Det er lett å gløyme
at menneska bur i tida.
Dei bevegar seg rundt i tida
på syklane sine
med krøllene strokne bakover
med mjølk og brød i sykkelkorga,
dei kjører traktor under stjernene
eller er roleg spaserande
langs vatna med barnevognene sine
og med hundar i band.
Me gøymer ofte
at det er dette bagasjebandet
av rullande tid
som me til ei kvar tid beveger oss på,
dei eldste sist
og dei travlaste først.
Me må sjølv grava
små holar i tida
der me kan setja oss ned si stund
der me kan ta opp termosane
og unna oss ein kopp kaffi.
sånn utan at lokka finst.
Me kan til og med
svært forsiktig
slik at ingen blir redde
opna kåper og dunjakkar
ørlite på gløtt
og visa fram ein flik av hjarta våre.
Av ein eller annan grunn
er me blitt vane med å skjule hjartelaget.
Du skal vita det er ei gåve
når nokon viser fram hjartet sitt.
Det er lett å gløyma korleis ein gjer det
her som det er så mykje kald vind.
For å våga
må ein stoppa tida eit lite sekund
og då kan ein lett bli redd
for at dei andre skal springa frå oss.
Me er vel litt redde for å koma bakpå
sånn rundetidsmessig,
for då kan det meste skje.
Det er ikkje alltid lett å hugsa at ein lever.
Og det er skremmande å bli minna på det.
Menneske,
du lever og tida går.
Det er farleg å gå barbeint gjennom livet,
men ein liten smule risikosport
er me skapte for å kunna tola.
Heidi
Har du oppdaga det?
Me liknar einannan.
Torer me innrømma det?
Om me leitar mellom erfaringane
vil mange troll spretta fram
for å smila
eller for å retta tunge.
Eg veit
eg kunne ha vore deg
og du kunne ha vore meg.
Korleis kan me gjera grenser
passe høge passe smale,
passe vide,
passe det meste
slik at me hugsar
kven som er eg
og kven som er du
dei gongene me treng å vita det?
Det er speglar overalt
dei heng der og smiler til oss,
eller slår blikket blygt ned,
slikt kjem an på så mykje.
Eg har ikkje gått så langt i dine sko,
men dersom du har litt breie føter
og sånn ca storleik 38 eller 39
så ser eg ikkje bort i frå
at du kan ha lånt dei til meg
ein gong eg hadde gnagsår,
og trong å gå ein kilometer til.
Det er fint å kjenna seg att,
men det lett å bli skremd.
Du oppdagar at orda
som kjem ut av munnen
til eit anna menneske
like godt kunne vera dine,
kanskje dei til og med er det?
Då er de lett å bli målbunden.
Det hender me kjenner
andre sine tatoveringar
på våre eigne armar
eller på ryggen.
Det hender at nokon
heilt utan å vita det,
nynnar på din eigen melodi.
Kanskje du til og med
går ut
om nettene
eller
i seine sommarkveldar
for å leita etter di eiga skjorte
på andre sine klessnorer.
Det er så mange spørsmål i livet.
Korleis kan eg vita
kven sitt hjarte
eg kjenner slå der inne?
Heidi
(Teksten er henta frå alle dei uferdige dikta mine bare på ein slags impuls….)
Eg hadde nesten gløymt at eg eigentleg er ein moldvarp… Eg meinar ein slik person som kan grava seg ned i eit arbeid og mest gløyma å koma opp til overflata att. Slik var eg då eg var liten med bøker, dokker og papirdokker, men dei siste 25 åra har det vore lite tid til å gå skikkeleg i dybden på ting. Nå har eg kost meg nokre dagar med å jobba med den kunstpresentasjonen eg skal ha for ungdomsskulane i kommunen, skjønt kos er kanskje ikkje det rette ordet for noko som har tema jødeforfylgjingane i Norge under krigen. Ein del av det eg finn ut er direkte sjokkerande. I tillegg til å lesa om det som hende har eg lese biografiane til Ruth Mayer og Kathe Rita Zasnik. Og i dag på biblioteket fekk eg plukka med meg biografien Jan Erik Vold har skrive om Gunvor Hofmo, som eg gler meg veldig til å ta fatt på.
