Om nokon hadde spurt, så kunne eg ha sagt at eg har sommarjobb. Ein sommarjobb som går ut på å få eit veldig overslept hus i nokonlunde vater att. Eg kunne ha sagt at det viste seg å vera ein endå større jobb enn eg først trudde, og at av og til hadde det vore fristande å gje opp heile prosjektet. Løna er det vel så som så med, men eg har eit håp om at dei som bur i huset kan vera litt takksame og glade, og at det nå vil vera enklare å halda litt betre orden enn før.
Sjølvsagt snakkar eg om vårt eige hus om nokon skulle vera det minste i tvil. I dag har eg av alle ting brukt store deler av dagen til å rydda i diktsamlingar. Som eg sa i går så er det mange, og dei skal vera i oversiktlige hyller i alfabetisk orden. Nå er diktsamlingane eg arva på plass mellom dei andre, og eg måtte utvida diktavdelinga for å få plass til det. Eg har langt i frå lese alle desse bøkene, og kjem nok aldri til å gjera det heller, men eg liker å ha dei her og ha sjansen til å bla i dei. I dag fekk eg den ideen at for å mellom anna visa dei eg deler hus med at eg har praktisk bruk av alle desse bøkene, så vil eg så ofte eg kan plukka nokre dikt, vers eller linjer frå ei av dei når eg skriv her. Det blir nok ikkje kvar dag og kvar gong, men det er då ein hyggeleg og lyrisk plan? Kanskje nokon kan ha glede av det og få lyst til å lesa fleire dikt frå denne eller andre forfattarar?
Men eg har fått teke meg tid til andre kjekke ting og. Eg har vore på stranda og gått tur med Gunn. Å gå tur ved stranda er noko heilt spesielt, og med så godt selskap blir det eit verkeleg høgdepunkt. Gunn er eit rasjonelt menneske på mange vis, så ho lurte på korfor i all verda eg gjekk og plukka blomar når ho kunne sjå at augo vart raude og høyra at nasen begynte å renna. Sei det du. Eg klarer ikkje å la vera sjølv om eg veit eg er… eh… litt allergisk mot markblomar. Dei er så fine der dei står i likørglaset sitt at det ikkje gjer så mykje om eg klør litt i nase, auge og øyregangar. Ein skal då kjenna bittelitt at ein lever? Og så fekk eg slik fin fluesmekke av henne beståande av to hender, som klappar saman om byttet. Kanskje slike som meg som ikkje orkar å drepa veps og fluer kan læra seg å sjå på det som underhaldande jakt? Det var til og med ein blink inni klappehendene så ein kan telja poeng.
Nå er dilemmaet om eg skal kasta ungane sine teiknebøker frå dei første skuleåra på barneskulen. Barneteikningar er då så sjarmerande… Eg trur faktisk at mine eigne teiknebøker ligg på loftet hos far og mor framleis, så eg er kanskje til og med arveleg belasta med denne kastevegringa? Men nå skal eg over på det eg lova; Eit lite dikt. Skal me sjå: Sidan eg er ein systematikar på merkelege små felt i livet, så er den første diktboka i hylla skriven av ein person på A: Odd Abrahamsen
St. Birgitta kapell
Det er tåken som stryker over deg
og langsmed det gamle nypekjerret
med de første perlegrå morgenfugler.
Du er alene med din egen elendighet
og det skitne vannet langs bryggen
og noe som kanskje er tyngre,jorden
som blir mørkere i regnfulle netter.
*
Du kjenner hvert sår i sinnet
som før daggryet isolerer deg
og blir bare større og større.
Ingen rører seg i morgentimen,
bare svaleungene utenfor treet,
bare noen gresstrå over bekken.
*
Et sted i din barndom,
i engammel døsig småby, du går
av fra hovedgaten, og du går
inn i et åpent kapell, alene
i det lave rom med ydmykheten
og brødet merket med korstegn
til utfordring og til omfavnelse.
Odd Abrahamsen
Eg likte spesielt dei siste linjene: Og brødet merket med korstegn, til utfordring og til omfavnelse.
