Gå til innhald

Luke 22-2013

engel på juletreI dag får denne engelen frå juletreet sveva fram frå luke 22. Nå er det meste ordna som ordnast skal, resten klarar eg nok i morgon. Eg og Sunniva har planlagd ein føremiddagstur til Stavanger. Det håpar eg me klarer å gjennomføra. Det høyrest koseleg ut å vandra i byen på lille julafta og kanskje kjøpa dei siste julegavane.

image

I dag fekk me ein koseleg stikk-innom-gjest medan me åt ein sein frokost, Gunnar dukka opp med julekort og ein fin juleglede, og fekk seg ein kopp kaffe saman med oss.

imageI år hadde eg lyst til å baka gode julekaker sidan det ikkje vart nokon bakst i fjor. Desse peparkakene skulle eg laga frå botnen av etter gammal oppskrift med pepar og all slags kryddar. Deigen var veldig vanskeleg å jobba med, og kakene vart harde, men dei smakte godt. Då dei vart pynta med melis og nonstop, kom dei seg fleire hakk…

image

Eg vil påstå at eg har gått på med krum hals og sterk vilje, men det einaste som var ubetinga vellukka var krumkakene. Eg bakte nye peparkaker med ny oppskrift, denne gongen ei gammal svensk oppskrift med mykje sirup, desse vart mjuke, ein slags mellomting mellom kvite kakemenn og peparkaker, og smakte nesten som nordlandslefser. Kakemennene vart harde og ujamnt steikte, men kom seg med litt maling. Fruktkaka som har stått i kjøleskapet i over to veker for å mognast, vart mykje tørrare enn eg hadde rekna med, og så den eg hadde tenkt å bruka til julegave… Nå blir det nok heimebruk i staden, og sidan eg bakte tre av dei, får eg ynskja velkomen til kaffi og fruktkake på kjøkkenet.

Sunniva hadde lyst til å invitera mormor og morfar til kaffi og kaker og film og lysbilete frå Bolivia. Det vart koseleg. Etterpå rakk eg akkurat ein fin julekonsert i misjonskyrkja før me var på ope hus hos Ståle og Siv Torild. Dei har ein kjempekoseleg tradisjon med å invitera masse venner på besøk ein av dei siste kveldane før jul. Alle tek med seg eit eller anna til eit felles kveldsmåltid. Sjølv baud dei på store gryter med heimelaga gløgg med appelsin, eple, sitron, solbærsaft, pepar, nellig og laurbærblad i basisen. Dessutan fekk me heimebakte kjeks med ost til og heimekokt fikenmarmelande, chilimarmelade og eplesyltetøy med chili. Alt smakte kjempegodt, og eg vil gjerne ha oppskrifter. Då me gjekk heim gløymde eg ein rosaprikkete ikeaparaply. Han var kjøpt så billig at han trygt kan få nytt liv som «vandreparaply» dersom eg ikkje kjem meg bort og får henta han. Sunniva har hatt venner på besøk og servert gløgg og julekaker. Ho er framleis på latimamerikansk døgnrytme. Det verste er at eg er i ferd med å havna i den rytmen eg og…

Pust roleg ut og inn, og ha ein fin veslejulaftan i morgon.

Heidi

Bilde

Luke 21 2013

ventar på Sunni

I går vart me ein heil gjeng som venta på Sola for å ta i mot Sunniva med norske flagg og norsk melkesjokolade. Gjengen til venstre med lange nisseluer ventar på å ta i mot ein annan person. Ei flyvertinne lurte på kva det var for folkesammenstimling og spurte kven me venta på. «Sunniva Harboe,» svarte Irene entusiastisk, og flyvertinna måtte jo lura på kva denne personen var berømt for. Det tok lang tid før ho fekk bagasjen sin og kom inn i ventehallen med bagasjen sin, stuptrøytt etter 30 timar på reise. Ikkje rart at ho nesten tok til tårene då ho såg den overentusiastiske velkomstkomiteen.

