Gå til innhald

image

Eg har ein herleg morgon i lag med Eva Mari i Kirkeveien i Bærum? Kaffi, klementiner, svart kaffi og knekkebrød med cottage cheese, fine raude tulipanar på bordet og herleg morgonsol utanfor glaset. Vårsol har me ikkje fått for mykje av, og det kan me viss heller ikkje få…

 

image

Nevø Oscar er her og. Det er så fint å treffa han av og til.

image

 

Og han er sporty nok til å seia at eg får  lov til å setja dette biletet på bloggen sin. Kjekk gut, Oscar…

Om ikkje så veldig lenge skal eg bevega meg i retning trikken og prøva å finna fram til Lysebu. Det blir spennande. Eg har godt  av å tøya grensene på å gjera ting aleine. Eg er veldig glad i å gjera ting saman med andre… Men av programmet ser eg at det er mykje sosialt, så eg finn nok nokon å snakka med…

Heidi

På toget att

image

NSB sin kanskje mest trufaste stamkunde er på toget att og ser fram til ei sju timer lang reise med kven-veit-kva-det-vil-bringe-denne-gongen. Utrusta med biografier, i-pad, notisbok og bankkort til kafevogna, så må det vel bli gode greier dette. Me begynner med eit stopp Nærbø stasjon, som alt har vart ganske lenge. Det var nok bare eit møtande tog, for nå ruller me att…

 

Det er nokså dårleg med internettdakning langs sørlandsbanen, men nå er det eit lite Glimt av denslags, så det får eg benytta meg av…

image

Eg har prøvd å fotografert den fine havsutsikta. Og ete wraps med ørret og snøfrisk, og den veldig gode yoghurten frå «urtehaven» som dei har begynt å selgja på toget. Sterk kaffi vart det og. Eg les ein nydeleg biografi om Einar Skjæråsen, ein dikter eg er veldig glad i. Han seier om seg sjølv at han hadde «den ømme gaven til å kunne elske.» Dikta hans ber preg av dette. Fleire av dei rører meg til tårer.

imageEg veit ikkje om eg får skrive så mykje meir før dekninga forsvinn att.»Sedane» er nettopp blitt snudde i Kristiansand og me passerte nyleg Vennesla. Eg får venda tilbake til Skjæråsen …

 

 

 

 

Men når vårsol i bakkane blenkte…

grågjess i Sandtangen

«Måååå me ha på osse boksa i dag? Kaaaan me´kje få ha bara jakke å sko?» Spørsmålet er nok ikkje så dramatisk som det kan høyrast ut som? Bukse i denne samanhangen, er sånn bukse som dei har utanpå den andre, i betydninga vindbukse, boblebukse, regnbukse eller heil dress. «Bara jakke å sko», er elevane sine frydefulle ord for å sleppa å ha på seg støvlar, ytterbukse, lue, skjerf og vottar. Det er lenge sidan me har hatt utedag med bare jakke og sko. Eg kan nesten ikkje hugsa at me har hatt det i det heile tatt, men eg hugsar sikkert dårleg. Allereie då eg stod i gangen og tok i mot dei då dei kom i dag morges, kom dei første spørsmåla om bare jakke og sko.

Me hadde ingen hast med å koma oss på tur. Først måtte me henga opp symbolet for at i dag var det bare sol. Ikkje skyer, ikkje skodde og ikkje regn, merkeleg nok nesten ikkje vind ein gong. Rett nok har eg ein mistanke om at folk frå rolegare dalstrok ville funne vinden her hos oss i dag og, men etter ein vinter med nesten dagleg vindstyrke bortimot kuling, så er me ikkje bortskjemde. Eg vart direkte lattermild då ein mann i Oslo sa til meg «Ja i dag er det jammen nesten storm…» då eit forsiktig vindpust rørde oss lett i det me møttest i ei døropning.

Før me i første klasse kunne gå på tur, hadde me ein ting til me skulle ordna. Elevane sat på låge lyttekrokbenkjer og tova omsorgsfullt på ei lita gul filtkule som me skal laga påskekyllingar av. Framfor seg hadde dei isboksar dei hadde teke med heimefrå fylde med håndvarmt grønnsåpevatn. Alle vart ferdige, og alle vart stolte. Nå skal filtballane få liggja til tørk ei vekes tid, og så skal dei få halefjør, filtkam, fine auge og lange hyssingbein.

