Om fire timar sit eg på eit fly. Det er ikkje min favorittplass i livet å opphalda seg på. Det fine er at det er ein kort flytur. Eg og døtrene mine skal på jentetur til København, i morgon får me selskap av Eva Mari, og med oss på flyet har me Anne Mette, Kristina, Torje og Vetle som tilfeldigvis reiser saman med oss. Eg har tru på at det skal bli ein kjempefin tur sånn etterkvart. Nå trener eg meg på å vera flink og rasjonell og seia at dette kjem til å gå veldig fort og veldig bra…
Dei siste dagane har vore innhaldsrike. Eg har fått med meg to rundar med tiandeklasseforestillinga «IRL- Dæ ekta livet». Det er alltid utruleg spennande å sjå resultatet av noko ein har jobba med lenge, og eg trur det var ei god oppleving for dei som var med å vera med på noko så stort. Nokre av songnummera har eg fått heilt på hjernen, og eg tek dei med meg i ein indre revy av ting eg har sett på scenen som eg hentar fram av og til.
Det er kjekt å jobb med barne- og ungdomsteater. Eg har gjort det veldig mykje, og nå gjer eg det nesten ikkje lenger. Likevel kjenner eg at det var eir rett val, eg trong å omprioritera tida mi litt. Det er ganske avslappande å tenkja på at eg ikkje har ansvaret for ei einaste stor dramaforestilling til våren. Men eg skal skriva bok i lag med skrivekurselevane mine, og det krev si dame å få det prosjektet i havn og.
I går var eg forresten litt på scenen sjølv og som frøken Trunchbull frå Mathilda. Eit av trinna har Roald Dahl- prosjekt, og hadde invitert henne. Ho er ei dame eg hentar fram med nokså ujamne mellomrom. Ho er ein ytterst brysom person, så det er nok like godt at ho ikkje dukkar opp så veldig ofte.
I går hadde me eit velfortent førpåsketreff for kollegene på skulen på ein pizzarestaurant. Det er veldig triveleg at nokon tek ansvaret for den slags. Sjølv er eg ikkje så flink med ting som skal planleggjast, men kanskje me kunne få sparka i gang ein ny personalrevy. Me har spelt personalrevy to gonger, og det har vore veldig kjekt.
Eit besøk hos frisøren har eg og fått tid til. Eg har ikkje vore så kortklipt sidan før eg fekk Sunniva, men nå var tida komen for litt forandring. Nå er bagasjen pakka og eg prøver å få lagt inn litt svært velbehøveleg rydding diverse stader i heimen. Ein smule ukonstrert er eg nok, men alt monnar. Eg har med meg i-pad til Danmark, og håper at det kanskje kan bli eit reisebrev eller to…
Heidi
Dette er ein arbeidsprøve, og eg er langt frå ferdig, trur eg i alle fall… Sidan eg sat på Lysebu og høyrde om Petter Dass som så aktivt brukte sitt eige landskap i salmane sine, så har eg hatt lyst til å bruka mitt landskap til å skapa ein salme. Eg har leika meg litt nå i kveld, og reknar med at her er det både klisjear og litt uklare bilete å ta fatt i. Korfor i all verda eg publiserer noko som er halvferdig, eg veit i grunnen ikkje heilt sjølv. Kanskje lurer eg på om nokon har synspunkt på kva eg kan jobba vidare med, kva som må vekk, kva som skurrar og kva som er uklare bilete… Kanskje det er derfor 😉 Og kanskje skulle eg hatt med eit vintervers, sjølv om dei to første versa både er vinter og andre udefinerbare jærske årstider?
Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt,
trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter vitnar
om hans herlegdom på jord.
Regnet piskar, regnet sildrar,
alt blir døypt og nytt og vått,
vatnet samlar seg i mørket,
ligg og voggar tungt og rått.
Himmel tøyer seg mot hav,
alt det gode Herren gav,
blir som nytt når regnet vaskar
angst og støv og hovmod av.
Måkar skrik mot lange strender,
viper kjem med lengt om vår,
havet slår mot sand og landskap
dunkar ømt mot draum og sår:
Nye tider skal me få,
me skal elska, leva, sjå
vera trygge midt i vinden
livet spelar for oss nå.
Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.
Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet,
skapte oss til haust og vår.