Sunniva framme

Her er ho på plass, og det er kjempekoseleg å ha ho heime, i dag har me vore på mølla på julemarknad for Idas hjelpefond. Derifrå tok me med oss Ingrid, Elisa og Vilde, som og er heime på ferie og foreldra deira og åt lunsj saman på kjøkket. I kveld har me samla alle ungane, inkludert Oscar til nachos og feiring av Sunniva sin heimkomst.

image

image

Det er kjempekoseleg å ha alle heime. Nå gjenstår bare siste innspurt, og så ligg alt an til ei roleg jul med familien. Det gleder me oss til. I dag er det ein spesiell dag på ein annan måte og, det er akkurat eit år sidan svigerfar si bisetjing, forøvrig den dagen verda var spådd å skulla gå under. Dagen etter kjørde me heim på glatte og i snøføyke. Det vart ei spesiell jul i fjor. I år er det godt at «alt er som vanleg». Det er spådd full storm i morgon, så det er godt me skal halda oss på vestsida av fjella.

 

Heidi

Luke 20- 2013

image

Nå har vi vaska gølvet, og vi har børi ved… Sjølv om me ikkje har sett opp fuggelbaind, så er eg omtrent der eg hadde håpa å vera før me skal henta Sunnigull på Sola, i alle fall nesten. Det er framleis ganske rotete på arbeidsromet, men det er jo mange dagar til jul, jo…
Og i dag har det vore litt av same kjensla som det er å vera liten og gleda seg til julekvelden. Eg har ikkje sett Sunniva sidan tidleg i august, og nå veit eg at ho gler seg veldig til å koma heim. Om litt over ein time skal me henta henne på flyplassen, dersom flyet er i rute, og ho er i alle fall trygt framme på Skiphol, og det er jo nesten heime i denne samanhangen. Eg har brukt dagen til å vask rydda, baka aniskringler og julegeiter, og til å laga ein peparkakedeig etter ei gammal svensk oppskrift eg kom over. Det blir spennande om den siste deigen blir brukbar, for eg oppdaga då han skulle inn i kjøleskapet at eg hadde gløymt å tilsetja seks desiliter mjølk… Eg varma han forsiktig opp og rørde i mjølka. Det vil visa seg om det funkar… Og for å vera heilt ærleg: Resten av baksten svarte ikkje heilt til forventningane det heller, men kanskje alle andre synest det er kjempegodt? Eller i alle fall har vett til å lata som om?

Eg fekk ein trist beskjed i dag, Gro Lingjærde som eg tok kristendomskunnskap grunnfag saman med på MF er død. Me har harr julekortkontakt alle desse åra, har møtt einannan nokre gonger med ujamne mellomrom, og av og til snakka på telefon. Eg visste at ho har vore alvorleg sjuk i mange år, men siste eg snakka med henne var ho likevel glad og optimistisk.  Gro utdanna seg til prest. Då eg møtte henne på MF hadde ho allereie jobba nokre år som sjukepleiar, men hadde funne ut at ho ville omskolera seg. Eg er sikker på at ho var ein fantastisk prest, ho var varm, klartenkjande og modig. Seinast i går sat eg og tenkte på om eg skulle skriva julebrev til henne. Fred over Gro sitt minne.

Det som gjorde meg glad i dag er at eg vart tipsa om at diktboka vår vr anmeld i Jærbladet denne veka av Audun Skryten.

image

Han er ein person som det betyr litt for meg å få «god karakter av». Setninga: «Ho forsvarer nemninga lyrikar», er musikk i øyrene mine. Dei siste åra har eg nemleg kjend på at eg svært gjerne vil vera lyrikar. Dessverre opplever eg at det har blitt eit smalare og smalare felt. Små forlag gir ikkje ut lyrikk lenger, og eg har inntrykk av at færre enn før les dikt. Eg gler meg over at han meiner at boka på 120 sider ikkje er for tjukk. Eg tok vekk ein tredjedel av dikta eg opprinneleg hadde fordi eg opplevde dei som litt uferdige. Den diktsamlinga eg gav ut i fjor var omtrent like tjukk, men den innehaldt dikt eg hadde skrive over meir enn ein tjueårsperiode. Denne gongen har eg, med nokre ganske få unntak, skrive alle dikta i løpet av ca ti månadar, for nå hadde eg ikkje ei oppdemd mengde tekstar slik eg hadde sist.