Så var det det med jakke og sko då… Me to damene i «snart bestemorsalder», var einige om at det nok var litt vel lettsindig å gå «utan bukse», me klarte til og med å spora opp overtrekksbuksene til dei som meinte at dei ikkje hadde med seg ei. Så var det å leggja hoppetau, klinkekuler og gamle myntar øverst i dei vaksne sekkane.

Og visst var det nydeleg ute i sola. Me leika gamle barneleikar i Sandtangen og åt nistematen vår ved vatnet. Me vaksne hadde faktisk gløymt å kle skikkeleg på oss sjølv, og fekk etterkvart «kjølen i oss», men ein smak av vår var det utan tvil, med krokus, gåsungar og grønkande gras. Så var det å pakka seg oppover for å høyra og dramatisera eldgamle påskeforteljingar før dagen var slutt. Etter dobbel arbeidsdag er eg nokså slutt eg og, og går inn for tidleg landing. Først må eg få vaska litt klær, for nå har eg lagt meg på ein «pendlarrytme» med avspasering av halve arbeidsdagen og tur til Oslo denne torsdagen og. Eg skal til Lysebu på seminar om dansk-norske salmetradisjonar, og eg gler meg veldig til det. Det finnest punkt i livet, sjølvsagt ikkje mange (?!), der eg må innsjå at eg er ganske nerdete. Sjølv i godt vaksen alder er det litt skummelt å reisa til eit seminar der eg ikkje veit om at eg kjenner eit einaste menneske… Men eg har god tru på at det skal bli veldig bra…

Heidi

Fortel meg kven eg er

ender med vengene ned

Fleire enn meg har sikkert site på facebook eller på andre nettstadar, og mest for underhaldningsverdien si skuld, teke testar som kan fortelja oss kven me er i Mummidalen, kor me burde bu, kven som ville vore vår perfekte livspartnar, kva som er vår mentale levealdar, eller kva slags sko me er… Om nokon måtte lura, eg er ein blanding av Snorkfrøken, Mummimamma og Snusmumriken, min mentale alder er 21 år, og eg er eigentleg ein conversesko. Me speglar oss i «likar» på facebook og instagram, og me speglar oss ofte og stikk innnom diverse stadar for å finna ut kva slags hud me har, kva for ein joggesko som er perfekt til vår løpestil og kva som er feittprosenten vår eller vår fysiske levealder. Eg må innrømma at eit par av desse komponentane har eg ikkje ein gong lyst til å vita, langt mindre til å leggja ut på facebook. Me har kanskje aldri før vore så opptekne av å finna ut kven me er og av å bli bekrefta?

På laurdag høyrde eg på Magnus Malm, som er ein klok mann, med masse erfaring frå retreatrørsla, der han har vore leiar og rettleiar. I kristen retreat ligg det dette å trekkja seg tilbake frå kvardagen sin i eit kortare eller lengre tidsrom for å be, tenkja gjennom livet sitt og skaffa seg ein oversikt i lys av tid til ettertanke. Han er i mine auge ein veldig klok mann. Eg har høyrd han fleire gonger på korsveifestivalar, og lese fleire av bøkene hans. Det var fint å høyra på han denne gongen og, fint og utfordrande. Han har nemleg ein del tankar som er alternative og utfordrande direkte inn i tida vår.

Han fortalde om ei interessant oppdaging. På eit stort arrangement for ungdom og unge vaksen opp til i trettiårsalderen, hadde mange kome fram for å få ein sjelesorgssamtale eller forbøn. Påfallande mange hadde kome med fylgjande problemstilling: «Eg veit ikkje kven eg er. Korleis kan eg finna det ut?» Dei lurde på kven dei skulle vera, kva dei skulle tru på, kva dei skulle stå for og kva dei skulle meina. Magnus Malm som har møtt menneske på denne måten gjennom mange år gjorde seg tanken: «Korfor er så mange så opptekne av dette akkurat nå?» Det var då ikkje den problemstillinga folk hadde pleidd å be om hjelp til å finna ut av for ti år sidan eller for tjue år sidan?