Og der gjekk batteriet til tastaturet mitt, så eg fekk ikkje vore moldvarp lenger i forhold til denne teksten. Nå er nye batteri og nye utfordringar på plass, så teksten eg skreiv får tala for seg sjølv, eit miniinnblikk i ein torsdagskveld for Heidi etter ein lang dag med jobbing og skrivekurs.
Heidi
I dag fekk eg ei uventa kjensle av å bli rørt til langt inn i det sentimentale. Eg gjekk til biblioteket tidleg om morgonen for å ta i mot utstillinga som eg skal visa til ungdomsskuleelevar. På vegen dit passerer eg ein barneskule som ligg eit par hundre meter frå oss. Eg ser små elevar, ein del av dei tydeleg førsteklassingar, koma gåande med skulesekkane sine på ryggen. Den eine blir fulgt av mor si, han får ein klem før han går dei siste hundre metrane aleine, medan ho står og vinkar. Det er framleis ikkje heilt lyst ute, og nokre av ungane har fått på seg vinterluer. Dei kjem aleine, parvis eller i små flokkar. Dei kjem tause eller småpratande med einannan. Så ser eg skulebygningen. Han er opplyst innanfrå, og i fleire av klasseroma ser eg lærarar gå omkring og gjera klar til elevane kjem. Dei legg fram bokbunker, ark og fargeblyantar, skriv noko på tavla, eller rettar litt på ei blomsterpotte som står der. Framleis er dei aleine, men snart skal skuleklokka ringa, og klasseroma fyllast opp av ungar. Dei kjem frå kvar sine liv, med kvar sine behov og bekymringar, men alle har bruk for å bli sett og bli tekne i mot med varme og respekt.
Meir var det ikkje, men plutseleg står eg der med ein klump i halsen. Ikkje det at eg lengtar tilbake til klasseromet. Tvert om nyt eg i fulle drag den uvande fridomen i det å kunna bruka dagane til skriving og å disponera tida si sjølv. Likevel får eg den kjensla som av og til overmannar meg som lærar: Tenk at me er betrudde å ta vare på det mest dyrebare og umistelege folk har. Tenk for eit ansvar og for ein tillit. Og eg tenkjer på det Kolbein Falkeid skreiv i eit dikt då han sende yngstedotter si til skulen for aller første gong: «Å såmenn, vær rene på hendene…»
Heidi
I går var eg på veldig fin salmekonsert der ein salme eg hadde laga i lag med organist/ kantor i Gand menighet, Bengt Nordbakken, vart urframførd. Det er alltid så spennande å høyra noko ein har skrive bli brukt for første gongen. Nå trur eg eg har lov til å publisera teksten her, men viss nokon gjerne vil ha melodien, må dei kontakte Bengt Nordbakken.
Opna oss Gud, for kjærleik,
Gud, du som var og er,
hjelp oss å verna livet,
Skapar, kom ver oss nær.
Opna oss for dine under.
*
Ver hos oss, Jesus Kristus,
nær oss på plaga jord.
Frels oss til mot og fridom.
Lei oss i dine spor.
Opna oss for dine under.
*
Pust på oss, Heilag Ande,
livet finst her og nå.
Fyll oss med håp og visdom,
vis oss kor me skal gå.
Opna oss for dine under
*
Opna oss Gud for livet,
gjer oss til salt og lys.
Fyll oss med mot og styrke,
her er det folk som frys.
Opna oss for dine under.
*
Opna oss til å leva,
midt i eit liv som er
levande, varmt og sårbart,
hjelp oss å vera der.
Opna oss for dine under.
Og nå må eg gjera akkurat det siste… Vera midt i livet, for her er det mykje som skal ordnast. Er litt stressa forsi eg framleis ikkje har funne mobilen min, men er open for eit lite kvardagsunder, at han plutseleg skal dukka opp, for eksempel.