Og kor går vegen vidare med lyrikarprosjektet? Me får sjå. Eg kan nok ikkje belaga meg på same tempoet, for eg kan ikkje rekna med at folk vil kjøpa bok av meg kvart år. Eg burde nok prøva å marknadsføra tekstane andre stadar enn her heime, men eg orkar ikkje tanken på å vera pågåande selgjar av meg sjølv. Me får sjå kor vegen går hen. Det eg har planar om akkurat nå, er å skriva barnesongar for «ung kirkesang», og så har eg tenkt å laga ei idébok for dei som driv skapande skriving i kulturskule og skule. Men likevel kjem eg nok til å smugskriva ein del dikt, eg trur ikkje eg klarer å la vera. Eg set og stor pris på at anmeldaren liker bileta til Leif og måten me har brukt dei i boka vår. Rett og slett veldig oppmutrande. Takk til Audun Skryten.

Koseleg var det og å få besøk av Torhild og Magnus i kveldinga. Magnus skal snart til Bolivia, så det var synd han akkurat mista å møta Sunniva. Dei kom med julegavar, julebrev og ei gigantisk fruktkorg. Det var koseleg å sitja med tende stearinlys i ei ryddig stove og prata, eta kveldsmat og spela piano. Sidan det med ryddige stover langt frå er sjølvsagt her i heimen, set eg stor pris på det… Og eg set umåteleg pris på å ha gode venner.

Heidi

Luke 19 -2013

image

Omsider kom adventstjerna som eg kjøpte på Illum bolighus i København på personaltur i vår til sin rett. Betre seint enn aldri. Ho er meir lilla enn det ser ut til her. Nå har eg fått juleferie. Det kjennest heilt fantastisk. Det har gått litt på høggir i det siste, så det skal bli godt- å roa livet ned litt. I dag hadde første klasse forestilling for resten av skulen, me måtte ha to rundar for at alle skulle få koma og sjå på. Av og til er forestillingar litt i sterkaste laget når ein er trøytt i utgangspunktet, men i dag gjekk det som ein draum. Det skuldast meir enn noko vår veldig dyktige usikklærar Torill, som hadde ei fast hand om det heile. Med høge, klare barnestemmar og seksårssjarme, så har dei eit godt utgangspunkt.

Første ferieaktivitet var intens jobbing med å få julebreva klare til sending. Eg syntest nesten at eg måtte få dei i veg i dag om eg skulle ha håp om å få dei fram til jul. Etter å ha send dei av garde traff eg min gamle klassekamerat Morten frå vidaregåande skule, og me fekk ein koseleg prat. I går på teateret møtte eg min gamle venn Knut frå same klassen. Det var i grunnen eit merkeleg samantreff, for eg ser dei ikkje ofte, men nå har eg altså fått daglege påminningar om ei tid som eg hugsar som veldig fin som er borte for ganske lenge sidan. Det er i grunnen fint å tenkja på kor mange fine personar ein rekk å bli kjend med i løpet av eit år.

I kveld var det å pynta ferdig til jul, i alle fall i stova og på kjøkkenet. Då eg lurte på om det var meir hjelp å få, fekk eg høyra at det ikkje var lett å hjelpa når eg ville ha alt på min måte. Eg innser at det er rett, og at det faktisk stemmer at eg til og med flyttar rundt på pynten for å få han der eg sjølv vil ha han. Av og til har eg tenkt på at jula er ei kvinnegreie der me liker å ha bukta og begge endane, medan mange menn pustar roleg heile adventtida og ikkje går av vegen for ein tur innom Esso julafta klokka fem for å kjøpa julegavar. Nå høyrest eg ut som om eg forfektar tradisjonar frå hundre år tilbake. Kanskje eg tek heilt feil og er på veg med farleg fart til meg å vera ned i ei kjønnsrollegrøft. Eg skal ikkje setja det endå meir på spissen, bare reisa spørsmålet om det er gjengs at me stressar mest med jula og at me helst vil bestemma. Eg håpar i grunnen at eg tek feil, og det å reisa spørsmålet er sikkert ikkje politisk korrekt i seg sjølv ein gong.