gullspurv

Han snakka om dette enorme behovet for å bli bekrefta, vera vellukka, prestera sitt liv… Noko som i seg sjølv er nok til å gjera einkvar frykteleg sjølvsentrert. Me lever for å få bekrefting og anerkjenning? Koss har me i så fall vikla oss inn i dette uføret. Magnus Malm meiner at marknadskrefter og reklame alltid vil hendvenda seg til det som er bresten i eit menneskeliv. Der me er redde for å koma til kort. Hans diagnose er at samfunnet er i ferd med å vikla seg inn i eit system som særleg er tungt å bera for ungdom, som ikkje har så mange motforestillingar: Du skal vera ditt eige varemerke. Du skal skapa deg eit image og ein profil som held mål, der du marknadsfører deg sjølv som om du var ein vare. Til slutt står du i fare for å bli akkurat det: Ein vare du skal selgja på marknaden slik at nokon kan få profitt av deg.

Han meinte og at me tenderer mot ei tid der det gjeld å framheva seg sjølv og sitt eige image på bekostnad av fellesskapet og av andre menneske. Og kom med fylgjande vesle humoristiske betraktning: «Världen har visst inget sentrum, så då kan det inte vara jag…»

Eit slikt samfunn har nytte av at me speglar oss mest mogleg, derfor heng det oppe «speglar» overalt som kan fortelja oss kven me er. Dessto meir me speglar oss i dei og i kvarandre, dessto likare vil me enda opp med å bli, og dessto meir vil det kreva av oss å vera bra nok…

Og kva er så medisinen for eit slikt samfunn? Så langt heng sikkert mange med og kan nikka bekreftande, men i det fylgjande kan ein nok koma til å bli provosert. Malm meiner at ein av diagnosane våre er at me har mista grepet på kven me eigentleg er, fordi me ikkje lenger set grenser for oss sjølve. Viss ingen fortel oss kor «eg-et» startar og sluttar, mistar me grepet på korleis me har rett til å breia oss ut og ta plass og prioritera oss sjølve framfor andre. Hans råd til menneska i dag er å bruka meir tid til bøn og ettertanke. Hans gudsbilete inneber at det finst ein Gud som er større enn oss og annleis enn oss. Om me tek seg tid til å trekkja seg unna alt som kokar rundt oss, så kan Gud få sjanse til å justera oss og visa oss kven me er. Hans påstand er at me treng bøn og ettertanke for ikkje å gå oss heilt vill i eit samfunn som løftar ideal som ikkje nødvendigvis er verken sunne, idealistiske eller solidariske. Hans påstand er at viss me bare speglar oss i kvarandre og dei speglane «forbrukarsamfunnet» har hengd opp for oss, vil me til slutt bli heilt like. Tek me oss tid til å trekkja oss tilbake til «heilage rom», ikkje for å isolera oss, men for å henta inspirasjon og styrke, vil me kunne utvikla oss til dei originale menneska me er tenkt til å vera.

Eg ser sjølv at dette er ganske provoserande tankar, men eg trur det er sunt å tenkja dei, og så sjå kva tankar dei føder i oss. Sei gjerne kva du tenkjer om dette. Sjølv har eg fått inspirasjon til å «våga å vera annleis» og til å prøva å bruka meir tid til å vera stille. Sei gjerne kva du tenkjer om dette. Eg lyttar med interesse.

måke

Og helga med gode venninner var heilt fantastisk. Eg avsluttar litt rundt, slik det ligg i min natur med ein korpsskulptur frå St Hanshaugen og fylgjande kloke sitat frå danske Benny Andersen:

«Lær mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder…»

Heidi

Salig er tørsten

image

Slik såg det ut då me vakna i dag på diakonissehuset, store vindu og høgt under taket. Så var det frokost i spisesalen, ærverdig møblert med gamle fine møbler, og med varmt brød og nykokte egg.

image

På gangen heng gamle elevbilete og på eit stativ heng denne dua.

image

Arrangementet me var på «Salig er tørsten», var veldig fint. Hovudforedraga hadde Magnus Malm, ein mann eg har veldig sansen for.

image

Eg var og på kurs i Christfulness, som er ein slags kommentar til mindfulness. Det var og veldig inspirerande. Eg kjøpte denne boka viss nokon er interesserte i å låna…

image

Etterpå gjekk me ut for å eta. Me åt veldig godt i dag og…

image

image

Etter ein lang dag, fann me ut at me var meir klare for ein kveld i ei av stovene på diakonissehuset, her har me ordna oss med litt te og kaffi…

image

image

image

image

Det er fleire fine kapell her og. Torun og eg var inne i eit av dei i dag morges og tende lys og hadde ei stille stund. Det var fint.