Nå tilbake til ryddinga…
Heidi
Eg sit her og jobbar med dei gjenfunne dikta frå i går. Eit av fleire tema er «annleislandet». Dette er noko som eg faktisk brenn etter å få formidla, fordi det er motstraumstankar i ein kultur der me skal få, dyrka oss sjølve, prestera, vera vellukka og ha vårt eige velvere i fokus. Annleislandet er staden der ein slepp å bruka mykje krefter på å finna ut kva for ein shampo ein verkeleg fortener å få vaska håret sitt i. Det er mogleg desse dikta er litt uferdige, men eg tek med nokre av dei likevel. Om halvannan veke skal me på Korsveifestival. Det er ein fin stad for å utforska tankane om annleislandet.
Annleislandet
For visst bur eg i annleislandet
eg kan leggja meg ned i grønt gras
midt på vinteren.
Eg kan bu i stilla med heile meg.
Eg drikk av det ordlause og får ikkje nok.
Eg leiter meg fram til pausane
mellom linjene i livet.
Eg let den heilage stilla fylla meg,
bera meg, ta vare på meg .
*
Som eit lite barn
lener eg meg mot tilliten
og blir boren .
*
Eg treng ikkje det perfekte.
Eg treng ikkje alle tinga.
Det eg treng er avstanden
mellom notelinjene i partituret.
Heidi
***
Mysteriet
For eg skal sleppa å stå på tåspissane
sleppa å løfta namnet mitt
opp til stjernene og til himmelen.
Mysteriet heng ikkje i stjernene,
mysteriet er stilla mellom notelinjene,
er i orda skrivne i den varme sanden
er i lukt av jord og gras
når du ligg der på magen, pladask i sommar.
*
Eg skal leita fram puslespelbitar
og roleg leggja dei ned på bakken,
så skal dei andre koma med sine,
eller kanskje dei har vore der allereie.
Eg skal smøya buar og taggar
forsiktig på plass
*
Etterpå skal me stå der saman
smilande i ein ring og roleg sjå,
sjå biletet veksa fram.
Heidi
***
Vera glade
Me skal vera glade
for at me akkurat nå
alle saman kan stå her
barbeinte eller på gummistøvlar
og sjå biletet bli som det skal vera.
*
Meir er det ikkje å seia,
så me kan like godt ta fram gitarane
og synga resten av kvelden.
*
Der er alltid nokon,
ein eller annan,
i leopardkåpe, fjellanorakk
eller kanskje oransje regnjakke,
som bare veit
kor tonane skal liggja
og skapet skal stå.
*
Men songane eig me saman.
Me skal synga høgt og falskt
eller som ekte englar,
heilt til piggsvina og nattuglene
kikkar forvitne fram frå tre og steinar.
*
Me skal synga
av rein glede og livstrass
heilt til dagen smeltar saman med kvelden
og blir til natt.
Heidi
Om ein har ei forventning i hovudet om at den nordiske sommaren er sval, blond, lys og pastellfarga, kan ein kanskje få hjelp til å hugsa at Skandinavia er noko heilt anna enn «Syden». Lokalavisa her skriv om turistsvikt. Ein av dei antekne grunnane er veret. Folk vil ha sol på kroppen i sommarferien, og det er ein ikkje garantert å få på Nord-Jylland. Det siste kan me skriva under på etter snart ei veke med 13-17 grader om dagane. Ser ein vekk frå tankane om at ferie er å liggja flatt på stranda og gå omkring heile dagane i shorts singlet og solhatt, så er Nord-Jylland ein utruleg vakker plass å feriera. Eg har forelska meg heilt i landskapet her, og skulle gjerne ha vore her heile sommaren. I dag har me send «ungdomane» til Fårup Sommarland, og me «vaksne» er mopsepassarar og rår grunnen aleine. Ute skin sola frå lettskya himmel. Havet er flaskegrønt ved land og indigofarga lenger ute. Timotei, smørblomar og avblomstra løvetann bugar fram og tilbake i vinden, ute i bølgene duppar det ein stor kvit sjøfugl.
I går gjekk eg ein tur til Lønstrup aleine for å ta meg ein gallerirunde. Det var mykje fint å sjå. Eg skulle gjerne ha handla både kunsthandverk og bilete, men eg let det bli med ei bittelita brosje, ei lita rødspette i keramikk eg kan inspirera keramikkelevane mine med, og tre små presangar eg ikkje kan skriva meir om her. Eit av galleria vart drivne av kunstnarparet Jens og Karen. Det var så velkjend at eg måtte sjekka namna ein gong til. Då viste det seg rett nok at mannen heite Jørn og ikkje Jens, men alligavel..