Heidi
På salmeseminaret var det ei forestilling om Petter Dass. Der vart han sitert på fylgjande: «Eg vil ikkje skriva om ørken og sviande sol. Korfor søkjer me Herren i framande land når han i verden er den midterste mann. Alle landskap er like nær Gud. Ein treng ikkje reisa til Roma Athen eller til Jerusalem for å skriva om han. Nordland er godt nok.
Og visst var Nordland godt nok. Ingen annen salmeforfattar har kombinert teologi og fiskeri som han. Mange av oss har vel indre bilete av torsk og skrei og niser som lovar Gud. Me såg og korleis danske salmediktarar lar den blide danske sommarnaturen vera med og lova Gud, og hos Edvard Hoem kan me sjå den dramatiske vestlandsnaturen stiga fram. Eg sat der og tenkte at eg viss og har brukt den heimlege naturen i ein del av det eg har skrive, og det fekk eg lyst til å gjera i endå større grad. I dag tenkte eg at eg ville prøva litt og tenkte på vinden som det mest naturtypiske av alt her i havgapet i sørvest. Eg skreiv eit vers som vart slik:
Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt,
trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter vitnar
om hans herlegdom på jord.
Så kom eg ikkje lenger, for eg fekk besøk, men eg tenkte at det kanskje etterkvart kunne få fylgje av andre vers og kanskje bli ein del av ein salme? Me får sjå…
Ettermiddagen og deler av kvelden har eg brukt på å øva med tiandeklassingar til den store forestillinga i Storstova i neste veke. Då skal dei få stå på scenen i tre dagar, først ein øvedag på onsdag, så skuleforestillingar torsdag og fredag og open kveldsforestilling klokka seks torsdag kveld. Velkomen til å sjå på. Eg har flinke kolleger, eg trur det blir bra. Det å jobba med tiandeklassingar i kulturskulen er alltid som ein draum. Dei er så flinke og motiverte. Eg har skrive manus i samarbeid med tre av dei, og vore med på øving og planlegging. Nå trekkjer eg meg tilbake til kulissane sidan flinke Maren er ny dramalærar og hovudansvarleg for dramaen i Storstova.
Her er to sider frå manus, som eg eigentleg har fotografert for å hjelpa ein elev som hadde gløymt sitt manus…
Akkurat desse to sidene er forresten blitt litt forandra undervegs… Den som dukker opp får sjå…
Heidi
På sundagen fekk eg to spennande møte med to salmediktarar, Edvard Hoem, som eg både har høyrt før, og kjenner ganske godt til forfattarskapen til, og danske Hans Anker Jørgensen. Hans Anker Jørgensen er ein av dei mest kjende nåtidige danske salmediktarane, og tekstane hans er …
annleis… Han er prest i ei kyrkje i København der mange slit med livet, det er høg arbeidsledigheit og mange sosiale problem. Nokre av skulane i nærleiken hadde teke kontakt med kyrkja, fordi dei ønska å koma dit og visa barna kyrkja, og la dei få oppleva morgonsong der. Etterkvart hadde fleire av skulane og barnehagane faste dagar der dei kom for å starta dagen med song i kyrkja. Ikkje på langt nær alle barna høyrde til i den danske kyrkja. Hans Anker Jørgensen ville at ungane skulle få erfara salmesong gjennom ei salme dei kunne kjenna seg att i. Han har henta bileta frå byen dei kjenner. Han inrømma sjølv at slike salmar er «ferskvare», dei omhandlar noko som er akkurat nå, men som er i stadig endring. Eg synest salmen vart fin. Eg fekk lov av han til å skriva teksten her:
Først brunner busserne de først ture,
så bipper ti, så tusen vækkeure.
Der vaskes gulv i bank og skolestue,
Nu bliver brøet bagt,
nu hilser nattevagt
på morgenfrue.
Så står vi op og sætter kaffen over,
og rusker liv i dem, der stadig sover.
En vågner glad, en anden misfornøjet.
En hverdag er begyndt,og der blir skændt og skyndt;
Kom nu i tøjet.
Nu myldrer byen som en myretue.
Forældre kører børn til vuggestue.
trafiksignaler styrer morgenvrimlen.
Nu stiger støv og støj
musik og skorstensrøg
igen mod himlen.
Og der er gang i alle arbejdsplasser.
Der lyder sang fra små og store klasser,
Men se igen en stille ambulance
med en hvis sind slog klik, og som vis aldri fik
en ærlig chanse.
En dranker tar en dram og ånder lettet,
En langtidsledig søger job på nettet.
Nu føler mange sig som små fortabte
reservedele i
et stort maskineri,
som fanden skabte.