Heidi

Vår i Oslo

image

Denne sjarmøren møtte meg på stasjonen i går. Irsk settervalpar er nydelige for dei som ikkje veit det. Det vart mange kosebitt oppover armane.

image

Eva Mari og eg tok bussen ned til Oslo. I sentrum var det rett og slett vår. Strålande sol og gatemusikantar i gatene. Det kom nesten som eit positivt sjokk å kjenna vårsola i ansiktet. Nokre av dei andre gatekunstnarane hadde og krope fram frå vinterhiet…

image

Me fann ut at me ville ha ein gammaldags kafelunsj, og havna i øverste etasje på glassmagasinet saman med mange pensjonistdamer. Det vart skikkeleg retrolunsj. Sjå bare her:

image

Det var år og dag sidan eg hadde sett eller ete denne retten: smørbrød med fiskepudding og reker. Farmor laga det i selskap. Det er for meg litt i kategorien smørbrød med egg og ansjos… Det smakte faktisk kjempegodt.

Sidan har eg møtt venninnene mine i byen og hatt ein fantastisk ettermiddag og kveld. Eg har gått så mykje at eg har vannblemme under den eine foten. Me er installerte på Diakonissehuset som nå er blitt gjestehus. Her er det kjempefint med skikkeleg sjel og atmosfære. På veggen på gangen heng det bilete av dei som vart uteksaminerte som Diakonisser tidleg på 1900- talet. Dei har lange svarte kjolar og kappar på hovuda. Det er rart å tenkja på at i desse roma har dei budd og sove. Det skal eg og gjera nå. Veldig snart faktisk. Torun har slutta å svara meg, så ho søv vel allereie…

Heidi

Set meg på eit tog

Og gje meg ein biografi. Då har eg det ganske så bra. Verre er det at lange blogginnlegg bare forsvinn før dei er publiserte. Borte med vinden så langt eg kan bedømma. Nå prøver eg igjen…

image

Eg har lese Oda Lasson sine memoarar frå barndomen og ungdomen, ei vakker bok frå svigerforeldra mine si bokhylle. Med spinatpai og yoghurt i kantina med norsk vår utan for vindauget hadde eg verkeleg ei «fredastund». Av og til er det litt stress å koma seg så langt som på toget, men visst er det verd det !

Etterpå har eg drukke te med påfyll og lese ei anna trist og vakker bok frå same hylla: «Gabrielle», ei veldig trist og veldig vakker skildring frå 1959 om det å mista eit barn i kreft. Ti år gamle Gabrielle er eit ekstraordinært barn, uvanleg intelligent, kreativ og lenken. Det foreldra og legane trudde var smittsom hepatitt, viste seg å vera langt framskriden leverkreft. Foreldra fekk vita det, men vart fortalde av legane at det var best for både Gabrielle, familien forøvrig og venneflokken at ingen av dei fekk vita om diagnose og prognose. Kanskje var det slik dei tenkte i 1959. Lilevel, boka var meir lys og vakker enn mørk og depressiv. Eg klarte å halda eit par tårer som ville fram sånn nokolunde i sjakk.

Kva eg skal i Oslo nå? Om ein halvtime hentar Eva Mari meg på toget. Eg gler meg til ein kveld og ein føremiddag saman med henne. Spesielt gleder eg meg til å helsa på den irske settervalpen deira. I morgon ettermiddag møter eg lærarakulevenninnene mine, noko eg og gler meg til. Me skal innlosjerande oss på det gamle ærverdige Diakonissehuset, og på lørdag skal me delta på seminaret «Salig er tørsten», der me først skal høyra på Magnus Malm og sidan gå på kurs i kristen meditasjon, for å seia det kort og populistisk. Eg trur det blir fint. Eg reknar med å skriva meir om dette etterkvart.