Det er mange koselege kafear i Lønstrup, og det er aller kjekkast å ha nokon å dela eit kafebesøk med, så eg sende sms til Sunniva og spurde om nokon ville drikka kaffi med meg. Etter eit kvarter kom begge jentene saman med Oscar. Sidan me hadde med oss hund, sette me oss ved eit uteserveringsbord. Den søte serveringsdama kom ut med ei skål «Vand til hunden», og Oscar sat eksemplarisk under bordet heile tida med vatnet sitt. Han bjeffa bare litt i overmot når det gjekk hundar forbi, fordi han nok kjende seg trygg i bunkersen sin. Eg og Sunniva åt kvar vår pannekake og Ingrid åt banansplitt. Det var bare koseleg at det kom ei lita regnbyge medan me sat der under markisen. Oscar var til og med velkomen til å koma inn på eit kunstgalleri me gjekk innom. Dei er hundeliberale her i Danmark. Eg har til og med sett hundar inne på restaurantar. Er dei ikkje fine dei tre turistane eg gjekk i lag med?
Odd Christian og Sunniva laga eit stort opplag pizzahorn seint på ettermiddagen, som me åt rykande varme. Her nede har me minst to felles måltid kvar einaste dag. Det er veldig triveleg. Me er langt i frå så flinke med fellesmåltid heime. Spesielt frokostane er fantastiske. Då har ein eller annan vore ute og handla ferskt brød eller ferske rundstykke, og ein eller annan har dekka bordet og kokt egg og kaffi og kanskje til og med steikt bacon. Sjølv blir eg vekt når det meste er på plass. Eg er viss det einaste B-mennesket her. Alle går og legg seg medan eg framleis er lys vaken, og alle er oppe og kvitrar før eg har fått opp auga.
I kveldinga bestemte eg og kjærasten min oss for å ta ein kveldstur for å fotografera. Aller helst ville me til Skagen. Me ankom Skagen i det lyset var på det finaste, sånn i halv ti tida. Først drakk me ein kopp kaffi på ein liten bar/kafé med masse gamle gjenstandar hengjane på veggene og ein indianar i full storleik og full mundur oppe på hemsen. Han snakka med kjærasten sin i telefonen medan han laga kaffi til oss. Deretter fortalde han ein norsk kunde at han skulle fylla femti om tjue dagar, og eg heva mine invendige augebryn ved tanken på at mannen faktisk var to år yngre enn meg. Eg har ikkje eit ralistisk justert indre aldersur. Folk eg trur er fem år eldre enn meg, viser seg å vera fem år yngre. Det verste er at eg er realistisk til å innsjå at den andre parten sikkert tenkjer det same om meg. Den hyggelege femtiåringen gav oss kart og fortalde kva område i byen det var fint å kveldsfotografera, men sidan kjærasten min er av den opprørske typen som ikkje vil la seg styra, så fulgte me ikkje råda. I staden sette me kursen mot Grenen. Me såg at klokka gjekk så fort at me ikkje hadde tid å mista viss me ville ha med oss solnedgangen.
Etterpå reiste me til Gamle Skagen for å fotografera litt der og.
Ikkje rart at ein av fargane på fargekartet faktisk heiter Skagensgul.
På veg heim stod det plutseleg eit dådyr midt i vegen. Eg veit at rådyr er mykje vanlegare, men dette såg verkeleg ut som eit dådyr. Me var veldig nære før det hoppa vekk. To harar hoppa og over vegen like framfor bilen, så det var fint at kvelden var junilys. Kjærasten min meinte til og med at han såg ein rev langs vegen, men den kan ikkje eg stå inne for. Vakkert er det i alle fall som allereie sagt i dette hjørnet av verda. Nå blir det ei symjetur, ikkje i sjøen, men bassenget. Genialt å leia hytte med basseng. Nå får me bada i ferien og.
Heidi






Heidi Strand Harboe 





