Heidi
ikkje på Godot, men på noko godt, kan eg skriva litt her. Utgangspunktet for denne turen er at me skal feira mor som fyller 70, men me har tjuvstarta med eit par dagar. Mor og far, syster og bror, svoger og svigerinne skulle ha ankome for mange timar sidan, men det første flyet var to timar forsinka i frå flyplassen. Om det skuldast streik eller snøfall er eg ikkje sikker på, men det kan jo bli spennande å sjå om me kjem oss heim att. Den tid den sorg, nå er me her, og det er veldig flott. Dei andre skulle ha landa nå, om det ikkje vart tull med det andre flyet og, så nå ventar me på at dei skal ankoma hotellet.
Me har skifta hotell til eit som ligg ca ti minutts gange frå det første, og er nå på hotel Soho. Dette er litt i overkant av den standarden me vanlegvis legg oss på. Det er første gong eg har opplevd at doet er forsegla med tape for å visa at ingen har brukt det sidan det vart vaska før me kom.
I dag har eg vore på samtidskunstmuseet som ligg her i sentrum. Det var spennande. Eg vart spesielt fascinert av ein film laga av ei dame som heiter Helen Levitt som heitte «In the street». Det var ein film som hovudsakleg viste barn i leik i fattige bydelar i ulike storbyar.
Nå er dei her. Må ned og ta i mot.
Dagen starta med ein tur til staden me forelska oss i i går, Fnak, den store bokhandelen med avdeling for elektronisk utstyr med kafé i underetasjen. Sidan hotellet ikkje er inkludert frokost hadde me blinka ut kafeen der til det perfekte frokoststedet. Det var det og. Me hadde nydeleg frokost med noko ciabatabrødliknande brød med deilig ost, kaffe og ferskpressa appelsinjus. Dei fastbuande her har ein rar frokostvane med varm sjokolade, og noko smultringliknande bakverk kokt i olje, som dei dyppar i kakaoen. Ikkje akkurat Fedon, Atkins eller Grethe Roede- vennleg…
På bokhandelen kjøpte eg den boka ”alle” les for tida ”eat, pray, love” av Elizabeth Gilbert. I tillegg kjøpte eg ”Noah`s compass” av Anne Tyler og ein Gaudi- biografi. Når ein er i eit spansktalande land så kjennest jo engelsk omtrent som morsmålet. Eg er glad viss eg kan lesa norske, svenske, danske, engelske og tyske bøker på originalspråket, og synest det er dumt at det omtrent bare er mogleg å få norske bøker i Norge. Når det er sagt så er det faktisk langt enklare å få kjøpt ei engelsk bok i Norge enn ei svensk. Merkeleg system. Kjærasten min har kjøpt seg i-pad, noko eg sjølv ikkje har kjend noko som helst behov for. Han snakkar varmt om elektroniske bøker, så nå har han lasta ned Barack Obama sin sjølvbiografi til meg, og eg har lova å gje e-bøker ein sjanse. Eg les jo i og for seg masse tekst kvar einaste dag på skjerm, men eg har ikkje heilt tru på at eg kan få same kosen og leseopplevinga ved å lesa skjønnlitteratur på skjerm, men nå får me sjå…
Etter ein storveis føremiddag på bokhandel og kafeteria, måtte me bestemma kva me ville få med oss av Barcelona i dag. Sjølv om me skal vera her nokre dagar til, innser eg at storbyferiar mellom anna dreier seg om knallharde prioriteringar. Me studerte kart og turistguide og fann ut at om me tok 24- bussen frå der me var, så kom me til Park Güell, så det bestemte me oss for å gjera. Eg hadde meir lyst til å sjå Gaudi enn Picasso og Miro i dag, og det var deilig sol. Park Güell låg på ein høgde, og me hadde høyrt at Gaudibygget låg på toppen av parken. Me gjekk opp smale stier med palmar, pinjetre og lønnetre og masse blomar. Det lukta honning og marihuana i parken, det var gatemusikantar og masse gateselgarar som selde gaudiaktige smykke og figurar på teppa sine. Me kom til toppen, der var det nydeleg utsikt over byen, men lite spennande arkitektur å sjå. Så måtte me spørja oss veg og det viste seg at det me aller mest kom for å sjå låg nede i inngangspartiet nederst i parken. Me hadde kome inn ein slags bakveg. Bygningane var verkeleg fine, med flotte fargar, spennande tårn og kuplar og overflater av keramiske fliser som var brukne opp i småbitar. Ein mann med stripete bukse på høge stylter, akkurat ein slik mann som eg hadde på glansbilete då eg var lita, utførte imponerande balansekunst, og ei gammal dame stod utanfor toalettet og selde dopapir porsjonert i antall tørk til dei som skulle inn på doen.