I morgon vil eg baka til jula og til Sunniva sin heimkomst. I morgon kveld er ho her om alle fly er i rute. Reisa hennar har allereie begynt. Eg gledar meg veldig. Eg gledar meg og over at ngrid og Oddvar rakk å flytta inn i det «nye huset» før jul. Dei flytta faktisk i dag, og alt ser veldig fint ut.

image

Det kjennest litt som å juksa i ludo å pynta juletreet ferdig allereie i dag. For meg er det tre dagar for tidleg, men nå er det gjort. Og snart er det god jul «heilt på skikkeleg». Og draumen bak all den kvinnelege hyperaktiviteten er jo at det skal bli «heilt vidunderleg» å feira jul. I alle fall for barna, og det sjølv om barna er vaksne og vel så det…

Heidi

 

Bilde

Luke 18- 2013

Oscar i sofaenDenne lille vennen har fått ny heim i dag, eg håpar han vil trivast. Bak luka i dag var det eit stort og teatralsk musikkteater. Eg såg Beethoven musikkteater inne på Rogaland teater saman med Leif og Gry. Det var ei stor oppleving, kanskje det mest imponerande teateret eg har sett nokon sinne. Heile ideen rommar ein viss galskap. Beethoven, Darwin, kunstmalaren Turner og Nelson Mandela møtest på scenen. Alle er i livskrise. Beethoven er i ferd med å bli døv, Turner er i ferd med å bli blind, Darwin oppdagar at verda heng saman på ein måte enn han lærte då han studerte teologi, og opplever dessutan at den ti år gamle dottera, som han elskar over alt i verda døyr frå han. Nelson Mandela, spelt av ein kvit mann i ein krittkvit dress, blir fengsla og heng store deler av forestillinga i eit stort fuglebur høgt over scenen. Alle har kvar si kvinne som motspelar. Dei andre syng fantastisk musikk medan dei svever høgt oppe under taket i vaiarar festa på ryggen, eller står på hovuda til kvarandre, kanskje med tærne i munnen på den du står på. Scenografien var utruleg, kostyma fantastiske, musikken heilt herleg og storyen det glade vannvidd. Eg var veldig trøytt då eg ankom teateret, men eg skulle gjerne sett den to timar lange forestillinga på ny med det same ho var slutt om det hadde kunna la seg gjera. Eg skulle ynskja at eg hadde fått lov til å fotografera, for motiva kom i uavbrotne rekkjer. Det siste som skjer er at alle tek av seg kostyma og er delvis nakne i finalenummeret.

Til ære for Mandela, som nettopp forlot oss, avsluttar eg luke 18 med eit par av versa han song medan han sat i fugleburet og svinga fram og tilbake:

This island ´s a nightmare
A daymare as well
If heaven´s amongst us
then this must be hell,
But through the grey bars
see that one brick of blue;
There´s nothing so nice
as  a room with a view.

I snuck in a paper
And scanned the front page
my name and my party
my crime and my age
They left out the best part
if they only knew
there`s nothing so nice
As a room with a view.

Det eg såg var ei ekstraforestilling, så eg trur ikkje det har noko for seg å anbefala folk å koma seg av garde for å sjå, men eg høyrde at stykket var filma og skal koma på fjernsynet etterkvart.

Nå i seng! Eg har siste skuledagen i morgon, og så blir det sprengjobbing for å prøva å koma i mål med jula og alt som høyrer til.

Heidi

Luke 17 -2013

image

Det fekk bli eit vinterbilete frå Lillehammer i dag og. Eg fekk problem med å lasta opp biletet eg ville bruka, og det er så seint at eg ikkje har tid til å dilla med ting som ikkje fungerer. Bak luke 17 skjulte det seg ein usedvanleg travel dag. Første leddet var skulegudsteneste i kyrkja vår for heile skulen. Kva har eg lyst til å ta med meg derifrå?