Nå er eg snart framme, og i beste fall får eg til å publisera dette før eg går av toget.

Heidi

Vårlys

flygande ender

Lys I

Lyset
ikke fuglenes sang
er vårens sendebud

løfter spiren
i sølvsilketråd
av stivnet jord

i stillhet
uten ord
kommer det
lengselen i møte

åpner mørkets lokk
lik et ordløst smil

B H Grau

Mjukt skodderegn har sildra mest heile dagen. Grått og vått med vårlys til. Me har vore ute og leika gamle leikar med førsteklassingane. Spelt med myntar, klinka kuler, gått på stylter og hinka paradis. Ungane likte det veldig godt. Eg spurde ein elev: «Kva var det aller kjekkaste?» «Å kasta med pengar,» svarte han. «Så fint,» sa eg. «Det gjorde me og då eg var liten, og det gjorde heilt sikkert bestefaren din og!» «Bestefar er død,» svarte guten, «men oldefar gjorde det nok, for han levde og i gamle dagar.» Eg for min del måtte prøva å gjenkalla reglane for klinkekulespel med eit hol og ein ring i grusen rundt. Eg trur eg klarte det sånn nokonlunde, men eg måtte forenkla det litt.

Det er og koseleg å sjå at elevane kosar seg med å leika butikk med medbrakt tomemballasje og leikepengar. Det er stor stas både å få jobba i butikken og å gå og handla. I dag har eg halde time om islan med pwerpointlysbilete og bønerop på CD-plate. Eg kosar meg veldig med å setja meg såpass grundig inn i ting at eg er i stand til å fortelja det vidare på ein måte som passar til førsteklassingar. Eg har stor tru på at skikkeleg informasjon lagt fram på ein varm og entusiastisk måte kan forebygga fordommar. Om eg alltid lukkast med målsetjingane mine er ikkje så godt å seia, men eg prøver i alle fall, og eg kosar meg med det. Viss eg ikkje haldt meg sjølv litt i øyrene, så kunne eg veldig lett blitt ein slik lærar som snakkar sjølv heile tida…

Og etter ein lang dag med førsteklassingar, så følest det nesten som eg er i lag med jamnaldrande når eg tek i mot sju 12-14 åringar for å ha skapande skriving i lag med dei. Når eg kjem heim ein gong ut på kvelden på tysdagane, så kjenner eg i kroppen at eg har brukt meg sjølv. Og etterpå er det nesten som om helga tek til…
Eg sluttar som eg begynte med eit dikt av B H Grau, som er henta frå samlinga «Min tid». Eg lurer på om eg arva boka etter svigermor og svigerfar. Eg veit ikkje kven som skjuler seg bak namnet og bokstavane, men skal prøva å finna det ut akkurat nå. Eg googlar og finn ut at vedkomande har skrive fleire lyrikksamlingar, men ikkje noko meir. Mystisk. Kanskje det er eit pseudonym, for boka eg har i hendene røpar heller ingenting om forfattaren. Men altså:

Lys II

Hvert sekund
i dagen
i natten
har lys

om mørket
du gjennomlevet
var tett
og alt håp var ute.

Lysglimt
ser du kun
mot det mørke

I glimtet
et ansikt
en venn

uten grenser
i tid.

B.H. Grau

a ved stranda Hå gamle Heidi

Heidi

Det er denne ømheten i smilet

Hav i mars

Det er denne ømheten i smilet

Det er denne ømheten i smilet,
det er dette mørke glitteret,
det er dette smilet i ømheten,
det er dette glitrende mørket.

Dønninger går i brønnen.

Kjetil Gjessing

Nå har eg hatt Kjetil Gjessing si lyrikksamling «Slik pila synger i flukten» på skrivebordet mitt i fleire veker. Som eit ledd i lyrikkspalta mi hadde eg bestemt meg for å ta det med i det første blogginnlegget det passa inn i. Sidan det liksom aldri passa perfekt inn, så tek eg det med i dag. Eg har hatt tanken i bakhovudet i ettermiddag: Mon tru kva eg skal skriva om i dag.