Klokka halv sju gjekk me på kino og såg filmen ”Social network”, som skulle vera ein slags dokumentarfilm om han som starta facebook. Mannen filmen dreiar seg om er visstnok ikkje overbegeistra over måten han vart framstilt på, og det kan eg forstå. Men det var ein interessant film, og eg trur det må vera ein grei måte å læra meir spansk på å sjå ein film med engelsk tale og spanske undertekstar. Eg forstår ein del spansk, men det er mykje lettare å lesa språket enn å forstå det folk seier i normalt taletempo. Det å snakka sjølv er aller vanskelegast. Dessutan snakkar dei catalansk her som er eit litt anna språk enn casteliansk som er det høgspanske språket. Kor stor forskjell det gjer for meg er ikkje lett å seia. Men kjærasten min som snart skal ta eksamen som kvalifiserer han til å undervisa i spansk er blitt veldig flink. Han har jo vore tilsaman ganske mange veker i spansktalande land dei siste tre åra, og det er utan tvil den beste måten å læra eit språk på. Eg trur spansk er eit vanskeleg språk å læra seg. Om eg går vidare med å prøva å læra det nokon gong får tida visa.
Me avslutta kvelden med veldig god mat på indonesisk restaurant. Maten smakte deilig av kokosmelk og ingefær, chili og karri. Etterpå såg me streetdance og turning på ramblaen, ein mann tok saltoar over heile rekkjer av publikumarar. På ein bar såg me det siste kvarteret av fotballkampen København tapte 2-0 mot Barcelona. Kanskje me vart tekne for danske fotballfans? Me vart ikkje forsøkt rana i dei tronge mørke gatene i det gotiske kvarteret. Det var sjarmerande der på ein nokså rufsete måte, med fine husfasadar og gammeldagse gatelykter og fullt av søppelsekker langs husveggane. Overalt er her gateselgarar som prøver å selgja desse sjølvlysande blå pilene dei skyt opp med strikk som svever som blå lyskuler over gatene. Dei var svært populære i Roma i fjor og. Sånne små fløyter ein held mellom tennen med veldig masete lyd i er og ein stor salgsartikkel her. Me må ha sett mange hundre gateselgjarar i dag, og ikkje så mange kjøparar. Det må vera eit ganske magert liv med låge inntekter vil eg tru. Nå er det kanskje på tide å ta kvelden for å lada opp til nye opplevingar i morgon. Internett har svikta hotellromet vårt i kveld, så eg veit ikkje når eg får lagt ut dette.
Heidi
Barcelona er ein av byane eg aldri før har vore i. Me kjørte gjennom byen, eller rettare sagt rett forbi like utanfor ein gong me hadde kjørt feil, men då kunne me ikkje stoppa her. Det er spennande å oppdaga ein ny by. Me er trøytte og øre, men her er ein veldig kortversjon av dagen:
Buss inn til byen frå flyplassen, gangavstand til hotellet som er veldig ok.
Lunsj på ein fortausrestaurant. Kjærasten min bestiller eit glas vin. Dei kjem med ei heil flaske. Me prøver å forklara, men dei seier at vinen er inkludert maten, me må bare drikka så mykje me vil og setja att resten. Beansoup til forrett visar seg å vera bortimot god gammeldags jærske ertersuba. Det er bare litt spaghetti og salamipølse oppi i tillegg til det andre. Hovudretten er oksekjøt i raudvinssaus med pommes frites, med kaffi til blir det under 160 kroner for oss begge.