-Førsteklassingane som kom inn i kvite skjorter med lys i hendene medan organisten spelte «Det lyser i stille grender» på orgelet. Etterpå stilde dei opp og song «Et barn er født i Betlehem,» medan alle fekk vera med på dei andre versa.
-Tredjeklassingane som turna og dansa seg oppover kyrkjegolvet i tre forskjellige kongefølgje. Kamelen som i ærefrykt bøygde kne og alle i kongefylgja som song: «Eg veit eg må ut, eg må dra, eg må prøva å finna han.
-Fjerdeklasse sin konsise og sterke «Gloria» frå framme på kortrappene.
– Presten som la seg ned i koret med prestekjole og det heile for å «laga snøenglar» og fundera på kva tankar ein kunne få når ein låg på ryggen og såg på stjernene.
– Femteklassingane sin fantastiske dans til «Go tell it on the mountains».
– Sjetteklassingane sine bøner til lystenninga.
-Dei fine teikningane på storskjermen.
– Og ganske mykje anna. Skulegudstenester er alltid ei utfordring. Eg vil gjerne vera med på å gje barna ei god oppleving av det heilage romet. Allerhelst skulle ein sleppa å skjenna på urolege ungar slik at det ikkje blir negativt det dei tek med seg vidare.

Bøkene til skrivekurselevane vart ferdige til hefting i det minutt dei kom. Det var på hengande håret at eg rakk det eg hadde intensjonar om å gjera, men det haldt akkurat. I dag har me pynta juletreet, som nå har fått nye lys som lyser og ny juletrefot. Den beste pyntetida var då Halvard sat ved pianoet og spelte medan eg jobba. Han gjekk lei før meg, forresten. Eg har vore flink og kasta øydelagde barneprodukt frå nittitale og sortert vekk ein del ting me ikkje brukar lenger, som skal til gjenbruksbutikken. Best å ta natta, det kan fort bli travelt i morgon og. Boka vår får nye heimar i eit jamnt flyt, men me har framleis bøker att. Eg håpar dei som får ho i bokhylla si eller i ein pakke under juletreet ikkje føler seg lurte. Det er litt skummelt å tenkja på kva folk måtte tenkja om produktet, men slike tankar gir eg ikkje plass til. Derimot må eg passa på at det blir plass til morgondagen, så der gjekk eg…

God natt til dei som framleis er oppe…

Heidi

 

Luke 16 -2013

image

Eg er heime etter ei fantastisk helg. Eg innser kor mykje eg har å ordna både på skulen og heime, og akslene stig nokre cm nærare taket. Eg set meg ned for å skriva min del av julebrevet. Her er eit utsnitt av det eg har skrive:

Halvard ropar forresten frå stova og vil ha hjelp med å setja opp juletreet, han er litt utålmodig med min vane å pynta huset lille julafta. Han vil gjerne ha jul i huset nå etterkvart. Ære vere han for det. Eg må vel bare innsjå at eg er i utakt med resten av verda som er leie av julefeiring og julepynt før eg har rukke å finna fram min…

Halvard vil ha hjelp med juletreet, det er vanskeleg å få det beint i foten, og eg som var med og plukka det ut med tanken på at me for ein gongs skuld skulle ha eit skikkeleg fint tre som stod beint og fint heilt av seg sjølv. Me skrur og skrur på skruene i foten, men like skeivt vert det same kva me gjer.


Halvard: Treet er skeivt

Eg:        Nei, det er beint.

Etter 30 forsøk:

Eg:     Det må jo gå til slutt… Me har jo alltid klart det før.

Halvard: Nei, me har aldri klart det, trea våre er skeive kvart år…

Halvard brukar lang tid på å fordela julelysa. Han set i kontakten og dei lyser ikkje.

Eg:    Dei må jo lysa, dei var nye i fjor.

Halvard: Har me kjøpt dei på Nille?

Eg:    Nei, i fjor kjøpte eg dyre lys på spesialforretning fordi eg var så lei av lys som ikkje lyste

Eg skrur på ei og ei pære, eg tek dei av og prøver ulike kontaktar. Dei lyser framleis ikkje…

Eg les på pakken. Der står det at dei andre pærene skal lysa sjølv om ei av dei går i stykker.

Eg:    Har du lyst til å kjøra ut og kjøpa nye lys?