Så fann eg ut at eg ville skriva om noko eg har tenkt på ei stund at eg ville skriva om: Korfor i all verda skriv eg blogg? Eg høyrer mange rista på hovudet over bloggebølgja og seia at dei på ingen måte forstår seg på at folk vil utlevera seg på den måten… Eg har og tenkt på HC Andersen sitt eventyr om svinedrengen. Der blir det fortald om prinsessa som ikkje var i stand til å skilja det ekte frå det falske. Ho ville ha falske roser i staden for ekte, for dei falske var finare. Då ho oppdaga at nattergalen ho hadde fårr i gave var ekte, ville ho ikkje ha han. Hadde han vore kunstig derimot…

Det eg tenkte på med dette eventyret var at svinedrengen hadde fått tak i ei gryte. Gryta var slik at dei som hadde denne gryta kunne få vita kva alle i byen skulle ha til middag, dei spurde bare gryta, og så kjende dei lukta av svinesteika eller sviskegrauten dei andre skulle ha. Fordi hoffdamene og prinsessa var så hjelpelaust forvitne, var dei villige til å gjera omtrent kva som helst for å få tak i den gryta… Ein kan jo lura på om HC Andersen var profetisk begava… Nå har me den gryta i nesten einkvar heim under namnet digitale sosiale media. Mange seier: Kva i all verda skulle eg ha slags interesse av å vita kva andre folk har til middag eller kva barna deira driv på med…

Eg er interessert i menneske og i menneskeliv, og eg sluttar aldri å forundra meg over kor forskjellige og kor like menneskeliv er. Sidan eg høyrde om Kristianiabohemen har følgjande doktrine interessert meg: «Du skal skrive ditt liv.» Sidan eg aldri har likt tanken på å sleppa tida og dagane frå meg, har eg nesten heile livet skrive dei ned i eit forsøk på å halda dei fast.

Sjølvsagt er eg veldig glad i å skriva, elles så hadde eg aldri halde fast på eit prosjekt som dette, og på same måten som musikarar øver i timesvis kvar dag for å bli endå flinkare og for å halda presisjonsnivået ved like, så har eg tru på at eg treng å skriva, helst kvar einaste dag, for å bli endå flinkare til å skriva… Men det viktigste er kanskje at dette blir min talarstol. Her kan eg skriva om det eg synest er viktig, det eg vil utfordra andre til å tenkja igjennom og det eg gjerne vil tenkja på saman med andre. Då eg las bøkene til Dea Trier Mørk om livet i eit dansk svært venstreradikalt kunstnarmiljø, elska eg det. Eg tenkte på at veldig få har skrive om mitt miljø, om ein måte å leva på som eg kan kjenna meg att i. Om lett kaotiske jærbuar midt i naturen her med tankar om mangt og mykje og ei sterk tru på Gud og på at det gode går an. Om eit lite lærarliv fullt av elevar, golvvask som ingen tek for meg og alt det ein alltid burde… Ofte har eg tenkt at det såkalte «kristenfolket» slik det blir skildra på framsida av VG, og slik det framstår i ein god del romanar, kjenner eg meg over hodet ikkje att i… Og sidan så få har skrive om eit liv eg heilt og fullt kan identifisera meg med, så får eg gjera det sjølv…

Men vit likevel at eg til ei kvar tid skriv om det eg har lyst til å skriva om. Det eg ikkje har lyst til å skriva om, eller ikkje kan skriva om av omsyn til teieplikt og andre menneske, det skriv eg heller ikkje om. Dette er ein redigert rapport om ein kvardag som er min. Men alt er sant, i alle fall ut i frå mine objektive sanningar, og dei kan det vera mange av.

Og eg skriv med låg faktor av sjølvforsvar. Det eg skriv er ofte veldig upolert, av og til grøssar eg over eigne skrivefeil, som er der fordi eg ikkje har teke meg tid til å lesa skikkeleg gjennom. Det aller meste som står her er heilt ubearbeida, middels gjennomtenkt. Å laga finslipte tekstar har eg rett og slett ikkje tid til. Det eg har tid til er å skriva det som fell meg inn i ein halvtime kvar dag. Det byr eg på.