Me går på til Ramblaen. Her står det alle variantar av «statuemenn og damer». Ein av dei sit på eit stort do oppe på ein plattform, ein annan er ein djevel og ein tredje har overdimensjonerte rastafletter og ein stor joint, ein fjerde er ein heilt ekte dverg. Forøvrig finnest det veldig mange bittesmå menn her. Slike som er på mi eiga høgde, og eg er ca 1.61 på strømpelesten.
Tur ned til havna. Ei kjempestor trebrygge skrår ut mot havet. I havna er det masse seglbåtar, måkar og store fiskar. Me set oss ytst på brygga. Brygga skrånar slik at det kjennest som om eg kan detta ut i vatnet om eg ikkje passar meg, det er høgt ned, og eg lurer på korleis eg eventuelt skal koma meg opp om eg dett uti. Det er sol og deilig seinsommarvarme. Me drikk fanta og cola-light og høyrer ein dansk guttegjeng snakka veldig høgt om seg sjølv.
Antikkloppemarknad i gata. Eg er svak for slike gamle gjenstandar. Bittesmå celloloiddokker frå århundreskiftet, gamle stetteglas, gulna kniplingslommetørkle, fotografi av unge jenter i kvite kjolar, ein stor Jesusfigur frå ei julekrybbe i ei kyrkje. Her kunne eg lagt att mange pengar, men lar det vera. Eg kan jo gå tilbake einannan gong. Då eg var på tur med kulturskulen til Amsterdam for nokre år sidan fekk eg fylgjande spørsmål frå ein mannleg kollega: «Kjæme du allti heim mæ bara rabe…»
Gatemusikantar. Eldre ektepar dansar tett på gata i oktober til innsmigrande og sentimental musikk. Dei er godt over sytti og vakre å sjå på der dei dansar med stort alvor og glimt i auget. Rytmen er på plass, men svingane går ikkje fort.. Etterpå klappar folk.
Me finn ein stor bokhandel, for slike som oss er det som å be om å bli fanga i berget. Dei har så utruleg mange fine bøker, sjølv om eg ikkje les spansk så får eg lyst til å ta minst ein koffert av dei med meg heim. Mellom anna har dei nokre utruleg fine biletbøker i minst A3- format. Dei ville vera geniale til høgtlesing i barnegrupper. Eg kan jo bare oversetta dei. Det er og nokre hyller der med fine engelske pocketbøker. Dessutan sofaar og stolar som inviterer folk til å setja seg ned og lesa. Eg elskar bokhandlar der det er openlyst lov til å lesa i bøkene. Så slepp ein å gøyma seg mellom hyllene og smuglesa i blaekseplara.
Kveldsmaten tek me på ein publiknande kafeteria der det ikkje ser ut til å vera mange turistar. Lydnivået er himmelhøgt og det er lov å røyka inne. Men pizzaen er god og cappucinoen fantastisk. Skuleungdomar ler og hoiar og ein eldre mann søv over ølglaset sitt på nabobordet. Dersom han då ikkje er i djup bøn for han sit med bøygd hovud og hendene folda. Etterkvart vaknar han til liv og tek seg eit par sigaretter og ein planlaus runde i lokalet sånn innimellom.
Og sjå om me ikkje fann vegen tilbake til hotellet etterkvart.
Heidi
I dette tilfellet har eg nesten klart det. I dag var eg oppe klokka halv fem etter sånn omtrent tre timars søvn. Ingrid kjørte meg og kjærasten min til flyplassen, og me var vel framme der klokka halv seks. Klokka ti mellomlanda me i Amsterdam, klokka kvart på tolv landa me i Barcelona, og klokka eitt var me på oppdagarferd i byen. Nå har me landa på hotellromet nokså øre. Noko seier meg at det ikkje går i lengda med tre timers søvn, men du all verda så mykje me kunne ha rukke.
Heidi