange tankar, mykje kreativitet og lang erfaring.
Som eg har sagt til nokon når dette ein sjeldan gong blir diskutert: «Dersom eg kunne gå inn i eit skap og velja meg ein kropp då eg stod opp i dag morges, ville eg kanskje ikkje vald denne… Kanskje eg ville vald ein veldig liten og spe kropp for variasjonen si skuld. Eller ein kropp som såg ut som han hadde budd dei siste tre åra på treningsstudio. Det kunne og ha vore ei spennande erfaring. Men nå var det denne kroppen eg av ein eller annan grunn fekk tilbod om då eg skulle kle på meg i dag. Han er forøvrig ein god venn, sterk og funksjonell, og han har bore meg gjennom det meste…»
Og i motsetnad til mange område i livet. Dette veit eg faktisk litt om. Eg veit lite om korleis det kjennest å gå ein heil dag og lengta etter ein røyk eller ein pris snus. Eg har heller ingen erfaring med å gleda meg til det løftet eg vil få av å unna meg to flasker rødvin i kveld, eller med å å verkeleg sjå fram til å springa to rundar rundt Frøylandsvatnet. Derfor teier eg om dei tinga, og prøver å vera romsleg for at det i grunnen er mange ting i andre sine menneskeliv som eg veit veldig lite om…
Heidi
Det kjennest som helg, men dagen i morgon er jo eigentleg ein arbeidsdag, skrivedagen min. Den dagen er alltid ein oase. Det kjennest som om det er bare måndagar og fredagar for tida. Om ei veke reiser me austover. Eg gler meg veldig til det. På sundagen feirer me Halvard sin 20-årsdag og på måndagen er det boklansering på litteraturhuset av ei bok eg har vore med på å skriva. Ho heiter «Bibeldikt». Åtttiåtte norske forfattarar har fått kvar sine bibelvers som dei er blitt utfordra til å skriva eit dikt rundt. Eg synest ideen er kjempegod, og gler meg veldig til å sjå boka.
Denne veka har det plutseleg blitt haust. Slik ser morgonane ut:
Og slik er det ute på verandaen:
Plutseleg er det heilt på sin plass å tenna mange stearinlys og kosa seg inne med hekling av kosedyr og ein kjælen katt på fanget.
I RLE- timane denne veka har jødisk nyttår, Rosh Hashanah, som dei feirer akkurat nå, vore tema. Det slår meg kor lite eg sjølv har lært om jødedomen utover det at det var der den kristne kyrkja oppstod med «opprøraren» Jesus, som snudde dei gamle dogmene opp ned og forkynde ein heilt ny forståing av den gamle læra. Eg blir ofte veldig fenga av slikt eg set meg inn i som elevane skal læra. Det er så mykje interessant i verda som ein ikkje veit. Så blir det timevis med googling fordi det som står i lærarettleiinga på ingen måte er nok når eg har fatta interesse for noko.
I dag «feira» me med tradisjonell dypping av eple i honning, fengande musikkvideoar, shofar-blåsing på youtube og laging av tankekart. Det er så kjekt å oppdaga at elevane og blir fenga, og at dei hugsa masse frå timen på tysdag. Rosh Hashana, jødisk nyttår handlar om ettertanke og forsoning. Ein del av feiringa går ut på å gå ned til elva, sjøen eller vatnet og tømma lommene sine for ting ein ikkje lenger vil ta med seg. Eg tenkjer på alt det vanskelege i midtausten, og skundar meg med å seia at eg ikkje primart er pro- Israel. Hjartet mitt ligg like mykje på den palistiske sida av konflikten. Det heile er til å gråta av. Tenk om forsoning og ny start etterkvart kunne vera det som var hjartetemaet på begge sider i ein konflikt som kan opplevast som heilt uløyseleg. Ved Rosh Hashana bles dei på Shofar, bukkehorn. Det seiest at lyden i shofaren formidlar det språket i eit menneskehjarte som munnen ikkje har ord for. Eg har lytta ein heil del til shofartonar på internett dei siste dagane. Det er då ein betagande lyd i dette instrumentet…
Og eg sit her og tenkjer at eg er redd for at det eg skriv kan blir misforstått, det seier vel litt om nivået på ein konflikt som få er likegyldige til, men som det kjennest så godt som umogleg å gjera noko med. Neste veke skal elevane få høyra historia om då Adam, jordmannen, og Eva, livgjevaren, vert skapte og om forvisninga frå Paradiset etter å ha ete ulovleg frukt. Eg ser stadig nye nivå og djup i denne gamle forteljinga om mennesket sin situasjon i verda. Gamle mytologiske forteljingar fascinerer meg djupt, både dei som står i bibelen og dei som står heilt andre stadar. Religion og mytologi er spennande saker.