Men vi er ikke myrer og roboter
og ingen ødelæggers undersåtter.
vi skabtes til at ælske, le og græde
med frihed, energi
og skaberfantasi
til fælles glede.
Og du, min Gud, du vækker morgenrøde
og rusker liv i dem, der er som døde.
Mig har du rakt endnu en morgengave;
En dag så god som ny;
præcis i denne by.
Tak skal du have.
Hans Anker Jørgensen.
På toget heim gjorde eg eit forsøk på å skriva eit innlegg, men det vart for vanskeleg. Dekningen var frykteleg dårleg. Med denne kommoden ville eg visa kor fint det er på Lysebu. Huset var nesten som ein kongsgard frå eventyra. Eit stort tun, med stabbur og gamle bygningar bygde i gammal stil, inne var det veldig estetisk ordna til med masse friske blomar, levande lys, faklar og peisbål. Det var framleis masse snø der oppe, bare ca 40 minutt med banen frå varme, vårlege Oslo sentrum.
Etterkvart har eg blitt veldig redd for ikkje å nå tog, bussar og fly og sånn. Slik var det ikkje før, då gjekk det nesten sport i å ikkje vasa vekk tid på venting. Eg tenkte at sidan det i løpet av natta var blitt sommartid, så var det ikkje sikkert at trikkane var i rute, dessuten veit eg om meg sjølv at eg er i ferd med å gå meg vill nesten kor som helst. Eg bestemte meg derfor for å droppa det siste foredraget og avskjedslunsjen for å vera heilt sikker på å nå toget mitt.
Det gjekk som det suste nedover, og eg hadde veldig god tid. Eg hoppa av på Nasjonalteateret stasjon for å nyta sola på Karl Johan. Eg kjøpte meg eit = Oslo, og sette meg ned utanfor sentralbanestasjonen for å lesa i sola. Eg hadde faktisk ei kjensle av at eg kanskje kunne treffa nokon eg kjende.
Og plutseleg så stod Borghild der, eg såg ho ikkje før eg nesten fekk ein klem. Ho hadde god tid ho og, og me fekk oss ei roleg og avslappa stund i sola i lag.
Det var nesten som ein sommardag i Oslo sentrum. Byen vaknar til liv og folk kosar seg ute etter ein lang og mørk vinter.
Og med to fine bøker gjekk turen fort heimover. NSB har klart å halda ruta fire togturar på rad. Eg er imponert…
Heidi
Det gjekk heilt greitt å finna fram. Eva Mari og valpen Lara slo følge til den første trikken, og på Frognerseterbanen møtte eg nokon som skulle til same plassen. Me er høgt oppe i Hilmenkollåsen, og her ligg det framleis mykje snø, som du ser på biletet. I tillegg er det deilig vårsol her, og det har vore godt og varmt i sola.
Me fekk servert nydeleg lunsj der eg snakka med to kjekke danske damer, og etterpå har eg vore på eit langt og interessant foredrag om dansk salmetradisjon med fokus på Kingo, Brorson og Grundtvig. Eg har spesielt lyst til å setja meg endå meir inn i Grundtvig sine tekstar. Etter ein pause med kaffi, frukt og makroner, var me på Petter Dass forestilling. Veldig fint det og. Petter Dass sa ein gong at på same måten som han foretrakk å servert norsk mat framfor mat på fransk eller anden udelandsk maner, så såg han ingen grunn til å lovsynge Gud via landskapet i Roma eller Jerusalem. Landskapet på Helgeland fekk duga. Sidan Gud er «midterste mann», altså alltid midt i blant oss, så er han i Helgelandsnaturen og. Av framand mat som er ukjend på Helgeland, så meiner eg han nemnde oliven. Eg trudde ikkje folk for så mange hundre år sidan hadde forestillingar om oliven i det heile tatt, men mannen var jo ein tur i Danmark, då.
Nå er eg ein tur på romet før middagen om ti minutt. Her er det ikkje fjernsyn, men på radioen har eg fått med meg at me har mista Jens Stoltenberg til Nato. Høyrde at nokon hadde skrive på Internett at dei opplevde han som for konfliktsky til ein slik jobb. Då vil eg gjerne seia for eiga rekning at om det er ein plass i dei store systema eg ynskjer meg ein konfliktsky person, så er det i toppsjiktet i Nato. Gratulerer, Jens. Eg har tru på deg!
Heidi

