Halvard:Ikkje akkurat nå.

Eg med lett trøystande tonefall: Me får det vel til til slutt.

Halvard: Det er lenge til jul endå.


Og det er det jo…

Det er mange ting som hastar meir enn juletreet, nemleg.

🙂

Heidi

image

Småprat

Luke 15- 2013

Me fekk det plutseleg veldig travelt i føremiddag. Me hadde funne ut at me ville gå på adventgudsteneste i kyrkja like imagenedanfor der me budde. Plutseleg var klokka fem på elleve og me hadde knapt kome oss frå frokostbordet, men me fekk hive på oss kleda og spurte i veg. Me nådde det nesten. Eg fekk eit lite sjokk då eg eit par timar seinare oppdaga at eg hadde vore på høgmesse i Lillehammer domkirke tredje søndagen i advent med buksa på vranga… Dersom nokon oppdaga det og mora seg, så får eg vel unna dei såpass.

Resten av føremiddagen sat me og snakka. Det er fint og spesielt å fylgja andre sine liv over lange tidsrom. Det er så mykje å reflektert over medan åra rasar forbi. Det er fint og merkeleg å vera menneske.

Tre av oss fekk fylgje på toget mot Oslo S, og nå sit eg her i det som kanskje er den største ventehallen i landet og ventar på nattoget. Menneska går i straumar forbi meg med ryggsekk og tunge trillekoffertar. Ein mann leiter etter flasker i søppelkorgene, og nokre av dei som er her ser ut som om dei er her meir for å varma seg enn for å venta på tog. Ein mann med langt skjegg snakkar høgt og aggressivt på eit språk eg ikkje forstår, eit ungt par kyssar einannan bak ei betongsøyle. Ein velkledd mann i dyr frakk passerer saman med ein gut som har caps under hetta på hettegenseren.

Sjølv sit eg her som ein spion i eit offentleg rom og ser på at hjula går rundt og rundt. Eg har eit tomt ynskje om at toget mitt rett og slett skal gå til oppsett tid utan klabb og baby. Det hadde vore fint å sleppa buss for tog på grunn av ras, avsporing, flaum eller arbeid på linja. Det ville hore fint om toget er i rute slik at eg rekk heimom for å dusja før jobb i morgon tidleg? Det må veta lov å håpa? Nå finn nokon fram eit munnspill og spelar litt for oss. Sjølv skal eg gå for å sjekka om toget mitt er sett opp. Tredje sundagen i advent går mot enden.

Heidi

Luke 14- 2013

TImage

Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje til å leggja dei koselige snøbileta frå Lillehammer over frå mobilen, så det får eg fiksa når eg kjem heim.  Enn så lenge får julegavebamsane frå togturen bort vikarierende for noko betre. Det er heilt fantastisk å veta i vinterbyen. Etter ein lang frokost vandra me i julegata der det var tende lys, faklar, gatemusikantar og ein hest som gjekk opp og ned i gata med ein pelskledd mann i kuskesetet.

Eg må jo bare innrømma at desse snøkledde gatene klarer me ikkje heilt å konkurrera med i vår del av landet. Etter å ha handla litt sette me oss på ein kafé og drakk kaffi før me la i veg på kino for å sjå «Søsken for alltid», ein vemodig, vakker og rørande film om to eldre menneske, bror og syster, som driv ein liten gard på gamlemåten ein stad i Sunnfjord.

Astrid hadde bestilt bord til oss på ein restaurant med vindu mot Storgata. Eg og Torun åt ein nydeleg tilberedt steinbit , dei andre hadde lammeskank. Det vart seint denne kvelden og. Eg er utruleg priviligert som har så mange usedvanlig flotte venninner. Det vart litt på kanten å klara å pressa inn nok ein jentetur midt i den travlaste førjulstida, men du all verda kor glad eg er for at me kom oss i veg.

Heidi

Luke 13 2013

ImageEg har hatt ein nydeleg dag på Lillehammer. Her er det skikkeleg julekortstemning, og akkurat nå snør det ute. Har problem med eit litt kranglete Internett og bloggar frå mobilen. Eg skriv medir dei are