Eg tek meg sjølv i å gå rundt og forfatta bloggeinnlegg i hovudet. Når eg har tid til å skriva dei ned, er eg plutseleg ikkje sikker lenger på om eg har lyst til å skriva det eg hadde tenkt. I morgon blir det nok meir, eg får sjå kva for nokre av alle dei rare tankane mine eg får lyst til å setja ord på. Som det står i barnesongen: «Jeg har tusen tanker oppi hodet, mange av dem er helt på jordet, men jeg har bare en hjertevenn… – og det er deg…»
Eg kan forresten fortelja at onsdag 1. oktober er eg invitert til å fortelja og lesa dikt i Nærbø kyrkje klokka halv åtte. Eg skal ha med meg Torill Lode Bøylestad som skal syngja nokre av songane eg har skrive og omsett. Det gler eg meg til, ho er så flink til å synga, og eg skulle gjerne ha lytta til henne ein heil kveld. Eg har snakka med han som spurde meg i telefonen i kveld, me er blitt einige om at programmet vårt skal vara i ein liten time. Det høyrest lenge ut, men eg veit at tida går veldig fort når ein set i gang. I løpet av helga må eg bare laga klar manus og program. Eg reknar med at alle som har lyst til å koma er hjarteleg velkomne.
Heidi
I dag ville bestemor ha blitt 111 år gammal, dersom ho framleis hadde levd. Det får meg til å forstå kor fort tida går. Ho var eit veldig viktig menneske i livet mitt, og eg fekk behalda henne så lenge at dei eldste ungane mine hugsar henne. Frramleis kan eg drøyma at ho lever, og framleis kan eg diskutera ting med henne i mitt eige minne, sjølv om det faktisk er 21 år sidan eg mista henne.
Helga mi har vore god. I går kom hausten med masse regn og kaldare luft. På fredag kunne eg nyta det som kanskje vart den siste sommardagen i år med å skriva ute på verandaen med ein vakthund og ein vaktkatt til å halda meg med selskap.
I dag var det sol att, men lufta var ikkje lenger sommarvarm, og vinden bles ganske friskt. For første gong denne hausten tende me stearinlysa i lysekrona i går kveld. Me hadde invitert Hanne Lise og Gunnar til fylt krabbe, ost og heimebakte scones. Det blir mørkt om kveldane nå, og det er fint å vera inne. Det som prydar ostefatet i lag med druene er tomatbær, tomatar i bærstorleik. Det hadde eg aldri vore ute for før, så det kjøpte eg med meg.
I dag fekk eg først med meg gudsteneste med dåp og konfirmantpresentasjon. Så hoppa eg på toget til Stavanger, der eg møtte Anne Mette. Me la ut på byvandring i blåsande bygater, og nede i havna var vatnet uroleg og skummande.
Gule haustblad fauk rundt føtene våre, men frå togvinduet såg eg ein mann som bada. Han duppa i havoverflata med snorkel og dykkarmaske, og såg ikkje ut til å frysa i badebuksa si. Me to vandrarskene, syntest etterkvart at det var koseleg å søkja tilflukt på kafeteriaen på kulturhuset der me hadde varm te og litt lunsj. Denne dagen fungerte forresten utan ytterjakke og sokkar med sandalar. I ryggsekken hadde eg varmare klesplagg og sko dersom det skulle trengjast, men sekker trengde ikkje opnast. Det kan forresten anbefalast å leika turist i ein heilt lokal sundag. Med ryggsekk og togtur, og vandring og kafebesøk vart det nesten som ei lita feriereise i miniatyrformat.
Dei neste vekene har eg fleire oppdrag som diktlesar, forteljar og nesten-foredragshaldar, og i dag fekk eg spørsmål om eit arrangement til. Det er kjekt å gjera slike ting så lenge det let seg kombinera med jobb og alt det andre rare eg driv med. I haustferien reiser me nokre dagar til Oslo, det gler eg meg og veldig til. Innlagt på vegen er ei overnatting på Dalen hotell. Det har vore ein slags draum å gjera det ein gong, og nå har Leif blitt bedd om å halda foredrag i Dalen, så då passar det plutseleg å realisera draumen.
Men nå er det ei heilt vanleg, ganske travel arbeidsveke, så det er viss best å ta dagen inn for landing. God haust alle saman, for nå trur eg rett og slett at han er her…
Heidi


























