Og dersom dette er høgtideleg usjølvhøgtideleg, så får eg le litt av det og. Nå har eg henta Sunniva som har vore på dobbel jobb i dag, slik er det å vera vikar, plutseleg er det bruk for ein både tidleg og seint. Eg syntest ho fortente å bli henta halv elleve når ho har vore nesten samanhangande på jobb sidan åtte i dag morges. Nå kom eg på noko anna eg har lova nokon å gjera i dag… Då vart det med dette… For å dra sirkelen: «Med denne ømheten i smilet.» Som eg har skrive i eit dikt. «Eg samlar smil på gata. Eg plukkar dei frå ansikta til folk, og gøymer dei i lomma. Ikkje alle er til meg, men det betyr lite…»

Heid

Frå ende til annan

image

… så har dette vore ei fin helg. Eg skulle gjerne ha halde ho fast litt lenger. I går var eg ute og kjøpte roser, både fordi me skulle på middagsbesøk om kvelden og fordi me hadde litt av kvart å feira. Ein lang tur ut vart det og tid til.
image

Det er så fint å sjå nye vårteikn kvar einaste dag.

image

Endene var i form i parken, og klovnar og gjøglarar gler seg nok til det blir full vr der med masse rhododendron. Det passar meg fint å bu i ein liten by med mange gjøglarstatuer. Eg har eit nært og godt forhold til klovnar, narrar og gjøglarar.

image

Og her er bekken i frå eg var lita. Litt lenger nede har eg fiska med ei fiskestong laga av ei grein med hyssing i. Naturleg nok, trur eg aldri me fekk fisk…

image

Eg måtte ein tur innom Ingrid og Oddvar og, når eg først var ute. Her sit Oscar bak den nye glasdøra inn til stova og gleder seg til å ynskja skikkeleg velkomen.

image

Om kvelden var me i eit kjempetriveleg selskap hos Margunn og Ulf. Nydeleg middag fekk me og. Lammekjøt med gratinert sopp, gode salatar, ovnssteikte småpoteter og masse gode grønsakar. Det vart ganske seint då me kom heim, så i dag har eg hatt ein kort føremiddag.

I dag hadde eg avtale med Gunhild Malena om ein tur ned til Hå gamle prestgard. Det var tett, tett skodderegn ute, og då er det greitt å ha regnklede. På veg ned kjørde me forbi ein stor flokk med kvite svaner som kvilte på eit jorde. Dessverre passa det ikkje å bremsa ned bilen akkurat då, så me fekk ikkje fotografert dei. Me ville gå ned til sjøen, men turkameraten min hadde høge elegante sko, så me bleir ståande litt framfor hengebrua og lura på om ho var for våt og sleip til å gå over i dag. Medan me stod der og vurderte kom det susande ei jente på eitthjulssykkel som utan å nøla tok rennefart over den lange brua med armane ut. Då var det ikkje meir å lura på, me gjekk over…

image

Lenger nede såg me plutseleg eit heilt kvitt dyr, det kan ha vore ein røyskatt, mår eller snømus. Skiftar dei to første farge om vinteren? Det kikka forvitent på oss, men stakk av og inn under eit gammalt hus då eg tok opp mobilen for å fotografera. Dyret kan så vidt skimtast på dette biletet, men eg innser at her ser det neste ut som ein hund eller ein katt… Som om nokon prøvde å lyga på seg den eine store naturopplevinga etter den andre…

image

Eg liker dei mange steingardane på Jæren som ligg der og vitnar om hardt arbeid. Dei er så fine å sjå på.

image

Og eg liker havet i grått ver. Fargane blir så fine og mjuke i sånn skoddeaktig lys.

image

Eg skunda meg heim for å ordna med postane til bønnevandringa me skulle ha i kyrkja. Dei siste fire timane av dagen vart brukte i kyrkja. Det var ei flott økumenisk gudsteneste. Eg unnar alle ein plass å koma til med trua si.

image

image

Her er eit par av bønnestasjonane:

image

image

image

Det kjennest meiningsfullt å ikkje bare bruka ord i kyrkja. Mennesket er så mykje meir enn øyrene sine.

Dersom eg er kjappare enn lynet med å få på ein oppvaskmaskin, så rekk eg kanskje å lesa litt på senga… Det hadde vore koseleg.

Heidi